Del 2 Ågotnes barnehage årstema 2017-2018
Visjonen til barnehagen er «Leikande, glade barn og natur hand i hand» og dette skal prege kvardagen. Dei seinare åra har vi hatt fokusområde språk og sosialkompetanse. Dette vidarefører vi med årstemaet «Språk gjennom song og rørsle» Det starta med at vi dei neste to åra skal vere ein fokusbarnehage i samarbeid med Nafo. Nafo er nasjonalt senter for fleirkulturell opplæring. Det er eit prosjekt der ein arbeider for å ivareta og synleggjere perspektiv på mangfald og kultur i barnehagen. Denne satsinga inneber eit fast samarbeid med kulturskulen i Fjell - med Åshild Eriksen og Erika Kroken. Dei er i Hamramyra barnehage ein dag i veka og har musikkgrupper med 4 åringane med fokus på andre kulturar, med ulike songar, språk, rytme og rørsler. Dette bidreg til å styrkje relasjonsbygging, samspel og identitetskjensle. Vi har ekstra fokus på to områda i rammeplanen: 1. Kommunikasjon, språk og tekst Leggje tilrette for god språkstimulering på ein lystbetont måte. Motivere og oppmuntre barna til å leike med språk, lyd, rim og rytme. 2. Kunst, kultur og kreativitet. Leggje tilrette for at barna skal oppleve kultur og språk frå vårt og andre land. Motivere barna til å uttrykkje seg gjennom musikk, dans og drama. Mål dette året er: Ha eit godt språkmiljø i barnehagen Få innsikt i songar frå ulike kulturar Oppleve fellesskap gjennom musikk Fellessamlingar og tradisjonar/aktivitetar skal innehalde song og rørsle Vi har laga eit tankekartet for arbeidet dette året. Sjå side 3.
Kommunikasjon, språk og tekst Rim og regler Leik med språket Skrivedans Teikn til tale Biletsongar- vi les Ord på ulike språk. Kropp, rørsle, mat og helse Språk gjennom song og rørsle Sangleik Røre seg etter musikk Teikne det vi vil syngje Drama Dans Miming Rytme Norsk kulturarv Norske barnesongar Songar fra kulturar /språk i barnegruppa Bruke instrument Faste songar gjennom året Musikksamlingar m/kulturskulen for 4- åringar (f. 2013) Natur, miljø og teknologi Kunst, kultur og kreativitet Fart og rørsle med musikk Roe ned med musikkavslapping Song natursti Mengd, rom og form Etikk, religion og filosofi Telje på ulike språk Klappe stavingar i navn og ord. Likskap/ulikskap Nærmiljø og samfunn Samtale og undring Høgtider i barnegruppa Markere/samtale om tradisjonar og levemåtar til barna Samisk kultur markere samene sin dag 6 feb. Haustfest m/innsamling
Fellessamlingar Vi har fellessamling ein fredag i månaden. Målet er at avdelingane skal få vise kvarandre kva dei er opptekne av, og synleggjere si avdeling. I år tek vi utganspunkt i språk gjennom song og rørsle i samlingane. Barna får då god øving å opptre framfor mange, noko som dei har nytte av på skulen. Barn sin medverknad I temaarbeidet lagar vi tankekart saman med barna over kva ein kan gjere i det aktuelle temaet. Bruke intervju/samtaler jevnleg med barna om korleis dei opplever dagen i barnehagen. Solidaritetsaksjon for å hjelpe andre barn Målet vårt er at barna skal bli kjende med barn i andre land, med ulike levesett og at vi bryr oss om kvarandre. Aksjonen i år heiter «Siwatas og Månefesten» I år skal vi bli kjende med Siwatas som er 5 år og fra Sri Lanka. Vi lagar til haustfest med foreldre og har basar.
Dinobarna 2017-2018 Kvar tysdag og torsdag frå kl. 945 til ca 1130 er dei eldste barna saman på avdelinga Vestavind til Dinoskule. I år er det 21 barn frå avdelingane Sønnavind, Vestavind og Nordavind. Mål: o Bruke dino -reglane ( lytte, følgje med, hender og føter for seg sjølv, innestemme, stille hand) o Bli kjend med og setje ord på kjensler hjå seg sjølv og andre o Lære om problemløysing o Lære om konflikthandtering, o Lære om sinnemeistring /sjølvkontroll. o Lytte o Vente på tur o Dele o Hjelpe andre o Samarbeide o Gje kvarandre komplimentar Korleis: o Vi samlast til felles samling, deretter deler vi oss i mindre grupper og til slutt er det friminutt. o Bruke store snakkande handdokker o Samtale omkring filmvignettar o Song o Rørsle o Rollespel o Leikar o Det som vi lærer i Dinoskulen skal vi ta med oss til avdelinga og resten av barnehagedagen og føre vidare der. o Avdelingane følgjer planar for timane i eit eige dinomateriale Andre aktivitetar i året: o Brannvernopplegg med besøk på brannstasjonen på Ågotnes i september o Påskevandring o Besøk til skular som barna skal begynne på o Avslutning om kvelden for førskulebarna i mai o Førstehjelp om våren o Tur til Vilvite om våren
Vurdering Måla for dette året : o Ha eit godt språkmiljø i barnehagen o Innsikt i songar frå ulike kulturar o Oppleve fellesskap gjennom musikk o Fellessamlingar og tradisjonar/aktivitetar skal innehalde song og rørsle o Leikande glade barn og natur hand i hand Dette vil vi gjera gjennom: Personalet evaluerer og deler erfaringar på dei ulike møta vi har i barnehagen. På planleggingsdagen 12. januar har vi felles oppsummering og evaluering av hausten Gjennom året vil vi ha samtalar med barna, praksisforteljing og observasjon av barna med ei oppsummering i mai 2018 Spørjeskjema blir delt ut til foreldre i mai 2018 og punkt på foreldresamtalar våren 2018 Utifrå tidlegare brukarundersøkingar, vil vi ha ekstra fokus på: o Tilbakemelding til foreldre om dagen til barna. o Info til foreldre. Dette gjer vi gjennom foreldresamtaler gjennom året.