MØTEPROTOKOLL Utval Eldrerådet Møtestad: Rådhuset Møtedato: 22.02.2016 Start kl.: 09.00 Slutt kl.: 14.30 Til stades på møtet Medl.: Forfall: Varamedl.: Frå adm. (evt. andre): Johannes Lad, Kjartan Kvien, Torvald Bakken, Sigrid Hamre Nyseth, Gunhild Brun, Ivar Kvalen. Rådmannen v/anita Bjørk Ruud. På informasjonsdelen kl. 0900 11.00 møtte også rådmann Jarle Skartun, ass rådmann John Olaf Røhme, leiar for heimetenesta Tone Kjærvik Kveane, helsesjef Knut Cotta Schønberg, folkehelsekoordinator Britt Veum Hauge. Leiaren i Luster pensjonistlag Ingeborg Steig var invitert av eldrerådet til å delta på informasjonsdelen. Medlemene hadde ikkje merknad til innkalling og sakliste. SAKLISTE Saksnr. Tittel 1/16 16/754 Val av leiar og nestleiar i eldrerådet 2/16 16/646 Godkjenning av møtebok 3/16 16/647 Informasjon, referat- og drøftingssaker 4/16 16/620 Elektronisk bussbillettar på ekspressbussar 5/16 16/579 Hjelp frå Navkontoret 6/16 16/500 Tenestetilbod i pleie og omsorg Underskrifter: Vi stadfester at det som er ført i møteboka er i samsvar med det som vart vedteke på møtet. Møteprotokoll er sendt til:medlemene, varamedlemer, rådmann, revisor, kontrollutvalet, biblioteka i kommunen, lokalavisene, NRK-Førde og Luster radio. 1
1/16 Val av leiar og nestleiar i eldrerådet Framlegg i møtet: Leiar: Johannes Lad. Han vart samrøystes vald. Framlegg i møtet: Nestleiar: Sigrid Hamre Nyseth Ho vart samrøystes vald. Luster eldreråd vel følgjande leiar og nestleiar blant alderspensjonistane i eldrerådet: Leiar: Johannes Lad. Nestleiar: Sigrid Hamre Nyseth. 2/16 Godkjenning av møtebok Det var ikkje merknad til møteboka. Nytt eldreråd er vald. Det vert føreslege at dei som møtte i siste møtet kan stå for godkjenninga. Møteboka frå møtet den 30.11.15 vert godkjent. Kjartan Kvien og Torvald Bakken vart valde til å skrive under på møteboka. Møteboka frå møtet den 07.12.15 vert godkjent. Kjartan Kvien og Sigrid Hamre Nyset vart valde til å skrive under på møteboka.
3/16 Informasjon, referat- og drøftingssaker Framlagde dokument for eldrerådet: Fylkesrådet for eldre årsmelding 2015. Fylkesrådet for eldre møtekalender 2016. Fylkesrådet for eldre møteprotokoll frå møte 2.2.16. Fylkesrådet for eldre kronikk frå Eid eldreråd: Livskvalitet for eldre ei samansett oppgåve Dei framlagde skriva vart ikkje handsama. Kl. 09.00 11.30 var det fellesmøte for dei tre råda. Det vart gjeve informasjon om: Div orientering v/rådmann; Rekneskap/økonomi, inntektssystemet, adresseprosjektet, planarbeid, skulestruktur i Gaupne, skuleskyssreglement,. Status pleie og omsorg. Utviklingsarbeid pleie og omsorg. Status helse / legevakt. Folkehelseoversikt Arbeidet med Friskhuset Presentasjon frå rådmannen følgjer som vedlegg til møteprotokollen. Presentasjon om forslag til ny legevaktordning følgjer som vedlegg til møteprotokollen. Presentasjon om utviklingsarbeid i pleie og omsorg følgjer som vedlegg til møteprotokollen, jf. eiga sak til møtet. Møteplan for råda i 2016, avtalt med leiarane: 22. februar 11. april 30. mai, mellom anna vil Friskhuset vere sak til uttale. 10. oktober 28. november, mellom anna vil Budsjett 2017 vere sak til uttale. Eldrerådet sin drøfting etter rådmannen sin informasjon: Eldrerådet er svært godt fornøgde med felles og god informasjon frå rådmannen, og likte godt bordoppsetjinga til møtet. Pleie og omsorg: Eldrerådet tykkjer det er positivt med årsturnus og ser fram til å følgje utviklinga med digitale tryggleiksalarmar og anna velferdsteknologi. Legevakt: Eldrerådet merka seg informasjonen om legevakta, og at det er fleire omsyn å ta: m.a faglege, økonomiske, rekrutteringsmessige omsyn. Eldrerådet vil handsame saka og gje sin uttale etter at utgreiingsarbeidet er ferdig. Folkehelseoversikta: Eldrerådet vil få tilsendt oppsummeringa i dokumentet, og vurdere om dei skal engasjere seg nærare i saka.
Friskhuset: Eldrerådet noterte seg framdrifta på prosjektet, og vil følgje med når rapporten blir framlagt. Det vart ikkje gjort vedtak i saka. 4/16 Elektronisk bussbillettar på ekspressbussar Informasjon om bakgrunn for saka: Eldrerådet i Luster tok opp saka i eit møte hausten 2015 fordi det var ei oppfatning at ein må kjøpe billett på internett for å vere sikra plass på ekspressbussar. Fordi mange eldre ikkje har tilgang og kunnskap om data valde eldrerådet i Luster å sende ei oppmoding til fylkesrådet i saka og ba dei jobbe med saka, samstundes som dei sende kopi til Nettbuss. Etter at eldrerådet handsama saka, er det kome 2 tilbakemeldingar, sjå nedanfor. Nettbuss har gjeve slik tilbakemelding:
Fylkesrådet har sendt slik oppmoding til Nettbuss: Eldrerådet si handsaming i møtet den 22.02.16: Eldrerådet ynskjer å følgje saka vidare. Me er ikkje nøgde med at kostnaden for dei som bestiller billett på tlf. blir høgre enn om dei tingar over internett. Det er også vesentleg at innbyggjarane, både unge og eldre, får kunnskap om at det luraste er å tinge billett på førehand. Eldrerådet vil difor oppmode reiseselskap om å informere meir om dette, og føresler at dei mellom anna får informere i Lustranytt og på kommunane sine heimesider. Eldrerådet ynskjer å følgje saka vidare. Me er ikkje nøgde med at kostnaden for dei som bestiller billett på tlf. blir høgre enn om dei tingar over internett. Det er også vesentleg at innbyggjarane, både unge og eldre, får kunnskap om at det luraste er å tinge billett på førehand. Eldrerådet vil difor oppmode reiseselskap om å informere meir om dette, og føresler at dei mellom anna får informere i Lustranytt og på kommunane sine heimesider. 5/16 Hjelp frå Navkontoret Luster eldreråd har teke opp sak på eige initiativ og send brev til NAV Luster (med kopi til fylkesrådet for eldre) med fylgjande innhald: «Eldrerådet er kjende med at eldre og andre ikkje har fått hjelp på NAV til å fylla ut reiserekningar. Dei har m.a. vorte viste til ein pc og blitt nekta anna form forrettleiing/hjelp. Det meiner Eldrerådet er for dårleg service for dei eldre. Mange har aldri hatt og brukt ei datamaskin før, og det kan vere vanskeleg for nokon både med synet og forstå kva teksten på skjemaet betyr. Eldrerådet ber om at NAV-Luster drøftar denne problemstillinga, og ynskjer gjerne ein tilbakemelding frå dykk». Fylkesrådet for eldre har handsama denne saka i møte den 2. februar og sendt følgjande uttale til NAV-Sogn og Fjordane:
«Fylkesrådet for eldre viser til uttalen frå eldrerådet i Luster, og meiner at denne servicen burde NAV tilby til dei som ynskjer. Fylkesrådet ser at det er dei eldre som vert skadelidande, i og med at dei ikkje sender inn refusjonskrav». Eldrerådet vil avvente situasjonen etter at fylkesrådet også har engasjert seg i saka. Eldrerådet vil invitere det lokale NAV-kontoret til eit møte for om mogleg å få meir informasjon om kva for hjelp og rettleiing ein kan få ved pasientreiser. 6/16 Tenestetilbod i pleie og omsorg Eldrerådet drøfta rådmannen si tilråding og den gode informasjonen som vart gjeve i fellesmøtet. Eldrerådet merka seg at det vil vere ope møte den 7. mars. Eldrerådet oppmodar om at det blir vurdert om det bør vere informasjonsmøte fleire stader i kommunen. Den informasjonen som råda har fått bør nå ut til alle innbyggjarane. Eldrerådet har merka seg synspunkta i saka, men ynskjer ikkje å gje sitt råd før det har vore ope møte på saka. Eldrerådet vedtek å ha nytt møte på saka, den 16. mars kl. 13.00.