Lærdal kommune Sakspapir Sakshandsamar: Jan Øhlckers Arkiv: K1- Arkivsaksnr. 14/240-12 REVIDERT BUDSJETT 2014 PROGRAM FOR ATTREISING OG UTVIKLING AV LÆRDALSØYRI Kort samandrag Kommunal- og moderniseringsdepartementet sin tildeling av skjønsmidlar for 2014 til programmet gjer det naudsynt å skalere ned budsjettet for 2014. Det er gjort opp status for forbruk og forplikting pr. 30.5.14. Rådmannen kjem med framlegg til prioriteringar og grep. Hovudaktivitetane er gjennomgått og vidareføring vurdert. Innafor dei nye råmene er dei råka prioritert. Rådmannen si tilråding: 1. Kommunestyret er ikkje tilfreds med rammene for statleg hjelp i 2014. Det gjeld både tida det har teke å handsame søknaden, fråvær av a-kontotilskott, monaleg reduksjon i høve til tilrådinga frå fylkesmannen og ikkje minst - manglande dialog og forklaring på reduksjonane. 2. Kommunestyret tek dei disponeringar som er gjort i programmet for Attreising og utvikling fram til no til vitande. 3. Kommunestyret gir formannskapet fullmakt til å revidere programbudsjettet for 2014 innafor dei råmene departementet har fastsett og i samsvar med rådmannen sitt framlegg til prioriteringar og grep. 4. Kommunestyret gir formannskapet fullmakt til å: a. disponere budsjettet for programmet for Attreising og utvikling av Lærdalsøyri for 2014 b. stogge planprosessar som ikkje er starta. Følgjande prosessar skal ha prioritet: i. Økonomiplan ii. Sogn lokalmedisinske senter iii. Pleie og omsorg organisatoriske og bygningsmessige endringar 5. Kommunestyret ber rådmannen legge fram sak om dekking av den kommunale eigendelen.
Vedlegg: Dok.dato Tittel Dok.ID 25.03.2014 Lærdal kommune - programmet for attreising og utvikling av 82739 Lærdalsøyri - søknad om statleg medverknad 02.06.2014 Søknad om skjønsmidlar til attreisings- og utviklingsprogram i Lærdal kommune 85298 Plandokument Vedteken program 20. mars 2014. Aktuelle lover, forskrifter, avtalar m.m. Det er inngått fleire avtaler om mellombels tilsetting, innkjøp og konsulenthjelp. Kapittel 8. i Kommunelova om økonomiplan, årsbudsjett, årsregnskap og rapportering føreset at kommunen sin aktivitet ligg innafor det som er realistiske råmer. Kommunestyret kan etter lova delegere budsjettfullmakt til formannskapet, men ikkje til styringsgruppa. I høve dei plikter kommunen alt har teke på seg vil arbeidsmiljø- og avtalelova regulere om det er mogleg korte ned på avtaleperioden. Saksutgreiing Fakta Bakgrunn for at saka er reist 23. mai ga departementet tilskott på 9,13 mill. kr i 2014. 3 mill. til leiing og kompetanse i 2014, særleg innafor planlegging og psyko-sosial hjelp til dei råka 6,13 mill. kr til opprydding og infrastruktur I tillegg varsla departementet at kommunen via fylkeskommunen ville få eit øyremerkt tilskott på 5 mill. kr til omstilling. Løyvinga er som i akuttfasen gjeve som anslag. Opprydding og infrastruktur kan gå fram til 1. juni 2015. Dersom ikkje desse midlane vert nytta skal resten attende til departementet. Det er ikkje sagt noko om kva som skjer om dokumenterte utgifter overstig anslaget. For kompetanse og leiing er det ikkje sett noko slik frist og heller ikkje sagt noko om attendebetaling. Her skal det gå rapport til fylkesmannen. Det er rimeleg å rekne med at løyvinga her gjeld for 2014 og at det vert høve til å søke midlar for dei to neste åra i programmet. Programmet legg opp til årlege søknadar. Problemanalyse Tilskottet i 2014 er om lag 19,5 mill. kr lågare enn søknaden og 10,9 mill. lågare enn tilrådinga frå fylkesmannen. Status i dag er:
Tabell 1 Status på søknadsprosessen Føremål 2014 2015 Oppsummert Søkt Tilrådd Løyvd Løyvd Akuttfasen kr 5 400 000 kr 4 881 000 kr 4 881 000 Opprydding og infrastruktur kr 10 830 000 kr 6 150 000 kr 6 130 000 Leiing og kompetanse kr 13 550 000 kr 12 550 000 kr 3 000 000 Anna kr 1 280 000 kr 0 Uføresett kr 2 500 000 kr 1 300 000 kr 0 Omstilling og næringsutvikling kr 0 kr 0 kr 0 kr 5 000 000 kr 33 560 000 kr 24 881 000 kr 14 011 000 kr 5 000 000 Prioriteringar I programmet sitt kapittel 20 på side 62 ligg det ei risikovurdering. Som punkt 5 (med låg sannsynlegheit med høg konsekvens) går det fram at me skal be om ny vurdering ved lågt statstilskott og ev. skalere ned programmet. Andre opplysningar Kommunal og moderniseringsminister Jan Tore Sanner er invitert til Lærdal. Då vert det høve til å forklare konsekvensane og be om ny vurdering. Det går no politiske prosessar i høve Stortinget. Desse vert avslutta før møte i kommunestyret og resultatet vil då vere kjent. Økonomiske konsekvensar Status Det er forsøkt laga oversyn over status og forplikting pr. 30.6.14. Det er førebels ikkje fordelt på hovudaktivitet slik det er organisert i både programmet og prosjektrekneskapen. Det bør òg vere eitt skilje over forbruk eksternt og internt (fast tilsette). Det er heller ikkje heilt på plass. Saka og vurderingane er difor med atterhald om at det kjem fram noko uventa i fordelinga anten på hovudaktivitetar eller mellom internt og eksternt forbruk. Det er målet at dette skal vere klart før handsaminga i kommunestyret. Løn tilsette i eigen organisasjon er så langt registert med kr 331 010. Her er det diverre store manglar i registreringa. Dette må me rette opp for å få eit korrekt bilete av den kommunale eigeninnsatsen. Med dei grepa som me no gjer framlegg om å gjennomføre, vil ikkje dette ha noko å seie for programmet sitt rekneskap, men vere eit argument for redusert eigendel eller meir statleg hjelp. Bokført forbruk så langt i prosjektet (utanom akuttfasen) er kr 1 283 947. I tillegg ligg det til føring to fakturaer på konsulentbistand på samla om lag kr 104 000, dvs. at kjent eksternt forbruk so langt er på om lag kr 1 390 000. Det er og mogleg at noko av det som er ført som eksterne utgifter til t.d. konsulentar kan verte dekt av ledige lønsmidlar pga. vakanse eller sjukemelding.
Forplikta lønsmidlar I samsvar med programmet er det inngått ei rad arbeidsavtalar, dei fleste fram til sumaren 2015. Tabell 2 Inngåtte avtaler pr. 30.5.14 og binding Arbeidsavtalar 1.3. - 31.12.14 1.1. - 01.08.15 Helse kr 531 879 kr 383 808 Oppvekst kr 1 140 653 kr 1 153 357 Teknisk kr 310 024 kr 221 446 Sum kr 1 982 556 kr 1 758 611 Summen av forbruk og forplikting går langt utover det me er tildelt. Rådmannen syner her til dei grep det er gjort greie for i saka. Vurdering Me bør stå samla og halde fast på programmet for Attreising og utvikling av Lærdalsøyri. Dette er stadfesta av styringsgruppa etter at svaret frå departementet var motteke. Gruppa var og samla om eit arbeid mot Stortinget og partia for å auke opp støtta til programmet. Lærdal er framleis i krise. Utilstrekkeleg statleg hjelp og planlagt nedskalering av programmet i 2014 vil forsinke både attreising og utvikling. Det vil òg gå ut over andre viktige kommunale oppgåver og planarbeid. Det mest dramatiske er likevel at det vil avgrensa innsatsen kommunen kan gje dei råka etter årsskifte, særleg på det psyko-sosiale plan. Prioriteringar Rådmannen meiner de no er naudsynt å prioritere mellom dei ulike hovudaktivitetane i programmet, i slik prioritert rekkefølgje: 1. Tenestetilbodet mot dei som treng hjelp og støtte 2. Styrke politikk og administrasjon 3. Utvikling og følgjeprosjekt Grep Med slike rammer og slike prioriteringar meiner rådmannen det òg er naudsynt å gjere nokre grep, som: 1. Finne andre finansieringskjelder som t.d. fylkeskommunale tettstadutviklingsmidlar, arkitekthjelp, omstillingsmidlar og hjelp frå andre statlege einingar som t.d. Riksantikvaren og fylkesmannen. 2. Nytte ledige lønsmidlar og sjukepengekompensasjon i den ordinære rekneskapen mot prioriterte område i programmet, for å skøyte på den statlege hjelpa. 3. Ikkje belaste økonomien i programmet med timeforbruk frå faste tilsette frå brannen og fram til i dag. 4. Ikkje belaste økonomien i programmet med timeforbruk frå faste tilsette ut resten programperioden (men registrere timer gjennom heile programperioden for å dokumentere kommunen sin «eigendel»). 5. Trappe ned konsulenthjelp og/eller nytte ordinære lønsmidlar i ledige stillingar og sjukepengekompensasjon til konsulenthjelp på prioriterte område. 6. Korte ned på tida for mellombelse tilsettingar og inngåtte avtaler der det er mogleg. 7. Gå kritisk gjennom vedtekne prosessar jf. oversynet på side 40 i programmet (tabell 13) for å prioritere og sette på vent.
Gjennomgang av hovudaktivitetane HA 1: Oppfølging av akuttfasen Det er pr. 1.6 sendt fylkesmannen oppstilling som syner forbruk på kr 4.889.721,-. Det står att nokre uavklara spørsmål som gjer at beløpet truleg vert tett innpå 5 mill. kr. Me har fått utsett frist til 12.6 her. Det er uklart korleis departementet vil handtere differansen mellom løyvd (kr 4 881 000) og endeleg forbruk så lenge det overskytande vert føresett dekt av kommunen sin eigendel. Det er førebels ikkje budsjettert med eigendelen i den ordinære rekneskapen for Lærdal kommune. HA 2: Opprydding I programmet ligg opprydding og overtaking av Lygre-huset med kr. 350 000. Det er mogleg å dekke dette innafor råma for opprydding og infrastruktur på kr 6,13 mill. Programmet vert vidareført for å dekke både opprydding og overtaking av tomta som planlagt. HA 3: Kartlegging, dokumentasjon og informasjon Her vart det søkt om 1,2 mill. kr og tilrådd kr 700 000. Det bør vere mogleg å dekke noko av utgiftene innanfor det som er avsett til leiing og kompetanse så langt det rekk. Det er inngått avtale med Lærdal Næringsutvikling AS om å nytte tilsvarande ei 25 % stilling til informasjonsarbeidet ut året. Omfanget så langt er litt under kr. 100 000 om me ser bort frå akuttfasen. Det er truleg mogleg å avvikle avtalen relativt raskt jf. grepet med å avvikle ekstern konsulenthjelp. Det er i tillegg teikna avtaler med to verksemder om medieinnsamling (Retriever og Meltwater). Alt materiale fram til i dag er samla inn og digitalisert. Det har kosta kr 125 000 så langt. I tillegg er det avtalt ein vekeavgift på kr 3 500. Den vert no sagt opp. Under denne hovudaktiviteten ligg og møte med dei råka med husleige, servering mm. Det er naudsynt å ha nokre fleire møte utover hausten. Inngåtte avtaler vert avvikla så snart som råd. Informasjon, møte med dei råka mm vert vidareført. HA 4: Mellombelse og kortsiktige løysingar Her var det søkt om kr 680 000 til hjelpefondet. Fylkesmannen sendte denne delen av søknaden til departementet utan tilråding. Aktiviteten er avslutta. HA 5: Arealplanlegging Det var søkt om kr 650 000 og tilrådd same beløp. Planlegging vert av departementet definert som del av leiing og kompetanse. Det er difor mogeleg å dekke det der. Det er likevel naturleg å sjå kostnadane her i samanheng med at det er vakante stillingar og sjukepengemidlar som kan dekke det meste av konsulenthjelpa fram til no. Truleg vil det vere situasjonen ut 2014. Her har det og synt seg å vere mogleg å få ekstern finansiering frå fylkeskommunen og truleg òg frå Riksantikvaren. Eit døme er vedtak 27.5.14 i hovudutval for plan og næring i sak nr.: 14/518-3
«1. Lærdal kommune får 150 000 kr til arkitektonisk samordning i Lærdal. 2. Fylkesdirektøren ser at tidsaspektet er viktig i denne saka og har respekt for at attreisinga kjem i gang raskt. 3. Fylkeskommunen er open for å hjelpe kommunen med meir støtte til dette prosjektet etter nærmare avtale med kommunen. 4. Fylkeskommunen vil oppmode dei involverte statlege fagorgana til fagleg og økonomisk støtte i det vidare arbeidet med attreisinga.» Programmet vert vidareført som planlagt. Det vert søkt alternativ finansiering. Kostnader til ekstern konsulent vert så langt so mogleg dekka av lønsmidlar i vakante stillinga og sjukepengemidlar. Me har her stor fleksibilitet i avtalane. Resten vert dekka av leiing og kompetanse. HA 6: Tettstadutvikling Det var søkt om kr 500 000 til eit forprosjekt og kr 200 000 til eigendel for stilling som byantikvar. Fylkesmannen tilrådde ikkje å stette søknaden. Fylkeskommunen har eit program for dette føremålet. Midlane for 2014 er alt fordelt. Søknaden om stilling som byantikvar er sendt og vert truleg avgjort om kort tid. Stillinga er lyst ut og det er kvalifiserte søkarar. Programmet vert vidareført. Det vert søkt alternativ finansiering for forprosjektet. Tilsetting av byantikvar vert gjennomført. HA 7: Leiing og kompetanse Det var søkt og tilrådd 10,3 mill. kr. Tildelinga vart 3 mill. kr. I beløpet inngår òg planlegging. Det går fram av oversynet i tabell 2 at alt er brukt eller forplikta. Hovudaktiviteten er difor alt underfinansiert. Rådmannen sitt framlegg til prioriteringar og grep kan likevel sikre at denne aktiviteten får høg prioritert. Det er avgjerande at det vert opna for å reversere noko av forbruket og føre dette over i kommunen sitt ordinære rekneskap. Det har etter tildelinga ikkje vore råd å gå gjennom hovudaktiviteten for å skalere den ned. Det er òg for tidleg å slå fast kor mykje som vert disponibelt ut året. Manglande avgjer i pågåande politiske prosessar forsterkar dette. Programmet vert vidareført så langt det er råd. Planlegging og psyko-sosial hjelp har fyrste prioritet. Dette er i samsvar med departementet sine prioriteringar. Inngåtte mellombelse tilsettingsavtaler vert avvikla ved årsskifte så langt det er juridisk mogeleg. Formannskapet får fullmakt til å skalere ned programmet for 2014. HA 8: Kommunal infrastruktur Det var søkt om 7,78 mill. kr (medrekna 2 mill. kr til Lærdal Energi AS), tilrådd 5,8 mill.kr og løyvd 6,13 mill. kr. Det er utifrå brevet ikkje råd å forstå kva som er årsaken til at departementet har ein høgare tildeling enn fylkesmannen sin tilråding. Skadane på kommunal infrastruktur er kartlagt og dokumentert i Norconsult sin skaderapport dagsett 19.3.14. Samla syner den skader på kr 5 776 162 medrekna prosjektering/planlegging (12 %), administrasjon (5 %) og uføresett (15 %). Skaderapporten er ei samling av svært mange mindre skader som gjerding, skilt, gatelys o.l. I tillegg ligg gjenreising av Losjehuset inne.
Departementet har sett frist ut fyrste halvår 2015 for rapportering. Det er heilt urealistisk og heller ikkje ynskjeleg å utbetre alle skadane innafor den fristen. Det er og usikkert om Losjehuset og området rundt skal attende slik det var. Styringsgruppa har bedt administrasjonen vurdere arealet med tanke på alternativ bruk. Programmet går som planlagt og gjennomført saman med anna utbetringsarbeid. Det vert søkt departementet om utsett frist og høve til overføring til seinare i programperioden. HA 9: Omstilling og næringsutvikling Det var ikkje lagt inn eller søkt om - midlar i programmet i 2014, men i kommunestyrevedtaket og søknaden var det signalisert søknad om eit tillegg til den fylkeskommunale støtta på 6,5 mill. kr i 2015 og 16. Departementet har no varsla 5 mill. kr i 2015 via fylkeskommunen. Det er dialog med fylkeskommunen om grunngjevinga for ekstraordinære omstillingsmidlar. Den prosessen bør truleg gå vidare, uavhengig av departementet sin avgjerd. Kommunen har frist til å kome med grunngjevinga 15. juni 2014. Departementet si tildeling har ikkje konsekvensar for 2014. HA 10: Følgjeprosjekt Det var søkt om kr 600 000, tilrådd og løyvd 0. I samarbeid med omstillingsstyret vert det arbeidd med å finne alternativ finansiering. HA 11: Finansiering, økonomistyring og prosjektleiing Det vart søkt og tilrådd kr 900 000. Kostnadane under denne hovudaktiviteten ligg under løyvinga til leiing og kompetanse. Det vart og søkt om uføresett på kr 2,5 mill. og tilrådd kr 1,3 mill. Departementet har løyvd kr 0. I samsvar med framlegget til prioriteringar og grep vert ekstern prosjektleiing avvikla frå 15. juli. Det bør likevel vere rom for å leige inn konsulent til nærare definerte oppgåver gjennom programperioden.