Tilleggsinnkalling til Bystyret Møtedato: 03.10.2017 Møtestad: Flora samfunnshus Møtetid: 17:00 Den som har lovleg forfall, eller er ugild i nokon av sakene, må melde frå så snart råd er, tlf. 57 75 60 00, eller til organisasjonogpersonal@flora.kommune.no, slik at varamedlem kan bli innkalla. Varamedlemar møter etter nærare innkalling. Alternative framlegg til vedtak i nokon av sakene kan du sende på e-post til framlegg@flora.kommune.no. Flora kommune Ola Teigen ordførar Ester Frøyen formannskapssekretær
Saknr. Tittel Sakliste 094/17 Økonomirapportering 2. tertial 2017 - Flora kommune 2 av 11
Saksframlegg Saksnr Utvalg Type Dato 094/17 Bystyret PS 03.10.2017 Sakshandsamar Arkiv ArkivsakID Linda Mæland Nipen K1-210 17/939 Økonomirapportering 2. tertial 2017 - Flora kommune Framlegg til vedtak: Flora bystyre tar orienteringa om økonomirapport 2. tertial 2017 for Flora kommune til vitande 3 av 11
Saksopplysingar: Kva saka gjeld: Økonomirapportering 2. tertial 2017 for Flora kommune. Økonomirapporten er basert på økonomisk informasjon kjent i starten av oktober, samt månadsrapportar frå tenestene av 26.9.2017. Frie inntekter I revidert nasjonalbudsjett vart årets skatteanslag for landet nedjustert med 0,85 mrd kroner, og dette tok bystyret høgde for i Flora kommune sitt reviderte budsjett. Nylig oppjusterte regjeringa skatteanslaget att med 4 mrd kroner. Dersom ein legg til gunn at 80% av den nasjonale veksten er knytt til primærkommunane, og at realisert lokal skattevekst per september på 1,16 % vert gjeldane ut året, vil Flora kommune kunne få ei auka inntekt knytt til skatt/rammetilskot på vel 3,6 millionar kroner. I denne prognosen er slik auke lagt til grunn. Merk at i denne prognosen er det såleis lagt til grunn at den lokale skatteveksten er på berre 1,16%, medan landet ligg inne med ein vekst på 3,2%. Det betyr at den lokale skatteinntekta ser ut til å bli redusert i høve budsjett, medan kommunen får tilført meir frå skattesterke kommunar via inntektsutjaminga. Vurdering av desse tala vil bli fulgt opp, med anna i samband med framlegging av statsbudsjettet den 12. oktober. Som følgje av at Stortinget har vedteke samanslåing av Flora og Vågsøy til Kinn kommune, har Flora kommune fått auka rammetilskotet for 2017 med 4,211 millionar kroner som kompensasjon for gradert basistilskot, og 1,445 millionar kroner i regionsentertilskot. Førstnemnte er i prinsippet ein tilbakeføring av trekk i rammetilskotet knytt til justert inntektssystem, og går inn i ei overgangsordning fram mot samanslåing i 2020. Sistnemnte er eit nytt politisk tilskot som er innarbeidd i inntektssystemet, med halvårseffekt frå 2017. Begge desse postane er å sjå på som frie inntekter, dei er med det ikkje øyremerka til kommunereformarbeidet. Men i si tildeling av regionsentertilskotet skriv KMD: "I 2017 utbetales tilskuddet til den enkelte kommune i sammenslåingen, men midlene bør brukes til fellestiltak for den nye, sammenslåtte kommunen." I denne prognosen er regionsentertilskotet førebels avsett i tabell 2 med 1,445 millionar kroner. Det er opp til Flora bystyre å disponere både kompensasjon for gradert basistilskot og regionsentertilskotet. I tillegg til desse midlane vil Flora kommune i 2017 få utbetalt 20,5 millionar kroner i eingongsstøtte til Kinn kommune. Desse midlane er øyremerka kommunereformarbeidet, og vert å disponere av fellesnemnda til Kinn kommune. Rammetilskotet til kommunen er vidare auka med 1,117 millionar kroner knytt til øyremerka tilskot. Desse midlane er avsett i tabell 2 til bruk med 0,6 millionar kroner til velferdsteknologi, 0,2 millionar kroner til samhandlingsbarometer, 0,1 million kroner til interkommunal folkehelsesatsing og 0,217 millionar kroner til akuttberedskap i barnevernet. Det vert framleis jobba med handsaming av klager knytt til retakseringa, men det er grunn til å tru at eigedomsskatten vil kome opp i 43 millionar kroner som budsjettert. Som følgje av lågare konsesjonskraftprisar ser netto konsesjonskraft ut til å kome ut med ei mindreinntekt på 0,5 millionar kroner. Refusjon kapitalutgifter ser ut til å kome ut med ei lita meirinntekt på 0,042 millionar kroner. Ut frå rekneskapen så langt ser det ut som om momskompensasjonsinntekta vil kome ut i tråd med budsjett, med ei mogleg oppside. Samla sett viser dei frie inntektene ei mogleg meirinntekt på 9,924 millionar kroner. Tabell 1 Frie inntekter 4 av 11
Avsett til fordeling Faktura knytt til Norsk pasientskadeerstatnings reguleringsfond er motteke på 0,284 millionar kroner, som gir ei mindreutgift på 0,116 millionar kroner. Sentralt lønnsoppgjer er utbetalt i september, og den økonomiske konsekvensen er under utrekning. Det er grunn til å tru at avsettinga på 2,4% skal halde, men med eit atterhald til ein har fått rekna på den realiserte konsekvensen for Flora kommune. Lokalt lønsoppgjer vert og å kome attende til når det er klart. Oppdaterte aktuarberekningar frå KLP og SPK viser at avsett til pensjon i tabell 2 truleg vil halde. Øyremerka midlar over rammetilskotet er avsett i tabell 2 med 0,6 millionar kroner til velferdsteknologi, 0,2 millionar kroner til samhandlingsbarometer, 0,1 million kroner til interkommunal folkehelsesatsing og 0,217 millionar kroner til akuttberedskap i barnevernet. Regionsentertilskotet på 1,445 millionar kroner over rammetilskotet er førebels avsett i tabell 2. Samla sett gir dette ei auka avsetting på 2,446 millionar kroner. Tabell 2 Avsett til fordeling 5 av 11
Forts Tabell 2 Avsett til fordeling 6 av 11
7 av 11
Finans Eit lågt rentenivå ser ut til å kunne gje ei redusert renteutgift på 1 million kroner, medan renteinntekta kan kome ut med ei mindreinntekt på 1 million kroner. Posten utbytte viser ei meirinntekt på 0,454 millionar kroner. Dette er knytt til utbytte frå Firdavegen 1 på 0,156 millionar kroner, frå Ytre Sunnfjord Holding på 0,123 millionar kroner, 0,145 millionar kroner frå Firda Billag AS og eit litt høgare utbytte frå SFE enn budsjettert på 0,03 millionar kroner. Oppdatert kompensasjon frå VAR vert å berekne ved siste revidering av budsjettet for 2017 i samband med framlegging av budsjett 2018. Gjennomsnittleg 5-årig swaprente med tillegg 0,5 prosentpoeng knytt til VAR ligg no på nesten 2 %, medan det i budsjettet er tatt høgde for 1,75%. Budsjettert refusjon ser med det ut til å halde, med ei mogleg lita oppside. Samla sett viser finans ei mogleg meirinntekt på 0,454 millionar kroner. Tabell 3 Finans Sektorvise rammer Ut frå tenestene sine månadsrapportar per august av 26. september viser sektorane eit samla prognostisert meirforbruk på 5,37 millionar kroner i 2017. Politisk leiing, dvs utgifter til bystyre, formannskap og ordførar/varaordførar, styrer mot budsjettbalanse. Rådmann, stab og støtte styrer og mot budsjettbalanse. Skulesektoren rapporterer samla sett eit meirforbruk på 0,245 millionar kroner, men jobbar for å oppnå budsjettbalanse i 2017. Den største utfordringa er usikkerheit knytt til refusjonar for grunnskuleopplæring til asylbarn ved Flora ungdomsskule. Barnehagesektoren rapporterer eit mogleg meirforbruk på 0,173 millionar kroner. Utfordringa ligg ved Dalvegen barnehage, som forklarer det rapporterte meirforbruket med tapte inntekter knytt til redusert foreldrebetaling og gratis kjernetid, samt overtallighet i personalet. Barne og unge og NAV styrer mot budsjettbalanse. Det same gjør Helse/Tiltakstenesta. Omsorgstenesta rapporterer eit mogleg meirforbruk på 4,681 millionar kroner. Tenesta forklarer dette med anna ved at alle heimetenestene framleis driftar med årsverk over tidelt ramme, men peiker og på at dei gjer eit stort arbeid med å redusere overforbruket. Innleige av ekstrahjelp vert reduserat i alle områda, og Krokane har på rapporteringstidspunkt tatt ned tilsvarande 2,68 årsverk. Omsorgstenesta skriv vidare at begge avdelingane på Furuhaugane og har eit meirforbruk, der innleige av ekstrahjelp er hovudårsaka. Tenesta peikar på følgjande årsaker: 8 av 11
auka pleiebehov hos pasientane alvorleg sjuke pasientar som vel å bu heime hurtigare utskriving frå sjukehus mange tilsette med helseutfordringar, mykje tilrettelegging i form av innleige av vikar til å utføre det den tilsette ikkje kan. Får tilskot frå NAV, men den dekkar ikkje halvparten av ein dagsløn. Omsorgstenesta har stort fokus på å redusere meirforbruket, og jobbar med følgjande løysingar: Overtid skal kun nyttas etter drøfting med Pleie og omsorgssjef Langvarig tilrettelegging i høve helse må reduserast/avviklast (6-12 mnd). Etter såpass lang tilrettelegging bør anna arbeid vere løysinga for kortare eller lengre periode. Vil redusere behov for ekstrahjelp, som er den største årsaka til meirforbruket. Kortvarig tilrettelegging er vi pliktige som IA kommune å legge til rette for. Fleire avdelingar opplys at dei har avvikla tiltak etter dialog med tilsett, NAV og fastlege. Gjennomgang av alle arbeidslistar opp mot vedtak Hatt møte med tildeling for å diskutere mulig reduksjon av tal timar som blir innvilga Tilsett tre nye avdelingsleiarar i bu- og miljø. Vil gje ein auka kostnad i løn, men er vårt sterkaste kort i høve reduksjon av unytta tid som kan gje rom for omfordeling av ressursar/innsparing. Utfordringa er at resultata av dette er langsiktig og vil kanskje fyrst gje utslag på nyåret alle planlagde fagdagar/fellessamlingar for tilsette settes på eit minimum. Kun dei som er gjort avtale om i lang tid blir gjennomførte Kultursektoren styrer mot budsjettbalanse. Teknisk sektor melder eit samla mogleg meirforbruk på 0,084 millionar kroner. Brann og beredskap kan sjå ut til å styre mot eit meirforbruk på 0,385 millionar kroner, medan vegtenesta no rapporterer eit mindreforbruk på 0,283 millionar kroner. Plan og samfunn styrer mot eit lite mindreforbruk på 0,038 millionar kr. Flora bygg og eigedom rapporterer meirforbruk på 0,187 millionar kr. Tabell 5 Sektorvise rammer 9 av 11
Samla økonomiprognose Totalt sett kjem ein med dette fram til eit mindreforbruk etter finans på 2,562 millionar kroner. På noverande tidspunkt ser det med det ut til å kunne vere rom for å også avsette midlar til bufferfondet i tråd med opphaveleg budsjett på 1,584 millionar kroner. Med tanke på dei store avvika på både inntekts- og utgiftssida vil det bli behov for å justere budsjettet for 2017 i samband med med handsaming av budsjettet for 2018. Rådmannen vil fortsette å følgje den økonomiske situasjonen tett, og det vil framleis bli jobba for at dei kommunale tenestene og kommunen samla sett skal gå i budsjettbalanse. Tabell 6 Samla økonomiprognose 10 av 11
Økonomiske konsekvensar: Ingen eksplisitte konskvensar. Miljømessige konsekvensar: Ingen eksplisitte konskvensar. Aktuelle lover, forskrifter, avtalar mm: Lov om kommuner og fylkeskommuner (Kommunelova) Forskrift om årsregnskap og årsberetning (for kommuner og fylkeskommuner) Forskrift om årsbudsjett (for kommuner og fylkeskommuner) KRS Kommunale rekneskapsstandardar 11 av 11