MØTEPROTOKOLL Utval Formannskapet og næringsutvalet Møtestad: Rådhuset Møtedato: 26.08.2015 Start kl.: 09.00 Slutt kl.: 13.10 Til stades på møtet Medl.: Forfall: Varamedl.: Frå adm. (evt. andre): Ivar Kvalen, Geir Arve Sandvik, Marit Aakre Tennø, Ernst Veum, Jon Ove Lomheim, Anette Stegegjerdet Norberg, Morten Vigdal. Rådmann Jarle Skartun, næringssjef Olav Grov i del av sak 85/15. Medlemene hadde ikkje merknad til innkalling og sakliste. Saksnr. Tittel 77/15 15/2413 Godkjenning av møtebok SAKLISTE 78/15 15/2368 Rune Abildgaard Sørensen. Søknad om finansiering 79/15 14/2089 Årsmelding Ungdommen sitt kommunestyre arbeidsåret 2014-2015. 80/15 15/2299 Gaupnetunet A/S - søknad om skjenkeløyve ved enkeltarrangement, Damenes Aften i Lustrabadet. 81/15 14/2827 Brannsikringstiltak Solvorn Drift og vedlikehaldsansvar 82/15 15/2366 Reglar for tildeling av tomt i kommunale bustadfelt 83/15 15/2420 Budsjett 2016, økonomiplan 2016-19, planleggingsprogram 2016-19. 84/15 15/2311 Saksutgreiing ikkje offentleg offl 13 Søknad om støtte til omsorgstenester 1
85/15 15/2386 Referat- og drøftingssaker Underskrifter: Vi stadfester at det som er ført i møteboka er i samsvar med det som vart vedteke på møtet. Møteprotokoll er sendt til: Medlemene, varamedlemer, rådmann, revisor, kontrollutvalet, biblioteka i kommunen, lokalavisene, NRK-Førde og Luster radio.
77/15 Godkjenning av møtebok Det var ikkje merknad til møteboka. Møteboka frå møtet den 10.06.15 vart godkjent. Underskrifter: Ernst Veum og Morten Vigdal. 78/15 Rune Abildgaard Sørensen. Søknad om finansiering Rune Abildgaard Sørensen får eit oppstartingstilskot stort kr 30.000. Tilskotet skal finansierast med forbruk av post 32503.402.14703. 79/15 Årsmelding Ungdommen sitt kommunestyre arbeidsåret 2014-2015. Formannskapet legg til grunn at leiaren vert invitert til kommunestyret og saka vert drøfta der. Luster kommunestyre tek den framlagde årsmeldinga for Ungdommen sitt kommunestyre i Luster arbeidsåret 2014-2015 til orientering. 80/15 Gaupnetunet A/S - søknad om skjenkeløyve ved enkeltarrangement, Damenes Aften i Lustrabadet. Rådmannen si tilråding: Formannskapet vedtek at søknaden frå Gaupnetunet A/S om skjenkeløyve i Lustrabadet vert avslegen. Grunngjevinga er at kommunestyret i ruspolitisk handlingsplan har vedteke at det ikkje skal gjevast skjenkeløyve i kommunale bygg. Geir Arve Sandvik sette fram framlegg om at søknaden vert innvilga. Grunngjevinga er at dispensasjonen som gjeld for samfunnsalar kan nyttast i dette høve. Framlegget frå Geir Arve Sandvik vart vedteke med 5 røyster.(ev, AS, MV, IK, GAS.) 2 medlemmar(jol, MAT) røysta for framlegget frå rådmannen. Formannskapet vedtek at søknaden frå Gaupnetunet A/S om skjenkeløyve i Lustrabadet vert innvilga. Grunngjevinga er at dispensasjonen som gjeld for samfunnsalar kan nyttast i dette høve i eit lukka enkeltarrangement.
81/15 Brannsikringstiltak Solvorn Drift og vedlikehaldsansvar Ivar Kvalen gjekk frå som ugild grunna nærståande sine/eigne interesser i eigedommar som er del av tiltaket. Varaordførar Geir Arve Sandvik leia møtet under handsaming av saka. Rådmannen presiserte at det i tilrådinga skal stå inntil kr 65.000. Luster kommune dekkar kostnaden med drift og vedlikehald av brannalarmanlegget i Solvorn i perioden 2016 2020. Kostnaden pr. år. inntil kr 65.000,- vert innarbeidd i budsjettet. 82/15 Reglar for tildeling av tomt i kommunale bustadfelt Saka vert lagt fram for kommunestyret. Kommunestyret godkjenner reglar for tildeling av tomt i kommunale bustadfelt slik dei ligg føre i utkast datert 18.06.15. 83/15 Budsjett 2016, økonomiplan 2016-19, planleggingsprogram 2016-19. Rådmannen gjekk gjennom ØP-notat nr.1 og svara opp spørsmål og kommentarar frå formannskapet. Oppdatert Øp-notat(26.08) nr.1 vert lagt ved/sendt ut i lag med møteboka. Forstudie; «Utvida dag- og aktivitetstilbod i eit førebyggjande folkehelseperspektiv», vert sendt formannskapet, ev og gitt som orientering på neste møte. Formannskapet tek informasjonen til orientering. Rådmannen tek med seg innspel frå drøftingane til vidare arbeid.
84/15 Søknad om støtte til omsorgstenester Saksutgreiinga er ikkje offentleg, jf. Offentleglova 13 og forvaltningslova 13. Rådmannen retta saksopplysning, søkar er bustadregistrert i Luster. Framlegg i møtet: Formannskapet vedtek at Luster kommune skal yte støtte til helsehjelp. Etter nærare avklaringar vert det innvilga støtte inntil omsøkt beløp. Utgifter skal domumenterast. Saka vert finansiert gjennom T2. Framlegget vart samrøystes vedteke. Formannskapet vedtek at Luster kommune skal yte støtte til helsehjelp. Etter nærare avklaringar vert det innvilga støtte inntil omsøkt beløp. Utgifter skal dokumenterast. Saka vert finansiert gjennom T2. 85/15 Referat- og drøftingssaker Eksternt: Samhandlingsnytt for juli. (15/107-7) referert. Samhandlingsnytt for august.(15/107-8) referert. Delegering av forvaltningsmynde for verneområde. (14/3216-3) referert. Tildeling av tilskotsmidlar SLT. (15/2264-2) referert. Vekst og utvikling i Distrikts-Noreg, brev frå statsråd J.T. Sanner(14/2345-21) referert. Tilskot til kompetansetiltak innan psykisk helse og rus. (15/1438-2) referert. Kommunereforma -tid for involvering av innbyggarane, brev frå FM i Sogn og Fjordane.(14/2345-19) referert. Innvilging av tilskot til psykologstilling, tilsagnsbrev frå Helsedir.(15/488-6) referert. Rådmannen orienterte om vidare arbeid med saka. Tilskot til kommunalt rusarbeid frå FM Sogn og Fjordane.(15/750-2) referert. Interkommunalt; Årsmelding/møtebok representantskap SBR IKS.(15/795-6) referert. Internt: Møtebok adm.utvalet 17.06.(15/1813-2) referert. Møtebok kontrollutvalet 24.06.(15/1812-2) referert. Møtebok i arbeidsmiljøutvalet 02.06.(15/1585-2) referert. Notat Eigedomsskatt. (sendt fsk e-post 13.08.) referert. Konsekvensane omkring ev endringar vart drøfta. Uttale til høyringssak vert lagt fram på neste møte i formannskapet. Tryggleiken ved Nigardsbreen. (15/1965-11.) referert, jf og innspel under open post. Budsjett 2016 innspel frå Luster Kyrkjelege fellesråd, brev av 12.06.15 referert.
Orientering i møtet: Ordførar: LVK-landsmøte referert, jf stort fokus på saka om eigedomsskatt. ByR2-prosjektet startar opp. referert, Lisbeth Bringebøen er tilsett som prosjektleiar. Statstilskotet er noko avkorta, men vert dekka opp med lokale prosjektmidlar. Jøkullaupet - referert, Hydro hadde god beredskap. Hendinga vart takla på «beste måte.» Rådmann: Sommaren -15, aktuelle saker. -Rådmann orienterte, roleg sommar, jf orientering i andre saker ovanfor, stor aktivitet på mindre byggesaker, førebuing val mv Skuleskyss. Jf avisinnlegg (vedlagt.) Handsaming av enkeltsaker, 11 på Hestenes pluss 10 saker andre stadar i kommunen. Rådmann orienterte og svara på spørsmål. Bustadfeltet Salen.-Rådmann orienterte og svara på spørsmål. Næringssaker, ev ikkje off.; Næringstomt Galdetoppen Hauge Traktor A/S; innspel frå Ola Hauge vart referert inkl rådmannen sitt forslag til løysing. Reiselivssesongen sommaren 2015. Svært god sesong for dei fleste verksemdene. Breidbandutbygginga. Etablering av fiber til heimen pågår no i Gaupne og Skjolden. Søknaden om statleg medfinansiering til utbygging i Dale er enno ikkje gjeven svar på. Fiber til Turtagrø er etablert, arbeid med å få 4G på basestasjonen ved Turtagrø kjem snart i gang. Det er planlagt møte om utbygging av 4G i Luster kommune med nettdirektørane i både Telenor og NetCom. LMI situasjonen i oljebransjen er krevjande, men det er framleis oppdrag i marknaden. Eigarskifte i verksemd i Luster. Personal og administrative saker, ev ikkje off.: Bemanning; leiarkabal skule/barnehage., permisjonar, nytilsetjingar. utsett til neste møte. Tilsynssaker.-utsett til neste møte. Drøfting i møtet: «Økonomi», jf sak 83/15 Open post Eventuelt/innspel i møte: Grunnerverv Solvorn, utviding badeplass. Nigardsbreen, auka turiststraum. Tryggleiken informere tidlegare v/parkeringsplassen. Rådmannen føl opp innspela. Dagsorden for møtedagen; 09.00-11.00 Sakshandsaming inkl referatsaker. 11.00-13.10 Budsjettdrøftingar, ikkje off saker og matpause. Det vart ikkje gjort vedtak i saka.