ÅRSPLAN ULVESETH BARNEHAGE 2015-2016



Like dokumenter
Fyresdal kommune Sektor for kultur og oppvekst

ROSENDAL BARNEHAGESENTER SIN VISJON :

ÅRSPLAN FOR ULVESETH BARNEHAGE BARNEHAGEÅRET

Halvårsrapport grøn gruppe- haust 2015

INFORMASJONSHEFTE OM Flatdal barnehage

Halvtårsrapport haust 2017 GUL gruppe

Året Kva vi jobbar spesielt med i år

Språk og språkmiljø Kvardagssamtalen: Høgtlesing og forteljarstunder:

ÅRSPLAN 2015 GOL BARNEHAGE AVDELING ROTNEIM (sjå også felles årsplan for Gol barnehage)

ÅRSPLAN FOR BEITO BARNEHAGE

Året Kva vi jobbar spesielt med i år

Generell Årsplan Barnehageeininga Samnanger kommune. Saman om ein god start

Årsplan for Straume barnehage Del 2. Arbeid med fagområda

ÅRSPLAN PRESTEFJELLET BARNEHAGE AS 2016

ÅRSPLAN SUNDE BARNEHAGE

Årshjul 2014/ 2015 og 2015/ Formål 4. Hvordan arbeide målrettet med fagområdene i årshjulet? 4. Hvordan ivareta barns medvirkning?

Årsplan for Straume barnehage Del 2. Arbeid med fagområda

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg.

Årsplan Klara`s familiebarnehage 2016

Årsplan Furulunden barnehage 2017/2018.

Vetlandsveien barnehage

VIK BARNEHAGE Visjon:Trygt å vera kjekt å læra

Overordna mål for Varaldsøy barnehage: «Skapa eit miljø som er prega av trivsel, varme og omsorg. Ein kvardag med gode vilkår for leik og læring.

Barns leik og vennskap. Utviklingsarbeid i Mork barnehage hausten våren 2018

Månadsbrev for ROSA mars 2015

Månadsbrev for Rosa september 2014

Virksomhetsplan

Leikande, glade barn og natur hand i hand

Blåbærskogen barnehage

ÅRSPLAN FOR KLARA`s FAMILIEBARNEHAGE 2015

Flyktningebarnehagen. Familiens hus Hokksund. Barnehagen er en velkomstbarnehage for nyankomne flyktningers barn. Årsplan 2012/15.

Staup Natur- og Aktivitetsbarnehage

Fyresdal kommune Sektor for kultur og oppvekst

Årsplan for Sjøstjerna barnehage

Salsnes oppvekstsenter Barnehagen ÅRSPLAN

PERIODEPLAN EVALUERING Avdeling: Blåmeis EVALUERING AV PERIODE 1: September - november2015

Halvårsplan for Tyrihans og Askeladden våren 2017

Halvtårsrapport for gul gruppe våren 2017

PROGRESJONSPLAN FOR RAMMEPLANEN SINE FAGOMRÅDER

Del 2 Ågotnes barnehage. årstema

Korleis stimulera til ein god språkutvikling hjå barn?

Avtaleerklæring Barnehage foreldre. Sørreisa kommune

Alna Åpen barnehage - Tveita

Barnehagen mål og satsingsområder.

Januar, februar og mars. Juli, august og september. April, mai og juni

Velkommen til foreldremøte

Halvårsplan for Innset og Vonheim barnehager, avd. Storstuggu. Vår 2011

Årsplan / Utviklingsplan for Orre barnehage Magiske øyeblikk i kvardagen!

ÅRSPLAN barnehagen for de gode opplevelsene

Flyktningebarnehagen. Familiens hus Hokksund. Barnehagen er en velkomstbarnehage for nyankomne flyktningers barn. Årsplan 2015/17.

PLAN FOR KVALITETSUTVIKLING

NY RAMMEPLAN SOM GRUNNLAG FOR FRAMTIDAS BARNEHAGE. Gjeldande frå 1. august. Astrid Bakken Fagdag nærmiljø og samfunn Gaupne barnehage 9.

«Gode opplevelser med naturen som lekeog læringsarena.» Årsplan Birkebeineren friluftsbarnehage

Halvtårsrapport raud gruppe haust 2017

LOFTHUS FAMILIE- BARNEHAGE

Årsplan for Trollebo Høsten 2014/ våren 2015

Ellingsrud private barnehage Årsplan

SKOGSTUA BARNEHAGE ÅRSPLAN 2011/2012

Barnehagens progresjonsplan

BARN SITT MØTE MED BARNEHAGEN - AVD. STOVA. TID KVA KORLEIS MÅL UTFORDRING Barnet kjem i barnehagen.

LOKAL RAMMEPLAN FOR BARNEHAGANE I SELJORD

Halvtårsrapport gul gruppe haust 2016

LANGMYRA OG BANEHAUGEN BARNEHAGER Årsplan 2017

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

GJENNOMGÅANDE TEMA FOR BARNEHAGEÅRET

Nesodden Frivilligsentral, Hilda Magnussens vei 1, 1450 Nesoddtangen Tlf: / , E-post:

Sandeid skule SFO Årsplan

ÅRSPLAN FOR LØKEN BARNEHAGE 2019

Halvårsplan for INNSET BARNEHAGE

Informasjonshefte Tuv barnehage

Årsplan for 2013/2014

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane. til beste for folk, samfunn og livsgrunnlag

PLAN FOR FØRSTE HALVÅR

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

Månadsbrev for Rosa oktober 2014

ÅRSPLAN. Jostedal barnehage 2017 / 2018

BRUELAND BARNEHAGE - PROGRESJONSPLAN

Osterøy kommune ÅRSPLAN VALESTRAND BARNEHAGE SAMAN FÅR ME VERDES VIKTIGSTE VERDIAR TIL Å VEKSA.

Halvårsrapport lyseblå haust 2017

HANDLINGS OG TILTAKSPLAN MOT MOBBING FOR BARNEHAGANE I VINJE KOMMUNE. Erta, berta, sukkererta - korleis unngå å skape mobbarar.

DETTE SEIER lova og rammeplanen AT VI SKAL : OMSORG OG OPPSEDING:

Årsplan barnehage. Her kan bilde/logo sette inn. Bærumsbarnehagen

Periodeplan for HOVEDMÅL: Vi ønsker å gi barna rett til å leke, lære, drømme og utforme, leve og være. (Årsplan for Leksdal barnehage)

Vi lærer om respekt og likestilling

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

Klatremus familiebarnehage avd. Knerten

Satsningsområder. Barnehagen ønsker å fremme barns sosiale samspill og styrke den positive selvoppfatningen hos det enkelte barn.

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

VERDIGRUNNLAG OG PEDAGOGISK PLATTFORM FOR SYKEHUSBARNEHAGEN.

Vi bruker ofte smågruppepedagogikk, dvs. at vi deler barna inn i smågrupper sammen med en voksen.

Barnehagelærerutdanninga Ansvar for likestilling og likeverd i barnehagen?

Med spent forventning... Sjekkliste for ein god barnehageslutt og ein god skulestart

Vår Visjon : SAMAN ER VI BEST

De 7 fagområdene. Dette legger vi vekt på hos oss:

Regnbogen Natur-og kulturbarnehage

ÅRSPLAN 2016 OPPVEKST OG UTDANNING LØKEN BARNEHAGE. Aurskog-Høland kommune

Olweusarbeid i Luster kommune Felles årshjul

Tarzan 3 og 4 åringane Fredagane Neste månad nformasjonstavla Nyttar høvet til å minne om :

Fladbyseter barnehage 2015

Utdrag fra Rammeplan for barnehagen: Antall, rom og form og utdrag fra Kunnskapsløftet: Læreplan i matematikk fellesfag (MAT1-04)

Transkript:

ÅRSPLAN ULVESETH BARNEHAGE 2015-2016 Ein tradisjonsrik barnehage med nærleik til natur og gardsdrift Nære relasjonar og venskap 1

Innhald: Presentasjon av barnehagen og formålsparagraf side 3 Telefonnr og planleggingsdagar side 4 Dagsrytme side 5 Barnehagen sin visjon og hovudmål side 6 Sosial kompetanse side 7 8 Bursdagsfeiring side 8 9 Tema / tradisjon side 9 Satsingsområde side 10 12 Danning side 13 14 Omsorg, leik og læring side 14 16 Barn sin rett til medverknad side 16 17 Dei utrulege åra side 18 Den vaksne si rolle side 18 19 Dei sju fagområda side 19 26 Overgang barnehage skule side 26 27 Samarbeid side 28-29 Vurderingsarbeid side 30 Fleirkulturelt arbeid side 31 Planlegging og dokumentasjon side 31 32 Kosthald side 32 HMS side 32-33 Kompetanseplan side 33 2

Ulveseth barnehage er ein kommunal heildagsbarnehage på vestsida av Fjell kommune. Næraste nabo er Ulveset skule. Barnehagen ligg i lunt skogkledd terreng som vert mykje brukt til turar og ulike aktivitetar. Barnehagen vart opna i mars 1992. Vi har plass til max 41 barn fordelt i søskengrupper på to avdelingar. Antal barn variere med antal barn over og under tre år. Barnehagen vert dreven etter følgjande rammer fastsatt i lov om forskrift: Lov om barnehagar; kva lovverk vi er regulert under Barnehagen skal i samarbeid og forståelse med hjemmet ivareta barnas behov for omsorg og lek og fremme læring og danning som grunnlag for allsidig utvikling. Barnehagen skal bygge på grunnleggende verdier i kristen og humanistisk arv og tradisjon, slik som respekt for menneskeverdet og naturen, på åndsfrihet, nestekjærlighet, tilgivelse, likeverd og solidaritet, verdier som kommer til uttrykk i ulike religioner og livssyn og som er forankret i menneskerettighetene. Rammeplan for barnehagar ; kva barnehagen skal innehalde Vedtekter for kommunale barnehagar 3

Telefonnummer til barnehagen : Hovudnr: 55096876 Kontor: 55096884 Avd Sør: 55096881 Mob 97122171 / Avd Sol: 55096882 Mob 97511153 / Planleggingsdagar barnehageåret 2015-2016: Mandag 14 september 2015 Fredag 6 november 2015 Fredag 5 februar 2016 Fredag 11 april 2016 Fredag 6 mai 2016 4

Dagsrytme: Kl 07.00 Kl 08.30 Kl 9-10 KL 10-11.30 Kl 11.30 Kl 11.45-12.15 KL 12.30-14.30 Kl 14.45 16.30 Barnehagen opnar. Vi vektlegg ein roleg start. Frokost; Vi tek oss god tid ved frokostbordet; «Kva har vi gjort på sidan i går og kva skal denne dagen innehalde?» Etter frokost er det frileik ute eller inne. Kvar tirsdag har vi felles sangstund, der avdelingane møtast på midtrommet Dei fleste dagane er det samlingsstund kl 10.00. Den kan inneholde, sang, rim og regler, ei pratestund, dramatisering eller temaarbeid. Vidare er det ulike aktivitetar i barnegruppa. Det kan vere turar, forming, dramaleik, trim / dans til musikk, språktrening, høgtlesing og baking. Dei minste har uteaktivitetar i løpet av denne tida. Ein dag i veka har dei to eldste gruppene aktivitet og fellesskap på tvers av avdelingane Vi gjer oss klar til å ete lunsj; Toalettbesøk og handvask. Ei lita sangstund i garderoben mens vi ventar på kvarandre. Smørelunsj fire dagar i veka og varm lunsj ein dag i veka. Inneverande år er det om fredagen vi har varm lunsj. Er det fint ver et vi gjerne lunsj ved borda på uteplassen eller i skogen bak barnehagen. Nokre gongar et turgruppene maten sin ute og kjem ikkje heim før lunsj. Vi nyttar både leikeplassen og områda rundt barnehagen i utetida. Barna skal oppleve glede av å vere ute i all slags ver og vi er avhengig av at dei har høvelege klede tilpassa det ver og den årstid vi er i. Barna får servert frukt. Medbrakt matpakke. Frileik ute / inne til dei vert henta. 5

Barnehagen sin visjon, hovudmål. Livet i barnehagen skal vere både spanande, kreativt og utfordrande. Det er viktig at barn kan finne ro og tid til eigenaktivitet og få stimulert deira trong til fysisk aktivitet. Samspelet mellom barn og vaksne er svært viktig for korleis barna sin kvardag blir. Derfor legg vi stor vekt på å gi barna ei god tilvenning når dei byrjar i barnehagen. Programmet Cos (Circle of security) er eit program som personalet har gjennomgått og kvalitetssikar at tilvenningstida blir best mogleg for barn og foreldre. Dei skal knyte nære band til sin primærvaksen i første omgang. Etter kvart og til dei andre vaksne på avdelinga. Bevisste vaksne skal følge barnet ut i «sirkelen» og veksle mellom å vere ei trygg base barnet kan komme til, samtidig som dei følgjer barna og utforskar saman med dei. Dette ser vi gjer at barna vert fortare trygg i barnehagen. Alle barna er ulike og vi tek i stor grad omsyn til individuelle behov, samtidig som barna skal kunne lære å innordne seg i ei gruppe med fleire barn. Dette krev sosial kompetanse, og det er særs viktig at vi gir barna erfaringar som forsterkar den evnen. Derfor er «evnen til å kunne vere saman med andre» viktig kunnskap vi vil prioritere å gjere barna best mogleg på. 6

Sosial kompetanse «Barnehagen skal møte barna med tillit og respekt, og anerkjenne barndommens egenverdi. Den skal bidra til trivsel og glede i lek og læring, og være et utfordrende og trygt sted for fellesskap og vennskap. Barnehagen skal fremme demokrati og likestilling og motarbeide alle former for diskriminering». Barnehageloven 1Formål, 3. ledd Sosial kompetanse er grunnmuren og den pedagogiske plattforma i barnehagen Vi nyttar mykje av metodane frå barnehageprogrammet «dei utrulege åra» (duå). Den vaksne som førebilete er særs sentral i dette arbeidet; Barn speglar seg i den vaksne sine auge. Vi har eit særleg ansvar for at barna får eit positivt inntrykk av seg sjølv i denne «spegelen». Vi er og merksam på at barn dannar seg eit bilete av andre barn ut i frå korleis dei ser at vaksne reagerar på andre barn sin adferd. Derfor gir både cos (circle of security) og duå (dei utrulege åra) oss eit godt kompetanseløft i å reagere / agere på ulike typar adferd på ein konstruktiv måte. For å få eit best mogleg miljø i barnehagen der den sosiale kompetansen kan «bløme», har vi ulike tiltak. Barna vert i periodar delt i aldersdelte grupper både avdelingsvis og på tvers av avdeling. Dette gir barna eit godt høve til å lettare erfare meistring i det at dei får tydelegare alderstilpassa aktivitetar og erfarar mykje frileik i aldershomogene grupper. Vi ser og at barna vert tryggare innanfor området sosial kompetanse i kraft av at dei eldste ofte syner omsorg for dei minste og dei minste kjenner tryggleik når dei opplever dette; Å bli ivaretatt og få positiv merksemnd frå større barn er godt for deira sjølvkjensle. Å vere bevisst desse verdiane som vert skapt ved ulike gruppesamansetningar er gull verd for både store og små. Sosialt kompetente barn: Får lett vener fordi dei tek omsyn til og tek kontakt med andre på ein grei måte. Kan sjå og forstå andre sine perspektiv, tankar og kjensler Deltek i leik og finn si rolle Finn glede i å glede andre Ventar på tur og lyttar til andre Inngår kompromiss i konfliktsituasjonar og leik 7

Målet vårt er å utvikle ei positiv sjølvkjensle hos det einskilde barn. Venne - har ein sentral plass i barnehagen; Gjennom vennehjertene får barna øvd seg på å seie gode og fine ting om og til kvarandre. Den vaksne skriv ned dei små fine ytringane, det blir visuelt for alle, først i barnehagen og seinare kan barna ta dei med heim. Det blir og lest opp slik at alle får høyre. Humor har ein sentral plass i barnehagen og ikkje minst i arbeidet med å fremje sosial kompetanse; Å gripe her og no situasjonar, leikande vaksne, sjå barn sin humor og setje pris på den er sentralt. Bursdagsfeiring Her i barnehagen har vi gode tradisjonar på å snakke vel om kvarandre. Når barna har bursdag er vi ekstra merksam på dette. Bursdagsbarnet får sete i «den gode stolen» med fløyelsteppe og krone på hovudet. Etter tur får dei andre barna seie gode ting om / til bursdagsbarnet. Dette vert notert og tatt vare på i permen til barnet, i lag med bilete frå dagen. Vidare får bursdagsbarnet velge mellom fruktfat og smootie som blir servert til alle. 8

Det blir og ei lita samlingsstund der den som har bursdag får velge sine favorittsongar. Vi syng bursdagssang og sende opp «rakett» som seie noko om kor mange år barnet blir. Tema / tradisjon MÅNAD TEMA TRADISJON Januar Vinter -leik i snø -mat til småfuglane Februar -førebuing til karneval og fastelaven Mars Vår Påske nytt liv Så frø, rydde og koste Dyr om våren Tilvenning av evt nye barn Vinteraktivitetar Fastelaven Karneval Avtale om fadderordning ved Ulveset skule. Besøk av elevar frå 4 klasse Mai 17 mai markering Aktivitetsdag med tradisjonelle 17 mai-leikar Går i tog med skulen Juni Juli August September Oktober November Desember Avslutningstur for Naturvettene. Besøke skule og SFO Sommerbarnehage med eige opplegg Tilvenning av nye barn, bli kjend med barnehagen. Nye barn og foreldre. Meg sjølv, rutiner og regler Haust; Kva skjer i naturen? Barn i andre land -likskap / ulikskap Advendt, førebuing til julehøgtida. Ventetid Sommarfest med barn og foreldre. Sommarkalender med forslag til aktivitet/tema i sommarbarnehagen Startsamatale med nye foreldre. Fokus på barn sin medverknad i høve til felles reglar i barnehagen. Hauste grønsaker, frukt/bær. Foreldremøte Besøk av 1 klasse Forut/solsikkeaksjon Adventsstund Luciafeiring Nissefest Barnehagegudsteneste Juleverkstad Å gi noko til dei som ikkje har så mykje som oss 9

Satsingsområde Det foregåande barnehageåret var det realfag som sto i fokus som satsingsområde; Vi satte oss som mål å ha en forskende tilnærming til temaet. Det er et område som barna er opptatt av, nysgjerrig på og vi gjor fleire oppdagingar som satte i gang refleksjon rundt ulike problemstillingar; Barna sin medverknad og deltaking var sentral og vi opplevde høg grad av læring ved denne måten å tilrettelegge på. Temaet vil delvis fortsatt vere med oss i året som kjem; Vi vil særleg halde i hevd metodikken der barna sin medverknad har vore sentral. I barnehageåret 2015 2016 skal vi delta i eit Solprosjekt for barnehagane i Fjell kommune SOL SYSTEMATISK OPPLEVING AV LESING Målet vårt er å gje barn gode språklege opplevingar og eit godt grunnlag for å bli gode lesarar. Vidareskal vi jobbe for å auke personalet sitt medvit og kunnskap om kor viktig det er med tidlig språkstimulering. Systematisk og målretta oppfølging. Tidleg innsats. Prosjektet byggjer på fleire sentrale styringsdokument: Rammeplan for barnehagar Temahefte, om språkmiljø og språkstimulering i barnehagen. St.meld nr 41 (2008-2009). Kvalitet i barnehagen. S lprosjektet i Fjell kommune. 10

Forskning I førskulealderen vert grunnlaget lagt for seinare lese og skriveferdigheiter. Forskning fortel at dersom barnehagen arbeider systematisk og målretta med gode stimuleringstiltak kan lese og skriveopplæringa bli lettare for barna. Dette kan førebyggje seinare vanskar. Forsking syner eintydig at ferdigheiter kring språkleg medvit har stor betydning for barns lese og skriveutvikling. Særleg har merksemnd på fonologien (ordets lydsystem) vist seg å ha stor betydning for begynnarlesinga. Tiltaka vi set i gang skal tilpassast barnehagen sin eigenart med fokus på omsorg, danning, leik og læring. Vi ser og at vi kan favne heile aldersgruppa med dette prosjektet. Vi får brukt mykje av det vi er god på frå før, i tillegg til kompetanseheving og ny kunnskap. Vi skal særleg ha fokus på: Språkleg medvit Registrering av høgtlesing for barna (for å sikre at alle blir ivaretatt) Variert litteratur, der refleksjon rundt ulike tema kan vere like aktuelt som sjølve høgtlesinga Rim og regler Ulike typer bøker Ord og omgrep, refleksjon og samtale rundt Høgtlesing med ulike innfallsvinklar Førebuande skriftsspråkopplæring, språksprell, skrivedans Representantar frå rettleiarteamet for barnehagen vil hjelpe oss med å halde ved like prosjektet; system og oppfølging. Vi ser og at prosjektet favnar heile barnegruppa, men at det sjølvsagt vil vere både likt og noko ulikt mellom alderstrinna. Prosjektet skal synleggjerast for foreldra med div informasjon og rutiner som vekas dikt / rim og regle. Like eins skal aktuelle barnebøker synleggjerast og foreldre skal få tips heim om 11

gode barnebøke. Samtidig er barnehagen opptatt av å kjenne til kva favorittbøker barna evt har heime. I skulen er omgrepet om ein elev kan «sole ein tekst» brukt når dei sjekkar kva eleven hugsar frå ein tekst. I barnehagen skal vi og vere bevisst på at bøker kan lesast på mange måtar og har mange forskjellige positive effekter; - Stoppe opp og reflektere rundt ulike omgrep - Snakke om / lage forteljingar rundt ulike bilete - Barn med ulik bakgrunn, leseerfaring og språkmeistring får felles opplevingar og referanserammer. - Gjennom høgtlesing møter barna gode mønster for språkbruk. - Høgtlesing inviterer barna inn i eit språk som er rikare og meir variert enn kvardagsspråket. - Bøker innbyr til samtaler og utvider ofte erfaringene. - Høgtlesing gir glede ved sjølve lesestunden, både til dei som høyrer på og til den som les. Ved bruk av dokumentlesar kan vi og ha høgtlesing for ei større gruppe barn og evt illustrasjonar vil vere tydeleg for alle. Med dei eldste barna kan vi og følge teksten med fingeren slik at dei får innøvd leseretning. Noko som ikkje er sjølvsagt for alle når dei startar i skulen. 12

Danning «I danning inngår oppseding som ein prosess der vaksne både leiar og rettleiar neste generasjon. Gjennom oppseding og danning blir verdiar, normer, tankar og uttrykks handlingsmåtar vidareførte, endra og forhandla om». Rammeplan 2.1. Dei vaksne i barnehagen skal rettleie barna i vekslinga mellom samfunnsnormer, sosiale krav og eigen veremåte. Sentrale verkemiddel finn ein m.a. i barnehagen sitt kontinuerlege arbeid med sosial kompetanse og i arbeidet med DUÅ (dei utrulege åra) Startsamtalen er no godt implementert i barnehagen og gir eit godt grunnlag for samarbeid med heimen i arbeidet med danning. Vidare samarbeid har sin plass i foreldresamtalar, foreldremøter og i dagleg møte ved henting og bringing. I arbeidet med danning i barnehagen skal barna få erfaring med: Å bli høyrd: Dei er ei viktig stemme i korleis dei ønske å ha det i barnehagen. Barnet skal oppleve at dei vaksne er aktive lyttarar og at dei får ta del i tilrettelagde smågrupper, der det er rom for refleksjon og diskusjon. Dei skal få vere med å bestemme kva reglar vi må ha i barnehagen. Refleksjon rundt kvifor vi må ha reglar og kva som skjer når vi bryt desse reglane. Målet er at barna skal kjenne eit reelt medansvar for korleis vi vil det skal vere i barnehagen. Barna skal bli med på å ta godt imot nye barn; Her kan barna sine eigne erfaringar danne ein del av grunnlaget for korleis nye barn vert mottatt; «Hugsar eg noko frå då eg begynte i barnehagen?». «Kva trur du det nye barnet vil synes er kjekt og korleis vil eg at andre skal vere mot meg?». Sist men ikkje minst, skal dei vaksne vere gode rollemodellar for barna; Dette inneber m.a. respekt, empati, omsorg og mentalisering (evne til å sette seg inn i andre sin situasjon). Barna speglar seg i den vaksne sine auge. 13

Omsorg, leik og læring «Barnehagen skal i samarbeid og forståelse med hjemmet ivareta behov for omsorg og lek, og fremme læring og danning som grunnlag for allsidig utvikling». Barnehagelovens 1 Formål, 1 ledd, første punktum. Omsorg Barn har rett til omsorg og skal møtast med omsorg. Omsorgen skal vere individuelt tilpassa og den skal prege samspelet dei vaksne har med kvart einskild barn. For å ha eit best mogleg utgangspunkt har vi alltid ein startsamtale der foreldra har høve til å informere barnehagen om korleis livet til barnet er og har vore fram til barnehagestart; Særlege omsyn å ta og viktig kunnskap om barnet, gir barnet ei trygg plattform ved oppstart og personalet kan meir tilpasse omsorgen etter barnet sitt behov. Ein omsorgsfull relasjon skal vere prega av vilje til å lytte, nærleik, innleving og evne og vilje til samspel. Her skal personalet nytte alle rutinesituasjonar og aktivitetar til å vere tilstedeverande og syne interesse for barna. God omsorg gir barna: Auka tillit til seg sjølv Auka tillit til andre Gode relasjonar til seg sjølv og andre Godt grunnlag for læring Tryggleik Sosial kompetanse 14

Leik «Barnehagen skal gi barn mulighet for leik, livsutfoldeldse og meningsfylte opplevelser og aktiviteter i trygge og samtidig utfordrende omgivelser». Barnehageloven 2 Barnehagens innhold. Leiken er ein viktig del av barna sitt liv; vennskap vert danna og opplevingar bearbeida. I Ulveseth barnehage skal leiken ha ein sentral plass. Det omfattar både frileik og tilrettelagd leik. Leiken er sentral og mangfaldig og inneheld fleire faktorar som stimulerer barna i deira utvikling: Utviklar forståing og samhald på tvers av både språk og kultur. Barnekultur vert vidareført og utveksla mellom barna. Barna lærar seg ulike spelereglar og oppøver sosial kompetanse. Barna opplever stor grad av meistring. Fantasien vert vidareutvikla og barna er hovudregissøren i balansen mellom fantasi og røyndom. Barna får bearbeide gode og vonde opplevingar og kan få ei ny forståing av korleis ting i kring dei fungerer. Språkstimulering I leiken kan den vaksne både vere deltakande og observerande. Hovudmålet med det er å støtte opp om dei barna som evt har vanskar med å komme inn i leiken; «Å leike er eit mål i seg sjølv» 15

Den vaksne kan variere mellom å vere: Støttande / rettleiande Forebyggjande i høve til å reflektere saman med barna rundt det å leike i lag; Rolletaking, invitere andre til å vere med, korleis sjølv ta initiativ til å kome med i leiken. Den vaksne kan vere eit førebilete og setje i gong leik; Gi rom for frileik og tilretteleggje for at den får ein stor plass i barnehag en. Læring «Barna skal få utfolde skaparglede, undring og utforskertrang. De skal lære å ta vare på seg selv, hverandre og naturen. Barna skal utviklegrunnleggende kunnskaper og ferdigheter. De skal ha rett til medvirkning tilpasset alder og forutsetninger». Bhgloven 1Formål, 2 ledd. Læring er prega av samspelet mellom barn og personalet Dei vaksne skal ha eit aktivt forhold til læringsprosessane og dei skal ta vare på verdien av læring som skjer i daglege rutinesituasjonar og ulike aktivitetar. I Ulveseth barnehage skal barna oppleve/erfare læring gjennom m.a.: Tid til refleksjon og samtale saman med andre barn og vaksne. Få høve til å utforske / finne ut av ting dei lurer på. Gjennom realfagsprosjektet har avdelingane hatt ei forskande tilnærming på det meste barna er opptatt av Å bli møtt på ein god måte av personalet (støttande og vere nysgjerrig saman med barna). Dele kunnskapen sin og vekkje interesse for ulike tema hos barna. Knyte dei sju fagområda opp mot både den formelle (planlagde) og den uformelle læringa. Ta vare på her og nosituasjonane saman med barna og omsette dei til undring, leik og læring. Forskande tilnærming. 16

Barna sin rett til medverknad «Barn i barnehagen har rett til å gi uttrykk for sitt syn på barnehagens daglige virksomhet. Barn skal jevnlig få mulighet til aktiv deltakelse i planlegging og vurdering av barnehagens virksomhet. Barnets synspunkter skal tillegges vekt i samsvar med dets alder og modenhet». Barnehageloven 3. Barns rett til medvirkning Det er ulike måtar å fremje barna sin medverknad i barnehagen, avhengig av alder og utvikling. I Ulveseth barnehage vektlegg vi følgjande metodar for at barna skal ha ein reell medverknad på kvardagen: Vi er opptatt av å gi barna tid, lytte og vere til stade med dei. På den måten vert det rom for samtalar der barna får høve til å filosofere over smått og stort. Vi gjentar oss sjølv med «Å ha ei forskande tilnærming» er ein metode vi nyttar når vi «oppdagar verda» saman med barna. Vi gir ikkje fasitsvar, men lar dei finne løysinga sjølve ved å vere nysgjerrig og støttande saman med dei. Den same metoden er vi bevisst på når vi filosoferar saman med barna. Her får personalet høve til å få eit innblikk i kva som opptek barna og kva dei trivast med i barnehagen. Barna vert tatt med på evaluering av ulike aktivitetar. Dette gir oss eit godt grunnlag til å vere fleksibel og tilpasse seinare aktivitetar. Barna vert til ein viss grad tatt med når det er fornying av leikar og utstyr i barnehagen. Det vert tilrettelagd for at barna skal kunne ta eigne val og gjere seg erfaringar med dei vala dei tek. Dette gjeld både i høve til val av aktivitet / leike og i det sosiale samspelet med dei andre barna. I høve til dei minste er vi opptatt av kroppsspråket, mimikk og andre kjensleuttrykk. Vi ser at dei formidlar korleis dei har det og trives meir eller mindre med. Ut i frå det kan vi delvis tilpasse aktivitetar og leik med barna som medspelarar. Vi hjelpe barna og gir dei støtte til å leve seg inn i dei andre barna sin situasjon (mentalisering) og ta omsyn til andre. Ein av metodane i dette arbeidet er å gjere seg nytte av rollespel, der ulike case frå barna sin kvardag vert visualisert. På denne måten vert 17

barna meir trygg i ulike situasjonar. Dei er likeverdige partar i refleksjon rundt «rett og galt» og korleis vi vil ha det i barnehagen. Dei blir og ein meir sjølvstendig ressurs i seg sjølv og medvirker til å skape eit godt miljø rundt seg. 18

Dei utrulege åra Våren 2008 avslutta personalet fire månedar med kompetanseheving i barnehageprogrammet «De utrolige årene» (duå). Vi vart fulgt opp med ulike typer rettleiing av dei kursansvarlege både i sjølve kursperioden og seinare. Nytilsette har fått deltatt i programmet i etterkant. Programmet er utvikla av Caroline Webster Stratton og har som hovudmål å styrke dei vaksne si kompetanse på desse områda. Å byggje relasjonar mellom vaksne og barn Lære strategiar på korleis få barn si merksemnd, å halde på den og bruke merksemnda til å regulere åtferd. Strategiar for å nytte ros og påskjønning i læresituasjonar. Bruke åtferdsplan på einskildbarn som metode Lære strategiar for grensesetjing Gjennom desse metodane erfarer vi at barna utviklar kompetansen sin på følgjande område: Sosialt, emosjonelt og læringsmessig. Lærar å løyse utfordringar og konfliktar Utvikle godt samspel mellom barn og vaksne Utvikle evne til å sjå både andre sine og eigne behov. Redusere negativ åtferd og aggresjon 19

Den vaksne si rolle Den vaksne si rolle i barnehagen er særs viktig. Det er den viktigaste ressursen vi har for å skape ein god barnehage; både i høve til innhald, kunnskap, evne til samarbeid og ikkje minst evne til omsorg. Den vaksne skal ha kunnskap nok til vere ein god rollemodell for barna og ein bidragsytar til samarbeid og utvikling av innhaldet i barnehagen. Barnehagen skal i samarbeid og forståelse med hjemmet ivareta barnas behov for omsorg og lek, fremme læring og danning som grunnlag for allsidig utvikling Barnehageloven Formål, 1. ledd, første punktum). Den vaksne i barnhagen sitt utgangspunkt er personlege eigenskapar, formell og/ eller uformell utdanning, i tillegg til anna realkompetanse. Barnehagen tilrettelegg for at dei tilsette skal få supplert sine evner og kunnskap gjennom ulike tema i diverse møtefora, kurs og i nokre tilfelle har det vore tilbod om vidareutdanning på ulike tema / område. Det vert og satt av tid til evaluering og refleksjon av arbeidet som vert gjort i løpet av veker og månadar, noko som ofte er eit godt grunnlag for å tilegne seg ny kunnskap rundt handling og tankar med det vi gjer. Dei sju fagområda. Språk, tekst og kommunikasjon 1-2 år Sikre gode leikeareal for dei minste - Dele opp barnegruppa. La dei minste få i perioder plassen åleine både ute og inne. Unngå for store grupper. Ha nok og alderstilpassa leiker. Barna skal få høve til å synleggjere kjensler, ønsker og erfaringar. - Personalet skal vere aktivt tilstadeverande med dei minste i leiken. Bruke språket aktivt skildre og setje ord på. Bli glad i bøker - Bruke barnelitteratur, musikk, song, rim og reglar i dei fleste situasjonar. Barna skal få bruke sansane. 3 4 år Bli kjend med fleire bøker, songar og bilete kjenne igjen ordbilete og figurar. - Barna skal bli lest for og presentert for nye songar. Bøker skal vere lett tilgjengeleg Bruke språket til å setje ord på ønsker, kjensle og erfaringar. - Personalet skal vere eit førebilete, tilstadeverande og god til å lytte (tid). Oppleve positive relasjonar i leik og anna samvær. 20

- Tilrettelegge for små leikegrupper og vere observant på den rivande språkutviklinga som skjer i den alderen. Lytte, gjenta. 5-6 år Oppøve evne til å lytte og utføre informasjon - Skrivedans, ulike førskuleøvingar Barna skal få respons på deira måte å uttrykkje seg på - Setje ord på uttrukka til barna. Telje, sortere, leikeskrive eller diktere tekst - Tilrettelegge for og vere støttande. Tilby varierte spel. Barna skal få øving i å fortelje historier til eit publikum - I samlingar; små historier som opptek barna. Resten av gruppa får øving i å lytte, vere merksam på kva andre fortel og gi respons / tilbakemelding eller stille spørsmål. Kropp, rørsle og helse 1-2 år Sette namn på ulike kroppsdelar - Mykje ve hjelp av song, rim og reglar Bruke sansane ute og inne - Få høve til å lukte, høyre, sjå og kjenne. Tid er eit stikkord utforskande tilnærming La dei få god plass til rørsle - Tur i skog og mark i nærmiljøet. Trampoline, disse, humpedisse Bli van med handvask-ta del i enkelt reinhald om det fell seg naturleg - Innøve gode rutiner. Mykje ved hjelp av «vaske-rimregler» 3-4 år Litt lengre turar i nærmiljøet i ulendt terreng. Skal få oppleve fysisk meistring - Tilrettelegge i små grupper. Gi dei god tid til aktivitet og meistring. Sunt kosthald - Bli servert eit variert og sunt kosthald. Erfare samanheng mellom det å vere mett, aktivitet og trøytnad. Meistre toalettbesøk (med litt hjelp). Hygiene - Bli kjent med hygiene og kva det inneber få hjelp og støtte til gode rutiner. Dei vaksne skal vere rollemodellar. 5-6 år Sjølvstende i høve til toalettbesøk og av og på kledning. - Gi barna tid til å opparbeide seg meistring. Personalet skal oppmuntre og tilretteleggje. Erfare lengre turar i ulendt terreng - Personalet skal vere rollemodellar og syne barna glede / entusiasme ved å nå dei måla ein set seg. 21

Gode rutiner i høve til hygiene - Personalet skal vere rollemodellar, i tillegg til at dei får kunnskap gjennom tema hygiene. Respekt for eigen og andre sin kropp, og for at alle er forskjellige - Verdien av å respektere ulikskap og kunnskap om dette. Positiv tenkning Servere og oppmuntre til sunt kosthald - Kva gjer kosthaldet med kroppen vår? Kva treng vi for å leike / vere i aktivitet Kunst, kultur og kreativitet 1-2 år Sikre at dei minste skal få oppleve musikk og dans - Lytte, gitar, orgel, rytmeinstrument. Delta i song-og musikksamlingar. Få gjere seg erfaringar med ulike formingsmateriale som t.d. maling og modellerkitt, sand og vatn. Finne glede i prosessen. - Tilrettelegge for ulike formingsaktivitetar både taktilt og med hjelpemiddel (t.d pensel) Barna skal få bruke sansane sine både ute og inne. - Gjere barna merksam på kva vi kan erfare/oppleve gjennom sansane. 3-4 år Kjennskap til ulke materiale - Barna skal få gjere seg erfaring med modellerkitt, maling, sand, vatn og jord Kunne finne materiale sjølv - Ulike materiale skal vere tilgjengeleg, barna skal kunne finne fram sjølv. Danse og kle seg ut - Utkledningstøy skal vere tilgjengeleg; skape ulike uttrykk og roller. Dikte eventyr og historier. Øve seg på å lytte til ulike historier, m.a. frå nærmiljøet (kultur). - La barna vere med på å lage historier ut frå seg sjølv, eller med utgangspunkt i fortellerkort. Sjå kunst frå ulike kunstnarar 5-6 år Bli bevisst sin eigen kultur, kontra kultur frå tidlegare tider. Likt/ulikt. - Kva er vår kultur. Filosofere saman med barna. Gå tur i kulturlandskapet og bli fortalt historier frå gamle dagar. Få presentert fleire typar formingsmateriale - Utvikle skaparevnen gjennom ulike materiale Kjenne til namn på ulike kunstnarar - Bli presentert for bilete og koble kunstnarnamn til dei. Ha høve til å uttrykkje seg innanfor språk, dans, musikk og drama - Skal få uttrykkje seg på ulike måtar i stor og lita gruppe. 22

Natur, miljø og teknikk 1-2 år Dei små skal få bruke naturen til alle årstider og i allslags ver. - Tilrettelegge for dette i små grupper. La barna få oppleve dyra i nærmiljøet sauer, hester, hund, katt, høns og kanin. - Gå tur til gardane i nærleiken. Læring gjennom handling - Tid er eit nøkkelord; La barna erfare kva som skal til for å løfte hjulet på trehjulsykkelen opp frå kanten (samarbeid og teknikk). Få tid til å erfare korleis glidelås og seler fungerer (påkledning). Å bere 3 ting i motsetnad til 2 ting (ein i kvar neve) 3-4 år Vere ute i all slags ver - Følgje årstidene til eit tre (eks) Ta vare på naturen - Ikkje kaste søppel dyra bor der! Undre seg over fenomen i naturen. - Utforske det dei er opptatt av 5-6 år Gjere seg erfaring med å så / dyrke grønnsaker om våren og hauste dei om hausten - Få ansvar for sine grønnsaker og få enkel rettleiing / gjere seg erfaring med kva frø og spirer treng for å vekse og bli klar til hausting Gjer seg erfaring med gjenvinning / sortering av avfall - Få kunnskap om kva som skjer når vi forsøplar naturen Maling og ulike teknikkar - Få erfare kva som skjer når ein blandar ulike fargar. Få kjennskap til ulike maleteknikkar og ulike materiale å male på Få kjennskap til IKT - Få erfaring med bruk av digitalkamera, kopimaskin og enkle PCspel. Handsaming av bilete (kopi utskrift) 23

Nærmiljø og samfunn 1-2 år Få erfare at dei er ein del av ei større gruppe, er rekna med. - Få vere med i gruppa saman med dei andre. Få bidra på sitt nivå i samlingar og liknande. Få opplevingar utanfor barnehagen - Gjere seg erfaringar i nærmiljøet (sanseinntrykk). 3-4 år Besøke garden, skulen, butikken og kyrkja. Skog og ulendt terreng - Få høyre om gamle dagar endringar fram til i dag. - Sjå bilete og kjenne på konkretar. Vi er viktig for at her skal vere ein god plass å vere - Å sjå seg sjølv i ein større samanheng; ta vare på leikane i barnehagen, respekt for seg sjølv og andre, omsyn til ulikskap. 5-6 år Gjere seg erfaringar med kva omgrepet demokrati betyr - Vere med på å lage demokratiske reglar i barnehagen; Kvifor er dei viktig og kva skjer om vi bryt desse reglane(?). Bli tatt med på lengre turar - Erfare og bli fortalt kva endringar som skjer og har skjedd i kulturlandskapet i nærmiljøet Få kunnskap om kvifor vi er alle saman like viktige bidragsytarar i samfunnet. - Få innblikk i kva ulike yrkesgrupper gjer. Kjenner vi nokre yrkesgrupper?. Mitt eige nærmiljø - La barna fortelje om kvar dei bur, korleis det er der og kva som er viktig for dei. Barna skal oppleve at dei har ei viktig stemme; dei er ein del av ein større samanheng og deira heimstad og deira barnehage er ein viktig del av dette. Etikk, religion og filosofi Dette fagområdet er det som stiller størst krav til peronalet som førebilete. Barna vil alltid spegle seg sjølv i våre auge. Dei vaksne legg dermed «lista» for omgangstone, respektfull adferd og omsyn til ulikskap i høve til religion, tradisjon og familiebakgrunn. 1-2 år Gi barna gode opplevingar i samband med jul-og påsketradisjonar. Tufta på kristne og humanistiske tradisjonar. - Delta på korte samlingar og lære enkle songar. 24

Lære å omgås andre barn på ein positiv måte 3-4 år - Erfare enkle omgrep «hjelpe» og «vere god med». I tillegg til å erfare fordelen med å dele på ulike leikar. Lage reglar for samspel med barna - Snakke om korleis vi er med kvarandre; Rollespel (case) av personale for å illustrere. Filosofere - Lage tankekart over ulike tama saman med barna. Eks: snø: kald, kvit, ake Respekt for ulike religionar og samfunn 5-6 år - Høyre historier (film, litteratur, munnleg overføring) frå andre stadar. - Delta i barnehagegudsteneste før jul. Skal få rom til samtalar med ein vaksen ang ting som opptar dei - I det daglege (rom for tid er sentralt) Medansvarleg for at ein sjølv og andre barn har ein fin barnehagedag. - Ta del i å etablere enkle reglar for korleis vi skal vere med kvarandre. - Motvirke mobbing og trakasering (via relasjonsbygging og sosial kompetanse. Utvikle forståing for ulike tradisjonar og levesett - Å få kunnskap om barna dei går i barnehagen saman med, i tillegg til barn i andre land. Eks: tema tilrettelagd gjennom Solsikkeaksjonen. Likestilling - Oppleve at det vert tatt like mykje omsyn til gutar og jenter Tal, rom og form 1-2 år Barna skal få erfaring med ulike rom; små og store. - Lage eigne rom av tepper, stoler, pappesker. Erfare at dei må gjere seg liten for å komme inn i, eller at rommet er så stort at dei kan strekkje seg så lang dei er 25

Leike med ulike former - Begynnande omgrep sortere og samanlikne. Bruke innpasningsspel/puslespel Erfare ulike omgrep som 3-4 år - Tung, lett, liten og stoor(!) Gjere seg erfaring med teljing - Eks; telje til fire før vi begynner å synge - Bli kjend med teljebøker - Kjenne igjen sitt eige tal (alder) og formen på det. Gjere seg kjend med enkle omgrep som - Midt i rommet, under bordet, opp i kassa. Dei vaksne skal vere bevisst språkbruken i leik og aktivitet saman med barna. Samanlikne ulike storleikar 5-6 år Måling - Ute i naturen skal dei kunne gjere seg erfaringar med store steinar og små steinar. Samanlikne med t.d. ei lett fuglefjør. - Barna skal få vere med på kjøkkenet å gjere seg kjent med ulike målereiskapar i samband med matlaging. Dei skal og erfare at det går an å måle lengde ved hjelp av ulike kroppsdelar (armar, bein eller heile seg). Kreativitet - Gi barna idear og erfaring med design ved å utforske, oppdage og skape ulike former og mønster. Bli kjent med ulike former både i naturen og i barnehagen: - Sirkel, trekant og firkant. Gjere seg kjent med dei inne og leite dei opp i naturen eller lage av naturmateriale. Logisk tenking - La barna få tid til å ressonere og sjå matematiske samanhengar. Støtte dei i bruken av matematiske omgrep og la dei erfare nye typar spel, teljemateriale og klossar i denne prosessen. Kjenne til tal som er større enn talet 9. 26

ÅRSOVERSIKT FOR SAMARBEID MED SKULEN Overgang barnehage skule I Fjell kommune er det utarbeida ein plan for kva innhald og rutiner som skal vere på plass for at skulestartaren skal få størst mogleg utbytte og samanheng mellom barnehage og skule. Den kan tilpassast lokalt til kvar barnehage / skule. Her er vår årsoversikt for samarbeid med skulen: Månad Kven Kva Korleis August Barnehage Barnehagen ønsker 1 klassingane lukke til Barnehagen vinker til 1 kl (1 skuledag) med flagg og lukkeønskningar September Barnehage Foreldremøte Ordinære foreldremøtesaker + orientering om samarbeidet med skulen Oktober / november Barnehage/skule Pedagogisk leiar Foreldresamtale Samling på avd: Spm frå 5 åringane. 1 klasse fortel frå skulen. Aktivitet Ordinær samtale, men samtidig info om opplegg rundt overgang til skulen. (Mars) April Mai Barnehage / skule Besøk av faddere (4 klasse) 4 klasse kjem på besøk (ca 4 stk i gruppe) 1,5 timar ein dag i veka etter avtale med skulen. Bygge relasjonar. Aktivitet. 27

Juni Juni Skule Skule Barnehage / SFO Barnehage foreldre skule Felles tur Førskuledagar Skulestartarane besøker SFO Foreldresamtale og overføringssamt. Førskulebarna i skulekrinsen vert invitert med på ein dagstur i nærmiljøet. Oppleving og sosiale relasjonsbygging Førskulebarna treff kontaktlærar og komande klassekameratar i klasserommet. Kontaktlærar har ansvar for innhald. Barna får treffe SFOleiar og sett seg om i lokala. Ped leiar og foreldre har ein siste foreldresamt der ein går i gjennom ulike punkt frå ein felles mal for alle skulestartarane. Foreldre godkjenne samtidig om dei evt ønsker desse opplysningane overført til skulen. I den nye felles planen for kva innhaldet for overgangen mellom barnehage og skule skal vere, er det og sett opp kva erfaringsgrunnlag barna skal ha når dei startar i skulen. Dette samsvarar med dei erfaringane barna får i barnehagen og innhaldet i førskulegruppene. 28

29

VURDERINGSARBEID «Systematisk vurderingsarbeid legg grunnlaget for barnehagen som lærande organisasjon. Barnehagen ber på tradisjonar, samansett kompetanse, «innforståttheit» og taus kunnskap som er viktig å setje ord på og reflektere over når ein skal leggje grunnlaget for den vidare kvalitetsutviklinga». Rammeplanen 4.3 s 56. Barnehagen har sett seg som mål å gjennomføre vurdering av eit konkret område for kvart barnehageår. I forkant av arbeidet lagar vi oss ein A-standard som skal vere utgangspunktet for eit vurderingsarbeid som innlemmar både barn, foreldre og personale. På denne måten erfarer vi at vi blir bedre og meir bevisst på ulike område i barnehagen. Inneverande barnehageår er det «barna sin trivsel» i barnehagen som er aktuell. Bakrunnen for dette valget er at det er satt i gang eit prosjekt «Trygg i Fjell» som favnar om alt frå 30

barnehage, skule, lag og organisasjonar der barn deltek. Formålet er å forebyggje mobbing. Ved å setje fokus på barna sin trivsel ser vi at vi kan vere med på å forebyggje mobbing, jobbe for gode opplevingar og relasjonar som barna kan ta med seg vidare inn i skulen. Kva skal vurderast Formålet Kven skal delta Kor tid skal det skje Barna sin trivsel i barnehagen Kvalitetssikre barna sin trivsel i barnehagen med fokus på dei verktøya vi har (cos, duå, barneintervju) i tillegg til eigne haldningar og arbeid med relasjonar. Forebygge mobbing Foreldre, personalet og barna Foreldre og personale i november og mai/juni. Barna på same tid. I forhold til barna kan det nokre gongar vere ei utfordring å finne dei gode spørsmåla. Her ser vi fortsatt at vi lykkast meir eller mindre avhengig av kva som skal vurderast. Vi er fortsatt i ein prosess. Fleirkulturelt arbeid «Barnehagen skal være et miljø hvor ulike individer og ulike kulturelle ytringer møtes i respekt for det som er forskjellig. Å belyse ulikhetene og det som er felles kan gi grunnlag for forståelse og innsikt».(kunnskapsdepartementet 2006a:18). Det er ulike nasjonalitetar representert i barnehagen. I hovudsak barn av arbeidsinnvandrarar frå aust Europa. Hovudmålet er at barna skal møtast med respekt og ved hjelp av bevisst arbeid integrerast på ein god måte. I arbeidet med integrering erfarer vi at det er ein gjensidig nytteverdi; Mangel på felles språk er i utgangspunktet ei stor utfordring. Men ved å gjere dette til eit fellesprosjekt der metodikken (t.d. piktogram, ordlister, tegn til tale), erfarer vi at alle 31

barna blir nysgjerrig og opplever gjensidig interesse og meistring i prosessen med å gjere seg forstått. Å oppleve kjensla av fellesskap sjølv om det verbale språket ikkje er felles, er ei god kjensle. I den grad foreldra ønsker det, synleggjer vi dei ulike kulturane i barnehagen. For inneverande år går vi vekk frå Forutaksjonen som har vore tradisjon i fleire år og satser på Solsikkeaksjonen der dei kjende figurane «Karsten og Petra har ei viktig rolle. Vi jobber med det i siste del av barnehageåret. Planlegging og dokumentasjon God planlegging kan bidra til gjennomtenkt og fornuftig bruk av dei menneskelege og materielle ressursane i barnehagen, nærmiljøet og naturområda.rammeplanen s 53. Barnehagen har formelle møteplassar for planlegging; avdelingsmøter, personalmøter og planleggingsdagar. I tillegg har barnehagelærar og pedagogisk leiar ca fire timar i veka til planlegging og etterarbeid av innhald og metode for direkte arbeid med barna. Her inngår og planlegging og etterarbeid av samarbeid med foreldre og eksterne samarbeidspartar. Kinnskap om arbeidet til personalet og verksemda til barna i barnehagen er viktig som grunnlag for utviklinga i barnehagen. Dokumentasjon kan vere eit middel for å få fram ulike oppfatningar og opne for ein kritisk og reflekterande praksis. Rammeplanen s 55. Det er ulike måtar å dokumentere det pedagogiske arbeidet i barnehagen, det er og ulike grunnar til at vi jobbar med dokumentasjon; Korleis dokumentasjon: Dagleg kontakt og muntleg formidling til foreldre Dagens innhald (tekst) og bilete / digital ramme med bilete frå dei siste dagane i barnehagen. Ei oppsummering og refleksjon frå forige månad på kvar månadsplan. Barna har kvar sin perm gjennom barnehagetida som dokumenterar i tekst og bilete noko av dei erfaringane dei har gjort seg. 32

Referat frå personalmøter og planleggingsdagar. Systematiske observasjoner ved behov. I foreldresamtalar Kosthald I Ulveseth barnehage får barna servert lunsj kvar dag. Fire dagar i veka er det smørelunsj og ein dag er det varm lunsj. I tillegg får dei frukt og grønnsaker kvar dag. Melk og vatn til drikke. Barnehagen følgjer staten sine retningslinjer for sunt kosthald. Mat utover dette har barna med seg i eigen matboks (frukost og ettermiddagsmat). HMS Barnehagen har verneombod; Det vert gitt opplæring i diverse tema som kommunen arrangerer. Vidare går styrar og verneombod vernerunde ca ein gong i året. Verneombod er og den som har eit ekstra auge på sikring av barn og personale både ute og inne. Dette vert rapportert til styrar som vurderer evt tiltak. Vaktmester går jamnlege sjekkrunder på bygg og leikeplass. Resultatet blir rapportert til styrar og eigedomsavd. Eventuelle avvik vert umiddelbart utbedra, eller seinast før neste sjekkrunde, avhengig av kva type avvik. Det vert gjennomført brukarundersøking kvart andre år. Resultatet vert presentert på personalmøte, i foreldremøte og i samarbeidsutvalet. På dei områda vi har forbetringspotensiale vert det i samarbeid med su lagt ein plan for kva barnehagen skal / kan gjere for å imøtekome resultatet. Barnehagen er godkjend av helsevernetaten. Det vert i tillegg gjennomført interkommunalt tilsyn kvart tredje år. Kompetanseplan Dei kommunale heildagsbarnehagane har ein felles kompetanseplan. 33

34