HORDALAND FYLKESKOMMUNE Samferdselsavdelinga Arkivsak 200507791-161 Arkivnr. 831 Saksh. Eriksrud, Marte Hagen Saksgang Samferdselsutvalet Fylkesutvalet Møtedato 23.01.2013 31.01.2013 HØYRINGSUTTALE TIL RAPPORTEN "BELØNNINGSORDNINGA FOR BEDRE KOLLEKTIVTRANSPORT OG MINDRE BILBRUK - FORSLAG TIL NY INNRETTNING" SAMANDRAG I brev frå Samferdselsdepartementet, datert 8. november 2012, vart rapporten «Belønningsordningen for bedre kollektivtransport og mindre bilbruk forslag til ny innretning» (34/2012), sendt ut på høyring. Rapporten er utarbeida av Nivi og Urbanet Analyse på oppdrag frå Samferdselsdepartementet. Hovudspørsmålet som rapporten er meint å svare på er om den eksisterande belønningsordninga er eit eigna verkemiddel for å oppnå betre kollektivtransport og mindre bilbruk i byområda, og om det er behov for endringar av ordninga. Utsatt høyringsfrist er satt til 21. desember. Fylkesrådmannen, har med brev datert 10. januar 2013, gjort departementet klar over at uttalen frå Hordaland fylkeskommune ikkje vert sendt før etter den politiske handsaminga. I brevet er det bedt om at departementet tek uttalen til følgje sjølv om den vil kome etter at fristen er gått ut. Fylkesrådmannen meiner det er positivt at Samferdselsdepartementet har gjennomført ei evaluering av belønningsordninga og at byar og fylkeskommunar får høve til å uttale seg om forslaga til ny innretning. Det er stort samanfall mellom føremålet til belønningsordninga og ideen bak bypakkane. Fylkesrådmannen meiner difor det hadde vore ønskjeleg med stor grad av samordning mellom prosessen med å utvikle bypakkane og prosessen knytt til belønningsordninga. Fylkesrådmannen er likevel samd i at den kan vere krevjande å få til full samordning av den prosessen på kort sikt. På litt lengre sikt bør dette likevel vere målsettinga. Departementet vert oppmoda til å prioritere arbeidet med ei slik samordning. Det er etter fylkesrådmannen sitt syn naudsynt med endringar av belønningsordninga i samsvar med føremålet med ordninga. Forlenging av avtaleperioden og ei auke av rammene for ordninga er viktig. Fylkesrådmannen legg også til grunn at eit betre system for vurdering av måloppnåing og tildeling av midlar vert utarbeida. Dette er avgjerande for at belønningsordninga vert meir føreseieleg og at
ordninga i større grad kan nyttast strategisk for å nå transportpolitiske mål. Fylkesrådmannen er også positiv til forslaget om å etablere ein tilskotspot for å premiere allereie gjennomførte tiltak for å betre tilhøva for dei miljøvenlege transportformane. FORSLAG TIL INNSTILLING 1. Fylkesutvalet støttar seg til forslaget om at dei økonomiske rammene for ordninga må auke. Fylkesutvalet vil presisere at dette likevel ikkje vil vere tilstrekkeleg for å løyse byene sine finansieringsbehov knytt til kollektivtrafikken. 2. Fylkesutvalet meiner at departementet må prioritere arbeidet med å få på plass ei samordning av prosessen med å utvikle bypakkane og prosessen knytt til belønningsordninga. 3. Fylkesutvalet er samd i at avtaleperioden for belønningsordninga må forlengjast. Ei forlenging, t.d. til 10 år, vil gjere ordninga meir føreseieleg og ordninga kan i større grad nyttast strategisk for å nå transportpolitiske mål. 4. Fylkesutvalet føreset at eit betre system for vurdering av måloppnåing og tildeling av midlar vert etablert. Ein ny innretning av belønningsordninga må vie stor merksemd til korleis ein kan unngå usemje mellom departementet og det enkelte byområdet med omsyn til grad av måloppnåing, jf. situasjonen for Bergensområdet i 2012. 5. Fylkesutvalet er positive til forslaget om at allereie gjennomførte tiltak for mindre bilbruk i byområda også skal vektleggjast ved tildeling av belønningsmidlar. 6. Fylkesutvalet er positiv til at rapporten tek til orde for at dei lokale styresmaktene sjølv skal velje kva verkemidlar som er aktuelle for løyse eigne transportutfordringar. 7. Fylkesutvalet meiner at det bør vere opp til det enkelte byområdet å avgjere korleis organiseringa av arbeidet med belønningsordninga skal vere. Johnny Stiansen konst. fylkesrådmann Thorbjørn Aarethun konst. samferdselssjef Vedlegg: Brev frå SD datert 8. november 2012. E-post med info om utsatt frist, datert 30. november 2012. Urbanet Analyse rapport 34/2012 Belønningsordningen for bedre kollektivtransport og mindre bilbruk forslag til ny innretning. 2
FYLKESRÅDMANNEN, 17.12.2012: Bakgrunn I brev frå Samferdselsdepartementet, datert 8. november 2012, vart rapporten «Belønningsordningen for bedre kollektivtransport og mindre bilbruk forslag til ny innretning», sendt ut på høyring. Utsatt høyringsfrist er satt til 21. desember. Fylkesrådmannen, har med brev datert 10. januar 2013, gjort departementet klar over at uttalen frå Hordaland fylkeskommune ikkje vert sendt før etter den politiske handsaminga. I brevet er det bedt om at departementet tek uttalen til følgje sjølv om den vil kome etter at fristen er gått ut. Byrådet i Bergen kommune handsama sak om evaluering av belønningsordninga i møte den 13. desember 2012. Kort om belønningsordninga Belønningsordninga vart oppretta gjennom St.meld. nr 26 (2001-2002), og ordninga starta opp i 2004. I retningslinene for belønningsordninga er føremålet skildra på følgjande måte: «Formålet med ordningen er å stimulere til bedre framkommelighet, miljø og helse i storbyområdene, ved å dempe veksten i behovet for motorisert transport og antallet kollektivreiser på bekostning av reiser med privatbil. Avtalene skal bygge opp under målsettingene i Klimaforliket og det forutsettes at byene i egenskap av deltakere i Framtidens byer også på andre måter bidrar til reduserte klimagassutslipp fra transportsektoren.» Tilskotet til belønningsordninga har auka frå starten i 2004 og fram til i dag. I 2004 var tilskotet på 70 mill. kroner. I statsbudsjettet for 2013 er det forslag om tilskot på 673 mill. kroner. I 2009 vart det opna opp for meir langsiktige avtaler, og Samferdselsdepartementet har inngått 4-årige avtaler med Trondheimsregionen, Kristiansandsregionen, Buskerudbyen og Bergensområdet. I dag er det byområda i Framtidens byer som er invitert til å søkje om midlar frå belønningsordninga. Hovudtrekk frå rapporten «Belønningsordningen for bedre kollektivtransport og mindre bilbruk forslag til ny innretning» Rapporten er utarbeida av Nivi og Urbanet Analyse på oppdrag frå Samferdselsdepartementet. Hovudspørsmålet som rapporten er meint å svare på er om den eksisterande belønningsordninga er eit eigna verkemiddel for å oppnå betre kollektivtransport og mindre bilbruk i byområda, og om det er behov for endringar av ordninga. Rapporten sin uttalte siktemål med endringane som vert føreslått i rapporten Belønningsordningen for bedre kollektivtransport og mindre bilbruk er at ordninga skal verte meir føreseieleg for lokale styresmakter. Tabellen under gir eit samandrag av sentrale moment i rapporten: 1. Tilrår ikkje å utvide talet på byer som vert invitert til å søkje om midlar frå belønningsordninga. 2. Ordninga med langsiktige belønningsavtaler bør vidareførast, men innretninga bør endrast: Den økonomiske ramma bør auke. Per i dag er den ikkje tilstrekkeleg høg til å vere eit insentiv for byområda til å endre verkemiddelbruken, særlig i dei største byområda. Kor stor auke det er behov for vil avhenge av talet på byer som det vert inngått avtale med. Avtaleperioden bør forlengast til 10 år. 10-årige avtaler vil i større grad gjere belønningsordninga til eit verkemiddel som møter byområda sine behov for langsiktige og føreseielege rammer for transportarbeidet. 3. Ei forlenging av avtaleperioden gir behov for meir fleksible og endringsdyktige avtaler som opne opp for innhaldsmessige justeringar undervegs i avtaleperioden (t.d. p.g.a. endring i behov, ny kunnskap eller endring i økonomiske eller demografiske forhold). Det vil i tillegg gi behov for meir regelmessig kontakt og formaliserte møtepunkt. 4. Det bør vere opp til det enkelte byområdet å velje den tiltakspakken som er mest politisk og økonomisk tenleg ut i frå lokale forhold. 5. Det må fastsetjast meir tydelege og føreseielege kriterium for å vurdere søknader, grad av måloppnåing og tildeling av midlar. Rapporten tilrår at det overordna målet om reduksjon i biltrafikk bør vere styrande for tildeling av midler. Rapporten tilrår at det vert etablert ein kombinasjon av målstyring og virkemiddelstyring av ordninga: Resultatavhengige insentiv, som tar utgangspunkt i målsettinga om t.d. redusert biltrafikk 3
og auka kollektivtrafikk. Midlane skal fordelast ut i frå dei endringane i resultat som vert oppnådd. Virkemiddelbaserte insentiv, som tar utgangspunkt i verkemidlane som vert gjennomført i byane og den forventa effekten knytt til talet på bil- og kollektivreiser. Midlane skal fordelast ut i frå ulike mål knytt til auke i framkomsten for kollektivtransporten, auke i fortetting, reduksjon i tilgjenge for bil i sentrum, m.m. 6. Det må vurderast om ein del av tilskotet frå belønningsordninga skal vere knytt opp mot eksisterande vilkår for bilbruk i det enkelte byområdet. Ei slik ordning vil gjere det mogleg å ta omsyn til at byane er på ulike nivå når det gjeld reisemiddelfordeling og vilkår for ulike transportformer. 7. Tilrår at ansvaret for evaluering av avtalene vert lagt til departementet. I rapporten vert det presisert at dagens situasjon der Statens vegvesen både gjennomfører ordninga lokalt og evaluerer avtalene på oppdrag frå departementet, må unngåast. 8. Tilrår ei endring i den lokale og regionale organiseringa av oppfølging/styring av belønningsordninga. Alle kommunane i ein byregion, samt Statens vegvesen, bør vere ein del av arbeidet. 9. I rapporten vert det vurdert som lite realistisk at belønningsmidlane skal inngå i framtidige bypakkar. Ein samordning kan vurderast på lang sikt, men det vil krevje omfattande endringar av prosessen knytt til bypakkane. Rapporten tilrår at belønningsordninga held fram som ei eigna ordning, men at det bør sjåast i samanheng med bypakkane både når det gjeld avtaleperioden og kva tiltak som vert sett i verk. Sjå elles rapport 34/2012 frå Urbanet Analyse. Fylkesrådmannen sine merknader Fylkesrådmannen meiner det er positivt at Samferdselsdepartementet har gjennomført ei evaluering av belønningsordninga og at byar og fylkeskommunar får høve til å uttale seg om forslaga til ny innretning. Fylkesrådmannen meiner det er naudsynt med endringar for at belønningsordninga skal kunne følgje opp føremålet med ordninga og meiner at rapporten inneheld gode forslag til forbetringar. Belønningsordninga ein del av bypakkane Forslaget til NTP 2014-20244 har følgjande omtale av bypakker; Bypakkar med samordnede tiltak på tvers av forvaltningsnivåene er nødvendig for å oppfylle målet om at veksten i persontransporten skal tas av kollektivtrafikk, gåing og sykling. Vidare står det at; I forhandlinger om bypakker vil transportetatene også leggje stor vekt på at lokale myndigheter bidrar til å utvikle et godt kollektivtrafikktilbud, legger godt til rette for gående og syklende, samt gjennomfører restriktive tiltak rettet mot privatbiltrafikken i byene. For å følgje opp KVU for Bergensområdet er det sett ned ei politisk styringsgruppe som arbeidar med grunnlaget for etablering av ei «bypakke» for Bergensområdet, Regionpakke Bergen. Som utdraget frå forslaget til NTP over viser, så er det stort samanfall mellom føremålet til belønningsordninga og ideen bak bypakkane. Fylkesrådmannen meiner difor det hadde vore ønskjeleg med stor grad av samordning mellom prosessen med å utvikle bypakkane og prosessen knytt til belønningsordninga. Fylkesrådmannen er likevel samd i at den kan vere krevjande å få til full samordning av den prosessen på kort sikt. På litt lengre sikt bør dette likevel vere målsettinga. Departementet vert oppmoda til å prioritere arbeidet med ei slik samordning. Rammene må auke Fylkesrådmannen stiller seg bak forslaget om at rammene for ordninga må auke. Det er derimot viktig å presisere, slik det er omtalt i rapporten, at dette likevel ikkje vil vere tilstrekkeleg til å løyse byene sine finansieringsbehov knytt til kollektivtrafikken. Bergensområdet står framfor store utfordringar med å sikre utbygging av eit kapasitetssterkt- og konkurransedyktig kollektivtransportsystem. Hordaland fylkeskommune er avhengig av auka statleg tilskot for å sikre eit tilstrekkeleg løft av kollektivtrafikken. Til dømes er framtidig finansiering av bybanen avgjerande for vidare utvikling av Bergensområdet. 4
Avtaleperioden må forlengjast Fylkesrådmannen er samd i at avtaleperioden for belønningsordninga må forlengjast. Ei forlenging, t.d. til 10 år, vil gjere ordninga meir føreseieleg og ordninga kan i større grad nyttast strategisk for å nå transportpolitiske mål. Eit betre system for vurdering og tildeling må utarbeidast Fylkesrådmannen er positiv til at rapporten tek til orde for at det må etablerast eit betre system for vurdering av måloppnåing og tildeling av midlar. Det er avgjerande at belønningsordninga vert meir tydeleg på kva som er kriteria for å inngå ein avtale, kva som ligg til grunn for vurdering av måloppnåing og utbetaling av midlar. Den nye innretninga av belønningsordninga må vie stor merksemd til korleis ein kan unngå usemje mellom departementet og det enkelte byområde om grad av måloppnåing, jf. tilfelle for Bergensområdet i 2012. Ei forlenging av avtaleperioden til 10 år vil ytterlegare bidra til å aktualisere dette. Fylkesrådmannen er derimot skeptisk til om det er mogleg å etablere ein kombinasjon av målstyring og virkemiddelstyring. Per i dag er det store utfordringar knytt til å måle forventa effekt av ulike verkemiddel på ein objektiv måte. Med tanke på at ulike byområder skal samanliknast er det grunn til å stille spørsmål ved om det er mogleg å etablere eit system for å kunne samanlikna ulike byområder basert på forventa effekt av moglege tiltak. Det enkelte byområde er unikt og bør forhandle seg fram til ein avtale med staten basert på lokale tilhøve utan ein kvantitativ "rettferdig" modell som basis. Fylkesrådmannen er positiv til forslaget om å etablere ei ordning som tek omsyn til allereie gjennomførte tiltak som har betra vilkåra for dei miljøvenlege transportformane framfor bilen i byane. Den praktiske gjennomføringa av forslaget vil vere krevjande og det må vurderast nøye korleis dette skal realiserast. Lokalt sjølvstyre og organisering Fylkesrådmannen er positiv til at rapporten tek til orde for at dei lokale styresmaktene sjølv skal velje kva verkemidlar som er aktuelle for løyse eigne transportutfordringar. Det er viktig at staten legg prinsippet om lokalt sjølvstyre til grunn for belønningsordninga. Fylkesrådmannen meiner at det ikkje bør etablerast eit felles opplegg for korleis arbeidet med belønningsordninga skal organiserast, men at det bør vere opp til det enkelte byområdet å avgjere dette sjølv. 5