Rapport Fosforstatus i jord etter år med balansert gjødsling

Save this PDF as:
 WORD  PNG  TXT  JPG

Størrelse: px
Begynne med side:

Download "Rapport Fosforstatus i jord etter år med balansert gjødsling"

Transkript

1 Rapport 2017 Fosforstatus i jord etter år med balansert gjødsling Ane Harestad September 2017

2 Innhald Innhald... 2 Samarbeidspartar... 3 Mål... 3 Delmål... 3 Bakgrunn... 3 Gjødseldyreiningar... 3 Jordprøvepraksis... 3 Innsamling av data... 4 Prosjektperiode... 4 P-AL frå jordanalysar på 10 gardsbruk... 4 Avlingsnivå... 4 Resultat... 5 Signifikant nedgang av P-AL i perioden Vurdering og diskusjon... 5 Forventa nedgang i P-AL ved balansert gjødsling... 5 Stor variasjon i P-AL... 6 Gjødslingsplan og systematisk jordprøvetaking... 6 Avlingsregistreringar... 6 Fosforinnhald i grasavling... 7 Konklusjon... 7 Vegen vidare... 7 Referansar... 7 Norsk Landbruksrådgiving Rogaland Fosforstatus i jord etter år med balansert gjødsling 2

3 Samarbeidspartar I dette prosjektet har vi samarbeidd med 12 gardbrukarar på Jæren som har teke jordprøvar på same skifta over mange år. Tal frå 10 av desse gardsbruka er brukte i undersøkinga. Alle jordprøvar er analyserte hjå Felleskjøpet Rogaland Agder. Vi har samarbeidd med NIBIO for behandling og vurdering av data. Ansvarlege hjå Norsk Landbruksrådgiving Rogaland (NLR Rogaland) for gjennomføring har vore Ane Harestad og Ragnvald Gramstad. Statistikkberekningar er gjort av Mats Høglind i NIBIO med hjelp av SAS. Prosjektet er støtta av midlar frå Fylkesmannen i Rogaland. Mål Hovudmålet med prosjektet var å undersøka vår hypotese om at P-AL er uendra eller går ned i jord, der det gjennom mange år er gjødsla balansert ved at alt tilført fosfor kjem frå storfegjødsel. Delmål Det var vidare eit mål at resultat frå undersøkinga kan gi kunnskap som kan vere med og underbygge gjødslingstilrådingane våre. Bakgrunn Gjødseldyreiningar Grunnlaget for gjødseldyreiningar (GDE) er 3,5 kg P, sjå Forskrift om gjødselvarer mv. av organisk opphav i. Analysar for mineral i gras syner at innhald av fosfor ofte ligg på om lag 3 g/kg TS, sjå Nibio-rapport ii. Ei grasavling på 1200 kg TS/daa gras vil då føre bort 3,6 kg/daa fosfor. I tillegg kjem fosfor som ligg i røter og stubb som ikkje er innhausta. Denne mengda fosfor samsvarar i mange høve med det som er forventa at plantene tek opp i vekstsesongen. Ein slik praksis blir gjerne omtalt som balansert gjødsling. På denne bakgrunn ønskte vi å undersøke utviklinga over år av fosforverdiar i jord målt som P-AL der alt fosfor vart tilført gjennom storfegjødsel innføre krav til GDE. Jordprøvepraksis Då forskrift om gjødslingsplanlegging iii kom i 1999 med krav om systematisk jordprøvetaking, hadde NLR Rogaland alt i mange år hatt tilbod om jordprøvetaking og gjødslingsplanlegging. På mange gardsbruk har det såleis vore teke systematiske jordprøvar sidan 1980-talet og endå tidlegare. Jordprøvane blir tekne skiftevis og kartfesta, slik at det er mogleg å følge utvikling av analyseresultata over år. I følgje forskrifta kan jordprøvane vera inntil 8 år gamle. NLR Rogaland har hovudsakleg hatt tilbod om jordprøvetaking kvart år. Norsk Landbruksrådgiving Rogaland Fosforstatus i jord etter år med balansert gjødsling 3

4 Innsamling av data Prosjektperiode Prosjektet starta hausten 2016 og vart avslutta juli P-AL frå jordanalysar på 10 gardsbruk Vi henta analyseresultat av P-AL frå 12 gardsbruk på Jæren som dei siste om lag 30 åra har gjødsla med husdyrgjødsel innføre krav til GDE. På desse gardsbruka har det vore teke jordprøvar på same skifta over mange år. Tal frå 10 av desse gardsbruka er brukte i undersøkinga. Eitt bruk vart teke ut på grunn av at det ikkje var analysetal frå 1990-talet, og eitt bruk vart teke ut på grunn av at det var mykje åkerbruk med bruk av fullgjødsel. For dei 10 gardsbruka har vi samla inn til saman 462 observasjonar for P-AL frå jordanalysar på skiftenivå i perioden , sjå tabell 1. Tabell 1. Gardsbruk og tal skifte, tal observasjonar P-AL og år som er med i analysen Gardsbruk Tal skifte Tal observasjonar Observasjonsperiode Sum for 10 gardsbruk På gardsbruka som er med i undersøkinga har tilført fosfor dei siste om lag 20 åra komme frå husdyrgjødsel, og innkjøpt gjødsel har stort sett berre vore nitrogen. Husdyrgjødsla har komme frå storfe, og med litt innblanding av gris på nokre gardsbruk. Produksjonen har vore gras. Fram til for om lag 15 år sidan var det nokre stader litt korn, potet, roer og kålrot i omløpet. Avlingsnivå I prosjektet skulle vi også registrere avlingsnivå. Det har NLR Rogaland gjort gjennom mange år i samband med forsøksverksemd og andre aktivitetar. I 2013 og 2014 vart det mellom anna registrert avling i 1. og 2. års eng på fire gardsbruk som hadde Miljøavtale. Desse fire gardsbruka hadde ei drift og gjødsling som var nokonlunde tilsvarande gardsbruka som det er registrert P-AL for. Norsk Landbruksrådgiving Rogaland Fosforstatus i jord etter år med balansert gjødsling 4

5 P-Al Resultat Signifikant nedgang av P-AL i perioden Hovudmålet med prosjektet var å undersøka vår hypotese om at P-AL er uendra eller går ned i jord der det gjennom mange år er gjennomført ei gjødsling der alt tilført fosfor kjem frå storfegjødsel innføre krav til GDE. Analyse av samla talmateriale frå 1990 til 2016 for alle 10 gardsbruk viste signifikant negativ trend (p<0.0164; N= 462), der P-AL = 262,7 0,12277 x år. Dette vil seie at P-AL minkar med 0,1228 per år, sjå Figur 1. Det var ikkje sikker trend for utvikling av P-Al for periodane , og Resultata tyder på stabil P-AL fram til ca då gjennomsnittleg fosforinnhold i jord på dei undersøkte gardane begynte å gå ned. Variasjonen i P-AL mellom skifte, gardar og år var stor Fitted Line Plot P-Al = 262,7-0,1228 År S 7,84470 R-Sq 1,3% R-Sq(adj) 1,1% År Figur 1. Analysen viser signifikant (p<0.0164) negativ trend frå 1990 til 2016, der P-AL = 262,7 0,12277 x år. Dette vil seie at P-AL minkar med 0,1228 per år. Vurdering og diskusjon Forventa nedgang i P-AL ved balansert gjødsling Resultatet i denne undersøkinga indikerer ein trend i rett retning, og samsvarer med ei forventning om utflating og nedgang i fosfornivå i jord. Norsk Landbruksrådgiving Rogaland Fosforstatus i jord etter år med balansert gjødsling 5

6 Utviklinga av P-Al er svak, men syner at nivået ikkje har auka. Den negative trenden i P-AL fell saman med perioden der det har vore planmessig balansert gjødsling. Det er grunn til å sjå på reduksjon av P-AL over lang tid. I NIBIO sin rapport, som det er vist til over, står det at å "endre P-AL i jord er en svært langsom prosess. Ved en negativ fosforbalanse på en kilo fosfor hvert år, vil det for eksempel ta 56 år å redusere P-AL fra 30 til 15. Hvis fosforbalansen er -1,5 kg P pr år, vil det ta 38 år å redusere fra P-AL 30 til 15." Denne trenden med minkande fosfornivå meiner vi er med og støttar opp under føremålet i Forskrift om gjødselvarer mv. av organisk opphav der ein skal førebygga forureining og nytta gjødsla som ein ressurs. Stor variasjon i P-AL Mange faktorar kan virke inn på den store variasjonen i dei registrerte observasjonane av P- AL. Jordprøvane er tekne skiftevis. Nokre stader er jordprøvepunktet fast innføre få meter, medan andre stader kan jordprøvepunktet variere med mange meter mellom år innføre skiftet. Jordart varierer mellom skifter, men kan også variere innan skiftet. Gjødslingsregime, vekstskifte, klima, og avlingsnivå er andre faktorar som kan virke inn på P- AL. Sidan nydyrka jord inneheld lite fosfor, har det ved nydyrking vore vanleg å gjødsle opp arealet slik at det blir eigna til jordbruksdrift. I talmaterialet vårt kan slike areal også vera med og gi stor variasjon i P-AL. Gjødslingsplan og systematisk jordprøvetaking Jordprøvar har systematisk vore tekne dei siste 30 åra. Dette har vore eit viktig grunnlag for å planlegga ei målretta gjødsling med best mogleg utnytting av husdyrgjødsel i dei ulike jordbrukskulturane. Etter at systematisk jordprøvetaking og gjødslingsplanlegging vart vanleg, vart det tidleg slutt på tilførsle av fosfor utover plantene sitt behov. Sidan 1999 har det vore eit krav om jordprøvetaking og årleg gjødslingsplanlegging. NLR Rogaland har i dialog med bonden sett opp gjødslingsplanar på gardsnivå. Tidlegare vart dette gjerne gjort kvart 5. år, der bonden korrigerte og vurderte planen åra i mellom. Arbeid med gjødslingsplanlegging er bevissgjerande med tanke på god utnytting av husdyrgjødsel. Her blir til dømes samanheng mellom lagerkapasitet og utnytting av næringsstoff synleg, og optimale spreiemengder -og tidspunkt diskuterte. Verdien av husdyrgjødsel/sparte kostnader for bonden blir synleggjort, til dømes når det i kombinasjon med husdyrgjødsel kan brukast innkjøpt nitrogen i staden for fullgjødsel. Avlingsregistreringar Miljøavtalar etter Regionalt miljøprogram regulerer gjødsling med fosfor. Til eng på areal med P-AL over 7 er det tillate å gjødsla med inntil 3 kg P/daa. I 2013 og 2014 registrerte vi avling i 1. og 2. års eng på fire gardsbruk med Miljøavtale, sjå Avlingsregistrering i eng. Gjødsling med 3 kg P/daa iv. På desse bruka har det vore gjødsla med 3 kg P/daa gjennom fleire år. Fosforgjødsla vart tilført gjennom husdyrgjødsel, og det vart kun brukt N-gjødsel som mineralgjødsel. Dette er ei drift og gjødsling som samsvarer nokonlunde med gardsbruka som det er registrert P-AL for. Norsk Landbruksrådgiving Rogaland Fosforstatus i jord etter år med balansert gjødsling 6

7 Både i 2013 og 2014 vart det registrert tørrstoffavling i overkant av 1200 kg tørrstoff/daa. Dette samsvarer med andre avlingsregistreringar vi har gjennomført. Fosforinnhald i grasavling Vi meiner at resultata frå undersøkinga har gitt kunnskap som er med og underbygger gjødslingstilrådingane våre. NLR Rogaland sine analysar for mineral i gras syner at innhald av fosfor ofte ligg på om lag 3,5 g/kg TS. NIBIO sine berekningar i rapporten Utredning av forslag til forskriftskrav om tillatt spredemengde av fosfor i jordbruket v legg til grunn 3 g P/kg TS. Kor mykje fosfor som blir teke opp i gras og ført bort med avlinga vil vera avhengig av avlingsnivå. Med NIBIO sitt utgangspunkt, vil 1000 kg ts/daa føre bort 3 kg P, 500 kg ts/daa føre bort 1,5 kg P og 1200 kg ts/daa føre bort 3,6 kg P. Med desse høge avlingane tek graset opp meir fosfor enn det som er tilført. Innhaldet av fosfor i graset gjeld heile bruttoavlinga. Ei nettoavling som ikkje inkluderer svinn på fôrbrett, ensilering, pressaft og andre tap vil ikkje gi eit rett svar på kor mykje fosfor som blir ført bort med ei avling. Konklusjon For analyseperioden var det statistisk sikker nedgang i P-AL med 0,1228 per år. Resultatet i denne undersøkinga indikerer såleis ein trend i rett retning. Med bakgrunn i ei balansert gjødsling med fosfor dei siste åra, samsvarar resultatet med vår forventning om ei utflating og nedgang i fosfornivå i jord. Vegen vidare I dette prosjektet har vi sett på analysetal frå 10 gardsbruk. For å finne suksesskriterier kunne det vera interessant å gå i djupna på enkeltbruk der nedgang i P-AL var størst. Referansar i Forskrift om gjødselvarer mv. av organisk opphav ii Utredning av forslag til forskriftskrav om tillatt spredemengde av fosfor i jordbruket. NIBIO RAPPORT VOL. 2 NR iii Forskrift om gjødslingsplanlegging iv Avlingsregistrering i eng. Gjødsling med 3 kg P/daa. NLR Rogaland v Utredning av forslag til forskriftskrav om tillatt spredemengde av fosfor i jordbruket. NIBIO RAPPORT VOL. 2 NR Norsk Landbruksrådgiving Rogaland Fosforstatus i jord etter år med balansert gjødsling 7

Rapport Avlingsregistrering i eng. Gjødsling med 3 kg P/daa

Rapport Avlingsregistrering i eng. Gjødsling med 3 kg P/daa Rapport 2013- Avlingsregistrering i eng. Gjødsling med 3 kg P/daa Ragnvald Gramstad Desember Innhald Innhald... 1 Samarbeidspartar... 2 Fylkesmannen i Rogaland og NLR Rogaland... 2 Samandrag... 2 Mål...

Detaljer

Rapport Avlingsregistrering i eng. Gjødsling med 3 kg P/daa

Rapport Avlingsregistrering i eng. Gjødsling med 3 kg P/daa Rapport 2013 Avlingsregistrering i eng. Gjødsling med 3 kg P/daa Ragnvald Gramstad November 2013 Innhald Innhald... 1 Samarbeidspartar... 2 Samandrag... 2 Mål... 2 Bakgrunn... 2 Mijøavtalar og avlingsnivå

Detaljer

Avlingsregistrering i økologisk og konvensjonell eng

Avlingsregistrering i økologisk og konvensjonell eng Feltet i Gjesdal 26. mai 2009 Avlingsregistrering i økologisk og konvensjonell eng Sluttrapport for prosjektperioden 2008-2011 av Ane Harestad, Norsk Landbruksrådgiving Rogaland 1 Innhald Innhald... 2

Detaljer

Rapport Helgjødsel i beite innhald av kopar og kobolt i beitegras

Rapport Helgjødsel i beite innhald av kopar og kobolt i beitegras Rapport 2014 Helgjødsel i beite innhald av kopar og kobolt i beitegras Ragnvald Gramstad NLR Rogaland Håkon Pedersen Haugaland LR Desember 2014 Innhald Innhald... 1 Samarbeidspartar... 2 Samandrag... 2

Detaljer

Kurs: Bruk og lagring av husdyrgjødsel og forvaltning av miljøkrav. Monica Dahlmo Fylkesmannen i Rogaland

Kurs: Bruk og lagring av husdyrgjødsel og forvaltning av miljøkrav. Monica Dahlmo Fylkesmannen i Rogaland Kurs: Bruk og lagring av husdyrgjødsel og forvaltning av miljøkrav Monica Dahlmo Fylkesmannen i Rogaland 1 Jordbruket i Rogaland 2014 2 3,8 Sauda Tal dekar dyrka mark per gjødseldyreining i 2013 6 4,2

Detaljer

Avlingsregistrering på areal med miljøavtale i Aksjon Vatsvassdrag

Avlingsregistrering på areal med miljøavtale i Aksjon Vatsvassdrag Rapport 2015 Sluttrapport Avlingsregistrering på areal med miljøavtale i Aksjon Vatsvassdrag Torbjørn Ruud Håkon Pedersen Samarbeidspartar Prosjektet er eit samarbeid mellom Aksjon Vatsvassdrag og Haugaland

Detaljer

Tiltak for å redusere tap av næringsstoff

Tiltak for å redusere tap av næringsstoff Tiltak for å redusere tap av næringsstoff Vik 22. mars 2017 Marit Henjum Halsnes, rådgivar jordbruk NLR Vest Sunnmøre Sogn og Fjordane Hordaland 4000 medlemar 35 rådgivarar 2 Norsk Landbruksrådgiving Vest

Detaljer

Optimal utnytting av husdyrgjødsel

Optimal utnytting av husdyrgjødsel Optimal utnytting av husdyrgjødsel Vik 20.11.2013 Marit Henjum Halsnes rådgivar jordbruk Kva er husdyrgjødsel? Plantenæring på lik linje med mineralgjødsel Fosfor (P) og kalium (K) kan jamnstillast med

Detaljer

Husdyrgjødsel Mineralgjødsel. Ragnvald Gramstad Fureneset 18.09.2014

Husdyrgjødsel Mineralgjødsel. Ragnvald Gramstad Fureneset 18.09.2014 Husdyrgjødsel Mineralgjødsel Ragnvald Gramstad Fureneset 18.09.2014 Praktisk bruk av husdyrgjødsel og mineralgjødsel I dei siste 20 åra har ein bygd og utvida husdyrgjødsellager i Rogaland Formidling frå

Detaljer

Avrenning av næringsstoff frå landbruket

Avrenning av næringsstoff frå landbruket Avrenning av næringsstoff frå landbruket Seminar: Landbruk og vasskvalitet i elvane Vik 22.03.2017 Synnøve Rivedal, NIBIO Resultat frå undersøkingar i Vik Vikja Hopra Revidering gjødselvare forskrift -kva

Detaljer

Teori og oppbygging av ein gjødslingsplan. Helga Hellesø, 23. juni Kompetanse og innovasjon i landbruket

Teori og oppbygging av ein gjødslingsplan. Helga Hellesø, 23. juni Kompetanse og innovasjon i landbruket Kunnskap må til! Teori og oppbygging av ein gjødslingsplan Helga Hellesø, 23. juni 2015 Kompetanse og innovasjon i landbruket Dialogkonferanse 4.november 2010 Helga Hellesø Gjødslingsplanlegging Kort om

Detaljer

Respons på fosfor til eng på fosforfattig jord

Respons på fosfor til eng på fosforfattig jord 467 Respons på fosfor til eng på fosforfattig jord Lars Nesheim 1), Gustav Fystro 2), Olav Harbo 3) / lars.nesheim@planteforsk.no 1) Planteforsk Kvithamar forskingssenter, 2) Planteforsk Løken forskingsstasjon,

Detaljer

Hamar 20/ Tor Lunnan, Bioforsk Aust Løken

Hamar 20/ Tor Lunnan, Bioforsk Aust Løken Gjødsling Hamar 20/11 2008 Tor Lunnan, Bioforsk Aust Løken Høgare gjødselpris Fullgjødsel relativt dyrare P og K dyrare større verdi i husdyrgjødsel større verdi av kløver NS-gjødsel kjem inn NK-gjødsel

Detaljer

Ugrasharving i korn Sluttrapport for prosjektperioden 2011 av Ane Harestad og Arne Vagle, Norsk Landbruksrådgiving Rogaland

Ugrasharving i korn Sluttrapport for prosjektperioden 2011 av Ane Harestad og Arne Vagle, Norsk Landbruksrådgiving Rogaland Kornplanter rett etter ugrasharving, Klepp 3. mai 2011 Ugrasharving i korn Sluttrapport for prosjektperioden 2011 av Ane Harestad og Arne Vagle, Norsk Landbruksrådgiving Rogaland Side 1 av 5 Innhald Innhald...

Detaljer

HUSDYRGJØDSEL Faglege oppdateringar

HUSDYRGJØDSEL Faglege oppdateringar HUSDYRGJØDSEL Faglege oppdateringar Normtal for mengd/innhald Næringsinnhald i ymse typar gjødsel Lars Nesheim, Bioforsk Midt-Norge Kvithamar Kristin Daugstad, Bioforsk Aust Løken Seminar om husdyrgjødsel,

Detaljer

Balansert gjødsling. Anders Rognlien, Yara

Balansert gjødsling. Anders Rognlien, Yara Balansert gjødsling Anders Rognlien, Yara 1 Setter du pris på graset ditt? Anders Rognlien, Yara 2 Grovfôrkostnad, kr per kg EKM Liten effekt av stordriftsfordel på grovfôrkostnader 4,50 4,00 3,50 3,00

Detaljer

Effekter og praktiske erfaringer ved bruk av mer miljøvennlige spredemetoder for husdyrgjødsel. Anne Falk Øgaard Bioforsk Jord og miljø

Effekter og praktiske erfaringer ved bruk av mer miljøvennlige spredemetoder for husdyrgjødsel. Anne Falk Øgaard Bioforsk Jord og miljø Effekter og praktiske erfaringer ved bruk av mer miljøvennlige spredemetoder for husdyrgjødsel Anne Falk Øgaard Bioforsk Jord og miljø Miljøeffekter av husdyrgjødsel: Gasstap Ammoniakk Lystgass Lukt Avrenning

Detaljer

Krav til gjødslingsplanlegging. Fagsamling om gjødslingsplanlegging for kommuner og Norsk Landbruksrådgiving. 29. mars 2017

Krav til gjødslingsplanlegging. Fagsamling om gjødslingsplanlegging for kommuner og Norsk Landbruksrådgiving. 29. mars 2017 Krav til gjødslingsplanlegging Fagsamling om gjødslingsplanlegging for kommuner og Norsk Landbruksrådgiving 29. mars 2017 Lars Martin Hagen Fylkesmannen i Hedmark REGELVERK VEDR. GJØDSLINGSPLANLEGGING:

Detaljer

Dagens frister for bruk av husdyrgjødsel er slik:

Dagens frister for bruk av husdyrgjødsel er slik: Konsekvensanalyse - Lokal forskrift om avgrensing av spredeperiode for hysdygjødsel og annen organisk gjødsel Hensikt: Den lokale forskriften har til formål å redusere avrenning/utlekking av næringsstoffer,

Detaljer

Rapport etter forsøksfelter i Skas-Heigre vassdraget Norsk Landbruksrådgiving Rogaland

Rapport etter forsøksfelter i Skas-Heigre vassdraget Norsk Landbruksrådgiving Rogaland Rapport etter forsøksfelter i Skas-Heigre vassdraget 2010 Norsk Landbruksrådgiving Rogaland 1 Innledning Norsk Landbruksrådgiving Rogaland har gjennomført forsøk med ulike fosforgjødslinger på jord med

Detaljer

Eksport av jordanalysedata frå programmet Skifteplan

Eksport av jordanalysedata frå programmet Skifteplan Eksport av jordanalysedata frå programmet Skifteplan Mars 2012 Av Monica Dahlmo og Nono Dimby, Fylkesmannen i Rogaland, landbruksavdelinga Innhald Innhald... 2 Samandrag... 3 Bakgrunn... 3 Vassdirektivet...

Detaljer

Landbrukstiltak langs vassdrag. Regelverk, frivillige tiltak og RMP elvemusling Øyvind Vatshelle, fylkesagronom jord- og plantekultur

Landbrukstiltak langs vassdrag. Regelverk, frivillige tiltak og RMP elvemusling Øyvind Vatshelle, fylkesagronom jord- og plantekultur Landbrukstiltak langs vassdrag Regelverk, frivillige tiltak og RMP elvemusling Øyvind Vatshelle, fylkesagronom jord- og plantekultur 1 Landbruket påverkar vassdraget og elvemuslingen Gjødsel og silopressaft

Detaljer

Rådgiving for berekraftig mjølkeproduksjon

Rådgiving for berekraftig mjølkeproduksjon Kort rapport 2014-2017 Rådgiving for berekraftig mjølkeproduksjon 2014-17 Anders Aune Ingrid Møgedal Ingvild Nesheim Helga Hellesø Linda Risdal Martin Svebestad Juni 2017 Effekt av tiltak hos deltakarane

Detaljer

HUSDYRGJØDSEL Bruk av husdyrgjødsel eller anna organisk gjødselslag i økologisk kornproduksjon

HUSDYRGJØDSEL Bruk av husdyrgjødsel eller anna organisk gjødselslag i økologisk kornproduksjon HUSDYRGJØDSEL Bruk av husdyrgjødsel eller anna organisk gjødselslag i økologisk kornproduksjon Lars Nesheim, Forskar Bioforsk Midt-Norge Kvithamar Fagkoordinator Grovfôr Norsk Landbruksrådgiving Fagkveld

Detaljer

Landbrukstiltak - forslag og døme Tiltak for betre vassmiljø, Bergen Øyvind Vatshelle, Fylkesagronom jord- og plantekultur

Landbrukstiltak - forslag og døme Tiltak for betre vassmiljø, Bergen Øyvind Vatshelle, Fylkesagronom jord- og plantekultur Landbrukstiltak - forslag og døme Tiltak for betre vassmiljø, Bergen 12.11.2013 Øyvind Vatshelle, Fylkesagronom jord- og plantekultur 1 Matproduksjon forurensar! Lagring og bruk av husdyrgjødsel gir avrenning

Detaljer

Delrapport 2013. Levande jord

Delrapport 2013. Levande jord Delrapport 2013 Levande jord Ane Harestad Desember 2013 Innhald Innhald... 2 Samandrag... 3 Samarbeidspartnarar... 3 Mål... 3 Bakgrunn... 3 Metode... 4 To behandlingar og tre gjentak... 4 Aerob kompostkultur

Detaljer

Forskrift om gjødslingsplanlegging

Forskrift om gjødslingsplanlegging Forskrift om gjødslingsplanlegging - og litt anna gjødselaktuelt. Øyvind Vatshelle. 1 Foto: Ø. Vatshelle Tema Dispensasjon til å ikkje ha gjødslingsplan: 3 regneeksempel for å knekke koden. Årleg gjødslingsplan

Detaljer

Rapport 2012. Levande jord. Ane Harestad 1

Rapport 2012. Levande jord. Ane Harestad 1 Rapport 2012 Levande jord Ane Harestad 1 November 2012 Innhald Innhald... 2 Samandrag... 3 Samarbeidspartnarar... 3 Mål... 3 Bakgrunn... 3 Metode... 4 Tre ledd på Særheim og to ledd i Randaberg... 4 Aerob

Detaljer

Hå kommune - Oversending av rapport etter undersøking av kommunen som miljøvernmynde etter forskrift om organisk gjødsel

Hå kommune - Oversending av rapport etter undersøking av kommunen som miljøvernmynde etter forskrift om organisk gjødsel Dykkar ref.: Vår dato: 21.08.2013 Vår ref.: 2013/4262 Arkivnr.: 461.4 Hå kommune Postboks 24 4368 Varhaug Postadresse: Postboks 59 Sentrum, 4001 Stavanger Besøksadresse: Lagårdsveien 44, Stavanger T: 51

Detaljer

SAMLET SAKSFRAMSTILLING

SAMLET SAKSFRAMSTILLING SURNADAL KOMMUNE SAMLET SAKSFRAMSTILLING LOKAL FORSKRIFT OM SPREIING AV GJØDSELVARER M.V. AV ORGANISK OPPHAV I SURNADAL Saksbehandler: Mona Rosvold Arkivsaksnr.: 05/02177 Arkiv: V33 &00 Saksnr.: Utvalg

Detaljer

Redusert fosforgjødsling til eng effekt på avling og fosforstatus i jord.

Redusert fosforgjødsling til eng effekt på avling og fosforstatus i jord. Redusert fosforgjødsling til eng effekt på avling og fosforstatus i jord. Kristin Daugstad og Tor Lunnan Samandrag Eng på jord med middels til høg fosforstatus gir store avlingar utan tilførsel av fosforgjødsel.

Detaljer

Luserne kan gje god avling

Luserne kan gje god avling Luserne kan gje god avling Luserne er ein plante med stort potensial for å fiksere nitrogen og for avling. Kalktilstanden og næringsinnhaldet i jorda må vera god. I tillegg er det viktig med rett rhizobiumsmitte,

Detaljer

Effekter av jordbrukstiltak på avrenning av næringsstoffer

Effekter av jordbrukstiltak på avrenning av næringsstoffer Effekter av jordbrukstiltak på avrenning av næringsstoffer Marianne Bechmann Bioforsk Jord og miljø Ås marianne.bechmann@bioforsk.no Innledning Program for jord- og vannovervåking i landbruket (JOVA) ble

Detaljer

Om gjødslingsplanlegging

Om gjødslingsplanlegging Om gjødslingsplanlegging Landbruk Nordvest 6. oktober 2015 Forskrift om produksjonstilskot 1 bidra til eit aktivt og bærekraftig jordbruk 2 tilskot til dei som driv vanleg jordbruksproduksjon 4 tilskot

Detaljer

Klimatiltak i jordbruket Klimaplan for Hordaland Øyvind Vatshelle, Fylkesmannens landbruksavdeling

Klimatiltak i jordbruket Klimaplan for Hordaland Øyvind Vatshelle, Fylkesmannens landbruksavdeling Klimatiltak i jordbruket Klimaplan for Hordaland 2013 Øyvind Vatshelle, Fylkesmannens landbruksavdeling 1 Utslepp av klimagassar frå jordbruk 2010 Norske utslepp totalt: 53,9 mill. tonn CO 2 -ekvivalenter

Detaljer

KLØVER SOM NITROGENKJELDE I KULTURBEITE 2010

KLØVER SOM NITROGENKJELDE I KULTURBEITE 2010 RAPPORT FRÅ FORSØKSFELTA Landbrukssenteret, Sirdalsveien 38, 4376 HELLELAND Tlf: 51 49 72 88 / 970 14 117 Bankkonto nr. 9365 06 60305 Org.nr.: 970 218 378 dalane@lr.no KLØVER SOM NITROGENKJELDE I KULTURBEITE

Detaljer

Ureiningsproblem knytt til landbruk og støtteordningar til miljøvennleg jordbruksdrift

Ureiningsproblem knytt til landbruk og støtteordningar til miljøvennleg jordbruksdrift Temamøte: Vassdrag i kulturlandskap Ureiningsproblem knytt til landbruk og støtteordningar til miljøvennleg jordbruksdrift Trude Knutzen Knagenhjelm Landbruksavdelinga Nasjonalt mål God økologisk tilstand

Detaljer

Er det behov for ekstra svoveltilførsel når det benyttes husdyrgjødsel?

Er det behov for ekstra svoveltilførsel når det benyttes husdyrgjødsel? Er det behov for ekstra svoveltilførsel når det benyttes husdyrgjødsel? Fagmøte om husdyrgjødsel 1.des. 2010 John Ingar Øverland, Vestfold Forsøksring Referanser Store deler av det som omhandler svoveltilgjengelighet

Detaljer

Mulige tiltak mot avrenning fra jordbruket i Rogaland

Mulige tiltak mot avrenning fra jordbruket i Rogaland Workshop om fremtidens jordbruk i Rogaland, sett i lys av klimaendringer og andre påvirkninger med vurdering av mulig innvirkning på vannkvaliteten. Bioforsk vest, Særheim, Tirsdag 11. november Mulige

Detaljer

Miljøplan. Monica Dahlmo Fylkesmannen i Rogaland, landbruksavdelinga

Miljøplan. Monica Dahlmo Fylkesmannen i Rogaland, landbruksavdelinga Miljøplan Monica Dahlmo Fylkesmannen i Rogaland, landbruksavdelinga 1 Et verktøy for registrering, planlegging og dokumentasjon Mer miljøvennlig jordbruksproduksjon 2 Vannforskriften Mål om god økologisk

Detaljer

Helhetlig vannforvaltning i et landbruksperspektiv

Helhetlig vannforvaltning i et landbruksperspektiv Helhetlig vannforvaltning i et landbruksperspektiv Vannmiljøkonferansen 2010 Johan Kollerud, Statens landbruksforvaltning Mål for landbruket Et av hovedmålene for landbrukspolitikken iht LMD : Produsere

Detaljer

FÅ MEIR UT AV HUSDYRGJØDSLA. Storfe 2016 Gardermoen Lars Nesheim, grovfôrkoordinator i NLR

FÅ MEIR UT AV HUSDYRGJØDSLA. Storfe 2016 Gardermoen Lars Nesheim, grovfôrkoordinator i NLR FÅ MEIR UT AV HUSDYRGJØDSLA Storfe 2016 Gardermoen 11.11.2016 Lars Nesheim, grovfôrkoordinator i NLR Husdyrgjødsel - mengder Gjødsel frå 1 ku (GDE) med yting på 8.000 liter: 130 kg tot.-n (75 kg i urin,

Detaljer

Optimal gjødselplan. Kvinesdal Svein Lysestøl

Optimal gjødselplan. Kvinesdal Svein Lysestøl Optimal gjødselplan Kvinesdal 22.09. 2016 Svein Lysestøl Hvorfor skal vi ha gjødselplan? Lovpålagt MEN det er mange andre gode grunner: God avling Godt sluttprodukt Godt for miljøet God økonomi Forskrift

Detaljer

Fagsamling Gevinst ved gjødslingsplanlegging? planlegging for bruk av næringsstoffer på garden

Fagsamling Gevinst ved gjødslingsplanlegging? planlegging for bruk av næringsstoffer på garden Fagsamling 2016 Gevinst ved gjødslingsplanlegging? planlegging for bruk av næringsstoffer på garden Norsk Landbruksrådgiving Rogaland Vår visjon : Lokal kunnskap vår styrke Våre verdiar: Utviklande Uavhengig

Detaljer

KVA BETYDNING HAR VANLEG JORDBRUKSDRIFT FOR VASSKVALITETEN?

KVA BETYDNING HAR VANLEG JORDBRUKSDRIFT FOR VASSKVALITETEN? KVA BETYDNING HAR VANLEG JORDBRUKSDRIFT FOR VASSKVALITETEN? Konferanse «Reint vatn i jordbruksområde», Jæren hotell 15.9.215 Marit Hauken, Klima- og miljøavdelingen, NIBIO MINE TEMA Eutrofiering Kunnskapsgrunnlag:

Detaljer

Kva har FORUT gitt oss for ettertida?

Kva har FORUT gitt oss for ettertida? Kva har FORUT gitt oss for ettertida? Håvard Steinshamn Nasjonalt økomelk-seminar/avslutning FORUT-prosjektet, Rica Hell, 14-15, Januar 2015 Når skal atterveksten helst haustast? Kombinasjonen 500/500?

Detaljer

Gjødsling Gaute Myren 1

Gjødsling Gaute Myren 1 Gjødsling For å kunne lage gjødselplan er ein avhengig av jordprøver, informasjon av veksten og bedømming av tilstanden til tre/planter. Jordprøven bør ikkje være eldre enn 5 år. Det er best å lage jordprøve

Detaljer

Veileder HUSDYRGJØDSEL. - egenskaper og bruksområder. Alle foto: Jon Herman Wold-Hansen

Veileder HUSDYRGJØDSEL. - egenskaper og bruksområder. Alle foto: Jon Herman Wold-Hansen Veileder HUSDYRGJØDSEL - egenskaper og bruksområder Alle foto: Jon Herman Wold-Hansen Husdyrgjødsel og næringsinnhold Bioforsk har sammen med Norsk Landbruksrådgiving i 2006-11 gjennomført prosjektet «Næringsinnhold

Detaljer

Gras og halm til biobrensel Lars Nesheim, Bioforsk Midt-Norge Kvithamar og Senter for bioenergi Ås

Gras og halm til biobrensel Lars Nesheim, Bioforsk Midt-Norge Kvithamar og Senter for bioenergi Ås Gras og halm til biobrensel Lars Nesheim, Bioforsk Midt-Norge Kvithamar og Senter for bioenergi Ås Halm til biobrensel Omfang og potensial (nasjonalt/regionalt) Utfordringar Kornavrens, korn med redusert

Detaljer

Næringsforsyning til rett tid i økologiske eple. Eivind Vangdal, NIBIO Frukt og Grønt Ullensvang

Næringsforsyning til rett tid i økologiske eple. Eivind Vangdal, NIBIO Frukt og Grønt Ullensvang Næringsforsyning til rett tid i økologiske eple Eivind Vangdal, NIBIO Frukt og Grønt Ullensvang Grunnlaget for god næringsforsyning i økologisk fruktdyrking God status ved planting Ta omsyn til kva jorda

Detaljer

Skjel Rådgivende Biologer AS FANGST OG SKJELPRØVAR I SULDALSLÅGEN. Fangststatistikk. Skjelmateriale

Skjel Rådgivende Biologer AS FANGST OG SKJELPRØVAR I SULDALSLÅGEN. Fangststatistikk. Skjelmateriale FANGST OG SKJELPRØVAR I SULDALSLÅGEN Gjennomsnittleg årsfangst av laks i perioden 1969-2014 var 506 (snittvekt 5,1 kg). I 2014 vart det fanga 1153 laks (snittvekt 5,4 kg), det nest beste resultatet som

Detaljer

N-indeks langsiktig N-forsyning frå jord Prosjektsamandrag resultat og måloppnåing

N-indeks langsiktig N-forsyning frå jord Prosjektsamandrag resultat og måloppnåing N-indeks langsiktig N-forsyning frå jord Prosjektsamandrag resultat og måloppnåing Prosjektet starta med ein litteraturgjennomgang på området i 2012. I eit parallelt prosjekt er det laga eit oversyn over

Detaljer

Rapport prosjekt «høy til hest»

Rapport prosjekt «høy til hest» 2009-2011 Rapport prosjekt «høy til hest» Forfattarar: Ragnvald Gramstad, Norsk Landbruksrådgiving Rogaland, Postvegen 211, 4353 Klepp st. Tlf: 51 78 91 80 Fax: 51 78 91 81 Web: http://rogaland.lr.no/

Detaljer

Sluttrapport 2014. Levande jord

Sluttrapport 2014. Levande jord Sluttrapport 2014 Levande jord Ane Harestad November 2014 Innhald Innhald... 2 Samandrag... 3 Samarbeidspartnarar... 3 Mål... 3 Bakgrunn... 3... 4 Metode... 4 To behandlingar og tre gjentak... 4 Aerob

Detaljer

Gjødslingsnormer og fosforgjødsling til poteter

Gjødslingsnormer og fosforgjødsling til poteter 302 Gjødslingsnormer og fosforgjødsling til poteter Kristian Haug Bioforsk Øst Apelsvoll kristian.haug@bioforsk.no Bakgrunn Justering av fosfornormene er en prosess som har pågått over mange år. Normene

Detaljer

Tiltak for å redusere avrenning til vassdrag fra landbruket Vassområde Nordhordland. Øyvind Vatshelle, Fylkesagronom jord- og plantekultur

Tiltak for å redusere avrenning til vassdrag fra landbruket Vassområde Nordhordland. Øyvind Vatshelle, Fylkesagronom jord- og plantekultur Tiltak for å redusere avrenning til vassdrag fra landbruket Vassområde Nordhordland Øyvind Vatshelle, Fylkesagronom jord- og plantekultur 1 Avrenning til vann Blågrønnalger i ferskvann Fosfor er minimumsfaktor.

Detaljer

Praktisk forbetringsarbeid i det eutrofe Vatsvassdraget. Stavanger 4 mai 2017 Harald Olav Stuhaug, Rådgjevar landbruk Vindafjord Kommune

Praktisk forbetringsarbeid i det eutrofe Vatsvassdraget. Stavanger 4 mai 2017 Harald Olav Stuhaug, Rådgjevar landbruk Vindafjord Kommune Praktisk forbetringsarbeid i det eutrofe Vatsvassdraget Stavanger 4 mai 2017 Harald Olav Stuhaug, Rådgjevar landbruk Vindafjord Kommune Landavatnet og Vatsvatnet Vatsvassdraget - bakgrunnsinformasjon Nedbørsfelt

Detaljer

Fosforprosjektet ved vestre Vansjø

Fosforprosjektet ved vestre Vansjø Fosforprosjektet ved vestre Vansjø Tyra Risnes, Fylkesmannen i Østfold Anne Falk Øgaard, Bioforsk Jord og miljø Vestre Vansjø Nedbørfeltareal: 54 km 2 Arealbruk: 20% landbruk (~10.000 daa) (89 % korn,

Detaljer

Nytt fagsystem for produksjonstilskott og avløysartilskott ferie og fritid

Nytt fagsystem for produksjonstilskott og avløysartilskott ferie og fritid Fylkesmannen i Sør-Trøndelag Nytt fagsystem for produksjonstilskott og avløysartilskott ferie og fritid v. Anne Solstad Avd. for landbruk og bygdeutvikling Fylkesmannen i Sør-Trøndelag Andre tema: Konsekvensar

Detaljer

Gjødslingspraksis ved bruk av husdyrgjødsel

Gjødslingspraksis ved bruk av husdyrgjødsel Bioforsk Rapport Vol. 3 Nr.6 28 Gjødslingspraksis ved bruk av husdyrgjødsel Resultater fra fire nedbørfelt i JOVA-programmet Anne Falk Øgaard Bioforsk Jord og miljø, Ås www.bioforsk.no Sett inn bilde her

Detaljer

GJØDSELEFFEKTER AV BIOREST I (ØKOLOGISK) KORNDYRKING

GJØDSELEFFEKTER AV BIOREST I (ØKOLOGISK) KORNDYRKING GJØDSELEFFEKTER AV BIOREST I (ØKOLOGISK) KORNDYRKING Korn 2016 18. februar 2016 Annbjørg Øverli Kristoffersen, Avdeling for Korn og Frøvekster, Apelsvoll BIOREST, BIOGJØDSEL, RÅTNEREST Energien i matavfall

Detaljer

Arbeid og inntekt i jordbruket i Aust-Agder

Arbeid og inntekt i jordbruket i Aust-Agder Arbeid og inntekt i jordbruket i Aust-Agder Fylkesmannen i Aust-Agder, landbruksavdelinga. Kjelde: Statistisk Sentralbyrå. Arbeidsinnsats og årsverk: Jordbruksteljinga 1999 og Landbruksteljinga 2010. Jordbruksareal:

Detaljer

Fagsamling tilskotsforvaltning. 4 - jordbruksareal

Fagsamling tilskotsforvaltning. 4 - jordbruksareal Fagsamling tilskotsforvaltning 4 - jordbruksareal Produksjonstilskot, 4, jordbruksareal Fulldyrka jord Overflatedyrka jord Innmarksbeite Minst 50 % av arealet skal vere dekka av grasartar og beitetålande

Detaljer

KALKET SLAM SOM JORDFORBEDRINGSMIDDEL «Bruk av slam som gjødsel er en like naturlig måte å sende næringsstoffene tilbake til kretsløpet som bruk av

KALKET SLAM SOM JORDFORBEDRINGSMIDDEL «Bruk av slam som gjødsel er en like naturlig måte å sende næringsstoffene tilbake til kretsløpet som bruk av KALKET SLAM SOM JORDFORBEDRINGSMIDDEL «Bruk av slam som gjødsel er en like naturlig måte å sende næringsstoffene tilbake til kretsløpet som bruk av husdyrgjødsel» KALKET SLAM SOM JORDFORBEDRINGSMIDDEL

Detaljer

Rapport: Demonstrasjonsfelt med biogjødsel i eng, 2014

Rapport: Demonstrasjonsfelt med biogjødsel i eng, 2014 Rapport: Demonstrasjonsfelt med biogjødsel i eng, 2014 Forsøksdata: Feltvert: Sigbjørn Grøtterød 2års eng, fôr til ammekyr Plassering: Linnestad, Re Rute str. 12*30 m 2 gjentak. Feltet ble stort og det

Detaljer

YaraVita bladgjødsling Oppdatering og anbefalinger 2014. Ole Stampe, 4. februar 2014

YaraVita bladgjødsling Oppdatering og anbefalinger 2014. Ole Stampe, 4. februar 2014 YaraVita bladgjødsling Oppdatering og anbefalinger 2014 Ole Stampe, 4. februar 2014 Nøkkeltall Omsetning 2012 NOK 84,5 mrd. Omsetning 2010: NOK 80,3 mrd. Omsetning 2009: NOK 65,3 mrd. Antall ansatte >

Detaljer

Jord- og Plantekultur 2012 / Bioforsk FOKUS 7 (1) Gjødsling. Foto: Lars T. Havstad

Jord- og Plantekultur 2012 / Bioforsk FOKUS 7 (1) Gjødsling. Foto: Lars T. Havstad Jord- og Plantekultur 2012 / Bioforsk FOKUS 7 (1) 163 Gjødsling Foto: Lars T. Havstad 164 Havstad, L.T. et al./ Bioforsk FOKUS 7 (1) Høst- og vårgjødsling til økologisk frøeng av timotei og engsvingel

Detaljer

Gjødsling og jordsmonn

Gjødsling og jordsmonn Gjødsling og jordsmonn Innlegg for Ørsta-delegasjon på besøk hos Bioforsk Økologisk, Tingvoll 3.12.2009 Anne-Kristin Løes anne-kristin.loes@ bioforsk.no Innledning til en diskusjon om jord-kultur Økologisk

Detaljer

Klima og avling Strategier for vinn-vinn. Kornkonferansen, Bernt Hoel, Yara Norge

Klima og avling Strategier for vinn-vinn. Kornkonferansen, Bernt Hoel, Yara Norge Klima og avling Strategier for vinn-vinn Kornkonferansen, 18.01.2017 Bernt Hoel, Yara Norge Dyrkingspraksis som gir lave utslipp, samt utnytter positive og demper negative effekter av endret klima Varmere

Detaljer

Rapport fra prosjektet. Næringsinnhold i husdyrgjødsel

Rapport fra prosjektet. Næringsinnhold i husdyrgjødsel Rapport fra prosjektet Næringsinnhold i husdyrgjødsel 2010-2011 SUM SUM SUM 1.1 Bakgrunn Prosjektet «Næringsinnhold i husdyrgjødsel» ble til i 2010, etter initiativ fra Norsk Landbruksrådgiving SørØst.

Detaljer

Produksjon av delikatessepotet

Produksjon av delikatessepotet Produksjon av delikatessepotet v. Mette Feten Graneng, Norsk Landbruksrådgiving Sør-Trøndelag Gourmetpotet, minipotet, småpotet eller delikatessepotet? Kva ein enn kallar dei minste potetene, så har i

Detaljer

Tiltak i vassområdet Voss-Osterfjorden

Tiltak i vassområdet Voss-Osterfjorden Tiltak i vassområdet Voss-Osterfjorden Sveinung Klyve, miljøvernrådgjevar i Vaksdal Sveinung Klyve, prosjektleiar prosjektleiar Voss-Osterfjorden vassområde Vatn livet til alt Formålet med direktivet (som

Detaljer

Økologisk engdyrking Dyrkingsstrategier og fôrkvalitet

Økologisk engdyrking Dyrkingsstrategier og fôrkvalitet Økologisk engdyrking Dyrkingsstrategier og fôrkvalitet Eko kurs 27 februar 2013 Linköping Håvard Steinshamn FORUT Næringsforsyning og produktivitet i økologisk grovfôr- og mjølkeproduksjon betra fôrproduksjon

Detaljer

«Nye spreieteknikkar av husdyrgjødsel»

«Nye spreieteknikkar av husdyrgjødsel» «Nye spreieteknikkar av husdyrgjødsel» Deltakere i prosjektet Norsk Landbruksrådgiving Rogaland v/rådgivar Eirik Sunde Agromiljø A/S, v/kristian Spanne Bioforsk v/fagkoordinator grovfôr/forskar Lars Nesheim

Detaljer

Det er mange andre faktorar som har også kan ha innverknad på utviklinga i avfallsmengde.

Det er mange andre faktorar som har også kan ha innverknad på utviklinga i avfallsmengde. Framskriving av avfallsmengdene i Ålesundregionen fram mot 2030 Generelt er det vanskeleg å framskrive avfallsmengdene 15 år framover i tid. Ein oversikt over utviklinga i mengden hushaldsavfall frå 1996

Detaljer

Vegetasjonsdekke som tiltak mot tap av jord og fosfor

Vegetasjonsdekke som tiltak mot tap av jord og fosfor Kurs: Tiltak mot forurensning og klimautslipp i jordbruket, Tønsberg 7.-8. desember 2016 Vegetasjonsdekke som tiltak mot tap av jord og fosfor Sigrun H. Kværnø, Anne-Grete Buseth Blankenberg Vegetasjonsdekkets

Detaljer

Utslepp av klimagassar frå husdyrgjødsel

Utslepp av klimagassar frå husdyrgjødsel Utslepp av klimagassar frå husdyrgjødsel -Tiltak for reduksjon i utslepp Kommunesamling i Loen 22.-23. oktober 2013 Synnøve Rivedal Bioforsk Vest Fureneset Drivhuseffekten 1 karbondioksid (CO 2 ) - ekvivalent

Detaljer

Gjødselplan. Froland 7. april 2016 Josefa Andreassen Torp

Gjødselplan. Froland 7. april 2016 Josefa Andreassen Torp Gjødselplan Froland 7. april 2016 Josefa Andreassen Torp Hvorfor skal vi ha gjødselplan? Lovpålagt MEN det er mange andre gode grunner: God avling Godt sluttprodukt Godt for miljøet God økonomi Forskrift

Detaljer

Fangststatistikk figur 1 figur 1 figur 1 FIGUR 1 NB! Skjelmateriale figur 2 FIGUR 2

Fangststatistikk figur 1 figur 1 figur 1 FIGUR 1 NB! Skjelmateriale figur 2 FIGUR 2 FANGST OG SKJELPRØVAR I SOKNA Gjennomsnittleg årsfangst i perioden 1995-2016 var 775 laks (snittvekt 2,4 kg) og 240 sjøaurar (snittvekt 0,9 kg). I 2016 vart det fanga 918 laks og 134 sjøaure, begge delar

Detaljer

Lokal forskrift om gjødselspreiing i Vestnes kommune. Utval Møtedato Utvalssak Planutvalet /2011

Lokal forskrift om gjødselspreiing i Vestnes kommune. Utval Møtedato Utvalssak Planutvalet /2011 VESTNES KOMMUNE Saksframlegg Arkiv: V33 Arkivsaksnr.: 2010/991 Saksbehandlar: Beate Hundnes Dato: 23.03.2011 Lokal forskrift om gjødselspreiing i Vestnes kommune Utval Møtedato Utvalssak Planutvalet 13.04.2011

Detaljer

Krav til gjødselplan og kontroll av gjødselplan. Ole Steffen Gusdal Fylkesmannen i Aust- og Vest-Agder Informasjonsmøte for bønder

Krav til gjødselplan og kontroll av gjødselplan. Ole Steffen Gusdal Fylkesmannen i Aust- og Vest-Agder Informasjonsmøte for bønder Krav til gjødselplan og kontroll av gjødselplan Ole Steffen Gusdal Fylkesmannen i Aust- og Vest-Agder Informasjonsmøte for bønder Formål med dette innlegget Se hva som er de vanligste grunnene til at gjødslingsplan

Detaljer

Lystgassutslipp muligheter for reduksjon i norsk landbruk

Lystgassutslipp muligheter for reduksjon i norsk landbruk Lystgassutslipp muligheter for reduksjon i norsk landbruk Sissel Hansen, Bioforsk Økologisk Audun Korsæth, Bioforsk Øst Peter Dörsch, Institutt for Plante- og Miljøvitenskap, UMB Disposisjon Hva er lystgass

Detaljer

Høy andel dyrka mark i vannområdet Naturgitte forhold samt mye åpen åker fører til jorderosjon Høy andel høstkorn Gjennomgående høye fosforverdier i

Høy andel dyrka mark i vannområdet Naturgitte forhold samt mye åpen åker fører til jorderosjon Høy andel høstkorn Gjennomgående høye fosforverdier i Temagruppe landbruk Høy andel dyrka mark i vannområdet Naturgitte forhold samt mye åpen åker fører til jorderosjon Høy andel høstkorn Gjennomgående høye fosforverdier i jord Det er stor variasjon, tilfeldige

Detaljer

Grovfôranalyser, mineraler som korrigeringer til gjødslingsplan

Grovfôranalyser, mineraler som korrigeringer til gjødslingsplan Grovfôranalyser, mineraler som korrigeringer til gjødslingsplan «Avlingskampen», fagsamling Hærøya, 8.-9. januar 2015. Bjørn Tor Svoldal, Yara Norge AS Supplerende mineralgjødseltyper til husdyrgjødsel

Detaljer

FarmTest: NLR -Kretsløpstolken. for betre N og P-utnytting på gardsnivå 14.november 2017

FarmTest: NLR -Kretsløpstolken. for betre N og P-utnytting på gardsnivå 14.november 2017 FarmTest: NLR -Kretsløpstolken for betre N og P-utnytting på gardsnivå 14.november 2017 Kretsløpstolken Bakgrunnen Ny Tiltaksplan for Håelva Elve- og bekkelagsmøtar 2014 Tradisjonelt tekniske tiltak: -

Detaljer

Test av prognoseverktøy for grovfôravling og -kvalitet i 2009

Test av prognoseverktøy for grovfôravling og -kvalitet i 2009 Test av prognoseverktøy for grovfôravling og -kvalitet i 2009 Anne Kjersti Bakken og Anne Langerud, Bioforsk Midt-Norge BAKGRUNN Web-versjonen av Bioforsk sitt grovfôrprognoseverktøy vart våren 2009 lansert

Detaljer

Lystgassemisjon frå eng under ulik drift på moldrik jord på Vestlandet -Jordlyst

Lystgassemisjon frå eng under ulik drift på moldrik jord på Vestlandet -Jordlyst Sluttrapport med rekneskap for prosjektet: Lystgassemisjon frå eng under ulik drift på moldrik jord på Vestlandet -Jordlyst Prosjektet har vore eit samarbeid mellom Bioforsk Vest Fureneset, Bioforsk Økologisk

Detaljer

Husdyrgjødselmengd nye standardtal. Lars Nesheim Bioforsk/Norsk Landbruksrådgiving

Husdyrgjødselmengd nye standardtal. Lars Nesheim Bioforsk/Norsk Landbruksrådgiving Husdyrgjødselmengd nye standardtal Lars Nesheim Bioforsk/Norsk Landbruksrådgiving Landssamling for NLR byggrådgivarar 8. april 2014 1 Husdyrgjødselmengd nye standardtal Disposisjon Kva er gjort dei siste

Detaljer

Rettsleg grunnlag grunnskoleopplæring for vaksne

Rettsleg grunnlag grunnskoleopplæring for vaksne Rettsleg grunnlag grunnskoleopplæring for vaksne Rettleie og behandle søknader Rettleie og vurdere rettar Rettleie om retten til grunnskoleopplæring Kommunen skal oppfylle retten til grunnskoleopplæring

Detaljer

Nitrogenbalansen i landbruket. Sissel Hansen Bioforsk Økologisk

Nitrogenbalansen i landbruket. Sissel Hansen Bioforsk Økologisk Nitrogenbalansen i landbruket Sissel Hansen Bioforsk Økologisk Disposisjon Nitrogenbalanser Konsekvenser av store nitrogenoverskudd Hva er årsaken til dårlig utnytting av tilført nitrogen Mulige tiltak

Detaljer

Utvikling av nye metodar for gjødslingsplanlegging

Utvikling av nye metodar for gjødslingsplanlegging 383 Utvikling av nye metodar for gjødslingsplanlegging Gustav Fystro 1), Siri Abrahamsen 2), Tor Lunnan 1) / gustav.fystro@planteforsk.no 1) Planteforsk Løken forskingsstasjon, 2) Forsøksringen Romerike

Detaljer

LANDBRUKET I SOGN OG FJORDANE - UTFORDRINGAR OG REGELVERK

LANDBRUKET I SOGN OG FJORDANE - UTFORDRINGAR OG REGELVERK LANDBRUKET I SOGN OG FJORDANE - UTFORDRINGAR OG REGELVERK Vassforvaltningsseminar på Skei 28.-29. mars 2017 Trude Knutzen Knagenhjelm Fylkesmannen i Sogn og Fjordane, landbruksavdelinga Kva utfordringar

Detaljer

Oppfølging av vassforskrifta i Vik kommune

Oppfølging av vassforskrifta i Vik kommune Oppfølging av vassforskrifta i Vik kommune Døme på tiltak i landbruk som er i gang Karen Weichert, Plan og forvaltning Seminar om praktisk oppfølging av vassforskrifta innan områda landbruk og spreidde

Detaljer

Klimasmart plantedyrking - tiltak på gårdsnivå

Klimasmart plantedyrking - tiltak på gårdsnivå Klimasmart plantedyrking - tiltak på gårdsnivå Blæstaddagen 2016, 18. august 2016 Åsmund Langeland www.nlrinnlandet.no Norsk Landbruksrådgiving Innlandet www.nlrinnlandet.no 2 Klimagasser i landbruket

Detaljer

HORDALANDD. Utarbeidd av

HORDALANDD. Utarbeidd av HORDALANDD FYLKESKOMMUNE Utflyttingar frå Hardanger Utarbeidd av Hordaland fylkeskommune Analyse, utgreiing og dokumentasjon August 28 INNLEIING: Analysen er utarbeidd som ein del av Hordaland fylkeskommune

Detaljer

Dette notatet baserer seg på dei oppdaterte tala frå dei tre siste åra. Vi ønskjer å trekke fram følgjande:

Dette notatet baserer seg på dei oppdaterte tala frå dei tre siste åra. Vi ønskjer å trekke fram følgjande: Elevanes val av framandspråk i vidaregåande skule Nasjonalt senter for framandspråk i opplæringa - Notat 6/216 Utdanningsdirektoratet har publisert fagvala til elevar i vidaregåande skule for skuleåret

Detaljer

KOMPETANSEHEVING FOR NYE FRUKT- OG BÆRDYRKERE

KOMPETANSEHEVING FOR NYE FRUKT- OG BÆRDYRKERE SLUTTRAPPORT FOR PROSJEKT: KOMPETANSEHEVING FOR NYE FRUKT- OG BÆRDYRKERE Prosjektet starta opp i 2012 som eit samarbeidsprosjekt mellom Hjeltnes vgs, Sogn jord og hagebruksskule, Norsk fruktrådgiving Hardanger

Detaljer

Vassdrag og ureining frå jordbruket aktuelle tiltak og støtteordningar

Vassdrag og ureining frå jordbruket aktuelle tiltak og støtteordningar Vassdrag og ureining frå jordbruket aktuelle tiltak og støtteordningar Seminar om landbruket og vasskvalitet i elvane, Vik kommune Trude Knutzen Knagenhjelm Fylkesmannen i Sogn og Fjordane, landbruksavdelinga

Detaljer

2014/

2014/ Notat Til: Frå: Hovudarbeidsmiljøutvalet Administrasjonsutvalet Fylkesdirektør organisasjon Referanse 2014/12154-1 17.02.2014 Dato Sjukefråvær i Hordaland fylkeskommune 2013 Samandrag Samla sjukefråvær

Detaljer

Mineralinnhald i blod hjå storfe på utmarksbeite sommaren 2014.

Mineralinnhald i blod hjå storfe på utmarksbeite sommaren 2014. Mineralinnhald i blod hjå storfe på utmarksbeite sommaren 1. Analysar av blod viser tydeleg utslag for selen og jod med bruk av mineralkapslar til dyr på utmarksbeite. Me registrerer også høgre innhald

Detaljer