Test av prognoseverktøy for grovfôravling og -kvalitet i 2009

Størrelse: px
Begynne med side:

Download "Test av prognoseverktøy for grovfôravling og -kvalitet i 2009"

Transkript

1 Test av prognoseverktøy for grovfôravling og -kvalitet i 2009 Anne Kjersti Bakken og Anne Langerud, Bioforsk Midt-Norge BAKGRUNN Web-versjonen av Bioforsk sitt grovfôrprognoseverktøy vart våren 2009 lansert på I påfølgjande vekstsesong deltok 24 regionale einingar av Norsk landbruksrådgiving (NLR) i utprøvinga av dette. Resultat frå denne testen blir presentert og diskutert i herverande rapport. Arbeidet vart finansiert gjennom eigeninnsats frå NLR og gjennom rettleiingsprøvinga i Bioforsk. TESTOPPLEGG Tjuefire regionale kontor av NLR fann våren 2009 fram til eitt eller to engskifte i sine distrikt som dei ønska å køyre prognoseverktøyet mot. Prøvestadene låg mindre enn 20 km frå klimastasjon med måling av globalstråling, og plantebestandet var dominert av enten timotei eller fleirårig raigras. Det skulle gjerast registreringar og takast ut avlingsprøver to gonger før og ved førsteslått, første gongen ved tidleg stengelstrekking hos graset. Kvar gongen vart det gjort ei fenologiregistrering på dominerande grasart, målt bestandshøgde med platemålar, vurdert botanisk samansetjing og tatt ut avlingsprøver som vart tørka ned og sendt til kvalitetsanalyse på NIRS-laboratoriet på Bioforsk Aust, Løken. Ved førsteslått vart det også gjort avlingsregistreringar på to ruter (ca 1,4 m x 5,0 m) med innbyrdes avstand på ca 50 m på kvart skiftet. Rådgivingstenestene fekk analyseresultata raskt tilbake frå Løken og kunne legge inn desse i lag med høgde- og fenologidata i modellen på og få prognosar for avling og kvalitet. Oppsummeringa for predikert avling og kvalitet i førsteslått i høve til målte verdiar er gjort på basis av Bioforsk si eiga køyring av modellen på alle 1

2 skifta i ettertid. Ein har køyrt modellen både med og utan kalibrering for å sjå kor store vinstar det er med å ta ut prøver før førsteslått er aktuelt. I køyringane med kalibrering er det brukt gjennomsnitt for dei to prøverutene innan felt. Datasettet er ikkje fullstendig for alle felta sidan nokre glømte å registrere vektene på tørkeprøvene frå førsteslåtten før dei vart sendt til analyse. Det var heller ikkje alle som fekk tatt ut kalibreringsprøver to gonger før førsteslått. Web-versjonen handterte av ulike årsaker ikkje klimadata frå stasjonane på Oppdal og i Meldal. For Oppdal, har ein løyst dette med å køyre Excelversjonen av modellen (versjon av januar 2009), og for Orklaringen (Meldal) er det brukt data frå klimastasjonen på Skjetlein som ligg meir enn 50 km frå prøvefeltet. Kalibreringsrutinane er ikkje heilt like i web-versjonen og Excel-versjonen av prognosemodellen, og seks av felta var køyrt i begge for å sjå om den eine trefte betre enn den andre. Det vart også gjort ein test på fire felt (to utan kløver og to med mykje kløver) på om prediksjonen for NDF-innhald i webversjonen vart meir presis når opplysningar om kløverinnhaldet vart lagt inn. VARIASJON I AVLING OG KVALITET INNAN FELT Som i tilsvarende uttaks- og testopplegg i 2008, kunne avlinga varierere med så mykje som 200 kg TS/daa mellom dei to prøverutene i same enga (Tabell 1). Det kunne også vere betydelege avvik mellom dei parallelle prøvene når det galdt innhald av NDF, ufordøyeleg NDF (INDF), råprotein og fôreiningar (FEm). Denne registrerte variasjonen kan ein sjå som summen av analyse-/målefeil og reell og naturleg variasjon. I den vidare vurderinga av kor godt prognoseverktøyet treffer, bør ein altså ha med seg at fasiten også er usikker innan små område i ei vanleg fôrproduksjonseng. 2

3 Tabell 1. Avvik mellom registrerte verdiar i førsteslått for to prøveuttaksstader innan felt Avvik mellom to uttak på same felt Gjennomsnitt Største Minste Avling (kg TS/daa) i 2008, 25 felt Avling (kg TS/daa) i 2009, 26 felt NDF-innhald (% av TS) i 2009, 28 felt 3,0 7,9 0 INDF-innhald (% av TS) i 2009, 28 felt 1,2 3,1 0,1 Råprotein-innhald (% av TS) i 2009, 28 felt 1,7 5,7 0 FEm-innhald (/kg TS) i 2009, 28 felt 0,03 0,08 0,00 SAMSVAR MELLOM PREDIKERTE OG MÅLTE VERDIAR Avling Kalibrering av avlingsprediksjonar blir gjort ut frå bestandshøgde registrert med platemålar. Sjølv om samanhengen mellom avling og slik høgde er rekna for å vere noko usikker, gav slik kalibrering betre estimat for avling enn modellkøyringar utan kalibrering (Figur 1). For 8 av 25 felt bomma prognoseverktøyet med 50 kg eller mindre, og for 13 av felta var prediksjonen innanfor ein feilmargin på 100 kg rundt målt verdi. Det feltet som hadde 280 kg meir i avling enn det prognosen spådde (Figur 1), låg i Orklaringen der klimadata vart henta frå ein stasjon som låg langt unna feltet. Avlinga vart oftare overestimert enn understimert (Figur 1), og dei to felta der overestimeringa var størst, låg i Namdalen. Målt avling var her kanskje lågare enn forventa i såpass seine førsteslåttar (sjå Resultat_prognosetest2009.xls). På feltet som låg hos Landbruk Nord med førsteslått 1. juli, var det også ei kraftig overestimering. Prognoseverktøyet spådde ei avling på 400 kg TS/daa, medan målt avling var på 170 kg TS. 3

4 kg TS/daa Målt avling - predikert avling Figur 1. Differansen mellom målt avling og avling predikert av prognoseverktøyet med og utan bruk av kalibreringsrutinar, for 28 felt. Innhald av NDF og INDF Det var totalt fleire felt der målt innhald av NDF låg over predikert verdi enn omvendt, og kalibrering endra ikkje på dette forholdet (Figur 2). For 12 av 28 felt var avviket med kalibrereing lågare enn 2 prosenteiningar og for 21 felt lågare enn 4 einingar. % av TS Målt NDF-predikert NDF 10,0 8,0 6,0 4,0 2,0 0,0-2,0-4,0-6,0-8,0-10,0 4

5 Figur 2. Differansen mellom målt innhald av NDF og innhald predikert av prognoseverktøyet med og utan bruk av kalibreringsrutinar, for 28 felt. For INDF var avviket mellom målt og predikert verdi etter kalibrering på under ei prosenteining for 15 av 28 felt (Figur 3). Utan kalibrering vart INDF-innhaldet overestimert. Kalibreringa senka prediksjonane, men noko for mykje til å treffe målt verdi. % av TS Målt INDF - predikert INDF 5,00 4,00 3,00 2,00 1,00 0,00-1,00-2,00-3,00-4,00-5,00 Figur 3. Differansen mellom målt innhald av ufordøyeleg NDF (INDF) og innhald predikert av prognoseverktøyet med og utan bruk av kalibreringsrutinar, for 28 felt. Innhald av råprotein Predikert råproteininnhald kom nærare målt verdi med kalibrering enn utan (Figur 4), men den oppjusteringa som kalibreringa oftast innebar, var for stor i dei fleste høva. På 21 av 28 felt var avviket mellom predikert verdi og målt verdi på eller under to prosenteiningar. 5

6 % av TS Målt råprotein-predikert råprotein 8,00 6,00 4,00 2,00 0,00-2,00-4,00-6,00-8,00 Figur 4. Differansen mellom målt innhald av råprotein og innhald predikert av prognoseverktøyet med og utan bruk av kalibreringsrutinar, for 28 felt. Innhald av FEm FEm-innhaldet vart oftast estimert til å vere høgare enn det analysen viste. På 11 av 28 felt var det eit avvik mellom predikert og målt verdi på 0,07 FEm/kg TS eller meir. Kalibrering endra ikkje mykje på dette forholdet, men feilen vart ikkje så systematisk overestimering. Det er ikkje kalibreringsrutinar direkte på FEm-innhald i noverande versjon av prognoseverktøyet, så endringane har samanheng med at fenologisk utviklingstrinn (MSC) som ligg til grunn for utrekninga av FEm-konsentrasjon, vart justert gjennom kalibrering. 6

7 Målt innhald av FEm - predikert innhald av FEm FEm/kg TS 0,25 0,20 0,15 0,10 0,05 0,00-0,05-0,10-0,15-0,20-0,25 Figur 5. Differansen mellom målt innhald av FEm og innhald predikert av prognoseverktøyet med og utan bruk av kalibreringsrutinar, for 28 felt. Skilnader på prediksjonar frå Excel-versjon og web-versjon Som vist i vedlagde fil Resultat_progtest2009.xls, predikerte ikkje webversjonen og Excel-versjonen identiske verdiar for avling og kvalitet. Sjølv om likningssetta er dei same, så er optimeringsrutinane som ligg bak justeringane av parametrar i likningane, ulike. Variasjon var såleis ikkje uventa. Det såg ikkje ut til at den eine versjonen trefte betre i høve til målt verdi enn den andre. Predikert NDF-innhald med og utan justering for kløverinnhald i enga For å treffe bra med NDF-innhald i avlinga, var det viktigare å gjere kalibrering på grunnlag av innhald i prøver tatt ut før slått enn å bruke justeringa som går gjennom estimert kløverinnhald (Resultat_progtest2009.xls). For begge felta der det var mykje kløver og når ein ikkje brukte kalibrering ut frå analyse, kom predikert verdi nærare målt verdi når det vart lagt inn rett verdi for kløverinnhald i enga. 7

8 KONKLUSJON Om ein ser vekk frå totalbom på avling på nokre få felt, der avlingane også ut frå skjønn og erfaring var uventa låge eller høge, synest vi at avlingsprediksjonen er akseptabelt presis. Vi ser i dette materialet som i det frå 2008, at ein må vere forsiktig med å bruke registreringar gjort med platemålar på seine utviklingstrinn og framfor alt i eng med legde. Når ein ser kor stor variasjonen kan vere mellom prøver tatt innan korte avstandar på same skiftet, synest vi at prediksjonane for fiberinnhald (NDF og INDF) var brukbart presise. Det er likevel problematisk at ein for nokre felt bommar mykje. Sidan feila temmeleg systematisk ligg over eller under målte verdiar, er det muleg å justere funksjonane i neste versjon av prognoseverktøyet. Fiberinnhaldet er teknisk knytta til utviklingstrinn, og dermed vil dårlege målingar av MSC og/eller manglar ved funksjonen som reknar ut MSC, gi upresise estimat for innhaldet. Vi har grunn til å tru at ikkje alle er like nøye med å ta med småskudd på bladstadiet i klassifisering og opprekning av skudd. Snarare enn å kritisere nokon for det, må vi vurdrere om vi har lagt opp til ei kalibrering som krev for mykje eller for nøye arbeid i forhold til det brukarane vil og kan investere. Råproteininnhaldet blir med kalibrering på grunnlag av målt innhald i prøver tatt ut før førsteslått, estimert ganske presist. I neste versjon av prognoseverktøyet bør ein likevel prøve å unngå den systematiske overestimeringa som samanstillinga viser. Innhaldet av FEm blir i noverande versjon predikert for dårleg. Tilsvarande som for fiber, kan årsaken ligge i at målingar eller likningar for fenologisk utvikling er for dårlege. Ettersom feilen ligg i ei systematisk overestimering i forhold til målt verdi, kan det vere uproblematisk å justere likningane og oppnå betre resultat med framtidige versjonar av prognoseverktøyet. Vi er vidare også interesserte i å undersøke om det kan ligge eit kvalitetstap (nedgang i FEm) frå hausting til prøvene er konserverte. Dårleg konservering er neppe hovudforklaringa på at målt FEm-innhald er lågare enn predikert, men om prøver blir liggande lenge våte før dei kjem i tørkeskap eller om tørkinga skjer seint, vil kvaliteten målt i prøvene vere ein annan enn han som var i enga ved hausting. 8

Utbytte av ei raigras/kvitkløvereng eller engrapp/kvitkløvereng jamført med ei timotei/raudkløvereng

Utbytte av ei raigras/kvitkløvereng eller engrapp/kvitkløvereng jamført med ei timotei/raudkløvereng 16 Utbytte av ei raigras/kvitkløvereng eller engrapp/kvitkløvereng jamført med ei timotei/raudkløvereng Tor Lunnan 1, Mats Höglind 2, Anne Kjersti Bakken 3. 1. Bioforsk Aust Løken, 2. Bioforsk Vest Særheim,

Detaljer

Avlingsregistrering i økologisk og konvensjonell eng

Avlingsregistrering i økologisk og konvensjonell eng Feltet i Gjesdal 26. mai 2009 Avlingsregistrering i økologisk og konvensjonell eng Sluttrapport for prosjektperioden 2008-2011 av Ane Harestad, Norsk Landbruksrådgiving Rogaland 1 Innhald Innhald... 2

Detaljer

Økologisk engdyrking Dyrkingsstrategier og fôrkvalitet

Økologisk engdyrking Dyrkingsstrategier og fôrkvalitet Økologisk engdyrking Dyrkingsstrategier og fôrkvalitet Eko kurs 27 februar 2013 Linköping Håvard Steinshamn FORUT Næringsforsyning og produktivitet i økologisk grovfôr- og mjølkeproduksjon betra fôrproduksjon

Detaljer

Kvalitetsutvikling i haustbeite - rapport til deltakande NLR-einingar

Kvalitetsutvikling i haustbeite - rapport til deltakande NLR-einingar 1 Kvalitetsutvikling i haustbeite - rapport til deltakande NLR-einingar Anne Kjersti Bakken og Anne Langerud, Bioforsk Midt-Norge, Kvithamar. Mål for undersøkinga I forsøksplanen for denne serien vart

Detaljer

Grovfôr til hest - Er timotei det beste og einaste alternativet?

Grovfôr til hest - Er timotei det beste og einaste alternativet? Grovfôr til hest - Er timotei det beste og einaste alternativet? Tema: Innverknad av konserveringsmåte på næringsverdi TS-innhaldet i plantemassen Bruk av ensilerings/konserveringmiddel Avling, opptørking

Detaljer

TO ELLER TRE SLÅTTAR? Vågå 12. des Tor Lunnan, Nibio Løken

TO ELLER TRE SLÅTTAR? Vågå 12. des Tor Lunnan, Nibio Løken TO ELLER TRE SLÅTTAR? Vågå 12. des. 2017 Tor Lunnan, Nibio Løken KLIMA I ENDRING Årstemperatur Løken opp frå 1,6 C 1961-90 til 2,9 C 1991-2017 1961-90 1991-2017 Mai 6,8 7,2 Juni 11,7 11,5 Juli 13,1 14,3

Detaljer

Avlingsvurdering og fôrkvalitet. Tor Lunnan, Bioforsk Løken

Avlingsvurdering og fôrkvalitet. Tor Lunnan, Bioforsk Løken Avlingsvurdering og fôrkvalitet Tor Lunnan, Bioforsk Løken Avling er viktig! Grunnlaget for mjølk- og kjøttproduksjonen Grunnlag for fôrplanlegging Godt grovfôrgrunnlag er også grunnlag for god økonomi

Detaljer

Kva har FORUT gitt oss for ettertida?

Kva har FORUT gitt oss for ettertida? Kva har FORUT gitt oss for ettertida? Håvard Steinshamn Nasjonalt økomelk-seminar/avslutning FORUT-prosjektet, Rica Hell, 14-15, Januar 2015 Når skal atterveksten helst haustast? Kombinasjonen 500/500?

Detaljer

Når skal en høste økoenga for å få optimal kvalitet og samtidig ta vare på enga? Mats Höglind

Når skal en høste økoenga for å få optimal kvalitet og samtidig ta vare på enga? Mats Höglind Når skal en høste økoenga for å få optimal kvalitet og samtidig ta vare på enga? Mats Höglind Innlegg på sluttseminar i FORUT-prosjektet 14. januar 2015 God grovfôrkvalitet avgjørende for god økonomi Tidlig

Detaljer

Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.

Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema. 1 Oppdatert 16.05.09 Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.) Velkommen til Hordaland fylkeskommune sin portal

Detaljer

Kort om forutsetninger for boligbehovsprognosene

Kort om forutsetninger for boligbehovsprognosene Kort om forutsetninger for boligbehovsprognosene Framtidas bustadbehov blir i hovudsak påverka av størrelsen på folketalet og alderssamansettinga i befolkninga. Aldersforskyvingar i befolkninga forårsakar

Detaljer

Avlingsnivå, avdråttsnivå og lønsemd i økologisk mjølkeproduksjon i Trøndelag

Avlingsnivå, avdråttsnivå og lønsemd i økologisk mjølkeproduksjon i Trøndelag Avlingsnivå, avdråttsnivå og lønsemd i økologisk mjølkeproduksjon i Trøndelag 1 Håvard Steinshamn, 1 Steffen Adler, 1 Martha Ebbesvik, 1 Randi B Frøseth, 1 Tor Lunnan, 1 Torfinn Torp, 2 Birgit Tverås,

Detaljer

Avlingsregistrering på areal med miljøavtale i Aksjon Vatsvassdrag

Avlingsregistrering på areal med miljøavtale i Aksjon Vatsvassdrag Rapport 2015 Sluttrapport Avlingsregistrering på areal med miljøavtale i Aksjon Vatsvassdrag Torbjørn Ruud Håkon Pedersen Samarbeidspartar Prosjektet er eit samarbeid mellom Aksjon Vatsvassdrag og Haugaland

Detaljer

N-indeks langsiktig N-forsyning frå jord Prosjektsamandrag resultat og måloppnåing

N-indeks langsiktig N-forsyning frå jord Prosjektsamandrag resultat og måloppnåing N-indeks langsiktig N-forsyning frå jord Prosjektsamandrag resultat og måloppnåing Prosjektet starta med ein litteraturgjennomgang på området i 2012. I eit parallelt prosjekt er det laga eit oversyn over

Detaljer

Luserne kan gje god avling

Luserne kan gje god avling Luserne kan gje god avling Luserne er ein plante med stort potensial for å fiksere nitrogen og for avling. Kalktilstanden og næringsinnhaldet i jorda må vera god. I tillegg er det viktig med rett rhizobiumsmitte,

Detaljer

Luserne, aktuelt dyrkingsområde, såmengde i frøblandinger og høstesystem. Ievina Sturite og Tor Lunnan Bioforsk Nord Tjøtta Tjøtta 03.06.

Luserne, aktuelt dyrkingsområde, såmengde i frøblandinger og høstesystem. Ievina Sturite og Tor Lunnan Bioforsk Nord Tjøtta Tjøtta 03.06. Luserne, aktuelt dyrkingsområde, såmengde i frøblandinger og høstesystem Ievina Sturite og Tor Lunnan Bioforsk Nord Tjøtta Tjøtta 03.06.2014 Luserne (Medicago sativa L.) Mye brukt som fôrvekst i Sør -Europa

Detaljer

1. Det er ikkje mangel på veterinærar, men det kan verta ein mangel på dyktige produksjondyrveterinærar i deler av landet.

1. Det er ikkje mangel på veterinærar, men det kan verta ein mangel på dyktige produksjondyrveterinærar i deler av landet. Frå Den Norske Veterinærforening Til Norges Bondelag v/ forhandlingsutvalget til jordbruksforhandlingane 05.03.14 Kontaktmøte før jordbruksforhandlingane 2014 Moderne husdyrproduksjon skjer i tett samarbeid

Detaljer

Til deg som bur i fosterheim. 13-18 år

Til deg som bur i fosterheim. 13-18 år Til deg som bur i fosterheim 13-18 år Forord Om du les denne brosjyren, er det sikkert fordi du skal bu i ein fosterheim i ein periode eller allereie har flytta til ein fosterheim. Det er omtrent 7500

Detaljer

Rapport Avlingsregistrering i eng. Gjødsling med 3 kg P/daa

Rapport Avlingsregistrering i eng. Gjødsling med 3 kg P/daa Rapport 2013- Avlingsregistrering i eng. Gjødsling med 3 kg P/daa Ragnvald Gramstad Desember Innhald Innhald... 1 Samarbeidspartar... 2 Fylkesmannen i Rogaland og NLR Rogaland... 2 Samandrag... 2 Mål...

Detaljer

Matpakkematematikk. Data frå Miljølære til undervisning. Samarbeid mellom Pollen skule og Miljølære. Statistikk i 7.klasse

Matpakkematematikk. Data frå Miljølære til undervisning. Samarbeid mellom Pollen skule og Miljølære. Statistikk i 7.klasse Samarbeid mellom og Miljølære Matpakkematematikk Data frå Miljølære til undervisning Statistikk i 7.klasse Samarbeid mellom og Miljølære Lag riktig diagram Oppgåva går ut på å utarbeide ei grafisk framstilling

Detaljer

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte 07.05.2012

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte 07.05.2012 Styresak Går til: Styremedlemmer Føretak: Helse Vest RHF Dato: 24.04.2012 Sakhandsamar: Saka gjeld: Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

Detaljer

Dersom summen vert over 400 g må ein trekkje dette frå.

Dersom summen vert over 400 g må ein trekkje dette frå. 13. POLYGONDRAG Nemninga polygondrag kjem frå ein tidlegare nytta metode der ein laga ein lukka polygon ved å måle sidene og vinklane i polygonen. I dag er denne typen lukka polygon lite, om i det heile

Detaljer

«ANNONSERING I MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE»

«ANNONSERING I MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE» «ANNONSERING I MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE» FYLKESREVISJONEN Møre og Romsdal fylkeskommune RAPPORT, FORVALTNINGSREVISJONSPROSJEKT NR. 4-2000 INNHALDSREGISTER 1. INNLEIING I 2. FORMÅL 1 3. METODE OG DATAGRUNNLAG

Detaljer

FINANSRAPPORT 2. TERTIAL 2012

FINANSRAPPORT 2. TERTIAL 2012 HORDALAND FYLKESKOMMUNE Økonomiavdelinga Arkivsak 201010513-21 Arkivnr. 160 Saksh. Skeie, Ingvar Saksgang Fylkesutvalet Fylkestinget Møtedato 26.09.2012-27.09.2012 16.10.2012-17.10.2012 FINANSRAPPORT 2.

Detaljer

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid) Mikkel, Anders og Tim Pressemelding I årets Kvitebjørnprosjekt valde me å samanlikna lesevanane hjå 12-13 åringar (7. og 8.klasse) i forhold til lesevanane til 17-18 åringar (TVN 2. og 3.vgs). Me tenkte

Detaljer

Rapport prosjekt «høy til hest»

Rapport prosjekt «høy til hest» 2009-2011 Rapport prosjekt «høy til hest» Forfattarar: Ragnvald Gramstad, Norsk Landbruksrådgiving Rogaland, Postvegen 211, 4353 Klepp st. Tlf: 51 78 91 80 Fax: 51 78 91 81 Web: http://rogaland.lr.no/

Detaljer

Forskrift om bustøtte

Forskrift om bustøtte Forskrift om bustøtte DATO: FOR-2012-11-29-1283 DEPARTEMENT: KRD (Kommunal- og regionaldepartementet) PUBLISERT: I 2012 hefte 14 s 2412 IKRAFTTREDELSE: 2013-01-01 ENDRER: FOR-2009-06-19-699 GJELDER FOR:

Detaljer

Teknikk og konsentrasjon viktigast

Teknikk og konsentrasjon viktigast Teknikk og konsentrasjon viktigast Karoline Helgesen frå Bodø er bare 13 år, men hevdar seg likevel godt i bowling der teknikk og konsentrasjon er viktigare enn rein styrke. Ho var ein av dei yngste finalistane

Detaljer

FRÅSEGN MALME OG RØSHOL KRAFTVERK I FRÆNA KOMMUNE

FRÅSEGN MALME OG RØSHOL KRAFTVERK I FRÆNA KOMMUNE Side 1 Tingvoll, 21. september 2013 NVE FRÅSEGN MALME OG RØSHOL KRAFTVERK I FRÆNA KOMMUNE Naturvernforbundet har gått langs elva på den planlagde utbyggingsstrekninga 15.9.2013. Vi har ikkje gått traseen

Detaljer

Hjelp og løysingsframlegg til nokre av oppgåvene i kapittel 3

Hjelp og løysingsframlegg til nokre av oppgåvene i kapittel 3 Hjelp og løysingsframlegg til nokre av oppgåvene i kapittel 3 Oppgåver til side 130 Oppgåve B Kommenter forholdet mellom omgrep. a) Morfem, leksikalsk morfem, grammatisk morfem, bøyingsmorfem og avleiingsmorfem.

Detaljer

Årsmelding 2011-2012 Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk

Årsmelding 2011-2012 Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk Årsmelding 2011-2012 Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk Årsmeldinga frå Austevoll maritime fagskule gjev ein oppsummering av dei viktigaste funna i student

Detaljer

Rapport Helgjødsel i beite innhald av kopar og kobolt i beitegras

Rapport Helgjødsel i beite innhald av kopar og kobolt i beitegras Rapport 2014 Helgjødsel i beite innhald av kopar og kobolt i beitegras Ragnvald Gramstad NLR Rogaland Håkon Pedersen Haugaland LR Desember 2014 Innhald Innhald... 1 Samarbeidspartar... 2 Samandrag... 2

Detaljer

F o r d ø y e l i g h e t. Vente på kløveren?

F o r d ø y e l i g h e t. Vente på kløveren? Utfordringar Er det rett å vente på kløveren i førsteslått? Hvordan få god grovfôrkvalitet? Hvordan kan vi kan få opp proteinprosenten i grovfôret? Intensitet i grovfôrproduksjonen ut fra energi og proteinkrav

Detaljer

Fuglestadelva, Hå kommune

Fuglestadelva, Hå kommune Fuglestadelva, Hå kommune Fuglestadelva drenerer sørlege deler av Høg-Jæren og renn ut i sjøen ved Brusand. Elva er naturleg lakseførande opp til fossen ved Åsane (,8 km). Elva er ei av dei faste overvakingselvane

Detaljer

Beitepussing av setervollar i Oppdal Samandrag

Beitepussing av setervollar i Oppdal Samandrag Beitepussing av setervollar i Oppdal Samandrag Samandrag og oppsummering av heile prosjektet Målet med prosjektet var å få meir kunnskap om beitepussing på setervollar. Kunne pussing av vollane hjelpe

Detaljer

Lærlingundersøking om eit fagskuletilbod innan agrogastronomi på Hjeltnes. AUD-notat nr. 1-2015

Lærlingundersøking om eit fagskuletilbod innan agrogastronomi på Hjeltnes. AUD-notat nr. 1-2015 Lærlingundersøking om eit fagskuletilbod innan agrogastronomi på Hjeltnes AUD-notat nr. 1-2015 Bakgrunn og metode Undersøkinga er utført på oppdrag frå Næringsseksjonen i Hordaland fylkeskommune Bakgrunnen

Detaljer

Rapport Avlingsregistrering i eng. Gjødsling med 3 kg P/daa

Rapport Avlingsregistrering i eng. Gjødsling med 3 kg P/daa Rapport 2013 Avlingsregistrering i eng. Gjødsling med 3 kg P/daa Ragnvald Gramstad November 2013 Innhald Innhald... 1 Samarbeidspartar... 2 Samandrag... 2 Mål... 2 Bakgrunn... 2 Mijøavtalar og avlingsnivå

Detaljer

FINANSRAPPORT FOR 1. TERTIAL 2013

FINANSRAPPORT FOR 1. TERTIAL 2013 HORDALAND FYLKESKOMMUNE Økonomiavdelinga Arkivsak 201010513-27 Arkivnr. 160 Saksh. Skeie, Ingvar Saksgang Fylkesutvalet Fylkestinget Møtedato 24.05.2013 11.06.2013-12.06.2013 FINANSRAPPORT FOR 1. TERTIAL

Detaljer

DB 836 327 883 604 702 254 597 522 750 184

DB 836 327 883 604 702 254 597 522 750 184 Svineøkonomi Per Herikstad Hå Gardsrekneskapslag Peder Skåre Sparebank 1 SR-Bank Det siste året har vore prega av stort fokus på ubalanse i svinemarkedet. Overproduksjon gir lågare prisar for svineprodusentane

Detaljer

Andel og kvalitet av timotei i blandingsenger under ulike hausteregime

Andel og kvalitet av timotei i blandingsenger under ulike hausteregime 6 Andel og kvalitet av timotei i blandingsenger under ulike hausteregime Anne Kjersti Bakken 1, Tor Lunnan 2, Mats Höglind 3 1. Bioforsk Midt-Norge Kvithamar, 2. Bioforsk Øst Løken, 3. Bioforsk Vest Særheim.

Detaljer

Om utviklingsplanar for dei vidaregåande skulane i Eiksundregionen Høyring 1

Om utviklingsplanar for dei vidaregåande skulane i Eiksundregionen Høyring 1 Rolf Lystad 12.05.14 Oklavegen 4 6155 Ørsta Utdanningsavdelinga v/ståle Solgard Møre og Romsdal fylkeskommune Fylkeshuset, Julsundvegen 9 6404 Molde Om utviklingsplanar for dei vidaregåande skulane i Eiksundregionen

Detaljer

Hamar 20/ Tor Lunnan, Bioforsk Aust Løken

Hamar 20/ Tor Lunnan, Bioforsk Aust Løken Gjødsling Hamar 20/11 2008 Tor Lunnan, Bioforsk Aust Løken Høgare gjødselpris Fullgjødsel relativt dyrare P og K dyrare større verdi i husdyrgjødsel større verdi av kløver NS-gjødsel kjem inn NK-gjødsel

Detaljer

STYRESAK FORSLAG TIL VEDTAK. Styremedlemmer Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK: DATO: 24.11. 2014 SAKSHANDSAMAR: Camilla Loddervik

STYRESAK FORSLAG TIL VEDTAK. Styremedlemmer Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK: DATO: 24.11. 2014 SAKSHANDSAMAR: Camilla Loddervik STYRESAK GÅR TIL: FØRETAK: Styremedlemmer Helse Vest RHF DATO: 24.11. 2014 SAKSHANDSAMAR: Camilla Loddervik SAKA GJELD: Omdømmemåling 2014 ARKIVSAK: 2014/816/ STYRESAK: 145/14 STYREMØTE: 08.12. 2014 FORSLAG

Detaljer

mmm...med SMAK på timeplanen

mmm...med SMAK på timeplanen mmm...med SMAK på timeplanen Eit undervisningsopplegg for 6. trinn utvikla av Opplysningskontora i landbruket i samarbeid med Landbruks- og matdepartementet. Smakssansen Grunnsmakane Forsøk 1 Forsøk 2

Detaljer

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE Vedteke av kommunestyret 2. oktober 2014, sak 67/14 1 Innhold 1. Kvifor plan for bruk av nynorsk i Nissedal kommune?... 3 1.1 Bruk av nynorsk internt i organisasjonen

Detaljer

Gjenvekst avling og kvalitet Grasarter - vekstavslutning. Tor Lunnan, Bioforsk Øst Løken Foredrag Mysen Kløfta Gjennestad apr.

Gjenvekst avling og kvalitet Grasarter - vekstavslutning. Tor Lunnan, Bioforsk Øst Løken Foredrag Mysen Kløfta Gjennestad apr. Gjenvekst avling og kvalitet Grasarter - vekstavslutning Tor Lunnan, Bioforsk Øst Løken Foredrag Mysen Kløfta Gjennestad apr. 2010 kg ts/daa Tidlig førsteslått gir mye gjenvekst! 1400 Løken, felt 1, middel

Detaljer

Rapport 2012. Levande jord. Ane Harestad 1

Rapport 2012. Levande jord. Ane Harestad 1 Rapport 2012 Levande jord Ane Harestad 1 November 2012 Innhald Innhald... 2 Samandrag... 3 Samarbeidspartnarar... 3 Mål... 3 Bakgrunn... 3 Metode... 4 Tre ledd på Særheim og to ledd i Randaberg... 4 Aerob

Detaljer

Månadsbrev for Rosa september 2014

Månadsbrev for Rosa september 2014 Månadsbrev for Rosa september 2014 Oppsummering/ evaluering av september Språkutvikling Omsorg Ser at borna no stort sett er trygge både på rutinane, dei andre barna og dei vaksne på avdelinga. Dette fører

Detaljer

SEREMONIAR OG FESTAR I SAMBAND MED HUSBYGGING

SEREMONIAR OG FESTAR I SAMBAND MED HUSBYGGING Norsk etnologisk gransking Emne nr. 38 Mai 1953 SEREMONIAR OG FESTAR I SAMBAND MED HUSBYGGING Det har i eldre tid vore ymse seremoniar og festar i samband med husbygginga, og er slik ennå. Vi kjenner tolleg

Detaljer

GISKE OS øydelagd av orkanen Dagmar. Tekst: Kjell Mork Soot. Foto : Lars Petter Folkestad

GISKE OS øydelagd av orkanen Dagmar. Tekst: Kjell Mork Soot. Foto : Lars Petter Folkestad GISKE OS øydelagd av orkanen Dagmar. Tekst: Kjell Mork Soot. Foto : Lars Petter Folkestad Først i denne delen om Giske OS står skrive om korleis vi bygde stasjonsbygninga. Der står nemnt at vi rekna med

Detaljer

FOKUS. Avling og avlingskvalitet i økologisk dyrka gras-raudkløvereng samla analyse av eldre forsøksdata

FOKUS. Avling og avlingskvalitet i økologisk dyrka gras-raudkløvereng samla analyse av eldre forsøksdata www.bioforsk.no FOKUS Bioforsk I Vol. 9 I Nr. 7 I 2014 Avling og avlingskvalitet i økologisk dyrka gras-raudkløvereng samla analyse av eldre forsøksdata Håvard Steinshamn, Steffen Adler, Randi B. Frøseth,

Detaljer

KappAbel 2010/11 Oppgåver 1. runde - Nynorsk

KappAbel 2010/11 Oppgåver 1. runde - Nynorsk Reglar for poenggjeving på oppgåvene (sjå konkurransereglane) : Rett svar gir 5 poeng. Galt svar gir 0 poeng Blank gir 1 poeng. NB: På oppgåvene 3, 4, 7 og 8 får ein 5 poeng for 2 rette svar. Eitt rett

Detaljer

Melding om vedtak - Søknad om ny forlenging av frist for buplikt på bustad gnr. 64/15 i Vinje

Melding om vedtak - Søknad om ny forlenging av frist for buplikt på bustad gnr. 64/15 i Vinje Vinje kommune Næringskontoret Ånund Åkre Granåsen 66 B 1362 HOSLE Sakshands. Saksnr. Løpenr. Arkiv Dato THORCH 2011/2495 6636/2015 64/15 26.03.2015 Melding om vedtak - Søknad om ny forlenging av frist

Detaljer

Blir du lurt? Unngå anbodssamarbeid ved innkjøp

Blir du lurt? Unngå anbodssamarbeid ved innkjøp Blir du lurt? Unngå anbodssamarbeid ved innkjøp Anbodssamarbeid er blant dei alvorlegaste formene for økonomisk kriminalitet. Anbodssamarbeid inneber at konkurrentar samarbeider om prisar og vilkår før

Detaljer

Eksamensrettleiing for vurdering av sentralt gitt eksamen. 1 Organisering av sentralt gitt skriftleg eksamen

Eksamensrettleiing for vurdering av sentralt gitt eksamen. 1 Organisering av sentralt gitt skriftleg eksamen Eksamensrettleiing for vurdering av sentralt gitt eksamen Denne eksamensrettleiinga gir informasjon om sentralt gitt eksamen, og korleis denne eksamen skal vurderast. Rettleiinga skal vere kjend for elever,

Detaljer

«Ny Giv» med gjetarhund

«Ny Giv» med gjetarhund «Ny Giv» med gjetarhund Gjetarhundnemda har frå prosjektleiinga i «NY GIV I SAUEHOLDET» som HSG står bak, fått ansvar for prosjektet «KORLEIS STARTA MED GJETARHUND FOR FØRSTE GANG». Prosjektet går ut på

Detaljer

Stråling frå elektronisk kommunikasjon

Stråling frå elektronisk kommunikasjon Stråling frå elektronisk kommunikasjon Ei orientering frå Statens strålevern og Post- og teletilsynet Kva er stråling? I kvardagen omgjev vi oss med ulike typar stråling, frå både naturlege og menneskeskapte

Detaljer

Kartlegging av verksemder sitt syn på drosjetilbodet i Bergensområdet. AUD-rapport nr. 12a - 2014

Kartlegging av verksemder sitt syn på drosjetilbodet i Bergensområdet. AUD-rapport nr. 12a - 2014 Kartlegging av verksemder sitt syn på drosjetilbodet i Bergensområdet AUD-rapport nr. 12a - 2014 Bakgrunn og metode Undersøkinga er utført på oppdrag frå, og i samarbeid med, Samferdselsavdelinga i Hordaland

Detaljer

Nynorsk Institutt for lærerutdanning og skoleutvikling Universitetet i Oslo Hovudtest Elevspørjeskjema 8. klasse Rettleiing I dette heftet vil du finne spørsmål om deg sjølv. Nokre spørsmål dreier seg

Detaljer

1. Krav til ventetider for avvikla (behandla) pasientar skal i styringsdokumenta for 2015 vere:

1. Krav til ventetider for avvikla (behandla) pasientar skal i styringsdokumenta for 2015 vere: STYRESAK GÅR TIL: FØRETAK: Styremedlemmer Helse Vest RHF DATO: 16.01.2015 SAKSHANDSAMAR: Baard-Christian Schem SAKA GJELD: Differensierte ventetider ARKIVSAK: 2015/1407/ STYRESAK: 012/15 STYREMØTE: 04.02.

Detaljer

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg.

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg. JANUAR 2015! Ja, i går vart friluftsåret 2015 erklært for opna og me er alle ved godt mot og har store forhåpningar om eit aktivt år. Det gjeld å ha store tankar og arbeida medvite for å gjennomføra dei.

Detaljer

Jordarbeidingsmetodar for korndominerte

Jordarbeidingsmetodar for korndominerte 362 A. K. Bakken et al. / Grønn kunnskap 9 (2) Jordarbeidingsmetodar for korndominerte dyrkingssystem avlingseffektar Anne Kjersti Bakken 1), Trond Henriksen 2), Kjell Mangerud 3), Ragnar Eltun 2), Hugh

Detaljer

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet: Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet: Har igjen fått sps om dekninga i Sør. Veit ein meir om når utbygging av skal skje? Kor mange barn i sør får ikkje plass i nær? Svar frå administrasjonen: Vi syner til

Detaljer

Konsekvensanalyse. Vegomlegging Etnesjøen. Juni 2011. AUD-rapport nr. 12-11

Konsekvensanalyse. Vegomlegging Etnesjøen. Juni 2011. AUD-rapport nr. 12-11 Konsekvensanalyse Vegomlegging Etnesjøen Juni 2011 AUD-rapport nr. 12-11 Utgivar: Hordaland fylkeskommune, Analyse, utgreiing og dokumentasjon (AUD) http://www.hordaland.no/aud Tittel: Konsekvensanalyse

Detaljer

NTL Sentralforvaltningens representantskapsmøte 21.-22. mars 2012 Sak 3 Regnskap 2010-2011

NTL Sentralforvaltningens representantskapsmøte 21.-22. mars 2012 Sak 3 Regnskap 2010-2011 NTL Sentralforvaltningens representantskapsmøte 21.-22. mars 2012 Sak 3 Regnskap -2011 Sentralforvaltningen Til denne saka ligg desse dokumenta føre: Årsregnskap for (resultatregnskap, balanse og noter)

Detaljer

PROSJEKT BRYGGEN. RETNINGSLINJER FOR TILSKOT

PROSJEKT BRYGGEN. RETNINGSLINJER FOR TILSKOT HORDALAND FYLKESKOMMUNE Kultur- og idrettsavdelinga PROSJEKT BRYGGEN. RETNINGSLINJER FOR TILSKOT 1. Føremål Ordninga gjeld tiltak for sikring og istandsetting av verdsarvstaden Bryggen. Målsettinga er

Detaljer

Referat frå foreldremøte 06.05.14. Tjødnalio barnehage

Referat frå foreldremøte 06.05.14. Tjødnalio barnehage Referat frå foreldremøte 06.05.14. Tjødnalio barnehage Tilstade: Personalet, foreldre og Nina Helle. Kva er BTI: Stord kommune er ein av 8 kommunar som deltek i eit prosjekt som skal utarbeide ein modell

Detaljer

Rapport om målbruk i offentleg teneste 2018

Rapport om målbruk i offentleg teneste 2018 Rapport om målbruk i offentleg teneste 18 1 Innhald Om rapporten... 3 Forklaring til statistikken... 3 Resultat frå underliggjande organ... 3 Nettsider... 4 Korte tekstar (1 sider) og lengre tekstar (over

Detaljer

Endringar i den differensierte arbeidsgjevaravgifta Konsekvensar for næringslivet i Sogn og Fjordane

Endringar i den differensierte arbeidsgjevaravgifta Konsekvensar for næringslivet i Sogn og Fjordane Endringar i den differensierte arbeidsgjevaravgifta Konsekvensar for næringslivet i Sogn og Fjordane Frå 1. juli i år vert det innført eit nytt regelverk for regionalstøtte i EØS-området, noko som krev

Detaljer

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2008/2009

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2008/2009 ÅRSMELDING for Rasdalen grendalag 2008/2009 Innleiing Årsmøtet for 2007/08 vart avvikla i grendahuset 20.03.08. På dette årsmøtet vart det vedteke at det sitjande styret skulle halda fram i eitt år til.

Detaljer

SKATTEINNTEKTER 12/129-3 2012 K-

SKATTEINNTEKTER 12/129-3 2012 K- Saksframlegg Arkivsak: 12/129-3 Sakstittel: SKATTEINNTEKTER 2012 Saken skal behandles av: Formannskapet Rådmannens tilråding til vedtak: K-kode: 232 Saka blir tatt til orientering Grunnlagsdokumenter:

Detaljer

Rapport Fosforstatus i jord etter år med balansert gjødsling

Rapport Fosforstatus i jord etter år med balansert gjødsling Rapport 2017 Fosforstatus i jord etter år med balansert gjødsling Ane Harestad September 2017 Innhald Innhald... 2 Samarbeidspartar... 3 Mål... 3 Delmål... 3 Bakgrunn... 3 Gjødseldyreiningar... 3 Jordprøvepraksis...

Detaljer

Statens vegvesen. Sakshandsamar/lnnvalsnr Per Sttffen Mybrcn -55516534

Statens vegvesen. Sakshandsamar/lnnvalsnr Per Sttffen Mybrcn -55516534 30/03 '05 15:17 FAX STATEN;* VEGVESEN VEGKONT 57 65 59 36 @]002 HORDALAND FYLKESKOMMUNE! Fylkesrådmannen i Hordaland Postboks 7900 5020 BERGEN Eksp. U.off. 3 O MARS 2005 Saksh. Behandlende eining: Region

Detaljer

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA TIL LEKSJONEN Fokus: Kjøpmannen og den verdifulle perla. Tekst: Matt 13.45 Likning Kjernepresentasjon MATERIELL: Plassering: Hylle for likningar Deler: Gulleske med kvitt

Detaljer

Endringar i plan- og bygningslova (plandelen) frå 1. januar 2015

Endringar i plan- og bygningslova (plandelen) frå 1. januar 2015 BREV MED NYHENDE 06/02/2015 Endringar i plan- og bygningslova (plandelen) frå 1. januar 2015 Av advokat Anders Elling Petersen Johansen Bakgrunn Regjeringa har, etter eiga utsegn, ei målsetjing om å gjere

Detaljer

Legge til brukar. Legge til ein lærar Då det er lite utskifting på lærarar så legg eg til dei manuelt 1. Klikk Kontoredigering Legg til Manuelt

Legge til brukar. Legge til ein lærar Då det er lite utskifting på lærarar så legg eg til dei manuelt 1. Klikk Kontoredigering Legg til Manuelt Legge til brukar Legge til ein lærar Då det er lite utskifting på lærarar så legg eg til dei manuelt 1. Klikk Kontoredigering Legg til Manuelt 2. Skriv inn Fornamn, Etternamn og Klasse. Dersom programmet

Detaljer

Kursdagane 2009 Feilfrie bygg

Kursdagane 2009 Feilfrie bygg 1 Kursdagane 2009 Feilfrie bygg Arvid Dalehaug Institutt for bygg, anlegg og transport Faggruppe for bygnings- og materialteknikk Feilfrie bygg, opplæringsbehov og mål. 2 Kunnskapar om byggeteknikk Kva

Detaljer

Det æ 'kji so lett å gjera eit valg når alt æ på salg Dialektundersøking

Det æ 'kji so lett å gjera eit valg når alt æ på salg Dialektundersøking Det æ 'kji so lett å gjera eit valg når alt æ på salg Dialektundersøking Mål: Elevane skal kjenne til utbreiinga av hallingmålet i nærmiljøet. Dei skal vita noko om korleis hallingmålet har utvikla seg

Detaljer

Rapport om målbruk i offentleg teneste 2012

Rapport om målbruk i offentleg teneste 2012 Rapport om målbruk i offentleg teneste 2012 Innhold Om rapporten... 2 Forklaring til statistikken... 2 Resultat... 2 Nettsider... 2 Statistikk... 2 Korte tekstar 1 10 sider og tekstar over 10 sider...

Detaljer

Eksamen 23.05.2014. MAT1013 Matematikk 1T. Nynorsk/Bokmål

Eksamen 23.05.2014. MAT1013 Matematikk 1T. Nynorsk/Bokmål Eksamen 23.05.2014 MAT1013 Matematikk 1T Nynorsk/Bokmål Nynorsk Eksamensinformasjon Eksamenstid: Hjelpemiddel på Del 1: Hjelpemiddel på Del 2: Framgangsmåte: Rettleiing om vurderinga: Andre opplysningar:

Detaljer

3. og 4 klasse på Straumøy Gard måndag 29.09.09

3. og 4 klasse på Straumøy Gard måndag 29.09.09 3. og 4 klasse på Straumøy Gard måndag 29.09.09 Då ungdomsskulebussen stoppa i Straumøykrysset kom 3. og 4. klasse veltande ut av bussen, klar til ein ny dag på Straumøy Gard. Marta, Marie og Janna var

Detaljer

Utfordringsdokument. Status for Hjelmeland kommune, pr. oktober 2013.

Utfordringsdokument. Status for Hjelmeland kommune, pr. oktober 2013. Utfordringsdokument Basert på Folkehelsekartlegging for Hjelmeland kommune, pr. 01.10.13. (FSK-sak 116/13) Status for Hjelmeland kommune, pr. oktober 2013. DEMOGRAFI Ca. 16 % av befolkninga i Hjelmeland

Detaljer

Barnerettane i LOKALSAMFUNNET

Barnerettane i LOKALSAMFUNNET Eit undervisningsopplegg om Barnerettane i LOKALSAMFUNNET Aktivitetsark med oppgåveidear og tips til lærarane Hjelpeark med bakgrunnsinformasjon og kopieringsoriginalar DELTAKING Artikkel 12: DISKRIMINERING

Detaljer

VATN OG AVLØP I KOVSTULHEIA-RUSSMARKEN

VATN OG AVLØP I KOVSTULHEIA-RUSSMARKEN VATN OG AVLØP I KOVSTULHEIA-RUSSMARKEN Informasjonsskriv til hytteeigarar og utbyggarar innafor Kovstulheia-Russmarken Reinsedistrikt Foto: Oddgeir Kasin. Hjartdal kommune og Russmarken VA AS har som målsetting

Detaljer

1 BAKGRUNN 2 GJENNOMFØRING 3 FORSØKSOPPLEGG

1 BAKGRUNN 2 GJENNOMFØRING 3 FORSØKSOPPLEGG Avlingsregistrering økologiske eplefelt Norsk Landbruksrådgiving Sogn og Fjordane, Marianne Bøthun Norsk Landbruksrådgiving Hordaland, Liv Lyngstad Norsk Landbruksrådgiving Viken, Gaute Myren 1 BAKGRUNN

Detaljer

Raisvingel - Resultat frå rettleiings- og storskalaforsøk i Sør-Noreg.

Raisvingel - Resultat frå rettleiings- og storskalaforsøk i Sør-Noreg. L. Østrem og T. Hamar / Grønn kunnskap 9 (4) 167 Raisvingel - Resultat frå rettleiings- og storskalaforsøk i Sør-Noreg. Liv Østrem 1) (liv.ostrem@planteforsk.no) og Tønnes Hamar 2) 1) Planteforsk Fureneset

Detaljer

Delrapport 2013. Levande jord

Delrapport 2013. Levande jord Delrapport 2013 Levande jord Ane Harestad Desember 2013 Innhald Innhald... 2 Samandrag... 3 Samarbeidspartnarar... 3 Mål... 3 Bakgrunn... 3 Metode... 4 To behandlingar og tre gjentak... 4 Aerob kompostkultur

Detaljer

Styresak. Styresak 11/05 Styremøte 02.02. 2005. I føretaksmøte 17. januar 2005 blei det gjort følgjande endringar i vedtektene til Helse Vest RHF:

Styresak. Styresak 11/05 Styremøte 02.02. 2005. I føretaksmøte 17. januar 2005 blei det gjort følgjande endringar i vedtektene til Helse Vest RHF: Styresak Går til: Styremedlemmer Selskap: Helse Vest RHF Dato skriven: 25.01.2005 Sakshandsamar: Saka gjeld: Ivar Eriksen Endring av vedtekter Styresak 11/05 Styremøte 02.02. 2005 Bakgrunn I føretaksmøte

Detaljer

KONTSTRIKKING. Dersom det skal vere lue, genser, jakke eller skjørt, kan det vere naturleg å starte med ein høveleg kant og halve ruter.

KONTSTRIKKING. Dersom det skal vere lue, genser, jakke eller skjørt, kan det vere naturleg å starte med ein høveleg kant og halve ruter. KONTSTRIKKING I kontstrikking strikkar ein rute for rute omgangen rundt frå kant til kant i plagget ruterekkje for ruterekkje. Maskane på ei strikka rute blir verande på siste pinne og ein går rett over

Detaljer

Serviceskyssen - eit inkluderande tilbod 30.04.2013. Vårkonferanse Mandal 1

Serviceskyssen - eit inkluderande tilbod 30.04.2013. Vårkonferanse Mandal 1 Serviceskyssen - eit inkluderande tilbod 30.04.2013 Vårkonferanse Mandal 1 Gaular, ein flott kommune i vakre Sogn og Fjordane. 30.04.2013 Vårkonferanse Mandal 2 Gaular, med dei tre ruteområda (2.923 innbyggjarar

Detaljer

Leverandørskifteundersøkinga 2. kvartal 2007

Leverandørskifteundersøkinga 2. kvartal 2007 Leverandørskifteundersøkinga 2. kvartal 2007 Samandrag Om lag 46 400 hushaldskundar skifta kraftleverandør i 2. kvartal 2007. Dette er ein nedgang frå 1. kvartal i år då 69 700 hushaldskundar skifta leverandør.

Detaljer

KOMPETANSEHEVING FOR NYE FRUKT- OG BÆRDYRKERE

KOMPETANSEHEVING FOR NYE FRUKT- OG BÆRDYRKERE SLUTTRAPPORT FOR PROSJEKT: KOMPETANSEHEVING FOR NYE FRUKT- OG BÆRDYRKERE Prosjektet starta opp i 2012 som eit samarbeidsprosjekt mellom Hjeltnes vgs, Sogn jord og hagebruksskule, Norsk fruktrådgiving Hardanger

Detaljer

Interkommunalt samarbeid ÅLA kommunane vedr økonomisk rådgjevar Mette Hestetun Berg leiar, NAV Årdal

Interkommunalt samarbeid ÅLA kommunane vedr økonomisk rådgjevar Mette Hestetun Berg leiar, NAV Årdal NAV Årdal Interkommunalt samarbeid ÅLA kommunane vedr økonomisk rådgjevar Mette Hestetun Berg leiar, NAV Årdal ÅLA kven er me NAV, 31.10.2014 Side 2 Avstandar Årdal Lærdal 32 km (28 min) Årdal- Aurland

Detaljer

Rapport om målbruk i offentleg teneste 2017

Rapport om målbruk i offentleg teneste 2017 Rapport om målbruk i offentleg teneste 17 1 Innhald Om rapporten... 3 Forklaring til statistikken... 3 Resultat frå underliggjande organ... 3 Nettsider... 4 Korte tekstar (1 sider) og lengre tekstar (over

Detaljer

20/15 Hovudutval for teknisk, landbruk og naturforvaltning 24.04.2015. Forslag til forskriftsendring - heving av minsteareal i daa for hjort

20/15 Hovudutval for teknisk, landbruk og naturforvaltning 24.04.2015. Forslag til forskriftsendring - heving av minsteareal i daa for hjort Vågå kommune Arkivsak: 2012/162-39 Arkiv: Saksbehandlar: Laila Nersveen Utv.saksnr Utval Møtedato 20/15 Hovudutval for teknisk, landbruk og naturforvaltning 24.04.2015 Forslag til forskriftsendring - heving

Detaljer

Lotteri- og stiftingstilsynet

Lotteri- og stiftingstilsynet www.isobar.no Isobar Norge Org.nr. 990 566 445mva Pilestredet 8 / N- 0180 Oslo. hello@isobar.no Lotteri- og stiftingstilsynet - Vurdering av publiseringsløysingar basert på open kjeldekode Utarbeida for:

Detaljer

KappAbel 2010/11 Oppgåver 2. runde - Nynorsk

KappAbel 2010/11 Oppgåver 2. runde - Nynorsk Reglar for poenggjeving på oppgåvene (sjå konkurransereglane) : Rett svar gir 5 poeng. Galt svar gir 0 poeng Blank gir 1 poeng. NB: På oppgåvene 2 og 5 får ein 5 poeng for 2 rette svar. Eitt rett svar

Detaljer

Medlemsskriv nr 3-2006 17.oktober 2006

Medlemsskriv nr 3-2006 17.oktober 2006 Medlemsskriv nr 3-2006 17.oktober 2006 Ein god vekstsesong nærmar seg slutten. Ennå midt i oktober er det frodig gras og nyslåtte bakkar gras å sjå. Det har vore tørre, gode forhold for innhausting og

Detaljer