Ungdom med særlege behov

Størrelse: px
Begynne med side:

Download "Ungdom med særlege behov"

Transkript

1 Ungdom med særlege behov Rapport frå pedagogisk utviklingsprosjekt 2006 ved Nordfjord folkehøgskule Prosjektledar: Odd Harald Halse Tema: Ungdom med særlege behov Prosjektperiode: Frå januar til september 2006 Rapport fullført: Ungdom med særlege behov Innhald 1 Målsetjing og problemområde 2 Arbeidsprosess 3 Elevar og målgruppe 4 Bu- og arbeidstrening a) Historikk b) Linjetilbodet i 2006/ Kontakt med foreldre og fagmiljø 6 Opptaksprosedyre 7 Rapportering 8 Økonomisk støtte kven gir støtte til elevar med særlege behov? 9 Kontakt med andre skular 10 Spørreundersøking a) Elevar b) Personalet c) Foreldre 11 Oppsummering 1 Målsetjing og problemområde - Vurdere det tilbode vi har på Nordfjord folkehøgskule for elevar med ulike funksjonshemmingar, og vidareutvikle tilbodet for denne elevgruppa. - Klargjere økonomiske utfordringar. Kven finansierar tilrettelagt undervisning? - Vurdere om vi skal utvikle eit nytt tilbod til andre grupper av ungdomar som har behov for ekstra oppfølging. Vi trur at det siste punktet vert meir og meir aktuelt fordi det er stadig fleire som ikkje fullfører vidaregåande opplæring. I bladet Utdanning, nr oktober 2006, kan vi lese at berre kvar tredje elev fullførar vidaregåande opplæring etter fem år, og Utdanningsforbundet vil gå til kamp mot fråfallet. 1

2 2 Arbeidsprosess Eg har jobba med prosjektet på følgjande måte: - drøfta vårt linjetilbod med lærarane på linja Bu- og arbeidstrening - samtalar med personalet på andre skular som har liknande linjetilbod - gjennomført spørjeundersøking blant alle elevane ved skulen, personalet og nokre foreldra til barn med funksjonshemming - samtalar med elevar på linja Bu- og arbeidstrening 3 Elevar og målgruppe Elevgruppene som vi her tenker på er: Ungdom med ulike funksjonshemmingar. Denne gruppa har vi i nokre år hatt ei eiga linje for som heiter Bu- og arbeidstrening. Eit eventuelt nytt tilbod tenkjer vi i høve til elevar som droppar ut av den vidaregåande skulen. Her tenkjer vi på elevar med ADHD, resurssvake elevar, skulelei ungdom osv. Målgruppa for prosjektarbeidet er lærarar og andre tilsette ved skulen som arbeidar med desse elevane. 4 Bu- og arbeidstrening a) Historikk På Nordfjord folkehøgskule har vi ein lang tradisjon på å integrere elevar med spesielle behov. I dei 15 siste åra har vi kvart år hatt ein eller fleire psykisk utviklingshemma elevar (Autisme, Downs syndrom, Prader Willi syndrom). I tillegg til nokre psykisk utviklingshemma elevar har vi hatt mange elevar med mindre funksjonshemmingar, konsentrasjonsvanskar, sosiale vanskar osv. Fram til år 2001 fekk kvar enkelt elev eit individuelt tilpassa opplegg, der eleven var mest mogleg integrerte i ei av dei valege linjene ved skulen. Frå hausten 2001 oppretta vi ei eiga linje for elevar med ulike funksjonshemmingar. Linja fekk namnet; Bu- og arbeidstrening. b) Linjetilbodet i 2006/2007 Denne informasjon er henta frå vår skulekatalog for 2006/2007. Dersom du treng litt ekstra trening før du flyttar i eigen bustad, kan dette vere linja for deg. Her har vi fokus på sosialt fellesskap og meistring av dei mange utfordringane som du møter i kvardagen. Dette er eit tilbod for ungdom med ulike funksjonshemmingar. Undervisninga på linja tek utgangspunkt i dine evner og føresetnader. I samarbeid med heimen og hjelpeapparatet i heimkommunen din utarbeider vi ein individuell opplæringsplan for deg. Du får trening for eit mest mogleg sjølvstendig liv i eigen bustad gjennom opplæring i aktivitetar i dagleglivet. Ein viktig del av undervisningstilbodet er arbeidstrening innan trearbeid og handverksfag. Elevane på Bu- og arbeidstrening får delta på turar saman med dei som går på friluftslivlinjene. Inkluderande fellesskap Deltaking i det sosiale livet på folkehøgskulen er ein viktig del av tilbodet. På internatet bur 2

3 omlag 100 elevar, og her kan du delta i ulike aktivitetar og oppleve sosialt fellesskap. Skulen har sju stipendiatar som arbeider som miljøarbeidarar/støttekontaktar. På kveldstid og i helgane vil dei legge til rette for aktivitetar og sosialt samvær. Organisering Linja har plass til maksimum seks elevar. Innhaldet i undervisninga vil variere noko frå år til år ut frå gruppesamansetjing og storleik. Individuelle føresetnader og målsetjingar vil og spele ei rolle. Undervisninga blir organisert i einetimar og linjetimar. Nokre valfag og fellesfag har du saman med elevar frå dei andre linjene. Linja i stikkord Romvask - rydde, støvsuge og vaske eige rom Klevask - sortere, vaske og tørke klede - opplæring i bruk av vaskemaskin og tørketrommel - orden i klesskap Personleg hygiene Matlaging - lage enkle måltid - baking Personleg økonomi - oversyn over eigen økonomi - kjøpe inn varer til matlaging - kjøpe artiklar til personleg hygiene Arbeidstrening - ulike oppgåver innan trearbeid: Utforming, boring, skruing, pussing, lakking og maling - lage til kveldsmat på hovudkjøkkenet Fysisk aktivitet - aktivitetar i gymsal - ballspel ute og inne - spaserturar - riding - symjing - balanse, styrke og koordinasjon Friluftsliv - tilpassa turar i nærmiljøet for linja - kystveke saman med ei av friluftslivlinjene - fellesturar for heile skulen Norsk/data - lese nyhende i aviser og på internett - lage minnebok med tekst og bilde av opplevingar frå skuleåret - ha kontakt med slekt og vener via e-post - skrivetrening handskrift/data ut frå tema som går over ei veke Musikk - song og samspel med rytmeinstrument Teikning/maling - teikning med sjablongar - frihandsteikning - måling 3

4 Sosial trening - gjennom deltaking i felles måltid, elevkveldar, miljøaktivitetar, fellesundervisning og bufellesskap - ved å bruke nærmiljøet t.d. gjennom bibliotek- og kafebesøk 5 Kontakt med foreldre og fagmiljø I høve til elevar på Bu- og arbeidstrening er det ekstra viktig å utveksle informasjon mellom skule og foreldre. Det kan ofte vere mykje viktig informasjon i høve til blant anna medisin, sosialt samspel og kognitive vanskar. Foreldra sitter på mykje detaljkunnskap om eleven, og det er viktig at dei får formidle informasjonen til personalet. Før skulestart må vi også få informasjon frå fagmiljø som PPT, BUP, Barnehabilitering, og avgjevarskule. I løpet av skuleåret set vi i utgangspunktet opp to møter med foreldre og fagmiljø, pluss telefonsamtalar ved behov. 6 Opptaksprosedyre Ei vanleg opptaksprosedyre for elevar på Bu- og arbeidstrening kan sjå slik ut: 1) Foreldre, avgjevarskule eller PPT tar kontakt med folkehøgskulen. 2) Vi får tilsendt informasjon om eleven. 3) Eleven, saman med foreldre og t.d. avgjevarskule eller PPT, kjem på besøk til folkehøgskulen. 4) Vi setter opp eit ressurskrav ut i frå behov for tilrettelagt tilbod. 5) Når ressurssøknaden er godkjend får eleven tilbod om skuleplass under føresetnad av at der er ledig plass. Vi tar inn inntil seks elevar på linja. For kvart enkelt tilfelle må vi vurdere om vi har ressursar og kompetanse til å gi vedkomande eit trygt og godt tilbod 24 timar i døgnet. 7 Rapportering For kvar enkelt elev vert det utarbeid ein individuell opplæringsplan - IOP. I januar og juni sender vi fyldige halvårsrapportar til foreldre, PPT og fylkeskommune. Halvårsrapporten inneheld mål, innhald og vurdering for både fagleg og sosial utvikling. 8 Økonomisk støtte Tilbodet på denne linja krev ekstra økonomiske ressursar frå heimkommune/fylke. Kor mykje ekstra ressursar folkehøgskulen må ha avheng av kor tett oppfølging eleven må ha. Må eleven ha hjelp ved måltid, personleg hygiene, eiga nattevakt, kan eleven vere med på fellesfag, valfag, må han ha mange einetimar osv. Vår erfaring er at elevar kan få støtte frå enten fylkeskommunen (før dei har brukt opp sitt vidaregåande tilbod, under 20 år) eller trygdeetaten (når dei er ferdige med vidaregåande skule, over 20 år). Frå fylkeskommunen får vi økonomisk støtte når fylkeskommunen godkjenner at eleven får gå på folkehøgskule som eit ledd i den vidaregåande skule. Dette vert gitt ut frå rettane i opplæringslova 3.1 (inntak på særskild grunnkurs) og 5.1 (spesialundervisning). Frå trygdeetaten kan vi få stønad til opplæringstiltak når dei finn at tilbode kan godkjennast som hensiktsmessig tiltak til betring av den alminnelege funksjonsevna. Dette vert gitt ut frå 4

5 rettane i folketrygdlova 10-6 og 10-7, med tilhøyrande forskrifter. 9 Kontakt med andre skular Det er ofte ein vanskeleg og lang kamp for å få ekstra ressursar til funksjonshemma elevar. For å få hjep og råd har eg teke nokre telefonar til andre skular som har liknande linjer for elevar med særlege behov. Dei har mykje av dei same erfaringane som oss; at det kan vere ein lang kamp og at nokre fylker gir støtte medan andre fylker ikkje gir støtte til eit vidaregåande år i folkehøgskule. Våren 2006 skulle eg delta på eit NKF seminar i Hurdal, som hadde temaet: Seminar og erfaringsdeling om botrening. Denne samlinga vart det for få som melde seg på og den vart avlyst. 10 Spørreundersøking Eg laga to spørjeskjema. Det eine delte eg ut til alle elvane og personalet ved skulen. Det andre spørjeskjemaet sendte eg ut til dei foreldra som hadde elevar på Bu- og arbeidstrening. Ut i frå tilbakemeldingane har eg fått bekrefta at det er lett å misforstå spørsmål. Det var ei stor svakheit ved skjemaet at eg brukte mange begrep som t.d. lærevanskar, åtferdsvanskar, lett psykisk utviklingshemma, ADHD, utan å definere dei. Her er dei viktigaste resultata frå undersøkinga. a) Elevar Elevane svara slik på tre av spørsmåla: 1) Bør skulen ha eit tilbod for elevar med særlege behov? Ja = 86, Nei = 0 2) Bør vi ha to ulike tilbod. Eit tilbod for elevar med lærevanskar og eit tilbod for elevar med åtferdsvanskar? a) berre lærevanskar = 10 b) berre åtferdsvanskar = 7 c) to ulike tilbod = 57 d) ikkje noko tilbod for elevar med spesielle behov = 5 3) Kva trur du er viktigast for ein elev med særskilde behov? a) å ha eit eige tilbod på skulen = 22 b) å vere med ei friluftslivlinje på nokre få turar = 47 c) å få vere mest mogleg integrert på ei av friluftslivlinjene = 20 b) Personalet Personalet svara slik på tre av spørsmåla: 1) Bør skulen ha eit tilbod for elevar med særlege behov? Ja = 21, Nei = 0 2) Bør vi ha to ulike tilbod. Eit tilbod for elevar med lærevanskar og eit tilbod for elevar med åtferdsvanskar? a) berre lærevanskar = 8 b) berre åtferdsvanskar = 0 c) to ulike tilbod = 9 d) ikkje noko tilbod for elevar med spesielle behov = 0 3) Kva trur du er viktigast for ein elev med særskilde behov? a) å ha eit eige tilbod på skulen = 9 b) å vere med ei friluftslivlinje på nokre få turar = 7 c) å få vere mest mogleg integrert på ei av friluftslivlinjene = 0 5

6 c) Foreldre I skjemaet til foreldra som hadde elevar på Bu- og arbeidstrening, hadde eg teke bort spørsmåla som gjekk på kva type funksjonshemming vi bør lage tilbod for. Eg tok bort dette spørsmålet fordi vi veit at alle foreldre ynskjer eit tilbod til deira funksjonshemma barn, uavhengig om dei har lærevanskar, åtferdsvanskar eller sosiale vanskar. Eg fekk inn svar frå to av fire utsende skjema. 1) Bør skulen ha eit tilbod for elevar med særlege behov? Ja = 2, Nei = 0 Dei andre spørsmåla til foreldra var opne spørsmål der vi fekk tibakemildingar som: - fint å få delta i livet på folkehøyskole og samtidig få hjelp til vidareutvikling frå eget ståsted - viktig at hver elev får et opplegg som er tilpasset seg sjølv - musikkterapitilbudet er svært bra - tilbudet treffer de viktigste læringsmål: - praktisk og personlig selvstendiggjøring, - en fantastisk situasjon for sosialisering og inkludering - viktig at eleven ikkje får velje vekk noe som han har ekstra behov for med tanke på videre utvikling - det beste som har hendt i min sønns liv 11 Oppsummering Nordfjord folkehøgskule skal også i dei neste åra ha eit tilbod for ungdom med særlege behov. Vi ser at det er svært viktig for denne gruppa å få vere midt i eit sosialt og aktivt ungdomsmiljø. For desse elevane er inkludering på turar saman med friluftslivlinjene viktig, men det viktigaste er at dei får eit godt tilrettelagt tilbod på skulen. Det er ikkje teke nokon konklusjon i høve til om vi skal gå ut med eit eige tilbod til ungdom med åtferdsvanskar. Det er mange i personalet som trur at det kan vere vanskeleg å inkludere elevar med åtferdsvanskar i eit internatmiljø, og vi har erfart at det på folkehøgskulen er gode rammer for å inkludere elevar som er psykisk utviklingshemma. 6

Det æ 'kji so lett å gjera eit valg når alt æ på salg Dialektundersøking

Det æ 'kji so lett å gjera eit valg når alt æ på salg Dialektundersøking Det æ 'kji so lett å gjera eit valg når alt æ på salg Dialektundersøking Mål: Elevane skal kjenne til utbreiinga av hallingmålet i nærmiljøet. Dei skal vita noko om korleis hallingmålet har utvikla seg

Detaljer

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK FRIDOM TIL Å TENKJE OG MEINE KVA DU VIL ER EIN MENNESKERETT Fordi vi alle er ein del av ein større heilskap, er evna og viljen til å vise toleranse

Detaljer

Til deg som bur i fosterheim. 13-18 år

Til deg som bur i fosterheim. 13-18 år Til deg som bur i fosterheim 13-18 år Forord Om du les denne brosjyren, er det sikkert fordi du skal bu i ein fosterheim i ein periode eller allereie har flytta til ein fosterheim. Det er omtrent 7500

Detaljer

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014 Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014 (Nynorsk) Du skal IKKJE skrive namnet ditt på nokon av sidene i dette spørjeskjemaet. Vi vil berre vite om du er jente eller gut og kva for klasse du går i.

Detaljer

Mobbeplan Harøy skule 2006/2007

Mobbeplan Harøy skule 2006/2007 Mobbeplan Harøy skule 2006/2007 Førebygging 1.1 Skulemiljøet Ein venleg og integrerande skule er naudsynt for å oppnå eit godt læringsmiljø, både fagleg og sosialt. Skulen skal vere ein trygg og triveleg

Detaljer

Informasjon til elevane

Informasjon til elevane Informasjon til elevane Skulen din er vald ut til å vere med i undersøkinga RESPEKT. Elevar ved fleire skular deltek i undersøkinga, som vert gjennomført av Læringsmiljøsenteret ved Universitetet i Stavanger.

Detaljer

Plan for overgangar. for barn og unge

Plan for overgangar. for barn og unge Plan for overgangar for barn og unge Os 2011 Frå Kvalitetsplan oppvekst og kultur Mål Alle born og unge skal oppleva gode overgangar der ein sikrar kontinuitet og heilskap i opplæringa og oppfølginga.

Detaljer

Minnebok. Minnebok NYNORSK

Minnebok. Minnebok NYNORSK Minnebok NYNORSK 1 Minnebok Dette vesle heftet er til dykk som har mista nokon de er glad i. Det handlar om livet og døden, og ein del om korleis vi kjenner det inni oss når nokon dør. Når vi er triste,

Detaljer

Nynorsk Institutt for lærerutdanning og skoleutvikling Universitetet i Oslo Hovudtest Elevspørjeskjema 8. klasse Rettleiing I dette heftet vil du finne spørsmål om deg sjølv. Nokre spørsmål dreier seg

Detaljer

Rektorforum 15. april

Rektorforum 15. april Til Skolen v/ rektor IKF-Rundskriv 06-2008 Oslo, 18. februar 2008 Rektorforum 15. april Viser til særmøte under rektorsamlinga i Tromsø i januar. Der vart det bedt om at IKF arrangerer eit rektorforum

Detaljer

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv. Særemne 3-100 år med stemmerett I 2013 er det hundre år sidan alle fekk stemmerett i Noreg. På Norsk Folkemuseum arbeider vi i desse dagar med ei utstilling som skal opne i høve jubileet. I 2010 sendte

Detaljer

Norsk etnologisk gransking Oslo, februar 2015 Norsk Folkemuseum Postboks 720 Skøyen 0214 Oslo E-post: eli.chang@norskfolkemuseum.

Norsk etnologisk gransking Oslo, februar 2015 Norsk Folkemuseum Postboks 720 Skøyen 0214 Oslo E-post: eli.chang@norskfolkemuseum. Norsk etnologisk gransking Oslo, februar 2015 Norsk Folkemuseum Postboks 720 Skøyen 0214 Oslo E-post: eli.chang@norskfolkemuseum.no Spørjeliste nr. 253 Fadderskap Den som svarar på lista er samd i at svaret

Detaljer

Melding til fylkeskommunen om elevar etter 6-17 Fortrinnsrett for søkjarar med sterkt nedsett funksjonsevne

Melding til fylkeskommunen om elevar etter 6-17 Fortrinnsrett for søkjarar med sterkt nedsett funksjonsevne Melding til fylkeskommunen om elevar etter 6-17 Fortrinnsrett for søkjarar med sterkt nedsett funksjonsevne Skule Kontaktperson Namn på søkjar Kommune Personnummer 6-17 Fortrinnsrett for søkjar med sterkt

Detaljer

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE Alle vaksne i Lyefjell barnehage arbeider for at det enkelte barn opplever at: Du er aktiv og tydelig for meg Du veit at leik og venner er viktige for

Detaljer

Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.

Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema. 1 Oppdatert 16.05.09 Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.) Velkommen til Hordaland fylkeskommune sin portal

Detaljer

3 Gjer setningane om til indirekte tale med verba i preteritum. Han fortalde: Ho bur på Cuba. Han fortalde at ho budde på Cuba.

3 Gjer setningane om til indirekte tale med verba i preteritum. Han fortalde: Ho bur på Cuba. Han fortalde at ho budde på Cuba. LEDDSETNINGAR 1 Gjer setningane om til forteljande leddsetningar. Carmen er kona hans. Luisa går på skule i byen. Leo er tolv år. Ålesund er ein fin by. Huset er raudt. Det snør i dag. Bilen er ny. Arne

Detaljer

Sandeid skule SFO Årsplan

Sandeid skule SFO Årsplan SFO Årsplan Telefon: 48891441 PRESENTASJON AV SANDEID SKULE SIN SFO SFO er eit tilbod til elevar som går på i 1. til 4. klasse. Rektor er leiar av tilbodet. Ansvaret for den daglege drifta er delegert

Detaljer

Page 1 of 7 Forside Elevundersøkinga er ei nettbasert spørjeundersøking der du som elev skal få seie di meining om forhold som er viktige for å lære og trivast på skolen. Det er frivillig å svare på undersøkinga,

Detaljer

Informasjonsbrosjyre SOGNDAL STUDENTBARNEHAGE

Informasjonsbrosjyre SOGNDAL STUDENTBARNEHAGE Informasjonsbrosjyre SOGNDAL STUDENTBARNEHAGE SOGNDAL STUDENTBARNEHAGE Sogndal Studentbarnehage er ein privat barnehage, som vert driven av Studentsamskipnaden i Sogn og Fjordane (SISOF), velferdsorganisasjonen

Detaljer

Ungdom og regional utvikling i Nordhordland Spørjeundersøking 2011. Analyse, utgreiing og dokumentasjon (AUD) AUD-rapport nr 7 2011

Ungdom og regional utvikling i Nordhordland Spørjeundersøking 2011. Analyse, utgreiing og dokumentasjon (AUD) AUD-rapport nr 7 2011 Ungdom og regional utvikling i Nordhordland Spørjeundersøking 2011 Analyse, utgreiing og dokumentasjon (AUD) AUD-rapport nr 7 2011 1 2 Metode Undersøkinga er utført av Analyse, utgreiing og dokumentasjon

Detaljer

Prosedyre Barn med nedsett funksjonsevne i Stord kommune

Prosedyre Barn med nedsett funksjonsevne i Stord kommune Prosedyre Barn med nedsett funksjonsevne i Stord kommune Gjeld frå august 2015 1. BARN MED NEDSETT FUNKSJONSEVNE Barn med nedsett funksjonsevne kan ha trong for særleg tilrettelegging av fysiske og personalmessige

Detaljer

Skal skal ikkje. Det startar gjerne med ein vag idé eller ein draum om å bruka interessene dine og kompetansen din på nye måtar på garden din.

Skal skal ikkje. Det startar gjerne med ein vag idé eller ein draum om å bruka interessene dine og kompetansen din på nye måtar på garden din. Skal skal ikkje Har du ein draum om å driva Inn på tunet verksemd? Gjennom dette kapittelet i netthandboka får du tankehjelp og praktisk hjelp i dei første fasane mot etablering; frå draum til forretningsplan.

Detaljer

Temakveld - rus. Vel møtt, til skulens første russeminar for føresette (?).

Temakveld - rus. Vel møtt, til skulens første russeminar for føresette (?). Temakveld - rus Vel møtt, til skulens første russeminar for føresette (?). Spesiell takk til dei som skal bidra: Elevane, ved repr. frå elevrådet. Kommunalt «rusteam» ved Geir Sæther Politiet ved Pål Inge

Detaljer

Telenor Xtra Hødd. Hødd Fotballfritidsordning ønskjer å inkludere ALLE i eit utviklingsorientert og godt miljø. Søknadsfrist

Telenor Xtra Hødd. Hødd Fotballfritidsordning ønskjer å inkludere ALLE i eit utviklingsorientert og godt miljø. Søknadsfrist Telenor Xtra Hødd Hødd Fotballfritidsordning ønskjer å inkludere ALLE i eit utviklingsorientert og godt miljø. Telenor Xtra FFO er eit samarbeid mellom Telenor og Norges Fotballforbund. Tilbodet gjeld

Detaljer

IKT-kompetanse for øvingsskular

IKT-kompetanse for øvingsskular Notat / Svein Arnesen IKT-kompetanse for øvingsskular Spørjeundersøking ved Vartdal skule VOLDA Forfattar Ansvarleg utgjevar ISSN Sats Distribusjon Svein Arnesen Høgskulen i Volda -7 Svein Arnesen http://www.hivolda.no/fou

Detaljer

Rådgjevarkonferanse 2009

Rådgjevarkonferanse 2009 Rådgjevarkonferanse 2009 Vidaregåande opplæring Sogn og Fjordane fylkeskommune Opplæringsavdelinga Inntak og formidling Askedalen 2 6863 Leikanger Telefon 57 65 62 99 etter Vg2 Design og duodji Gravørfaget

Detaljer

Søking til skuleåret 2012-2013

Søking til skuleåret 2012-2013 Søking til skuleåret 2012-2013 Opplæringsavdelinga, inntak og formidling Rådgjevarkonferansen 2011 Korleis søkjer du? Du søkjer og svarar på vigo.no, logg inn med MinID Søknadsfrist: 1. mars for ordinært

Detaljer

Individuell opplæringsplan

Individuell opplæringsplan Skolen sitt namn: Alle felt der du kan skrive merkast når du sett musepeikar inn på venstre side i feltet. Ikkje offentleg, Jfr. off. lov 13, Fvl 13 Individuell opplæringsplan IOP Halvårsevaluering Årsevaluering

Detaljer

Overgangsplan barnehage - skule i Stord kommune

Overgangsplan barnehage - skule i Stord kommune Overgangsplan barnehage - skule i Stord kommune Planen er administrativt vedteken og gjeldande frå 01.01.2013 Innleiing Bakgrunn for overgangsplanen Kunnskapsdepartementet tilrår at o Barnehagen vert avslutta

Detaljer

6. trinn. Veke 24 Navn:

6. trinn. Veke 24 Navn: 6. trinn Veke 24 Navn: Takk for ei fantastisk fin førestilling i går! Det var veldig kjekt å sjå dykk, både på formiddagen og på ettermiddagen. Eg vart veldig stolt! No må vi få rydda opp og pakka litt

Detaljer

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT Språkrådet Landssamanslutninga av nynorskkommunar Nynorsk kultursentrum 17. mars 2011 Undersøking om målbruken i nynorskkommunar er eit samarbeid mellom

Detaljer

Barnerettane i LOKALSAMFUNNET

Barnerettane i LOKALSAMFUNNET Eit undervisningsopplegg om Barnerettane i LOKALSAMFUNNET Aktivitetsark med oppgåveidear og tips til lærarane Hjelpeark med bakgrunnsinformasjon og kopieringsoriginalar DELTAKING Artikkel 12: DISKRIMINERING

Detaljer

BRUKARUNDERSØKING 2008 - MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR

BRUKARUNDERSØKING 2008 - MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR TIME KOMMUNE Arkiv: K1-070, K3-&32 Vår ref (saksnr.): 08/1355-6 JournalpostID: 08/14810 Saksbeh.: Helge Herigstad BRUKARUNDERSØKING 2008 - MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR Saksgang: Utval Saksnummer

Detaljer

Samfunnstryggleik eit felles ansvar ei historie frå dei kommunale tenestene

Samfunnstryggleik eit felles ansvar ei historie frå dei kommunale tenestene Kva når hjelpa ikkje helper? Samfunnstryggleik eit felles ansvar ei historie frå dei kommunale tenestene Ansvar! Eit ansvar for samfunnstryggleiken Der er vi kvar dag! Vi kjenner på ansvar, vi har ansvar

Detaljer

Rådgjevarkonferanse 2010

Rådgjevarkonferanse 2010 Rådgjevarkonferanse 2010 Sogn og Fjordane fylkeskommune Opplæringsavdelinga Inntak og formidling Askedalen 2 6863 Leikanger Telefon 57 65 62 99 Logg inn på vigo.no med MinID Alle må bruke MinID for å

Detaljer

Spørjegransking. Om leselyst og lesevanar ved Stranda Ungdomsskule. I samband med prosjektet Kvitebjørnen.

Spørjegransking. Om leselyst og lesevanar ved Stranda Ungdomsskule. I samband med prosjektet Kvitebjørnen. Spørjegransking Om leselyst og lesevanar ved Stranda Ungdomsskule I samband med prosjektet Kvitebjørnen. Anne Grete, Kristin, Elisabet, Jørgen i 10.klasse ved Sunnylven skule 2012/13 1 2 Innhaldsliste

Detaljer

www.hordaland.no Nytt HFK Intranett

www.hordaland.no Nytt HFK Intranett Nytt HFK Intranett Vår digitale kvardag Gode medarbeidar! Fylkesrådmann Paul M. Nilsen Både på jobb og privat brukar dei fleste av oss PC til ei lang rekkje oppgåver. Å meistra bruk av digitale verktøy

Detaljer

Referat frå foreldremøte 06.05.14. Tjødnalio barnehage

Referat frå foreldremøte 06.05.14. Tjødnalio barnehage Referat frå foreldremøte 06.05.14. Tjødnalio barnehage Tilstade: Personalet, foreldre og Nina Helle. Kva er BTI: Stord kommune er ein av 8 kommunar som deltek i eit prosjekt som skal utarbeide ein modell

Detaljer

Eksempel frå Stord kommune

Eksempel frå Stord kommune Eksempel frå Stord kommune Evaluering andre driftsår Pr. 31.08.2004 1.0 Innleiing Springbrettet eit samarbeidsprosjekt for ungdom vart starta 01.08.02 med sluttdato 31.07.05. Prosjektet skal evaluerast

Detaljer

Kvifor vèl folk å busetje seg i kommuna vår?

Kvifor vèl folk å busetje seg i kommuna vår? Kvifor vèl folk å busetje seg i kommuna vår? Innlevert av 7B ved Bergsøy skule (Herøy, Møre og Romsdal) Årets nysgjerrigper 2015 Vi i klasse 7B har mange ulike ting vi lurer på, og synes det høyrdes spanande

Detaljer

Trudvang skule og fysisk aktivitet

Trudvang skule og fysisk aktivitet Trudvang skule og fysisk aktivitet Eit heilskapleg system for dagleg FysAk for alle i eit folkehelse- og pedagogisk perspektiv gjennomført av kompetent personale Bjarte Ramstad rektor Trudvang skule 1

Detaljer

Til bruk i utviklingssamtale på 8. trinnet. Samtaleguide om lesing

Til bruk i utviklingssamtale på 8. trinnet. Samtaleguide om lesing Til bruk i utviklingssamtale på 8. trinnet Samtaleguide om lesing Innleiing Samtaleguiden er meint som ei støtte for opne samtalar mellom lærar, elev og foreldre. Merksemda blir retta mot lesevanar, lesaridentitet

Detaljer

Heile IOP skal arkiverast i elevmappa i P360

Heile IOP skal arkiverast i elevmappa i P360 Videregående opplæring RETTLEIAR TIL UTFYLLING AV INDIVIDUELL OPPLÆRINGSPLAN(IOP) Dette dokumentet, mal for IOP, inneheld 3 delar. Del 1: skal fyllast ut av kontaktlærar. Den generelle delen skal innhalde

Detaljer

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014 Månadsbrev for GRØN mars/april 2014 Oppsummering/ evaluering av mars/april Mål og innhald april I mars har me hatt fokus på språk. Me har hatt språksamlingar saman med Rosa kvar veke, der har me sett på

Detaljer

Kvifor kan ikkje alle krølle tunga? Nysgjerrigperprosjekt 5.- 7.kl 2008. Davik Oppvekst

Kvifor kan ikkje alle krølle tunga? Nysgjerrigperprosjekt 5.- 7.kl 2008. Davik Oppvekst Kvifor kan ikkje alle krølle tunga Nysgjerrigperprosjekt 5.- 7.kl 2008. Davik Oppvekst Innhaldsliste: Framside med problemstilling Hypoteser Plan Spørjeskjema Arbeid med prosjektet Kjønn Trening Alder

Detaljer

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING HANDLINGSPLAN MOT MOBBING Skulen skal ved førebyggjande tiltak forhindre at elevar blir utsett for mobbing. Skulen sine rutinar skal avdekkje om mobbing føregår Skulen skal følgje opp mobbar og mobbeoffer

Detaljer

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid) Mikkel, Anders og Tim Pressemelding I årets Kvitebjørnprosjekt valde me å samanlikna lesevanane hjå 12-13 åringar (7. og 8.klasse) i forhold til lesevanane til 17-18 åringar (TVN 2. og 3.vgs). Me tenkte

Detaljer

INFORMASJONSHEFTE OM Flatdal barnehage

INFORMASJONSHEFTE OM Flatdal barnehage INFORMASJONSHEFTE OM Flatdal barnehage Seljord kommune Adresse: Flatdalsvegen 1139, 3841 Flatdal Telefon: 350 51365 E-post: heddeli.barnehage@seljord.kommune.no Styrar: Kristin Gaarder Opningstid: Måndag

Detaljer

Velkomen til minifolkehøgskule i Nordfjord

Velkomen til minifolkehøgskule i Nordfjord Velkomen til minifolkehøgskule i Nordfjord Kjære foreldre, føresette, søsken og vener! I 8 månader har de fått rapport etter rapport frå Nordfjordeleven dykkar. Om flotte fjelltoppar. Store bølgjer. Hav

Detaljer

TENESTEOMTALE FOR STORD KULTURSKULE. Sist redigert 15.06.09

TENESTEOMTALE FOR STORD KULTURSKULE. Sist redigert 15.06.09 TENESTEOMTALE FOR STORD KULTURSKULE Sist redigert 15.06.09 VISJON TILTAK Stord kulturskule skal vera eit synleg og aktivt kunstfagleg ressurssenter for Stord kommune, og ein føregangsskule for kunstfagleg

Detaljer

Brukarrettleiing E-post lesar www.kvam.no/epost

Brukarrettleiing E-post lesar www.kvam.no/epost Brukarrettleiing E-post lesar www.kvam.no/epost Kvam herad Bruka e-post lesaren til Kvam herad Alle ansatte i Kvam herad har gratis e-post via heradet sine nettsider. LOGGE INN OG UT AV E-POSTLESAREN TIL

Detaljer

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg.

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg. JANUAR 2015! Ja, i går vart friluftsåret 2015 erklært for opna og me er alle ved godt mot og har store forhåpningar om eit aktivt år. Det gjeld å ha store tankar og arbeida medvite for å gjennomføra dei.

Detaljer

Retten til spesialundervisning

Retten til spesialundervisning Retten til spesialundervisning Elevens individuelle rett til spesialundervisning Gunda Kallestad OT/PPT Opplæringslova 5-1, første ledd Elevar som ikkje har, eller som ikkje kan få tilfredsstillande utbytte

Detaljer

INFORMASJON HJELPEINSTANSANE

INFORMASJON HJELPEINSTANSANE INFORMASJON OM HJELPEINSTANSANE for barnehage og skule Ål kommune I dette heftet er det samla informasjon om hjelpeinstansar som samarbeider med barnehage og skule. Desember 2014 PPT FOR ÅL OG HOL Pedagogisk-psykologisk

Detaljer

VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE I SELJORD

VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE I SELJORD VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE I SELJORD Vedtatt av Seljord formannskap i sak 20/12, 9.2.2012. Administrativt revidert 1.september 2014 1. Eigar- og driftsforhold. Seljord kommune eig og driv barnehagane i

Detaljer

Unner du borna det unike? Runde kystleirskule

Unner du borna det unike? Runde kystleirskule Unner du borna det unike? Runde kystleirskule Runde kystleirskule Stupbratte klipper med yrande liv. Grøne bakkar mot djupblått hav. Eit samfunn omkransa av skumsprøyt. Idyllisk busetnad, men også ei dramatisk

Detaljer

Psykologisk førstehjelp i skulen

Psykologisk førstehjelp i skulen Psykologisk førstehjelp i skulen Fagnettverk for psykisk helse Sogndal 21. mars 2014 Solrun Samnøy, prosjekt leiar Psykologisk førstehjelp Sjølvhjelpsmateriell laga av Solfrid Raknes Barneversjon og ungdomsversjon

Detaljer

BARN SOM PÅRØRANDE NÅR MOR ELLER FAR ER PÅ SJUKEHUS

BARN SOM PÅRØRANDE NÅR MOR ELLER FAR ER PÅ SJUKEHUS BARN SOM PÅRØRANDE NÅR MOR ELLER FAR ER PÅ SJUKEHUS BARN OG UNGDOM SINE REAKSJONAR I denne brosjyra finn du nyttige tips for deg som er innlagt, og har barn under 18 år. Når ein i familien vert alvorleg

Detaljer

Internasjonal vidaregåande skule

Internasjonal vidaregåande skule Internasjonal vidaregåande skule Tilbod om eit skuleår i utlandet Elevar som tek Vg1 på Studiespesialiserande utdanningsprogram i år, kan ta Vg2 i Skottland neste år. Møre og Romsdal fylkeskommune 1. Innleiing

Detaljer

RETTLEIAR TIL UTFYLLING AV ENKELTVEDTAKET

RETTLEIAR TIL UTFYLLING AV ENKELTVEDTAKET Ikkje offentleg jf. Forvaltningslova 13 Skulens navn RETTLEIAR TIL UTFYLLING AV ENKELTVEDTAKET Namnet til eleven Adresse Dato: VEDTAK OM SPESIALUNDERVISNING SKULEÅRET Namnet til eleven: Født: Utdanningsprogram:

Detaljer

KEV tilbod: - Kurs - kroppsøvingsfaget - Kurs fysisk aktiv skulekvardag - Kurs fysisk aktivitet og måltid - Kurs uteskule

KEV tilbod: - Kurs - kroppsøvingsfaget - Kurs fysisk aktiv skulekvardag - Kurs fysisk aktivitet og måltid - Kurs uteskule KEV tilbod: - Kurs - kroppsøvingsfaget - Kurs fysisk aktiv skulekvardag - Kurs fysisk aktivitet og måltid - Kurs uteskule Kroppsøvingsseksjonen og kunnskapsløftet Kroppsøving - Fysisk aktiv skulekvardag/fysisk

Detaljer

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 10. trinn

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 10. trinn Jobbskygging side 1 Jobbskygging Innhald Handverk, industri og primærnæring Omgrepa handverk, industri og primærnæring. Kva betyr omgrepa? Lokalt næringsliv etter 1945 Korleis har lokalt næringsliv utvikla

Detaljer

Skjema for medarbeidarsamtalar i Radøy kommune

Skjema for medarbeidarsamtalar i Radøy kommune Skjema for medarbeidarsamtalar i Radøy kommune 1 Bedriftspedagogisk Senter A.S bps@bps.as Medarbeidarsamtalar i Radøy kommune - slik gjer vi det Leiar har ansvar for å gjennomføra samtalane sine slik det

Detaljer

Til deg som er ny i Maurtuå Barnehage! Barnehagens visjon: «Saman set me spor»

Til deg som er ny i Maurtuå Barnehage! Barnehagens visjon: «Saman set me spor» Til deg som er ny i Maurtuå Barnehage! Barnehagens visjon: «Saman set me spor» Velkommen til oss i Maurtuå Barnehage. Dette heftet med informasjon håpar me kan være til hjelp for deg når du skal være vikar.

Detaljer

S sosalisering og samspill. F Fritid og felleskap. O Omsorg

S sosalisering og samspill. F Fritid og felleskap. O Omsorg Brattholmen skulefritidsordning Nygårdsvegen 1 5350 Brattholmen Tlf: 55097504/98088134 E-post: liss.schumann@fjell.kommune.no S sosalisering og samspill F Fritid og felleskap O Omsorg SFO: SFO er eit fritidstilbod

Detaljer

Arbeidsgruppa for prosjektet Oppvekstplan for Fyresdal kommune ynskjer innspel til arbeidet.

Arbeidsgruppa for prosjektet Oppvekstplan for Fyresdal kommune ynskjer innspel til arbeidet. Arbeidsgruppa for prosjektet Oppvekstplan for Fyresdal kommune ynskjer innspel til arbeidet. Dette notatet skisserer innhald og kan brukast som eit utgangspunkt for drøftingar og innspel. Me ynskjer særleg

Detaljer

Klassemøte med tema frå årshjulet, tre fire møte i kvar bolk. Tidsbruk for kvart møte kan variere frå 10 min 40 min. Viktig å ha god kontinuitet.

Klassemøte med tema frå årshjulet, tre fire møte i kvar bolk. Tidsbruk for kvart møte kan variere frå 10 min 40 min. Viktig å ha god kontinuitet. Olweusarbeid i Luster kommune Felles årshjul 2014 2015 Systemarbeid ligg i botnen. Arbeid mot mobbing med gode system og god struktur, vert gjennomført der vaksne er i posisjon inn mot elevane, og har

Detaljer

Legge til brukar. Legge til ein lærar Då det er lite utskifting på lærarar så legg eg til dei manuelt 1. Klikk Kontoredigering Legg til Manuelt

Legge til brukar. Legge til ein lærar Då det er lite utskifting på lærarar så legg eg til dei manuelt 1. Klikk Kontoredigering Legg til Manuelt Legge til brukar Legge til ein lærar Då det er lite utskifting på lærarar så legg eg til dei manuelt 1. Klikk Kontoredigering Legg til Manuelt 2. Skriv inn Fornamn, Etternamn og Klasse. Dersom programmet

Detaljer

Saksnr Utval Møtedato Utdanningsutvalet 05.09.2013. I sak Ud-6/12 om anonym retting av prøver gjorde utdanningsutvalet slikt vedtak;

Saksnr Utval Møtedato Utdanningsutvalet 05.09.2013. I sak Ud-6/12 om anonym retting av prøver gjorde utdanningsutvalet slikt vedtak; saksframlegg Dato: Referanse: Vår saksbehandlar: 14.08.2013 49823/2013 Sverre Hollen Saksnr Utval Møtedato Utdanningsutvalet 05.09.2013 Anonym retting av prøver våren 2013 Bakgrunn I sak Ud-6/12 om anonym

Detaljer

Informasjon om søking til vidaregåande opplæring for skoleåret 2011/2012

Informasjon om søking til vidaregåande opplæring for skoleåret 2011/2012 Dei vidaregåande skolane i Møre og Romsdal Ungdomsskolane i Møre og Romsdal Dykkar ref: Dykkar dato: Vår ref: Vår saksbehandlar: Vår dato: 63838/2010/A49 Jane Anita Aspen,71 25 87 75 21.12.2010 - Informasjon

Detaljer

Vegvisar til vilbli.no

Vegvisar til vilbli.no Vegvisar til vilbli.no Kva er vilbli.no? vilbli.no er di hovudkjelde til informasjon om vidaregåande opplæring. På vilbli.no skal du til ei kvar tid finne oppdatert og kvalitetssikra informasjon. På grunnlag

Detaljer

ÅRSPLAN HORDABØ SKULE 2015/2016

ÅRSPLAN HORDABØ SKULE 2015/2016 ÅRSPLAN HORDABØ SKULE 2015/2016 Fag: Norsk Klassetrinn: 2. Lærar: Linn Merethe Myrtveit Veke Kompetansemål Tema Læringsmål Vurderings- kriterier Forslag til Heile haust en Fortelje samanhengande om opplevingar

Detaljer

FORELDREMØTE 8. TRINN TORSDAG 22.03.12 VURDERING, FRÅVER M.M

FORELDREMØTE 8. TRINN TORSDAG 22.03.12 VURDERING, FRÅVER M.M FORELDREMØTE 8. TRINN TORSDAG 22.03.12 VURDERING, FRÅVER M.M Elevvurdering Opplæringslova Forskrift til Opplæringslova Kunnskapsløftet 06 læreplanen Desse dokumenta bestemmer korleis me skal drive skulen

Detaljer

Plassebakken Barnehage

Plassebakken Barnehage Plassebakken Barnehage Plassebakken Post Sørigard Februar 2012 www.plassebakken.no Hei og hå! I månaden som er gått har vi leika oss ute i snøen, så nær som kvar dag. Vi sila i bakkane og mala på snøen

Detaljer

Kvalitetsplan mot mobbing

Kvalitetsplan mot mobbing Kvalitetsplan mot mobbing Bryne ungdomsskule Januar 2016 Kvalitetsplan for Bryne ungdomsskule 1 Introduksjon av verksemda Bryne ungdomsskule ligg i Bryne sentrum i Time kommune. Me har om lag 450 elevar

Detaljer

Månadsbrev for Rosa september 2014

Månadsbrev for Rosa september 2014 Månadsbrev for Rosa september 2014 Oppsummering/ evaluering av september Språkutvikling Omsorg Ser at borna no stort sett er trygge både på rutinane, dei andre barna og dei vaksne på avdelinga. Dette fører

Detaljer

Månadsbrev frå oktober, Grøn avd.

Månadsbrev frå oktober, Grøn avd. Månadsbrev frå oktober, Grøn avd. Oppsummering/ evaluering av oktober Oktobermånad starta me med eit lite epleprosjekt. Inndelt i grupper, fekk alle barna vere med på tur for å hauste eple og plommer.

Detaljer

Informasjonshefte Tuv barnehage

Informasjonshefte Tuv barnehage Informasjonshefte Tuv barnehage Informasjonshefte for Tuv barnehage Barnehagen blir drevet av Hemsedal kommune. Barnehagen er politisk lagt under Hovudutval for livsløp. Hovudutval for livsløp består av

Detaljer

Til deg som er student i Maurtuå Barnehage!

Til deg som er student i Maurtuå Barnehage! Til deg som er student i Maurtuå Barnehage! Barnehagens visjon: «Saman set me spor» Velkommen til oss! Dette heftet er ei samling av ulik informasjon som me håper kan være grei for deg når du skal vær

Detaljer

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball. HEILSETNINGAR 2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball. Vi reiser til Cuba. Carmen les ei bok. Arne lagar middag. Luisa er på skulen. Det snør. I

Detaljer

Arbeidsplan. Veke: 4 Klasse: 9B Orden: Elise og Marthe

Arbeidsplan. Veke: 4 Klasse: 9B Orden: Elise og Marthe Arbeidsplan. Veke: 4 Klasse: 9B Orden: Elise og Marthe Meldingar: FAG: MÅL: PÅ SKULE: orsk Kjenne att, samtale om Måndag: og vurdere innhald og Lese og skrive notat til verkemiddel i film (både kapittelet

Detaljer

Klar til skulestart EPHORTE 2011/1767-2. PLAN FOR OVERGANG BARNEHAGE/SKULE Kvinnherad kommune

Klar til skulestart EPHORTE 2011/1767-2. PLAN FOR OVERGANG BARNEHAGE/SKULE Kvinnherad kommune Klar til skulestart EPHORTE 2011/1767-2 PLAN FOR OVERGANG BARNEHAGE/SKULE Kvinnherad kommune 14.06.2012 Klar til skulestart Formålet med Klar til skulestart: INNHALD: gje det enkelte barnet ein god overgang

Detaljer

Om å høyre meir enn dei fleste

Om å høyre meir enn dei fleste Om å høyre meir enn dei fleste Anne Martha Kalhovde Psyk spl., PhD student Leiar av Forskning og undervisningseininga ved Jæren DPS Kva slags høyrselserfaringar er det snakk om? Erfaringar med å høyre

Detaljer

INNHALD. 1. Innleiing s. 1. 2. Søking på internett s. 2

INNHALD. 1. Innleiing s. 1. 2. Søking på internett s. 2 INNHALD. 1. Innleiing s. 1 2. Søking på internett s. 2 3. Rettleiing til vedleggsskjema s. 4 Vedleggsskjema 1 s. 4 Vedleggsskjema 2 s. 8 Vedleggsskjema 3 s. 8 4. Minoritetsspråklege søkjarar s. 9 5. Vaksne

Detaljer

Innspel frå elevane på 9. trinn på Leikanger ungdomsskule

Innspel frå elevane på 9. trinn på Leikanger ungdomsskule Innspel frå elevane på 9. trinn på Leikanger ungdomsskule 10. september var Anne Brit og Mari frå Leikanger kommune på besøk hjå 9. trinn på Leikanger ungdomsskule. Tema for samlinga var lokaldemokrati,

Detaljer

Handbok for minoritetsspråklege elevar i vidaregåande opplæring

Handbok for minoritetsspråklege elevar i vidaregåande opplæring Handbok for minoritetsspråklege elevar i vidaregåande opplæring www.sfj.no Innleiing: side 3 Arbeidskalender: side 5 Søknadsskjema for vidaregåande opplæring side 6 Vedleggsskjema for minoritetsspråklege

Detaljer

SØKNAD OM STØTTEKONTAKT

SØKNAD OM STØTTEKONTAKT MASFJORDEN KOMMUNE Sosialtenesta Nav Masfjorden Postboks 14, 5987 Hosteland Tlf 815 81 000/47452171 Unnateke for offentleg innsyn Jf. Offlentleglova 13 SØKNAD OM STØTTEKONTAKT Eg vil ha søknaden handsama

Detaljer

ORGANISERING AV KNUTEPUNKSKULEN FOR HØRSELSHEMMA ELEVAR FRÅ HAUSTEN 2010

ORGANISERING AV KNUTEPUNKSKULEN FOR HØRSELSHEMMA ELEVAR FRÅ HAUSTEN 2010 HORDALAND FYLKESKOMMUNE Opplæringsavdelinga Arkivsak 200910136-1 Arkivnr. 523 Saksh. Lisen Ringdal Strøm, Janne Saksgang Opplærings- og helseutvalet Fylkesutvalet Fylkestinget Møtedato 10.11.2009 18.11.2009-19.11.2009

Detaljer

Vaksenopplæringa i Sula

Vaksenopplæringa i Sula Vaksenopplæringa i Sula Vedlikehald av kunnskap, læring og utvikling. Kommunikasjon Meistring Engasjement Glede og latter Sosial kompetanse Kommunikasjon For oss kan kommunikasjon vere å formidle og å

Detaljer

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 8 trinn

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 8 trinn Jobbskygging side 1 ELEVARK 8 trinn Jobbskygging Innhald Yrke og utdanning i familien min Nettverk og kompetanse. Kva betyr omgrepa? Slektstreet mitt Yrkesprofil Stilling og ansvarsområde. Kva betyr omgrepa?

Detaljer

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA TIL LEKSJONEN Fokus: Kjøpmannen og den verdifulle perla. Tekst: Matt 13.45 Likning Kjernepresentasjon MATERIELL: Plassering: Hylle for likningar Deler: Gulleske med kvitt

Detaljer

Nasjonale prøver. Lesing på norsk 8. trinn Eksempeloppgåve. Nynorsk

Nasjonale prøver. Lesing på norsk 8. trinn Eksempeloppgåve. Nynorsk Nasjonale prøver Lesing på norsk 8. trinn Eksempeloppgåve Nynorsk Ei gruppe elevar gjennomførte eit prosjekt om energibruk og miljøpåverknad. Som ei avslutning på prosjektet skulle dei skrive lesarbrev

Detaljer

Tarzan 3 og 4 åringane Fredagane Neste månad nformasjonstavla Nyttar høvet til å minne om :

Tarzan 3 og 4 åringane Fredagane Neste månad nformasjonstavla Nyttar høvet til å minne om : Denne månaden har me blant anna arbeid med «Barn hjelper barn» som ei førebuing til haustfesten vår 3. november, der inntektene vil gå til SOS-barnebyer Bergen. Barna har mellom anna laga epletrykk og

Detaljer

Respekt på Rommetveit skule

Respekt på Rommetveit skule Respekt på Rommetveit skule Frå og med hausten 2014 er Rommetveit skule ein RESPEKT-skule. Det vil seie at RESPEKTprogrammet skal vere gjennomgåande i heile vår kultur og alt vårt arbeid. RESPEKT er ikkje

Detaljer

Hei alle på 4. årstrinn og foreldre/føresette! Veke 19 2015

Hei alle på 4. årstrinn og foreldre/føresette! Veke 19 2015 Hei alle på 4. årstrinn og foreldre/føresette! Veke 19 2015 Velkommen til aktivitetsdag med fredsmarsj kl. 18.00- kl. 19.30 på torsdag 7.mai. Det vert program med korsong og dans. Etterpå er det fredsmarsj.

Detaljer

mmm...med SMAK på timeplanen

mmm...med SMAK på timeplanen mmm...med SMAK på timeplanen Eit undervisningsopplegg for 6. trinn utvikla av Opplysningskontora i landbruket i samarbeid med Landbruks- og matdepartementet. Smakssansen Grunnsmakane Forsøk 1 Forsøk 2

Detaljer

PC-ORDNINGA I DEN VIDAREGÅANDE SKULEN

PC-ORDNINGA I DEN VIDAREGÅANDE SKULEN PC-ORDNINGA I DEN VIDAREGÅANDE SKULEN Kva er PC-ordninga? PC-ordninga kjem frå at alle elevar ved dei vidaregåande skulane skal ha kvar sin berbare PC, til bruk i undervisninga. PC-ordninga går ut på at

Detaljer

Månadsbrev for ROSA mars 2015

Månadsbrev for ROSA mars 2015 Månadsbrev for ROSA mars 2015 Oppsummering/ evaluering av mars Mars har vore ein lunefull månad med tanke på veret, men vi gledar oss over mange fine dagar med sol og vårleg varme. Har vore mykje ute og

Detaljer

BRUKARUNDERSØKING RENOVASJON 2010

BRUKARUNDERSØKING RENOVASJON 2010 Arkiv: K1-070, K3-&3232 Vår ref (saksnr.): 10/51717-666 Journalpostid.: 10/1629494 Saksbeh.: Helge Herigstadad BRUKARUNDERSØKING RENOVASJON 2010 Saksgang: Utval Saksnummer Møtedato Senior- og Brukarrådet

Detaljer