Velkomen til minifolkehøgskule i Nordfjord

Størrelse: px
Begynne med side:

Download "Velkomen til minifolkehøgskule i Nordfjord"

Transkript

1 Velkomen til minifolkehøgskule i Nordfjord Kjære foreldre, føresette, søsken og vener! I 8 månader har de fått rapport etter rapport frå Nordfjordeleven dykkar. Om flotte fjelltoppar. Store bølgjer. Hav av laussnø. Havregraut på bål. Varme neter i sovepose. Kalde neter i sovepose. Store opplevingar. Sist oppdatert 16.april 2009, 12:55 Og all erfaring tilseier at de, innerst inne, er litt misunnelege på det dei 100 ungdomane har fått oppleve. Men gratulerer! De er med dette inviterte til eit minifolkehøgskuleår frå 3.-5.mai Vi skal gjere det vi kan for å komprimere eit folkehøgskuleår inn på desse to dagane, og håpar vi kan gje dykk opplevingar for livet! Kva Frå torsdag ettermiddag til laurdag morgon skal de få sjå og oppleve noko av det same som elevane har fått opplevd dette året. Vi skal prøve samarbeidsløypa til skulen, lage god mat ute, overnatte i gapahuk og lavvo, gå på ski (kanskje i shorts?) på vårsnøen i Nordfjordfjella, padle kajakk og ro gamle Nordfjordbåtar. I mai er Nordfjord på sitt beste. Snøen ligg i fjella, grønfargen sprett fram, og det er gode forhold for flott friluftsliv! Kvar og når Turen startar torsdag 3. mai om ettermiddagen på Nordfjord folkehøgskule, og sluttar når det er på tide å pynte seg til avslutningsfesten laurdag 5.mai. Om du ikkje kan vere med på turen heilt frå starten, er det høve til å hoppe på undervegs! Alle aktivitetane blir rundt Gloppefjorden, altså i nærområdet til skulen. Vi kjem ikkje til å vere på skulen i særleg grad, for dei siste dagane på folkehøgskule er både intense og tårevåte. Og det er i grunnen best om elevane får vere for seg sjølve, utan innblanding frå alle oss andre. Kven kan vere med? Svaret er alle. Vi har ingen aldersgrenser, og turane blir tilpassa dei som er med. 1 av 7

2 Program Del 1 Torsdag 3.mai Kl 1540: Middag, for dei som vil, saman med elevane i matsalen på Nordfjord folkehøgskule. Kl 16.30: Samling i storklasserommet, offisiell start på minifolkehøgskulen. Vi blir litt kjent, og høyrer kva forventingar de har til turen. Vi prøvar samarbeidsløypa. Her får vi bryne oss på ulike problem som krev samarbeid. Dette er skikkeleg kjekt! Kvelds og overnatting ute i lavvo eller gapahuk. Fredag 4.mai Fjelltur. På Vestlandet er det fantastisk å gå på ski i mai. I beste fall blir det skitur i shorts! Om de heller vil gå på beina kan de det, då går vi på tur til skulen si gamme. Del 2 Frå fjellet går vi rett til fjorden og finn fram kajakkane og dei gamle Nordfjordbåtane. Så padlar og/eller ror vi ut til Anda, lagar middag på bål og kosar oss utover kvelden. Også denne natta søv vi ute. Leirplassen ligg ikkje langt frå vegen, så det er òg mogleg å kome dit med bil. Laurdag 5.mai Etter frukost padlar/ror vi tilbake til naustet, og der serverer vi suppe på loftet. Vi er tilbake på skulen ca 1 time før avslutningsfesten tek til. Pris Det er høve til å hoppe på turen undervegs. For å gjere det enkelt har vi difor delt turen i to, og du betalar for dei delane du er med på. Om du ikkje har høve til å vere med på heile turen, oppmodar vi deg likevel til å kome fredag kveld. Minifolkehøgskulen er ei flott oppleving! Pris heile turen: 700,- Pris kun del 2: 400,- 2 av 7

3 Utstyr Du vil trenge utstyr til overnatting ute: Sovepose, liggeunderlag og varme kle. Ei god hue og varme sokkar er eit varmt triks når du skal sove ute! Til skituren treng du fjellski, helst med stålkantar og fellar. Om du ikkje har fellar, kan du låne av elevar eller av skulen. Elles treng du kle for å vere ute i all slags ver. Vi håpar på sol og varme, men Vestlandet har òg ei våt og kald side som kan dukke opp Du treng med andre ord både shorts, noko vasstett og noko vindtett, varme kle når du skal sitte stille, og ikkje så varme kle når du skal vere i aktivitet. Vi ordnar med hus (dvs telt, lavvo eller gapahuk), stormkjøkken, mat, kajakkar, båtar og flytevestar. Om du treng utstyr for å gjennomføre turen, er det berre å spørje elevane eller skulen. Vi lånar gjerne ut! Vi gler oss til å vise fram naturen vår! Håpar vi ser deg! Beste helsing Nordfjord folkehøgskule v/rektor Hallgeir Hansen 3 av 7

4 Velkomne til avslutningsfest Vi har starta på april, og no er det berre ein månad att av folkehøgskuleåret. Dermed er det på sin plass å invitere til avslutningsfest på Nordfjord folkehøgskule laurdag 5.mai. Alle er hjarteleg velkomne, både foreldre, føresette, søsken, besteforeldre og vener. Festen tek til klokka 13.00, og rett etter festen blir det eit godt måltid mat for alle saman før turen går heimover. Vi reknar med å ha avslutta måltidet her ca klokka Når festen og måltidet er ferdig, er skuleåret 2006/2007 over. Tusen takk for at vi har fått låne elevane dette året! Vi ser fram til å sjå dykk her i mai - hjarteleg velkomne både til minifolkehøgskuleår og avslutningsfest! Alle foreldre får invitasjon med påmeldingsskjema i posten.send påmeldingsskjemaet til Nordfjord folkehøgskule, Vereide, 6823 Sandane. Eller sende påmelding på epost: Om de brukar epost, så hugs å skrive inn alle opplysningane vi treng. 4 av 7

5 Påmelding til avslutningsfest Eg/vi kjem på avslutningsfesten. Namn: Antal perssonar: Evt diettar/allergiar vi bør vite om: Eller send mail med: Eg/vi vil gjerne vere med på minifolkehøgskuleåret! Tidspunkt for når vi kjem til skulen: Blir med på heile turen: Blir med frå fredag til laurdag: Telefon: Mobil Epost 5 av 7

6 6 av 7

7 7 av 7

Hei! LysVaken i Myrbostad kyrkja. Vil du vere med på noko spanande? Tredje helga i november er du invitert til:

Hei! LysVaken i Myrbostad kyrkja. Vil du vere med på noko spanande? Tredje helga i november er du invitert til: Hei! Vil du vere med på noko spanande? Tredje helga i november er du invitert til: LysVaken i Myrbostad kyrkja Her skal vi bli kjent i kyrkja, bli betre kjent med Gud som er grunnen til at vi har kyrkje,

Detaljer

6. trinn. Veke 24 Navn:

6. trinn. Veke 24 Navn: 6. trinn Veke 24 Navn: Takk for ei fantastisk fin førestilling i går! Det var veldig kjekt å sjå dykk, både på formiddagen og på ettermiddagen. Eg vart veldig stolt! No må vi få rydda opp og pakka litt

Detaljer

Set inn passande preposisjonar. Sjå biletet på førre side. Nokre må du kanskje bruke fleire gonger.

Set inn passande preposisjonar. Sjå biletet på førre side. Nokre må du kanskje bruke fleire gonger. PREPOSISJONAR 1 Set inn passande preposisjonar. Sjå biletet på førre side. Nokre må du kanskje bruke fleire gonger. Luisa går på skule i Ålesund. Skulen ligg midt i byen. Klasserommet ligg i tredje etasje

Detaljer

Informasjonsbrosjyre SOGNDAL STUDENTBARNEHAGE

Informasjonsbrosjyre SOGNDAL STUDENTBARNEHAGE Informasjonsbrosjyre SOGNDAL STUDENTBARNEHAGE SOGNDAL STUDENTBARNEHAGE Sogndal Studentbarnehage er ein privat barnehage, som vert driven av Studentsamskipnaden i Sogn og Fjordane (SISOF), velferdsorganisasjonen

Detaljer

Plassebakken Barnehage BA

Plassebakken Barnehage BA Plassebakken Post AUSTIGARD Januar 2012 www.plassebakken.no Godt nyttår No har vi starta på eit nytt år, tenk dei er ferdige med det første halve året i barnehagen allereie! I desember har vi gjort fole

Detaljer

Rogaland Mållag. Gode målfolk, Bryne, 5. oktober 2009

Rogaland Mållag. Gode målfolk, Bryne, 5. oktober 2009 Rogaland Mållag Gode målfolk, Bryne, 5. oktober 2009 INNKALLING TIL ROGALAND MÅLLAG SITT HAUSTKURS PÅ Styret i Rogaland Mållag vonar at mange målfolk vil ta seg tid til å møta på haustkurset. Me har sett

Detaljer

Månadsbrev for ROSA mars 2015

Månadsbrev for ROSA mars 2015 Månadsbrev for ROSA mars 2015 Oppsummering/ evaluering av mars Mars har vore ein lunefull månad med tanke på veret, men vi gledar oss over mange fine dagar med sol og vårleg varme. Har vore mykje ute og

Detaljer

Til deg som er ny i Maurtuå Barnehage! Barnehagens visjon: «Saman set me spor»

Til deg som er ny i Maurtuå Barnehage! Barnehagens visjon: «Saman set me spor» Til deg som er ny i Maurtuå Barnehage! Barnehagens visjon: «Saman set me spor» Velkommen til oss i Maurtuå Barnehage. Dette heftet med informasjon håpar me kan være til hjelp for deg når du skal være vikar.

Detaljer

Velkommen til songarstemne i Florø!

Velkommen til songarstemne i Florø! Velkommen til songarstemne i Florø! Det er ei glede for oss i Jomentum å ynskje koret dykkar velkommen til Songarstemne i Florø 6. 8. juni.vi skal lage minnerike dagar for alle som besøker oss i Florø,

Detaljer

Invitasjon til Entreprenørskap Sunnfjord 2012

Invitasjon til Entreprenørskap Sunnfjord 2012 Invitasjon til Entreprenørskap Sunnfjord 2012 Onsdag 28 mars inviterer vi entreprenørskapsungdom, lokale bedrifter og andre lag og organisasjonar til årets entreprenørskapsmesse i Naustdalshallen. Her

Detaljer

Lyngmo-Glytten 22. årgang August 2013 Medlemsblad. Lyngmo-Glytten22. årgang GLYTTEN SOMMAR PÅ LYNGMO, OG SNART ER DET TID FOR HAUSTLEIR!!

Lyngmo-Glytten 22. årgang August 2013 Medlemsblad. Lyngmo-Glytten22. årgang GLYTTEN SOMMAR PÅ LYNGMO, OG SNART ER DET TID FOR HAUSTLEIR!! Lyngmo-Glytten 22. årgang August 2013 Medlemsblad GLYTTEN SOMMAR PÅ LYNGMO, OG SNART ER DET TID FOR HAUSTLEIR!! Side 1 Helsing frå Lyngmo Det er siste tysdag i august og strålande sol ute. Hafslovatnet

Detaljer

Invitasjon til Vinterfestivalen i Myrkdalen 2012

Invitasjon til Vinterfestivalen i Myrkdalen 2012 HORDALAND FYLKESKOMMUNE Kultur- og idrettsavdelinga Kommunar, institusjonar, personar innan psykisk helsevern i Hordaland Vår ref.: (nyttast ved korrespondanse) Dykkar ref.: Bergen, 02. mars 2012 200800612-62/626/HANESPE

Detaljer

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK FRIDOM TIL Å TENKJE OG MEINE KVA DU VIL ER EIN MENNESKERETT Fordi vi alle er ein del av ein større heilskap, er evna og viljen til å vise toleranse

Detaljer

Kjære KUL-konfirmant (og føresette)!

Kjære KUL-konfirmant (og føresette)! Kjære -konfirmant (og føresette)! Ja, for nettopp du har blitt trekt ut til å bruke konfirmant-tida di på dette halvåret! Vi byrjar no på fredag, 23. november, og vil halde på til slutten av mars. Kva

Detaljer

Hei alle på 4. årstrinn og foreldre/føresette! Veke 10-201

Hei alle på 4. årstrinn og foreldre/føresette! Veke 10-201 Hei alle på 4. årstrinn og foreldre/føresette! Veke 10-201 Torsdag 5. mars kl. 17.30 vert det tur til Nøttveitveten i regi av foreldrekontaktane. Turen går frå Solend. Me skal lage bål på toppen og grille.

Detaljer

Plassebakken Barnehage

Plassebakken Barnehage Plassebakken Barnehage Plassebakken Post Austigard Februar 2012 www.plassebakken.no Hei alle sammen! Plassebakken Barnehage BA I januar har vi nytta oss av det fine veret å vøre mykje ute! Sjølv om det

Detaljer

SFO 2015/16 - Hafslo barne- og ungdomsskule

SFO 2015/16 - Hafslo barne- og ungdomsskule SFO 2015/16 - Hafslo barne- og ungdomsskule SFO HAFSLO - INFORMASJON SFO er eit friviljug omsorgs- og fritidstilbod før og etter skuletid for borna på 1. 4. steg. Sentralt i tilbodet er omsorg, tryggleik,

Detaljer

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-) Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-) Alle borna i 1 klasse byrjar å bli trygge i sine nye omgivelser.

Detaljer

REFERAT FORELDREMØTE 24.02

REFERAT FORELDREMØTE 24.02 REFERAT FORELDREMØTE 24.02 Tema: leirskule 14-18.03 Skulen har fått liste frå leirskulen med anbefalinger til kva dei skal ha med seg. På leirskulen skal dei ut på tur kvar dag uansett vèr, og det er viktig

Detaljer

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE Alle vaksne i Lyefjell barnehage arbeider for at det enkelte barn opplever at: Du er aktiv og tydelig for meg Du veit at leik og venner er viktige for

Detaljer

Velkomen som konfirmant

Velkomen som konfirmant Velkomen som konfirmant Velkomen som konfirmant i kyrkjelydane våre. Velkomen til eit år litt utanom det vanlege. Anten du trur, tvilar eller berre er nyfiken, er du velkomen til konfirmasjon i kyrkja.

Detaljer

Til deg som er student i Maurtuå Barnehage!

Til deg som er student i Maurtuå Barnehage! Til deg som er student i Maurtuå Barnehage! Barnehagens visjon: «Saman set me spor» Velkommen til oss! Dette heftet er ei samling av ulik informasjon som me håper kan være grei for deg når du skal vær

Detaljer

Stormfestival 2016. Klart for stormfest. Då er det like før det brakar laust med stormfestival.

Stormfestival 2016. Klart for stormfest. Då er det like før det brakar laust med stormfestival. Stormfestival 2016 Klart for stormfest Då er det like før det brakar laust med stormfestival. Stormfestival 2016 nermar seg. Vi er klare for at alle skal få ei triveleg helg her ute med kysten. Her kjem

Detaljer

Til deg som bur i fosterheim. 13-18 år

Til deg som bur i fosterheim. 13-18 år Til deg som bur i fosterheim 13-18 år Forord Om du les denne brosjyren, er det sikkert fordi du skal bu i ein fosterheim i ein periode eller allereie har flytta til ein fosterheim. Det er omtrent 7500

Detaljer

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball. HEILSETNINGAR 2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball. Vi reiser til Cuba. Carmen les ei bok. Arne lagar middag. Luisa er på skulen. Det snør. I

Detaljer

Rådgjevarkonferanse 2009

Rådgjevarkonferanse 2009 Rådgjevarkonferanse 2009 Vidaregåande opplæring Sogn og Fjordane fylkeskommune Opplæringsavdelinga Inntak og formidling Askedalen 2 6863 Leikanger Telefon 57 65 62 99 etter Vg2 Design og duodji Gravørfaget

Detaljer

Minnebok. Minnebok NYNORSK

Minnebok. Minnebok NYNORSK Minnebok NYNORSK 1 Minnebok Dette vesle heftet er til dykk som har mista nokon de er glad i. Det handlar om livet og døden, og ein del om korleis vi kjenner det inni oss når nokon dør. Når vi er triste,

Detaljer

Tarzan 3 og 4 åringane Fredagane Neste månad nformasjonstavla Nyttar høvet til å minne om :

Tarzan 3 og 4 åringane Fredagane Neste månad nformasjonstavla Nyttar høvet til å minne om : Denne månaden har me blant anna arbeid med «Barn hjelper barn» som ei førebuing til haustfesten vår 3. november, der inntektene vil gå til SOS-barnebyer Bergen. Barna har mellom anna laga epletrykk og

Detaljer

S sosalisering og samspill. F Fritid og felleskap. O Omsorg

S sosalisering og samspill. F Fritid og felleskap. O Omsorg Brattholmen skulefritidsordning Nygårdsvegen 1 5350 Brattholmen Tlf: 55097504/98088134 E-post: liss.schumann@fjell.kommune.no S sosalisering og samspill F Fritid og felleskap O Omsorg SFO: SFO er eit fritidstilbod

Detaljer

Liturg: I namnet åt Faderen og Sonen og Den Heilage Ande (krossteikning).

Liturg: I namnet åt Faderen og Sonen og Den Heilage Ande (krossteikning). Liturg: I namnet åt Faderen og Sonen og Den Heilage Ande (krossteikning). A: Så seier Herren: Det folk som ferdast i mørkret, skal sjå eit stort ljos. Over dei som bur i skuggelandet skal ljoset stråla

Detaljer

Dommarpåmelding 2015. Test HD i 4. divisjon. Testkrav: 35 sec x 40 sec x 20 stk. Test AD i 2. divisjon. Testkrav: 30 sec x 40 sec x 20 stk.

Dommarpåmelding 2015. Test HD i 4. divisjon. Testkrav: 35 sec x 40 sec x 20 stk. Test AD i 2. divisjon. Testkrav: 30 sec x 40 sec x 20 stk. Dommarpåmelding 2015 SFFK takkar for året som har gått. Vi håpar at lysta hjå deg til å dømme framleis er stor, og at du satsar for fullt også i 2015. Vi treng deg! Hugs å jobbe aktivt i din klubb for

Detaljer

Til: Kultur og ressursutvalet Dato: 13. desember 2012 Frå: Fylkesrådmannen Arkivsak: 200800612-66/HANESPE Kopi til: Arkivnr.: 626

Til: Kultur og ressursutvalet Dato: 13. desember 2012 Frå: Fylkesrådmannen Arkivsak: 200800612-66/HANESPE Kopi til: Arkivnr.: 626 HORDALAND FYLKESKOMMUNE Kultur- og idrettsavdelinga NOTAT Til: Kultur og ressursutvalet Dato: 13. desember 2012 Frå: Fylkesrådmannen Arkivsak: 200800612-66/HANESPE Kopi til: Arkivnr.: 626 Vinteraktivitetsdag

Detaljer

Rådgjevarkonferanse 2010

Rådgjevarkonferanse 2010 Rådgjevarkonferanse 2010 Sogn og Fjordane fylkeskommune Opplæringsavdelinga Inntak og formidling Askedalen 2 6863 Leikanger Telefon 57 65 62 99 Logg inn på vigo.no med MinID Alle må bruke MinID for å

Detaljer

Respekt på Rommetveit skule

Respekt på Rommetveit skule Respekt på Rommetveit skule Frå og med hausten 2014 er Rommetveit skule ein RESPEKT-skule. Det vil seie at RESPEKTprogrammet skal vere gjennomgåande i heile vår kultur og alt vårt arbeid. RESPEKT er ikkje

Detaljer

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014 Månadsbrev for GRØN mars/april 2014 Oppsummering/ evaluering av mars/april Mål og innhald april I mars har me hatt fokus på språk. Me har hatt språksamlingar saman med Rosa kvar veke, der har me sett på

Detaljer

SETNINGSLEDD... 2 Verbal... 2 Subjekt... 2 Objekt... 5 Indirekte objekt... 6 Predikativ... 8 Adverbial... 9

SETNINGSLEDD... 2 Verbal... 2 Subjekt... 2 Objekt... 5 Indirekte objekt... 6 Predikativ... 8 Adverbial... 9 SETNINGSLEDD... 2 Verbal... 2 Subjekt... 2 Objekt... 5 Indirekte objekt... 6 Predikativ... 8 Adverbial... 9 1 SETNINGSLEDD Verbal (V) Eit verbal fortel kva som skjer i ei setning. Verbalet er alltid laga

Detaljer

VEL MØTT TIL ETNE CUP 2008!

VEL MØTT TIL ETNE CUP 2008! INVITASJON til Etne Cup 2008 For 27. gong har Etne Idrettslag gleda av å innby til Etne Cup 20. 22. Juni 2008 Klasseinndeling Etne Cup 2008: Klasse Navn Født etter 1 Gutar 9 (5`er fotball) 1.1.1999 2 Gutar

Detaljer

Månadsbrev for Rosa september 2014

Månadsbrev for Rosa september 2014 Månadsbrev for Rosa september 2014 Oppsummering/ evaluering av september Språkutvikling Omsorg Ser at borna no stort sett er trygge både på rutinane, dei andre barna og dei vaksne på avdelinga. Dette fører

Detaljer

Det æ 'kji so lett å gjera eit valg når alt æ på salg Dialektundersøking

Det æ 'kji so lett å gjera eit valg når alt æ på salg Dialektundersøking Det æ 'kji so lett å gjera eit valg når alt æ på salg Dialektundersøking Mål: Elevane skal kjenne til utbreiinga av hallingmålet i nærmiljøet. Dei skal vita noko om korleis hallingmålet har utvikla seg

Detaljer

Velkommen til mestringskurs på Innvik Fjordhotell 8.-10. november 2013!

Velkommen til mestringskurs på Innvik Fjordhotell 8.-10. november 2013! Velkommen til mestringskurs på Innvik Fjordhotell 8.-10. november 2013! I år er det Dysleksi Nordfjord sin tur og arrangere mestringskurs for medlemane i Sogn og Fjordane. Vi gjentek suksessen frå 2009

Detaljer

Årsplan for

Årsplan for Årsplan for 2015-2016 Fister SFO 1 Innholdsfortegnelse Aktivitetsplan... 3 Hausten 2015... 3 Aktivitetsplan... 4 Våren 2016... 4 Hovudmåla for SFO jamfør opplæringslova 13-7... 4 Målsetjing... 5 SFO tilbodet...

Detaljer

Sommerleir 2013. Rødt belte. Programblad. (2. gup - 1.gup-1)

Sommerleir 2013. Rødt belte. Programblad. (2. gup - 1.gup-1) Sommerleir 2013 Programblad Rødt belte (2. gup - 1.gup-1) Rødt belte (2. gup - 1. gup-1) Søndag 09.00-11.00! Frokost 10.00-13.00! Innsjekking for de som ankommer i dag 14.00-16.30! Fellestrening i idrettshallen

Detaljer

TEIKNSETJING... 2 Punktum... 2 Spørjeteikn... 2 Utropsteikn... 3 Kolon... 3 Hermeteikn... 3 Komma... 5

TEIKNSETJING... 2 Punktum... 2 Spørjeteikn... 2 Utropsteikn... 3 Kolon... 3 Hermeteikn... 3 Komma... 5 TEIKNSETJING... 2 Punktum... 2 Spørjeteikn... 2 Utropsteikn... 3 Kolon... 3 Hermeteikn... 3 Komma... 5 1 TEIKNSETJING Punktum (.) Vi bruker punktum for å lage pausar i teksta. Mellom to punktum må det

Detaljer

Her er Monica, Stian, Kenneth, Tor Andrè og Matias dei vaskar poteter.

Her er Monica, Stian, Kenneth, Tor Andrè og Matias dei vaskar poteter. RAPPORT FRÅ STRANDEBARM SKULE TYSDAG 18/10-05 Gruppa vart delt i 3. Det me skulle gjera i dag var: gjera klar grønsaker til marknad, stell i fjøset og steike pannekaker på stormkjøkken. Poteter og gulrøter

Detaljer

26 sept 07 oktober 2009. Lima Machu Picchu Cusco Amazonas

26 sept 07 oktober 2009. Lima Machu Picchu Cusco Amazonas 26 sept 07 oktober 2009 Machu Picchu Cusco Amazonas PROGRAM Laur. 26. sept. avreise med K L M Søn. 27. sept. Mån. 28. sept. Tirs. 29. sept. Ons. 30. sept.. Tors. 1. okt. Fred. 2. okt. Laur. 3. okt. Søn.

Detaljer

Info om Norway Cup 2015

Info om Norway Cup 2015 Info om Norway Cup 2015 Norway Cup starter søndag 26.juli og varer til lørdag 1.august. Me reiser lørdag 25.juli fra Husnes busstopp v/ungdomskule, kl.08:00 Uskedal busstopp i sentrum, kl.08:30 Rosendal

Detaljer

BYGGEKLOSSEN OPEN BARNEHAGE, hausten 2015

BYGGEKLOSSEN OPEN BARNEHAGE, hausten 2015 BYGGEKLOSSEN OPEN BARNEHAGE, hausten 2015 Vi kan tilby: * Frå 13 oktober: Ope kvar tysdag, onsdag og torsdag, frå Kl 10 14. * Fri leik * Formingsaktivitetar * Lunsj med kaffi, te, mjølk og frukt. * Spleiselunsj

Detaljer

Plassebakken Barnehage

Plassebakken Barnehage Plassebakken Barnehage Plassebakken Post Sørigard Februar 2012 www.plassebakken.no Hei og hå! I månaden som er gått har vi leika oss ute i snøen, så nær som kvar dag. Vi sila i bakkane og mala på snøen

Detaljer

Velkommen til Ulveset SFO. Mål for Ulveset SFO: SFO skal være ein trygg stad, der vi legg til rette for vennskap, leik og trivsel.

Velkommen til Ulveset SFO. Mål for Ulveset SFO: SFO skal være ein trygg stad, der vi legg til rette for vennskap, leik og trivsel. Velkommen til Ulveset SFO SFO er eit frivillig omsorgs- og fritidstilbod, og er ein del av skulen si verksemd. Skule og SFO har eit tett samarbeid og bidrar til eit heildags tilbod for dei yngste barna

Detaljer

Velkomen til LONEVÅG BARNEHAGE. Informasjon til foreldre ved Lonevåg barnehage

Velkomen til LONEVÅG BARNEHAGE. Informasjon til foreldre ved Lonevåg barnehage Velkomen til LONEVÅG BARNEHAGE Informasjon til foreldre ved Lonevåg barnehage Kjære foreldre/føresette Me ynskjer dykk og barnet dykkar hjarteleg velkomen til Lonevåg barnehage! Barnet dykkar har no fått

Detaljer

Informasjon til elevane

Informasjon til elevane Informasjon til elevane Skulen din er vald ut til å vere med i undersøkinga RESPEKT. Elevar ved fleire skular deltek i undersøkinga, som vert gjennomført av Læringsmiljøsenteret ved Universitetet i Stavanger.

Detaljer

Julebrev 2015 fra familien Jansen

Julebrev 2015 fra familien Jansen Julebrev 2015 fra familien Jansen Nok et år, ja to år faktisk, er gått unna. Hei venner og familie :) Hos oss har de siste 2 årene vært så stadig i endring og travel at vi ikke rakk å skrive noe julebrev

Detaljer

Stemnehandboka for NKSF

Stemnehandboka for NKSF Stemnehandboka for NKSF I 2003 vart det bestemt å ha ei rulleringsliste for songarstemne 3 plassar kvart år, eit i Nordfjord, eit i Sunnfjord og eit i Sogn alle kor kan arrangere sjølv om dei er store

Detaljer

SPAREBANKEN SOGN OG FJORDANE KM- ALDERSBESTEMT INNANDØRS. KM-kvalifisering for aldersfastlagde klassar 7. 8. februar 2015

SPAREBANKEN SOGN OG FJORDANE KM- ALDERSBESTEMT INNANDØRS. KM-kvalifisering for aldersfastlagde klassar 7. 8. februar 2015 SPAREBANKEN SOGN OG FJORDANE KM- ALDERSBESTEMT INNANDØRS KM-kvalifisering for aldersfastlagde klassar 7. 8. februar 2015 SFFK takkar for påmeldinga og ønskjer hjarteleg velkommen til KMkvalifisering for

Detaljer

Arbeidsplan for Hordaland Senterungdom 2013-2014

Arbeidsplan for Hordaland Senterungdom 2013-2014 Arbeidsplan for Hordaland Senterungdom 2013-2014 Møtestruktur: Fylkesstyremøte ein gong kvar månad. Ein bør setja dato for neste møte når ein er samla slik at flest mogleg har høve til å notera seg datoen

Detaljer

Velkomen. til kulturbygda. Lærdal

Velkomen. til kulturbygda. Lærdal Velkomen til kulturbygda Lærdal Ein tur i Hans Gjesme sine motiv Den lokale kunstnaren Hans Gjesme gav ved sin død i 1994 Lærdal kommune ei kunstgåve på vel 1500 kunstverk som omfattar måleri, grafikk,

Detaljer

Månadsplan for Hare November

Månadsplan for Hare November Månadsplan for Hare November tlf: 51 78 60 20 VEKE MÅNDAG TYSDAG ONSDAG TORSDAG FREDAG 45 Barn, kropp og berøring 2. 3. 4. 5. 6. «barn, kropp og berøring» 46 Barn, kropp og berøring 9. 10. 11. 12. Åsmund

Detaljer

Pasienthotellet Fss Plassering: 7. etg Kapasitet: 21 sengar fordelt på 7 dobbeltrom/7 enkeltrom

Pasienthotellet Fss Plassering: 7. etg Kapasitet: 21 sengar fordelt på 7 dobbeltrom/7 enkeltrom Pasienthotellet Fss Plassering: 7. etg Kapasitet: 21 sengar fordelt på 7 dobbeltrom/7 enkeltrom Formål med pasienthotelllet: Hovudoppgåva er å vere eit tilbod for at pasientane skal behandlast på beste

Detaljer

VESLEFRIKK. Ingrid, Elvira, Adam, David, Elena, Sofie, Anita, Mathilda. Emil, Odin, Frida, Oda, Celine, Aurora, Alvin, Pernille, Jonathan

VESLEFRIKK. Ingrid, Elvira, Adam, David, Elena, Sofie, Anita, Mathilda. Emil, Odin, Frida, Oda, Celine, Aurora, Alvin, Pernille, Jonathan Månadsbrev september 2014 VESLEFRIKK Tida fyk fort og allereie er det godt ut i september. Denne fyrste tida har det vore mykje leik både ute og inne. Det har vore lagt opp til at barna skal få skapa gode

Detaljer

Nasjonale prøver 2005. Matematikk 7. trinn

Nasjonale prøver 2005. Matematikk 7. trinn Nasjonale prøver 2005 Matematikk 7. trinn Skolenr.... Elevnr.... Gut Jente Nynorsk 9. februar 2005 TIL ELEVEN Slik svarer du på matematikkoppgåvene I dette heftet finn du nokre oppgåver i matematikk. Dei

Detaljer

Plan for Liabygda SFO

Plan for Liabygda SFO Plan for Liabygda SFO Generelt: Liabygda SFO er ein del av den kommunale skulefritidsordninga i Stranda kommune. Liabygda SFO er underlagt dei vedtekne kommunale retningsliner for skulefritidsordningane.

Detaljer

Tid : 2.-3. Mars 2013 (kurs og lagsmøte laurdag, og kretsting søndag)

Tid : 2.-3. Mars 2013 (kurs og lagsmøte laurdag, og kretsting søndag) Til: Alle lag i SFGT Kretsstyret m.varamedlemmer Valnemnda NGTF SFIK Innkalling til ordinært kretsting for Sogn og Fjordane Gymnastikk- og Turnkrets. Stad: Rica Parken Hotel, Storgt. 16, ÅLESUND tlf 70

Detaljer

Vekeplan for 5.klasse Veke 48

Vekeplan for 5.klasse Veke 48 Vekeplan for 5.klasse Veke 48 INFORMASJON: REFLEKSVESTKONKURRANSEN. Ha på refleksvest kvar morgon! Det blei ein fin tur til Vitengarden på fredag. Elevane var med på «musikkverkstad» og lærte å lage ulike

Detaljer

Hei alle på 4. årstrinn og foreldre/føresette! Veke 19 2015

Hei alle på 4. årstrinn og foreldre/føresette! Veke 19 2015 Hei alle på 4. årstrinn og foreldre/føresette! Veke 19 2015 Velkommen til aktivitetsdag med fredsmarsj kl. 18.00- kl. 19.30 på torsdag 7.mai. Det vert program med korsong og dans. Etterpå er det fredsmarsj.

Detaljer

Referat frå foreldremøte 06.05.14. Tjødnalio barnehage

Referat frå foreldremøte 06.05.14. Tjødnalio barnehage Referat frå foreldremøte 06.05.14. Tjødnalio barnehage Tilstade: Personalet, foreldre og Nina Helle. Kva er BTI: Stord kommune er ein av 8 kommunar som deltek i eit prosjekt som skal utarbeide ein modell

Detaljer

Kvifor kan ikkje alle krølle tunga? Nysgjerrigperprosjekt 5.- 7.kl 2008. Davik Oppvekst

Kvifor kan ikkje alle krølle tunga? Nysgjerrigperprosjekt 5.- 7.kl 2008. Davik Oppvekst Kvifor kan ikkje alle krølle tunga Nysgjerrigperprosjekt 5.- 7.kl 2008. Davik Oppvekst Innhaldsliste: Framside med problemstilling Hypoteser Plan Spørjeskjema Arbeid med prosjektet Kjønn Trening Alder

Detaljer

Info om Norway Cup 2015

Info om Norway Cup 2015 Info om Norway Cup 2015 Norway Cup starter søndag 26.juli og varer til lørdag 1.august. Me reiser lørdag 25.juli fra Husnes busstopp v/ungdomskule, kl.08:00 Uskedal busstopp i sentrum, kl.08:30 Rosendal

Detaljer

Fagkurs og seminar for ungdomslaga på Vestlandet. Storkurs i Førde! 17-18.oktober 2014. - På rett kurs med Sogn og Fjordane Ungdomslag -

Fagkurs og seminar for ungdomslaga på Vestlandet. Storkurs i Førde! 17-18.oktober 2014. - På rett kurs med Sogn og Fjordane Ungdomslag - Fagkurs og seminar for ungdomslaga på Vestlandet Storkurs i Førde! 17-18.oktober 2014 - På rett kurs med Sogn og Fjordane Ungdomslag - KURS A RETTLEIING I FOLKEDANS Korleis gje born og unge høve til å

Detaljer

Då har august månad fyke forbi i stor fart med tilvenning av nye barn, og for dei barna som har gått her før. Etter ein lang sommarferie så treng dei

Då har august månad fyke forbi i stor fart med tilvenning av nye barn, og for dei barna som har gått her før. Etter ein lang sommarferie så treng dei Då har august månad fyke forbi i stor fart med tilvenning av nye barn, og for dei barna som har gått her før. Etter ein lang sommarferie så treng dei også litt tilvenning. Derfor har me fokusert på sosialisering

Detaljer

EIT TILBOD TIL STUDENTAR VED HØGSKULEN I SOGN OG FJORDANE. www.sisof.no

EIT TILBOD TIL STUDENTAR VED HØGSKULEN I SOGN OG FJORDANE. www.sisof.no EIT TILBOD TIL STUDENTAR VED HØGSKULEN I SOGN OG FJORDANE www.sisof.no Førde Sogndal NY SOM STUDENT I SOGN OG FJORDANE Mellom fjordar og fjell på vestlandet ligg Sogndal, Førde og Sandane. Her finn du

Detaljer

Månadsbrev frå oktober, Grøn avd.

Månadsbrev frå oktober, Grøn avd. Månadsbrev frå oktober, Grøn avd. Oppsummering/ evaluering av oktober Oktobermånad starta me med eit lite epleprosjekt. Inndelt i grupper, fekk alle barna vere med på tur for å hauste eple og plommer.

Detaljer

Analyser setningane under. Det betyr at du skal finne subjekt og verbal. Sjå eksempelet:

Analyser setningane under. Det betyr at du skal finne subjekt og verbal. Sjå eksempelet: SETNINGSLEDD 1 Analyser setningane under. Det betyr at du skal finne subjekt og verbal. Sjå eksempelet: Leo som budde på Cuba før, snakkar godt norsk. Subjekt: Leo som budde på Cuba før Verbal: snakkar

Detaljer

Søking til skuleåret 2012-2013

Søking til skuleåret 2012-2013 Søking til skuleåret 2012-2013 Opplæringsavdelinga, inntak og formidling Rådgjevarkonferansen 2011 Korleis søkjer du? Du søkjer og svarar på vigo.no, logg inn med MinID Søknadsfrist: 1. mars for ordinært

Detaljer

BYGGEKLOSSEN OPEN BARNEHAGE, Våren 2015

BYGGEKLOSSEN OPEN BARNEHAGE, Våren 2015 BYGGEKLOSSEN OPEN BARNEHAGE, Våren 2015 Vi kan tilby: * Fri leik * Formingsaktivitetar * Lunsj med kaffi, te, mjølk og frukt. * Spleiselunsj * * Vaksenforum * Babytreff annakvar tysdag i partalveke frå

Detaljer

ÅRSPLAN / INFORMASJONSHEFTE ØYE SFO.

ÅRSPLAN / INFORMASJONSHEFTE ØYE SFO. ÅRSPLAN / INFORMASJONSHEFTE ØYE SFO. VELKOMMEN TIL ØYE SKULEFRITIDSORDNING Målsettingane vi arbeider etter i Øye SFO, bygger på ei fritidspedagogisk plattform. Den frie u leiken er viktig for oss, men

Detaljer

Foreldre ved Ål ungdomsskule

Foreldre ved Ål ungdomsskule Foreldre ved Ål ungdomsskule I. Kven er kva Om du lurer på dei ulike rollene til foreldrekontaktane på ungdomsskulen, sjå Foreldreutvalget for grunnopplæring (FUG) sine heimesider, www.fug.no SU- samarbeidsutvalget

Detaljer

mmm...med SMAK på timeplanen

mmm...med SMAK på timeplanen mmm...med SMAK på timeplanen Eit undervisningsopplegg for 6. trinn utvikla av Opplysningskontora i landbruket i samarbeid med Landbruks- og matdepartementet. Smakssansen Grunnsmakane Forsøk 1 Forsøk 2

Detaljer

Velkomen til eit nytt og annleis skuleår sundag 23. august!

Velkomen til eit nytt og annleis skuleår sundag 23. august! Velkomen til eit nytt og annleis skuleår sundag 23. august! Vi opnar skulen og tek imot deg frå kl 1000. Kom i god tid, gjerne tidleg på dagen, for å installere deg på internatet. Vi ynskjer å møte foreldre

Detaljer

Informasjonshefte Tuv barnehage

Informasjonshefte Tuv barnehage Informasjonshefte Tuv barnehage Informasjonshefte for Tuv barnehage Barnehagen blir drevet av Hemsedal kommune. Barnehagen er politisk lagt under Hovudutval for livsløp. Hovudutval for livsløp består av

Detaljer

Rapport Camp Svalbard 2015. Alle Foto: Thomas Pindard

Rapport Camp Svalbard 2015. Alle Foto: Thomas Pindard Rapport Camp Svalbard 2015 Alle Foto: Thomas Pindard Side 2 av 5 Innleiing Camp Svalbard 2015 vart arrangert i Skansbukta, helga 28.-30. august. Det var 22 jenter og 22 gutar, totalt 44 ungdommar i alderen

Detaljer

Gründercamp Samarbeid skule næringsliv

Gründercamp Samarbeid skule næringsliv Gründercamp Samarbeid skule næringsliv Kva er gründercamp? Treningsleir i kreativitet og nyskaping Elevane får eit reelt oppdrag med ei definert problemstilling Skal presentere ei løysing innanfor eit

Detaljer

Den gode gjetaren. Lukas 15:1-7

Den gode gjetaren. Lukas 15:1-7 Den gode gjetaren Lukas 15:1-7 Bakgrunn I denne forteljinga formidlar du noko om kva ei likning er. Difor er delen om gullboksen relativt lang. Det å snakke om dei ulike filtstykka som ligg i boksen, er

Detaljer

for leiarar og medarbeidarar innan handel og service i Askvoll

for leiarar og medarbeidarar innan handel og service i Askvoll for leiarar og medarbeidarar innan handel og service i Askvoll Etablere felles standard innan service og kundehandsaming i Askvoll Guiden tek for seg grunnleggande og enkle reglar - enkelte vil hevde at

Detaljer

Røldal. Informasjon. Leilegheit 101 & 103. Ve og Vel V/Turid Tveit 53 49 68 18/97 53 02 55 turid.tveit@stord.kommune.no

Røldal. Informasjon. Leilegheit 101 & 103. Ve og Vel V/Turid Tveit 53 49 68 18/97 53 02 55 turid.tveit@stord.kommune.no Røldal Leilegheit 101 & 103 2011 Informasjon Ve og Vel V/Turid Tveit 53 49 68 18/97 53 02 55 turid.tveit@stord.kommune.no Innhaldsliste Prisar:... 3 Litt om leilegheitane... 4 Røldalsterrassen... 4 Utstyr...

Detaljer

Bjørnehiet SFO - informasjon

Bjørnehiet SFO - informasjon Bjørnehiet SFO - informasjon Bjørnehiet SFO er eit friviljug omsorgs- og fritidstilbod før og etter skuletid for barna på 1.- 4. steg. Sentralt i tilbodet er omsorg, tryggleik og gode utviklingsvilkår.

Detaljer

Norsk etnologisk gransking Oslo, februar 2015 Norsk Folkemuseum Postboks 720 Skøyen 0214 Oslo E-post: eli.chang@norskfolkemuseum.

Norsk etnologisk gransking Oslo, februar 2015 Norsk Folkemuseum Postboks 720 Skøyen 0214 Oslo E-post: eli.chang@norskfolkemuseum. Norsk etnologisk gransking Oslo, februar 2015 Norsk Folkemuseum Postboks 720 Skøyen 0214 Oslo E-post: eli.chang@norskfolkemuseum.no Spørjeliste nr. 253 Fadderskap Den som svarar på lista er samd i at svaret

Detaljer

Hei alle på 4. årstrinn og foreldre/føresette! Veke 12 2015

Hei alle på 4. årstrinn og foreldre/føresette! Veke 12 2015 Hei alle på 4. årstrinn og foreldre/føresette! Veke 12 2015 Hugs samtaletimen! Torsdag, 19.oktober, skal vi på utedag. Det ser ut til at det vert betre vèr enn vi har hatt. Vi må byggje på hyttene våre!

Detaljer

Kontaktperson og bestilling rettast til Hans Einar Kristoffersen, ein treff han på telefon 958 69 967.

Kontaktperson og bestilling rettast til Hans Einar Kristoffersen, ein treff han på telefon 958 69 967. Midt Norsk Mesterskap 7 11. juli 2010 Sykkylven og Stranda skyttarlag ynskjer å byde inn til Midt Norsk Meisterskap 7 11. juli. Stemnet er lagt opp som eit samarbeidsstemne mellom dei to skyttarlaga. Der

Detaljer

MÅNADSPLAN FOR SEPTEMBER, KVITVEISEN.

MÅNADSPLAN FOR SEPTEMBER, KVITVEISEN. Nymannsbråtet barnehage MÅNADSPLAN FOR SEPTEMBER, KVITVEISEN. Månadens tema; «Nysgjerrigper» - luft, brann. Månadens song; «Brannmann Sam». Fagområde; «Natur, miljø og teknikk». Veke Tysdag 01.09 Onsdag

Detaljer

Eidsdal Idrottslag og Geiranger Idrottslag innbyr til Uoffisielt Norgesmeisterskap i Motbakkesykling dame og herre. Laurdag 13.

Eidsdal Idrottslag og Geiranger Idrottslag innbyr til Uoffisielt Norgesmeisterskap i Motbakkesykling dame og herre. Laurdag 13. Eidsdal Idrottslag og Geiranger Idrottslag innbyr til Uoffisielt Norgesmeisterskap i Motbakkesykling dame og herre Laurdag 13. juni 2009 DEVOLD NIBBERITTET 0-1500 meter over havet For fyrste gong vert

Detaljer

INFORMASJON om førestellinga:

INFORMASJON om førestellinga: BREIDABLIKK KULTURBARNEHAGE Juni/juli 2015 ************************************************************************************************************ Tema juni: Førestillinga Månadens song: Alle songane

Detaljer

Å leve av og med naturen.

Å leve av og med naturen. Vilt, vakkert og vått. Eidfjord og Hardanger var eit naturleg utgangspunkt for the Dale Oen Experience sin første tur. Tolv utvalde skuleungdomar frå Hordaland fekk ei oppleving heilt i Alexander og Robin

Detaljer

INFOSKRIV OM LANDSLEIREN STAVANGER 2013 NR. 2, JUNI 2013 Hei, alle saman!

INFOSKRIV OM LANDSLEIREN STAVANGER 2013 NR. 2, JUNI 2013 Hei, alle saman! INFOSKRIV OM LANDSLEIREN STAVANGER 2013 NR. 2, JUNI 2013 Hei, alle saman! Leiren nærmar seg veldig no, og vi leiarane har massevis av småting som må ordnast for at leiren skal bli best mogleg for speidarane.

Detaljer

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014 Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014 (Nynorsk) Du skal IKKJE skrive namnet ditt på nokon av sidene i dette spørjeskjemaet. Vi vil berre vite om du er jente eller gut og kva for klasse du går i.

Detaljer

Barnerettane i LOKALSAMFUNNET

Barnerettane i LOKALSAMFUNNET Eit undervisningsopplegg om Barnerettane i LOKALSAMFUNNET Aktivitetsark med oppgåveidear og tips til lærarane Hjelpeark med bakgrunnsinformasjon og kopieringsoriginalar DELTAKING Artikkel 12: DISKRIMINERING

Detaljer

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid) Mikkel, Anders og Tim Pressemelding I årets Kvitebjørnprosjekt valde me å samanlikna lesevanane hjå 12-13 åringar (7. og 8.klasse) i forhold til lesevanane til 17-18 åringar (TVN 2. og 3.vgs). Me tenkte

Detaljer

ÅRSPLAN FOR SFO FLATDAL BARNESKULE

ÅRSPLAN FOR SFO FLATDAL BARNESKULE ÅRSPLAN FOR SFO FLATDAL BARNESKULE 2015-2016 INNHALD Innhald 2 Kort om skulefritidsordninga 3 Opningstider og tilbod i feriane 4 Påmeldingsfristar 5 Personalet ved SFO 6 Hovudmålsetjing 7 Dagsrytmen 8

Detaljer

Stråling frå elektronisk kommunikasjon

Stråling frå elektronisk kommunikasjon Stråling frå elektronisk kommunikasjon Ei orientering frå Statens strålevern og Post- og teletilsynet Kva er stråling? I kvardagen omgjev vi oss med ulike typar stråling, frå både naturlege og menneskeskapte

Detaljer

ÅRSMELDING FOR VALLE UNGDOMSKLUBB 2014-2015

ÅRSMELDING FOR VALLE UNGDOMSKLUBB 2014-2015 Kultur og fritid ÅRSMELDING FOR VALLE UNGDOMSKLUBB 2014-2015 Velkomne til Valle Ungdomsklubb! Vedlagt finn du årsmelding for Valle ungdomsklubb 2014-2015. Det har vore eit spennande år med mykje aktivitet.

Detaljer

Psykologisk førstehjelp i skulen

Psykologisk førstehjelp i skulen Psykologisk førstehjelp i skulen Fagnettverk for psykisk helse Sogndal 21. mars 2014 Solrun Samnøy, prosjekt leiar Psykologisk førstehjelp Sjølvhjelpsmateriell laga av Solfrid Raknes Barneversjon og ungdomsversjon

Detaljer