Velkomen som konfirmant

Størrelse: px
Begynne med side:

Download "Velkomen som konfirmant"

Transkript

1 Velkomen som konfirmant Velkomen som konfirmant i kyrkjelydane våre. Velkomen til eit år litt utanom det vanlege. Anten du trur, tvilar eller berre er nyfiken, er du velkomen til konfirmasjon i kyrkja. Vi ynskjer å gje deg eit år der du kan få kunnskap. Du skal få lære meir om deg sjølv, trua, kyrkja og livet. Du får høve til å utforske nokre av dei mange spørsmåla i livet saman med andre. Vi snakkar om livet på godt og vondt. Det er òg eit år der du vil få mange opplevingar og nye erfaringar. Vi ynskjer at du skal få erfare kva det er å vere kristen, og å vere ein del av kyrkjelyden. Vi er glade for at vi får lov å vere saman med deg dette året. Helsing dei frivillige og tilsette i Førde, Holsen og Haukedalen kyrkjelydar. Førde kyrkje Haukedalen kyrkje Holsen kyrkje 2

2 Felles for alle konfirmantgruppene All undervisning skjer etter skuletid. Noko skjer rett etter skuletid, medan noko skjer seinare på kvelden og/eller helg. All undervisning er obligatorisk. Konfirmantane føl ikkje lenger skuleklassane i konfirmantundervisninga, men vel konfirmantgruppe ut i frå interesse. Konfirmantundervisninga vil skje i konfirmantgruppa. Ein vil framleis bli konfirmert klassevis (Skuleklasse). GUDSTENESTER Alle konfirmantane skal gå på 10 gudstenester i løpet av konfirmasjonstida. Du får ei kyrkjedagbok som du noterer i under gudstenesta. Du kan gå på gudsteneste i kyrkja kvar som helst i landet. Hugs å få stempel frå klokkar/prest, og ta godt vare på boka di. HELGESAMLING I 28. eller 29. AUGUST Konfirmantane møter på kyrkjetunet anten fredagen eller laurdagen. Her vert det undervisning og eit varmt måltid mat. PRESENTASJONSGUDSTENESTE 30. AUGUST (Haukedalen 13. sept.) Alle konfirmantane vert presenterte for sin kyrkjelyd på gudsteneste. I Førde og Holsen er det sundagen den første konfirmanthelga. Denne gudstenesta er obligatorisk for alle! Klokka Gudsteneste for alle konfirmantar frå Halbrend skule Klokka Gudsteneste for alle konfirmantar frå Førde ungdomsskule. Holsen kyrkje sundag 30.august kl Haukedalen kyrkje sundag 13. sept. kl NESHOLMEN 19. eller 20. SEPTEMBER Vi deler konfirmantkullet i to og reiser til Nesholmen leirstad i Hyen. Der er vi saman ein heil dag og har aktivitetar inne og ute. NB! Merk at dette IKKJE er den same turen som Hausttreff! Denne turen (september) skal alle konfirmantane vere med på. 3

3 NATTCUP 23. OKTOBER Nattcupen i Førdehuset er ein årleg happening for konfirmantane i Sunnfjord, som har fått lange og gode tradisjonar. Arrangementet er bygt opp rundt ein fotballcup, men det skjer mykje meir: bading, kino, konsert, heiagjeng, playstation, mm. LYSMESSE 29. NOVEMBER Dette er ei stemningsfull gudsteneste der konfirmantane deltek, og der foreldre, fadrar og familie er med. Denne gudstenesta er obligatorisk for alle! Førde 29. november kl Holsen 6. desember kl adventsgudsteneste Haukedalen 6.desember kl TEMAGUDSTENESTE 2. MARS kl 18:00 Dette er ei gudsteneste der Kirkens Nødhjelp sin fasteaksjon står i fokus, og konfirmantane inviterer foreldre, fadrar og andre til å være med for å få ein smakebit på kva vi har vore gjennom i konfirmantåret. Denne gudstenesta er obligatorisk for alle Førdekonfirmantane! HELGESAMLING II 11. eller 12 mars Konfirmantane møter på kyrkjetunet anten fredagen eller laurdagen. Her vert det undervisning og eit varmt måltid mat. FASTEAKSJONEN TIL KIRKENS NØDHJELP 15. MARS Kvart år samlar konfirmantane inn pengar til ulike prosjekt i Kirkens Nødhjelp. I 2015 samla konfirmantane i Førde kommune inn kr,- Dette er ein dag der både konfirmanten og foreldra er med, så sett av dagen tidleg! 4

4 TENESTEOPPGÅVER Gjennom å delta i ei tenesteoppgåve vil konfirmantane sjølv erfare at dei er en del av kyrkjelyden. Difor skal alle konfirmantane delta på ei tenesteoppgåve i løpet av konfirmantåret. Tenesteoppgåva vil vere uavhengig av konfirmantgruppa. Konfirmanten må sette opp to val, og vil få oppgåve og dato ut frå valet så langt det er mogleg. A) GUDSTENESTE Ei av tenesteoppgåvene vil vere å delta på ei gudsteneste (Du får sjølvsagt stempel på den )Du må møte før gudstenesta startar og vere med på førebuingane, du vil få oppgåver undervegs (det kan vere å gå i evangelieprosesjon, tenne lys i lysgloben, lese tekst, samle inn takkoffer etc), og du vil vere med på oppryddinga i etterkant av gudstenesta. B) DIAKONI Diakoni er kyrkja si omsorgsteneste. Med denne tenesteoppgåva kan du vere med å gjere noko for andre. Du kan vere med på ei KIA-samling (Kristent Interkulturelt Arbeid), besøke nokon som bur på Helsetunet eller anna. C) MILJØ Førde kyrkjelyd er «grøn kyrkjelyd». Det vil seie at vi er oppteken av miljøet vårt. Denne tenesteoppgåva vil ha ei samling med fokus på miljøet og rettferdig handel. D) MUSIKK Om du speler eit instrument, eller likar å synge, kan di tenesteoppgåve vere for eksempel å spele på ei gudsteneste, vere forsongar på gudsteneste, det kan vere å spele på helsetunet eller anna. 5

5 KONFIRMANTGRUPPER På dei fleste gruppene er det eit max tal konfirmantar. Det vil seie at ikkje alle konfirmantane kan få fyrste valet sitt. På påmeldinga må du difor setje opp tre ynskje i prioritert rekkefølgje, så skal alle konfirmantane få eit av sine tre val. Det er viktig at ein vel konfirmantgruppe ut i frå interesse då vil ein få best utbytte av året. Om nokon treng økonomisk støtte, bed vi dykk om å nemne det på innskrivingssamtalen i juni, evt ta kontakt med kyrkjekontoret. A: Kreativ konfirmant Desse konfirmantane vil i tillegg til dei samlingane som er felles for alle konfirmantane ha 8 samlingar tysdagar kl 15:00 på kyrkjetunet. Dei vil ha konfirmantundervisning knytt opp mot ulike kreative aktivitetar. Eksempel kan vere: blomsterbinding, foto, strikking etc. Konfirmantane vil få enkel mat på samlingane. Pris: 1290,- dekker: Mat på samlingane, tur til Nesholmen i september, nattcup, leige av konfirmantkappe og materiell til aktivitetane. 6

6 Leir / Deciding konfirmant Leir konfirmantane og Deciding-konfirmantane har i tillegg til det alle konfirmantane skal vere med på 5 samlingar onsdagar eller torsdagar på kyrkjetunet i løpet av september til påske. Samlingane startar kl 15:00 og varer fram til kl 19:00. Alle samlingane inneheld eit varmt måltid. I tillegg til samlingane skal konfirmantane velje ein av følgjande aktivitetar som dei skal vere med på i løpet av konfirmantåret: B) Deciding Førde Ten Sing Dette er ei Ten Sing gruppe for alle mellom år, som har samling kvar tysdag. I Deciding driv ein hovudsakleg med kor og band, men ein tysdag i månaden er det dans, drama, multimedia og teknikk. Deciding har eigne turar og konsertar, og rundt 40 medlemar kvart år. Pris: 1750,- C) SMS- leir på Alværa misjonssenter 30.oktober - 1.november Dette er ein leir i regi av Det Norske Misjonsselskap med valfrie aktivitetar som f.eks: dans, klatring, ballspill, minigolf mm. Her er det deltakarar frå Sogn og Fjordane og Hordaland. Max tal konfirmantar: 25 Pris: 1890,- 7

7 D) Hausttreff på Nesholmen oktober Dette er ein leir i regi av KFUK-KFUM for åringar frå heile fylket. Her er det musikk, kor og band, friluft og aktivitet. Det blir leik, moro og konkurransar både inne og ute heile helga. (NB: Dette er ikkje den same Nesholmenturen som alle konfirmantane skal på) Max tal konfirmantar: 25 Pris: 1890,- E) Skileir til Strandafjellet februar (NB! Første helga i vinterferien!) På denne leiren vert det meste av tida brukt i bakkane: alpint, telemark, snowboard, slalåm Max tal konfirmantar: 35 Pris: 2250,- Prisen dekker: Varm mat på alle samlingar på kyrkjetunet, tur til Nesholmen i september, nattcup, deltakaravgift på leir + reise/medlemsskap i Deciding og leige av konfirmantkappe. 8

8 F: Konfirmant-Ludus Konfirmantludus vil i tillegg til dei samlingane som er felles for alle konfirmantane ha 9 samlingar i gymsal og i sandhallen. Det vil bli ulike gymsal-aktivitetar og konfirmantundervisning. Vi prøver og å få til ein kanotur. Det vert enkel mat på alle samlingane. Max tal på konfirmantar: 20 Pris: 1290,- Dekker mat på samlingane, tur til Nesholmen i september, nattcup, leige av konfirmantkappe og medlemsskap på KFUK-KFUM. 9

9 G: Friluftkonfirmant Friluftkonfirmantane vil i tillegg til dei samlingane som er felles for alle konfirmantane ha 8 samlingar ute i friluft. Her er konfirmantundervisninga ute, så hugs kle etter veret. På våren vert det i tillegg ein overnattingstur på ei hytte eit døgn. Det vert enkel mat på alle samlingane. Max tal på konfirmantar: 20. Pris: 1290,- dekker mat på samlingane, tur til Nesholmen i september, nattcup, leige av konfirmantkappe og overnatting på hytte. 10

10 Foreldre/ Føresette Vi vil ynske dykk velkomne som konfirmantforeldre i kyrkjelydane våre! Som foreldre/ føresette har de ansvar for å: følgje opp konfirmanten gje melding om fråvær. vere med på to foreldreoppgåver i løpet av året Vi ynskjer og at de er med konfirmanten på gudstenester, og særleg på dei gudstenestene der konfirmantane deltek. Foreldremøte 14. eller 15. oktober De vil i haust og vinter få invitasjon til foreldremøte. Her set vi fokus på korleis vi saman kan vere gode støttespelarar for ungdomane dette året. Her får foreldra informasjon om og smakebitar frå konfirmantåret. Det er og ein stad for foreldra til å møte kvarandre og dei tilsette i kyrkja. Onsdag 14.oktober klokka For foreldre med konfirmantar frå Førde ungdomsskule. (Det gjeld og konfirmantforeldre frå Holsen og Haukedalen) Torsdag 15.oktober klokka For foreldre med konfirmantar frå Halbrend skule Foreldremøte torsdag 28. januar klokka Det vert eit felles møte for alle konfirmantforeldra. Vi får besøk av Andreas Gravdal som skal snakke om ungdom og sjølvbilde. Meir informasjon kjem når det nærmar seg. 11

11 Foreldreoppgåver For at vi skal kunne gjennomføre konfirmantåret, er vi avhengige av de foreldre. Difor må de foreldre velje minst to oppgåver som de kan hjelpe til med. Hugs å sette opp tre val, men du får berre to oppgåver. 1) Hjelpe til på undervisningsdagane (Helge- og temasamlingar) Helgesamlingane for alle konfirmantane og temadagane for leir/decidingkonfirmantane skal ha eit varmt måltid. Til det treng vi foreldre som kan hjelpe til og lage maten, servere og rydde opp i etterkant. Her er det eit stort behov for hjelp! Frå ca kl på vekedagane 2) Vakt på nattcup Vi treng foreldre til å vere vakt på nattcupen i Førdehuset 23. oktober. Her har vi bruk for foreldre med fyrstehjelp- og livredningskompetanse. (Meld frå om det i påmeldinga.) Men vi treng og «vanlege» vakter. 3) Tur til Nesholmen 19. og 20. september Vi treng foreldre som kan vere med bussane ut til Nesholmen og hjelpe til med ulike praktiske oppgåver der ute. Om det er nokon som kan køyre buss til Nesholmen ein av desse dagane, er det flott! (Meld frå om det på påmeldinga) 4) Køyring til Kirkens Nødhjelp sin fasteaksjon 15. mars Vi treng sjåførar til å køyre konfirmantane rundt til dei ulike stadane der dei skal samle inn pengar. 12

12 5) Vere med på / i ei konfirmantgruppe.vi treng foreldre som kan vere med som leiar på leir eller på nokon av dei andre aktivitetane som for eksempel friluft, ludus, kreativkonfirmantar osb Spesifiser i påmeldinga kva de ynskjer å vere med på. 6) Praktisk hjelpar på konfirmasjonsdagen Vi treng foreldre som kan vere med å hjelpe til m.a. med konfirmantkappane(ikkje stryking) på konfirmasjonsdagen ein dag de sjølv ikkje har konfirmant. I tillegg til desse, kjem vi til å spørja dykk i løpet av året til å bake ca 30 bollar anten til turen til Nesholmen i september eller til KNaksjonen i mars. På førehand: Takk for hjelpa! 13

13 Påmelding til konfirmantåret. Vi ynskjer at de melder dykk på til konfirmasjon elektronisk på denne påmeldingssida: Du finn også link til påmeldingssida, på heimesida vår: Dersom de ikkje har høve til å melde dykk på via internett, må de fylle ut vedlagte skjema, og ta det med på innskrivinga i juni. Påmelding steg - for - steg 1. Registrer mobilnummer anten til konfirmant eller konfirmantforelder. Du får då tilsendt ein kode du må bruke for å logge inn og starte registreringa. 2. Trykk på registrer ny konfirmant. 3. Velg sokn (Førde eller Holsen og Haukedalen) 4. Fyll ut skjemaet. Det er viktig at du fyller ut all etterspurt informasjon. Bruk kommentarfelta dersom du har tilleggsinformasjon. Du treng ikkje fylle ut noko på fana «Ønsket tid og sted» ettersom vi allereie har sett opp konfirmasjon for dei ulike klassane. Du treng heller ikkje legge ved bilde, då vi tek bilete av konfirmanten på innskrivinga. 5. Trykk Send inn 6. Du er no påmeldt til konfirmantåret. Du får automatisk tilsendt ein e-post som syner påmeldinga di. 14

14 Innskriving Det vert eit felles informasjonsmøte for konfirmantar og foreldre/føresette i juni på Førde kyrkjetun. Etter informasjonen vert det ein kort samtale med kvar konfirmant og foreldre/føresette. Om konfirmanten har spesielle behov, er det viktig at vi får informasjon om det i den samtalen. Hugs å ta med avtalen som ligg ved brosjyra ferdig utfylt på innskrivinga. Vi tek og eit bilde av konfirmanten på innskrivinga til internt bruk (Klassekart for konfirmantlæraren) Dersom dag/tid ikkje høver kan de byte til ein annan klasse, evt ringe kyrkjekontoret for å avtale tid om ikkje nokon av datoane passar. Tysdag 2. juni kl 16:30 9A Fusk. Kl 18:00 9B Fusk Onsdag 3. juni kl 16:30 9C Fusk. Kl 18:00 9D Fusk. Torsdag 4. juni kl 16:30 9A Halbrend. Kl 18:00 9B Halbrend. Kl 19:30 9C Halbrend KONFIRMASJONAR april kl 10:00 9A FUSK (NB: Laurdag) 30.april kl 12:00 9B FUSK (NB: Laurdag) 5. mai kl 10:00 9C FUSK 5. mai kl 12:00 9D FUSK 8. mai kl 10:00 9A Halbrend 8. mai kl 12:00 9B Halbrend 15. mai kl 10:00 9C Halbrend Holsen: 8. mai kl 11:00 Haukedalen: 22. mai kl 11:00 15

Velkomen som konfirmant

Velkomen som konfirmant Velkomen som konfirmant Velkomen som konfirmant i kyrkjelydane våre. Velkomen til eit år litt utanom det vanlege. Anten du trur, tvilar eller berre er nyfiken, er du velkomen til konfirmasjon i kyrkja.

Detaljer

Konfirmant. Førde, Holsen, Haukedalen. Undervisning Nattcup Fasteaksjonen Gudsteneste Kristuskrans Nesholmen Aktivitet Felleskap Bibel Vener

Konfirmant. Førde, Holsen, Haukedalen. Undervisning Nattcup Fasteaksjonen Gudsteneste Kristuskrans Nesholmen Aktivitet Felleskap Bibel Vener Konfirmant Førde, Holsen, Haukedalen Undervisning Nattcup Fasteaksjonen Gudsteneste Kristuskrans Nesholmen Aktivitet Felleskap Bibel Vener Velkomen som konfirmant Velkomen som konfirmant i kyrkjelydane

Detaljer

KonfirmantiKyrkja2018/19

KonfirmantiKyrkja2018/19 KonfirmantiKyrkja2018/19 Førde,HolsenogHaukedalen Velkomen som konfirmant Vi er glade for å kunne tilby eit variert og innhaldsrikt konfirmantår for 9. klassingane i Førde, Holsen og Haukedalen. Velkomen

Detaljer

Velkomen som konfirmant!

Velkomen som konfirmant! 1 Velkomen som konfirmant! Velkomen som konfirmant i Herøy kyrkje, Indre Herøy kyrkje og Leikanger kyrkje. Velkomen til eit år litt utanom det vanlege. Anten du trur, tvilar eller er nysgjerrig på den

Detaljer

Velkomen som konfirmant

Velkomen som konfirmant 1 Velkomen som konfirmant Velkomen som konfirmant i Herøy, Indre Herøy og Leikanger kyrkjelydar. Velkomen til eit år litt utanom det vanlege. Anten du trur, tvilar eller berre er nyfiken, er du velkomen

Detaljer

VELKOMEN SOM KONFIRMANT i KYRKJELYDANE I VANYLVEN!

VELKOMEN SOM KONFIRMANT i KYRKJELYDANE I VANYLVEN! VELKOMEN SOM KONFIRMANT i KYRKJELYDANE I VANYLVEN! 2018 14-15 Den norske kyrkja i Vanylven Kyrkjekontoret tlf. 70022160 E-post: vanylven.kyrkjekontor@vanylven.kyrkja.no Har du nokon gong lurt på eit eller

Detaljer

VELKOMEN SOM KONFIRMANT

VELKOMEN SOM KONFIRMANT 2 19 VELKOMEN SOM KONFIRMANT i KYRKJELYDANE I VANYLVEN! KONFIRMASJON 14-15 Den norske kyrkja i Vanylven Kyrkjekontoret tlf. 70022160 E-post: bk324@kyrkja.no Har du nokon gong lurt på eit eller fleire av

Detaljer

Kontaktinfo. Besøksadresse: Rådhuset i Langevåg 3.etasje. Postadresse: Sula Sokn Postboks LANGEVÅG. Telefon sentralbord:

Kontaktinfo. Besøksadresse: Rådhuset i Langevåg 3.etasje. Postadresse: Sula Sokn Postboks LANGEVÅG. Telefon sentralbord: Enten du trur, tvilar eller berre er nysgjerrig, er du velkomen til konfirmasjon i kyrkja. I konfirmasjonstida får du lære meir om deg sjølv og Gud. Du får høve til å utforske nokre av dei mange spørsmåla

Detaljer

Informasjon frå Sula kyrkjelyd. Kven er eg? www.sula.kyrkja.no

Informasjon frå Sula kyrkjelyd. Kven er eg? www.sula.kyrkja.no Informasjon frå Sula kyrkjelyd Kven er eg? www.sula.kyrkja.no Enten du trur, tvilar eller berre er nysgjerrig, er du velkomen til konfirmasjon i kyrkja. I konfirmasjonstida får du lære meir om deg sjølv

Detaljer

Vi inviterer. Oppheim og Vinje kyrkjelydar

Vi inviterer. Oppheim og Vinje kyrkjelydar Vi inviterer Oppheim og Vinje kyrkjelydar Kvifor konfirmant? Konfirmanttida er ei tid for å tenkje nye tankar, få nye opplevingar og kanskje nye venner! Tema vi skal utforske saman, er: Kvar kjem eg frå?

Detaljer

Informasjon frå Sula kyrkjelyd

Informasjon frå Sula kyrkjelyd Enten du trur, tvilar eller berre er nysgjerrig, er du velkomen til konfirmasjon i kyrkja. I konfirmasjonstida får du lære meir om deg sjølv og Gud. Du får høve til å utforske nokre av dei mange spørsmåla

Detaljer

Kontaktinfo. Besøksadresse: Rådhuset i Langevåg 3.etasje. Postadresse: Sula Sokn Postboks LANGEVÅG. Telefon:

Kontaktinfo. Besøksadresse: Rådhuset i Langevåg 3.etasje. Postadresse: Sula Sokn Postboks LANGEVÅG. Telefon: Enten du trur, tvilar eller berre er nysgjerrig, er du velkomen til konfirmasjon i kyrkja. I konfirmasjonstida kan du lære meir om deg sjølv og Gud. Du får høve til å utforske nokre av dei mange spørsmåla

Detaljer

Informasjon frå Sula kyrkjelyd

Informasjon frå Sula kyrkjelyd Enten du trur, tvilar eller berre er nysgjerrig, er du velkomen til konfirmasjon i kyrkja. I konfirmasjonstida kan du lære meir om deg sjølv og Gud. Du får høve til å utforske nokre av dei mange spørsmåla

Detaljer

Kontaktinfo. Besøksadresse: Rådhuset i Langevåg 3.etasje. Postadresse: Sula Sokn Postboks LANGEVÅG. Telefon:

Kontaktinfo. Besøksadresse: Rådhuset i Langevåg 3.etasje. Postadresse: Sula Sokn Postboks LANGEVÅG. Telefon: Enten du trur, tvilar eller berre er nysgjerrig, er du velkomen til konfirmasjon i kyrkja. I konfirmasjonstida får du lære meir om deg sjølv og Gud. Du får høve til å utforske nokre av dei mange spørsmåla

Detaljer

Plan for undervisning

Plan for undervisning Side 2 av 12 Vi er ansvarlege for konfirmasjonstida på Osterøy vil gjerne gje deg ynskjer å vera konfirmant, og dykk konfirmantforeldre/ -føresette informasjon om konfirmantopplegget vårt. Konfirmasjon

Detaljer

k o n f i r mant 2013

k o n f i r mant 2013 V e l k o m e n s o m k o n f i r mant 2013 VOSS OG RAUNDALEN KYRKJELYDAR - 2 - Innhald Kontaktinformasjon... s. 2 Inntroduksjon... s. 3 Konfirmantlærarane... s. 3 Innformasjonsmøte for foreldre/føresette...

Detaljer

Kontaktinfo. Besøksadresse: Rådhuset i Langevåg. Postadresse: Sula Sokn Postboks 228 6039 LANGEVÅG. Telefon: E-post: kyrkjekontoret@sula.kommune.

Kontaktinfo. Besøksadresse: Rådhuset i Langevåg. Postadresse: Sula Sokn Postboks 228 6039 LANGEVÅG. Telefon: E-post: kyrkjekontoret@sula.kommune. Informasjon frå Sula kyrkjelyd Kven er eg? www.sula.kyrkja.no Enten du trur, tvilar eller berre er nysgjerrig, er du velkomen til konfirmasjon i kyrkja. I konfirmasjonstida får du lære meir om deg sjølv

Detaljer

Velkomen til minifolkehøgskule i Nordfjord

Velkomen til minifolkehøgskule i Nordfjord Velkomen til minifolkehøgskule i Nordfjord Kjære foreldre, føresette, søsken og vener! I 8 månader har de fått rapport etter rapport frå Nordfjordeleven dykkar. Om flotte fjelltoppar. Store bølgjer. Hav

Detaljer

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK FRIDOM TIL Å TENKJE OG MEINE KVA DU VIL ER EIN MENNESKERETT Fordi vi alle er ein del av ein større heilskap, er evna og viljen til å vise toleranse

Detaljer

Kontaktinfo. Besøksadresse: Rådhuset i Langevåg 3.etasje. Postadresse: Sula Sokn Postboks LANGEVÅG. Telefon sentralbord:

Kontaktinfo. Besøksadresse: Rådhuset i Langevåg 3.etasje. Postadresse: Sula Sokn Postboks LANGEVÅG. Telefon sentralbord: Enten du trur, tvilar eller berre er nysgjerrig, er du velkomen til konfirmasjon i kyrkja. I konfirmasjonstida kan du lære meir om deg sjølv og Gud. Du får høve til å utforske nokre av dei mange spørsmåla

Detaljer

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-) Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-) Alle borna i 1 klasse byrjar å bli trygge i sine nye omgivelser.

Detaljer

Konfirmant 2016. Informasjonshefte om konfirmasjon i Fjell, Foldnes og Landro kyrkje. Tema for året: "Loved"

Konfirmant 2016. Informasjonshefte om konfirmasjon i Fjell, Foldnes og Landro kyrkje. Tema for året: Loved Konfirmant 2016 Informasjonshefte om konfirmasjon i Fjell, Foldnes og Landro kyrkje Tema for året: "Loved" Velkommen til konfirmasjonstida i Fjell 2016! Det nærmar seg konfirmasjonstid for dykk som er

Detaljer

Vi Os kyrkjelyd inviterer til. Konfirmantåret

Vi Os kyrkjelyd inviterer til. Konfirmantåret Vi Os kyrkjelyd inviterer til Konfirmantåret 2014/2015 Nore Neset kyrkje Konfirmant? Kvifor konfirmant? Det er mange gode grunnar for å velje konfirmasjon. Ein kan tenkje på festen og gåvene, ein vil læra

Detaljer

Vi inviterer. Voss, Evanger og Raundalen kyrkjelydar

Vi inviterer. Voss, Evanger og Raundalen kyrkjelydar Vi inviterer Voss, Evanger og Raundalen kyrkjelydar Kvifor konfirmant? Konfirmanttida er ei tid for å tenkje nye tankar, få nye opplevingar og kanskje nye venner! Tema vi skal utforske saman, er: Kvar

Detaljer

V e l k o m e n s o m. konfirm ant. Foto: Rune Sævig, Bergens Tidende VOSS EVANGER RAUNDALEN KYRKJELYDAR

V e l k o m e n s o m. konfirm ant. Foto: Rune Sævig, Bergens Tidende VOSS EVANGER RAUNDALEN KYRKJELYDAR V e l k o m e n s o m konfirm ant Foto: Rune Sævig, Bergens Tidende 2015 VOSS EVANGER RAUNDALEN KYRKJELYDAR - 2 - Innhald Kontaktinformasjon... s. 2 Inntroduksjon... s. 3 Konfirmantlærarane... s. 3 Påmelding/

Detaljer

Eit godt tips er å ta deg tid til å lese om alle gruppene før du bestemmer deg for kva gruppe du velger. Her er det mykje kjekt å være med på!

Eit godt tips er å ta deg tid til å lese om alle gruppene før du bestemmer deg for kva gruppe du velger. Her er det mykje kjekt å være med på! Fjellkonfirmant 2016 Interessegrupper I tillegg til undervisningsgruppa du er tildelt skal du og få ønskje deg ei interessegruppe som du får delta i. Vi har mange grupper å velge i, og i dette heftet er

Detaljer

Vi inviterer. Voss, Evanger og Raundalen kyrkjelydar

Vi inviterer. Voss, Evanger og Raundalen kyrkjelydar Vi inviterer Voss, Evanger og Raundalen kyrkjelydar Kvifor konfirmant? Konfirmanttida er ei tid for å tenkje nye tankar, få nye opplevingar og kanskje nye venner! Tema vi skal utforske saman, er: Kvar

Detaljer

Invitasjon til Entreprenørskap Sunnfjord 2012

Invitasjon til Entreprenørskap Sunnfjord 2012 Invitasjon til Entreprenørskap Sunnfjord 2012 Onsdag 28 mars inviterer vi entreprenørskapsungdom, lokale bedrifter og andre lag og organisasjonar til årets entreprenørskapsmesse i Naustdalshallen. Her

Detaljer

Velkomen til konfirmanttida

Velkomen til konfirmanttida Velkomen til konfirmanttida Påmelding 132 konfirmantar er registrert www.voss.kyrkja.no Om lag slik ser nettsida vår ut. Klikk på Voss, Evanger og Raundalen. Her ligg kalender til høgre og aktuelle ting

Detaljer

VELKOMEN SOM KONFIRMANT 2016

VELKOMEN SOM KONFIRMANT 2016 VELKOMEN SOM KONFIRMANT 2016 HYEN, BREIM, GIMMESTAD OG VEREIDE SOKN/GLOPPEN INNHALD InnhAld...3 KONTAKTINFORMASJON...3 INTRODUKSJON...4 PÅMELDING...4 Nettbasert påmelding...4 Underskrift...4 INNHALDET

Detaljer

Til deg som bur i fosterheim. 13-18 år

Til deg som bur i fosterheim. 13-18 år Til deg som bur i fosterheim 13-18 år Forord Om du les denne brosjyren, er det sikkert fordi du skal bu i ein fosterheim i ein periode eller allereie har flytta til ein fosterheim. Det er omtrent 7500

Detaljer

Konf irmant Informasjon om konf irmasjonstida i Foldnes, Landro og Fjell kyrkje.

Konf irmant Informasjon om konf irmasjonstida i Foldnes, Landro og Fjell kyrkje. Konf irmant 2019 Informasjon om konf irmasjonstida i Foldnes, Landro og Fjell kyrkje. Velkommen til konfirmasjonstida i Fjell 2018-2019! Det nærmar seg konfirmasjonstid!. Vi i kyrkja held på å planlegge

Detaljer

Vi Os kyrkjelyd inviterer til. Konfirmantåret

Vi Os kyrkjelyd inviterer til. Konfirmantåret Vi Os kyrkjelyd inviterer til Konfirmantåret 2018/2019 Kvifor konfirmant? Vil du væra konfirmant i Os kyrkjelyd? Lurer du på om du skal bli konfirmert? Det er mange grunner til å velja konfirmasjon og

Detaljer

Vi Os kyrkjelyd inviterer til. Konfirmantåret 2019/2020

Vi Os kyrkjelyd inviterer til. Konfirmantåret 2019/2020 Vi Os kyrkjelyd inviterer til Konfirmantåret 2019/2020 Kvifor konfirmant? Vil du væra konfirmant i Os kyrkjelyd? Lurer du på om du skal bli konfirmert? Det er mange grunner til å velja konfirmasjon, og

Detaljer

Informasjonshefte Tuv barnehage

Informasjonshefte Tuv barnehage Informasjonshefte Tuv barnehage Informasjonshefte for Tuv barnehage Barnehagen blir drevet av Hemsedal kommune. Barnehagen er politisk lagt under Hovudutval for livsløp. Hovudutval for livsløp består av

Detaljer

Vi Os kyrkjelyd inviterer til. Konfirmantåret

Vi Os kyrkjelyd inviterer til. Konfirmantåret Vi Os kyrkjelyd inviterer til Konfirmantåret 2015/2016 Nore Neset kyrkje Os Kan du Kyrkjelyd tenkja deg å vera konfirmant i Os kyrkjelyd det komande året? Me kan tilby eit spanande opplegg også i år, som

Detaljer

Velkommen til songarstemne i Florø!

Velkommen til songarstemne i Florø! Velkommen til songarstemne i Florø! Det er ei glede for oss i Jomentum å ynskje koret dykkar velkommen til Songarstemne i Florø 6. 8. juni.vi skal lage minnerike dagar for alle som besøker oss i Florø,

Detaljer

Semesterplan hausten 2016

Semesterplan hausten 2016 Semesterplan hausten 2016 Tysdag 23,08 Oppstart Søndag 28.08 10.45 Foreldremøte etter gudstenesta Presentasjonsgudsteneste kl 11.00 Tysdag 13.09 Nattverd Tysdag 04.10 Bøn Tysdag 25.10 Dåp Tysdag 08.11

Detaljer

Kjære KUL-konfirmant (og føresette)!

Kjære KUL-konfirmant (og føresette)! Kjære -konfirmant (og føresette)! Ja, for nettopp du har blitt trekt ut til å bruke konfirmant-tida di på dette halvåret! Vi byrjar no på fredag, 23. november, og vil halde på til slutten av mars. Kva

Detaljer

Vi inviterer. Voss, Evanger og Raundalen kyrkjelydar

Vi inviterer. Voss, Evanger og Raundalen kyrkjelydar Vi inviterer Voss, Evanger og Raundalen kyrkjelydar Kvifor konfirmant? Konfirmanttida er ei tid for å tenkje nye tankar, få nye opplevingar og kanskje nye venner! Tema vi skal utforske saman, er: Kvar

Detaljer

Konfirmantåret 2015/2016

Konfirmantåret 2015/2016 Konfirmantåret 2015/2016 Skjold menighet Hvem er jeg? Er det som skjer bare tilfeldigheter? Har noen skapt jorden? Finnes det en Gud? Men hvorfor skjer det så mye vondt da? Hva er egentlig konfirmasjon?

Detaljer

Konf irmant Informasjonshefte om konf irmasjon i Foldnes, Landro og Fjell kyrkjer.

Konf irmant Informasjonshefte om konf irmasjon i Foldnes, Landro og Fjell kyrkjer. Konf irmant 2018 Informasjonshefte om konf irmasjon i Foldnes, Landro og Fjell kyrkjer. Velkommen til konfirmasjonstida i Fjell 2017-2018! Det nærmar seg konfirmasjonstid for dykk som er fødde i 2003.

Detaljer

Invitasjon til kurs og haustsamling 20.-22. oktober 2015

Invitasjon til kurs og haustsamling 20.-22. oktober 2015 Invitasjon til kurs og haustsamling 20.-22. oktober 2015 I år vert det ei felles haustsamling og den vert arrangert: 20.-22.oktober Kurs: Scandic Hell, Stjørdal. Påmeldingsfrist 4. september! Oppstart:

Detaljer

VELKOMEN SOM KONFIRMANT 2020

VELKOMEN SOM KONFIRMANT 2020 VELKOMEN SOM KONFIRMANT 2020 KONTAKTINFORMASJON KYRKJELYDSKONTORET Tlf: 57 86 56 16 Sandane kyrkje Åsavegen 130 6823 SANDANE HEIMESIDA TIL KYRKJA: www.gloppen.kyrkja.no og kyrkja i gloppen (face) SOKNEPREST

Detaljer

Rådgjevarkonferanse 2010

Rådgjevarkonferanse 2010 Rådgjevarkonferanse 2010 Sogn og Fjordane fylkeskommune Opplæringsavdelinga Inntak og formidling Askedalen 2 6863 Leikanger Telefon 57 65 62 99 Logg inn på vigo.no med MinID Alle må bruke MinID for å

Detaljer

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE Alle vaksne i Lyefjell barnehage arbeider for at det enkelte barn opplever at: Du er aktiv og tydelig for meg Du veit at leik og venner er viktige for

Detaljer

Månadsbrev for ROSA mars 2015

Månadsbrev for ROSA mars 2015 Månadsbrev for ROSA mars 2015 Oppsummering/ evaluering av mars Mars har vore ein lunefull månad med tanke på veret, men vi gledar oss over mange fine dagar med sol og vårleg varme. Har vore mykje ute og

Detaljer

Rådgjevarkonferanse 2009

Rådgjevarkonferanse 2009 Rådgjevarkonferanse 2009 Vidaregåande opplæring Sogn og Fjordane fylkeskommune Opplæringsavdelinga Inntak og formidling Askedalen 2 6863 Leikanger Telefon 57 65 62 99 etter Vg2 Design og duodji Gravørfaget

Detaljer

Granvin barne- og ungdomsskule 5733 GRANVIN Rektor mobil: Assisterande rektor mobil:

Granvin barne- og ungdomsskule 5733 GRANVIN Rektor mobil: Assisterande rektor mobil: Granvin barne- og ungdomsskule 5733 GRANVIN rigmor.hanssen@granvin.kommune.no Rektor mobil: 40403885 Assisterande rektor mobil: 40403884 Informasjon til heimane, november 2017 Hausten er på hell, og det

Detaljer

MÅNADSPLAN FOR SEPTEMBER, KVITVEISEN.

MÅNADSPLAN FOR SEPTEMBER, KVITVEISEN. Nymannsbråtet barnehage MÅNADSPLAN FOR SEPTEMBER, KVITVEISEN. Månadens tema; «Nysgjerrigper» - luft, brann. Månadens song; «Brannmann Sam». Fagområde; «Natur, miljø og teknikk». Veke Tysdag 01.09 Onsdag

Detaljer

S sosalisering og samspill. F Fritid og felleskap. O Omsorg

S sosalisering og samspill. F Fritid og felleskap. O Omsorg Brattholmen skulefritidsordning Nygårdsvegen 1 5350 Brattholmen Tlf: 55097504/98088134 E-post: liss.schumann@fjell.kommune.no S sosalisering og samspill F Fritid og felleskap O Omsorg SFO: SFO er eit fritidstilbod

Detaljer

Informasjonsbrosjyre SOGNDAL STUDENTBARNEHAGE

Informasjonsbrosjyre SOGNDAL STUDENTBARNEHAGE Informasjonsbrosjyre SOGNDAL STUDENTBARNEHAGE SOGNDAL STUDENTBARNEHAGE Sogndal Studentbarnehage er ein privat barnehage, som vert driven av Studentsamskipnaden i Sogn og Fjordane (SISOF), velferdsorganisasjonen

Detaljer

INFORMASJONSHEFTE OM Flatdal barnehage

INFORMASJONSHEFTE OM Flatdal barnehage INFORMASJONSHEFTE OM Flatdal barnehage Seljord kommune Adresse: Flatdalsvegen 1139, 3841 Flatdal Telefon: 350 51365 E-post: heddeli.barnehage@seljord.kommune.no Styrar: Kristin Gaarder Opningstid: Måndag

Detaljer

Velkomen til LONEVÅG BARNEHAGE. Informasjon til foreldre ved Lonevåg barnehage

Velkomen til LONEVÅG BARNEHAGE. Informasjon til foreldre ved Lonevåg barnehage Velkomen til LONEVÅG BARNEHAGE Informasjon til foreldre ved Lonevåg barnehage Kjære foreldre/føresette Me ynskjer dykk og barnet dykkar hjarteleg velkomen til Lonevåg barnehage! Barnet dykkar har no fått

Detaljer

6. trinn. Veke 24 Navn:

6. trinn. Veke 24 Navn: 6. trinn Veke 24 Navn: Takk for ei fantastisk fin førestilling i går! Det var veldig kjekt å sjå dykk, både på formiddagen og på ettermiddagen. Eg vart veldig stolt! No må vi få rydda opp og pakka litt

Detaljer

Stemnehandboka for NKSF

Stemnehandboka for NKSF Stemnehandboka for NKSF I 2003 vart det bestemt å ha ei rulleringsliste for songarstemne 3 plassar kvart år, eit i Nordfjord, eit i Sunnfjord og eit i Sogn alle kor kan arrangere sjølv om dei er store

Detaljer

SFO 2015/16 - Hafslo barne- og ungdomsskule

SFO 2015/16 - Hafslo barne- og ungdomsskule SFO 2015/16 - Hafslo barne- og ungdomsskule SFO HAFSLO - INFORMASJON SFO er eit friviljug omsorgs- og fritidstilbod før og etter skuletid for borna på 1. 4. steg. Sentralt i tilbodet er omsorg, tryggleik,

Detaljer

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg.

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg. JANUAR 2015! Ja, i går vart friluftsåret 2015 erklært for opna og me er alle ved godt mot og har store forhåpningar om eit aktivt år. Det gjeld å ha store tankar og arbeida medvite for å gjennomføra dei.

Detaljer

Foto: Knut Inge Johnsen. Os kyrkjelyd inviterer til

Foto: Knut Inge Johnsen. Os kyrkjelyd inviterer til Foto: Knut Inge Johnsen Os kyrkjelyd inviterer til Konfirmantåret 2009/2010 Kan du tenkja deg å vera konfirmant i Os kyrkjelyd det komande året? Me kan tilby eit ekstra spanande opplegg i år som me trur

Detaljer

Informasjon fra Olsvik menighet

Informasjon fra Olsvik menighet Informasjon fra Olsvik menighet Velkommen! Vi i Olsvik menighet vil med dette invitere alle som skal opp i 9. klasse, og som bor innenfor Olsvik menighet sine grenser, til konfirmasjon. I løpet av konfirmasjonstiden

Detaljer

Utviklingsplan 2015-2017 for Ørsta frikyrkje

Utviklingsplan 2015-2017 for Ørsta frikyrkje Utviklingsplan 2015-2017 for Ørsta frikyrkje Visjon: Å gjere Jesus synleg I perioden 2015-2017 skal visjonen synleggjerast gjennom fire utvalde satsingar. Gudstenester, offerdagar, misjonsmesse og andre

Detaljer

VELKOMMEN SOM KONFIRMANT i Herøy, Indre Herøy og Leikanger kyrkje !

VELKOMMEN SOM KONFIRMANT i Herøy, Indre Herøy og Leikanger kyrkje ! VELKOMMEN SOM KONFIRMANT i Herøy, Indre Herøy og Leikanger kyrkje 2017-2018! Det er snart sommar og om ikkje lenge er du 9. klassing, då kan du velje å vere konfirmant eit år!! Vi her i kyrkja håpar du

Detaljer

Informasjon om søking til vidaregåande opplæring for skoleåret 2011/2012

Informasjon om søking til vidaregåande opplæring for skoleåret 2011/2012 Dei vidaregåande skolane i Møre og Romsdal Ungdomsskolane i Møre og Romsdal Dykkar ref: Dykkar dato: Vår ref: Vår saksbehandlar: Vår dato: 63838/2010/A49 Jane Anita Aspen,71 25 87 75 21.12.2010 - Informasjon

Detaljer

Eit godt tips er å ta deg tid til å lese om alle gruppene før du bestemmer deg for kva gruppe du velger. Her er det mykje kjekt å være med på!

Eit godt tips er å ta deg tid til å lese om alle gruppene før du bestemmer deg for kva gruppe du velger. Her er det mykje kjekt å være med på! Fjellkonfirmant 2017 Interessegrupper I tillegg til undervisningsgruppa du er tildelt skal du og få ønskje deg ei interessegruppe som du får delta i. Vi har mange grupper å velge i, og i dette heftet er

Detaljer

Invitasjon til Vinterfestivalen i Myrkdalen 2012

Invitasjon til Vinterfestivalen i Myrkdalen 2012 HORDALAND FYLKESKOMMUNE Kultur- og idrettsavdelinga Kommunar, institusjonar, personar innan psykisk helsevern i Hordaland Vår ref.: (nyttast ved korrespondanse) Dykkar ref.: Bergen, 02. mars 2012 200800612-62/626/HANESPE

Detaljer

Søking til skuleåret 2012-2013

Søking til skuleåret 2012-2013 Søking til skuleåret 2012-2013 Opplæringsavdelinga, inntak og formidling Rådgjevarkonferansen 2011 Korleis søkjer du? Du søkjer og svarar på vigo.no, logg inn med MinID Søknadsfrist: 1. mars for ordinært

Detaljer

Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.

Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema. 1 Oppdatert 16.05.09 Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.) Velkommen til Hordaland fylkeskommune sin portal

Detaljer

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv. Særemne 3-100 år med stemmerett I 2013 er det hundre år sidan alle fekk stemmerett i Noreg. På Norsk Folkemuseum arbeider vi i desse dagar med ei utstilling som skal opne i høve jubileet. I 2010 sendte

Detaljer

Til deg som er ny i Maurtuå Barnehage! Barnehagens visjon: «Saman set me spor»

Til deg som er ny i Maurtuå Barnehage! Barnehagens visjon: «Saman set me spor» Til deg som er ny i Maurtuå Barnehage! Barnehagens visjon: «Saman set me spor» Velkommen til oss i Maurtuå Barnehage. Dette heftet med informasjon håpar me kan være til hjelp for deg når du skal være vikar.

Detaljer

Respekt på Rommetveit skule

Respekt på Rommetveit skule Respekt på Rommetveit skule Frå og med hausten 2014 er Rommetveit skule ein RESPEKT-skule. Det vil seie at RESPEKTprogrammet skal vere gjennomgåande i heile vår kultur og alt vårt arbeid. RESPEKT er ikkje

Detaljer

Informasjon til elevane

Informasjon til elevane Informasjon til elevane Skulen din er vald ut til å vere med i undersøkinga RESPEKT. Elevar ved fleire skular deltek i undersøkinga, som vert gjennomført av Læringsmiljøsenteret ved Universitetet i Stavanger.

Detaljer

Til deg som er student i Maurtuå Barnehage!

Til deg som er student i Maurtuå Barnehage! Til deg som er student i Maurtuå Barnehage! Barnehagens visjon: «Saman set me spor» Velkommen til oss! Dette heftet er ei samling av ulik informasjon som me håper kan være grei for deg når du skal vær

Detaljer

Velkommen til Ulveset SFO. Mål for Ulveset SFO: SFO skal være ein trygg stad, der vi legg til rette for vennskap, leik og trivsel.

Velkommen til Ulveset SFO. Mål for Ulveset SFO: SFO skal være ein trygg stad, der vi legg til rette for vennskap, leik og trivsel. Velkommen til Ulveset SFO SFO er eit frivillig omsorgs- og fritidstilbod, og er ein del av skulen si verksemd. Skule og SFO har eit tett samarbeid og bidrar til eit heildags tilbod for dei yngste barna

Detaljer

Her starta det. Og her feira dei grunnlova sist helg

Her starta det. Og her feira dei grunnlova sist helg Rundt 1000 var samla på Gulatinget for å feire Grunnlova. Foto: Anne Hovland Her starta det. Og her feira dei grunnlova sist helg Anne Hopland http://www.firda.no/nyhende/article7453154.ece Publisert 01.07.2014

Detaljer

P.R.O.F.F. Plan for Rekruttering og Oppfølging av Frivillige medarbeidarar i Fjell kyrkjelyd

P.R.O.F.F. Plan for Rekruttering og Oppfølging av Frivillige medarbeidarar i Fjell kyrkjelyd P.R.O.F.F. Plan for Rekruttering og Oppfølging av Frivillige medarbeidarar i Fjell kyrkjelyd VISJON I arbeidet for og med dei medarbeidarane i Fjell sokn har vi utarbeida ein visjon: I Fjell sokn vil vi

Detaljer

Konfirmantåret 2016/2017

Konfirmantåret 2016/2017 Konfirmantåret 2016/2017 Skjold menighet Hvem er jeg? Er det som skjer bare tilfeldigheter? Har noen skapt jorden? Finnes det en Gud? Men hvorfor skjer det så mye vondt da? Hva er egentlig konfirmasjon?

Detaljer

Nasjonale prøver 2005. Matematikk 7. trinn

Nasjonale prøver 2005. Matematikk 7. trinn Nasjonale prøver 2005 Matematikk 7. trinn Skolenr.... Elevnr.... Gut Jente Nynorsk 9. februar 2005 TIL ELEVEN Slik svarer du på matematikkoppgåvene I dette heftet finn du nokre oppgåver i matematikk. Dei

Detaljer

Hugs fristen på registrering måndag 10. sept!

Hugs fristen på registrering måndag 10. sept! Interessegrupper Ei interessegruppe er ei aktivitetsgruppe som kjem i tillegg til undervisningsgruppa. Alle konfirmantar får ei gruppe som dei skal følgje gjennom konfirmantåret. I desse gruppene får konfirmantane

Detaljer

Til bruk i utviklingssamtale på 8. trinnet. Samtaleguide om lesing

Til bruk i utviklingssamtale på 8. trinnet. Samtaleguide om lesing Til bruk i utviklingssamtale på 8. trinnet Samtaleguide om lesing Innleiing Samtaleguiden er meint som ei støtte for opne samtalar mellom lærar, elev og foreldre. Merksemda blir retta mot lesevanar, lesaridentitet

Detaljer

MØTEBOK BREMNES SOKNERÅD

MØTEBOK BREMNES SOKNERÅD DEN NORSKE KYRKJA Bremnes sokneråd MØTEBOK BREMNES SOKNERÅD Møtestad: Rådhuset Tid: Tysdag 26.11.2013 kl. 19.30-22.00 Desse møtte: Berit Hallaråker, Asbjørn Gundersen, Bjarte Aartun, Karl Mæland, Elin

Detaljer

Konfirmantåret 2018/2019

Konfirmantåret 2018/2019 Konfirmantåret 2018/2019 Skjold menighet Hvem er jeg? Er det som skjer bare tilfeldigheter? Har noen skapt jorden? Finnes det en Gud? Men hvorfor skjer det så mye vondt da? Hva er egentlig konfirmasjon?

Detaljer

Rettleiing for revisor sin særattestasjon

Rettleiing for revisor sin særattestasjon Rettleiing for revisor sin særattestasjon Om grunnstønad til nasjonalt arbeid til frivillige barne- og ungdomsorganisasjonar, statsbudsjettets kap. 857, post 70 (Jf. føresegn om tilskot til frivillige

Detaljer

Til: Kultur og ressursutvalet Dato: 13. desember 2012 Frå: Fylkesrådmannen Arkivsak: 200800612-66/HANESPE Kopi til: Arkivnr.: 626

Til: Kultur og ressursutvalet Dato: 13. desember 2012 Frå: Fylkesrådmannen Arkivsak: 200800612-66/HANESPE Kopi til: Arkivnr.: 626 HORDALAND FYLKESKOMMUNE Kultur- og idrettsavdelinga NOTAT Til: Kultur og ressursutvalet Dato: 13. desember 2012 Frå: Fylkesrådmannen Arkivsak: 200800612-66/HANESPE Kopi til: Arkivnr.: 626 Vinteraktivitetsdag

Detaljer

Informasjon fra Olsvik menighet

Informasjon fra Olsvik menighet Informasjon fra Olsvik menighet Velkommen! Vi i Olsvik menighet vil med dette invitere alle som skal opp i 9. klasse, og som bor innenfor Olsvik menighet sine grenser, til konfirmasjon. I løpet av konfirmasjonstiden

Detaljer

Telenor Xtra Hødd. Hødd Fotballfritidsordning ønskjer å inkludere ALLE i eit utviklingsorientert og godt miljø. Søknadsfrist

Telenor Xtra Hødd. Hødd Fotballfritidsordning ønskjer å inkludere ALLE i eit utviklingsorientert og godt miljø. Søknadsfrist Telenor Xtra Hødd Hødd Fotballfritidsordning ønskjer å inkludere ALLE i eit utviklingsorientert og godt miljø. Telenor Xtra FFO er eit samarbeid mellom Telenor og Norges Fotballforbund. Tilbodet gjeld

Detaljer

KONFIRMASJON. i Tromsdalen Kirke EN ORIENTERING TIL FORELDRE OG UNGDOM

KONFIRMASJON. i Tromsdalen Kirke EN ORIENTERING TIL FORELDRE OG UNGDOM KONFIRMASJON i Tromsdalen Kirke EN ORIENTERING TIL FORELDRE OG UNGDOM 2015 2015 Velkommen som konfirmant Konfirmasjonstiden er en tid der man i fellesskap med venner blir kjent med kristen tro, kirken

Detaljer

Referat frå foreldremøte 06.05.14. Tjødnalio barnehage

Referat frå foreldremøte 06.05.14. Tjødnalio barnehage Referat frå foreldremøte 06.05.14. Tjødnalio barnehage Tilstade: Personalet, foreldre og Nina Helle. Kva er BTI: Stord kommune er ein av 8 kommunar som deltek i eit prosjekt som skal utarbeide ein modell

Detaljer

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014 Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014 (Nynorsk) Du skal IKKJE skrive namnet ditt på nokon av sidene i dette spørjeskjemaet. Vi vil berre vite om du er jente eller gut og kva for klasse du går i.

Detaljer

KONFIRMASJON. i Tromsdalen Kirke EN ORIENTERING TIL FORELDRE OG UNGDOM

KONFIRMASJON. i Tromsdalen Kirke EN ORIENTERING TIL FORELDRE OG UNGDOM KONFIRMASJON i Tromsdalen Kirke EN ORIENTERING TIL FORELDRE OG UNGDOM 2016 2016 Velkommen som konfirmant Konfirmasjonstiden er en tid der man i fellesskap med venner blir kjent med kristen tro, kirken

Detaljer

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 10. trinn

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 10. trinn Jobbskygging side 1 Jobbskygging Innhald Handverk, industri og primærnæring Omgrepa handverk, industri og primærnæring. Kva betyr omgrepa? Lokalt næringsliv etter 1945 Korleis har lokalt næringsliv utvikla

Detaljer

Rogaland Mållag. Gode målfolk, Bryne, 5. oktober 2009

Rogaland Mållag. Gode målfolk, Bryne, 5. oktober 2009 Rogaland Mållag Gode målfolk, Bryne, 5. oktober 2009 INNKALLING TIL ROGALAND MÅLLAG SITT HAUSTKURS PÅ Styret i Rogaland Mållag vonar at mange målfolk vil ta seg tid til å møta på haustkurset. Me har sett

Detaljer

Søking til skuleåret 2013-2014

Søking til skuleåret 2013-2014 Søking til skuleåret 2013-2014 Opplæringsavdelinga, inntak og formidling Rådgjevarkonferansen 2012 Helse og sosialfag er endra til helse og oppvekstfag Korleis søkjer du? Du søkjer og svarar på vigo.no,

Detaljer

Liturg: I namnet åt Faderen og Sonen og Den Heilage Ande (krossteikning).

Liturg: I namnet åt Faderen og Sonen og Den Heilage Ande (krossteikning). Liturg: I namnet åt Faderen og Sonen og Den Heilage Ande (krossteikning). A: Så seier Herren: Det folk som ferdast i mørkret, skal sjå eit stort ljos. Over dei som bur i skuggelandet skal ljoset stråla

Detaljer

Møteprotokoll for møte i

Møteprotokoll for møte i Møteprotokoll for møte i Masfjorden Kyrkjelege Fellesråd 27.01. 2015 kl. 1815 i kantina på kommunehuset. Desse møtte: Ragnhild Skuggedal Britt E. Nordland Åse Dyrkolbotn Øyvind Kristoffersen Egil Kvingedal

Detaljer

INFORMASJON FRA MENIGHETEN DIN!

INFORMASJON FRA MENIGHETEN DIN! KONFIRMERES, JEG? INFORMASJON FRA MENIGHETEN DIN! Har du tenkt på konfirmasjon?! Ett år igjen Noen har kanskje bestemt seg for lenge siden? Andre synes det er vanskelig å bestemme seg. Ungdomstiden er

Detaljer

Da psbrosjyre ver nov 2007 1 21-01-08 15:03:33

Da psbrosjyre ver nov 2007 1 21-01-08 15:03:33 Da psbrosjyre ver nov 2007 1 21-01-08 15:03:33 Jesus var svært moderne! Den gong tenkte folk flest at barna ikkje var verdfulle. Mange foreldre kjenner at Jesus gjorde det einaste rette. For han såg barna

Detaljer

INFORMASJONSMØTER torsdag 31.mai kl 1800 i Nordlyskatedralen Alta kirke og onsdag 6.juni kl 1800 i Elvebakken kirke.

INFORMASJONSMØTER torsdag 31.mai kl 1800 i Nordlyskatedralen Alta kirke og onsdag 6.juni kl 1800 i Elvebakken kirke. Velkommen til konfirmasjon i Alta menighet og Talvik menighet! INFORMASJONSMØTER torsdag 31.mai kl 1800 i Nordlyskatedralen Alta kirke og onsdag 6.juni kl 1800 i Elvebakken kirke. KONFIRMASJON - FOR HVEM?

Detaljer

Bjørnehiet SFO - informasjon

Bjørnehiet SFO - informasjon Bjørnehiet SFO - informasjon Bjørnehiet SFO er eit friviljug omsorgs- og fritidstilbod før og etter skuletid for barna på 1.- 4. steg. Sentralt i tilbodet er omsorg, tryggleik og gode utviklingsvilkår.

Detaljer

2014 / 201 2014 / 20 5

2014 / 201 2014 / 20 5 Konfirmant i Moss 2014 / 2015 Kenneth Stensrud Alle 14-åringer i hele landet har fått heftet «Konfirmant 2015» i posten. Heftet inneholder generell informasjon om konfirmasjonstiden i Den norske Kirke.

Detaljer