avklaring AVKLARING 8 eller 12 veker Motivasjon Meistring Auka sjølvkjensle Betra livskvalitet Velkomen til Avklaringskurs ved Sandane Industri.

Størrelse: px
Begynne med side:

Download "avklaring AVKLARING 8 eller 12 veker Motivasjon Meistring Auka sjølvkjensle Betra livskvalitet Velkomen til Avklaringskurs ved Sandane Industri."

Transkript

1 Eldbjørg Hatledal (Kursansvarleg) Oddvar Almenning (Ansvarleg for praksis) AVKLARING 8 eller 12 veker Kurset for deg som er usikker på eiga arbeidsevne. avklaring Motivasjon Meistring Auka sjølvkjensle Betra livskvalitet For meir informasjon om avklaringskurset ta kontakt med: Eldbjørg Hatledal Tlf Oddvar Almenning Tlf Velkomen til Avklaringskurs ved Sandane Industri.

2 Kva er avklaringskurs? Som deltakar i avklaringstiltaket vil du få rettleiing, systematisk kartlegging og utprøving av arbeidsevna di. Gjennom avklaringa får du klarlagt eventuell trong for kvalifisering eller andre tiltak som kan medverke til at du får arbeid. Kva er Avklaringskurs? Kven kan delta på Avklaring? Arbeidssøkjarar som er på yrkesretta attføring kan delta dersom behovet for vidare bistand eller val av arbeidsmarknadstiltak er uklart. Du søkjer deg inn på avklaringskurset i samarbeid med sakshandsamaren din ved NAV. Innhald i kurset er mellom anna: Kartlegging av behov for kvalifisering Individuelle og gruppebaserte rett leiingssamtalar Utprøving av ulike arbeidsoppgåver og arbeidsområde. Som ein del av kurset vert det utarbeidd ein handlingsplan for vegen vidare. Gjennomføringa av kurset: Kurset består av: Ein teoridel, 4 veker Ein praksisdel, 4 veker med høve til forlenging i ytterlegare 4 veker. Etter avslutta avklaring blir det sendt ein sluttrapport til NAV. Teoridel: Dei fire første vekene er felles for alle deltakarane. Dette er ein teoridel der vi mellom anna legg vekt på tema som: Vegen til arbeidslivet Eg er, eg kan, eg vil Livsglede og arbeidslyst Kunsten å søke jobb Basiskunnskap i dataopplæring og bruk av internett Kartlegging av norskkunnskap hjå framandspråklege Lærevanskekartlegging i norsk og matematikk Kompetansekartlegging Motivasjon og meistring Vegen vidare I teoridelen har vi også ein dag med lege og ein dag med fysioterapeut. Å delta på eit avklaringskurs saman med andre er ein god situasjon for å kome i gong. Her møter du andre med liknande utfordringar i livet. Vanlegvis er det 7 personar på eit avklaringskurs. Gruppefunksjonen er med å styrkje den einskilde i samarbeid med andre. I gruppa legg vi vekt på at deltakarane målber eigne meiningar og løyser oppgåver i fellesskap med andre, noko som er viktig i arbeidslivet. Kursstad teoridel: Sandane Industri L/L held til i trivlege kurslokale lokalisert ved Eid Vidaregåande skule på Nordfjordeid. Praksisdel: Denne delen er 4 eller 8 veker, tilpassa den enkelte. Så langt det let seg gjere, blir praksis lagt til ordinære bedrifter kring heimstaden din. Du er sjølv med å skaffe deg praksisplass og definere måla for praksisen. I praksisperioden skal deltakarane i utgangspunktet følgje bedrifta sine arbeidsrutinar og arbeidstidsavtaler. Dersom det er behov for det, kan ein få tilpassa arbeidstida.

3 Karl Anton Søvde Attføringskoordinator Per Nerhus Tekstil Mads Tystad Tre Alf Osa Ekstern Kvalifisering Kvalifisering inntil 24 månader Kvalifisering er ei opplæring i eit nytt fag eller arbeidsområde. kvalifisering Styrka posisjon Auka kompetanse For meir informasjon om kvalifisering i Sandane Industri L/L ta kontakt med: Karl Anton Søvde Tlf Per Nerhus Tlf Mads Tystad Tlf Alf Osa Tlf Velkomen til Kvalifisering ved Sandane Industri.

4 Kva er Kvalifisering i Arbeidsmarknadsbedrift (KiA)? Kvalifisering i arbeidsmarknadsbedrift skal gje reell og formell kompetanse gjennom tilrettelagt opplæring og arbeidstrening. Sandane Industri L/L gjev tilbod om fleire typar fagbrev eller kompetansebevis gjennom kvalifiseringa. Kvar foregår kvalifiseringa? Opplæringa og arbeidstreninga føregår enten i Sandane Industri L/L sin møbelfabrikk på Sandane eller i ei ordinær bedrift i Nordfjord regionen. I kvalifisering deltek du i den aktuelle bedrifta si verdiskaping og du følgjer bedrifta sine arbeidsrutinar og arbeidsreglement. Møbelfabrikken på Sandane På møbelfabrikken får du kvalifisering innan trearbeidsfaget eller møbeltapeteserfaget med tanke på å kunne gå ut i ein industriarbeidsplass. Du får opplæring i trearbeid ved sag, moulding (høvlemaskin), ulike boremaskiner og pussemaskiner og i datastyrt (CNC) fresemaskin. I tillegg kan du lære å lakkere, montere og pakke møblar. I tekstilavdelinga lærer du omtrekking av møblar. Du får opplæring i bruk av ulike møbelstoff, møbelskum, skjering av mønster, sying og samansetting(trekking). På møbelfabrikken kan du også få opplæring innan vaktmestertenester, reinhaldstenester, logistikk, transport og kontorfag. Sandane Industri L/L har produsert møblar til den norske møbelmarknaden i meir enn 25 år. Hovudprodukta frå møbelfabrikken er kommodar, sovesofa og salongar i heiltre. Som produsent er vi opptekne av å føre vidare kvalitet i norsk møbeltradisjon, samtidig som vi fornyar oss i materialar og design. Kvalifisering i ordinære bedrifter i Nordfjordregionen Sandane Industri samarbeider med ei rekkje bedrifter i Nordfjordregionen for å kunne gje deltakarane våre høve til å velje kvalifisering i fleire fag. Kor lenge varer tiltaket? Tiltaket kan vare i inntil to år. Dei som tek fagbrev eller eit kompetansebevis innan ordninga får lenger tid. Du søkjer deg inn på kvalifisering i samarbeid med sakshandsamaren din ved NAV. Oppfølging undervegs Ved starten av tiltaket vert det utarbeidd ein individuell opplæringsplan/handlingsplan. I tillegg til den faglege rettleiinga du får undervegs, er samtalar med leiarane i avdelinga ein viktig del av oppfølginga. I tillegg til avdelingsleiar og arbeidsleiar møter du Rådgjevande utval, som evaluerer opplæringa og arbeidstreninga saman med deg kvar 3 mnd. Rådgjevande utval er sett saman av avd. leiar, attføringskoordinator i Sandane Industri L/L, kontaktpersonen din eller ein annan representant frå NAV, ein lege og deg sjølv. Etter avslutta kvalifisering blir det sendt ein sluttrapport til NAV. Med utgangspunkt i ein konkret og individuell plan, tilpassa den enkelte sine ønskje og føresetnadar, finn vi saman fram til moglege partnarbedrifter som driv eit fag som deltakaren ynskjer å kvalifisere seg i. Dersom du som deltakar har ynskje om kvalifisering i for eksempel pleie og omsorg, hotellfag eller anna, vil Sandane Industri finne den rette opplæringsarenaen til deg. Løn i tiltakstida Som deltakar er du tilsett i Sandane Industri L/L, og får løn frå oss. Jobbsøking Jobbsøking og jobbformidling startar så tidleg som mogleg i programmet. Ved kvalifisering i ordinær bedrift kan ein oppnå å få fast arbeid hos bedrifta ein tek kvalifiseringa i. Du får hjelp frå våre tilsette til jobbsøking.

5 Karl Anton Søvde Attføringskoordinator Svein Navelsaker Nils Råd Arbeidsleiar Arbeidspraksis inntil 10 månader Avdeling Eid arbeidspraksis Tre- og mekanisk produksjon For meir informasjon om Arbeidspraksis i Sandane Industri ta kontakt med: Karl Anton Søvde Tlf Svein Navelsaker Tlf Nils Råd Tlf Velkomen til Arbeidspraksis ved Sandane Industri avd. Eid

6 Arbeidspraksis ved Sandane Industri (APS) Kva er APS? (Arbeidspraksis i skjerma verksemd) Arbeidspraksis i skjerma verksemd er eit arbeidsmarknadstiltak for deg som treng å styrke muligheitene for å kome i arbeid eller utdanning. Tiltaket inneber tilrettelagt arbeidstrening, kartlegging, opplæring og rettleiing. Kven kan delta i Arbeidspraksis? APS er retta mot deg som er usikker på kva jobb du kan klare å utføre, eller deg som treng tid på å kome i gong med eit yrkesaktivt liv. Du får avklara arbeidsevna og interessene dine ved å prøve ut ulike arbeidsoppgåver og arbeidsområde. Du søkjer deg inn på APS i samarbeid med sakshandsamaren din ved NAV. Kor lenge? Du kan vere i tiltaket i inntil 10 månader. I einskilde tilfelle vert tida forlenga etter særskild vurdering. Med visse mellomrom vert det vurdert om du er klar for arbeidslivet, om arbeidspraksisen har gjeve svar på spørsmål om helse og arbeidsevne, eller om det er grunn til å gjere endringar i målsetjinga di. Oppfølging I praksisperioden får du fagleg rettleiing i frå avd. leiar og arbeidsleiar. I tillegg til avdelingsleiar og arbeidsleiar møter du Rådgjevande utval, som evaluerer praksisperioden saman med deg. Rådgjevande utval er sett saman av avd. leiar, attføringskoordinator i Sandane Industri L/L, kontaktpersonen din eller ein annan representant frå NAV, ein lege og deg sjølv. Etter avslutta arbeidspraksis blir det sendt ein sluttrapport til NAV. Arbeidspraksisen Gjennom Arbeidspraksis får du hjelp og rettleiing til å finne ut kva du vil og kan i eit arbeidsforhold, kor sterk arbeidsevna di er, og kva forhold mellom helse og arbeid som er riktig for deg. Du får tilrettelagt arbeidstrening med tett og brei oppfølging og støtte til å kome vidare, først og fremst med tanke på arbeidslivet. Du vil få hjelp til å lage ein realistisk plan med framtidige mål sett ut frå din situasjon. Sandane Industri sin arbeidspraksis ligg på Nordfjordeid der vi kan tilby oppgåver innan tre- og mekanisk produksjon. Du kan også få arbeidspraksis innan transport og spedisjon. Dersom det er vanskeleg for deg å reise til Nordfjordeid kan vi i enkelte høve tilby arbeidspraksis i Stryn eller på Sandane. Avdelinga i Stryn produserer ulike leidningsopplegg til Vest Busscar AS sin bussfabrikk i Stryn. På Sandane produserer vi kvalitetsmøblar mellom anna til Fagmøbler Norge AS sine butikkar.

7 Einar Frøholm Sabine Solheim Arbeidsleiar Olav Årdal Arbeidsleiar Jarle Berentzen Arbeidsleiar Varig tilrettelagt arbeid Avdeling Stryn Stryn Visneskaia TCG For meir informasjon om varig tilrettelagt arbeid i Sandane Industri L/L ta kontakt med: Einar Frøholm Tlf Sabine Solheim Tlf Olav Årdal Tlf Jarle Berentzen Tlf Velkomen til Sandane Industri Avdeling Stryn.

8 Varig tilrettelagt arbeid Sandane Industri L.L. avd. Stryn Kva er Varig Tilrettelagt Arbeid(VTA)? Sandane Industri L/L tilbyr tilrettelagt arbeid for trygda personar som har trong for arbeid på heil- eller deltid. Arbeidsoppgåvene er tilpassa yteevna og interessene til den einskilde deltakar. Tiltaket skal bidra til bruk og utvikling av eigne ressursar gjennom tilrettelagt arbeid ved produksjon av varer og tenester. Kven kan delta i VTA? Dersom du har eller i nær framtid ventar å få innvilga varig uførepensjon og har trong for spesiell tilrettelegging og oppfølging, kan du være aktuell for tiltaket. Arbeidet skal bidra til: utvikling av dine ressursar gjennom tilrettelagt arbeid kvalifisering gjennom produksjon av varer og tenester Du er arbeidstakar i samsvar med arbeidsmiljølova, og det ligg ei arbeidskontrakt til grunn for tilsettinga. Kor lenge? Tiltaket er ikkje tidsavgrensa. Det skal likevel med visse mellomrom vurderast om det kan vere aktuelt med overføring til andre arbeidsmarknadstiltak, opplæring eller formidling til ordinært arbeid. Oppfølging Sandane Industri legg vekt på arbeidsglede, godt humør, trygge arbeidsforhold og tilpassa oppgåver. Deltakarane får god opplæring, kjenner arbeidet og oppgåvene sine, og skal ha positive opplevingar av å gå på arbeid og utføre tenester som trengst og som det vert betalt for. Økonomiske ytingar Deltakarene mottek uførepensjon etter folketrygdlova. I tillegg får deltakarane løn for utført arbeid etter timeliste. Det vert lagt vekt på ulike velferdstiltak for deltakarane. Arbeid på Visneskaia Montering av elektriske leidningar for Vest Busscar i Stryn. I samarbeid med produksjonsleiar og andre tilsette produserer deltakarane ulike leidningsopplegg for montering i bussar og tilhengarar. Arbeidet foregår i trivelege lokale i bygget vårt på Visneskaia. Bedrifta er kjend for stabil levering og høg kvalitet. Mekanisk verkstad På Visneskaia har vi også ein mekanisk verkstad. Her tek vi på oss ulike delproduksjonar for lokalt næringsliv. Det kan vere kapping, boring, platearbeid eller monteringsarbeid. I periodar lagar vi ved på oppdrag frå ei bedrift. Vi kappar, kløyver, pakkar og køyrer ut veden til kundar. Vi har 10 godkjende plassar på Visneskaia. Hos Tenden Container og Gjennvinning (TCG) Vi har inntil 5 plassar hos Tenden Container og Gjenvinning. Her har vi ein eigen arbeidsleiar som følgjer opp våre deltakarar. Våre deltakarar er ein del av det verdiskapande arbeidet som skjer ved TCG og arbeidsoppgåvene er varierte. Mykje foregår ute, eller i ein open arbeidshall. Det er sortering av papp og papir, sortering av bygningsavfall og metall og makulering.

Oppfølging av sjukmelde

Oppfølging av sjukmelde Oppfølging av sjukmelde "RASKERE TILBAKE" Attføringsbedriftene i Sogn og Fjordane er fylkesdekkande på helse - og rehabiliteringstenester for sj u kmelde a rbeidsta ka ra r. ORIGOD AS er hovudleverandør.

Detaljer

SENIORPOLITIKK Masfjorden kommune

SENIORPOLITIKK Masfjorden kommune SENIORPOLITIKK Masfjorden kommune Vedteke av kommunestyret 19. juni 2014 Postadr.: Telefon: Telefaks: Bankgiro: Organisasjonsnr.: 5981 MASFJORDNES 56 16 62 00 56 16 62 01 3201 48 54958 945627913 E-post:post@masfjorden.kommune.no

Detaljer

SENIORPOLITIKK Masfjorden kommune

SENIORPOLITIKK Masfjorden kommune SENIORPOLITIKK Masfjorden kommune Vedteke i kommunestyret 19 juni 2014 FORORD Hovudoppdraget for alle som arbeider i Masfjorden kommune er å yte kommunale tenester av beste kvalitet. Den einskilde sin

Detaljer

Lågterskeltilbod til ungdom mellom 16 21 år

Lågterskeltilbod til ungdom mellom 16 21 år Lågterskeltilbod til ungdom mellom 16 21 år Utviklinga i OT Fleire ungdommar i regionen søkjer ikkje vgs / anna opplæring. Fleire ungdommar i regionen er ikkje klar for det ordinære arbeidslivet sine krav.

Detaljer

Vårt motto Tillit Trygghet - Trivsel

Vårt motto Tillit Trygghet - Trivsel Arbeidslivstreningskurs for Introduksjonsdeltakarar «Pilotprosjekt» Bakgrunn og bestilling: Haram Kommune heretter kalla «HK» ynskte eit tilbod på eit praktisk arbeidslivstreningskurs som er praktisk språkleg

Detaljer

Prosedyre Barn med nedsett funksjonsevne i Stord kommune

Prosedyre Barn med nedsett funksjonsevne i Stord kommune Prosedyre Barn med nedsett funksjonsevne i Stord kommune Gjeld frå august 2015 1. BARN MED NEDSETT FUNKSJONSEVNE Barn med nedsett funksjonsevne kan ha trong for særleg tilrettelegging av fysiske og personalmessige

Detaljer

SØKNAD OM STØTTEKONTAKT

SØKNAD OM STØTTEKONTAKT MASFJORDEN KOMMUNE Sosialtenesta Nav Masfjorden Postboks 14, 5987 Hosteland Tlf 815 81 000/47452171 Unnateke for offentleg innsyn Jf. Offlentleglova 13 SØKNAD OM STØTTEKONTAKT Eg vil ha søknaden handsama

Detaljer

IA-funksjonsvurdering. Ei samtale om arbeid kva er mogleg?

IA-funksjonsvurdering. Ei samtale om arbeid kva er mogleg? IA-funksjonsvurdering Ei samtale om arbeid kva er mogleg? // IA - Funksjonsvurdering Ei samtale om arbeid kva er mogleg? Målet med eit inkluderande arbeidsliv (IA) er å gje plass til alle som kan og vil

Detaljer

Innholdsfortegnelse s. 4 s. 6 s. 7 s. 8 s. 9 s. 10 s. 11 s. 12 s. 13 s. 14 s. 15 s. 16 s. 17 s. 18 s. 19

Innholdsfortegnelse s. 4 s. 6 s. 7 s. 8 s. 9 s. 10 s. 11 s. 12 s. 13 s. 14 s. 15 s. 16 s. 17 s. 18 s. 19 Tiltaksoversikt Innholdsfortegnelse Om Aksis s. 4 Avklaring s. 6 Arbeidspraksis i skjermet virksomhet (APS) s. 7 Arbeid med bistand s. 8 Kvalifisering s. 9 Tilrettelagt arbeid s. 10 Varig tilrettelagt

Detaljer

STIMULERINGSMIDLAR FOR 2013

STIMULERINGSMIDLAR FOR 2013 HORDALAND FYLKESKOMMUNE Opplæringsavdelinga Fagopplæringskontoret Arkivsak 201206348-10 Arkivnr. 545 Saksh. Isdal, Sigrid Saksgang Yrkesopplæringsnemnda Opplærings- og helseutvalet Møtedato 09.04.2013

Detaljer

Eksempel frå Stord kommune

Eksempel frå Stord kommune Eksempel frå Stord kommune Evaluering andre driftsår Pr. 31.08.2004 1.0 Innleiing Springbrettet eit samarbeidsprosjekt for ungdom vart starta 01.08.02 med sluttdato 31.07.05. Prosjektet skal evaluerast

Detaljer

Tema: Prosedyre for oppfylging av sjukefråvær. 1. 10.02.2011

Tema: Prosedyre for oppfylging av sjukefråvær. 1. 10.02.2011 Kristin Stray Jacobsen 1. FORMÅL Prosedyren skal sikre: - at den einskilte leiar følgjer opp sitt ansvar for eigenmelde/sjukmelde arbeidstakarar og arbeidstakarar under rehabilitering/attføring. - at arbeidstakarar

Detaljer

Hospiteringsordning for tilsette ved Odda vidaregåande skule

Hospiteringsordning for tilsette ved Odda vidaregåande skule Hospiteringsordning for tilsette ved Odda vidaregåande skule Bergen 8.september 2015 Geir T. Rønningen Avdelingsleiar YF Innleiing til prosjekt hospitering for y-lærarar Prosjektet vart initiert som ein

Detaljer

Fra prosjekt til drift - eksempel på politisk vedtak i Stord

Fra prosjekt til drift - eksempel på politisk vedtak i Stord Fra prosjekt til drift - eksempel på politisk vedtak i Stord Sak til komité for levekår 05.10.04 1.0 Bakgrunn Komité for levekår vedtok 09.04.02 i sak 0008/02 å opprette eit prosjekt retta mot unge langtidsmottakarar

Detaljer

Dokument nr. Omb 1 Dato: 14.07.2011(oppdatering av tidlegare dokument) Skrive av. ÅSN. Ved di side eit lys på vegen mot arbeid.

Dokument nr. Omb 1 Dato: 14.07.2011(oppdatering av tidlegare dokument) Skrive av. ÅSN. Ved di side eit lys på vegen mot arbeid. Visjon og formål Visjon: Ved di side eit lys på vegen mot arbeid. Formål: Telemark Lys AS er ei attføringsbedrift som, gjennom framifrå resultat, skal medverke til å oppfylle Stortingets målsetting om

Detaljer

Vernerunde haust, med fokus på det psykososiale arbeidsmiljøet

Vernerunde haust, med fokus på det psykososiale arbeidsmiljøet Vernerunde haust, med fokus på det psykososiale arbeidsmiljøet Vernerunden skal tene fylgjande føremål : Slik vert vernerunden gjennomført : Vernerunden om hausten skal ha særskilt fokus på det psykososiale

Detaljer

Saksframlegg. Sakshandsamar: Bente Bakke Arkiv: 400 Arkivsaksnr.: 10/401-1. Retningslinjer for uønska deltid. * Tilråding:

Saksframlegg. Sakshandsamar: Bente Bakke Arkiv: 400 Arkivsaksnr.: 10/401-1. Retningslinjer for uønska deltid. * Tilråding: Saksframlegg Sakshandsamar: Bente Bakke Arkiv: 400 Arkivsaksnr.: 10/401-1 Retningslinjer for uønska deltid * Tilråding: Administrasjonsutvalet vedtek retningslinjer for å handsame uønska deltid, dagsett.11.02.2010.

Detaljer

Rektorvedtak. Aktivitetsplan for IA arbeidet ved HiSF 2015-16. Innhald aktivitetsplan for IA arbeidet ved HiSF 2015-16

Rektorvedtak. Aktivitetsplan for IA arbeidet ved HiSF 2015-16. Innhald aktivitetsplan for IA arbeidet ved HiSF 2015-16 Vår sakshandsamar Liv Synnøve Bøyum, tlf. +7 7 67 6 vedtak av Aktivitetsplan for IA arbeidet ved HiSF 0-6 (vedtak.06., basert på AMU sak 0/0) Innhald aktivitetsplan for IA arbeidet ved HiSF 0-6. Innleiing.

Detaljer

BRUK AV ALTERNATIVE LØP SOM FØRER FRAM TIL FAGBREV

BRUK AV ALTERNATIVE LØP SOM FØRER FRAM TIL FAGBREV HORDALAND FYLKESKOMMUNE Opplæringsavdelinga Fagopplæringskontoret Arkivsak 201206699-9 Arkivnr. 545 Saksh. Svendsen, Anne Sara Saksgang Yrkesopplæringsnemnda Opplærings- og helseutvalet Fylkesutvalet Møtedato

Detaljer

TYSNES KOMMUNE RUTINE FOR OPPFØLGING AV SJUKEMELDE ARBEIDSTAKARAR

TYSNES KOMMUNE RUTINE FOR OPPFØLGING AV SJUKEMELDE ARBEIDSTAKARAR TYSNES KOMMUNE RUTINE FOR OPPFØLGING AV SJUKEMELDE ARBEIDSTAKARAR Vedteke i arbeidsmiljøutvalet 23.11.2015 Saksnr. Dok.nr Arkivkode Avd/Sek/Saksh Dykkar ref. 15/733-8 7952/15 044 FSK/PER/LIER Innhaldsliste

Detaljer

Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.

Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema. 1 Oppdatert 16.05.09 Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.) Velkommen til Hordaland fylkeskommune sin portal

Detaljer

Generell informasjon. Verdier

Generell informasjon. Verdier w w w.pr im a- a s. n o Generell informasjon Prima er et aksjeselskap, stiftet i mars 1992. Selskapet eies av Trondheim kommune ( 60 % ) og Trondheim Røde Kors ( 40 %). Selskapets administrasjon samt en

Detaljer

INFORMASJON HJELPEINSTANSANE

INFORMASJON HJELPEINSTANSANE INFORMASJON OM HJELPEINSTANSANE for barnehage og skule Ål kommune I dette heftet er det samla informasjon om hjelpeinstansar som samarbeider med barnehage og skule. Desember 2014 PPT FOR ÅL OG HOL Pedagogisk-psykologisk

Detaljer

Sogn Lokalmedisinske senter. Status organisering prosess etablering

Sogn Lokalmedisinske senter. Status organisering prosess etablering Sogn Lokalmedisinske senter Status organisering prosess etablering Oppstart fase 2 jan 2013 Nokre rammer Kommunane yte best mulege tenester til innbyggarane våre Folkemengd og folkestruktur avgjerande

Detaljer

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK FRIDOM TIL Å TENKJE OG MEINE KVA DU VIL ER EIN MENNESKERETT Fordi vi alle er ein del av ein større heilskap, er evna og viljen til å vise toleranse

Detaljer

Skal skal ikkje. Det startar gjerne med ein vag idé eller ein draum om å bruka interessene dine og kompetansen din på nye måtar på garden din.

Skal skal ikkje. Det startar gjerne med ein vag idé eller ein draum om å bruka interessene dine og kompetansen din på nye måtar på garden din. Skal skal ikkje Har du ein draum om å driva Inn på tunet verksemd? Gjennom dette kapittelet i netthandboka får du tankehjelp og praktisk hjelp i dei første fasane mot etablering; frå draum til forretningsplan.

Detaljer

Samfunnstryggleik eit felles ansvar ei historie frå dei kommunale tenestene

Samfunnstryggleik eit felles ansvar ei historie frå dei kommunale tenestene Kva når hjelpa ikkje helper? Samfunnstryggleik eit felles ansvar ei historie frå dei kommunale tenestene Ansvar! Eit ansvar for samfunnstryggleiken Der er vi kvar dag! Vi kjenner på ansvar, vi har ansvar

Detaljer

Referat frå foreldremøte 06.05.14. Tjødnalio barnehage

Referat frå foreldremøte 06.05.14. Tjødnalio barnehage Referat frå foreldremøte 06.05.14. Tjødnalio barnehage Tilstade: Personalet, foreldre og Nina Helle. Kva er BTI: Stord kommune er ein av 8 kommunar som deltek i eit prosjekt som skal utarbeide ein modell

Detaljer

18. RETNINGSLINJER FOR AKAN

18. RETNINGSLINJER FOR AKAN Interkontrollhandbok Side: 1 av 10 18. RETNINGSLINJER FOR AKAN For å få klare reglar på området rusmiddelbruk og arbeid har arbeidsmiljøutvalet (AMU) i Samnanger kommune 24.04.01 vedteke ein AKAN-avtale

Detaljer

Saksframlegg. Orientering om Kompetansesenteret og søknad om regionale utviklingsmidlar til Ny GIV-tiltak ved Kompetansesenteret

Saksframlegg. Orientering om Kompetansesenteret og søknad om regionale utviklingsmidlar til Ny GIV-tiltak ved Kompetansesenteret TELEMARK FYLKESKOMMUNE Saksframlegg Orientering om Kompetansesenteret og søknad om regionale utviklingsmidlar til Ny GIV-tiltak ved Kompetansesenteret Arkivsaksnr.:13/1766 Arkivkode:A44 Saksbehandlar:

Detaljer

Opplæring gjennom Nav

Opplæring gjennom Nav 10 Opplæring gjennom Nav VOX-SPEGELEN 2014 OPPLÆRING GJENNOM NAV 1 kap 10 I 2013 deltok i gjennomsnitt nesten 73 000 personar per månad på arbeidsretta tiltak i regi av Nav. Omtrent 54 300 av desse hadde

Detaljer

PÅBYGG TIL GENERELL STUDIEKOMPETANSE - ALTERNATIVE VEGAR

PÅBYGG TIL GENERELL STUDIEKOMPETANSE - ALTERNATIVE VEGAR HORDALAND FYLKESKOMMUNE Opplæringsavdelinga Arkivsak 201209189-1 Arkivnr. 522 Saksh. Krüger, Ragnhild Hvoslef Saksgang Yrkesopplæringsnemda Opplærings- og helseutvalet Møtedato 04.12.2012 04.12.2012 PÅBYGG

Detaljer

Til deg som bur i fosterheim. 13-18 år

Til deg som bur i fosterheim. 13-18 år Til deg som bur i fosterheim 13-18 år Forord Om du les denne brosjyren, er det sikkert fordi du skal bu i ein fosterheim i ein periode eller allereie har flytta til ein fosterheim. Det er omtrent 7500

Detaljer

Retningsline for samordna opptak i barnehagar i Stord kommune

Retningsline for samordna opptak i barnehagar i Stord kommune Foto: Naustvågen barnehage Retningsline for samordna opptak i i Stord kommune 1 INNLEIING Alle godkjende i kommunen skal samarbeida om opptak av barn i barnehage, jamfør Lov om 12. Kommunen skal leggja

Detaljer

Interkommunalt samarbeid ÅLA kommunane vedr økonomisk rådgjevar Mette Hestetun Berg leiar, NAV Årdal

Interkommunalt samarbeid ÅLA kommunane vedr økonomisk rådgjevar Mette Hestetun Berg leiar, NAV Årdal NAV Årdal Interkommunalt samarbeid ÅLA kommunane vedr økonomisk rådgjevar Mette Hestetun Berg leiar, NAV Årdal ÅLA kven er me NAV, 31.10.2014 Side 2 Avstandar Årdal Lærdal 32 km (28 min) Årdal- Aurland

Detaljer

KVALITETSPLAN FOR SKULEFRITIDSORDNINGA I TIME

KVALITETSPLAN FOR SKULEFRITIDSORDNINGA I TIME KVALITETSPLAN FOR SKULEFRITIDSORDNINGA I TIME Kvalitetsplanen er eit overordna styringsdokument. Det vert utarbeidd lokale handlingsplanar og årshjul på skulane som konkretiserer innhald og form. Organisering

Detaljer

Melding om sjukefråvær Den tilsette skal gje melding om sjukefråvær til arbeidsgjevar så tidleg som mogleg.

Melding om sjukefråvær Den tilsette skal gje melding om sjukefråvær til arbeidsgjevar så tidleg som mogleg. Interkontrollhandbok Side: 1 av 5 1. FORMÅL Føremålet med dette kapitlet er å kvalitetssikra oppfølginga av tilsette som vert sjukmelde. Kapitlet gjev derfor oversikt over kva rutinar som skal følgjast

Detaljer

Telenor Xtra Hødd. Hødd Fotballfritidsordning ønskjer å inkludere ALLE i eit utviklingsorientert og godt miljø. Søknadsfrist

Telenor Xtra Hødd. Hødd Fotballfritidsordning ønskjer å inkludere ALLE i eit utviklingsorientert og godt miljø. Søknadsfrist Telenor Xtra Hødd Hødd Fotballfritidsordning ønskjer å inkludere ALLE i eit utviklingsorientert og godt miljø. Telenor Xtra FFO er eit samarbeid mellom Telenor og Norges Fotballforbund. Tilbodet gjeld

Detaljer

KOMMUNEDELPLAN FOR HELSE, OMSORG OG SOSIAL 2014 26. Desse sakene vil me arbeide med frå 2014-18:

KOMMUNEDELPLAN FOR HELSE, OMSORG OG SOSIAL 2014 26. Desse sakene vil me arbeide med frå 2014-18: KOMMUNEDELPLAN FOR HELSE, OMSORG OG SOSIAL 2014 26. Handlingsplan for 2014 18: Utifrå det som er utarbeidd i kommunedelplanen for Helse, omsorg og sosial er det laga følgjande handlingsplan. Handlingsplanen

Detaljer

Årsmelding 2012 løn og personalavdelinga

Årsmelding 2012 løn og personalavdelinga Årsmelding 2012 løn og personalavdelinga Avdelinga har samla hatt eit mindreforbruk på kr 198 000 i forhold til opprinnelig budsjett og kr. 1 250 000,- i forhold til justert budsjett. Det største underforbruket

Detaljer

Rettleiing ved mistanke om vald i nære relasjonar - barn

Rettleiing ved mistanke om vald i nære relasjonar - barn Rettleiing ved mistanke om vald i nære relasjonar - barn Når det gjeld barn som vert utsett for vald eller som er vitne til vald, vert dei ofte utrygge. Ved å førebygge og oppdage vald, kan me gje barna

Detaljer

Ny GIV Oppfølgingsprosjektet

Ny GIV Oppfølgingsprosjektet Ny GIV Oppfølgingsprosjektet Anne Gerd Strand, prosjektleiar Om oppfølgingstjenesten (OT) Utfordringar for OT Samarbeidsavtalen Førmålet med avtalen er å legge til rette for eit styrka og systematisert

Detaljer

Informasjonshefte Tuv barnehage

Informasjonshefte Tuv barnehage Informasjonshefte Tuv barnehage Informasjonshefte for Tuv barnehage Barnehagen blir drevet av Hemsedal kommune. Barnehagen er politisk lagt under Hovudutval for livsløp. Hovudutval for livsløp består av

Detaljer

REGLEMENT OM ELEKTRONISK KOMMUNIKASJONSTENESTE FOR MØRE OG ROMSDAL FYLKE.

REGLEMENT OM ELEKTRONISK KOMMUNIKASJONSTENESTE FOR MØRE OG ROMSDAL FYLKE. REGLEMENT OM ELEKTRONISK KOMMUNIKASJONSTENESTE FOR MØRE OG ROMSDAL FYLKE. 1. GENERELT 1.1 Føremål Møre og Romsdal fylke har som mål å yte god service og vere tilgjengeleg for innbyggarane i fylke og for

Detaljer

Ottar Bjørkedal Eid vgs

Ottar Bjørkedal Eid vgs Prosjekt "betre formidlingsprosess til opplæring i bedrift" av Ottar Bjørkedal Eid vgs Loen 05.11.08 Kven har delteke i prosjektet? Alle elevane som skal ut i lære, frå vg2 sal, service og tryggleik våren

Detaljer

MØTEINNKALLING. Utval: BRUKARUTVAL FOR SAMHANDLINGSREFORMA Møtestad: Rådhuset Møtedato: 27.04.2015 Tid: 10.00

MØTEINNKALLING. Utval: BRUKARUTVAL FOR SAMHANDLINGSREFORMA Møtestad: Rådhuset Møtedato: 27.04.2015 Tid: 10.00 MØTEINNKALLING Utval: BRUKARUTVAL FOR SAMHANDLINGSREFORMA Møtestad: Rådhuset : 27.04.2015 Tid: 10.00 Medlemene vert med dette innkalla til møtet. Evt. forfall må meldast til kommunen v/sekretariatet, tlf.

Detaljer

Gründercamp Samarbeid skule næringsliv

Gründercamp Samarbeid skule næringsliv Gründercamp Samarbeid skule næringsliv Kva er gründercamp? Treningsleir i kreativitet og nyskaping Elevane får eit reelt oppdrag med ei definert problemstilling Skal presentere ei løysing innanfor eit

Detaljer

VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE I SELJORD

VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE I SELJORD VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE I SELJORD Vedtatt av Seljord formannskap i sak 20/12, 9.2.2012. Administrativt revidert 1.september 2014 1. Eigar- og driftsforhold. Seljord kommune eig og driv barnehagane i

Detaljer

MØTEINNKALLING SAKLISTE. Saksnr. Arkivsaksnr. Side Tittel 0013/03 03/00171 POLITISK KVARTER PERSONAL-OG LØNSUTVALET 04.06.2003

MØTEINNKALLING SAKLISTE. Saksnr. Arkivsaksnr. Side Tittel 0013/03 03/00171 POLITISK KVARTER PERSONAL-OG LØNSUTVALET 04.06.2003 OS KOMMUNE Os kommune MØTEINNKALLING Utval: PERSONAL- OG LØNSUTVALET Møtestad: Formannskapssalen Møtedato: 04.06.2003 Tid: 17.00 SAKLISTE Saksnr. Arkivsaksnr. Side Tittel 0013/03 03/00171 POLITISK KVARTER

Detaljer

Tilgangskontroll i arbeidslivet

Tilgangskontroll i arbeidslivet - Feil! Det er ingen tekst med den angitte stilen i dokumentet. Tilgangskontroll i arbeidslivet Rettleiar frå Datatilsynet Juli 2010 Tilgangskontroll i arbeidslivet Elektroniske tilgangskontrollar for

Detaljer

VINN-VINN-prosjektet

VINN-VINN-prosjektet VINN-VINN-prosjektet Ideen om gjenbruksstasjon med verkstad og utsal Bakgrunn Kommunestyrevedtak i Hol og Ål febr. 2007: Vinn-Vinn er et samarbeid mellom Ål og Hol kommune for å utvikle arbeids- og aktivitetstiltak

Detaljer

Informasjon til pasientar og pårørande

Informasjon til pasientar og pårørande HELSE BERGEN Haukeland universitetssjukehus Informasjon til pasientar og pårørande ReHabiliteringsklinikken Haukeland universitetssjukehus Avdeling fysikalsk medisin og rehabilitering Innhold Velkommen

Detaljer

I lov 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa er det gjort følgende endringer (endringene er markert med kursiv):

I lov 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa er det gjort følgende endringer (endringene er markert med kursiv): VEDLEGG 1 I lov 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa er det gjort følgende endringer (endringene er markert med kursiv): 2-12 tredje ledd skal lyde: For private grunnskolar

Detaljer

Handbok for minoritetsspråklege elevar i vidaregåande opplæring

Handbok for minoritetsspråklege elevar i vidaregåande opplæring Handbok for minoritetsspråklege elevar i vidaregåande opplæring www.sfj.no Innleiing: side 3 Arbeidskalender: side 5 Søknadsskjema for vidaregåande opplæring side 6 Vedleggsskjema for minoritetsspråklege

Detaljer

MØTEINNKALLING SAKLISTE. Utval: ARBEIDSMILJØUTVALET Møtestad: Rådhuset Møtedato: 21.03.2013 Tid: 09.00

MØTEINNKALLING SAKLISTE. Utval: ARBEIDSMILJØUTVALET Møtestad: Rådhuset Møtedato: 21.03.2013 Tid: 09.00 MØTEINNKALLING Utval: ARBEIDSMILJØUTVALET Møtestad: Rådhuset : 21.03.2013 Tid: 09.00 Varamedlemmer møter berre etter nærare innkalling SAKLISTE Sak nr. Arkivsak nr. Tittel 1/13 13/241 OPPFØLGING AV TIDLEGARE

Detaljer

FORELDREMØTE 8. TRINN TORSDAG 22.03.12 VURDERING, FRÅVER M.M

FORELDREMØTE 8. TRINN TORSDAG 22.03.12 VURDERING, FRÅVER M.M FORELDREMØTE 8. TRINN TORSDAG 22.03.12 VURDERING, FRÅVER M.M Elevvurdering Opplæringslova Forskrift til Opplæringslova Kunnskapsløftet 06 læreplanen Desse dokumenta bestemmer korleis me skal drive skulen

Detaljer

Strategiplan for Apoteka Vest HF

Strategiplan for Apoteka Vest HF Strategiplan for Apoteka Vest HF 2009 2015 Versjon 0.91 03.09.2008 Strategiplan for Apotekene Vest HF 2009 2015 Side 1 Innleiing Det har vore nokre spennande år for Apoteka Vest HF sida reforma av helseføretaka

Detaljer

Praktisk arbeid med Betre Tverrfagleg Innsats (BTI) i Årdal kommune,

Praktisk arbeid med Betre Tverrfagleg Innsats (BTI) i Årdal kommune, Praktisk arbeid med Betre Tverrfagleg Innsats (BTI) i Årdal kommune, ein samarbeidsmodell for å hindra brot i oppfølginga av barn, unge og familiar i risiko Styrarnettverk 04.11.2015 Aktuelt: 1. Bakgrunn

Detaljer

Planlegging av partnarskapet Utført av partnarane på ein heil dags work-shop 16.12.09, Bergen Revidert av partnarane 08.09.

Planlegging av partnarskapet Utført av partnarane på ein heil dags work-shop 16.12.09, Bergen Revidert av partnarane 08.09. Planlegging av partnarskapet Utført av partnarane på ein heil dags work-shop 16.12.09, Bergen Revidert av partnarane 08.09.2010, Sarpsborg - 1. Kom fram til nokre overordna felles mål for partnarskapet

Detaljer

www.kappdetgodeliv.no Jan Helgøy, Ordførar i Vanylven kommune

www.kappdetgodeliv.no Jan Helgøy, Ordførar i Vanylven kommune Dei unike dråpane i vest Området vårt er kalender-noreg i miniatyr. Vi samlar juvelane i eit fellesskap slik at dei skin enno klarare og tydelegare. Det er kjekkare å gå på skattejakt når ein går saman.

Detaljer

NAV Arbeidslivssenter Sogn og Fjordane. IA-kurs hausten 2014. Kurstilbod for IA-verksemder

NAV Arbeidslivssenter Sogn og Fjordane. IA-kurs hausten 2014. Kurstilbod for IA-verksemder NAV Arbeidslivssenter Sogn og Fjordane IA-kurs hausten 2014 Kurstilbod for IA-verksemder // Kurskatalog høsten 2014 Velkomen til kurs med NAV Arbeidslivssenter Sogn og Fjordane Gratulere med ny IA-avtale!

Detaljer

Førarkort klasse B. Kommentar frå tilfreds mor som var med dottera og øvingskjørte: Opplæring, øvingskjøring og mengdetrening ei rettleiing

Førarkort klasse B. Kommentar frå tilfreds mor som var med dottera og øvingskjørte: Opplæring, øvingskjøring og mengdetrening ei rettleiing Kommentar frå tilfreds mor som var med dottera og øvingskjørte: Etter trafikalt grunnkurs kontakta vi ein trafikkskule og tok dei fyrste kjøretimane. Vi tok nokre timar på trafikkskulen, øvde privat, tok

Detaljer

Retningslinjer for Lærlingane i Masfjorden kommune

Retningslinjer for Lærlingane i Masfjorden kommune FORORD Retningslinjer for Lærlingane i Masfjorden kommune Vedteke i kommunestyre den 11.12.2008 Det ligg føre eit kommunestyrevedtak på at talet på lærlingar i kommunen til ei kvar tid skal vere tre. Masfjorden

Detaljer

TRAINEE I SOGN OG FJORDANE

TRAINEE I SOGN OG FJORDANE TRAINEE I SOGN OG FJORDANE Prosjektplan for Framtidsfylket Trainee frå og med haust 2014 Framtidsfylket Trainee er den einaste fylkesdekkjande traineeordninga i landet for kandidatar med bachelor- eller

Detaljer

Reglar for stønad til utdanning og permisjon i Ulvik herad Vedteke i heradstyresak 030/09 17. juni 2009

Reglar for stønad til utdanning og permisjon i Ulvik herad Vedteke i heradstyresak 030/09 17. juni 2009 1 Føremål med reglane, kven reglane gjeld for Heradet har som overordna mål, innan gitte økonomiske rammer, å leggja tilhøva til rette for god kompetanseutvikling i heile heradsorganisasjonen, slik at

Detaljer

NÆRVÆR MEIR ENN EN PROSENT

NÆRVÆR MEIR ENN EN PROSENT NÆRVÆR MEIR ENN EN PROSENT 29.03.2011 Prosjektbeskrivelse av nærvær prosjekt i Hemsedal kommune 2011 Prosjekt Nærvær Nærvær skal gjennom tiltak for utvalte målgrupper bidra til å førebygge og redusere

Detaljer

Sauda vidaregåande skule skuleåret 2011-2012. Regionalt kompetansesenter

Sauda vidaregåande skule skuleåret 2011-2012. Regionalt kompetansesenter Skuletilbod Sauda vidaregåande skule skuleåret 2011-2012 Ein skule ska ver Eit fyrtårn i brottsjø når skoddå står tett tt Ei stjerne ein blink i det fjerne eit vink Som blir sett Det e det me ska få te

Detaljer

Opplæringsavdelinga Kompetanseløftet 23. januar 2013

Opplæringsavdelinga Kompetanseløftet 23. januar 2013 Opplæringsavdelinga Kompetanseløftet 23. januar 2013 Informasjon og utfordringar sett frå Fylkeskommunen og dei vidaregåande skulane si side Adeline Landro - rådgjevar for fagskulane Annbjørg Laupsa -

Detaljer

Styrk rådgjevartenesta i skulen! Rådgjevaren ein nøkkelperson. www.utdanningsforbundet.no

Styrk rådgjevartenesta i skulen! Rådgjevaren ein nøkkelperson. www.utdanningsforbundet.no Styrk rådgjevartenesta i skulen! Rådgjevaren ein nøkkelperson www.utdanningsforbundet.no Rådgjevaren ein nøkkelperson Ei god rådgjevarteneste i skulen medverkar til at elevane får: betre sjansar til å

Detaljer

«ANNONSERING I MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE»

«ANNONSERING I MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE» «ANNONSERING I MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE» FYLKESREVISJONEN Møre og Romsdal fylkeskommune RAPPORT, FORVALTNINGSREVISJONSPROSJEKT NR. 4-2000 INNHALDSREGISTER 1. INNLEIING I 2. FORMÅL 1 3. METODE OG DATAGRUNNLAG

Detaljer

SENTRALISERING AV FAGSKOLANE I HORDALAND TIL TO FAGSKULAR

SENTRALISERING AV FAGSKOLANE I HORDALAND TIL TO FAGSKULAR HORDALAND FYLKESKOMMUNE Opplæringsavdelinga Arkivsak 201112362-125 Arkivnr. 522 Saksh. Landro, Adeline Saksgang Møtedato Hordaland fagskulestyre 19.03.2013 SENTRALISERING AV FAGSKOLANE I HORDALAND TIL

Detaljer

Ot/ppt sin plan for førebyggande arbeid mot fråfall i vidaregåande opplæring

Ot/ppt sin plan for førebyggande arbeid mot fråfall i vidaregåande opplæring Ot/ppt sin plan for førebyggande arbeid mot fråfall i vidaregåande opplæring 2 Ot/ppt sin plan for førebyggande arbeid mot fråfall i vidaregåande opplæring Førebygging på tre nivå OT/PPT sin førebyggjande

Detaljer

ORGANISERING AV KNUTEPUNKSKULEN FOR HØRSELSHEMMA ELEVAR FRÅ HAUSTEN 2010

ORGANISERING AV KNUTEPUNKSKULEN FOR HØRSELSHEMMA ELEVAR FRÅ HAUSTEN 2010 HORDALAND FYLKESKOMMUNE Opplæringsavdelinga Arkivsak 200910136-1 Arkivnr. 523 Saksh. Lisen Ringdal Strøm, Janne Saksgang Opplærings- og helseutvalet Fylkesutvalet Fylkestinget Møtedato 10.11.2009 18.11.2009-19.11.2009

Detaljer

INTERNETTOPPKOPLING VED DEI VIDAREGÅANDE SKOLANE - FORSLAG I OKTOBERTINGET 2010

INTERNETTOPPKOPLING VED DEI VIDAREGÅANDE SKOLANE - FORSLAG I OKTOBERTINGET 2010 HORDALAND FYLKESKOMMUNE Organisasjonsavdelinga IT-seksjonen Arkivsak 201011409-3 Arkivnr. 036 Saksh. Svein Åge Nottveit, Birthe Haugen Saksgang Fylkesutvalet Fylkestinget Møtedato 23.02.2011-24.02.2011

Detaljer

Vedlegg 1 til sak, handlingsplan for Internkontroll. Handlingsplan for styrking av kvalitet og internkontroll. Helse Bergen

Vedlegg 1 til sak, handlingsplan for Internkontroll. Handlingsplan for styrking av kvalitet og internkontroll. Helse Bergen Handlingsplan for styrking av kvalitet og internkontroll Helse Bergen 2015 Innhald 1 Organisatorisk forankring... 2 2 Lovkrav... 2 3 Føremål... 3 4 Tiltak... 3 5 Referansar:... 6 1 Organisatorisk forankring

Detaljer

ETNE KOMMUNE K-LEAN BRUKARHANDBOK FOR LEIARAR OG VEILEDERE

ETNE KOMMUNE K-LEAN BRUKARHANDBOK FOR LEIARAR OG VEILEDERE ETNE KOMMUNE K-LEAN BRUKARHANDBOK FOR LEIARAR OG VEILEDERE Side2 INNHALD: 1. INNLEIING... 3 1.1 K-LEAN i Etne kommune... 3 1.2 HENSIKTA MED LEAN... 3 1.3 GEVINST... 3 2. ESSENSEN I LEAN... 4 3. LEAN FØREBUING...

Detaljer

Retningslinjer for. Transportordninga for funksjonshemma i Hordaland

Retningslinjer for. Transportordninga for funksjonshemma i Hordaland HORDALAND FYLKESKOMMUNE Retningslinjer for Transportordninga for funksjonshemma i Hordaland Gjeldande frå 1.November 2014 23.05.2014 Innhald: 1. Formål 3 2. Kven kan nytte ordninga? 3 3. Godkjenningsperiode

Detaljer

HANDLINGSPLAN FOR NORDBYGDO UNGDOMSSKULE 2011-2012

HANDLINGSPLAN FOR NORDBYGDO UNGDOMSSKULE 2011-2012 HANDLINGSPLAN FOR NORDBYGDO UNGDOMSSKULE 2011-2012 BRUKARAR -Utviklingssamtalar, og framovermeldingar Lærarane og assistentane Resultat: 3.2 eller betre i elevundersøkinga Elevane opplever fagleg rettleiing

Detaljer

Årsrapport Kreftkoordinator ÅLA

Årsrapport Kreftkoordinator ÅLA Årsrapport Kreftkoordinator ÅLA Innhold 1.0 KREFTKOORDINATOR I KOMMUNANE ÅLA... 3 1.1 Stilling som kreftkoordinator... 3 1.2 Organisering av stillinga... 3 1.3 Kreftkoordinator si rolle... 3 2.0 Oppstart

Detaljer

KOMMUNEDELPLAN FOR HELSE, OMSORG OG SOSIAL 2014 26.

KOMMUNEDELPLAN FOR HELSE, OMSORG OG SOSIAL 2014 26. KOMMUNEDELPLAN FOR HELSE, OMSORG OG SOSIAL 2014 26. Handlingsplan for 2014 18: Utifrå det som er utarbeidd i kommunedelplanen for Helse, omsorg og sosial er det laga følgjande handlingsplan. Handlingsplanen

Detaljer

«VURDERING FOR LÆRING» Retningsliner for skulane i Lindås

«VURDERING FOR LÆRING» Retningsliner for skulane i Lindås «VURDERING FOR LÆRING» Retningsliner for skulane i Lindås 1 Forord For å kunne styrkje kvaliteten i undervisninga og vurderinga, må vi vite kva god undervisning og vurdering er. God undervisning og vurdering

Detaljer

Gjennomføring av foreldresamtale 5.-7. klasse

Gjennomføring av foreldresamtale 5.-7. klasse Gjennomføring av foreldresamtale 5.-7. klasse Namn: Klasse: 1. Gjennomgang av skjemaet «Førebuing til elev- og foreldresamtale» 2. Gjennomgang av samtaleskjemaet 3. Gjennomgang av IUP og skriving av avtale

Detaljer

ARBEIDSGJEVARSTRATEGI

ARBEIDSGJEVARSTRATEGI ARBEIDSGJEVARSTRATEGI PersonalPolitiske verdiar Stram arbeidsmarknad Vi vil: vera opne og ærlege Vi vil: samarbeida Auka behov for arbeidskraft Vi vil: visa respekt og likeverd for kvarandre Vi vil: gi

Detaljer

MØTEINNKALLING SAKLISTE. Saksnr. Arkivsaksnr. Side Tittel 1/08 07/2859 OMSTILLING - OPPRETTING AV STILLINGSBANK

MØTEINNKALLING SAKLISTE. Saksnr. Arkivsaksnr. Side Tittel 1/08 07/2859 OMSTILLING - OPPRETTING AV STILLINGSBANK OS KOMMUNE Organisasjonseining MØTEINNKALLING Utval: PERSONALUTVALET Møtestad: Formannskapssalen Møtedato: 02.04.2040 Tid: Kl. 18.00 i formannskapssalen SAKLISTE Saksnr. Arkivsaksnr. Side Tittel 1/08 07/2859

Detaljer

Arbeidsgruppa for prosjektet Oppvekstplan for Fyresdal kommune ynskjer innspel til arbeidet.

Arbeidsgruppa for prosjektet Oppvekstplan for Fyresdal kommune ynskjer innspel til arbeidet. Arbeidsgruppa for prosjektet Oppvekstplan for Fyresdal kommune ynskjer innspel til arbeidet. Dette notatet skisserer innhald og kan brukast som eit utgangspunkt for drøftingar og innspel. Me ynskjer særleg

Detaljer

SØKNAD OM STATLEG STØTTE TIL KOLLEKTIVTRANSPORT I DISTRIKTA FOR 2010

SØKNAD OM STATLEG STØTTE TIL KOLLEKTIVTRANSPORT I DISTRIKTA FOR 2010 HORDALAND FYLKESKOMMUNE Samferdselsavdelinga Arkivsak 200703590-60 Arkivnr. 8 Saksh. Raddum, Gunhild Saksgang Samferdselsutvalet Fylkesutvalet Møtedato 13.01.2010 21.01.2010 SØKNAD OM STATLEG STØTTE TIL

Detaljer

Varsel om tilsyn med Lærdal kommune. Lærdalsøyri skule sitt arbeid med elevane sitt psykososiale miljø og pålegg om innsending av dokumentasjon

Varsel om tilsyn med Lærdal kommune. Lærdalsøyri skule sitt arbeid med elevane sitt psykososiale miljø og pålegg om innsending av dokumentasjon Sakshandsamar: Lill Mona Solberg Vår dato Vår referanse Telefon: 57643105 24.06.2013 2013/2729 - E-post: fmsflms@fylkesmannen.no Dykkar dato Dykkar referanse Lærdal kommune Postboks 83 6886 Lærdal Varsel

Detaljer

SØKNAD OM TILSKOT, REGIONALT PLANSAMARBEID

SØKNAD OM TILSKOT, REGIONALT PLANSAMARBEID SAK 04/12 SØKNAD OM TILSKOT, REGIONALT PLANSAMARBEID Saksopplysning Kommunane i Hallingdal søkjer i brev dat. 2.9.2011 om tilskot til regionalt plansamarbeid. Målet er å styrke lokal plankompetanse gjennom

Detaljer

HANDLINGS OG TILTAKSPLAN MOT MOBBING FOR BARNEHAGANE I VINJE KOMMUNE. Erta, berta, sukkererta - korleis unngå å skape mobbarar.

HANDLINGS OG TILTAKSPLAN MOT MOBBING FOR BARNEHAGANE I VINJE KOMMUNE. Erta, berta, sukkererta - korleis unngå å skape mobbarar. HANDLINGS OG TILTAKSPLAN MOT MOBBING FOR BARNEHAGANE I VINJE KOMMUNE Erta, berta, sukkererta - korleis unngå å skape mobbarar. Vårt ynskje: Alle barn skal ha eit trygt miljø i barnehagen utan mobbing.

Detaljer

SENIORPOLITISK PLAN FOR SKODJE KOMMUNE

SENIORPOLITISK PLAN FOR SKODJE KOMMUNE SKODJE KOMMUNE SENIORPOLITISK PLAN FOR SKODJE KOMMUNE Til behandling i Kommunestyret 14.12.2010 Sak PS /10 Saksnr.: 06/521-9 Side 1 2 1. MÅLSETJING I Skodje kommune ønskjer alle tilsette å halde fram i

Detaljer

OPPLÆRINGSKONTOR FOR TILRETTELAGT FAGOPPLÆRING

OPPLÆRINGSKONTOR FOR TILRETTELAGT FAGOPPLÆRING OPPLÆRINGSKONTOR FOR TILRETTELAGT FAGOPPLÆRING Etablering av opplæringskontoret Initiativ frå Fagopplæringskontoret 1998 Bakgrunn: Problem med å finne læreplassar til elevar frå særinntak, og aukande tal

Detaljer

VEDTEKT av februar 2007

VEDTEKT av februar 2007 IKS VEDTEKT av februar 2007 Vedteken i følgjande kommunar: Bokn Etne Haugesund Tysvær Vindafjord Vedtekt av februar 2007 Side 1 av 5 INNHALD Side 1. Heimel... 2 2. Deltakarar... 2 3. Føremål... 2 4. Hovudkontor...

Detaljer

HANDLINGSPLAN FOR FRÆNA VGS SITT IA ARBEID:

HANDLINGSPLAN FOR FRÆNA VGS SITT IA ARBEID: HANDLINGSPLAN FOR FRÆNA VGS SITT IA ARBEID: Skolen skal på grunnlag av dei tre delmåla i IA-avtalen fastsette eigne mål for IAarbeidet tilpassa skolen sine utfordringar. Dei ulike delmåla må sjåast i samanheng

Detaljer

Etablerarkurs Sogn og Fjordane Fylkeskommune

Etablerarkurs Sogn og Fjordane Fylkeskommune Etablerarkurs Sogn og Fjordane Fylkeskommune Kundejobb Løysing - Forretningsmodell Sogn og Fjordane Fylkeskommune i samarbeid med Mentor AS Innleiing... 3 Samling 1: Kundejobben, vår løysing (4 timar)...

Detaljer

Ny GIV. (= gjennomføring i vidaregåande skule)

Ny GIV. (= gjennomføring i vidaregåande skule) Ny GIV (= gjennomføring i vidaregåande skule) Ny GIV Gjennomføringsbarometeret Overgangsprosjektet Oppfølgingsprosjektet Informasjon Ny GIV-heimesida Gjennomføringsbarometeret 2010-kullet frå ungdomsskulen

Detaljer

Arbeidsgivarpolitikk for alle livsfasar

Arbeidsgivarpolitikk for alle livsfasar Arbeidsgivarpolitikk for alle livsfasar Målsetting Livsfasepolitikken vår skal avspegle likeverd for tilsette i alle aldersgrupper, og arbeidsstokken skal vere prega av mangfald. I dette ligg det også

Detaljer

06.11.2008 Stryn kommune 1

06.11.2008 Stryn kommune 1 06.11.2008 Stryn kommune 1 Samarbeid mellom små kommunar Utfordringar og muligheiter med Elin-Kprosjektet Ehelseseminar i Førde 04.november 08 Aslaug Håøy Nygård 06.11.2008 Stryn kommune 2 Elin-K i Stryn

Detaljer

TENESTESTANDARD OG KVALITETSMÅL

TENESTESTANDARD OG KVALITETSMÅL TIME KOMMUNE TENESTESTANDARD OG KVALITETSMÅL RUSVERNTENESTER 1. FORMÅL Formålet med tenesta er å oppnå rusmeistring hos brukaren og fremja sjølvstende og evne til å meistra eige liv med utgangspunkt i

Detaljer