Opplæring gjennom Nav

Størrelse: px
Begynne med side:

Download "Opplæring gjennom Nav"

Transkript

1 10 Opplæring gjennom Nav VOX-SPEGELEN 2014 OPPLÆRING GJENNOM NAV 1 kap 10 I 2013 deltok i gjennomsnitt nesten personar per månad på arbeidsretta tiltak i regi av Nav. Omtrent av desse hadde nedsett arbeidsevne, var arbeidssøkjarar, og hadde annan Nav-status. 26 prosent av tiltaksdeltakarane fekk opplæring. Hovudfunn Stadig færre på arbeidsretta tiltak får opplæring. Det er ein trend vi har sett sidan Nedgangen frå 2012 til 2013 var på 4 prosentpoeng. Nedgangen gjeld for både arbeidssøkjarar og for dei med nedsett arbeidsevne, men bruken av opplæring har sokke raskare for dei med nedsett arbeidsevne enn for arbeidssøkjarar. Dei med låg utdanning får mindre opplæring enn dei med høg utdanning. Det er store variasjonar i bruk av opplæring som tiltak mellom fylka. Oslo brukar klart mest opplæring. I gjennomsnitt fekk 56 prosent av arbeidssøkjarane på tiltak i Oslo opplæring. Til samanlikning fekk berre sju prosent av arbeidssøkjarane på tiltak i Sogn og Fjordane opplæring.

2 kap 10 2 VOX-SPEGELEN 2014 OPPLÆRING GJENNOM NAV i Om Nav Arbeids- og Velferdsforvaltninga (Nav) blei etablert 1. juli 2006, og var ei samanslåing av tidlegare Aetat, trygdekontor og sosialkontora i kommunane. Nav forvaltar omtrent ein tredel av statsbudsjettet, og administrerer ordningar som dagpengar, arbeidsavklaringspengar, sjukepengar, pensjon, barnetrygd og kontantstøtte. Arbeids- og velferdsdirektoratet har ansvar for å styre og utvikle Nav, og har det overordna ansvaret for at Nav når måla sine og omsett politiske føringar til praktisk handling. Direktoratet ligg under Arbeids- og sosialdepartementet. På landsbasis er det 456 Nav-kontor med tilsette av dei er tilsette i staten, medan er tilsette i kommunane. I tillegg til dei lokale kontora finst det over hundre spesialeiningar, som løyser sentraliserte oppgåver som førstelinjetenesta ikkje kan utføre. Nav og Vox Nav og Vox samarbeider om ulike opplæringstiltak og aktivitetar. Til dømes har BKA-kurs (Basiskompetanse i arbeidslivet) blitt arrangerte for tiltaksdeltakarar i Nav. Sidan 2010 har òg Vox og Arbeids- og velferdsdirektoratet samarbeidd om opplæring av Nav-leiarar og rettleiarar i problematikk knytt til svake grunnleggjande ferdigheiter. Definisjonar Med utdanning meiner vi her all formell utdanning gjennom det ordinære utdanningssystemet, der deltakarane får vitnemål og/eller studiepoeng. Opplæring inkluderer både formell utdanning og ikkje-formell opplæring, det vil seie kurs der deltakarane ikkje får vitnemål eller studiepoeng Arbeidsretta tiltak i Nav Nav har sett i verk ulike tiltak for å hjelpe personar utanfor arbeidslivet over i arbeid, gjennom for eksempel å styrkje deira kompetanse, motivasjon og evne til å arbeide. Situasjonen i arbeidsmarknaden og politiske føringar bestemmer omfanget og samansettinga av dei arbeidsretta tiltaka. Døme på arbeidsretta tiltak i regi av Nav er opplæring, arbeidspraksis, jobbklubb, arbeid med bistand, tiltak i arbeidsmarknadsbedrift og varig tilrettelagd arbeid. For personar som treng meir omfattande tilbod enn det Nav sjølv kan tilby, finst tiltak som arbeidsretta rehabilitering, avklaring, oppfølging og behandling for sjukemelde yrkesaktive med samansette og lettare psykiske lidingar. Det kan òg givast tilskot til mentorar for personar som treng praktisk hjelp og rettleiing for å kunne delta på andre tiltak. I tillegg kan arbeidsgivarar få lønstilskot for å tilsette personar som har vanskar med å kome inn på arbeidsmarknaden på vanlege løns- og arbeidsvilkår. For å delta på tiltak må ein vanlegvis vere registrert som arbeidssøkjar 1 eller ha nedsett arbeidsevne 2. Somme tiltak er òg aktuelle for sjukemelde som står i fare for å falle ut av arbeidslivet. 1 Før oktober 2012 blei arbeidssøkjarar på tiltak kalla ordinære tiltaksdeltakarar. 2 I praksis blir personar klassifiserte til å ha nedsett arbeidsevne gjennom to måtar: anten ved at dei har rett på Arbeidsavklaring (tidlegare attføring), eller at Nav og personen det gjeld, i fellesskap har kome fram til at bistandsbehovet er betydeleg.

3 VOX-SPEGELEN 2014 OPPLÆRING GJENNOM NAV 3 kap 10 Dei fleste arbeidsretta tiltaka vil innebere ei eller anna form for læring, men i dei kommande avsnitta vil vi i hovudsak konsentrere oss om opplæringstiltak, der opplæring og arbeidskvalifisering er hovudføremålet med aktiviteten. Vi ser først og fremst på statistikk frå 2013, men der det er relevant, samanliknar vi med tidlegare år. Informasjonen og tala i kapittelet er henta frå Nav si heimeside (Nav, 2014). Unnataket er utdanningsstatistikk, som vi har bestilt frå Nav Opplæringstiltak Arbeidsmarknadskurs og ordinær utdanning Målet med opplæringstiltak er å kvalifisere personar utanfor arbeidslivet til ledige jobbar. Opplæringstiltak blir òg i somme tilfelle bruka for å hindre at folk fell ut av arbeidslivet, eller for å hjelpe personar som er i ein usikker sysselsettingssituasjon, og som treng kvalifisering. Det er då gjerne snakk om sjukemelde. Opplæring går vanlegvis føre seg i form av ulike typar arbeidsmarknadskurs (AMO-kurs). Dette er korte, yrkesretta kurs, der opplæringa kan vare i inntil ti månadar. 3 Samansettinga av AMOkurs varierer ut frå behova i arbeidsmarknaden lokalt. Deltakarane må ha fylt 19 år. Nav kan òg gi støtte til utdanning i det ordinære utdanningssystemet. Dette tilbodet rettar seg mot personar med nedsett arbeidsevne, og deltakarane må vere over 26 år. Utdanninga kan vare inntil tre år i opplæring gjennom Nav kvar månad Tabell 1 syner kor mange personar som deltok på ulike arbeidsretta tiltak per månad i 2012 og i Det var flest deltakarar i vårmånadane, og færrast i juli. Dei årsstatistikkane som blir presenterte i dette kapittelet, viser gjennomsnittstalet per månad for året det gjeld. Somme personar kan ha delteke på fleire ulike tiltak i løpet av eitt år. Det er dermed talet på deltakarar, og ikkje talet på unike personar, som blir presenterte. 4 Tabell 1 Tiltaksdeltakarar, fordelte på tiltakstype og år. Månadsgjennomsnitt Tal og prosent. Tiltak Tiltaksdeltakarar, i tal Prosent av alle tiltaksdeltakarane Tiltaksdeltakarar, i tal Prosent av alle tiltaksdeltakarane Arbeidspraksis % % Opplæring % % Oppfølging % % Tilrettelagt arbeid % % Lønstilskot % % Avklaringstiltak % % Helsemessig utgreiing/behandling % % Arbeidsretta rehabilitering % % Tilrettelegging % % Jobbskaping og eigenetablering % % Totalt % % 3 For personar som har betydelege vanskar med å kome seg inn på arbeidsmarknaden, og som ikkje har fullført vidaregåande opplæring, kan opplæringa forlengast med inntil seks månader. 4 Vi har ikkje talet på unike personar som har delteke på dei ulike tiltaka per år.

4 kap 10 4 VOX-SPEGELEN 2014 OPPLÆRING GJENNOM NAV Totalt var det i gjennomsnitt personar som deltok på arbeidsretta tiltak gjennom Nav per månad i Det var færre per månad enn i personar 26 prosent av alle tiltaksdeltakarane fekk opplæring. Det var ein nedgang på fire prosentpoeng i høve til Dermed er ikkje opplæring lenger det viktigaste arbeidsretta tiltaket, slik det var i 2012, men er forbigått av arbeidspraksis. I 2013 fekk deltakarar arbeidspraksis månadleg, og tiltaket omfatta 30 prosent av tiltaksdeltakarane. Det var ein auke på eit prosentpoeng sidan Utanom arbeidspraksis og opplæring var oppfølging 5 (15 prosent), tilrettelagt arbeid 6 (14 prosent) og lønstilskot 7 (åtte prosent) dei mest utbreidde tiltaka Arbeidssøkjarar får oftast opplæring Figur 1 viser tiltaksdeltakarane sin status. 75 prosent av tiltaksdeltakarane i personar hadde nedsett arbeidsevne, 22 prosent personar var arbeidssøkjarar, medan tre prosent personar hadde annan status. Dei med annan status er ofte personar som er sjukemeldte, og står i fare for å miste jobben sin. I dei kommande avsnitta refererer vi til desse som andre på tiltak. Figur 1 Tiltaksdeltakarar, fordelte på status i Nav. Månadsgjennomsnitt Prosent. N= % 3 % 22 % Arbeidssøkjarar Nedsett arbeidsevne Andre Av dei tre ulike tiltaksgruppene var prosentdelen deltakarar på opplæringstiltak høgast blant arbeidssøkjarar. 30 prosent av arbeidssøkjarane deltok på opplæringstiltak. Blant dei med nedsett arbeidsevne var det 25 prosent personar som deltok på opplæringstiltak. Blant andre på tiltak var det seks prosent 122 personar som deltok på opplæringstiltak Opplæring som tiltak brukast mindre Sidan 2009 har månadsgjennomsnittet for talet på arbeidssøkjarar på tiltak heldt seg ganske stabilt på rundt Men prosentdelen av desse som deltek på opplæringstiltak, har sokke. 5 Oppfølging er eit tiltak for personar som treng støtte for å klare å skaffe eller behalde ein jobb, og kan innebere rettleiing, råd og bistand til jobbsøking, opplæring i arbeidsrelaterte og sosiale ferdigheiter, tilpassing og tilrettelegging av arbeid og arbeidssituasjon, og dessutan praktiske oppgåver knytte til det å vere i arbeid eller gjennomføring av tiltaket. 6 Tilrettelagt arbeid er eit tiltak for dei som har (eller i nær framtid er venta å få) uførepensjon, og har behov for spesiell tilrettelegging, tilpassing av arbeidsoppgåver og oppfølging. Tiltaket er ikkje tidsavgrensa, men skal vurderast jamleg med tanke på overføring til andre arbeidsretta tiltak, utdanning eller formidling til ordinært arbeid. 7 Lønstilskot er eit tiltak som skal bidra til å auke moglegheitene for ordinært arbeid, gjennom at arbeidsgivaren får eit tilskot til tiltaksdeltakaren si lønn. Det finst både tidsavgrensa og tidsubestemt lønstilskot. Det sistnemnte er meint for personar med varig og vesentleg nedsett arbeidsevne.

5 VOX-SPEGELEN 2014 OPPLÆRING GJENNOM NAV 5 kap 10 Figur 2 Arbeidssøkjarar på tiltak, fordelte på tiltakstype og år. Månadsgjennomsnitt Prosent. 100 % 90 % 80 % 70 % 60 % 50 % 40 % 30 % 20 % 10 % 0 % (N=9 284) 2003 (N=14 309) 2004 (N=16 957) 2005 (N=13 150) 2006 (N=10 139) 2007 (N=10 121) 2008 (N=10 859) 2009 (N=15 901) 2010 (N=16 119) 2011 (N=15 636) 2012 (N=16 822) 2013 (N=16 313) Opplæring Andre tiltak Figur 2 syner tilhøvet mellom arbeidssøkjarar som får opplæring, og arbeidssøkjarar som er på andre tiltak for perioden Med unnatak av åra ser vi at prosentdelen arbeidssøkjarar som deltek på opplæringstiltak per månad, har gått ned frå år til år. Medan under ein av tre arbeidssøkjarar på tiltak fekk opplæring i 2013, var det mest halvparten av arbeidssøkjarane i 2002 som fekk det. I 2013 kjem nedgangen frå 2012 først og fremst av at talet på dei som deltok på opplæringstiltak, gjekk ned i høve til talet på dei som deltok på andre tiltak (jf. tabell 1). Ei tilsvarande forklaring har vore tilfellet i dei årlege endringane vi har sett attende til I somme av åra før dette kjem nedgangen av at talet på andre tiltak auka, og dermed førte til ein relativ nedgang for prosentdelen på opplæringstiltak. Figur 3 Personar med nedsett arbeidsevne, på tiltak, fordelte på tiltakstype og år. Månadsgjennomsnitt Prosent. 100 % 90 % 80 % 70 % 60 % 50 % 40 % 30 % 20 % 10 % 0 % (N=61 467) 2011 (N=59 735) 2012 (N=57 396) 2013 (N=54 301) Opplæring Andre tiltak Når det gjeld tiltaksdeltakarar med nedsett arbeidsevne, har vi berre statistikk tilbake til På desse fire åra har det gjennomsnittlege månadlege deltakartalet sokke noko kvart år, frå personar i 2010 til personar i 2013.

6 kap 10 6 VOX-SPEGELEN 2014 OPPLÆRING GJENNOM NAV Samstundes som det totale talet på tiltaksdeltakarar med nedsett arbeidsevne har sokke, har prosentdelen av desse som deltek på opplæringstiltak, òg sokke (sjå figur 3). Medan over ein av tre fekk opplæring i 2010, var det ein av fire som fekk det same i Om vi samanliknar figur 2 og 3, ser vi at den relative nedgangen i bruk av opplæring som tiltak har vore større for personar med nedsett arbeidsevne enn for arbeidssøkjarar Arbeidssøkjarar får AMO-kurs, personar med nedsett arbeidsevne får utdanning Tabell 2 viser kva for type opplæring deltakarane på opplæringstiltak fekk i prosent deltok i ordinær utdanning 8, medan 43 prosent deltok på ulike typar AMO-kurs. Tabell 2 Deltakarar på opplæringstiltak, fordelte på type opplæringstiltak og status i Nav. Månadsgjennomsnitt Prosent. Opplæringstiltak Arbeidssøkjarar på tiltak (N=4904) Nedsett arbeidsevne, på tiltak (N=13 786) Andre på tiltak (N=122) Totalt (N=18 812) AMO i bedrift 0 % 0 % 0 % Arbeidsmarknadsopplæring (AMO) 93 % 14 % 60 % 35 % Arbeidsmarknadsopplæring (AMO), enkeltplass 4 % 2 % 13 % 3 % Kvalifisering i arbeidsmarknadsbedrift 0 % 6 % 7 % 4 % Nettbasert Arbeidsmarknadsopplæring (AMO) 2 % 1 % 1 % 1 % Utdanning 1 % 77 % 19 % 57 % Totalt 100 % 100 % 100 % 100 % Om opplæringa består av ordinær utdanning eller AMO-kurs, er nært knytt til statusen til den einskilde deltakaren. Mest alle tiltaksdeltakarane som var arbeidssøkjarar i 2013, deltok på AMO-kurs, medan over tre av fire med nedsett arbeidsevne deltok i ordinær utdanning. Av andre på tiltak som fekk opplæring, var AMO-kurs det vanlegaste. Omtrent tre av fire av andre på tiltak deltok på AMO-kurs Demografiske skilnader i bruk av opplæringstiltak Opplæringstiltak vanlegast for arbeidssøkjarar mellom 30 og 59 år I 2013 var det flest tiltaksdeltakarar mellom 30 og 39 år personar 27 prosent av alle tiltaksdeltakarane høyrde til denne aldersgruppa. Nesten like mange var mellom 40 og 49 år. Det var færrast tiltaksdeltakarar i dei yngste og eldste aldersgruppene. Fire prosent var 19 år eller yngre, eller 60 år eller eldre. Aldersskilnaden mellom dei på opplæringstiltak og dei som deltek på andre tiltak, er ikkje spesielt stor, men dei på opplæringstiltak er litt yngre enn dei på andre tiltak. 8 Vi veit ikkje kva for type ordinær utdanning tiltaksdeltakarane har fått.

7 VOX-SPEGELEN 2014 OPPLÆRING GJENNOM NAV 7 kap 10 Tabell 3 Tiltaksdeltakarar, fordelte på alder, tiltakstype og status i Nav. Månadsgjennomsnitt Prosent. Nav-status Tiltak 19 år (N=2 686) år (N=9 793) år (N=9 900) år (N=19 394) år (N=17 654) år (N=10 546) 60 år + (N=2 742) Arbeidssøkjarar på tiltak (N=16 313) Opplæringstiltak Andre tiltak 6 % 94 % 21 % 79 % 34 % 66 % 38 % 62 % 37 % 63 % 37 % 63 % 28 % 72 % Nedsett arbeidsevne på tiltak (N=54 301) Opplæringstiltak Andre tiltak 16 % 84 % 23 % 77 % 34 % 66 % 34 % 66 % 25 % 75 % 13 % 87 % 4 % 96 % Andre på tiltak (N=2 102) Opplæringstiltak Andre tiltak 2 % 98 % 11 % 89 % 8 % 92 % 7 % 93 % 5 % 95 % 4 % 96 % 2 % 98 % Totalt (N=72 716) Opplæringstiltak Andre tiltak 9 % 91 % 22 % 78 % 33 % 67 % 34 % 66 % 27 % 73 % 15 % 85 % 6 % 94 % Tabell 3 viser aldersfordelinga til tiltaksdeltakarane i 2013, fordelte på tiltakstype og Nav-status. Blant arbeidssøkjarane var opplæring mest utbreidd hjå dei mellom 30 og 59 år, med prosentdelar på høvesvis 37 og 38 prosent. Blant dei med nedsett arbeidsevne var opplæring mest utbreidd hjå dei mellom 25 og 39 år. 34 prosent av desse fekk opplæring. Medan opplæring blant arbeidssøkjarar var ganske utbreidd òg blant dei eldste, ser vi ein motsett trend blant dei med nedsett arbeidsevne. I alt 28 prosent av arbeidssøkjarane på tiltak som var 60 år eller eldre, fekk opplæring, medan den tilsvarande prosentdelen for dei med nedsett arbeidsevne berre var fire prosent. Blant andre på tiltak var opplæring relativt lite bruka uavhengig av alder. Men dei mellom 20 og 24 år fekk meir opplæring enn dei som høyrde til andre aldersgrupper Kvinner deltek oftare på opplæringstiltak enn menn Tabell 4 syner tiltaksdeltakarar etter kjønn, tiltakstype og Nav-status. I 2013 deltok i gjennomsnitt kvinner og menn på tiltak per månad. Fleire kvinner enn menn deltok òg på opplæringstiltak. Blant tiltaksdeltakarane deltok totalt sett 29 prosent av kvinnene og 23 prosent av mennene på opplæringstiltak. Tabell 4 Tiltaksdeltakarar, fordelte på kjønn, tiltakstype og status i Nav. Månadsgjennomsnitt Prosent. Tiltak Arbeidssøkjarar på tiltak Kvinner (N=8 307) Menn (N=8 006) Nedsett arbeidsevne, på tiltak Andre på tiltak Totalt Kvinner (N=27 417) Menn (N=26 884) Kvinner (N=1 366) Menn (N=737) Kvinner (N=37 089) Menn (N=35 627) opplæringstiltak 33 % 27 % 29 % 22 % 4 % 8 % 29 % 23 % andre tiltak 67 % 73 % 71 % 78 % 96 % 92 % 71 % 77 % Blant arbeidssøkjande kvinner deltok 33 prosent på opplæringstiltak. For dei arbeidssøkjande mennene var prosentdelen på opplæringstiltak 27 prosent. Blant kvinner med nedsett arbeidsevne deltok 29 prosent på opplæringstiltak. Den tilsvarande prosentdelen for menn var 22 prosent. Det verkar som om dei kjønnsskilnadene vi ser for 2013, har vore stabile over tid.

8 kap 10 8 VOX-SPEGELEN 2014 OPPLÆRING GJENNOM NAV Figur 4 viser utviklinga i kjønnsfordelinga blant arbeidssøkjarar og personar med nedsett arbeidsevne på opplæringstiltak og andre tiltak sidan høvesvis 2002 og Figur 4 Deltakarar på opplæringstiltak, fordelte på kjønn, status i Nav og år. Månadsgjennomsnitt Prosent. 60 % 50 % 40 % 30 % 20 % % 0 % Kvinner på opplæringstiltak, arbeidssøkjarar Menn på opplæringstiltak, arbeidssøkjarar Kvinner på opplæringstiltak, nedsett arbeidsevne Menn på opplæringstiltak, nedsett arbeidsevne Vi ser at prosentdelen som har fått opplæringstiltak, har bevega seg i takt og sokke jamt for begge kjønn. Dette er mest tydeleg for arbeidssøkjarane, der vi har statistikk for fleire år, men det er òg ei utvikling som vi ser blant menn og kvinner med nedsett arbeidsevne Mange på opplæringstiltak har noko høgare utdanning frå før Når Nav registrerer utdanning, er det det høgaste, sjølvrapporterte, påbegynte utdanningsnivået som gjeld. Dette avvik frå vanleg praksis og dei andre kapitla i Vox-spegelen, der det er det høgaste fullførte utdanningsnivået som vert registrert. Tabell 5 viser prosentdelen deltakarar på opplæringstiltak på kvart utdanningsnivå, totalt og etter status i Nav, per månad i Flest tiltaksdeltakarar hadde vidaregåande skole som høgaste utdanning prosent hadde dette. Men flesteparten av desse hadde ikkje fullført. 42 prosent av tiltaksdeltakarane hadde ikkje bestått vidaregåande, men hadde grunnskole eller påbegynte vidaregåande som høgaste utdanning. Dei som ikkje hadde bestått vidaregåande, deltok i mindre grad på opplæringstiltak enn dei som hadde bestått.

9 VOX-SPEGELEN 2014 OPPLÆRING GJENNOM NAV 9 kap 10 Tabell 5 Tiltaksdeltakarar, fordelte på høgaste påbegynte utdanning, tiltakstype og status i Nav. Månadsgjennomsnitt Prosent. Nav-status Arbeidssøkjarar på tiltak (N=16 313) Nedsett arbeidsevne, på tiltak (N=54 301) Andre på tiltak (N=2 102) Totalt (N=72 716) Tiltak opplæringstiltak andre tiltak opplæringstiltak andre tiltak opplæringstiltak andre tiltak opplæringstiltak andre tiltak Grunnskole (N=10 141) 34 % 66 % 16 % 84 % 10 % 90 % 20 % 80 % Vidaregåande skole, GK og VKI (N=20 763) 24 % 76 % 22 % 78 % 10 % 90 % 22 % 78 % Vidaregåande avslutta utdanning (N=18 335) 31 % 69 % 33 % 67 % 8 % 92 % 32 % 68 % Høgare utdanning, inntil 4 år (N=10 427) 35 % 65 % 38 % 62 % 6 % 94 % 36 % 64 % Høgare utdanning, over 4 år (N=2 744) 35 % 65 % 29 % 71 % 6 % 94 % 32 % 68 % Ukjent (N=10 306) 22 % 78 % 17 % 83 % 2 % 98 % 16 % 84 % Totalt (N=72 716) 30 % 70 % 25 % 75 % 6 % 94 % 26 % 74 % (bestilling) Blant arbeidssøkjarar var dei med vidaregåande skole, både avslutta og GK og VKI, relativt sett litt svakare representerte på opplæringstiltak enn dei andre utdanningsgruppene. Men skilnadene var ikkje veldig store. Skilnadene var noko større blant tiltaksdeltakarar med nedsett arbeidsevne. Dei som har høgare utdanning inntil fire år, skil seg ut som gruppa med den høgaste prosentdelen på opplæringstiltak. 38 prosent i denne utdanningsgruppa deltok på opplæringstiltak i Dei med grunnskole deltok relativt sett minst. 16 prosent i denne utdanningsgruppa deltok på opplæringstiltak. Men vi skal vere forsiktige med å legge for mykje i desse resultata. Tala viser den høgaste sjølvrapporterte, påbegynte utdanninga, og vi kjenner ikkje utdanningsnivået til 14 prosent av deltakarane Geografiske skilnader i bruk av opplæring som tiltak Tabell 6 syner kor stor prosentdel av dei arbeidsretta tiltaka i fylka som var opplæringstiltak i 2013, og kor stor del av opplæringstiltaka som var utdanning. Bruken av opplæring som tiltak varierte mykje mellom fylka. Variasjonen i bruk var størst for arbeidssøkjarar (7 56 prosent), og ein del mindre for dei med nedsett arbeidsevne (18 37 prosent). Prosentdelen av opplæringstiltak som var utdanning, varierte òg mykje. Bruken av utdanning som opplæringstiltak for arbeidssøkjarar var jamt over veldig låg, og varierte mellom 0 og 14 prosent. Dette er ikkje overraskande, med tanke på at dette er eit tilbod som er retta mot dei med nedsett arbeidsevne. For personar med nedsett arbeidsevne varierte prosentdelane med opplæringstiltak som fekk utdanning, frå 62 til 93 prosent.

10 kap VOX-SPEGELEN 2014 OPPLÆRING GJENNOM NAV Tabell 6 Del av arbeidsretta tiltak som er opplæring og del av opplæringstiltak som er utdanning, fordelte på fylke og status i Nav*. Månadsgjennomsnitt Prosent. Fylke Arbeidssøkjarar på tiltak Prosentdel av dei arbeidsretta tiltaka som er opplæring Prosentdel av opplæringstiltaka som er utdanning Nedsett arbeidsevne, på tiltak Prosentdel av dei arbeidsretta tiltaka som er opplæring Prosentdel av opplæringstiltaka som er utdanning Østfold 23 % 1 % 23 % 91 % Akershus 32 % 1 % 26 % 71 % Oslo 56 % 0 % 37 % 62 % Hedmark 32 % 1 % 27 % 79 % Oppland 15 % 3 % 22 % 87 % Buskerud 25 % 1 % 23 % 78 % Vestfold 30 % 3 % 26 % 85 % Telemark 38 % 1 % 24 % 73 % Aust-Agder 14 % 5 % 22 % 93 % Vest-Agder 21 % 2 % 22 % 86 % Rogaland 20 % 2 % 18 % 70 % Hordaland 24 % 1 % 27 % 79 % Sogn og Fjordane 7 % 14 % 26 % 68 % Møre og Romsdal 15 % 3 % 22 % 87 % Sør-Trøndelag 18 % 4 % 22 % 74 % Nord-Trøndelag 11 % 4 % 24 % 92 % Nordland 21 % 2 % 23 % 81 % Troms 19 % 2 % 30 % 83 % Finnmark 27 % 2 % 24 % 79 % Heile landet 30 % 1 % 25 % 77 % * Opplæring som tiltak for andre på tiltak inkluderte berre 122 personar på landsbasis i 2013 (jf. tabell 2). 19 prosent av desse deltok i ordinær utdanning. Datagrunnlaget består av svært få personar i gjennomsnitt per månad per fylke, og er for lite til å seie noko om skilnader mellom fylka. Andre på tiltak er difor utelatne frå tabellen. Oslo skil seg klart ut som det fylket som bruka opplæring som tiltak oftast. Dette gjeld spesielt for arbeidssøkjarar, der 56 prosent fekk opplæring, men òg for personar med nedsett arbeidsevne, der 37 prosent fekk opplæring. Nav i Oslo nytta i større grad enn andre fylke AMO-kurs, og hadde den lågaste prosentdelen av deltakarane sine på opplæringstiltak i ordinær utdanning. Under ein halv prosent av arbeidssøkjarane på opplæringstiltak og 62 prosent av tiltaksdeltakarane med nedsett arbeidsevne på opplæringstiltak i Oslo, fekk utdanning. I den motsette enden finn vi Sogn og Fjordane. Sju prosent av arbeidssøkjarane på tiltak her fekk opplæring i Sogn og Fjordane skil seg òg ut ved at dei hadde den høgaste prosentdelen arbeidssøkjarar på opplæringstiltak 14 prosent i ordinær utdanning. Det var likevel 26 prosent av dei med nedsett arbeidsevne på tiltak i Sogn og Fjordane som fekk opplæring. Andre fylke som relativt sett bruka opplæring ofte, var Telemark og Hedmark, medan Nord-Trøndelag, Aust-Agder, Oppland og Møre og Romsdal er fylke som relativt sjeldan bruka opplæring som tiltak, spesielt for arbeidssøkjarar. Utdanning som opplæringstiltak for dei med nedsett arbeidsevne var mest vanleg i Aust- Agder. Her fekk 93 prosent av dei med nedsett arbeidsevne ordinær utdanning. 92 prosent fekk det i Nord-Trøndelag, og 91 prosent fekk det i Østfold.

11 VOX-SPEGELEN 2014 OPPLÆRING GJENNOM NAV 11 kap 10 Figurliste Figur 1 Tiltaksdeltakarar, fordelte på status i Nav. Månadsgjennomsnitt Prosent. N= Figur 2 Arbeidssøkjarar på tiltak, fordelte på tiltakstype og år. Månadsgjennomsnitt Prosent. 5 Figur 3 Personar med nedsett arbeidsevne, på tiltak, fordelte på tiltakstype og år. Månadsgjennomsnitt Prosent. 5 Figur 4 Deltakarar på opplæringstiltak, fordelte på kjønn, status i Nav og år. Månadsgjennomsnitt Prosent. 8 Tabelliste Tabell 1 Tiltaksdeltakarar, fordelte på tiltakstype og år. Månadsgjennomsnitt Tal og prosent. 3 Tabell 2 Deltakarar på opplæringstiltak, fordelte på type opplæringstiltak og status i Nav. Månadsgjennomsnitt Prosent. 6 Tabell 3 Tiltaksdeltakarar, fordelte på alder, tiltakstype og status i Nav. Månadsgjennomsnitt Prosent. 7 Tabell 4 Tiltaksdeltakarar, fordelte på kjønn, tiltakstype og status i Nav. Månadsgjennomsnitt Prosent. 7 Tabell 5 Tiltaksdeltakarar, fordelte på høgaste påbegynte utdanning, tiltakstype og status i Nav. Månadsgjennomsnitt Prosent. 9 Tabell 6 Del av arbeidsretta tiltak som er opplæring og del av opplæringstiltak som er utdanning, fordelte på fylke og status i Nav*. Månadsgjennomsnitt Prosent. 10 Referansar Nav. (2014). Tiltaksdeltakarar. Henta frå Arbeidssokere+og+stillinger+-+statistikk/Tiltaksdeltakarar