STUDIEPROGRAM 2010-11. DRØFTINGSSAK



Like dokumenter
VEDTAK OM STUDIEPROGAM REGULERING AV OPPTAKSKAPASITET.

Rådgjevarkonferansen 2009

NY LÆRARUTDANNING. PROFILERING AV FAGPORTEFØLGJE, SAMARBEID OG AKTIVITETSKRAV.

ORIENTERING OM MELLOMBELSE TILSETTINGAR VED HSF

Sakshandsamar Dykkar dato Dykkar referanse Rasmus Stokke, tlf

HOVUDVAL I BUDSJETT 2012

Søknad om vidareføring av prosjektet. Utdanningsrøyret - Teknisk utdanningssenter i Sunnhordland

Referat frå møte i Internasjonalt forum

FoU ved HVO faglege satsingsområde. Personleg kompetansebygging, regional forankring og nasjonal akkreditering

Vurdering av allianse og alternativ

FORDELING AV STIPENDIATSTILLINGAR 2012

Møtebok for Høgskulestyret

FORSKRIFT OM GRADAR Fastsett av styret ved KHiB den med heimel i Uhl

Universitetet i Stavanger Styret

"Næringsretta IT-utdanning med sterk brukarinvolvering" Fase 1: Mobiliseringsprosjekt i regi av IT-forum Sogn og Fjordane Januar juni 2015

Innspel til strategisk plan Oppsummering frå personalseminar i Balestrand 15. og 16. januar 2009

Opplæring i kinesisk språk (mandarin) i den vidaregåande skulen i Hordaland

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

SENTRALISERING AV FAGSKOLANE I HORDALAND TIL TO FAGSKULAR

STUDIEPLANMAL 2011 med brukarrettleiing

«Høgskulen si rolle som utviklingsaktør i regionen» Sogn regionråd Åse Løkeland Rektor HiSF

DATO: SAKSHANDSAMAR: Hilde Christiansen/Bjørn Ivar Bø Tiltak for å auke utdanningskapasiteten for sjukepleiarar i regionen

MASTERGRAD I SAMHANDLING INNAN HELSE- OG SOSIALTENESTER- SØKNAD OM AKKREDITERING

Strategisk plan for Høgskolen i Telemark

Styremøte i Helse Finnmark HF Dato. 1. desember Møtedato: 8. desember Saksbehandlar: HMS-rådgjevar Andreas Ertesvåg.

Årsmelding Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk

REVISJON AV FORSKRIFT OM OPPTAK, STUDIUM OG EKSAMEN VED HØGSKULEN I SOGN OG FJORDANE. FRAMLEGG TIL STYRET.

Eva Marie Halvorsen har meldt forfall. Åse Løkeland (1. vara) og Rasmus Stokke (2. vara) er kalla inn, men har ikkje høve til å møte

Basiskriteria for vurdering av realkompetanse

Utdanningsdirektoratet

Ny utdanning i Norge! ARBORIST. Fagskulane i Hordaland. avdeling Hjeltnes

Saksframlegg. Sakshandsamar: Bente Bakke Arkiv: 400 Arkivsaksnr.: 10/ Retningslinjer for uønska deltid. * Tilråding:

OU-utvalgets rapport Styremøte HSF 24.juni 2010

SAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: Gunnar Steine Arkiv: 024 G00 &01 Arkivsaksnr.: 11/ Rammeavtale for samhandling mellom kommunane og Helse Førde

Kristin Maurstad for Anneli Nesteng. Inger Grøgard Stensaker og Anneli Nesteng. Rektor Rasmus Stokke og personaldirektør Wenche Fjørtoft (referent)

Kompetanseutvikling /2010 (budsjettåret vgo)

Dato: kl. 9:00 11:45 Rom H-2020 Keiserinna, Høgskulebygget i Sogndal Arkivsak: 15/01012

HOVUDVAL I BUDSJETT 2011

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Arne Abrahamsen Arkiv: 026 Arkivsaksnr.: 10/881 VURDERING AV INTERKOMMUNALT SAMARBEID OM BARNEVERN

Trond Ueland, Åse Neraas, Inger Auestad, Jan Olav Fretland, Ole Tormod Kleiven, Skage Schei, Kari Kjenndalen, Ingrid Moe Albrigtsen

Førstelektorprosjekt. Anne-Grethe Naustdal

Utfordringar og resultat Nøkkeltal Bruk av midlar Studiepoengproduksjon. Årsrapport 2004

Saksframstilling. Arkivsaksnr: 12/1264 Saksbeh.: Karina Nerland Arkivkode: /12 Sogn regionråd Saksframlegg

MØTEPROTOKOLL STYREMØTE 5/2014 VED HØGSKULEN I VOLDA

MØTEINNKALLING. Utval: BRUKARUTVAL FOR SAMHANDLINGSREFORMA Møtestad: Rådhuset Møtedato: Tid: 10.00

Møtebok for Høgskulestyret - offentleg

Terje Bjelle, Unni Margrethe Uren Aasen, Osvald Lykkebø, Dagrun Kyrkjebø, Eli Nummedal, Morten André Tryti, Bente Sønsthagen

Strategiplan for Apoteka Vest HF

1. Krav til ventetider for avvikla (behandla) pasientar skal i styringsdokumenta for 2015 vere:

Per Øyvind Tveiten - leiar, Mari Skeie Ljones nestleiar Helene M. Bolstad - nestleiar, Jan Heier, Hilde Reitan, Tove Leinslie

Svar til Universitetet i Bergen på intensjonsnotat om framtidig og tettare samarbeid

STRATEGIPLAN HØGSKOLEN I ÅLESUND

Dato: kl. 10:00 16:30 Klasserom Stad, Høgskulebygget 2.etasje Sogndal Arkivsak: 15/01012

Møteprotokoll. Sogn regionråd. Utval: SOGN REGIONRÅD Møtestad: Kiwi-bygget (gamle 1881) 2. etg. Lærdal Møtedato: Tid: kl

TILBUDSSTRUKTUR FOR FAGSKOLANE I HORDALAND - TEKNISK FAGSKOLE 2013/14

Barnehagelærarutdanning med vekt på Kunst, kultur og kreativitet 180 studiepoeng

SAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: Odd Arve Rakstad Arkiv: 026 Arkivsaksnr.: 12/ Kommunesamanslåing Leikanger og Sogndal. Spørsmål om utgreiing

KEV tilbod: - Kurs - kroppsøvingsfaget - Kurs fysisk aktiv skulekvardag - Kurs fysisk aktivitet og måltid - Kurs uteskule

Lønnsundersøkinga for 2014

Møteprotokoll for Høgskulestyret

MØTEINNKALLING. Forfall til møter i kommunale organer skal vere gyldig i hht. Lov om kommuner og fylkeskommuner 40, nr. 1.

Sogn Lokalmedisinske senter. Status organisering prosess etablering

Sakspapir. Saksnr Utvalg Type Dato 24/2015 Kommunestyret PS

OFFENTLEG MØTEPROTOKOLL. Høgskulestyret. Kristin Marie Sørheim Janne Heggvoll. Jacob Kjøde

PÅBYGG TIL GENERELL STUDIEKOMPETANSE - ALTERNATIVE VEGAR

Møtebok for Høgskulestyret

Møtedato: Møtetid: Kl. 13: Forfall meldt frå følgjande medl. Parti Følgjande varamedlem møtte Parti

Referat frå leiarmøte mandag

SAKSDOKUMENT. Utvalsaksnr Utval Møtedato Formannskapet

P.R.O.F.F. Plan for Rekruttering og Oppfølging av Frivillige medarbeidarar i Fjell kyrkjelyd

INTERNETTOPPKOPLING VED DEI VIDAREGÅANDE SKOLANE - FORSLAG I OKTOBERTINGET 2010

Side 2 av 6 SAKLISTE Saker til handsaming på møtet Sak nr. Arkivsak Sakstittel Merknad 001/13 13/91 Faste saker 002/13 09/635 Utbygging ved Samnangerh

Fordeling av tilskot til fagskuleutdanning innan helse- og sosialfag

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Jarle Skartun Arkiv: 613 Arkivsaksnr.: 13/968

INFORMASJONSHEFTE TIL EMNE SOS5-202 PRAKSIS I SOSIALT ARBEID

Nøkkeltal frå NOKUTs verksemd

Tilleggsinnkalling til Formannskapet

Til stade: Unni Uren Aasen, Osvald Lykkebø, Dagrun Kyrkjebø, Mildrid Haugland, Morten André Tryti, Linda Marie Leirpoll, Terje Bjelle

Samordna opptak 2017: Talet på studentar som vel framandspråk aukar for andre året på rad.

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

Fusjonsprogrammet for Høgskulen på Vestlandet. Delprosjekt administrativ organisering delprosjekt i hovedprosjekt Faglig og administrativ organisering

Innhald 1:Innleiing :Vidareutdanning Nasjonal satsing Regionalt samarbeid Regionalt prioriterte

Vidareutdanning ved Det humanistiske fakultet, Universitetet i Bergen

PLAN FOR KOMPETANSEUTVIKLING I GRUNNSKULEN 2012

INSTRUKS FOR ADMINISTRERANDE DIREKTØR I HELSE VEST RHF

Referat frå seminar/møte i fou-utvalet torsdag 5. og fredag 6. november 2009

Fusjonsprogrammet for Høgskulen på Vestlandet. Delprosjekt administrativ organisering delprosjekt i hovedprosjekt Faglig og administrativ organisering

MØTEPROTOKOLL. Høgskulestyret

Dato: kl. 10:00 15:30 Rom Keisarinna, Høgskulebygget i Sogndal Arkivsak: 15/01012

SØKNAD OM TILSKOT, REGIONALT PLANSAMARBEID

Offentleg. Styreleiar Jon Naustdalslid hadde meldt forfall. I hans stad fungerte Heidi Kathrin Osland som møteleiar.

Naturbruk - er du ikke riktig klok? Innlegg pårådgjevarkonferanse, 17. april 2012, ved Tore Henrik Øye, Landbrukstunet Kompetanse

Reglement for opptak og rangering av søkjarar til studium med lokalt opptak ved Høgskulen i Sogn og Fjordane.

Leiarmøte ved HiSF 23. februar 2015

Gründercamp Samarbeid skule næringsliv

Ane Kristiansen Solbraa. Vedtakssaker. Godkjenning av innkalling og sakliste til møte 26.november 2015

MASTERGRAD I LÆRING OG UNDERVISNING - SØKNAD OM AKKREDITERING

Regional samhandling. Statleg leiargruppe Januar 2018

VS 14/7 Godkjenning av innkalling og sakliste VS 14/8 Godkjenning av referat frå førre møte

Transkript:

Saksframlegg Dato Referanse 14.09.2009 2009/405-3970/2009 Sakshandsamar Terje Bjelle, tlf 57 67 61 30 Saksgang: Saksnr. Utval Møtedato VS 09/42 Høgskulestyret 01.10.2009 STUDIEPROGRAM 2010-11. DRØFTINGSSAK Framlegg til vedtak: Med utgangspunkt i føreliggjande saksframlegg med innspel frå avdelingane og drøftingane i styremøtet, ber styret om at rektor førebur ei sak med forslag til studieprogram for studieåret 2010-11. Saksvedlegg: 1. Mastergradsutdanning i idrett ved HSF. Notat dagsett 14.09.09. 2. Rapport om utgreiing av mastergradstilbod innan helse- og sosialfag, dagsett 22.09.09 3. Rapport om studieplanarbeidet for mastergrad i økonomi og administrasjon, dagsett 18.09.09 4. Årleg opptak til masterstudiet i organisasjon og leiing, dagsett 15.09.09 5. Bachelor i fornybar energi. Notat 27.03.09. Saksframstilling I denne saka vert styret invitert til å drøfta høgskulen sitt studieprogram for neste studieår. Det vert lagt opp til at styret gjer endeleg vedtak om studieprogrammet i novembermøtet. Styret drøfta i mai (sak 09/19) planar for nye og reviderte studium framfor neste studieår. I den saka vedtok styret å gi rektor fullmakt til å oppnemna Studieplankomité for masterstudium i økonomi og administrasjon Studieplankomité for bachelorstudium i fornybar energi Studieplankomité for ny valretning i regional utvikling innafor rammene av mastergraden i organisasjon og leiing Ein komité for å greia ut korleis HSF best kan utvikla mastertilbod innan helse- og sosialfag I revidert nasjonalbudsjett 2009 fekk HSF tildelt i alt 105 nye studieplassar. Styret vedtok i juni (sak 09/26) fordeling av desse plassane, slik at dei gjekk med til å auka kapasiteten på eksisterande utdanningar innan lærarutdanning og helse- og sosialfaga. Det er grunn til å rekna med at ressurstildeling til storparten av desse 105 studieplassane vert vidareført, men det vert endeleg avklart i statsbudsjettet for 2010. I det følgjande gjer rektor ei orientering om pågåande planarbeid i høgskulen som vedkjem utforming av studieprogrammet 2010-11.

Avdeling for lærarutdanning og idrett (ALI) Det viktigaste spørsmålet for denne avdelinga og for høgskulen - er kva val som skal gjerast i forhold til den nye grunnskulelærarutdanninga. Høgskulen er utfordra av departementet på nytt i dette spørsmålet, og det vert lagt opp til regional samordning av høgskulane sine tilbod. Departementet har bede om tilbakemelding innan utgangen av oktober. Det store spørsmålet er om HSF bør satsa på å tilby grunnskulelærarutdanning for begge dei to nivå (1. 7. klasse og 5. 10.). Rektor viser til eiga sak om ny lærarutdanning, men vil også her understreka kor viktig det er for HSF å ha eit studieprogram som rekrutterer tilstrekkeleg mange studentar til grunnskulelærarutdanning hausten 2010. Dette har fått ytterlegare fokus etter at KD varsla at det er tal nye grunnskulelærarstudentar og deira produksjon av studiepoeng studieåret 2010 11 som kjem til å danna grunnlag for fastsetting av aktivitetskrav i grunnskulelærarutdanninga for den einskilde høgskulen. Vanlegvis vil nivået på aktivitetskravet ha noko å seia for kva basisløyving høgskulen kan rekna med å ha til å driva utdanninga. Samstundes er det klart at satsing på begge typar grunnskulelærarutdanning vil vera kostbart. Høgskulen hadde inntil i vår ein samarbeidsavtale med Universitetet i Oslo (UiO) om mastergradsutdanning i tilpassa opplæring. UiO sa opp den avtalen i vår, noko som medførde at det ikkje var opptak til studiet i 2009. Etter dette har avdelinga vore i drøftingar med Universitetet i Bergen (UiB) om ein avtale om mastergradstilbod innan fagområdet undervisning. UiB er i utgangspunktet positiv til ein slik avtale og det kan vera aktuelt å foreslå opptak til eit slikt tilbod alt i 2010 med UiB som fagleg ansvarleg. ALI arbeider også med planar for ei mastergradsutdanning i idrett i samarbeid med Norges idrettshøgskole (vedlegg 1). Høgskulen har per i dag ikkje faglege føresetnader for å søkja om etablering av eigen mastergrad på dette fagområdet, så det aktuelle er eit mastergradstilbod i Sogndal med NIH som fagleg ansvarleg. Det kan bli aktuelt å foreslå etablering av eit slikt tilbod alt i 2010. HSF må rekna med å fullfinansiera tilbodet, og det er dermed tale om eit kostbart tiltak. Avdelinga har lansert planar om opptak av Gateway-studentar i haustsemesteret slik ordninga har vore i vårsemesteret dei siste to åra. I tillegg ynskjer avdelinga også eit slikt innpassingsopptak i haustsemesteret. Det vil dermed vera aktuelt med opptak av 48 innpassingsstudentar i vårsemesteret 2010 og 24 i haustsemesteret 2010, og i begge tilfelle med tilbod om eit halvt års studium (30 studiepoeng). Samarbeidet med Gateway College har så langt vore ein suksess, og har vore med å styrka rekrutteringa til høgskulen sine idrettsstudium. Inneverande studieår har HSF fagleg ansvar for kring 300 Gatewaystudentar. Våren 2009 var det 49 Gateway-studentar som kom til Sogndal i vårsemesteret og gjennomførde 30 studiepoeng idrett. 19 av desse søkte seg inn på bachelorutdanning og vidarefører dermed studium hjå oss. Ved ALI pågår det også planarbeid med sikte på ei bachelorutdanning i handverk og design med vekt på entreprenørskap. Det er ikkje aktuelt å etablere ei slik utdanning i 2010. Avdelinga sin plan er at ei eventuell utdanning skal ha ekstern fullfinansiering. Avdeling for helsefag (AHF) I samarbeid med Avdeling for samfunnsfag og idrettsseksjonen ved ALI, er det sett i verk utgreiingsarbeid i tråd med styret sitt vedtak i mai med sikte på etablering av eit mastergradsstudium i helse- og sosialfag. Vedlegg 2 er rapport om utgreiingsarbeidet. Det går fram at det vert arbeidd med eit mastergradstilbod som vil vera relevant for ei brei målgruppe av kandidatar frå høgskulen sine største utdanningar. Den avanserte praktikar er arbeidstittel for utdanningstilbodet, og utdanninga skal vera retta mot klinisk og praktisk arbeid. Den faglege profilen vil ha relevans for dei store utfordringane i velferdsstaten, slik som eldrebølgja, NAV-reforma og samhandlingsreforma. Det er ikkje er aktuelt med oppstart av studiet før tidlegast i 2011.

Avdeling for helsefag har elles spelt inn behov for nye vidareutdanningstilbod, mellom anna i akuttsjukepleie for kommunehelsetenesta, helsepsykologi og ikt for helsepersonell. Også årsstudium for ambulansepersonell har vore lansert. Rektor viser her til styresaka i mai (09/19). Avdeling for økonomi, leiing og reiseliv (AØR) Avdelinga har ikkje lansert forslag som endrar studieprogrammet for 2010-11, men det er fleire initiativ og planarbeid som kan ha konsekvensar på litt lengre sikt. Styret gav i mai rektor fullmakt til å oppnemna studieplankomité for mastergrad i økonomi og administrasjon med fordjuping i finans. Dette arbeidet er i gang og komiteen har levert ei førebels innstilling (vedlegg 3). Det går fram at realistisk oppstarttidspunkt for ei mastergradsutdanning vil vera hausten 2012. Komiteen meiner det i første omgang er behov for at avdelinga får høve til å lysa ut ei professorstilling innan fagområdet. Deretter er det naudsynt å tilpassa studieplanen for høgskulen sine bachelorutdanningar til revidert rammeplan for bachelorstudiet i økonomi og administrasjon, som er venta å liggja føre våren 2010. Komiteen viser elles i innstillinga til at rekrutteringspotensialet til ei masterutdanning vil vera godt, og at studiet kan bli endå meir attraktivt med ei utforming som gir grunnlag for godkjenning som siviløkonom. Avdelinga gjer også framlegg om årleg opptak til mastergradsstudiet i organisasjon og leiing. Dette har ikkje konsekvensar for komande års studieprogram, då det i 2010 uansett er planlagt opptak til dette studiet. Men avdelinga vurderer spesiell satsing på bergensmarknaden ved opptaket 2010 med Bergen som studiestad, og ynskjer styret sine vurderingar i den samanhengen. (Vedlegg 4) I forhold til masterstudiet i organisasjon og leiing gav styret i mai rektor fullmakt til å oppnemna studieplankomité for ei ny valretning i regional styring og utvikling. Arbeidet er i startfasen, og mogeleg oppstart kan vera 2011. Avdelinga har søkt om ressursar tilsvarande ca eitt månadsverk til studieplanarbeidet. I vår lanserte AØR planar for ei bachelorutdanning i engelsk. Dette arbeidet er lagt på is i påvente av ei avklaring av engelskfaget sin plass i den nye grunnskulelærarutdanninga. Årsstudiet i informasjonsbehandling var lyst ut i årets opptak, men grunna svak søking vart studiet ikkje starta opp. Rektor reknar ikkje med at det er aktuelt å foreslå opptak til studiet i 2010. Avdeling for samfunnsfag (ASF) Avdelinga har fått klarsignal for oppstart av deltidsutdanning for vernepleiarar med oppstart i januar 2010. ASF deltek i utgreiing av eit framtidig mastergradstilbod for helse- og sosialfaga slik det går fram av omtale under Avdeling for helsefag. Avdelinga har varsla at det kan bli aktuelt å foreslå opptak til årsstudium i jus frå 2010. Dette er ein type tilbod som andre høgskular har hatt god rekruttering til. Avdelinga har også varsla eit framlegg om innpassingsopptak av Gateway-studentar i sosialt arbeid. Avdeling for ingeniør- og naturfag Mastergradsstudiet i landskapsplanlegging i samarbeid med Sveriges lantbruksuniversitet og Københavns universitet skulle vore starta opp i 2009, men vart utsett grunna behov både for justeringar av studieplanen og for avklaring av ansvarsforhold mellom samarbeidspartane. Studiet er no lyst ut med planlagt oppstart i august 2010.

I mai gjorde styret vedtak om å oppnemna studieplankomité for nytt bachelorstudium i fornybar energi. Vedlegg 5 er notat som avdelinga leverte då. Arbeidet med studieplanen er i godt gjenge på dei premissar som ligg i komiteen sitt mandat. Komiteen har fått svært positive tilbakemeldingar på planane og det er alt no klart at både NHH og NTNU vil godkjenna det planlagde bachelorstudiet som grunnlag for vidare mastergradsstudium. Det blir lagt opp til at studiet i stor grad skal nytta eksisterande undervisningsemne innan naturfag og økonomisk-administrative fag, og at det skal kunna startast opp frå hausten 2010 med tilførsel av nye ressursar tilsvarande 60 studiepoeng. Vurdering Som det går fram av eiga styresak med rapport om studentopptaket, har HSF i 2009 eit studieprogram som har rekruttert godt med studentar. Med 50% auke i tal søkjarar i SO-opptaket og 40% fleire frammøtte studentar til grunnutdanningane enn i 2008, har HSF rekrutteringsmessig hatt det beste året sidan år 2000 når det gjeld grunnutdanningane. Rekrutteringa til vidareutdanningar er noko svakare enn i 2008, men likevel på eit solid nivå. Det er rektor si vurdering at høgskulen må arbeide aktivt med vidareutvikling av studieprogrammet. Noko av auken i søkjartala i år er knytt til særskilde rekrutteringstiltak innan lærarutdanningane, og det vil utan tvil vera ei utfordring å halda fram den positive utviklinga i 2010. Spesielt står høgskulen framfor avgjerande vegval i lærarutdanningane. Utanom den nye grunnskulelærarutdanninga, er det ikkje på veg mange nye eller endra studietilbod når det gjeld grunnutdanningane og dermed det samordna opptaket i 2010. Per i dag ser det ut til å vera bachelorstudium i fornybar energi og årsstudium i jus som kan vera aktuelle å vurdera som nye innslag i studieprgrammet innafor det samordna opptaket. I tillegg kjem ressursar til innpassingsopptak av Gateway-studentar i idrett og sosialt arbeid. Når det gjeld vidareutdanningar, vert det arbeidd med tilbod både innan lærarutdanningane og helsefag. Her vil ressursramma i årsbudsjettet, som vert fastsett for kvar avdeling, vera avgjerande for kor mykje som kan realiserast. Nærare om mastergrader Som det går fram, vert det arbeidd med planar for mastergradsstudium på fleire fagområde. I det følgjande introduserer rektor nokre problemstillingar som grunnlag for ein diskusjon om den vidare mastergradsutviklinga i høgskulen. Høgskulen i Sogn og Fjordane har så langt hatt tyngda av utdanningstilboda på yrkesretta bachelorstudium med relevante vidareutdanningar knytt til desse. Det er lite tvil om at også i åra som kjem vil hovuddelen av høgskulen sine studentar vera på bachelornivå, men behovet for å tilby mastergrad på ein del utdanningsområde er blitt meir aktuelt. Dette har dels med utviklinga ved konkurrerande høgskular, det har med etterspurnaden blant dei utdanningssøkjande og det har med behovet for å byggja ein fagleg robust høgskule som viser igjen i det akademiske landskapet. Målsetjinga med etablering av mastergradstilbod må vera å byggja ein kompetansemessig sterkare høgskule med attraktive studiestader for studentane og ein utfordrande stad å arbeide for tilsette. Med gode mastergradstilbod kan høgskulen appellere til studentar med høge faglege ambisjonar, og dermed framstå meir attraktiv og tydeleg i marknaden. Etablering av mastergrader føreset fagleg toppkompetanse på dei aktuelle fagområda og dermed grunnlag for eit meir aktivt forskingsmiljø med styrka fouproduksjon. Økonomiske vurderingar tilseier at større innslag av mastergrader medfører eit meir kostbart studieprogram. Rett nok gir kvart produsert studiepoeng på masternivå høgre inntekter enn på bachelornivå, men det vil sjeldan vera tale om høge studenttal på masterstudium. Dermed må ein rekna

med at personal- og infrastrukturkostnadane med eit mastergradstilbod i dei fleste tilfelle vil vera høgre enn inntektsauken på grunnlag av studiepoengproduksjon. I vurderinga av mastergradsoppbygging bør høgskulen dermed vera på jakt etter kostnadseffektive tiltak og tilbod. Felleskurs i til dømes vitskapsteori og forskingsmetode bør vera svært aktuelt ved etablering av mastergrader. Samarbeidsprosjekt i form av fellesgrader med andre institusjonar er eit anna tiltak som bør vurderast. Rektor meiner også at framlegg om etablering av mastergrader alltid må vurderast i forhold til eksisterande vidareutdanningstilbod, og slik at desse eventuelt vert integrert i mastergradstilbodet. Høgskulen er i dag akkreditert for å gi mastergradstilbod på to område: Organisasjon og leiing (med valretningar i helse- og sosialleiing og utdanningsleiing) Landskapsplanlegging (fellesgrad saman med eit dansk og eit svensk universitet) I tillegg tilbyr HSF to mastergrader med Universitetet i Oslo som fagleg ansvarleg: Spesialpedagogikk Tilpassa opplæring (avtalen er oppsagt, men det er studentar i løp) Gjennomgangen framafor viser at det for tida vert arbeidd med mastergradsplanar på følgjande område: Organisasjon og leiing (ny valretning og årleg opptak). Også dette vil vera ein grad der HSF står fagleg ansvarleg. Nytt tilbod innan fagområdet undervisning/utdanningsvitskap som vidareføring av tilpassa opplæring. I første omgang med Universitetet i Bergen som fagleg ansvarleg, men med ambisjonar om eige fagleg ansvar på sikt. Kan bli aktuelt med oppstart under UiB i 2010. Master i idrett. I første omgang med Norges idrettshøgskole som fagleg ansvarleg, og med ambisjonar om eige fagleg ansvar på sikt. Kan vera aktuelt for oppstart i 2010 med NIH som ansvarleg. Helse- og sosialfag. Det blir arbeidd med sikte på akkreditering for eigen mastergrad, eventuelt i samarbeid med andre institusjonar. Oppstart tidlegast i 2011. Økonomi og administrasjon med fordjuping i finans. Det vert arbeidd med sikte på akkreditering for eigen mastergrad. Styret må vera budd på ein diskusjon om prioritering av dei ulike framlegga som ser ut til å koma. Så langt ser det ut til at styret kan nytta noko tid på denne diskusjonen og på grunnlaget for prioriteringar. Årsaka til det er at ingen av fagmiljøa på kort sikt er i posisjon til å søkja akkreditering for å etablera mastergrad med eige fagleg ansvar. Dette vil tidlegast bli aktuelt i løpet av 2010. Dei to framlegga som kan koma før den tid, ville begge vera basert på samarbeidsavtalar der andre institusjonar har fagleg ansvar. Slike avtalar vil vera tidsavgrensa og ikkje i same grad binda høgskulen opp med investeringar i eigen kompetanse. Men det er klart at også oppstart av slike samarbeidstilbod kan gi føringar og forventningar om framhald. Rektor meiner at følgjande moment må vega tungt i ein diskusjon om prioritering av mastergrader: Fagleg kompetanse. Fagmiljøet må ha kompetanse som innfrir NOKUT sine krav for akkreditering, eller det må liggja føre realistiske planar for oppbygging av slik kompetanse Rekrutteringsgrunnlag, særleg i form av eigne bachelorkandidatar Arbeidsmarknad for ferdige kandidatar Aktuelle samarbeidspartar (både fagleg og økonomisk) Avslutning Rektor reknar med at spørsmålet om satsing på den nye grunnskulelærarutdanninga vil stå sentralt i drøftinga av neste års studieprogram. Prioritering av denne satsinga opp mot framlegg om nye bachelorutdanningar, vidareutdanningstilbod og mastergradstilbod må avklarast. Rektor ser det som realistisk at det på sikt kan bli aktuelt med omfordeling av ressursar frå vidareutdanningar til ny lærarutdanning og mastergrader.