NASJONAL KUNST- OG KULTURFAGLEG KONFERANSE



Like dokumenter
Saksgang Møtedato Saksnr Kultur- og oppvekstutvalet /12 Bystyret /12

Psykologisk førstehjelp i skulen

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

DU SKULLE BERRE VISST KVA BARNA DINE OPPLEVER PÅ SKULEN

Samansette tekster og Sjanger og stil

Ei kokebok for kulturkontakten og kommunekontakten

TENESTEOMTALE FOR STORD KULTURSKULE. Sist redigert

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

Til deg som bur i fosterheim år

Eleven i ein lærande organisasjon vurderingsarbeid i skulen. Presentasjon av eit dr.gradsarbeid Astrid Øydvin

BARNEHAGEKONFERANSEN 2009 DEN FLEIRKULTURELLE BARNEHAGEN - EIn MøTESTAD FOR MANGFALD STAVANGER MAI

Halvårsrapport raud gruppe haust 2015

Halvtårsrapport haust 2017 GUL gruppe

Fysisk aktivitet, idrett og friluftsliv.

Halvårsrapport grøn gruppe- haust 2015

6. Natur og miljø; - herunder arealbruk/-forvaltning, universell utforming, infrastruktur

Ungdom i klubb. Geir Thomas Espe

BARN SOM PÅRØRANDE NÅR MOR ELLER FAR ER PÅ SJUKEHUS

Trudvang skule og fysisk aktivitet

SFO-nettverket i FOS: Kvalitet i SFO

Kan ein del. Kan mykje Du skriv ei god forteljing som du les opp med innleving.

ÅRSPLAN HORDABØ SKULE 2015/2016


UNG KULTUR MØTES STRATEGIPLAN

Barnerettane i LOKALSAMFUNNET

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014

Psykologisk førstehjelp i skulen

KULTURSKULEPLAN. Forsand kommune. - Kulturskulen for alle!

Frå novelle til teikneserie

Skulebasert kompetanseutvikling med fokus på lesing

Alle barn har rett til å seie meininga si, og meininga deira skal bli tatt på alvor

Teknikk og konsentrasjon viktigast

Overgangsplan barnehage - skule i Stord kommune

«HVEM HAR ANSVARET FOR DEN KUNSTFAGLIGE OPPLÆRINGEN?»

Tilrettelegging av fysisk aktivitet - Hordaland

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

Planprogram Regional kulturplan Dialogkonferansen 2012

Månadsplan for Hare November

mmm...med SMAK på timeplanen

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE

Rapport frå Samhandlingsseminar mellom kommunane i Sunnhordaland og Stord sjukehus, Helse Fonna Dato: 04.des.2014

Når sjøhesten sviktar. KPI-Notat 4/2006. Av Anne-Sofie Egset, rådgjevar KPI, Helse Midt-Norge

Arbeidsgruppa for prosjektet Oppvekstplan for Fyresdal kommune ynskjer innspel til arbeidet.

3 Gjer setningane om til indirekte tale med verba i preteritum. Han fortalde: Ho bur på Cuba. Han fortalde at ho budde på Cuba.

Undervisningsopplegg for filmen VEGAS

Hva skjer når. litteraturen i Den. kulturelle. skolesekken blir. virtuell? Trondheim June M. Breivik Avdelingsdirektør, Kulturtanken

Minnebok. Minnebok NYNORSK

Fra skolesekk til spaserstokk

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg.

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 10. trinn

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA

Lag, organisasjonar og frivilligsentralar si rolle i folkehelsearbeidet. Hjelmeland frivilligsentral

Vil du vera med å byggja ein ny kommune?

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

ÅRSPLAN I NORSK 2. TRINN Tid Kompetansemål Delmål Arbeidsmåte Vurdering

Skal skal ikkje. Det startar gjerne med ein vag idé eller ein draum om å bruka interessene dine og kompetansen din på nye måtar på garden din.

Leseglede saman for betre lesing i alle fag

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

mlmtoo much medicine in Norwegian general practice

BRUKARUNDERSØKING MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR

Den kulturelle skolesekken

Eksamensrettleiing for vurdering av sentralt gitt eksamen. 1 Organisering av sentralt gitt skriftleg eksamen

6. trinn. Veke 24 Navn:

Norsk etnologisk gransking Oslo, februar 2015 Norsk Folkemuseum Postboks 720 Skøyen 0214 Oslo E-post:

Planlegging av partnarskapet Utført av partnarane på ein heil dags work-shop , Bergen Revidert av partnarane


Referat frå møte i Internasjonalt forum

Rapport konferanse og tilhørande studietur til Hamamatsu, Japan

Styremøte i Helse Finnmark HF Dato. 1. desember Møtedato: 8. desember Saksbehandlar: HMS-rådgjevar Andreas Ertesvåg.

Til bruk i utviklingssamtale på 8. trinnet. Samtaleguide om lesing

Den regionale styredagen i. Sogn og Fjordane

Informasjonshefte Tuv barnehage

KOMPETANSE I BARNEHAGEN

Å KOMME HEIM OPPFØLGING AV DEG OG FAMILIEN DIN

NY RAMMEPLAN SOM GRUNNLAG FOR FRAMTIDAS BARNEHAGE. Gjeldande frå 1. august. Astrid Bakken Fagdag nærmiljø og samfunn Gaupne barnehage 9.

Korleis kan du i din jobb utvikle deg til å bli ein tydleg medspelar?

Vi lærer om respekt og likestilling

Team Hareid Trygg Heime

Kultur for alle. Er kultur viktig? - Feil spørsmål

Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

Spørjeundersøking om sentrumsområde

Halvtårsrapport for gul gruppe våren 2017

Læringsleiing. Skulesjefen, Fjell kommune.

Pedagogisk plattform

Kopi til: Arkivnr.: 631. Plan for Den kulturelle skolesekken i Hordaland skuleåret


Årsplan 10. klasse Truls Inge Dahl, Edmund Lande, Rune Eide

Forord. Vår visjon: Alle har rett til eit meiningsfylt liv. Vårt mål: Alle skal ha ei god psykisk helse og kunne meistre eiget liv.

MÅNADSPLAN APRIL FOR BLÅKLOKKE

Forslag frå fylkesrådmannen

TIL DEG SOM ER BRUKARREPRESENTANT I HELSE MØRE OG ROMSDAL SINE OPPLÆRINGSTILTAK FOR PASIENTAR OG PÅRØRANDE

P.R.O.F.F. Plan for Rekruttering og Oppfølging av Frivillige medarbeidarar i Fjell kyrkjelyd

Generell Årsplan Barnehageeininga Samnanger kommune. Saman om ein god start

På tur med barnehagen. Mars 2015-juni 2015 Fokusområde 11

Informasjon til pasientar og pårørande

Telenor Xtra Hødd. Hødd Fotballfritidsordning ønskjer å inkludere ALLE i eit utviklingsorientert og godt miljø. Søknadsfrist

Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.

Transkript:

21-23. november, Bergen NASJONAL KUNST- OG KULTURFAGLEG KONFERANSE BIBLIOTEK FRILUFTSLIV KUNST DESIGN KULTURPOLITIKK IDRETT ARENAER ARKITEKTUR FILM MUSIKK FORSKNING KULTURMINNEVERN UTDANNING MUSEUM FORMIDLING FRITID Den 37. fylkeskulturkonferansen

Om SamSpelkonferansen 2012 Kunstutdanninga og kulturpolitikken står føre store utfordringar, dei humanistiske faga står i fare for å verte marginaliserte og Noreg får kritikk for ikkje å ta kultur på alvor. Men kunst og kultur er ein føresetnad for utvikling av eit levande og mangfaldig samfunn. Difor inviterer me til konferanse for å diskutera formidling og arenaer, og kunstens og kulturens vilkår i utdanning og fritid, i eit lokalt, nasjonalt og internasjonalt perspektiv. På konferansen gir både Kulturskolen, Den Kulturelle Skolesekken, idrettsorganisasjonar og profesjonelle utøvarar smakebitar på ulike kunst- og kulturuttrykk. Nasjonale politikarar, forskarar, ungdommar og andre kapasitetar vil diskutera kunstpolitikk og kulturens rolle og vilkår. Nina Malterud held innlegg om kunst som forskingsmetode, Anne Bamford har tatt temperaturen på tilstanden på kunst i utdanninga og Heidi Kvernevik vil snakka om då Vardø gjekk kunstbananas under Komafestivalen. Frode Grytten tek oss med til Haruki Murakamis forunderlege verd. Vi mjukar opp med samhandlingsreform og lavterskel kvardagstrim med Yngvar Andersen. Øyvind Olsholt spør om filosofiens aukande popularitet er til skade for kritisk tenking, Ivan Sandrea undrast frå økonomen sitt perspektiv, om nordmenn er pengerike men kulturfattige, Per Gunnar Eeg-Tverbakk diskuterer intervenering i offentlige rom og Happy Gorilla Dance Company vil vise oss exit strategiar - om det trengst. Om SamSpel Hordaland 2011-2015 Tverrsektorielt samarbeidsprosjekt om utvikling av estetikk, kunst- og kultur i utdanning, opplæring og forsking i Hordaland. Målsetting: Å styrka kvaliteten i formidlinga og barn og unge si deltaking og oppleving av kunst og kultur både i skulesituasjonen og i fritida, som grunnlag for glede, engasjement og utvikling. Målsettinga føreset samspel mellom dei ulike aktørane innanfor kunst- og kulturfeltet i Hordaland, noko som vil styrke samarbeidet og kan opna for auka ressursar til feltet. Prosjektet er tufta på ein visjon om at Hordaland skal vera ein region der estetikk, kreativitet, kunst og kultur pregar opplæring og utdanning på ulike nivå og i ulike samanhengar. Prosjektet skal etablera samhandlingsarenaer mellom skule og kunst- og kulturfeltet som stimulerer ei slik utvikling. Siktemålet er å utvikla, gjennomføra og samordna dynamiske og nyskapande prosjekt innanfor dette feltet på ein måte som fargar utdanning og opplæring både i Hordaland og utover Hordaland til resten av Vestlandet. Prosjektet er både eit nytt rammeverk for utvikling av prosjektsøknader til nasjonale og internasjonale støtte- og finansieringssystem og eit samarbeidsforum for etablering av slike prosjekt gjennom prioriteringar av eigne ressursar. Bakgrunn Mykje tyder på at vi er i ferd med å få eit skuleverk og utdanningssystem som i større grad enn før marginaliserer kulturelle, kreative og estetiske læreprosessar og læringsstrategiar. Det kulturelle, estetiske, kunstnarlege og kreative ser ikkje lenger ut til å vera ein sjølvsagt del av det allmenne skuleverket for alle barn og unge i same grad som før, og blomstrar i staden på mange arenaer for dei få og utvalde utanfor skulen. Ei slik utvikling kan bety eit linjeskift for opplæring og utdanning her til lands. Kva betyr denne utviklinga for utdanningsregionen Hordaland? Korleis kan ein snu denne utviklinga? Denne observasjonen og desse spørsmåla er utgangspunktet for prosjektet SAMSPEL Hordaland 2011-2015. Prosjektet er initiert som eit tverrsektorielt samarbeid mellom Høgskolen i Bergen, Høgskolen Stord/Haugesund, Hordaland fylkeskommune, Fylkesmannen i Hordaland, Bergen kommune, Universitetet i Bergen og Norsk kulturskoleråd. Denne gruppa av institusjonar på ulike forvaltningsnivå meiner svaret på dei spørsmåla som er stilte ovanfor, må liggja i eit sterkt fokus på danning av samarbeidsarenaer på tvers. Slike arenaer kan stimulera og utløysa gode prosjekt, utvikla gode samarbeidsrelasjonar og gi ny giv for estetikk, kunst- og kultur i utdanning og opplæring på Vestlandet. KUNSTLØFTET Kunstløftet er eit utviklingsprosjekt for perioden 2012 2015. Prosjektet vert finansiert med åtte millionar kroner årleg over Norsk kulturfond. Målet er interessante og relevante kunstprosjekt for barn, ungdommar og unge vaksne (18-26 år) i alle kunstformer. Målgruppa er kunstnarar, kunstformidlarar, kuratorar, produsentar og arrangørar.

PROGRAM ONS- DAG 21. nov TERMINUS HALL terminus bull 09:00 Human registrering 10:00 Drømmebyen Inspirator: Frode Bjorøy 10:15 VELKOMMEN TIL BERgen og perspektiv på samspel Bergen off. bibliotek auditoriet TERMINUS Forskjønnelsen torsdag 22. nov TERMINUS HALL 08:30-09:00 Registrering 09:00-09:15 SAMSPEL GLOBALT Inspirator: Umoja ensemble 09:15-09:35 DAGEN I DAG Inspirator: Ole-Gunnar Søgnen og Kari Birkeland 09:40-10:10 COSY ARTS - KUNST I ANNLEISLANDET Inspirator: Anne Bamford 10:20-10:35 SKOLERIK Inspirator: Kari Mjaaland Heggstad 10:25 MEG og murakami Inspirator: Frode Grytten 10:40-11:10 IDEOLOGI OG SAMFUNN Inspirator: Hilde Magnusson 11:25-12:25 PERSPEKTIV Inspiratorer: Trond Welstad, Magne Espeland, Hilde Magnusson, Stian Instebø, Tellef S. Raabe, Hilde Kristin Brunsvik 11:30 Dypdykk i Inspirator: Nina Malterud Dypdykk ii Inspirator: Årets vinnar av Holbergprisen Malene Bue MEtamorfose; frå bokstav til teikn Inspirator: Anne Mangen BILETVIS Inspirator: Anne-Stefi Teigland Fargeperspektiv i Inspirator: Sissel Saue og Irene Kinunda Fargeperspektiv ii Inspirator: Hilde Marie Pedersen 12:25-12:40 ÅRETS KULTURKOMMUNE HORDALAND Inspiratorer: Anne-Beth Njærheim, Solveig Hess 12:40-13:30 Mat for magen Stad: Brasseriet og Forskjønnelsen / Ambrosia 13:30-14:05 "EXIT STRATEGIES" Inspirator: Happy Gorilla Dance Company 14:10-14:25 REPRODUSERANDE FORNYING Inspirator: Kjellbjørg Lunde 12:45 mat for magen. Stad: Brasseriet og Forskjønnelsen / Ambrosia 13:45 a tribute to datarock Inspirator: Fredrik Sarroea, Datarock - Ruth Nonseid og ungdommar frå Bergen kulturskoles Ungdomskor 14:25 VIsjonskraft Inspirator: Heidi Kvernevik og Kristin Risan Ungt lerret Inspirator: Ungdom og Irmelin Nordahl 14:30-15:10 CULTURE v. s. MONEY Inspirator: Ivan Sandrea 15:25-15:55 TORN I AUGET Inspirator: Øyvind Olsholt 16:15-16:45 FRAMTIDAS PUBLIKUM Inspirator: Harm Christian Tolden 16:40-17:00 DAGENS LEKSE Inspirator: Kari Birkeland og Ronny Skaar 19:30 Middag på Terminus eller der du vil med Bergenske kulturaktiviteter * 15:40 HJERNESPORT I Inspirator: Taro Vestøl Cooper HJERNESPORT II Inspirator: Geir Olve Skeie 16:40 MUSIKK GJER NOKO MED BARN Inspirator: Turid Birkeland Å HALDA BALANSEN Inspirator: Bjørn Arve Lunde, Astrid Elin Lønning, Mette Solemdal, Mirte Bogaert 20:00 Festmiddag. Bergen kulturskoles ungdomsstorband setter tonen fra 19.30 ONSDAG 21. nov Grieghallen Klokkeklang 10:00-10:15 Opning på Hotel Terminus GLOBAL MUSIC COMMUNITY Inspirator: Gisle Johnsen FRÅ SILJUSTØL TIL UGLESTØL Inspirator: Jane Eilertsen og Monica Kristiansen * 16:30 Praktisk økt med Yngve Andersen i TIF Viking sine lokaler med fokus på lavterskel kvardagsaktivitetar. Åpen for alle. Onsdag - idrett og friluftsliv OPPLEVELSESTRØKK I Inspirator: Vera Micaelsen OPPLEVELSESTRØKK II Inspirator: Jan-Kåre Breivik og Catharina Christophersen 10:30 vi flyttar oss nokre hundre meter til Grieghallen, møterom Klokkeklang 10:40 Fylkesdelplan fysisk aktivitet, idrett og friluftsliv 2008 2012 kva er resultata? 10:55 Ny idrettsmelding: Den norske idrettsmodellen 11:25 Folkehelse ei lov og reform utan samhandling? 12:45 LUNSj 13:35 Uro med Guro og Yoga med Jens 13:40 Anlegg/arena: Kven byggjer vi anlegg/arena for og kven skal få bruke dei? 14:25 Frivillig og verdifull! 15:00 PAUSE 15:10 Kampen om areala, tida og lysten i 2030 15:30 Berre gjer da! 16:00 kifte til treningstøy og gåtur til TIF VIKING 17:00 Praktisk økt med Yngve Andersen 18:00 TIf viking fortel om si utvikling FREDAG 23. nov TERMINUS HALL 08:00-09:00 Registrering og kaffe/te for nye deltakarar 09:00-09:05 ESC ungdomskompani 09:05-09:15 ENTREPRENØR OG AKTØR Inspirator: Inger Anne Westby 09:25-09:45 SAMTIDIG MED TIDEN Inspirator: Anders Beyer 09:50-10:15 SYNLEGGJER DET USYNLEGE!! Inspirator: Siri Slettvåg, Hildegunn Bjørgen 10:15-10:40 Forflytning > Vilvite permanenten/ KUNSTLAB 10:40-12:10 HJERNE MED OG UTAN MUSIKK Inspirator: Formidlarar frå VilVite og Dr. Simon Gilbertson FORBLØFFA OG FORSTYRRA Inspirator: Elin Flannum, Britt Åslaug Birkeland 11:45 FORBLØFFA OG FORSTYRRA II Inspirator: Line Daatland 12:10 Retur Terminus 12:30-12:55 MATERIALETS POTENSIAL Inspirator: Ane S. Dahl 13:00-13:25 INTERVENERINGENS KUNST Inspirator: Per Gunnar Eeg-Tverbakk 13:35-14:05 UNDRING I ENDRING Inspirator: Veronica Thorseth 14:15-14:45 NÅR KUNSTNAREN GÅR Inspirator: Eddie Andresen 14:45-15:00 OPPSUMMERING OG VEL HEIM! WRAP arts centre FØRSTEHJELP Inspirator: Leo Preston, Veronica Thorseth FYSAKHALLEN FRI FLYT Inspirator: Eirik Olsen, Gareth Whittaker Sekretariat: Hordaland fylkeskommune kulturavd. v/ Dagny Ygre Herland (tlf. +47 552 39 190) Dagny.Ygre.Herland@hfk.no Sekretariat: Irene Fredheim Kronen (tlf. +47 552 39 188) irene.fredheim.kronen@hfk.no Program/koordinator: Kristin Geiring Kurator/koordinator: Karin Sunderø 20:00 Festmiddag. Bergen kulturskoles ungdomsstorband setter tonen fra 19.30

Drømmebyen Inspirator: Den Nasjonale Scene, Drømmebyen ved skodespelar Frode Bjorøy Kort om: Kven er Bergen? Brunkremsbitch eller misfit? Emokid, gangsterkid, eller berre ein heilt vanleg fløtepus? Bli med på ein roadtrip inn i hovudet til ungdomar for å sjå kva som rører seg i bakgater og smug. ONSDAG Drømmebyen er basert på tekstbidrag frå 100 ungdommar i Bergen og omegn og utvikla i samarbeid med ensemblet. VELKOMMEN TIL BERGEN OG PERSPEKTIV PÅ SAMSPEL Inspirator:Anna-Elisa Tryti, Anne Beth Njærheim ogtor Woldseth Fylkeskultursjef Anna-Elisa Tryti tek imot politisk leiing frå Bergen kommune og Hordaland fylkeskommune: varaordførar i Bergen Tor Woldseth og fylkespolitikar i Hordaland, leiar for kultur- og ressursutvalet, Anne- Beth Njærheim MEG OG MURAKAMI Inspirator: Frode Grytten, forfattar og journalist Kort om: Kva er det med Haruki Murakami? Den japanske forfattaren er blitt eit internasjonalt fenomen. Utruleg populær, sjølv om hans bøker er merkelege, samansette og sjangerforvirrande. Frode Grytten gir deg eit lite glimt inn i forfattarskapet og Murakami sin verd. Litterær performance. Program onsdag METAMORFOSE; frå bokstav til teikn Inspirator: Anne Mangen, leseforskar og for tida postdoktor ved Avdeling for Arkiv-, Bibliotek- og Informasjonsfag, Høgskolen i Oslo og Akershus Kort om: Bokstavar bur på papir, teikn lever på skjerm. Opplever me teksten ulikt når han flyttar seg frå papir til digitalt tilvære? I dette foredraget vil Mangen snakke om kva som er så spesielt, og viktig med å lesa litteratur, og korleis og kvifor det ikke nødvendigvis er det samme om vi les ein litterær tekst i trykt bok eller på ein ipad. Mangen har sett på korleis digital teknologi kan skapa og formidla den same kjensla av innleving som kjenneteiknar lesing av fortellingar, som i langt mindre grad er skapt og understøtta av teknologiske reidskapar og plattformar, men snarere krever mediegjennomsiktighet : Vi ønskjer ikkje å legga merke til boka, bokstavane etc. når vi les ei spenande fortelling. 7

ONSDAG BILETVIS Inspirator: Anne-Stefi Teigland, litteraturformidler for barn og unge ved Bergen off. Bibliotek Kort om: Biletboka og den grafiske romanen er på veg frå barnerom til ungdomsskule. Anne-Stefi Teigland er litteraturvitar med barne- og ungdomslitteratur som spesialfelt. Ho har arbeidd som kritikar, forelesar, formidlar og forlagsredaktør, skreve fleire artiklar på fagområdet og har ni års erfaring som medlem/leiar av KKD-juryen. Ho arbeider for tida som litteraturformidlar ved Bergen Offentlige Bibliotek. FARGEPERSPEKTIV I Inspirator: Sissel Saue og Irene Kinunda Kort om: Kunst som inkludering. Presentasjon av metoden til det fleirkulturelle, kunstnariske prosjektet Fargespill, der 60-70 born og unge frå over 25 forskjellige land medverkar på scenen. Fargespill er ei overtyding om at menneske kan møtes som likeverdege, sjølv om me kjem frå svært forskjellige kulturar. Fargespill er noko så sjeldan som ein varm, varm velkomst Fargespill er et multikulturelt kunstprosjekt der barn og ungdom fra hele verden, inkludert Norge, medvirker. De fleste av barna og ungdommene er kommet til Norge som flyktninger og asylsøkere. Det er disse unge, lovende aktørene som er grunnstammen i Fargespill. I tillegg til at det konsekvent brukes norsk internt i Fargespill for å bidra til bedre norskforståelse, har norsk folkemusikk og norske folketoner en sentral rolle i forestillingene. Materialet vi bruker har universelle kvaliteter og alle land og kulturer har varianter av det. Vuggesanger, en sang om dyrene, en telle-regle, en klappelek er allment, og veldig ofte er en norsk folketone gjenkjennbar for barna uansett hvor de kommer fra. Den norske folkemusikken trigger gjerne noe kjent, en følelse, et minne, en sang de har glemt midt oppi alt det fremmede og vanskelige. Forestillingene bygges opp av sanger og danser fargespillerne har med seg fra sine respektive land. Disse musikalske perlene blandes med våre egne norske musikktradisjoner og urban ungdomskultur. Videre er det viktig å ta utgangspunkt i lek eller noe annet som alle deler, f.eks. hiphop, breakdance og beatboxing, som også er universelt på et vis. Ungdomskulturen er global og verden er blitt så liten; man beatboxer alle steder, fra Valdres til jungelen i Mali. Men alt står innenfor en ramme som ellers er konsentrert om folkemusikk. DYPDYKK I Inspirator: Nina Malterud, Kunst og designhøgskolen i Bergen, Program for kunstnarisk utviklingsarbeid Nina Malterud, kunstnar, tidlegare professor i keramikk ved Kunst- og designhøgskolen i Bergen, snakkar om korleis kunst kan flytte grensene for fagleg erkjenning, bidra med andre inngangar til ny innsikt og utvide rammene for utviklingsarbeid og forskning. Ho har brei erfaring frå kunstnarisk utviklingsarbeid, kunst som forskingsmetode og KHiB og det nasjonale Stipendiatprogrammet for kunstnerisk utviklingsarbeid. DYPDYKK II Inspirator: Malene Bue, Barbara Wendelbo Årets vinnar av Holbergprisen i skulen, Malene Bue frå Vennesla vidaregåande skule, skrev forskningsrapporten «Min familie under den industrielle revolusjon». Brev er kilder for forskningsrapporten. Barbara Wendelbo informerer om Holbergprsien og korleis humanistiske fag vert formidla inn i skulen, og åpner for at forskerane kan koma inn i skulane. Ho gjer og dømer på strålande forskingsarbeid gjort av ungdom. Holbergprisen i skulen, ein nasjonal forskingskonkurranse blant elevar i vidaregåande skule. Holbergprisen i skulen er oppretta for å sette søkelys på forsking innan samfunnsfag, humaniora, juss og teologi A TRIBUTE TO DATAROCK Inspirator: Fredrik Sarroea, Datarock - Ruth Nonseid og ungdommar frå Bergen kulturskoles Ungdomskor. Kort om: Fredrik Sarroea og Ruth Nonseid gir ein presentasjon av korleis musikk frå gruppa Datarock ga inspirasjon til A cappella kor. Med lytting, improvisasjon og leik utviklar arrangementa seg i samarbeid med sangarane i ungdomskoret. Datarock har gjort meir enn 800 konsertar i 33 land over fire kontinent. I Amerika har dei turnert 17 gonger, spela på over 100 klubbar og festivalar. Datarock har stadig konsertar på festivalar og arrangement for barn og unge og tracksa deira har vore nytta av fleire Nord Amerikanske selskap for produkt og reklame. Discografi: Demo/Greatest Hits (2002) Computer Camp Love (2003) Datarock Datarock (2005) See What I Care (2007) Red (2009) Catcher In the Rye (2010) California (2011) ONSDAG FARGEPERSPEKTIV II Inspirator: Hilde Marie Pedersen, formidlingsleiar ved Bergen kunsthall Kort om: Kunsten å formidle kunst. Bergen kunsthall satsar offensivt og aukar stadig publikumstalet, men korleis møtest samtidskunsten, barn og unge? Kunstpedagogikk som en viktig føresetnad for god formidling og et godt grunnlag for nærhet til kunst som størrelse i livet. Bergen kulturskoles ungdomskor, BKU, er eit kor for ungdommar i alderen 13-22 år. Koret er del av Rytmisk Talentprogram ved Bergen kulturskole. Ungdommane vert tatt opp ved prøvesang. Dei som går her, har genuin interesse for ensemblesang. Koret har dei siste åra markert seg i ulike samarbeid med profesjonelle aktørar: BIT 20 Askepott september 2009, Fabellandet Ung Symfoni høst 2011, festspilloppsettingen R arier for en kjole vår 2011, NOPA jubileum med FMK hausten 2012. Ensemblet vart særs inspirert på samarbeidskonsertar med Datarock: Bajazz og Landmark i 2011, Kvarteret i 2010. Våren 2012 fekk BKU stønad frå 8 Norsk kulturråd til et samarbeid med vokalist Fredrik 9 Sarroea for å utvikle Datarocks musikk til a cappellaarrangement for kor.

ONSDAG VISJONSKRAFT Inspirator: Prosjektleiar for Barentsevent, Heidi Kvernevik og Kristin Risan, leiar av Nordnorsk kunstsenter Kort om: Komafestivalen i Vardø; Når eit samfunn går fullstendig kunstbananas. Internasjonalisering, integrering, involvering og langsiktige perspektiv for kunst og samfunn. Lengst nord i Norge ligg kystbyen Vardø. Dei siste 20 åra har byen hatt massiv fråflytting, folketalet er redusert frå 4000 til 2000. I løpet av sommarmånadene 2012 var ei gruppe internasjonalt anerkjente kunstnarar på besøk i byen for å lage veggmalerier i eit håp om å pusta litt liv i dei forlatte bygningane. Ideen til arrangementet kom frå street art-kunstnaren Pøbel, som òg er kurator for festivalen Komafest. HJERNESPORT II Inspirator: Geir Olve Skeie, overlege ved nevrologisk avdeling HUS, professor ved Institutt for musikk, GAM- UT, Griegakademiet, 1.amanuensis i logopedi, Instituutt for biologisk og medisinsk psykologi, UIB (og litt pianist) Kort om: Hjernen som slagmark eller leikeplass for kunsten? Skaper kunstpåverknad ein kreativ hjerne, eller er det den kreative hjernen som skaper kunsten? Kan kunst gje oss hjernemusklar, eller er kunst berre eit resultat av ei «feilkopling» i systemet hos galne geni? ONSDAG UNGT LERRET Inspirator: Ungdom og Irmelin Nordahl, dagleg leiar Vestnorsk filmsenter Møt de unge stemmene - hør deres historie. Levande bilete, levande historier. Dokumentarfilm som sjanger er ukjent for dei fleste born, men engasjerer når dei finn ut korleis dei kan fortelle historier med bilete og lyd. I eksempla får vi sjå ungdom i møte med sitt eige liv. Dette er filmprosjekt med og for ungdom. OPPLEVELSESTRØKK I I mars 2013 kjem forskningsrapporten til Uni Rokkansenteret om Den kulturelle skolesekken (DKS). Kva finn dei og korleis skal DKS - systemet forhalde seg til det? Korleis kan vi utvikle DKS til ein enda bedre ordning? Korleis kan vi ta i mot kritiske røster og innspel på best mogleg vis? Kva er urørleg i DKS og kva kan vi faktisk gjera noke med? Semaforfilm ved Gunnbjørg Hage og Linda Hellevik produserer dokumentarfilm for og med born og unge. Fire år med turne i DKS Hordaland. Bakgrunn: Dokumentarfilm fra Volda, sosialantropologi, UIB. Kulturformidling: Vår erfaring med DKS. Dette og andre spørsmål vil den nye faglege leiaren i Den kulturelle skolesekken, Vera Micaelsen, drøfte og diskutere. Tilstades på UNGT LERRET vil du få møte: Christ Mena (9 år), einsleg mindreårig flyktning frå Burma fortel om sitt nye liv i Norge, med filmklipp frå Aleinebarna Thomas (15 år) lar oss få kikka inn i konfirmasjonstida, med filmklipp frå Fjortis og spirituell Ali (15 år) fortel om buekorpsdraumen sin, med filmklipp fra Drømmer Magne Sleire, Corax film. Har produsert over 25 dokumentarfilmar med fokus på menneske og natur. Maren (22) deler si historie om to års erfaring med gateborn i Bucuresti, med filmklipp fra Gatejenta Regissør Yvonne Thomassen introduserer kortdokumentaren. Emma (7 år) uttrykker kva kjærleik er, med filmklipp fra Lille store hjertet OPPLEVELSESTRØKK II Inspirator: forskar/professor Jan-Kåre Breivik, Uni- Rokkansenteret/HiB og førsteamanuensis Catharina Christophersen,HiB, Senter for kunstfag, kultur og kommunikasjon. Eit gløtt inn i ei forskingsrapport før ho kjem mars 2013: På oppdrag frå Kulturdepartementet har Uni- Rokkansenteret og HiB gjennomført et treårig tverrfaglig forskingsprosjekt om Den kulturelle skolesekken. Forskerne vil gi et lite innblikk, løfte fram og diskutere spørsmål som gjelder kunst- og kulturformidling for barn i skjeringspunktet mellom utdannings- og kultursektor. HJERNESPORT I Inspirator: Taro Vestøl Cooper, tidlegare norgesmeister og skandinavisk meister i kamppoesi og skodespelar Kort om: Ta meg på ordet! Kva får du om du kombinerer ein aktiv hjerne med ei tunge i storform og eit hjarte som bankar for ord? Svaret er poesislam, ei miks av opplesing, rapping, teater og konsert. 10 11

ONSDAG GLOBAL MUSIC COMMUNITY Inspirator: Gisle Johnsen Vi er no meir enn 7 milliardar mennesker på kloden vår. Trass kulturelle skilnader har vi eitt felles språk: MUSIKK Etter kvert som den nettbaserte læringsressursen Music Delta vert tatt i bruk av skuler i fleire land, vert lærarar og elevar oppfordra til å sjå ut over klasserommet og nytte det delings- og kommunikasjonspotensialet som Music Delta har. Internett er Music Deltas verden og alle elevar, uavhengig av nasjonalitet, har tilgang til produksjonsverktøy og ein felles database med musikklipp. Music Delta gjer at alle elever kan produsere musikk og dele den med andre. Kunne du tenke deg å la dine elevar produsere musikk, dele og kommunisere med elevar frå eit eller fleire av desse landa: USA, Canada, UK, Danmark, Tyskland, Østerrike, Sveits, Sør Afrika, Namibia, Zambia, Brasil, ElSistema i Venezuela, Sør Korea, Israel, Palestina, Australia, New Zealand, Singapore og Hong Kong? Dette er mogleg gjennom Global Music Community! MUSIKK GJER NOKO MED BARN Inspirator: Rikskonsertane v/ direktør Turid Birkeland På sitt beste gjer kunstopplevinga ein skilnad. Om Rikskonsertene sitt nye oppdrag og tydinga av å sikre kvalitet. Om barn og unge som vårt viktigaste publikum. Å HALDA BALANSEN Inspirator: Bjørn Arve Lunde, byggingsvernkonsulent - Astrid Elin Lønning, undervisningsleiar - Mette Solemdahl, museumspedagog - Mirte Bogart, dansar frå Sunnhordland museum Dokumentasjon av eit galehus, i grenselandet mellom pedagogikk og kunst. Dansar og to skodespelarar visualiserar livet på sjukehuset, psykisk sjukdom hos ei ung jente og andre pasientskjebnar. Ein av dei er Olav H. Hauge. ONSDAG FRÅ SILJUSTØL TIL UGLESTØL Inspirator: Jane Eilertsen, dagleg leiar og Monica Kristiansen, pedagogisk leiar, Akrobaten barnehage Kulturhistorisk dokumentasjonsprosjekt av Valen sjukehus. Samarbeid mellom Fylkesarkivet, Sunnhordland museum, Helse Fonna og Valenstiftinga. Framsyninga er retta mot ungdom. Kort om: Kunst med og av barnehagebarn, kva det gjer og korleis dagen vert med og utan. Akrobaten barnehage har deltatt i prosjektet Den kulturelle bæremeisen i Bergen. Kunstformidling for barn I barnehage. Praktiske eksempler fra vårt arbeid med kunst og kultur i Akrobaten Barnehage. Eksemplene er hentet fra vårt prosjekt Fra Siljustøl til Uglestøl - som vi vant den Nasjonale Barnehageprisen for i 2011. VI BERRE GJER DA! Inspirator: Yngvar Andersen 17.00-17.45 Fokus på lavterskel kvardagsaktivitetar. - Korleis motivere dei inaktive til ein aktiv kvar dag? med Yngvar Andersen 18.00-18.45 TIF Viking fortel om si utvikling dei 15 siste åra med fokus på folkehelserelaterte tiltak, forholdet mellom profisjonalisering og auka frivilligheit, og nye aktivitetar i tradisjonsrikt hus. Omvisning. 12 13

SAMSPEL GLOBALT Inspirator: Umoja ensemble Kultur på tvers med Umoja ensemble Norway deltakarar frå Hordaland 2012 direkte heim frå Maputo. Utvalde kulturinstitusjonar og talentfulle, unge artistar frå åtte land arbeider saman om eit internasjonalt musikkprogram for freds- og samfunnsutvikling. Norsk kulturskoleråd, fylkeslaget i Hordaland og Bergen kulturskole er blant samarbeidspartane. TORSDAG DAGEN I DAG Inspirator: rektor på Høgskolen i Bergen, Ole-Gunnar Søgnen og moderator Kari Birkeland Rektor på Høgskolen i Bergen, Ole-Gunnar Søgnen ønsker velkommen og presenterer visjonen og bakgrunnen for SamSpel-konferansen. Moderator Kari Birkeland presenterer ungdomsdebattantar frå ulike student- og elevorganisasjonar, innleiarar og leier publikum gjennom friske innspel og diskusjonar. COSY ARTS - KUNST I ANNLEISLANDET Inspirator: Anne Bamford, leiar av Engine room, australsk lærar, kunstnar og forskar. Professor ved University of Arts i London Professor Anne Bamford står bak The WOW-factor, ein UNESCO-rapport og bok som kartlegg kor vikteg kunst og kultur er for læringseffekten i skulen. På oppdrag for Nasjonalt senter for kunst og kultur i opplæringa i Noreg, la ho i april 2012 fram rapporten Arts and Cultural education in Norway, kor ho kritiserer kulturlandet Norge for manglande talentutvikling og lite konsistent kunstsatsing. Program - Norge har eit rykte på seg internasjonalt for å satsa sterkt på kunst og kultur for born, men iblant lurer eg på om de har for mykje olje i dette landet til at de tar kreativitet og talentutvikling på alvor, uttaler Anne Bamford. Internasjonale juridiske rammer vektlegg betydninga av kunst og kultur i utviklinga av barn og unge, men i praksis får barn ofte ikke det tilbodet dei bør ha. Korleis påverkar mangelfull opplæring i kunst og kultur eit barn? I foredraget formidlar Bamford den viktigaste verdien av kunst- og kulturtilbod til barn, på bakgrunn av hennar ferske undersøking. TORSDAG 15

SKOLERIK Inspirator: Kari Mjaaland Heggstad, førsteamanuensis HiB TORSDAG DICE eit europisk forskingsprosjekt med resultat som stør drama i skulen - kva så? Får dette konsekvensar? Kva skal til for at den norske skulepolitikken tar inn over seg at læring og danning skjer gjennom eit mangfald av prosessar - og at eit fag som drama kan bidra med viktige aktive læreprosessar i eit stadig meir multikulturelt samfunn i sterk endring. Kari Mjaaland Heggstad, førsteamanuensis HiB var leiar av den norske delen av DICE-forskinga (2008-2010). EXIT STRATEGIES Inspirator: Happy Gorilla Dance Company Finansdansen er gyngande schizofren og rytmene asymmetriske, frå ekstatisk eufori til bunnlaus desperasjon. Tilhengarane av ideen Plutonomien peikar på dei rike og satsar på at produksjonen av luksusvarer skal halde hjula i gang, sjølv om det knirkar hørbart i maskineriet. Det trengs åpenbart smurning. Happy Gorilla Dance Company tar business på alvor og startar fra boten - ein stad må ein jo starta. TORSDAG IDEOLOGI OG SAMFUNN Inspirator: Hilde Magnusson, stortingsrepresentant for AP og medlem i Kommunal- og forvaltningskomiteen Stortingsrepresentant Hilde Magnusson (AP) har som medlem av den raudgrøne regjeringa vore med og innført Kulturløftet. Satsinga er i perioden 2005 2009 gjennomført i samsvar med Soria Moria-erklæringa, og målet om at kulturbudsjettet skal utgjera ein prosent av statsbudsjettet er snart nådd. Siste forslag til kultursatsing er innføring av ein kulturskuletime i skole / SFO. Kva har Kulturløftet hatt å seie for norsk kulturliv fram til nå? Har satsinga innfridd forventningane, og kva kulturpolitiske satsingsfelt ser ein framover? PERSPEKTIV Inspiratorer: Trond Welstad, Magne Espeland, Hilde Magnusson, Stian Instebø, Tellef S. Raabe, Hilde Kristin Brunsvik Happy Gorilla Power Nap Shop er eit sjølvstendeg forretningskonsept som sel søvn og søvnoppleveingar til alle som har bruk for kjapp innsoving midt på dagen. Forretningsideen er tufta på grundeg dokumentasjon kring viktigheita av effektiv avslapping frå stresset som pregar kvardagen - 15 minutt på puta kan gjere underverk! Kom og kjøp! I samanheng med sin Power Nap Shop held Happy Gorilla Dance Company eit performativt foredrag basert på andre del av forestillinga exit strategies. Happy Gorilla Dance Company er eit tverrkunstnerisk live-art-prosjekt med mellom andre Jørgen Knudsen, kjend som ein av kreftene bak legendariske Baktruppen. Då er det kanskje ikke så overraskande at denne gjengen lagar scenekunst med tydeleg samfunnskommentar, stor underhaldningsverdi og ei mengd pussige påfunn. «Exit Strategies» er ei sosial gransking kor HGDC undersøker korleis samfunnet fungerer og reagerer i ein gitt situasjon, f.eks. en resesjon. Trond Welstad, juridisk fakultet UiO, innleier om skolen som prosjekt i dag - rettslege betrakningar. Kor er skolen på veg som følgje av politisk og praktisk press i retning av mål og resultatstyring, versus skolens lovfesta verdigrunnlag, slik det kjem til uttrykk i opplæringslovas formålsbestemmelse og vidare utdjupa i læreplanverket? Debatt med Trond Welstad, juridisk fakultet UiO - Magne Espeland, Høgskolen Stord-Haugesund - Hilde Magnusson, stortingsrepresentant for AP - Stian Instebø, netsleiar Bergen kulturskoles elevråd - Tellef Solbakk Raabe, leiar for kulturkomiteen i Studentersamfunnet i Bergen - Hilde Kristin Brunsvik, varamedlem Ungdommens fylkesting. REPRODUSERANDE FORNYING Inspirator: Kjellbjørg Lunde, utdanningsdirektør Fylkesmannen i Hordaland Mål og meining eller meiningslaus kunnskap. Kjellbjørg Lunde, utdanningsdirektør hos Fylkesmannen i Hordaland, reflekterer over perspektiv som er kome fram under dagens første økt og gir oss ide-følgje til resten av dagen. Panelet diskuterer innlegga, strategi for SamSpel og overordna kulturpolitikk og -perspektiv. ÅRETS KULTURKOMMUNE HORDALAND Inspirator: leiar i Kultur- og ressursutvalet Anne-Beth Njærheim og Nestleiar i Norsk kulturforum Solveig Hess Årets kulturkommune i Hordaland: Utdeling av pris ved leiar i Kultur- og ressursutvalet Anne-Beth Njærheim og leiar i Norsk kulturforum Hordaland Rune Rydland. CULTURE v. s. MONEY Inspirator: Ivan Sandrea, Ivan Sandrea, leiar ved det brasiliansk olje- og gasselskapet Petra Energia Venezuelske Ivan Sandrea er leiar ved det brasiliansk olje- og gasselskapet Petra Energia. I innlegget tar han utgangspunkt i internasjonal utvikling innan olje og gass-industrien, Noregs viktigaste økomiske ressurs for å oppretthalda dagens levestandard, når han diskuterer verdier og bærekraft for norsk kultur og samfunn. Sandrea ser utviklinga i samanheng med perspektiv frå FN, ikkje-statlege organisasjonar og filosofi. 16 17

TORSDAG TORN I AUGET Inspirator: Barne- og ungdomsfilosofane v/ Øyvind Olsholt Øyvind Olsholt i Barne- og ungdomsfilosofane diskuterer filosofiens kritiske makt. Filosofi, dialog og refleksjon er på moten i dag. Dette er blitt nødvendige ingrediensar i eit samfunn tufta på ideen om likskap i mangfald. Men omfamninga har sin pris. For å vinna innpass i samfunnet har filosofien gitt avkall på si «kritiske makt», noko me særleg ser i skole og barnehage kor «filosofi» dei seinare åra har fått ein prominent plass i lære- og rammeplanar. Men filosofiens vesen er å søka sanning, uavhengig av tidas etablerte tenkemåtar, og for regime som har som ambisjon å forma røynda i sitt bilete vil den sanningssøkande filosofien for alltid verte ei torn i auget. FREDAG FRAMTIDAS PUBLIKUM Inspirator: Harm Christian Tolden, kommunaldirektør for kultur, næring, kirke og idrett Bergen kommune Harm Christian Tolden er kommunaldirektør for kultur, næring, kirke og idrett Bergen kommune Frå leiarstilling i Norsk publikumsutvikling til kulturdirektør i Bergen. Morgondagens publikum kven er dei, kjem dei til å kome, kvifor, korleis og når? Kulturdirektøren forholder seg til eit mangfoldig og brokete landskap ser han gjennom jungelen? Kva for visjonar dukker opp? DAGENS LEKSE Inspirator: Kari Birkeland og Ronny Skaar Kva er meint og påstått? Kven har hevda kva, og kven er einige eller ueinige i framlagde beskrivingar og strategiar? Representantar frå elev- og studentorganisasjonar, Ronny Skaar, seksjonsleiar/ utviklingssjef i kultur- og idrettsavdelinga, Hordaland fylkeskommune og moderator Kari Birkeland gir oss oppsummeringa på dagen. Program FREDAG 18 19

FREDAG ESC ungdomskompani As you lay before me med ungdomsdansarane Oda Persdatter Brekke og Malene Juliussen i koreografi av Monica Reksten. Esc er eit ungdomskompani for samtidsdans. Kompaniet har 12 dansare i alderen 14-19 år som alle er tatt ut gjennom audition. Dette ungdomskompaniet vil være eit springbrett mot ein framtidig karriere i dansefaget. ENTREPRENØR OG AKTØR Inspirator: Inger Anne Westby, direktør i Norsk kulturskoleråd Kva for ein arena er vi på aleine eller saman? HJERNE MED OG UTAN MUSIKK Inspirator: Formidlarar frå VilVite og Dr. Simon Gilbertson ass. prof. ved Griegakademiet/UiB. Hjernen use it or lose it: Utstilling for å observere lytte agere. Gjennom 35 interaktive installasjonar kan du utfordre og trene hjernen din, som naturen har brukt 3,8 milliardar år på å utvikle. Utstillinga bygger på den svenske hjerneforskaren, professor Rolf Ekmans sju leveråd: Ha det gøy - Utfordre deg sjølv - La deg overraske - Sett deg mål og drøm - Spis sunt - Vær i fysisk aktivitet - Få nok kvile. Samspill en utstilling om Musikkterapi : Gjennom seks ulike interaktive installasjonar får publikum oppleve samspelet mellom mennesket og musikken og korleis musikken virkar på kropp og psyke. Utvikla i samarbeid mellom Griegakademiet, UiB, GAMUT, Uni helse, Haukeland universitetssykehus og GC Rieber Fondene. FREDAG SAMTIDIG MED TIDEN Inspirator: Anders Beyer, nytilsatt festspilldirektør i Bergen Anders Beyer, nytilsatt festspilldirektør i Bergen, ser på samtidsmusikkens rolle og plass i våre liv. Kor møter me samtidsmusikken og er han relevant for oss? Er det mogleg å få barn og unge interessert i samtidsmusikk som eit autonomt uttrykk, som kan gje oss tilbake kjensla og evna til å kjenne smerte, empati, sorg, begeistring? Og har musikken meir å gje oss utover det å vera konsumentar? SYNLEGGJER DET USYNLEGE!! Inspirator:Siri Slettvåg, prosjektleiar Kultur- og naturreiser og Hildegunn Bjørgen, rådgjevar i Museumsseksjonen frå Norsk kulturråd Kultur- og naturreise og Digitalt Fortalt. Kulturrådet, Riksantikvaren, Statens kartverk, Direktoratet for naturforvaltning og lokale aktører samarbeider om eit prosjekt som skal gje deg tilgang til kartfesta opplevingar og informasjon om kultur og natur via mobilen, der du er. Prosjektet stør seg til tre pilarar: Fagdatabaser, wikipedia og Digitalt fortalt. Digitalt fortalt blei lansert i 2009 og var tidlegare ABM-utviklings satsning i Kulturminneåret. Frå 2011 blei ABM-utvikling slått saman med Norsk kulturråd, som nå står ansvarleg for Digitalt fortalt. Eit mål med Digitalt fortalt er å legga til rette for at mange og ulike stemmer kan komma til orde. Innvolverering og brukarmedverknad i kulturfeltet ersentralt. Her kjem digitale fortellingar inn spesielt med tanke på unge. Ei digital fortelling kan vera bygd opp med forskjelege kombinasjonar: ein tekst med illustrasjonar, ein video, ei lydfil, animasjonar, fotografi eller ei nettutstilling. Fortellingane kan ta utgangspunkt i ulike typar kjelder, både skriftlege og muntlege, dei kan ta utgangspunkt i gjenstandar og i personlege opplevingar. FORBLØFFA OG FORSTYRRA Inspirator: Elin Flannum og Britt Åslaug Birkeland, formidlarar ved Permanenten Material informasjon ved Elin Flannum og Britt Åslaug Birkeland, formidlarar ved Permanenten. I dag er store delar av den vestlege verdas varer produsert i fjerne land som Malaysia, India, Kina og Mexico og den industrien som før prega europeiske storbyar er mest borte. Utstillinga Material Information samlar samtidskunstnarar til fordjuping over nytt og gamalt i kunstindustrihistoria. Omvisning, foredrag og observasjon av formidling til barn Permanenten, er bygget der Vestlandske Kunstindustrimuseum held til. Permanenten er forkorting for Den Permanente Utstillingsbygning, og vart bygd som Bergens kulturpalass etter teikningar av arkitekt Henry Bucher og sto ferdig i 1896. I starten heldt Bergens Håndverk- og Industriforening, Vestlandske Kunstindustrimuseum, Bergen Billedgalleri, Bergens Kunstforening og Norges Fiskerimuseum til her. Nå disponerer Vestlandske Kunstindustrimuseum heile bygget. FORBLØFFA OG FORSTYRRA II Inspirator: Line Daatland, konservator ved Bergen kunstmuseum Omvisning og foredrag om formidling til barn ved Line Daatland, konservator ved Bergen kunstmuseum, tidlegare prosjektleiar for KunstLab. I KunstLab kan born og unge møta kunsten til museet på sine eigne premiss. KunstLab har eiga utstilling, fleire verkstader og ikkje minst eit laboratorium kor ein kan utforska kunst gjennom leik og eksperiment. Oppmøtestad: Lysverket. 20 21

MATERIALETS POTENSIAL Inspirator: Ane S. Dahl, sivilarkitekt MNAL i arkitektfirma Helen & Hard AS FREDAG FØRSTEHJELP Inspirator: Leo Preston og Veronica Thorseth Kunstikit er ei hyllest og gåve frå alle kunstfelta til den norske utøvande kunsten! Primus motor for prosjektet er Kunsthuset Wrap. Målet er å visa bredda i ulik arbeidspraksis, og det enorme potensialet som ligg i den tverrestetiske og utøvande kunsten når det gjeld å visa forskjellege tolkingar av viktige emne. http://kunstikit.no/ Presentasjon og workshop Det tverrfaglege, kunstnerdrivne produksjonslokalet Kunsthuset Wrap vart starta av Leo Preston og Veronica Robles Thorseth i 2003. Wrap er ein sjølvstendeg arena for tverrfagleg kunstproduksjon og visningar, drive av profesjonelle kunstnarar og teknikarar. Forrutan å leiga ut gode, utstyrte prosjektlokale til frie kunstnarar i prosjektperiodar, er Wrap òg produsent for eigeninitierte, tverrfaglege prosjekt og fasilitator for residencies. Kunstikit, eit nasjonalt dogmeprosjekt av Leo Preston, er eit av prosjekta som er produsert av Wrap. www. wrap.hdu.no www.kunstikit.no FRI FLYT Inspirator: Eirik Olsen, dagleg leiar FYSAK - Gareth Whittaker, Stord kulturskule og ungdommar Arkitektkontoret Helen & Hard utviklar konsept som lar påverknad vera ein integrert del av designprosessen. I ulike material ligg ibuande mulegheit for form, som ein kan møta og nytta. Det ligg òg eit potensial hos brukarar og samfunn som kan nyttast til medvirkning. Kunnskap frå natur og folk dannar grunnlag for samskaping. Arkitektane brukar dette grunnlaget når dei utviklar former og strukturar. Arkitekturen er på sitt beste nettopp når han uttrykker og formidlar slike prosessar. Helen & Hard vart etablert i Stavanger 1994 av Siv Helene Stangeland og Reinhard Kropf. I 2011 opna arkitektbyrået filial i Oslo og har nå 20 tilsette frå åtte nasjoner. Firmaet arbeider innan eit vidt spekter av prosjekt; Frå interiør, utstillingar, installasjonar, bustadutbygging og regulering, til barnehagar, parkar og kulturhus. Ane S. Dahl har vore tilsett i Helen & Hard i over ti år, og har særlig interesse for sosial bærekraft og brukarmedverknad. INTERVENERINGENS KUNST Inspirator: KHiO/Kunsthall Oslo: Per Gunnar Eeg- Tverbakk Per Gunnar Eeg-Tverbakk, direktør ved Kunsthall Oslo til oktober 2012 og no styremedlem, har vore kurator og leiar for fleire kunstprosjekt som intervener offentlege rom. Korleis opplever publikum det, kan dei takka nei til opplevinga? Kva omsyn må kunstnaren ta og kva skjer når kunst og kunstnar forlater staden? FREDAG Eirik Olsen, dagleg leiar FYSAK - Gareth Whittaker, Stord kulturskule og ungdommar Tricking ein mellomting mellom turn og capueira. Tricke miljøet i Bergen held til på Fysak og utgjer om lag 200 personar. Saman med Fysak arrangerer dei årleg den populære Bergen gathering der 150 til 200stk frå heile miljøet på verdsbasis kjem. Vi har tilrettelagt for gruppa med Turngulv, fritståandegulv, og hoppematte på 100 kvm. Sjå youtube. Tricking er ein eigenorganisert aktivitet. Fysak arrangerer og kurs. UNDRING I ENDRING Inspirator: Veronica Thorseth, freelancer, kunst-og kulturarbeidar Kvifor dansar dei som dyr? Kvifor har dei ikkje sko på? Noko slikt har eg aldri sett før! Kor finst slike damer? Å vekke undrings - sansen hos born og vaksne er noko våre kunst-uttrykk ofte resulterer i. Bidrar kunstnarane sjølv til lav status? Kunst som motmakt til populærindustrien. Veronica Thorseth er freelancer og kunst-og kulturarbeidar. Parkour - Stord kulturskule gjer tilbod i parkour. Frå utsida kan dette verka feilplassert. Kvifor gir ein kulturskule undervisning i sport? Det korte svaret, er at parkour ikkje er sport i tradisjonell forstand. Parkour handler om fysisk utvikling gjenom rørsle; ingen konkurranse, ingen regler, berre eit rammeverk for å lære og bruke kroppen. Elevane trener parkour for å bli raskere, sterkere og betra balansen. Men viktigst av alt; dei trener for å overvinne hinder. Vi hopper mykje over til dømes bokser, men desse hindringane ser vi og metaforisk. Ein utøvar av parkour har stadig kampar i hovudet; Kan eg eller kan eg ikkje? Eg veit eg kan gjera dette, men noke held meg attende. Vi søker å utfordre oss sjølv fysisk mellom anna fordi det er gøy, men det gjer oss og tryggere, sterkere og vi vert meir opne som mennesker. Tradisjonell parkour fokuserer på personleg utvikling gjenom fysisk interaksjon i nærmiljøet. NÅR KUNSTNAREN GÅR Inspirator: Eddie Andresen Musikar, komponist og pedagog Eddie Andresen reflekterer over kva som skjer i møtet mellom kunstnar og mottakar - og kva er nå eigentlig ein kunstoppleving? Kva rolle spelar leik for forsking og nye idear, og kva har dette med kunstoppleving å gjere? Kva heng att når den «såkalla kunstnaren» har forlate arenaen, og klasserommet igjen vert tatt over av kjernefaga i læreplanen? Bidreg kunstfeltet til utvida erkjenning, meir kreative måtar å tenkje på, modigare tilnærming til det ukjende? Eller er dette berre tomme frasar for diktarar og søknadsskrivarar til Kulturrådet og DKS? Dette og sikkert nokre fleire spørsmål vil musikkformidlar og livsnytar Eddie Andresen forsøka å svara på i ein lett retorisk tone, leikande, kroppsleg og i det heile tatt temmeleg ukonvensjonelt. 22 23

K UNST ØFTET www.kunstløftet.no www.kulturrad.no