HORDALAND FYLKESKOMMUNE Regionalavdelinga Utviklingsseksjonen Arkivsak 201108726-3 Arkivnr. 686 Saksh. Bakke, Tord Saksgang Møtedato Fylkesutvalet 10.11.2011 HØYRING NOU 2011:14 BEDRE INTEGRERING SAMANDRAG Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet (BLD) har sendt NOU 2011:14 Bedre integrering på høyring med frist 15. oktober 2011. Utgreiinga vurderar utfordringar og moglegheiter i eit fleirkulturelt Noreg, og foreslår ulike tiltak i integreringspolitikken. Utgreiinga går også inn på område kor ulike verdiar og prinsipp kan komme i konflikt. Område som arbeid, utdanning, deltaking i demokrati og sivilsamfunn og levekår er analysert. BLD ønskjer innspel frå høyringsinstansane om kva områder som bør ha politisk prioritet i arbeidet med oppfølginga av forslaga i innstillinga. Ein av dei sentrale konklusjonane i utgreiinga er at det er mogleg å oppnå større grad av resultatlikskap mellom innvandrarbefolkninga og befolkninga elles. Utredninga kartlegg forskjellar og årsaker til desse, med sikte på å utvikle strategiar og tiltak slik at større grad av resultatlikskap kan bli oppnådd over tid. I utgreiinga er det foreslått meir enn 200 tiltak i den vidare politikkutviklinga. Utgreiinga set søkjelys på mange viktige samanhengar og utordringar. Både i eit folkehelse-, opplærings- og ressursutnyttingsperspektiv vil tiltaka kunne ha viktige effektar også regionalt for Hordaland. Inkludering og integrering er eit sentralt samfunnsområde som bør prioriterast.
FORSLAG TIL VEDTAK 1 Fylkesutvalet stør utvalet sine mål om betre integrering og inkludering av innvandrarar i samfunnsprosessar gjennom eit breitt spekter av tiltak. 2 Fylkesutvalet vil særleg peike på at det er viktig å sikre grunnleggjande kvalifisering for at fleire innvandrarar skal kome i arbeid. Dette må vere hovudstrategien for å motverke fattigdom og låginntekt. Tiltak som aktivitetsplikt og rekruttering av yrkespassive vil vere viktige verkemiddel. 3 Fylkesutvalet stør utvalet sitt framlegg om ein heilskapleg gjennomgang av opplæringslova i eit integreringsperspektiv for å vurdere korleis læringsmål, forskrifter/læreplanar og læringsmateriell er tilrettelagt for innvandrar elever med ulike behov og føresetnader. 4 Fylkesutvalet stør at det blir utarbeida ei eiga monitor for å følgje utviklinga i område med levekårsutfordringar. Dette er særleg aktuelt i større byar. Paul M. Nilsen fylkesrådmann Jan Per Styve regionaldirektør Vedlegg: http://www.regjeringen.no/nb/dep/bld/dok/nouer/2011/nou-2011-14.html?id=647388 2
FYLKESRÅDMANNEN, 26.09.2011: 1 Bakgrunn Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet (BLD) har sendt NOU 2011:14 Bedre integrering på høyring med frist 15. oktober 2011. Utgreiinga vurderar utfordringar og moglegheiter i eit fleirkulturelt Noreg og foreslår ulike tiltak i integreringspolitikken. Inkluderingsutvalet blei oppnemnt ved kongelig resolusjon 30. april 2010. Utvalet har vore breitt samansett med 17 medlemmar med ulik bakgrunn og erfaring. Det har vore stor semje blant medlemmane både om tilnærming til arbeidet og konklusjonar og tilrådingar. 2 Mandatet bak utgreiingsarbeidet Utvalet skulle løfte fram utfordringar og moglegheiter i eit fleirkulturelt Noreg, og med bakgrunn i dette foreslå tiltak i inkluderings- og integreringspolitikken. Utvalet har føreteke ein kunnskapsbasert gjennomgang av ei rekkje store tema med relevans for integrering. Det er lagt vekt på arbeidsliv, utdanning, deltaking i demokrati og sivilsamfunn, og levekår elles. Tema er også vurdert ut frå eit klasse-, ressurs- og kvinneperspektiv. Utvalet har hatt som ein del av sitt oppdrag å sjå på område kor ulike verdiar og prinsipp kan komme i konflikt. 3 Oppbygning av utgreiinga Utgreiinga er byggja opp med følgjande kapittelinndeling: 1 Sammendrag 2 Innledning 3 Inkluderingsutvalgets dialogarbeid 4 Overblikk: Hvordan går det med integreringen i Norge? 5 Levekår i innvandrerbefolkningen 6 Arbeid og sysselsetting 7 Utdanning 8 Voksenopplæring og grunnleggende kvalifisering av nyankomne innvandrere 9 Bedre bruk av innvandreres medbrakte kompetanse 10 Demokrati og deltakelse: formelle og uformelle integreringsarenaer 11 Fellesskap: verdier og konfliktløsning 12 Bokonsentrasjon av innvandrere i byområder 13 Oppsummering av tiltak Økonomiske og administrative konsekvenser 4 Innhald Utgreiinga tek opp sentrale utfordringar med ei mogleg utvikling av eit klassedelt samfunn kor personar med innvandrarbakgrunn har dårligare levekår og lågare samfunnsdeltaking enn resten av befolkninga. Viktige spørsmål som er gjeve merksemd i utgreiinga er: Kva kan gjerast for å auke den låge yrkesdeltakinga til kvinner med innvandrarbakgrunn i enkelte grupper. Korleis samfunnet betre kan nytte dei ressursane mange personar med innvandrarbakgrunn sitter på, både med tanke på økonomisk vekst og samfunnsmessig utvikling. Korleis deltaking i utdanningssystemet for innvandrarar og deira barn kan verke utjamnande, skape sosial mobilitet og bidra til å setje unge i stand til å ta sjølvstendige livsval. 3
Kva utfordringar som knyt seg til bukonsentrasjon av enkelte grupper i byområde (segregering), og korleis desse utfordringane kan løysast. Korleis man betre kan inkludere personar med innvandrarbakgrunn på sentrale samfunnsarenaer, og bringe deira erfaringar, kompetanse og synspunkt inn i offentleg debatt og demokratiske prosessar. Kva felles verdiar bør danne grunnlaget for vårt fleirkulturelle samfunn, og kva kan gjerast for å sikre at heile befolkninga sluttar opp om desse verdiane. Kva aktuelle og moglege konfliktområde som finnast i det fleirkulturelle samfunnet kor ulike verdiar og prinsipp kan komme i konflikt, og korleis samfunnet best kan handtere slike konfliktar når dei oppstår. 4.1 Utvalet sine vurderingar Utvalet har generelt lagt vekt på ikkje å detaljere forslag til tiltak i for stor grad. Målet med dette har vore å unngå å låse ein anbefalt strategi eller framgangsmåte til eitt bestemt og detaljert tiltak. Regjering og sektorstyresmaktar bør ha handlingsrom for å konkretisere dei foreslåtte tiltaka. Målet har vore å tydeliggjere kav mål, strategiar og type tiltak ein treng, og korleis oppdraget og bestillinga til ansvarlig sektorstyresmakt bør vere utforma. Dei reformene, gjennomgangane og utgreiingane som Inkluderingsutvalet foreslår, dreier seg i stor grad om å bruke midlar betre slik at dei gir best mogleg effekt. Forslaga om tiltaks- og aktivitetsauke vil kunne inngå i satsingsalternativ. Dei fleste tiltaka utvalet foreslår har inga særskilte økonomiske eller administrative konsekvensar, og er i stor grad knytt til informasjon, opplæring, kunnskapsutvikling, og vidareutvikling av tiltak som normalt blir ivaretatt innanfor eksisterande budsjett. Mykje av det utvalet foreslår, må derfor sjåast på som ein del av det pågåande forbetringsarbeidet i ansvarlige etatar. Utviklingskostnader forbundet med forsøksverksemd vil normalt også kunne innpassast gjennom prioriteringar innanfor gjeldande ressursrammer. Nokre av tiltaka har preg av investeringar som kan bidra til økonomisk vekst og innsparing på andre budsjett. Enkelte tiltak fokuserar på forhold som medførar kostnader og samfunnsøkonomiske tap og kor tiltak sannsynligvis vil vere samfunnsøkonomisk lønsame. Fleire av tiltaka blir foreslått finansiert gjennom en omdisponering av midlar innanfor eksisterande økonomiske rammer. Andre tiltak vil krevje nye løyvingar. I enkelte tilfeller blir det foreslått det at tiltak må utredast nærare. I utgreiinga blir det understreka at integrering i økonomisk samanheng også handlar om ressursforvaltning. Viktige spørsmål i eit slikt perspektiv er mellom anna: Kor godt nyttast den arbeidskrafta som innvandrarar representerer? Korleis skal man leggje til rette for betre bruk av innvandrarane sin medbrakte kompetanse? Kor effektive er integreringstiltaka? Kva nytte til kva kostnad gir ulike tiltak? Kor er potensialet for forbetringar størst? Utgreiinga peiker på at ein meir systematisk bruk av samfunnsøkonomiske analyser kan bidra til å betre ressursbruken på integreringsfeltet. Utvalet har fått utført samfunnsøkonomiske analyser av nytte- og kostnadsverknader ved nokon av dei foreslegne tiltaka. Analysane omfattar tiltak som kan bidra til høgare sysselsetting og betre bruk av innvandrarane sin kompetanse, blant anna gjennom norskopplæring, kvalifisering og utdanning. Utvalet sin målsetting med tiltaka er at fleire innvandrarar skal komme i varig arbeid. Analysane viser at kvalifisering og utdanning under gitte føresetnader er ein investering og vil løne seg. 4.2 Overordna konklusjon og tiltak med større økonomiske og administrative konsekvensar Inkluderingsutvalet legg til grunn at det i større grad enn i dag er mogleg å oppnå resultatlikskap mellom innvandrarbefolkninga og befolkninga elles. Tilnærminga i utgreiinga er å kartleggje 4
forskjellar i resultat og årsaker til forskjellane. Målet er å utvikle strategiar og tiltak som kan påverke og redusere størrelsen på avvika, slik at større grad av resultatlikskap kan bli oppnådd over tid. Utvalets forslag til tiltak som truleg vil ha økonomiske og administrative konsekvensar av ein vis storleik: 1a) Fleire tiltaksplassar for korttidsarbeidsledige 1b) Fleire tiltaksplassar (arbeidsretta) for yrkespassive 1c) Fleire tiltaksplassar (rent aktiviserande) for yrkespassive 1a)/b) 7000 fleire tiltaksplassar fordelt over gruppe 1a) og 1b) 2 Vriding av tiltaksbruken mot meir effektive tiltak, 500 plasser 4 Kompletteringskurs for lærarar og sjukepleiarar, 300 plasser 4a) Kompletteringskurs for sjukepleiarar 5) Språkopplæring for arbeidsinnvandrarar 6) Språkopplæring for analfabetar, 1 000 personar 7a) Språkstimuleringstiltak for barnehagebarn 7b) Avvikling av kontantstøtta, økt barnehagedeltaking 7c) Økt barnetrygd: Lønnsjustering og gjeninnføring av søskentillegg Fylkesrådmannen sine kommentarar Utgreiinga går inn på mange felt og store delar av samfunnslivet. Mykje av dette er utfordringar vi finn igjen i Hordaland. Store delar av befolkningsveksten i Hordaland skuldast innvandring. For delar av fylket utgjer dette større prosentvise delar enn i andre. Felles vil vere at gode integreringsprosessar er sentralt for den vidare utviklinga av velfungerande fellesskap. I eit folkehelseperspektiv er gode inkluderings- og integreringsprosessar viktig. Folkehelse er eit prioritert område for Hordaland fylkeskommune. Folkehelsearbeidet har som mål å redusere sosiale ulikskapar i helse og levekår. Integrering i arbeidsliv, språkopplæring og samfunnsdeltaking er viktige felt å satse på for å motvirke helseforskjellar hos innvandrarbefolkninga. Å redusere systematiske ulikskapar i fordeling av helse er viktig. I dette perspektivet er det også viktig å ha i mente dei forventa endringane i befolkningsstruktur. God folkehelse er sentralt for å møte framtidas samfunnsutfordringar. Å sikre grunnleggjande kvalifisering og at fleire innvandrarar skal kome i arbeid er svært sentrale tiltak. Dette må vere hovudstrategien for å motverke fattigdom og låginntekt. Tiltak som aktivitetsplikt og rekruttering av yrkespassive vil vere viktige verkemiddel. Vidare er det viktig å sikre gjennomføring av vidaregåande opplæring. Ein heilskapleg gjennomgang av opplæringslova i eit integreringsperspektiv, for å vurdere korleis læringsmål, forskrifter/læreplanar og læringsmateriell er tilrettelagt for innvandrar elever med ulike behov og føresetnader, vil vere teneleg. Innvandrarar utgjer ein stor ressurs for hordalandssamfunnet. Vi har dei seinaste åra hatt stor arbeidsinnvandring. Med sikte på å utnytte arbeidskraft og kompetanse best mogleg er det sentralt med auka merksemd på integrering i samfunnslivet generelt, og arbeidslivet spesielt. I eit langsiktig perspektiv, vil det å sikre ei god og effektiv utnytting av kompetanse og arbeidskraft bli enda meir viktig. I så måte er utdannings- og helse- og omsorgssektoren sentrale arenaer. 5
Konklusjon Utgreiinga tek opp mange viktige sider ved inkludering og integrering. Med ei aukande internasjonaliseringstakt og endringar i befolkningsstrukturen vil desse tema ventast å bli enda viktigare i tida framover. Det er viktig å sikre grunnleggjande kvalifisering for at fleire innvandrarar skal kome i arbeid. Dette må vere hovudstrategien for å motverke fattigdom og låginntekt. Det er eit mål å betre gjennomføringsgraden innan vidaregåande opplæring. Ein heilskapleg gjennomgang av opplæringslova i eit integreringsperspektiv for å vurdere korleis læringsmål, forskrifter/læreplanar og læringsmateriell er tilrettelagt for innvandrar elever med ulike behov og føresetnader vil vere teneleg i så måte. Tiltak som aktivitetsplikt og rekruttering av yrkespassive vil også vere viktige verkemiddel. Tiltak som er retta inn mot folkehelsefeltet og som kan redusere ulikskapar i helse vil bygge opp under fylkeskommunane sitt arbeid og er viktig å prioritere. For å stø opp under dette vil utarbeiding av ei monitor for å følgje utviklinga i område med levekårsutfordringar vere sentralt, spesielt i dei større byane. Frå ei regional utviklingsståstad vil også tiltaka som bidrar til å sikre ei meir effektiv utnytting av kompetanse og arbeidskraft vere klart positive. 6