Om biodynamisk landbruk



Like dokumenter
Om biodynamisk landbruk

Om biodynamisk landbruk Oppsummering av året Arrangement 2014

VEILEDNING. Foreningen vil

BIODYNAMISKE PREPARATER

Handlingsplan. Oscarsgate 10, 0352 Oslo 1/1/2017

KOMPETANSEHEVING FOR NYE FRUKT- OG BÆRDYRKERE

Strategiplan for Apoteka Vest HF

Arbeidsplan for Hordaland Senterungdom

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

Styremøte i Helse Finnmark HF Dato. 1. desember Møtedato: 8. desember Saksbehandlar: HMS-rådgjevar Andreas Ertesvåg.

Ungdom i klubb. Geir Thomas Espe

Skal skal ikkje. Det startar gjerne med ein vag idé eller ein draum om å bruka interessene dine og kompetansen din på nye måtar på garden din.

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

Kva er økologisk matproduksjon?

Strategidokument Varhaug Misjonshus

P.R.O.F.F. Plan for Rekruttering og Oppfølging av Frivillige medarbeidarar i Fjell kyrkjelyd

NORDISK BIODYNAMISK FORUM

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

Naturbruk - er du ikke riktig klok? Innlegg pårådgjevarkonferanse, 17. april 2012, ved Tore Henrik Øye, Landbrukstunet Kompetanse

NTL Sentralforvaltningens representantskapsmøte mars 2014 Sak 3 Regnskap

Planlegging av partnarskapet Utført av partnarane på ein heil dags work-shop , Bergen Revidert av partnarane

Barnerettane i LOKALSAMFUNNET

NAV Arbeidslivssenter Sogn og Fjordane. IA-kurs hausten Kurstilbod for IA-verksemder

HAGESELSKAPET SOGN OG FJORDANE

Forord. Vår visjon: Alle har rett til eit meiningsfylt liv. Vårt mål: Alle skal ha ei god psykisk helse og kunne meistre eiget liv.

Styremøte 9. og 10. februar i Bergen

Dokument nr. Omb 1 Dato: (oppdatering av tidlegare dokument) Skrive av. ÅSN. Ved di side eit lys på vegen mot arbeid.

VEDTEKTER FOR SPAREBANK 1 SØRE SUNNMØRE

ARBEIDSPLAN

Kommunikasjonsplan Fylkesplan , regional plan for Møre og Romsdal

Til deg som bur i fosterheim år

Programområde for aktivitør - Læreplan i felles programfag Vg2

Lærlingundersøking om eit fagskuletilbod innan agrogastronomi på Hjeltnes. AUD-notat nr

Utviklingsplan for Ørsta frikyrkje

Programområde for aktivitør - Læreplan i felles programfag Vg2

Frivillige organisasjonar i samfunnsbygginga

Støtteordningar og søknader

SKAP ak t iv i t et i huset di t t! Aktivitetskart for. Huset i. bygda

Skjema for medarbeidarsamtalar i Radøy kommune

Økologisk føregangsfylke i frukt og bær

«ANNONSERING I MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE»

Etablerarkurs Sogn og Fjordane Fylkeskommune

Rapport frå Samhandlingsseminar mellom kommunane i Sunnhordaland og Stord sjukehus, Helse Fonna Dato: 04.des.2014

Blir du lurt? Unngå anbodssamarbeid ved innkjøp

INFORMASJONSHEFTE OM Flatdal barnehage

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

Eleven i ein lærande organisasjon vurderingsarbeid i skulen. Presentasjon av eit dr.gradsarbeid Astrid Øydvin

Invitasjon til Entreprenørskap Sunnfjord 2012

KOMPETANSE I BARNEHAGEN

TIL DEG SOM ER BRUKARREPRESENTANT I HELSE MØRE OG ROMSDAL SINE OPPLÆRINGSTILTAK FOR PASIENTAR OG PÅRØRANDE

KoønnWEK. v/sidgr.1- or 11(0I: &oluttd,oryvrytidiar inkm32rin3 (stuck:0. iii

Sakshandsamar: Arkiv: ArkivsakID Willy Andre Gjesdal FE - 223, FA - C00 14/1418

Vurdering for læring - prosjektsamarbeid mellom skulane i Jærnettverket

Tilskot til rekruttering, likestilling og kompetanseheving i landbruket - 2. utlysing 2015

Rekruttering av arbeidsplasstillitsvalde. Eit oppdrag for heile organisasjonen

Nettverksgruppa på hospiteringsbesøk i Danmark

Kommunikasjonsplan Voss herad 2020

Ny strategiplan for Høgskulen

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg.

Tiltak frå regjeringa for styrking av nynorsk

Frå styremøte 5.september på Hotel Grand Majestic Plaza, Praha.

Marknadsføring av spel i regi av Norsk Rikstoto

Rektorforum 15. april

RAMMEAVTALE Hordaland Fylkeskommune og Fjord Norge AS

Strategisk plan F o r H e l g e l a n d L a n d b r u k s t j e n e s t e r

REFERAT FRÅ STYREMØTE Bogstad gård

Forfall skal meldast til telefon eller e-post: Vararepresentantane møter kun etter nærare avtale.

DATO: SAKSHANDSAMAR: Ivar Eriksen SAKA GJELD: Val av styremedlemmer til styra i helseføretaka - føringar for val av representantar

Invitasjon til kurs og haustsamling oktober 2015

EU-prosjektet Économusée Tradisjonsnæringar gir arbeidsplassar og ny giv

Nissedal kommune. Formannskapet. Møteinnkalling. Utval: Møtestad: Kommunehuset Dato: Tidspunkt: 13:00

Arbeids- og organisasjonsplan for Vestland SV 2019

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2008/2009

Arbeids- og organisasjonsplan for Vestland SV 2019

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE

MIDLAR TIL REKRUTTERING, LIKESTILLING OG KOMPETANSEHEVING I LANDBRUKET - FORVALTNING

Forslag frå fylkesrådmannen

Felles forståing av ord og omgrep (1.1) Beste praksis (1.2) Fagleg grunngjeving (1.3) Kvaliteten på tilpassa opplæring er god når:

STRATEGI- OG HANDLINGSPLAN BIOLOGISK-DYNAMISK

HORDALAND FYLKESKOMMUNE MØTEREFERAT. Kultur- og idrettsavdelinga. Styremøte 29. april 2011: Godkjenning av referat frå sist møte. Møteinnkalling.

Kommunikasjonsplan. Nordhordland ein kommune 2020? Regionrådet Austrheim, Fedje, Gulen, Lindås, Masfjorden, Meland, Modalen, Osterøy, Radøy

Månadsbrev for Rosa september 2014

Den nye seksjon for applikasjonar

STYRETS ARBEID. Virksomhetens art. Medlemsstatus. Tilskudd og prosjekter

Nytt HFK Intranett

Status og utfordringar. Orientering til heradsstyret Tysdag 16. juni Rådmannen

PROTOKOLL FRÅ STYREMØTE I HELSE VEST RHF

Lønnsame næringar. Presentasjon av Folgefonni Breførarlag AS ved daglegleiar Åsmund Bakke

Vil du vera med å byggja ein ny kommune?

Søknad om vidareføring av prosjektet. Utdanningsrøyret - Teknisk utdanningssenter i Sunnhordland

NOKUT-strategiar Strategi for utvikling av NOKUT

Strategidokument

SOGNDAL UNGDOMSRÅD Møtestad: Kommunestyresalen Møtedato: Tid:

Etablering og drift av kraftselskap

Saksnr Utval Møtedato Utdanningsutvalet I sak Ud-6/12 om anonym retting av prøver gjorde utdanningsutvalet slikt vedtak;

Lønnsundersøkinga for 2014

Forord. Mål: Alle skal ha ei god psykisk helse. Visjon: Likeverd openheit respekt

Søknadsnr Søknadsår 2015 Arkivsak Tilskot til nærings- og samfunnsutvikling 2015 Framtidsfylket karrieremesser 2016

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 10. trinn

POST 1. a. Læren om helse og miljø. b. Læren om samspillet i naturen. c. Læren om hva som er logisk. Vil du lære mer?

Transkript:

Å RSMELDING 2012

Innhald Om biodynamisk landbruk 3 Oppsummering av året 2012 4 Arrangement 2012 6 Satsingar 2012 12 Informasjon og presse 14 Samarbeidspartnarar og verv 16 Styre, administrasjon og organisasjon 17 Økonomi, rekneskap 20 Biologisk-dynamisk Forening, stifta i 1950, er ein ideell organisasjon for alle med interesse for biodynamisk jordbruk og mat i Noreg. Vi arbeider praktisk og politisk for å spreie kunnskap og interesse for den biologiskdynamiske landbruksmetoden, ernæringsspørsmål og naturforvalting satt inn i ein heilskapleg kulturell samanheng. 2

Om biodynamisk landbruk 3 Biodynamisk betyr livskraft. Når ein dyrkar biodynamisk, arbeider ein medvite og praktisk med naturens livskrefter og deira styrkande verknad i jordbruk og matvarer. Målet er å lage sunne matvarer og pleie livet i jorda og fruktbarheit best mogleg. Idégrunnlaget til biodynamisk jordbruk vart introdusert av Rudolf Steiner gjennom foredrag haldt i 1924, seinare samla under tittelen «Landbrukskurset». Impulsane vert omsett i praktisk jordbruk og vert stadig vidareutvikla. I Noreg har det biodynamiske jordbruket gjennom utviklinga av det økologiske jordbruket hatt ei framtredande rolle innan fagleg praktisk jordbruk, gardsforedling, alternative omsettingskanalar og rekruttering til landbruket. Dei første informasjonshefta og bøkene som viste ein økologisk metode i Noreg vart samla og utgitt av Biologisk-dynamisk Forening. Dei norske biodynamiske gardane har også i dag ei viktig spydspissrolle for det økologiske jordbruket i Noreg. Regelverket for biodynamiske produksjon innehar krav som ved fleire høver kan vere eit supplement for utviklinga av det økologiske regelverket i Noreg. I det biodynamiske jordbruket baserer ein seg på lokale og fornybare ressursar, og garden er i stor grad sjølvforsynt med både grovfôr, kraftfôr og gjødsel. Dei biodynamiske gardane vert kontrollert etter det økologiske regelverket. Produkta kan derfor merkast med det norske Ø-merket (Debio), og EU sitt økomerke, det grøne bladet. I tillegg til desse merka, har dei biodynamiske jordbruksvarene eit Demeter-merket. Fleire tilgjengelege varer i helsekost, spesialforretningar, større matvarebutikkar samt på Vinmonopolet, har denne sertifiseringa. Demeter er ei internasjonal sertifiseringsordning som i Noreg vert handtert av Demeterforvaltninga i samarbeid med Biologisk-dynamisk Forening og Debio. Tilleggskrav for Demetersertifisering er mellom anna: - Lengre omleggingstid før Demeter-godkjenning - Ingen bruk av blautgjødsel eller fôr frå konvensjonelt landbruk - Dei biodynamiske preparata skal brukast for å styrke livskreftene i kompost, jord og planter - Det skal vere allsidig produksjon med husdyr på garden - Heile garden, og ikkje berre delar av den, skal vere lagt om til biodynamisk drift - Garden er i stor grad sjølvforsynt med fôr og gjødsel Den biodynamiske bonden ser på garden som ein individualitet, noko tilsvarande som terroire innan vindyrking. Val av plantesortar, dyrerasar og vekstskifte vert tilpassa garden for å byggje vidare på staden sitt økosystem og eigenart.

Oppsummering av året 2012 2012 har vore eit spanande år i Biologisk-dynamisk Forening. Vi opplev ei stigande interesse for det biodynamiske jordbruket, og gjennom året har vi samarbeidd breitt med organisasjonar og aktørar kring temaet landbruk og mat. I laupet av året har foreininga fått 100 nye medlemmar, og vi har fått økonomisk støtte til fleire viktige satsingsfelt. Mellom anna har prosjektstøtte frå Statens Landbruksforvaltning (SLF) gjort det mogleg å arbeide med marknadsføring av biodynamiske landbruksvarer og landbrukspraksis, og Stiftelsen Eir har gitt oss midlar til arbeidet med oppretting av ein database for forsking, i første omgong på matkvalitet. Denne vert lansert våren 2013. Dei biodynamiske bøndene vert lagt merke til når det gjeld kvalitet, og nokre av dei mest profilerte restaurantane i Oslo har ein klart uttalt preferanse for Demeter-produkt. Fagdagane, kursa og seminara vi arrangerte i 2012 viser at vi har mange dyktige biodynamiske bønder som har mykje å bidra med i utviklinga av eit berekraftig jordbruk i Noreg. Dei mange positive møta vi har med både bønder, grossistar og forbrukarar er med på å styrkje både kunnskapen og engasjementet for den biodynamiske landbruksmetoden og matkvalitet. Det biodynamiske miljøet bidrar aktivt for å halde på eit landbruk i Noreg, og for å finne moglegheiter for unge å kome inn i landbruket. Spørsmål knytt til overtaking, utvikling av nye eigarformer, oppretting av støttegrupper rundt gardane og utvikling av nye økonomiske modellar og strukturar vert aktivt diskutert. Det er i dag færre norske biodynamiske produkt på marknaden enn tidlegare, og desse produkta vert i hovudsak seld via abonnementsordningar, helsekost, direktesal frå gardane og gardsmarknad/ Bondens Marked. Ingen av dei store matvarekjedene i Noreg har spesielt fokus på biodynamiske matvarer. Det er behov for å styrke kjennskapen til Demetermerket, som saman med Ø-merket, er symbolet for eit biodynamisk produkt. Forskingsresultat frå Universitetet i Bergen, ved Det psykologiske fakultet, viser at forbrukarar rangerer Demetermerket saman med merkevaren Stabburet når det gjeld berekraftomgrepet ((http:// onlinelibrary.wiley.com/doi/10.1111/j.1470-6431.2011.01045.x/abstract). 4

5 Talet på sertifiserte biodynamiske gardar er på veg opp, men for å støtte opp kring ei omleggingsfase, treng bøndene vegleiing frå erfarne biodynamiske bønder. Å vegleie interesserte bønder i den biodynamiske jordbruksmetoden vil styrke både kunnskapen og engasjementet for den biodynamiske landbruksmetoden. Å få til ei organisert vegleiing for interesserte bønder, samt arbeidet med å rekruttere nye menneskjer inn i jordbruket, er naudsynt for å vidareutvikle det biodynamiske og økologiske jordbruket. Vi takkar med dette alle våre medlemmar, finansielle støttespelarar og andre samarbeidspartnarar for eit utviklande og spanande år. Mange timar frivillig arbeid er lagt ned frå både tillitsvalde og medlemmar, utan den hjelpa hadde vi ikkje oppnådd alle dei resultata vi no kan vise til. Sign. Sign. Idun Leinaas Eric Brinkhof Dagleg leiar Styreleiar

6 Arrangement 2012 Biodynamisk birøktarkurs, Birøkternes hus Kløfta, 11.01.12 I samarbeid med Norges Birøkterlag arrangerte vi biodynamisk birøktarkurs for interesserte birøktarar, både hobbybirøktarar og profesjonelle birøktarar. Günther Friedmann, tysk biodynamisk birøktar, var kurshaldar, og over 40 menneskjer deltok. Bier og blomster, bønder og business, Litteraturhuset Oslo, 12.-13.01.12 Kva veit vi om dei komplekse samanhengane som er fundamentet for vår matproduksjon? At biene dør i stort tal verda over er eit kraftig signal om at noko er gale. Biologisk-dynamisk Forening arrangerte i januar 2012, saman med Oikos Økologisk Norge og Norges Birøkterlag, eit to-dagars seminar på Litteraturhuset i Oslo til fullsett sal med innsiktsfulle og inspirerande innlegg av mellom anna Ove Jacobsen, Regine Andersen, Günter Friedmann og Tor Bollingmo. I tillegg til dette fekk deltakarane også med seg paneldebatt, film og gardsmarknad. Kafé Oslo lagde og serverte biodynamisk mat til alle deltakarane. Fordypningsseminar, Fokhol Gård Stange, 27.-28.01.12 og 02.-03.11.12 Årstemaet for 2012/2013 har tittelen Alliansar for vår jord. Med andre ord handlar temaet om samarbeid, om å alliere seg med andre som er opptatt av det same spørsmålet. Men korleis lykkast ein i slike samarbeid der alle partar kjem med sine kjepphestar og posisjonar? Kor ligg utfordringane for samarbeidets kunst? Desse tema har ein samtala rundt på

Fordypningsseminara i 2012. Fagdag om kompostering på Sogn Jord- og Hagebruksskule 21.04.2012 Laurdagen før årsmøtet i 2012 vart det arrangert fagdag om storskala kompostering av fast husdyrgjødsel og organisk avfall. Etter ein gjennomgong om komposteringsteori fekk deltakarane vere med på ei praktisk økt med mekanisk opplegging, vending og preparering av kompost. Bakgrunnen til deltakarane varierte frå nybyrjarar til erfarne gardbrukarar, og atmosfæren var oppløftande og positiv. Møte for nye bønder, Den Andre Caféen Oslo, 29.04.12 Over 40 menneskjer møtte opp på Den Andre Cafèen på Lilleborg i Oslo, då Biologiskdynamisk Forening og Det andre Forumet inviterte til ein dialog om unge bønder, rekruttering, visjonar og realitetar. I tillegg til mange unge bønder, studentar, gartnarar og hagebrukarar, kom også nokre erfarne biodynamiske bønder frå Austlandsområdet. På møtet la fleire unge bønder fram sine visjonar for sitt arbeid med natur, planter, dyr og menneskjer. Korleis kan ein drive økonomisk berekraftig ved å produsere mat? Korleis kan ein produsere mjølk utan å presse dyra? Korleis kan vi dyrke grønsaker og ta vare på biologisk mangfald? Kva virkemiddel finst for å skape interesse for matproduksjon og vilje til å betale den reelle prisen for kvalitetsmat? Møtet på Lilleborg fungerte som ei kartlegging for kva ønskjer og behov som finst, og BdF tok innspela som kom opp vidare i arbeidet med utvikling av møteplassar for nye bønder. 7

Fagdag om biodynamisk landbruk, matjord og kompostering på Bjørnebruket i Rykkje, Hardanger. 02.06.2012 Ein vakker dag i juni samla 11 gardbrukarar seg på garden til Cecilie Johansen og Tarjei Aalvik for å arbeide med konkrete problemstillingar på garden med tanke på jordkvalitet, kompostering og preparering av eigen husdyrgjødsel og spørsmål med fokus på biodynamisk landbruk. Garden er i økologisk drift med sau og frittgåande kalkun som hovudproduksjonar, samt foredling av kjøt og planteprodukt frå garden. Jordprofilane vart gravd og studert, sau- og kalkungjødsel vart lagt opp i kompostranke ved bruk av frontlaster og Gaffner gjødselspreiar. Komposten vart preparert med instruks og diskusjon om bruk av preparata. Møte for unge bønder, Fokhol Gård Stange, 15.-16.06.12 Med bakgrunn i den praktiske biodynamiske drifta på Fokhol Gård vart grunnlaga for biodynamisk landbruk og antroposofi lagt frem, i dialog med praktiserande biodynamisk bønder. Kvifor arbeider vi biodynamisk? Kva utfordringar har vi møtt? Kva er du interessert i det biodynamiske og korleis kan du arbeide med det? Kva er antroposofi og kva forhold har praktiserande biodynamiske bønder til det? Seminaret vart startskotet for BINGN Biodynamisk Initiativ for den Nye Generasjonen Norden. Hagekurs, Linda Jolly, Bygdøy 18.08.13 Linda Jolly flytta til Bygdøy i 2008, og starta då arbeidet med å opparbeide ein hage rundt huset. På fagdagen fekk vi høyre om korleis ein kan opparbeide ein hage, og ulike grønsakskulturane og komposten si rolle i hagen. Deltakarane var også med på å vende og preparere komposten og fekk ei grundig innføring i dei biodynamiske preparata. Med røynslene 8

9 Jolly har innan hagen og garden som læringsarena vart også dette temaet belyst. Elizabeth Brockfield m.fl sto for matlaginga, og serverte fargerik og smakfull lunsj basert på råvarer frå hagen til alle deltakarar. Vinsmaking, Månefisken Oslo, 28.08.12 I samarbeid med The Wine Tempter arrangerte vi vinsmaking på Månefisken i Oslo i august. Gruppa Renaissance des Appellations deltok med heile 54 vinmakarar. Det vart eit fantastisk møte med pasjonerte, dedikerte og jordbundne vinmakarar som alle jobbar biodynamisk og er sertifisert gjennom Demeter. I tillegg til vinsmaking var det også foredrag om biodynamiske metodar for framstillinga av vin ved nokre av dei mest anerkjende biodynamiske vinmakarane i verda, presentasjon av dei biodynamiske preparata ved Eric Brinkhof, og Johan Ununger haldt foredrag om Saltå Kvarn sitt arbeide knytt til kretslaupsjordbruk Biodynamiske gardsmarknadar, Litteraturhuset Oslo, hausten 2012 Dette minner meg om matmarkeder jeg har opplevd andre steder i verden. For et mangfold! kunde på Biodynamisk gardsmarknad, 1.september i Oslo. Årets første biodynamiske gardsmarknad utafor Litteraturhuset gjekk av stabelen laurdag 1.september. Mange menneskjer gjekk vegen innom marknaden for å kjøpe gulrøter med eller utan jord, leskande eplesaft, sprø salatar og friske bønner av mange slag, rotgrønsaker, tomatar, agurkar, egg, kjøt og ost. Vi arrangerte totalt 4 biodynamiske gardsmarknadar hausten 2012, og deltakande gardar var Ommang Søndre, Alm Østre, Bergsmyrene Gård, Lislerud Gård, Uksum Gard, Solborg Landsby, Fokhol Gård, Olav Jønsi, Heinrich Jung, Frilund Gård og Saupstad Gård.

10 Fagdag i kretslaupsjordbruk, Sverdstad Gård Sandefjord, 14.09.12 Kretslaupsjordbruk byggjer på grunnidear frå Landbrukskurset av Rudolf Steiner og den biodynamiske garden. På fagdagen på Sverdstad såg vi på omgrepet kretslaupsjordbruk i norsk samanheng, og kretslaupsjordbruk slik det vert praktisert i det EU-finansierte prosjektet BERAS Implementation. Emil Mohr innleidde med foredrag om kretslaupsjordbruk. Etter lunsj sat deltakarane seg saman og samtala om korleis ein, ut i frå regionale rammer og føresetnadar, kan definere samarbeid mellom gardane som kretslaupsjordbruk. Regelverket for biodynamisk landbruksproduksjon vart også diskutert, og deltakarane fekk også omvising på garden ved Asbjørn Lavoll. Preparatdag, Ramme Gaard Hvitsten, 21.-22.09.12 Biologisk-dynamisk Forening organiserte denne septemberhelga eit seminar om dei biodynamiske preparata og deira samanheng med dei ulike planetane. Ruud Hendriks frå Nederland innleidde seminaret. Ruud er dagleg leiar på den biodynamiske jordbrukskole Warmonderhof, og er særs opptatt av fornyinga innan det biodynamiske. I det dagleg arbeider han mykje med tema som fruktbarheit i jorda (utvikling, jord, vekstskifte, gjødsel, kompost) og ernæring. Åkermiddag, Bygdøy 27.-29.09.12 Tre ettermiddagar i september inviterte BdF, saman med Food Studio, til hageomvisning, syltekurs og middag, eit steinkast frå kongen sitt gamle residens på Bygdøy. Her fokuserte vi på urbant landbruk og dei flotte delikatessene ein kan foredle av sesongens grønsaker. Idun Leinaas og Linda Jolly viste gjestane rundt i hagen, og gjestane fekk sjå og smake på det store utvalet av biodynamiske grønsaker som dyrkast midt i byen. Spørsmål vart stilt, tips vart gitt, og etter dette gjekk vi inn og sylta raudbeter på tradisjonelt vis. Etter dette var det duka for eit måltid inne i eit drivhus, der dyktige kokkar hadde førebudd fleire rettar basert på råvarer frå hagen.

Ystekurs, Skaarbu Gård Holmestrand, 29.-30.09.12 Skaarbu gård vert drive i tråd med retningslinene til biodynamisk jordbruk, og garden tilbyr også grøn omsorg. Hovudproduksjonen er mjølk til eiga foredling, samt høns. Foredlinga av mjølka skjer i eiga gardsmeieri/ysteri der dei hovudsakleg lager Gouda-ost etter nederlandsk oppskrift. Med brei kunnskap og stort engasjement frå gardsfolket, fekk deltakarane på ystekurset delta i prosessen frå mjølk til ost. Kurset var todelt; laurdagen var sett av til mjølkeforedling på kjøkenet, medan søndagen lærte ein å yste fast ost. I tillegg var det innlegg om mjølkekvalitet og gardspresentasjonar. Kurs i mjølkesyregjæring, Geitmyra matkultursenter for barn Oslo, 27.10. Kurset i mjølkesyregjæring vart haldt på Geitmyra matkultursenter for barn, og kurshaldar var Tom Boersma. Tom er opprinneleg frå Nederland, men har budd mange år i Noreg her han mellom anna importerer biodynamiske frø frå Bingenheimer. Kurset var fullteikna og Tom lærte villig bort teknikkar for mjølkesyregjæring av mange typar rotgrønsaker og frukter. Nordisk biodynamisk forum, Fokhol Gård Stange, 16.-18.11.12 Saman med Biodynamisk Forening i Sverige, Danmark og Finland arrangerer Biologiskdynamisk Forening kvart år Nordisk biodynamisk forum. Her diskuterer ein utviklinga av biologisk-dynamisk jordbruk i Norden, og forsøker å finne samarbeidsmoglegheiter. På Fokhol Gård på Stange ønskja vi å stake ut kursen for det biodynamiske landbruket for framtidas generasjonar. På programmet inngikk alt frå alliansebygging og nettverk, til neste generasjons biodynamikarar og marknadsføring av biodynamiske og økologiske produkt. Over 30 personar kom frå heile Norden, og nokre få frå andre land. Alle aldrar var representert, men det var tydelig mange unge til stede. Ved sida av fellesnemnaren biodynamisk og ei idealistisk interesse for natur og økologi, var deltakarane på forumet engasjerte og kunnskapsrike menneskjer med forskjellig utgangspunkt, bakgrunn og mål. 11

Satsingar 2012 Marknadsføring av kvalitetar og biodynamisk landbruk og matvarer I 2012 fekk vi støtte frå Statens Landbruksforvaltning til eit marknadsføringsprosjekt. Her var hovudmålet å presentere biodynamiske produkt og landbrukspraksis for eit breiare publikum, både forbrukarar, produsentar, grossistar og storhushald. Gjennom prosjektet har vi utvikla informasjonsmateriell, arbeidd med Herba i ny form, vore aktive i sosiale media, utforma skriftleg materiale både for nettstad og trykt media, samt organisert mange møteplassar for desse målgruppene. Vi har også kome i god dialog med tilbydarar av biodynamiske landbruksvarer i Noreg, og saman med bøndene har vi arbeidd med aktuelle omsettingskanalar og sett på meirprisen på dei biodynamiske landbruksvarene. Forskingsdatabasen KORE I august 2012 starta vi arbeidet med å bygge opp databasen www.kore.no. Vi har fått midlar frå Stiftelsen Eir til arbeidet, der vi søkjer å presentere forsking på matkvalitet til eit breiare publikum. Prosjektpartnar er VitalAnalyse, og databasen vil vere klar våren 2013. BINGN Initiativet Biodynamisk Initiativ for den Nye Generasjonen Norden (BINGN) vart starta i 2012 i Noreg. BINGN arbeider med å opprette eit nettverk for alle som er interessert i å jobbe med biodynamisk landbruk. Målet er å etablere ein plattform for å kunne dele kunnskap og inspirasjon, lære av kvarandre sine erfaringar og sjå på samarbeidsmoglegheiter i framtida. 12

13 BINGN er eit ope nettverk der alle kan delta, og visjonen er ei verd der menneskjer er merksame på forholdet mellom menneskjer, ressursar og miljø. I 2012 har BINGN arrangert tre møteplassar, bygd opp ei nettside samt utvikla nyheitsbrev. BINGN vert drive at eit koordinatorteam på 3 personar og styret i Biologisk-dynamisk Forening fungerer som styre for BINGN. Samarbeid med Dialogos medie- og ressurssenter Dialogos medie- og ressursenter (www.dialogos.no) har i 2012-2013 Biologisk-dynamisk jordbruk som årstema. Biologisk-dynamisk Forening arbeider tett saman med Dialogos for å setje søkelys på tema både internt og eksternt, gjennom foredrag, diskusjonsrundar, skribentarbeid m.m. Dialogos vil også bruke databasen KORE aktivt i sin kunnskapsformidling. Artikkelsamling Bier og blomster, bønder og business I samband med seminaret på Litteraturhuset januar 2012 samla vi skriftleg dokumentasjon frå foredraga og presentasjonane, samt medfølgjande illustrasjonar i eit artikkelhefte. Dette vart trykka og gjort tilgjengeleg for medlemmar i både Biologisk-dynamisk Forening, Oikos og Norges Birøkterlag, samt distribuert til politikarar, forbrukarar, bønder og andre interesserte. Heftet vart støtta økonomisk av Fylkesmannen i Oslo og Akerhus, Landbruksavdelingen. Preparatsal Eric Brinkhof og Loes van Alphen har ansvaret for framstilling og sal av preparata for Biologiskdynamisk Forening. Arbeidet vert gjort frivillig, og salet av preparata gir ei lita inntekt til foreininga. Bestillingane vert gjort direkte til Eric Brinkhof på : bdpreparater@gmail.com Regelverksutvikling, Demetersertifisering Demeterforvaltinga samarbeider med Debio om kontroll og godkjenning av biodynamiske gardsbruk i Noreg. Medlemmane i Demeterforvaltinga arbeider med revidering av regelverket, og i 2012 har dei tilpassa dei danske reglane for bruk i Noreg. Demeterforvaltninga arbeider også med utvikling av regelverket for birøkt tilpassa norske forhold.

Informasjon og presse Vi har i 2012 arbeidd med å oppdatere nettsida www.biodynamisk.no, samt brukt sosiale media aktivt. På Facebook har vi no rundt 900 personar som følgjer oss, og statistikk over bruken av nettsida viser at denne er aukande. Gjennom dette har vi nådd ut til mange menneskjer med informasjon om biodynamisk landbruk og matkvalitet. Relanseringa av Herba har blitt godt mottatt, og vi ser no at dette er eit magasin som appellerer til mange. Herba I 2012 vart det gitt ut 3 nummer av Herba. Vi har vidareført ideen om temanummer, og følgjande tema vart satt for 2012: Matkvalitet, Landbruk og Framtidas bønder. Redaktør for Herba 1/2012 var Berit Swensen, og i Herba 2 og 3/2012 var Idun Leinaas redaktør. Fleire personar har medverka i Herba i 2012, mellom anna Laura Klemme, Helene Austvoll, Julia Smit, Eric Brinkhof, Elizabeth Brockfield og Grete Lene Serikstad. Heimesida Etter relanseringa av nettstaden www.biodynamisk.no har vi fått fleire funksjonar som har gjort det lettare å kommunisere med våre brukarar. Sida har no eit enklare design, og tilbakemeldingane frå brukarane er positive. Med kalenderfunksjonen får vi presentert alle komande arrangement i regi av BdF, samt arrangement i regi av våre samarbeidspartnarar. På nettsida har vi også moglegheit for interesserte å melde seg inn i BdF, samt melde si interesse for nyheitsbrevet. Idun Leinaas administrerer nettsidene. 14

15 Sosiale media Sosiale media er ein viktig kommunikasjonskanal direkte til våre medlemmar og andre interesserte. Vi har i løpet av 2012 brukt både Facebook og Twitter aktivt, og Idun Leinaas administrerer desse. Sosiale media bruker vi til å publisere nyheitssaker med korte kommentarar, bilete frå arrangement, informasjon om arrangement vi er med på m.m. Nyheitsbrev Eric Brinkhof lager vårt nyheitsbrev som er eit gratis tilbod til alle som ønskjer det. Nyheitsbrevet vert sendt ut på e-post, og talet på nyheitsbrevabonnement er rundt 350. Nyheitsbrevet presenterer aktuell informasjon om mellom anna landbruk, politikk, forsking og omsetting og vert sendt ut ein gong i månaden. Trykt materiell Vi har i 2012 trykt opp to brosjyrar; Biodynamisk hagebruk og De biodynamiske preparatene. Desse er distribuert ut, saman med Demeter-klistremerker og brosjyren Forskjeller på økologisk og biodynamisk dyrking og matkvalitet. Strategi og handlingsplan Strategi- og handlingsplanen 2008 2012 har i 2012 blitt gjennomgått, og styret har arbeidd mykje med å utarbeide ein ny plan som vil gjelde for 2013-2016. Strategi- og handlingsplanen er eit viktig reiskap for å etablere felles mål og ei naudsyn ansvarsfordeling for å vidareutvikle det biologisk-dynamiske jordbruket og tilgjengelegheita av Demeter-produkt. Organiseringa med ansvarsområde for styrerepresentantane fungerer godt. For å løfte det biologiskdynamiske jordbruket vidare, auke talet av bønder, samt stimulere til auka produksjon, foredling og omsetting, må ein etablere eit fellesskap som samarbeidar for å nå ungdom, forbrukarar og forskarar. Presseoppslag Nordisk Forum 2012, Stange: http://www.kulturverk.com/2012/11/22/helg-pa-fokhol-gard-nordisk-biodynamisk-forum-2012/ Samling unge bønder, Oslo: http://www.oikos.no/newsread/page.aspx?docid=13331 Mjølkesyregjæringskurs, Oslo: http://steinaldermannen.no/2012/10/31/melkesyregjaering-av-gronnsaker/ Vinsmaking, Oslo: http://husetsvin.blogspot.no/2012/08/bio-min-bio.html#.uro41qwsdco http://morgenbladet.no/samfunn/2012/miljopioner_fra_alsace#.uro9mkwsdco Aksjonar i Nettverk for GMO-fri mat og fôr: http://www.nationen.no/2012/11/01/politikk/helse/sproytemidler/mattilsynet/store/7766850/ Utspel Alliansen ny Landbrukspolitikk: http://www.nationen.no/2012/10/09/politikk/statsbudsjett/tollvern/selvforsyningsgrad/matproduksjon/7712052/ Matmerk: http://matmerk.digitalebilag.no/index.php/artikler/item/211-se-etter-disse-merkene-i-matbutikken Åkermiddag, Bygdøy: http://gardenista.com/posts/into-the-field-a-dinner-in-an-oslo-greenhouse

Samarbeidspartnarar Forsking og utvikling: Debio, Bioforsk Økologisk, Matmerk, Norsk Landbruksrådgivning Informasjon: Food Studio, Steinerskoleforbundet, Dialogos, ØQ foregangsfylke Oslo, Akershus og Østfold Restaurant/ catering: Kafè Oslo, Maaemo, Westerdahls Kantina, Food Studio Næringsliv: Alma, Vitalkost, Røtter, Bondens Marked, Kolonihagen, Cultura Sparebank Ideelle organisasjonar: Oikos Økologisk Norge, Dialogos, Alliansen ny landbrukspolitikk, Nettverk for GMO-fri mat og fôr, IFOAM, Demeter Interational Verv Idun Leinaas er styremedlem i Oikos Økologisk Norge Idun Leinaas er styremedlem i Alliansen ny Landbrukspolitikk Eric Brinkhof og Idun Leinaas har representert Biologisk-dynamisk Forening i Kontaktutvalet for økologisk landbruk Idun Leinaas representerer Biologisk-dynamisk Forening i Nettverk for GMO-fri mat og fôr. Gjennom nettverket har vi skrive under på ei rekkje felles høyringsbrev med argument mot søknadar for å tillate import av GMO. Eric Brinkhof, Elizabeth Brockfield og Idun Leinaas har deltatt på fleire møter i Dialogos. Eric Brinkhof og Idun Leinaas har deltatt på årsmøtet i IFOAM Norge. 16

Styre og administrasjon 17 Biologisk-dynamisk Forening har i 2012 hatt ein person tilsett som dagleg leiar i ei 80%-stilling. I tillegg har vi hatt ein praksisplass for rekneskapsføring, samt ei mindre prosjektmedarbeidarstilling. I tillegg til dette har foreininga eit aktivt styre. Styrets samansetting (årstal for innsetjing i parantes): Leiar: Eric Brinkhof (2011) Nestleiar: Elizabeth Wirsching (2011) Styremedlemmar: Elizabeth Brockfield (2012) Lene K. Stangnes (2012) Nathanial P. Mead. (2011) Varamedlemmar: Arvid udo de Haes (2012) Linda Jolly. (2011) Valkomiteen: Jostein Hertwig (2010) Urs Gamper (2010) Demeterforvaltning: Leiar: Thor Risinggård (2008) Styremedlemmar: Asbjørn Lavoll (2007) Petter Stanghov (2012) Kerstin Pålsson. (2007) Fordypningsseminar Inger Ivarrud (2008) Berit Swensen (2008) Ib Kondrup (2010) Internasjonal kontakt: Ola Aukrust (2012)

18 Styrets arbeid i 2012 Styret i Biologisk-dynamisk Forening har hatt fem fysiske styremøtar og ein telefonkonferanse i 2012. I 2012 har styret hatt stort fokus på utarbeiding av ny Strategi- og handlingsplan for perioden 2013-2016. I tillegg til dette har ein også arbeidd spesielt med organisasjonsutvikling, økonomi, gardsbesøk, medlemsmagasinet Herba, samt rekrutteringsspørsmål. Medlemmane i styret har også representert Biologisk-dynamisk Forening i ei rekkje samanhengar. Demeterforvaltninga har i 2012 avholdt eit fysisk møte og ein telefonkonferanse. Organisasjon Medlemsveksten i 2012 har vore god og foreininga mottok til saman 100 nye medlemmar i laupet av året. Ved utgongen av 2012 hadde Biologisk-dynamisk Forening til saman 497 medlemmar. Gjennomsnittleg alder på nye innmeldte i Biologisk-dynamisk Forening er 40 år. Dei fleste medlemmane melder seg inn via www.biodynamisk.no, men vi får også medlemmar på arrangement og via vervingar. 01.03.12 oppretta vi ein praktikantplass for ein reknskapsførar/organisasjonskonsulent i foreininga, noko som har gjort at vi har fått rydda i medlemsregister og fått ein god struktur på rekneskapsføring og fakturering.

Økonomi Vi har i 2012 mottatt økonomisk støtte frå Landbruks- og matdepartementet (LMD), Statens landbruksforvaltning (SLF), Fylkesmannens Landbruksavdeling Oslo og Akershus, Nettverk for GMO-fri mat og fôr og Stiftelsen Eir. Desse midlane danna grunnlaget for alle våre aktivitetar i 2012, saman med inntektene vi har fått frå medlemskontingenten og sal av materiell. Organisasjonsstøtta BdF mottar årleg frå LMD gir ikkje rom for organisasjonsbygging, og vi må arbeide kontinuerleg for å finne finansiering som gjer det mogleg å oppretthalde drifta av organisasjonen. Interesse frå nye medlemmar, både forbrukarar og bønder, gjer at vi har behov for ein sikrare økonomisk plattform, som kan bidra til å møte den aukande interessa for den biodynamiske landbruksmetoden og matkvaliteten. Foreninga ønskjer å arbeide langsiktig og strategisk for å oppretthalde og utvikle foreininga som ein aktiv debattant i dagens landbruksdebatt, og som ein aktør i diskusjonane rundt rein og ernæringsmessig riktig mat. Vi ønskjer å auke utvalet av biodynamisk mat og fremje forståinga for det biologisk-dynamiske landbruket. For å gjere dette er vi avhengige av trygge økonomiske rammer som gjer Biologisk-dynamisk Forening til ein fast arbeidsplass, ikkje berre for ein dagleg leiar, men også fleire prosjektstillingar. 19

Resultatregnskap for Biologisk-dynamisk forening 2012 Budsjett Regnskap Regnskap Salgs - og driftsinntekter 2012 2012 2011 Tilskudd LMD 175 000 175 000 175 000 Tilskudd SLF 460 000 460 000 400 000 Tilskudd FMLA 0 40 000 0 Stiftelser og legater 0 122 962 0 Andre prosjektmidler 0 25 000 15 400 Andre støtteordninger 0 0 0 Merverdiavgiftskompensasjon 0 28 535 0 Medlemskontingent/Abonnementsavgift 225 000 200 715 106 600 Fagdag, kurs og seminarinntekter 10 000 101 993 54 523 Salg av materiell og preparater 70 600 72 813 39 538 Annonseinntekter 0 15 850 0 Gaver 0 450 39 804 Diverse inntekter 0 21 046 4 609 Sum salgs- og driftsinntekter 940 600 1 264 364 835 473 Budsjett Regnskap Regnskap Driftsutgifter 2012 2012 2011 Lønn og honorarer 421 136 557 937 374 456 Leie kontor, lager og lokaler 40 000 50 607 41 287 HERBA - design og trykking 150 000 129 213 104 196 Markedsføringsmateriell 50 000 56 529 Fagdag, kurs og seminarutgifter 0 6 003 Diverse prosjektutgifter 60 000 0 Møte- og konferanseutgifter 55 000 67 054 101 995 Reiseutgifter 70 000 78 453 48 322 Innkjøp av materiell for salg 15 000 9 076 39 294 Porto og kontorrekvisita 15 000 39 244 38 417 Telefon og data 0 12 144 18 824 Medlemskontingenter og gaver 0 15 313 4 854 Diverse utgifter 0 43 659 63 902 Sum driftsutgifter 876 136 1 065 232 835 547 Driftsresultat 64 464 199 132-74 Finansinntekter 0 3 631 533 Finansutgifter 0 197 832 Sum finansposter 0 3 433-299 Årsresultat 64 464 202 565-373 Overføringer til Sigurd Grøntveits fond 0 40 834 0 Overfør. til Annen egenkapital/resultat 0 161 731-373 Årsresultat etter avsetninger 64 464 0 0 20

Godkjenning av regnskap 21

www.biodynamisk.no fotografi: gulrot forside og bakside, Gerda Mæhlum