Arbeidsmiljøutvalet REFERAT 01/2005 MØTE I ARBEIDSMILJØUTVALET TYSDAG 25. JANUAR 2005 Tid: Kl 14.00 15.55 Stad: Møterom 220, Berte Kanutte-huset Til stades frå arbeidsgjevarsida: Til stades frå arbeidstakarsida: Jon-Arild Kvamme Sollid Stig Flåskjer (varamedlem) Gonnie Smit Løseth Bjørn Krøvel Kari Hasle, Forskerforbundet Jens Martin Welle, NTL Kjartan Bjorøy, Utdanningsforbundet (varamedlem) Alfhild Øye, Parat (varamedlem) Hovudverneombod Rune Mo Frå HMS-Consult Ørsta Volda A/S møtte: Bedriftssjukepleiar Odd-Jonny Telseth Forfall: Møteleiar: Referent: Heidrun Torbjørnson, Parat Gerd Sylvi Steinnes, Utdanningsforbundet Sverre Tverberg Rune Mo Sissel Grete Wahlstrøm Innkalling Ordinær innkalling og saksdokument vart sende ut i brev 18. januar 2005. Det var ingen merknader til innkallinga, som vart godkjend. Bjørn Krøvel melde ei sak under YMSE: Brannberedskap ved HVO Desse saksdokumenta vart lagde fram i møtet: Orienteringssak 04/2005 Leigetakars rømingsansvarlege Branninstruks Utarbeidd av økonomisjef Leiv Myklebust og datert 17. januar 2005 Orienteringssak 05/2005 Kvartalsvis oversyn over sjukefråvær, 4. kvartal 2004 Side 1 av 6
Orienteringssak 06/2005 Årsrapport 2004 frå HMS-Consult Ørsta Volda AS Denne saklista vart godkjent: AMU-S 01/2005 GODKJENNING AV REFERAT FRÅ MØTE 04/2004, 7. DESEMBER 2004 AMU-S 02/2005 VAL AV LEIAR I ARBEIDSMILJØUTVALET FOR PERIODEN 1. JANUAR 2005 31. DESEMBER 2006 AMU-S 03/2005 ÅRSKALENDER FOR HMS-ARBEIDET 2005 AMU-S 04/2005 MØTEPLAN FOR AMU 2005 AMU-S 05/2005 AMU-S 06/2004 OPPLÆRING FOR NYE AMU-MEDLEMMER, VERNEOMBOD M.FL. YMSE Saksbehandling: AMU-S 01/2005 GODKJENNING AV REFERAT FRÅ MØTE 04/2004, 7. DESEMBER 2004 Samrøystes vedtak: Referatet frå møte 04/2004, 7. desember 2004, blir godkjend. AMU-S 02/2005 VAL AV LEIAR I ARBEIDSMILJØUTVALET FOR PERIODEN 1. JANUAR 2005 31. DESEMBER 2006 I perioden 1. januar 2005 31. desember 2006 skal arbeidstakarsida ha leiarvervet i AMU. To av arbeidstakarrepresentantane var på førehand spurde om dei var villige til å ta på seg leiarvervet. Ein av desse, Kari Hasle, hadde ikkje sagt seg uvillig til dette. For å gjere terskelen for å ta på seg vervet litt lågare, foreslo møteleiaren å velje leiar for berre eitt år om gongen. Kari Hasle aksepterte vervet på dette vilkåret. Kari Hasle vart valt som leiar i arbeidsmiljøutvalet ved akklamasjon. Funksjonsperioden er 1. januar 2005 31. desember 2005. Side 2 av 6
AMU-S 03/2005 ÅRSKALENDER FOR HMS-ARBEIDET 2005 Årskalender for 2004 var lagt ved til orientering. AMU har lagt seg på tilsvarande, noko omfattande, oppsett dei seinare åra. Spørsmålet er om aktivitetsplanen er for detaljert og dermed vanskeleg å følgje opp på alle punkt. Bør ein korte inn kalenderen eller eventuelt rokere tema/saker i løpet av året? Det er ingen ting i vegen for å ha ein kalender med HMS-oppgåver som må gjerast i løpet av året. Vernerundar er ein slik aktivitet. Det er ein fordel å starte vernerundane i byrjinga av året. Nødvendige utbetringar/tiltak kan såleis i hovudsak dekkjast av budsjettmidlar innanfor kalenderåret. Dersom ein ventar med å gå vernerundar til seint om hausten, vil ein kome på etterskot, slik at tiltak som burde ha vore gjennomførde innanfor kalenderåret i mange tilfelle må utsetjast i påvente av friske midlar. AMU gjekk igjennom aktivitetskalenderen for 2004 for å sjekke kva som er gjort. Vernerundar AMU har ikkje fått tilbakemelding frå HMS-ansvarlege ved alle verneområda. Det er difor uvisst om det er gjennomført vernerundar i alle verneområda i løpet av 2004. Medarbeidarsamtalar Nokre avdelingar har gjennomført medarbeidarsamtalar. I administrasjonen er det gjennomført medarbeidarsamtalar ved nokre kontor. HMS-samtalar AMU har fått rapport frå Avdeling for samfunnsfag etter gjennomførde HMS-samtalar våren 2004. Det er også gjennomført slike samtalar i studieadministrasjonen. Ein må heller ikkje gløyme at HMS-Consult Ørsta Volda AS gjennomfører HMS-samtalar avdelingsvis. På grunnlag av dei årlege planleggingsmøta med leiinga kan ein kanskje seie at denne aktiviteten til ein viss grad - skjer etter delegasjon frå høgskuleleiinga. Ein HMS-samtale kan ikkje sidestillast med dei samtalane som avdelingsleiinga gjennomfører med fagleg tilsette om arbeidsavtalen. HMS-møte Det er heller ikkje tradisjon for å gjennomføre eigne HMS-møte ved dei ulike einingane. Slike møte vil vere svært nyttige i den omorganiseringsprosessen høgskulen står framfor. Fleire hevda at det kan bli eit kunstig skilje mellom det å utarbeide ein HMS-plan og det daglege arbeidet med HMS i avdelingane (i form av medarbeidarsamtalar, HMS-samtalar m.m.). Ein må likevel vere merksam på at det ligg sikkerheits- og miljøkrav i HMS-lovgivinga. Det vart teke til orde for å sende ein rapport til styret om HMS-status og tiltak. På denne måten vil ein gi HMS-arbeidet større legitimitet. Det var planlagt å utarbeide ein slik plan i 2004, men på grunn av manglande Side 3 av 6
rapportering frå avdelingsnivået, kunne ikkje dette realiserast. Det er ein fordel å få synleggjort det arbeidet som likevel blir utført. HVO manglar ansvarlege for HMS-arbeidet nedover i systemet. Dette vanskeleggjer HMS-arbeidet. Sjølv om institusjonen som heilskap ikkje gjennomfører alle dei nemnde aktivitetane, kan vi likevel seie at vi har komplementære system som delvis utfyller kvarande: medarbeidarsamtalar, HMS-Consult sitt HMS-arbeid ved HVO, vernerundar m.m. I den nye styringsstrukturen ved HVO må det leggjast til rette for gjennomføring av medarbeidarsamtalar og HMS-samtalar. HMS-Consult gir individuell oppfølging gjennom helsesamtalane, men HMS-Consult ønskjer ikkje å overta HMS-arbeidet. Heile 60 % av dei tenestene HMS-Consult Ørsta Volda AS yter (tidsbruk), er retta mot individ. Bjørn Krøvel fremja slikt forslag i høve utarbeiding av aktivitetskalender for 2005: I tillegg til kolonne for fristar bør ein ha kolonne for kven som har ansvar for oppfølging. Under aktivitetane for november bør ein føye til og evt. HVO-styret. Samrøystes vedtak: AMU viser til diskusjonen og melde endringsforslag til årskalenderen i møtet. Eit forslag til årskalender for 2005 blir lagt fram til neste møte. AMU-S 04/2005 MØTEPLAN FOR AMU 2005 Det var ikkje utarbeidd forslag til møteplan utifrå det synspunktet at AMU skulle stå fritt, både i å fastsetje datoar, velje fast møtedag og eventuelt fast møtetidspunkt. Kari Hasle gjorde framlegg om at sekretæren i samråd med hovudverneombodet og AMU-leiaren set opp eit forslag til møteplan til neste møte. Ho gjorde vidare framlegg om å leggje møta seint på dagen. AMU-S 05/2005 OPPLÆRING FOR NYE AMU-MEDLEMMER, VERNEOMBOD M.FL. Hovudverneombod hadde vore i kontakt med leiar for HMS-Consult Ørsta Volda AS, Ragnhild Garshol om saka. I møtet opplyste Odd-Jonny Telseth at HMS-Consult må få klarsignal frå samarbeidspartneren i kursverksemda, A-team, før ein kan fastsetje datoar for kurs. Side 4 av 6
Samrøystes vedtak: AMU ber HMS-Consult Ørsta Volda AS sende eit forslag til kursdatoar så snart som mogleg. AMU-S 06/2004 YMSE Bjørn Krøvel melde denne saka: Brannberedskap ved HVO Bjørn Krøvel framheldt at det må utarbeidast branninstruksar der det går fram kva for retningslinjer dei einskilde etasjeansvarlege skal rette seg etter. Det må oppnemnast etasjeansvarlege i alle bygningane på campus. Hovudverneombodet formidlar behovet vidare til leiinga. Vi viser i denne samanhengen også til orienteringssak 04/2005 (lagt fram i møtet). ORIENTERINGSSAKER 01/2005 Oversyn over medlemmer og varamedlemmer i arbeidsmiljøutvalet, hovudverneombod og verneombod for perioden 1. januar 2005 31. desember 2006 02/2005 Budsjett for HMS/AMU 2005. Utdrag frå brev frå høgskuledirektør Jacob Kjøde jr. 5. januar 2005 03/2005 Vedlikehaldsrapport for håndslukkere. Rapport frå Objektsikring DA, registrert i arkivet 2. desember 2004 04/2005 Leigetakars rømingsansvarlege Branninstruks Utarbeidd av økonomisjef Leiv Myklebust og datert 17. januar 2005 Kommentar frå AMU-medlemmer: Det er fleire feil i lista over kontaktpersonar/etasjeansvarlege. Dette må rettast opp snarast. 05/2005 Kvartalsvis oversyn over sjukefråvær, 4. kvartal 2004 Kommentarar frå AMU-medlemmer: Er statistikken korrigert for alderssamansetjing? Statistikken seier ikkje noko om fordelinga i sjukefråværet mellom administrativt og fagleg tilsette. Heiltidstilsette kvinner har hatt eit generelt høgt sjukefråvær i fleire år. Personalkontoret har opplyst at det stort sett berre er dei som er med i fleksitidssystemet som melder frå om sjukdom. Dermed kan det være store mørketal når det gjeld sjukefråværet ved HVO. Side 5 av 6
AMU ønskjer seg ein statistikk som gir eit meir presist bilete av situasjonen. Når ein fagtilsett er sjuk, set avdelinga berre inn ressurs til undervisningstida. Nye ressursar til administrativt arbeid, FoU-ressurs m.m. blir m.a.o. ikkje sett inn. 06/2005 Årsrapport 2004 frå HMS-Consult Ørsta Volda AS Odd-Jonny Telseth gjekk igjennom hovudpunkta i årsrapporten til Høgskulen i Volda. Arbeidsmiljøutvalet tok dei oppsette/framlagde orienteringssakene til vitande. Høgskulen i Volda, 28. januar 2005 Sissel Grete Wahlstrøm referent Side 6 av 6