IPT-nettverket i Telemark

Like dokumenter
IPT Telemark. Årsmelding Arbeidsutval. Valnemnd

Inn på tunet Telemark

1. Innleiing. Protokoll frå årsmøte 2009 i IPT Telemark. Tysdag 8. desember, kl , på Lie-Hvalen gård i Solum.

Rapport frå Samhandlingsseminar mellom kommunane i Sunnhordaland og Stord sjukehus, Helse Fonna Dato: 04.des.2014

Skal skal ikkje. Det startar gjerne med ein vag idé eller ein draum om å bruka interessene dine og kompetansen din på nye måtar på garden din.

Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.

TIL DEG SOM ER BRUKARREPRESENTANT I HELSE MØRE OG ROMSDAL SINE OPPLÆRINGSTILTAK FOR PASIENTAR OG PÅRØRANDE

Tilskot til rekruttering, likestilling og kompetanseheving i landbruket - 2. utlysing 2015

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

KOMPETANSEHEVING FOR NYE FRUKT- OG BÆRDYRKERE

GLOPPEN KOMMUNE ADMINISTRASJONSUTVALET

Handlingsplan for Sogn og Fjordane Orienteringskrins

Med god informasjon i bagasjen

Unge, bygda og landbruket prosjekt ( )

Prosjektplan for Inn på tunet-løftet for Hallingdal

MØTEPROTOKOLL. Personalutvalet. Møtestad: Formannskapssalen Møtedato: Frå: til 19.30

Den regionale styredagen i. Sogn og Fjordane

Forord. Vår visjon: Alle har rett til eit meiningsfylt liv. Vårt mål: Alle skal ha ei god psykisk helse og kunne meistre eiget liv.

«ANNONSERING I MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE»

Møteprotokoll for møte i

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

MØTEINNKALLING. Utval: BRUKARUTVAL FOR SAMHANDLINGSREFORMA Møtestad: Rådhuset Møtedato: Tid: 10.00

Arbeidsgruppa for prosjektet Oppvekstplan for Fyresdal kommune ynskjer innspel til arbeidet.

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

Gjennom ståstadanalyse og oppfølgingsarbeid vart følgjande satsingsområde framheva:

Stemnehandboka for NKSF

Kontorsjef, fylkestannlegen Fylkesrevisjonssjef Rådgivar, fylkesrevisjonen Rådgivar, fylkesrevisjonen

Møteinnkalling. AU i verneområdestyret for SVR. Utval: Møtestad: Tilbakemelding per e-post Dato:

HAGESELSKAPET SOGN OG FJORDANE

BRUKARUNDERSØKING MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR

Handlingsprogram og økonomiplan

NAV Arbeidslivssenter Sogn og Fjordane. IA-kurs hausten Kurstilbod for IA-verksemder

Regionalt bygdeutviklingsprogram i Rogaland 2013

Tilrettelegging av fysisk aktivitet - Hordaland

- status formidling innleiing ved seksjonsleiar Inger Anita Sjømæling. - status utvekslingsmodellen innleiing ved seksjonsleiar Inger Anita Sjømæling

Dokument nr. Omb 1 Dato: (oppdatering av tidlegare dokument) Skrive av. ÅSN. Ved di side eit lys på vegen mot arbeid.

Kvalitetsplan mot mobbing

Forslag frå fylkesrådmannen

Team Ørsta aktiv alderdom med velferdsteknologi

BARNEHAGEKONFERANSEN 2009 DEN FLEIRKULTURELLE BARNEHAGEN - EIn MøTESTAD FOR MANGFALD STAVANGER MAI

INN PÅ TUNET TILBOD TIL HEIMEBUANDE DEMENTE I TIDLEG FASE,

PROTOKOLL. Landsmøte Norsk Fyrhistorisk Foreining 2009 Brekstad, Sør-Trøndelag 5. september 2009

Referat frå MINTA møte

Ungdom i klubb. Geir Thomas Espe

Handlingsplan for Inn på tunet i Sogn og Fjordane

PLAN FOR KOMPETANSEUTVIKLING I GRUNNSKULEN 2012

Austevoll kommune MØTEINNKALLING

KVALITETSPLAN FOR SKULEFRITIDSORDNINGA I TIME

Møtedato: Møtetid: Kl. 13: Forfall meldt frå følgjande medl. Parti Følgjande varamedlem møtte Parti

Varsel om tilsyn med Lærdal kommune. Lærdalsøyri skule sitt arbeid med elevane sitt psykososiale miljø og pålegg om innsending av dokumentasjon

NOKUT-strategiar Strategi for utvikling av NOKUT

Felles forståing av ord og omgrep (1.1) Beste praksis (1.2) Fagleg grunngjeving (1.3) Kvaliteten på tilpassa opplæring er god når:

Forsand kommune. INFORMASJON FRÅ LANDBRUKSKONTORET Januar 2011

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

Ottar Bjørkedal Eid vgs

RUSFAGLEG FORUM FORUM FOR RUS OG PSYKISK HELSE

Utviklingsplan for Ørsta frikyrkje

SØKNAD OM STØTTEKONTAKT

KOMPETANSE I BARNEHAGEN

MØTEPROTOKOLL. Formannskapet. Møtestad: Rådhuset Møtedato: Kl:

Ny strategiplan for Høgskulen

Hospiteringsordning for tilsette ved Odda vidaregåande skule

Kommunikasjonsplan. Nordhordland ein kommune 2020? Regionrådet Austrheim, Fedje, Gulen, Lindås, Masfjorden, Meland, Modalen, Osterøy, Radøy

LOKALMEDISINSKE TENESTER I HALLINGDAL, FINANSIERING VIDAREFØRING

Invitasjon til Entreprenørskap Sunnfjord 2012

Kommunikasjonsplan Fylkesplan , regional plan for Møre og Romsdal

Planlegging av partnarskapet Utført av partnarane på ein heil dags work-shop , Bergen Revidert av partnarane

Nissedal kommune. Formannskapet. Møteinnkalling. Utval: Møtestad: Kommunehuset Dato: Tidspunkt: 13:00

Sandeid skule SFO Årsplan

MØTEPROTOKOLL. Utval: Utval for oppvekst og omsorg Møtestad: kommunehuset Møtedato: Tid:

Arbeidsplan for Hordaland Senterungdom

REFERAT FRÅ ÅRSMØTE I BSI PADLING

Vedrørande val av utsendingar til KS sitt Fylkesmøte, KS Landsting og val av medlemmar til KS Sogn og Fjordane sitt fylkesstyre.

Møteprotokoll. Utval: Fylkeseldrerådet i Hordaland Møtestad: Fylkesutvalsalen, 3.etg., Fylkeshuset Dato: Tidspunkt: 10:15-14:50

Fra prosjekt til drift - eksempel på politisk vedtak i Stord

frå møte i gjetarhundnemnda til Nsg tysdag 6. desember 1994 på lagskontoret i Parkveien 71.

Fyresdal kommune - Kontrollutvalet. Medlemmar og varamedlemmar Dato Fyresdal kommune - kontrollutvalet

Til deg som bur i fosterheim år

Møteprotokoll SOGNDAL UNGDOMSRÅD Møtestad: Kommunestyresalen Møtedato: Tid:

KF BedreStyring. KF brukarkonferanse. Oslo 22. mars Pål Sandal

Dugnaden tverrfagleg samarbeid på rusområdet i kommunane

kontrollutvalet Seljord kommune - kontrollutvalet Dato: Tid: 09:00-12:00 Stad: Seljord kommunehus, møterom 1, 1.etg.

Eva Marie Halvorsen har meldt forfall. Åse Løkeland (1. vara) og Rasmus Stokke (2. vara) er kalla inn, men har ikkje høve til å møte

MØTEINNKALLING. Orientering om kulturminneregistreringsprosjektet v/ Gunhild Alis Berge Stang SAKLISTE

Saksframlegg. Orientering om Kompetansesenteret og søknad om regionale utviklingsmidlar til Ny GIV-tiltak ved Kompetansesenteret

Innspelsundersøking. Kommunestruktur i Vest-Telemark GUNN KRISTIN AASEN LEIKVOLL

MIDLAR TIL REKRUTTERING, LIKESTILLING OG KOMPETANSEHEVING I LANDBRUKET - FORVALTNING

Plan for Liabygda SFO

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2013/2014

Strategiplan for Apoteka Vest HF

Styremøte Sogn og Fjordane Sau og Geit på Reset

Sakspapir. Saksnr Utvalg Type Dato 24/2015 Kommunestyret PS

Årsmelding Fylkesrådet for eldre i Sogn og Fjordane. Foto: Oskar Andersen

I lov 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa er det gjort følgende endringer (endringene er markert med kursiv):

Invitasjon til kurs og haustsamling oktober 2015

BEREDSKAPSPLAN. Jølster Kommune.

Transkript:

1 av 6 200800489 IPT-nettverket i Telemark Årsrapport 2009 Nettverket vart etablert i 2004 som resultat og oppfølging av prosjektet Grøn omsorg - grønt samarbeid i Telemark. I løpet av ein treårsperiode skulle det avklarast og leggjast til rette for ordinær organisering og drift av nettverket. Eit permanent tibydarnettverk blei etablert i mai 2008. Sekretariat og kontoradresse for nettverket er Telemark Bondelag fylkeskontoret v/organisasjonssjef Amund Johnsrud. Telemark Bondelag har kontorfellesskap på Landbrukets hus, saman med Midt-Telemark landbrukskontor, AT Skog og Norsk Landbruksrådgiving Østafjells. Telemark Bondelag, Landbrukets hus, Bøvegen 271, 3810 Gvarv telemark@bondelaget.no Tel: 35 95 90 30 sms: 97 54 1842 Arbeidsutval I 2009 har arbeidsutvalet vore samansett av: Vetle Øverland, Skien leiar, sidan 2004 Margrethe Karlsen, Drangedal, sidan 2006 Benedicte Ajer, sidan 2007 Alle tre vart attvalde på årssamlinga i 2008. For å kome inn i turnus for val framover vart Vetle Øverland da vald for ein periode på 2 år, og på val i 2010. Margrethe Karlsen og Benedicte Ajer vart valde for 1 år, og er difor på val i 2009. Valnemnd 2009 Dag Anders Oterkiil, Skien. Sidan 2007 Tellef Moland, Drangedal. Sidan 2008

2 av 6 Årssamling 2008 Årssamlinga vart halde på Landbrukets hus 8. desember 2008. Det møtte 11 medlemmar av nettverket, samt sekretær og tre gjester. Leiar i AU nettverket, Vetle Øverland, ønskte alle velkomen. Han orienterte om at dette var det første ordinære årsmøtet i IPT Telemark, etter etableringa av nettverket 21. mai same år. Saker Orientering om tilbod innan dyreassistert terapi v/anne Marit Wear. Anne-Marit Wear, som nyleg har kjøpt gard i Kroken i Drangedal, orienterte om si verksemd innan dyreassistert terapi. Wear er utdanna psykiatrisk sjukepleiar. Har også studert psykiatrisk rideterapi frå Universitetet i Östersund i Sverige, og har praksis frå dyreassistert terapi i Nederland Ho har nå starta verksemda Telemark Dyreassistert Terapisenter, på garden i Kroken Her driv ho med målretta behandling, ein form for psykoterapi med aktiv bruk av hest. Hennar verksemd vil vere bemanna med utdanna helsepersonell. Årsrapport for nettverket 2008. Val av arbeidsutval og valnemnd. Arbeidsutval: Margrethe Karlsen. Attval, for 1 år Benedicte Ajer. Attval, for 1 år Vetle Øverland Attval, for 2 år Valkomité: Dag Anders Oterkiil Tellef Moland Attval, for 1 år Attval, for 2 år Aktivitetar og tiltak i 2009 Regional konferanse i januar 2009 Presentasjon av IPT overfor kommunane. Arbeid med standardavtalar gjennom NB Fagmøte sommar/haust 2009 Arbeidsutvalet, møte Arbeidsutvalet har hatt tre møte i 2009: 12. januar, hos Vetle Øverland 2. april, hos Vetle Øverland 8. oktober, hos Vetle Øverland AU har behandla til saman 6 saker.

3 av 6 Saker og tiltak Gården mulighetenes arena, i samarbeid med skolen. Konferanse i Bø 21-22. januar IPT-nettverket og Telemark Bondelag blei tidleg i 2008 spurt av Fylkesmannen i Telemark om å ta programansvar for ei regional konferanse om IPT. Nedslagsfeltet skulle vere fylka rundt Oslofjorden og Agder. Det er tidlegare arrangert slike konferansar i andre fylke. Planlegging og gjennomføring av arrangementet var hovudsak for AU i både i 2008 og fram til den vart avvikla i januar i 2009. Saman med Fylkesmannen, IPT-nettverket og Telemark Bondelag, var Norges Bondelag og KS med som formelle medarrangørar. Finansieringa av konferansen har skjedd utanom nettverkets ordinære driftsbudsjett og det er utbetalt kr. 43.000 i BU-midlar frå Fylkesmannen i Telemark som tilskot til gjennomføringa. Øvrig finansiering har vore deltakaravgifta. Hovudmål med konferansen var å forankre IPT-konseptet som alternativt tilbod og metode hos beslutningstakarane i offentleg forvaltning. Målgruppe var tilsette i skuleverket og helse- og omsorgssektor, politikarar og administrative leiarar i offentleg forvaltning. Samt andre som er interesserte i IPT, ikkje minst aktuelle og potensielle tilbydarar blant bønder. Til skilnad frå dei tidlegare regionskonferansane, vart vårt arrangement lagt opp med eit program over to dagar. Konferansestad var Bø hotell. Det vart utarbeidd ei konferansebrosjyre som er spreidd både på papir og elektronisk via e- post og nettsider. Invitasjon til konferansen blei sendt: Kommunane i Telemark v/ordførar, rådmenn, skulesjefar, landbrukskontor, også andre kommunar. Til fylkesbondelag og andre landbruksorganisasjonar i Akershus/Oslo, Østfold, Vestfold,Buskerud,Telemark, Agder. Fylkesmann, utdanningsdirektør, fylkeslege, NAV, fylkesmenn i nabofylka, landbruks- og matdepartementet, samt medlemmane av IPT-nettverket i Telemark. Det blei trykt opp ein del programbrosjyrar, men spreiinga skjedde for det aller meste elektronisk, med mykje bruk av heimesider til offentlege etatar og blant organisasjonane. Det var ca. 90 deltakarar på konferansen totalt. Vi som arrangørar seier oss nøgde med oppslutninga, men kunne ha ønskt fleire deltakarar frå skulesektoren, spesielt frå eige fylke. Laila Gustavsen, stassekretær i Arbeids- og inkluderingsdepartementet, opna konferansen og gav eit overordna bilde av kva for utfordringar samfunnet står overfor. Her blei problematikken rundt unge som fell ut av skolen, NAV-reforma, inkluderande arbeidsliv osb. sett i fokus, og hun trekte inn korleis garden kan vere ein arena for samarbeid, inkludering og meistring.

4 av 6 Utdanningsdirektør Solrun Nistad Fleischer, innleia under tittelen Hvor langt inn på tunet kan kommunen slippe barna? Her ble det gitt ei oversikt over kva for rammer og krav til opplæring som lovverket gir og kva for moglegheiter for alternativ undervisning som det er opning for. Deretter var det betraktningar frå PP-tjenesten, Lillegården kompetansesenter, Lunde skule. Første dag enda opp med tankar og erfaringar frå pårørande som hadde og har sine barn på gardsbruk deler av skoleveka. Dei kom med sterke og klare meldingar om korleis dei opplevde sin situasjon og kor mykje IPT-tilbodet betyr for dei Under middagen onsdag kveld hadde spelemann Knut Buen kåseri om kva sundt bondevet kan verka til arbeidshug, praktisk sans og helsebot i vår tid. Dette vart tatt godt i mot av møtelyden, og var med å skapa ein svært triveleg og sosial kveld for deltakarane Dag to var det fokus på kvalitetssikring av Inn på tunet tiltak v/norges Bondelag, økonomien i førebyggjande helsearbeid v/kari H. Eika, frå Universitetet i Oslo og opphavleg bøhering, samt om økonomien for kommunen ved å bruke Inn på tunet tiltak, ved Norsk institutt for landbruks økonomisk forsking. Dag to fekk vi også eit sterkt møte med ein tidlegare ungdomsskuleelev som hadde hatt delar av si ungdomsskuletid knytt til et gardsbruk. Ho gav klare meldingar om korleis ho opplevde at det tradisjonelle skulesystemet ikkje handterte hennar problem, og korleis IPT-tilbodet redda hennar oppvekst og skulekvardag. Det kom mange gode tilbakemeldingar frå deltakarane, spesielt på at programmet og føredragshaldarane representerte alle grupper som er involvert i IPT-tilboda, frå brukarar og pårørande via skuleverket på ulike nivå, og ut til dei politiske beslutningstakarane. Temamøte 2009 Temamøtet i 2009 vart lagt som ei kveldssamling torsdag 4. juni, hos Margrethe Karlsen på Hoseid gård i Kjosen. Om lag 20 stk. deltok. Kirsti Bårnes Vittersø, frå Tjølling, orienterte om sitt opplegg med IPT-tilbod for personar med demens. Det vart i servert spekemat i og mange av medlemmane tok med sin betre halvdel til det som var ei koseleg sommarsamling for IPTarar i Telemark. Planlegging av årsmøte 2009 AU har drøfta tid, stad og innhald for årssamlinga. Tilbod om rådgiving/gardsbesøk til nye interessentar mentorar for nye brukarar Inntil vidare tilbyd ein deltakarar i nettverket 1 dag fri rådgiving i samband med planlegging og etablering av eige tilbod. Dette er tenkt lagt opp som eit gardsbesøk, med ein del samtalekontakt i etterhand. Det er i hovudsak AU som har stått for dette.

5 av 6 Rådgivarane kan få møtegodtgjering tilsvarande 1 dag etter Bondelagets satsar (kr. 1500), samt dekking av reiseutgifter til gardsbesøket. Det formelle tilbodet om rådgiving er ikkje registrert brukt i Telemark i 2009. Men det er formidla ein del telefonkontakt mellom erfarne IPTarar og potensielle nye tibydarar. Det kan verke som om det er slik uformell kontakt og rådgiving som fungerer best i den praktiske kvardagen. Det er ei positiv haldning blant deltakarane i nettverket til å dele sine erfaringar og kontaktar med andre Jordbruksforhandlingane 2009 Gjennom Telemark Bondelag er det formidla synspunkt inn til Norges Bondelag i samband med jordbruksforhandlingane: Definisjonen av kva som er inntekt frå landbruksnæring må bli utvida til å omfatte tilleggsnæringar. I dag må inntekt t.d. frå IPT-verksemd resultatbereknast separat. Reglane må endrast slik at dette kan slåast saman. Det vil m.a. gi betre moglegheit til å nytte jordbruksfrådraget, også på bruk med lita inntekt frå tradisjonelt jordbruk. Vaksne hestar har falle utanom ordninga med produksjonstilskot. Nå omfattar det bare hestar under 3 år. Det vil ikkje skape problem i høve til ridesenter å ta dei inn att, sidan slike senter fell utanom definisjonen av landbruksføretak. Deltaking på kurs og arrangement Nettverket informerer om ulike kurs og konferansetilbod pr. internett og e-post. Deltakarar i nettverket, informasjonskanalar Pr. 6. oktober 2009 er det registrert 23 betalande deltakarar i IPT-nettverket i Telemark. Det er ei auke på 1 frå 2008. Det gir ei inntekt av medlemskontingenten på kr 11.500,- så langt i 2009. Det er i tillegg registrert kontaktadresser til enkelte representantar for kjøpargrupper eller for landbrukets rådgivingsapparat, innan offentleg forvaltning eller private organisasjonar. Det er utarbeidd eit meir utfyllande registreringsskjema for eksisterande og potensielle tilbydarar av IPT i Telemark. Dette er sendt ut til nye deltakarar i nettverket. Informasjonsflyten i nettverket er i all hovudsak basert på e-post og internett, gjerne i ein kombinasjon. Aktuell informasjon til nettverksdeltakarane vert lagt ut på www.landbruketshus.no www.innpaatunet.no/telemark www.bondelaget.no/telemark

6 av 6 www.innpaatunet.no/telemarker drive av Selskapet for Norges Vel, med Marit Halvorsen som nettredaktør www.landbruketshus.no er ein felles portal for dei organisasjonane og etatane som held til på Landbrukets hus på Gvarv, mellom anna Telemark Bondelag. Vi prøvar i tillegg med varsling på sms til deltakarane, framfor møte o.l. Gvarv, 1. desember 2009. Vetle Øverland/s/ Margrethe Karlsen/s/ Benedicte Ajer/s/ Amund Johnsrud