Sortsutvikling og sortsmangfald i norsk epleproduksjon. Eit historisk tilbakeblikk

Like dokumenter
Storskalaforsøk med nye eplesortar

Sortsprøvinga i eple- Kva skal me satsa på under norske tilhøve? Mekjell Meland og Oddmund Frøynes Bioforsk Ullensvang

Haustetidsvurdering eple NLR Viken. Fellespakkeriet Lier 30.Mai 2011

Storskalaforsøket i eple og. Bioforsk Ullensvang

Gartnerhallen. Modningsgrad ved hausting av Edda. Bilete 1: Umogen plomme med synleg grønleg grunnfarge. Skal ikkje haustast.

Sortsprøvinga i eple- Kva skal me satsa på under norske tilhøve? Mekjell Meland og Oddmund Frøynes Bioforsk Ullensvang

NØKKELDATA ANSVAR OG LEIING MÅL OG OPPDRAG MÅLDEFINERING OG INDIKATORAR OVERORDNA MÅL OG FORVENTA EFFEKT BAKGRUNN, UTFORDRINGAR OG FØRESETNADER

KURS I ØKOLOGISK EPLEDYRKING MODUL APRIL DEL 2. Fruktkonsulenten MTLK

Haustetilrådingar for Nordfjord 25. september 2017

Plommesortar for økologisk dyrking

Blomsterknoppdanning og eplesorter i Norge

1 BAKGRUNN 2 GJENNOMFØRING 3 FORSØKSOPPLEGG

Prosjekt: «Øke omsetning og etterspørsel av norske epler»

Haustetilrådingar per 5. sep (etter prøveuttaking 4. sep.)

Web: Facebook: Telefon:

Avling i økologisk epledyrking. v/ Gaute Myren, Liv Lyngstad og Marianne Bøthun

Oppsummeringsmøte Gaute Myren

Frukt - Sorter. Ulike Elstar'-kloner i hauste- og lagringsforsøk

Viktige sortseigenskapar for bær til industri. Arnfinn Nes

Resultat frå eit lite forsøk med oppfølging av vekst og utvikling av trea. Samt måling av tilvekst av pærekarten og rett haustetid for pæresorten.

Vestlandsforsking-rapport nr. 1/2014. Fordums frukter. Erfaringar frå dokumentasjon av tradisjonell kunnskap om eldre eplesortar.

Finn rett haustetid for eple

Haustetilrådingar per 12. sep (etter prøveuttaking11. sep.)

Eplesortar for økologisk dyrking

Norsk økologisk frukt til forbrukar og andre økofruktprosjekt

Næringsforsyning i frukt

Kva er økologisk matproduksjon?

Prøving av nye jordbærsortar for konsum og industri

FRUKT- OG BÆR- BOKA MI

Klimaraser. (proveniens) Treslaga våre har gjennom generasjonar tilpassa seg veksestaden. Trea har utvikla klimarasar,

Strategiar mot skurv i økologisk epledyrking. Arne Stensvand

Nettside: varsling frå NIBIO.

mmm...med SMAK på timeplanen

Arbeidskrav 2 del 3, eplejuice

Erfaringar frå økologisk dyrking. Nordre Nes, Gvarv Tone Ness og Mikkel Aanderaa

Storskalaforsøk nye eplesorterresultater

NATURTYPELOKALITET/NØKKELBIOTOP KJØLLIA I TINGVOLL HOGST OG AVGRENSING

Fruktdyrking i Rissa? Mette Feten Graneng Norsk Landbruksrådgiving Sør-Trøndelag

I denne oppgåva skal me lage eit enkelt spel der pingvinane har rømt frå akvariet i Bergen. Det er din (spelaren) sin jobb å hjelpe dei heim att.

Birger og bestefar på bytur til Stavanger

Prosjektorganisering: Mål: Utvikle regime for langtidslagring av dei viktigaste eplesortane våre for å

Tidsbruk: ca min

Epletreet. Vekst og utvikling, bygning og bæring. Anita Sønsteby Bioforsk

VOLLASETRA UTTAK AV TORV

HAGEBLÅBÆR. Haugaland landbruksrådgjeving

OK, seier Hilde og låser.

Ribes. Mette Feten Graneng- rådgiver i hagebruk

Internasjonale trendar og norsk plommedyrking

Fransk Spansk Tysk Andre fs. I alt Østfold 13,1 % 30,2 % 27,0 % -

Sar (Satureja hortensis), prøvedyrking

nynorsk fakta om hepatitt A, B og C

FRUKT- OG BÆR- BOKA MI

År Tal born 102 millionar 69 millionar 59 millionar 59 millionar

Brukarrettleiing for ny lagsportal kvam.no

Å lykkast med økologisk fruktproduksjon

Tjenesteeksporten i 3. kvartal 2017

Oppsummeringsmøte Gaute Myren

Elevane sitt val av framandspråk på ungdomsskulen Nasjonalt senter for engelsk og framandspråk i opplæringa - Notat 12/2018.

Her beitar kyr. No har kvar mjølkebonde i gjennomsnitt 22 mjølkekyr, for 15 år sidan var gjennomsnittet 14 kyr per bonde.

Frukt Plantevern. Frukttrekreft og risiko for fruktråte

Her skal du lære å programmere micro:biten slik at du kan spele stein, saks, papir med den eller mot den.

Luserne kan gje god avling

Kryddertimian (Thymus vulgaris), prøvedyrking

Alt det lyse og alt det mørke

Modulhefte PROGRESJON I BARNEHAGEN

Nye sortar gjev ny giv i pæredyrkinga. Stein Harald Hjeltnes Graminor avd Njøs

Økologi-satsing i Norge

Sansehage Kleppheimen

Nytt om sortar i bringebær

Villa Maria Cellar Selection Pinot Noir New Zealand/ Marlborough

Brukarrettleiing E-post lesar

Månadsbrev frå oktober, Grøn avd.

Lærarrettleiing 1. Kornartane

Utfordringer i eplemarkedet

Norsk fruktdyrking - ei framtidsnæring?! Torbjørn Takle Norske fruktdagar 2016, Ulvik 29. januar 2016

VEKSTREGULERING HJÅ EPLE, FYSISK OG KJEMISK, ROTSKJÆRING ELLER SPRØYTING. Mekjell Meland og Frank Maas NIBIO Ullensvang Gaute Myren, NLR Viken

Gjødselvatning. pr daa:

Nynorsk Informasjon til foreldre. Om rotavirusvaksine i barnevaksinasjonsprogrammet

RAPPORT FRÅ 8. KLASSE GIMLE SKULE MAI 2017

Skjell Rådgivende Biologer AS FANGST OG SKJELPRØVAR I FRØYSETELVA. Fangststatistikk. Skjelmateriale

ANNE KARIN FONNELAND: Marmormjølk. Dikt. Samlaget 1996 Når dei vakne ser. Dikt. Samlaget 1999 KVIT, og som vind. Dikt. Wigestrand 2004 Stemma mi er

Sortsprøving i bringebær

Skjel Rådgivende Biologer AS FANGST OG SKJELPRØVAR I FRØYSETELVA. Fangststatistikk. Skjelmateriale

57058 : Cune Reserva 2004 C.V.N.E., SPANIA, RIOJA TEMPRANILLO, MAZUELO, GARNACHA, GRACIANO kr BESTILLINGSUTVALG.

2008 Uke 26. Skrevet av Jan Widén torsdag 26. juni :34 - Sist oppdatert torsdag 26. juni :39

Hver skog eller hvert voksested har spesielle egenskaper som gjør det mulig for ulike arter og organismer å utvikle seg. Dette kalles en biotop.

Birger og bestefar På bytur til Stavanger

Årsmelding 2014 for Sognefrukt SA

MENY / MENU. Kortreist og smakfull mat. Tasteful, local food.

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

Internasjonale FoU-trender

To etablert felt med gjødselvatning til eple. Det er gjort nødvendige tilpassingar for å få til forsøka.

Kvar kjem maten vår frå?

Overføre/kopiere bilde(filer) frå kamera/mobil til PC

1 Distrikts- og kvalitetstilskot til frukt og grøntproduksjon og til matpotetproduksjon i Nord-Noreg

Norsk Bremuseum sine klimanøtter

TINE Råvare. Landsprognose for leveranse av kumjølk. 105,0 Jan Febr Mars Apr Mai Jun Jul Aug Sept Okt Nov Des

KappAbel 2010/11 Oppgåver 1. runde - Nynorsk

Vårmøte 24.mars 2011

Transkript:

Sortsutvikling og sortsmangfald i norsk epleproduksjon. Eit historisk tilbakeblikk Vitenparken Campus Ås 17. oktober 2017 ved Finn Måge Tormodeple 1861 Sort frå 1660

Eple kan vere så mangt. Dei er ulike i form, farge, størrelse, mogningstid og smak. Det fins tusenvis av eplesortar

Pomologi er læra om fruktsortar Det har lenge vore stor interesse for fruktsortar Frå sist på 1700- talet blei det laga fine illustrasjonar og gode skildringar av eple-sortar Eplesorten Flaskeeple frå tysk bok utgitt i 1798 er eit godt eksempel

Flaskeeple er ein gamal tysk sort Den var mykje planta i Norge frå 1822 Namn: Melonapfel Nonnetitte Prinzen-Apfel Flaschapfel Hasenkopf Haferapfel Schlotterapfel Berliner

Pomologisk plansjer fra Ungarn Den ungarske generalkonsulen for Norge kom til Ås / NLH i 1903 og overrekte ei mappe med flotte bilder av fruktsortar Magyar Pomologia Monographie de la Horticulture

Eplesortar som var planta ved NMBU i åra frå 1865 til 1870 Alexander Silkeeple (Annie Elisabeth) Astrakan, kvit Charlamowsky Flaskeeple Gravenstein Hampus Agaeple Muskateple Jordbæreple Langtons mageløse Ribston Stettiner, rød Sødermannseple Sävstaholm Virginsk Rosenepel Åkerø

Tre av Hampus var vanleg Svensk, spreidd i Norge frå NLH frå 1880 Tidleg, kort brukstid Fruktene smakar svært godt, er små, og flatrunde Små tre, sterk mot soppsjukdomar Tilrådd fram til 1930-talet Hampus

Fruktsortar ved NMBU i 1911 Fruktsortar til testing: 190 eplesortar 95 pæresortar 98 kirsebærsortar, søte og sure 90 plommesortar 473 sortar totalt NMBU dreiv stor planteskole på den tid, og spreidde fruktsortar over heile landet NMBU styrde sortsutviklinga i landet Alle var opptatt av nye sortar

Dei gamle eplesortane er stort sett blitt borte Mange sortar blei borte på 1950- og 60- talet Olav H. Hauge: «Eg hogg ned den store apalen utfor glaset. Han skygde for utsyni, det var eitt, det vart skumt i stova um sumaren, dessutan vilde ikkje Gartnarhallen ha Flaskeeple lenger».

Gul Gravenstein var den mest dyrka eplesorten i Norge i nesten 200 år. Utgjorde opptil 30 %. Kom til landet i 1792. Trea veks sterkt. Smakar godt. Stor avling. Utsett for soppar og frostskade.

Gravenstein har eit ope kjernehus, og der er sjeldan mange frø. Den må ha pollensort, og pollinerer ikkje andre sortar. Triploid, ikkje brukt i foredlinga

Den raude typen (mutant) av Gravenstein, er vår fjerde viktigaste eplesort. Raude eple sel best, men berre fargen skil seg frå morsorten

Den totale fruktproduksjonen i Norge ved tre tider. Tusen tonn. Etter SSB og Budsjettnemnda for jordbruket 1936-1940 1955-1960 2012-2016 Totalt 38,8 96,3 13,1 Eple 21,1 67,3 12,2 Pære 3,4 9,6 0,3 Plomme 9,3 14,7 1,1 Moreller 5,0* 3,6* 0,5 * Kirsebær og moreller

Viktige eplesorter i Norge ved tre tider 1956-1967 Fruktdyrkarlaget 1984-1988 Gartnerhallen 2013-2016 Grøntprodusentene Sort % Sort % Sort % Gravenstein 30,1 Gravenstein 33,9 Aroma 39,0 Torstein 13,3 Prinsar 12,8 Summered 18,9 Filippa 8,4 Torstein 12,5 Discovery 12,9 Åkerø 8,3 Aroma 7,2 Gravenstein, r 9,1 Cox s Pomona 5,2 Summerred 5,5 Julyred 3,8 James Grieve 4,7 Ingrid Marie 5,2 Åkerø 2,6 Sävstaholm 3,2 Åkerø 3,7 Prinsar, raud 1,8 Transparente Bl. 2,6 Lobo 3,3 Vista Bella 1,5 Ribston 2,3 Filippa 2,8 Ingrid Marie 0,9 Prinsar 2,1 Transparente Bl. 1,7 Lobo 0,9 Ingrid Marie 1,9 Quinte 1,7 Caroll 0,8

Norsk Pomologi. Bind I. Epler Fin bok med fyldig omtale og heilsides fargefoto av 70 eplesortar Dessutan ei til to siders omtale av 64 andre sortar Boka kom først i 1939 og trykt på nytt i 1943 og 1947 Meir enn 1000 eplesortar er testa i Norge

Foredling av nye eplesortar Ved foredling blir to sortar kryssa med kvarandre Kjernane (frøa) blir sådde og utplanta Etter 8 til 12 år kjem det frukter på trea Plantar vi ut 1000 frøplanter, kan vi få 1000 forskjellige eple Vi velger ut dei beste (selekterer) Dei aller fleste er ingenting verd. Sure og søte Dei som ser fine ut og smakar godt, blir oppformeira med poding Dei fleste eldre eplesortar er spirde frå tilfeldige frø der far og mor er ukjende

Frukttre blir formeira med poding

Søteple - Søtakari Sorten Søtakari er vald ut av Johannes Øydvin. Sorten er nesten utan syre Den smakar spesielt Ved foredling kjem det nokre slike Golden Delicious har lite syre, safteple

Aroma vår viktigaste eplesort

Foredling av sorten Aroma Eplesorten Aroma var foredla systematisk ved Balsgård i Sverige Foreldra er dei kjende sortane Ingrid Marie og Filippa Aroma kom til Norge i 1966 under koden BM.31021 Aroma blei introdusert og fekk namn i 1973 Vi her ved NMBU var med på å velje den ut Vi la vekt på ei rekkje eigenskapar ved både ved trea og ved fruktene

Etter kvart er det funne raude typar av Aroma. Denne er kalla Ylvisåker og kjem frå Sogn

Ingrid Marie. Dansk sort som blei mykje planta i Norge frå kring 1960. Mor til Aroma

Filippa var lenge ein av våre viktigaste sortar. Den har ein spesiell krydra smak. Filippa er far til dagens hovedsort: Aroma

Foredlingsmål i eple Eigenskapar ved treet: Svak til middels vekststyrke i treet Sterk mot sjukdomar og skadedyr Opne og sterke greinvinklar og opprett krone. (Ønska treform) Stor og årviss avling Kome tidleg i bering Vinterherdige tre

Foredlingsmål i eple Eigenskapar ved frukta God og jamn ytre kvalitet, form og farge God smak, konsistens og aroma Passe store frukter Rett mogningstid Tole moderne omsetning. God overflate som toler trykk og ikkje viser skade Lang brukstid Lang lagringstid

Torstein og Raud Torstein

Summerred er den nest mest dyrka eplesorten i Norge Planta mykje frå ca 1980

Summerred kjem frå Canada, og er eit smakfullt hausteple. Den er utsett for soppsjukdomar

Også innen ein og same eplesort er det stor variasjon frå eple til eple. Summerred

Discovery er vårt tredje viktigste eplesort. Det er eit hausteple med helst lang brukstid

Omsett avling i tonn 1400 1200 1000 800 Omsett mengde av eplesorten Discovery frå 1996 til 2014 Discovery utgjer 13 prosent av norsk epleproduksjon i 2016 600 400 200 0 1995 2000 2005 2010 2015 År

Discovery har små tre, den er sterk mot sjukdommer og egner seg godt i småhagar

Beauty of Bath. Engelsk sort, planta i Norge i mellomkrigstida. Fin og god, men sart. Far til sorten Discovery

Åkerø er eit gamalt kvalitetseple som framleis er med i produksjonen. Folk spør etter den. Kom til NMBU i 1860

Tonn 450 400 350 Omsett mengde av eplesorten Åkerø i tonn frå 1996 til 2015 Vi produserer ca 40 gram Åkerø per nordmann 300 250 200 150 100 1995 2000 2005 2010 2015 År

Det finst raude typar av Åkerø, men også den vanlege typen kan få fin raudfarge

Tidlege eplesortar blei ofte kalla glasseple. Dei blir overmogne og får indre samanbrot før hausting

Ennå finst mange tre av Transparente blanche. Det var for mange rekna som første eple om hausten. Smakar litt surt. Har fint og kvitt fruktkjøt, og den eigna seg i hushaldet

Transparente blanche var vårt mest planta tidlegeple. Toler kalde vintrar, lett å stelle. Mange hageeigarar kjenner den

Close.Frå USA. Planta i Norge frå ca 1960. Stort og fint eple. Modna svært tidleg og ujamnt. Fell lett ned. Kort brukstid. Litt sur.

Julyred er vår femte viktigste eplesort. Den kjem frå USA, mognar tidleg, er fin og god, men utsett for soppar og blir raskt overmogen

Sävstaholm.Tidleg hausteple. Svensk. Var planta over Austlandet. Froststerkt tre

Sävstaholm blei raskt overmogen og mjølen. Den blir overmogen på treet og sprekk

Vanleg Sävstaholm blir ikkje planta lengre. Den raude typen tar seg finare ut

Kvalitetsendringar etter hausting Haustemogen - Spisemogen Pektin blir nedbrote og eplet blir mjukare Stivelse blir omdanna til sukker og eplet blir søtare Syreinnhaldet blir redusert og eplet smakar mindre surt Aroma blir utvikla og eplet får sin karkteristiske smak Klorofyll i overflata blir borte, og eplet blir gulare

Cox s Pomona. Engelsk. Mykje dyrka i Norge. Mateple. Er nå borte frå handelsdyrkinga

Cox s Pomona var lett å dyrke, og eit fint eple, men smaken var ikkje god nok. Vokslag

Bramley s Seedling. Gamalt engelsk mateple. Smakar svært surt. Kan lagrast lenge

Bramley s Seedling fekk renessanse då oljealderen kom til Norge. I dag blir sorten litt planta som råstoff for saft og cider

Haugmann finst mange tre av i innlandet. Den tolde kalde vintrar, og klarde seg godt i kjølige somrar

Det står ennå mange tre av Haugmann på gardsbruk i Hedmark og Oppland

Prinsar har vore mykje dyrka på Vestlandet.

Prins eller prinsar. Vanleg og raud type. Raud type skulle heite Edling, men blei Elling.

Omsett mengde i tonn 800 Omsett mengd av eplesorten Prinsar i Norge frå 1996 til 2015. Tonn 700 600 500 y = -25,674x + 51856 400 300 200 100 0 1995 2000 2005 2010 2015 Avlingsår

James Grieve. Skotsk hausteple. Lett å dyrke. Finst ennå litt av sorten

James Grieve. Gir stor avling. Må tynnast. Små og fine tre. Saftrik

Franskar

Lobo kjem frå Canada. Den var mykje planta i Norge ei tid. Den er lysande fin å sjå til, og utviklar voks på overflata. Utsett for skurv

Lobo Lobo er kanadisk sort etter McIntosh Spird i 1898, selektert 1906, introdusert 1910. Kom til Norge omkring 1930, planta frå 1950, og mest planta på 1960-talet Veks svakt, avling på unge tre, årvisst og rik bering. Treet toler låg vintertemperatur Utsett for skurv, kreft og mjøldogg Store, fine og raude frukter med kvitt fruktkjøt Skalet er tjukt, litt seigt og med vokslag Laust fruktkjøt, saftig, mild smak, lite syre og helst svak aroma. God kvalitet, lett å ete Hausting i september/oktober. Brukstid er fram til jul

Lobo har kvitt og fint, men litt laust fruktkjøt. Smaken er mild og god. Mognar seint, er kravfull. Treet toler låge vintertemperatur

Viktige eplesortar i verden i 2010 Sort Prosent Opphavsår Opphavsland Golden Del 17,8 1890 USA Delicious 16,8 1880 USA Gala / Royal 10,1 1960 New Zealand Granny Smith 5,6 1868 Australia Fuji 6,1 1962 Japan Jonagold 5,1 1968 USA Idared 3,4 1942 USA McIntosh 1,8 1796 Canada

Kaupanger var kalla Skåleple fordi begerenden var djup og vid

Kaupanger. Gamal norsk vintereple med mange gode eigenskapar. Var planta over heile landet på 1930-talet

Eplet fell ikkje langt frå stamma

Leinestrand Norsk sort frå garden Leinestrand, Hole, Ringerike Mognar tidleg, og har kort brukstid Middels til stor frukt, litt spissa mot begeret Gulgrøn til gulkvit farge, glatt og matt overflate med litt feitt Fruktkjøter er gulkvitt, møyrt, vinsyrleg, saftfullt og aromatisk. Middels vekstkraft, trea får fin og rund krone Hardført tre. Lite utsett for skurv og kreft Lettstelt sort, gir stor nok og årviss avling Var viktig lokalsort i Buskerud og dels i Telemark

Leinestrand

Ribston. Gamal engelsk sein sort som kunne lagrast til langt utpå våren

Silkeeple (Annie Elisabeth) Gamal europeisk sort med mange namn I Norge var den vanleg frå 1840 Svært god bordfrukt Sein sort og held seg lenge på lager God avling, små frukter Utsett for skurv og kreft Finst tre i gamle hager

Viktige eplesortar i EU. Den totale produksjonen i EU er 7.500 tusen tonn Golden Delicious utgjer nesten 40 prosent i Europa

Grøne eple av Olav H. Hauge Sumaren var kald og regnfull. Epli vart grøne og flekka av skurv. Men eg plukkar og sorterar og staplar kassane i kjellaren. Grøne eple er betre enn inkje. Bygdi ligg på 61 o breidd.

Utviklinga av verdens epleproduksjon (FAO)

Viktige epleproduserande land i 1970 og 2012 (FAO) Mill. tonn Land 1970 2012 Verden 27,0 76,4 Kina 0,8 37,0 USA 2,9 4,1 Tyrkia 0,7 2,9 Polen 0,7 2,9 India 0,3 2,2 Italia 2,1 2,0 Chile 0,1 1,7 Russland 5,0 1,4 Frankrike 3,9 1,4 Brasil 0,03 1,3

Geneva Early fekk namn i 1982. Det er vår aller tidligaste sort. Den smakar godt, men fell ned ved mogning og har kort brukstid.

Geneva Early stammar frå USA og foreldra er Quinte og Julyred.

Sunrise er eit tidleg hausteple. Sorten er nokså ny. Den kjem frå Canada (BC)

Sunrise er fin og smakar godt. Den er utsett for epleskurv, og blir raskt overmogen

Vista Bella er ein av våre aller tidlegaste eplesortar. Den kjem frå USA

Vista Bella er mørk raud, men har eit vokslag som gir ein blåtone. Den har farge i fruktkjøtet.

Fosseple Sorten kjem frå garden Foss i Sogndal Passar på stader med mykje nedbør. Sterk mot soppar Trea krev ikkje stor plass Fruktene er små. Dei er valseforma og kan vere litt skeive Gulkvit grunnfarge, fint raud på solsida Søt, god og karakteristisk smak. Sprøtt fruktkjøt, litt lite saftfull

Granat Gamal, dyrka i over 200 år på Vestlandet Kalla Små Granat for å skilje den frå andre typar av Granat Små eple, nesten runde Stor avling, bra hardfør, lite ursett for sjukdomar Kod kvalitet, sprøtt fruktkjøt, nøttesmak Held seg utover vinteren Var ein kjend sort, særleg på vestlandet, men er heilt borte.

Granat

Vanleg Torstein var nest mest dyrka i Norge i 100 år. Er nå heilt borte

Fosseple

Raud Torstein overtok, men den er også borte. Torstein kunne lagrast til utpå våren

Leiknes Norsk sort frå området nær Bergen Frukta er middels stor til stor. Rund men litt flat i endane. Jamn og god avling Overflata er grøngul, raude striper, litt feit og litt dogga Kjøtet er kvitt, sprøtt, saftig, mild vinsyrleg, god smak men med litt lite aroma. God til svært god bordfrukt Sorten er sterk mot soppsjukdomar Mogen midt i september, kan lagrast ut november Planta i område med mykje nedbør

Leiknes

Katja er svensk. Den kom for ca 40 år sidan. Den er fin og smakar godt, men er lite planta

Eple lever! Fruktene er levande organismar også etter at dei er hausta Dei andar, og under andinga blir det brukt oksygen og utskilt karbondioksid Lagring av frukt, går ut på å setje ned andinga eller livsprosessane til eit minimum Livsprosessane kan ikkje stoppast, då døyr frukta Lagring ved låg temperatur er beste måten for å setje ned livsprosessane; to til fire grader er bra temperatur På lageret skal vere høg luftfuktigheit, 90 % relativ råme er bra, det hindrar visning Ved lagring i kontrollert atmosfære blir innhaldet av oksygen på lageret reduser til ca 2 %, det set ned andinga Innhaldet av karbondioksid blir heva til 2 %, det hindrar rotning

Eplesortar omsette i åra 2013-2015 Nr Sort Tonn Nr Sort Tonn 01 Aroma, raud 1400 07 Åkerø 172 02 Aroma, vanleg 1100 08 Prinsar 130 03 Summerred 1300 09 Vista Bella 100 04 Discovery 860 10 Ingrid Marie 80 05 Gravenstein, r 630 11 Sunrise 70 06 Julyred 260 12 Lobo 70

Avling i tonn 700 600 Avling i tonn av eplesorten 'Prinsar' frå 1961 til 1988. Det er delt i 'Vanleg Prinsar', 'Raud Prinsar' og totalmengda av 'Prinsar' 500 400 300 200 100 0 1960 1965 1970 1975 1980 1985 1990 År

Av Aroma er det raude typar som blir produsert mest av. Amorosa er ein raud type frå Sverige

Raud Ingrid Marie. Den raude typen er handelssort også i dag.

Kvit Astrakan. Gamal tidleg russisk sort som var mykje planta i gardshagar på Austlandet

Flaskeeple frå hage i Ås i 2015. Sein, kravfull, smaka godt utpå våren, krydra smak

Sortane på lista var dei viktigaste både i yrkesdyrkinga og i private hagar. Andre sortar som var utbreidd for 50 år sidan: Astrakan Fosseple Hampus Kaupanger Leinestrand Flaskeeple Bramle s seedling Haugmann Leiknes Silkeeple

Etter kvart har raude typar av Prins overteke produksjonen. Denne er kalla Kronprins

Katja er eit nokså lite hausteple. Form og farge er tiltalande. Har lang brukstid

Flaskeeple. Gamal tysk sort med mange namn. Til Norge før 1822, mykje planta for 100 år sidan. Treet er hardført, lever lenge.

Alice, svensk sort som var planta litt på 1970- tallet. Tidleg hausteple, men blir raskt overmogen

Mutsu. Ny sein og kravfull sort frå Japan. Stor avling. Lett å dyrke. Lagringssort

Close. Tidlegsort som blei planta på 1960-talet. Stort og fint eple

Mogningstid eller brukstid for eplesortar

Eg hogg ned den store apalen utfor glaset Eg hogg ned den store apalen utfor glaset. Han skygde for utsyni, det var eitt, det vart skumt i stova um sumaren, dessutan vilde ikkje Gartnarhallen ha Flaskeeple lenger. Eg tenkte på kva far min vilde ha sagt, han lika den apalen. Men eg hogg han ned. Det vart ljosare, eg kan sjå ut fjorden og elles fylgja betre med på fleire kantar, huset kom meir i berrsyni, viser meir att. Eg vil ikkje vera ved det, men eg saknar apalen. Her er ikkje som fyrr. Han livde for vinden og gav god skugge, soli glytte gjenom greinene inn på bordet, og um nætene låg eg ofte og lydde til susen i lauvet. Og dei Flaskeepli, det finst ikkje betre eple ut på vårparten, dei har så fin krydda smak. Det gjer ilt kvar gong eg ser stubben; når han er morken, skal eg brjota han upp og slå han sund til ved. Olav H. Hauge

Dei viktigaste eplesortane i Norge omkring 1960 Eplesort Tonn Gjsn. Prosent Gravenstein 8.792 30,1 Torstein 3.703 13,2 Filippa 2.393 8,4 Åkerø 2.372 8,3 Cox s pomona 1.473 5,2 James Grieve 1.340 4,7 Sävstaholm 899 3,2 Transp. Bl. 749 2,6 Ribston 642 2,3 Prinsar 605 2,1 Ingrid Marie 529 1,9 Totalt 28.430 82,1 (Etter Norsk fruktdyrkarlag 1956-1967)

Nye eplesortar Det dukkar stadig opp nye eplesortar Det blir lagt vekt på eigenskapar som avling, form og farge, smak, lagringsevne og veksten i treet I moderne tid er det viktig at nye sortar er sterke mot sjukdomar Redusert bruk av kjemiske plantevernmidlar er svært viktig