Seksjon forvaltning «MOTTAKERNAVN» «ADRESSE» «POSTNR» «POSTSTED» «UTLANDSADRESSE» Saksbehandlar Tlf. direkte innval Vår ref. Dykkar ref. Dato Hilde Kjelstrup 2017/3155-5 «REF» 13.12.2017 Særutskrift - 196/49 - deling av eigedom - Sæbøvik - Egil Steinar Tofte Kvinnherad forvaltningskomite hadde vedlagte dispensasjonssak føre i møte 06.12.2017 med vedtak nr 2017/134. Då saka ikkje hadde vore til uttale hos statlege og regionale styresmakter i samsvar med pbl kap 19, gav forvaltningskomiteen tilsagn om dispensasjon. Før det vert gjort endeleg vedtak, vert saka difor med dette sendt regionale og statlege styresmakter for uttale. Dette brevet er sendt elektronisk utan underskrift og vert ekspedert med e-post som inneheld lenkje til kommunen sin arkiv webmodul. Her kan de finna alle dokument som er vedlegg til saka: http://innsyn.kvinnherad.kommune.no/einnsyn/registryentry/case?caseid=56917 Dette vedtaket er ikkje eit enkeltvedtak og kan difor ikkje påklagast. Eventuelle spørsmål kan rettast til saksbehandlar. Med helsing Bente Høyland Møtesekretær Rosendalsvegen 10 5470 Rosendal Tlf: 534 83 100 Fax: 534 83 130 Org. nr: 964 967 636 Bankgiro: 3460.07.00083 post@kvinnherad.kommune.no www.kvinnherad.kommune.no
Brevet er godkjent elektronisk og har derfor inga underskrift. Kopi til: Hilde Kjelstrup Mottakarar: Torleif Fjelland Egil Steinar Tofte Nordrevågsvegen 11 Nordrevågsvegen 48 5454 SÆBØVIK 5454 SÆBØVIK Fylkesmannen i Hordaland Postboks 7310 5020 Bergen Hordaland fylkeskommune Postboks 7900 5020 Bergen
Saksframlegg Kvinnherad kommune Saksmappe Saksbehandlar 2017/3155-4 Hilde Kjelstrup Saksgang Saksnr Utval Møtedato 2017/134 Forvaltningskomiteen 06.12.2017 Behandling dispensasjon og deling - 196/49 - deling av eigedom - Sæbøvik - Egil Steinar Tofte Innstilling frå rådmannen: Kvinnherad forvaltningskomite gjev ikkje dispensasjon frå arealføremålet LNF i reguleringsplan «Rv 544 Halsnøysambandet Halsnøy» frå 2001, og pbl 1-8 om forbod mot tiltak langs sjø og vassdrag. Planlagt deling kan difor ikkje omsøkjast og handsamast i samsvar med pbl kap 20 og tilhøyrande bestemmelsar. Avslaget er heimla i pbl 19-2 då omsyna til arealføremål i reguleringsplan og omsyn til føremålet i loven ikkje vert vesentleg sett til side, men fordelane tiltaket er ikkje klart større enn ulempene. Behandling i Forvaltningskomiteen den 06.12.2017 Nytt framsett forslag frå Irene Nielsen-Sjo (Ap): Kvinnherad forvaltningskomite gjev tilsegn om dispensasjon frå arealføremålet LNF i reguleringsplan «Rv 544 Halsnøysambandet Halsnøy» frå 2001, og pbl 1-8 om forbod mot tiltak langs sjø og vassdrag slik at planlagt deling kan omsøkjast og handsamast i samsvar med pbl. kap. 20 og tilhøyrande bestemmelsar. Forvaltningskomiteen ser dette som «grenserydding» som gir søkjar moglegheit for tilkomst til naust på eigd grunn. Løyvet er heimla i pbl 19-2 då omsyna til strandsoneverdiane og allmenne interesser ikkje vert vesentleg råka. Dermed vert ikkje omsyna bak reglane det vert dispensert frå, eller omsyna i føremåla til lova, vesentleg sette til side. Ut frå ei samla vurdering er fordelane ved å gi dispensasjon klart større enn ulempene. Dersom det ikkje kjem vesentlege merknader frå regionale myndigheiter, kan rådmannen gjera endeleg vedtak. Røysting: Nytt framsett forslag samrøystes Vedtak frå Forvaltningskomiteen den 06.12.2017 Kvinnherad forvaltningskomite gjev tilsegn om dispensasjon frå arealføremålet LNF i reguleringsplan «Rv 544 Halsnøysambandet Halsnøy» frå 2001, og pbl 1-8 om forbod mot tiltak langs sjø og vassdrag slik at planlagt deling kan omsøkjast og handsamast i samsvar med pbl. kap. 20 og tilhøyrande bestemmelsar.
Forvaltningskomiteen ser dette som «grenserydding» som gir søkjar moglegheit for tilkomst til naust på eigd grunn. Løyvet er heimla i pbl 19-2 då omsyna til strandsoneverdiane og allmenne interesser ikkje vert vesentleg råka. Dermed vert ikkje omsyna bak reglane det vert dispensert frå, eller omsyna i føremåla til lova, vesentleg sette til side. Ut frå ei samla vurdering er fordelane ved å gi dispensasjon klart større enn ulempene. Dersom det ikkje kjem vesentlege merknader frå regionale myndigheiter, kan rådmannen gjera endeleg vedtak. Søkjar: Egil Steinar Tofte, Nordrevågsvegen 48, 5454 Sæbøvik Dispensasjonssøknad dagsett: 25.10.2017 Om søknaden og eigedommen: Det er søkt om dele eigedom frå gnr/bnr 196/49 for å gi arealet som tillegg til 196/75. Grunngjeving for frådelinga er todelt, då ein for omsøkt areal som går mellom to naust, ønsker å eige arealet som ein nytter til tilkomst til kai og molo på framsida av naust. For arealet mot vest er grunngjeving at det tidlegare var veg her, som etter arbeid med veg og tunnel vart ubrukeleg som tilkomst til naustområdet. Eigar av 196/75 vil likevel eige omsøkt areal til restaurering av bygg og bruk av veg. Omsøkt frådeling frå 196/49 til 196/75 Arealstatus og strandsone Arealføremålet i Kommunedelplan for Halsnøy-området 2008 2017, godkjent 2008, for areal nærast sjø er naustføremål. Arealføremål i reguleringsplan «Rv 544 Halsnøysambandet Halsnøy» frå 2001 for areal mot veg er LNF. Kommunedelplan og reguleringsplan har motstrid når det gjeld arealføremål her, men i kommunedelplan er dette området satt til å ikkje ha rettsverknad, og det er reguleringsplanen som skal gjelde. Det er ikkje satt byggjegrense mot sjø i planane. Rådmannen vurderer det omsøkte arealet til å liggja utanfor funksjonell strandsone.
Eigedom 196/49 med reguleringsplan Eigedom 196/49 med kommunedelplan Nabovarsel Naboar er varsla og det er ingen merknader. Uttale frå regionale og statlege styresmakter Saka er ikkje sendt på høyring sidan ein er negativ til dispensasjon. Naturmangfaldlova
Ingen registreringar. Kulturminne Ingen registreringar. Støy Ikkje aktuelt. Klimatilpassing Ikkje aktuelt. Veg, vatn og avløp Ikkje aktuelt. Aktuelle lovheimlar Det planlagde tiltaket krev dispensasjon etter pbl 19-2 frå føremålet LNF i reguleringsplan «Rv 544 Halsnøysambandet Halsnøy» frå 2001 i tillegg til pbl 1-8 om forbod mot tiltak langs sjø og vassdrag. Dersom det skal gjevast dispensasjon må omsyna bak reglane det vert dispensert frå, eller omsyna i føremåla til lova, ikkje verta vesentleg sette til side. I tillegg må fordelane ved å gi dispensasjon vere klart større enn ulempene etter ei samla vurdering. Vurdering Om ein deler frå arealet her vil arealet mot vest få føremål naust i staden for LNF. I vurderinga av dispensasjon i forhold til arealføremål LNF i reguleringsplan, må ein vurdere om omsyn bak føremålet i planen vert vesentleg sett til side med tiltaket. I eit LNF-området skal ein verne om landbruk, natur og friluft. Det er lite areal som har verdi til landbruk her - då arealet ligg mellom veg og naustområde og er open jorddekt fastmark. For natur og friluft tyder lokaliseringa og på at det ikkje er eit området som vert nytta til dette. Ein vil då ikkje setje omsyna til føremålet vesentleg til side med tiltaket. I vurderinga av dispensasjon i forhold til pbl 1-8 og strandsonevernet skal ein ta særlege omsyn til natur- og kulturmiljø, friluftsliv, landskap og andre allmenne interesser. At ein her deler frå areal for å nytta som tilkomst vil i seg sjølv ikkje verka negativt på området, spesielt ikkje i den del som allereie er naustområde der ein har naust på kvar side av arealet. Av det arealet som i dag er LNF vil ei frådeling gjere at arealet blir del av naustområde og ein kan disponera arealet på annan måte enn i dag. Likevel er frådelinga her i seg sjølv ikkje eit tiltak som vil vesentleg setje til side omsyna ein her skal verna. Når ein her har vurdert at omsyna ikkje vert vesentleg sett til side med tiltaket, må ein og sjå på om fordelane med tiltaket er større enn ulempene. Av fordel er det tenkt at arealet skal nyttast som tilkomst. Dette er eigar av 196/75 sitt ønske i dag, og er difor av privat karakter. Ein eventuell neste eigar kan ha andre ønsker om disponering av arealet. Ei frådeling av areal frå 196/49 til 196/75 kan difor gjere at det blir økt byggjepress på 196/75, når eigedommen aukar i areal. Dette blir press på ein eigedom til naust som allereie er større enn andre nausttomter. Fordelane med å dele frå her er ikkje klart større enn ulempene. Grunngjeving Ut frå ei samla vurdering kan ein ikkje her gi dispensasjon etter pbl 19-2 då omsyna bak reglane det vert dispensert frå eller omsyn i føremåla til lova ikkje vert vesentleg sett til side, men fordelane med å dele frå er ikkje klart større enn ulempene.
Vedlegg Søknad om deling av eigedom Søknad om dispensasjon