VESTNES KOMMUNE Saksframlegg Arkiv: L12 Arkivsaksnr.: 2012/1344 Saksbehandlar: Jan Rune Jacobsen Dato: 26.03.2014 Reguleringsplan for Ramberget - Utlegging til offentleg ettersyn Utval Møtedato Utvalssak Planutvalet 08.04.2014 33/2014 Saksprotokoll i Planutvalet - 08.04.2014 Vedtak: 1. I medhald av PBL 12-10 vedtek planutvalet å legge forslag til detaljreguleringsplan for Ramberget, datert 28.03.2014, ut til offentleg ettersyn. 2. Planutvalet ber om at føresegnene blir supplert slik at: 3.1.1 også inneheld gangsamband mot aust 4.2 får følgjande tillegg: nærleikeplassar skal inngjerdast mot veg og som minimum ha ei sandkasse og ein benk. 3. Planutvalet ber også utbyggar vurdere å innarbeide ein tredje nærleikeplass på friarealet i søraustlege hjørnet av BKS6. Behandling: Ellen Andreassen (Krf) erklærte seg inhabil ihht kommunelova 40, pkt 3, jf forvaltningslova 6b. Det var 5 røysteføre i saka. Avrøysting: Innstillinga frå administrasjonssjefen vart samrøystes vedteken.
Administrasjonssjefen si innstilling 1. I medhald av PBL 12-10 vedtek planutvalet å legge forslag til detaljreguleringsplan for Ramberget, datert 28.03.2014, ut til offentleg ettersyn. 2. Planutvalet ber om at føresegnene blir supplert slik at: 3.1.1 også inneheld gangsamband mot aust 4.2 får følgjande tillegg: nærleikeplassar skal inngjerdast mot veg og som minimum ha ei sandkasse og ein benk. 3. Planutvalet ber også utbyggar vurdere å innarbeide ein tredje nærleikeplass på friarealet i søraustlege hjørnet av BKS6. SAKSUTGREIING: Bakgrunn: Tiltakshavar signerte kjøpekontrakt med kommunen om kjøp av arealet i 2013, og forplikta seg samtidig til regulering og utbygging med formål bustadfelt. Det var knytt 3 vilkår til handelen: Høgare utnyttingsgrad enn tradisjonelle bustadfelt for å skape eit prosjekt med: Reell mulegheit for unge og førstegongsetablerarar til å entre bustadmarknaden Maksimalt 50 bueiningar og inntil 3 etasjar Forslagsstillar er AG Prosjekt, plankonsulent er Leite og Howden AS. Grunneigar er AG- Prosjekt, men kommunen eig inntil vidare den sørlegaste delen av planområdet. Det ligg føre tilleggsavtale om overtaking av denne delen når reguleringsplanen er godkjent. Oppstart av arbeidet med reguleringsplanen vart vedtatt i planutvalet den 10.09.2013 og det er ikkje stilt krav om konsekvensutgreiing. Største delen av feltet er i kommuneplanens arealdel avsett til bustadformål. Planen for Ramberget omfattar ca. 30 daa. Den strekker seg knappe 200 meter vidare frå Myrateigen og innover langs Misfjordvegen, omlag 150 meter oppover frå vegen til ca. kote 57-58. Feltet er planlagt med 55 bueiningar av varierande storleik. Tilkomst til området er tenkt via ny avkjørsel frå Fv160. Utnyttingsgrad er foreslått frå 30 40 % Ettersom det ikkje lykkast utbyggarane å kome til einigheit med grunneigarane lenger vest, der det også er vist areal til bustadformål i kommuneplanen, har kommunen opna for regulering litt lenger sørover på LNF-område. Det utvida området strekker seg om lag så langt sør som vurdert areal i skredvurderinga frå 1999. I denne rapporten er aktuelt bustadareal omtalt som frå kote 35 til 65. Skredvurderinga vart gjort av Møre og Romsdal Fylkeskommune på førespurnad frå Vestnes kommune nettopp med tanke på etablering av bustadfelt i området. Konklusjonane er slik: Sjølv om sannsynet for fjellskred eller steinsprang er svært lågt, rår fylkeskommunen likevel til at vestlege delen av vurdert område ikkje blir brukt til bustadformål. Dette har Vestnes kommune teke omsyn til i kommuneplanen, slik at vestre del av skredvurdert område ikkje er aktuelt til bustadformål. Særleg den midtre delen av vurdert område ligg innafor muleg rekkevidde av snøskred, men med tilstrekkeleg skog i lausneområdet ovanfor er farenivået vurdert til å vere minimalt. Som nemnt ovanfor vart det ikkje einigheit om utbygging på dette området no. Den aktuelle planen (Ramberget) utgjer den austlege delen av vurdert område. I den austre delen bør dreneringa av skogsvegen ovanfor aktuelt bustadfelt vurderast, for å unngå mulege sørpeskred eller flaumsituasjonar. Også her vil skogen ovanfor vere ei god sikring mot eventuelle snøskred.
Vedlagte skredkart viser med gul farge kva som kan nyttast til bustadformål og med oransje farge der det ikkje er tilrådd bustadbygging. Vurdering: Adm.sjefen har gått gjennom forslaget til detaljreguleringsplan og har følgjande kommentarar: Bukvalitet Forslaget er i samsvar med vilkåra for kjøp av området og legg til rette for ein spennande variasjon av store og små bustader, både frittståande og i rekke eller kjede. Området er attraktivt og alle bueiningar har mulegheit for uteplass mot sør og flott utsikt mot nord. Avstand til sentrumsfunksjonar og skuleområdet er om lag 1 km, medan Kråkvika friluftsområde og Flatevågen ligg berre 4-500 m unna. Barn og unge I samband med utarbeiding av ny kommuneplan, vurderer Vestnes kommune å lage forslag til lokalt tilpassa vedtekter for m.a. leikeplassar. Desse er ikkje ferdige på noverande tidspunkt. Rikspolitiske retningsliner (T2-08) seier m.a. følgjande: Medverking: Kommunen skal organisere planprosessen slik at synspunkt som gjeld barn kjem fram, og at ulike grupper barn og unge sjølv får høve til å delta. Dette er ei rein presisering av plan- og bygningslovens krav om medverking. Areal og anlegg som skal brukast av barn og unge skal vere sikra mot forureining, støy, trafikkfare og annan helsefare. Svært bratte areal (1:3) og områdeleikeplass / fellesleikeplass smalare enn 10 m skal ikkje reknast med i arealberekninga. I nærmiljøet skal det finnast areal der barn kan utfalde seg og skape sitt eige leikemiljø. Areala må vere store nok, eigna for leik og opphald, kunne brukast av ulike aldrar, og gje mulegheit for samhandling mellom barn, unge og vaksne. T2-08 viser til eksempel frå mindre kommunar, som har bestemmelsar knytt til kommuneplanens arealdel: Nærleikeplass skal avsettast i områder der det blir etablert 5 eller fleire bueiningar. Alle bueiningar skal gangavstand 50 meter ha ein nærleikeplass med ein storleik min. 200 m 2. Maksimalt 20 bueiningar kan vere felles om leikeplassen, som minimum skal ha ei sandkasse, ein benk og noko fast dekke. Områdeleikeplass skal avsettast i område der det blir etablert 20 eller fleire bueiningar. Alle bueiningar skal innan gangavstand på 150 meter ha ein kvartalsleikeplass med storleik 1.500 m 2. Maksimalt 50 bueiningar kan vere felles om leikeplassen, som skal tilretteleggast for varierte aktivitetar som for eksempel balleik, aking, sykling osv. Områdeleikeplassane skal ved nye feltutbyggingar opparbeidast og ferdigstillast før den første bueininga flyttar inn. Når det gjeld medverknad vil planforslaget bli lagt fram for Vestnes ungdomsråd. Der er det også elevrådsrepresentantar frå Helland Skule, som Ramberget soknar til. Barnerepresentanten vurderer føreslåtte nærleikeplassar i Ramberget som små og ikkje optimalt plasserte (mellom interne vegar). Det bør stillast krav til inngjerding og opparbeiding tilsvarande eksempelet ovanfor (min. sandkasse og ein benk). Når det gjeld områdeleikeplass er bustadfeltet Ramberget sentralt plassert med 1km til skuleområdet, 1km til Idrettsparken, 3-400 m til Kråkvika friluftsområde og direkte tilgang til terrenget i sør. Barnerepresentanten meiner dette er gode tilbod i rimeleg gangavstand og at ein derfor ikkje treng stille krav om områdeleikeplass. Utbyggar bør i staden vurdere å anlegge ein tredje leikeplass, for born som er litt eldre enn sandkassestadiet. Ei eigna plassering kan vere å bruke ein del av friarealet i sør (mot profil A på illustrasjonsplanen). Der er det relativt romsleg, lite stigning og mulegheit for etablering av ca. 200 m2 leikeareal.
Vegteknisk Avstanden til fylkesvegen (byggegrense) er foreslått til 15 m frå senter veg. Statens vegvesen har foreløpig sagt 30 meter, men i etablert nabofelt (Skogvegen) er byggegrensa ned mot 18 meter. Tidlegare (år 2000) har vegvesenet godkjent 15 m som minimum. Adm.sjefen har ingen merknad til foreslått byggegrense på denne strekninga og føresett at utbyggar og vegvesen kjem fram til ei løysing på dette punktet. Det viktigaste er at det er plass mellom veg og tomter til å etablere gang-/sykkelveg langs fylkesvegen mellom Myrateigen og Ramberget. Planforslaget har tatt høgde for dette. Trafikktrygging og skuleveg Med tanke på trafikktrygging, meiner barnerepresentanten at Vestnes kommune så snart som råd må anlegge gang-/sykkelveg og veglys vidare langs Misfjordvegen frå Myrateigen og til den planlagde avkjørselen til Ramberget. Dette er også i samsvar med Statens vegvesens innspel i brevet frå år 2000. Forslag til regulert gangsamband mellom Ramberget og Myrateigen bør ferdigstillast før bustadane i det nye feltet blir tatt i bruk. Dette sambandet må vere vinterope som gangveg til skuleområdet og kan også fungere som gangveg mot sentrum inntil gang-/sykkelveg langs fylkesvegen er realisert. Andre tema Når det gjeld andre aktuelle tema, viser adm.sjefen til det som er nemnt i planomtalen og andre plandokument og har ikkje vesentlege merknader til dette. Oppsummering Planforslaget kan leggast ut til offentleg ettersyn. Eventuell seinare justeringar med omsyn til plassering av leikeplass på friarealet i søraustlege hjørnet av BKS6, vil etter adm.sjefen si vurdering ikkje innebere så store endringar at planen må ha nytt offentleg ettersyn. Særutskrift til: Etter adresseliste Vedlegg: 1 Følgeskriv 2 Planbeskrivelse Rev. 280314 3 Planbestemmelser Rev. 280314 4 Plankart Rev. 280314 5 Vedlegg A Illustrasjonsplan Rev. 280314 11 Vedlegg B Vegprofiler 12 Vedlegg C Profil a-a 13 Vedlegg D Profil b-b 14 Vedlegg E Profil c-c 15 Vedlegg F Kunngjering oppstart regulering 16 Vedlegg G Varsel om oppstart til naboer 17 Vedlegg H Varsel om oppstart off. instanser 18 Vedlegg I Varslingsliste 19 Vedlegg J merknader-innspel til oppstart 20 Vedlegg K Årim fråsegn til utkast 21 Vedlegg L Sjekkliste ROS 22 Tilleggskontrakt til kjøpekontrakt av 09.09.2013 - signert 23 Forutsetninger for salg og bestemmelser knyttet til utbygging og drift av eiendommen 24 Kjøpekontrakt mellom Vestnes kommune og AG Prosjekt AS - signert
25 Skredvurdering Ramberget 26 Brev frå Statens vegvesen i 2000