Forfall skal meldast til telefon eller e-post: Vararepresentantane møter kun etter nærare avtale.

Like dokumenter
Tilstandsrapporten for grunnskulen i Kvinnherad 2016

Saksframlegg. Kvinnherad kommune

Saksframlegg. Kvinnherad kommune

Tilstandsrapport for grunnskulen i Sykkylven 2014/15.

Saksnr. Utval Møtedato 003/18 Skule- og kulturutval

Tilstandsrapport for grunnskulen 2014/2015

- perla ved Sognefjorden - Rapport om tilstanden i balestrandskulen. for Balestrand kommune

SKULEFRITIDSORDNINGA I SVEIO

Utviklingsplan skuleåret Varhaug skule

Utviklingsplan Skule: Vigrestad storskule

Årsmelding Tellnes skule 2017

Utviklingsplan Lye ungdomsskule

Vedtekter for SFO - Skolefritidsordninga

Rapport om tilstanden i balestrandskulen

HANDLINGSPLAN FOR NORDBYGDO UNGDOMSSKULE

Utviklingsplan for Vigrestad skule. Dagfrid Bekkeheien Skrettingland

Til: Arne Fredriksen/Økonomiavdelinga Dato: Fra: Britt Vikane Referanse: 15/ Kopi:

PLAN FOR EIT INKLUDERANDE BARNEHAGE- OG SKULEMILJØ

VEDTEKTER FOR SKULEFRITIDSORDNING I NAUSTDAL KOMMUNE

Saksframlegg. Kvinnherad kommune. Innstilling frå rådmannen: Levekårskomiteen sluttar seg til framlegg til uttale slik det går fram av saksutgreiinga.

Prosedyre Opplæringslova 9A Elevane sitt skulemiljø

Gol kommune er eigar og ansvarleg for drifta ved skulefritidsordninga (SFO) for elevar i grunnskulen i Gol.

Giske kommune -historisk og framtidsretta- Kvalitets- og utviklingsmelding for grunnskulen i Giske 2015

Vedtekter for skulefritidsordninga i Hemsedal kommune

Saksframlegg. Kvinnherad kommune. Finansiering av ikkje-kommunale barnehagar i Kvinnherad 2011.

Tilstandsrapport for grunnskolen i Kvinnherad

VEDTEKTER FOR SKULEFRITIDSORDNINGANE I FØRDE KOMMUNE

Forfall skal meldast til telefon eller e-post: Vararepresentantane møter kun etter nærare avtale.

Utviklingsplan skuleåret Vasshus skule Glede og tryggleik gir meistring

Tilstandsrapport for grunnskulane i Stranda 2014

UTVIKLINGSPLAN Bø skule

Årsmelding Fjell kulturskule 2018

Utviklingsplan skuleåret Tu skule Læringsleiing i det digitale klasserommet

KVALITETSPLAN SKULAR OG BARNEHAGAR

STRATEGI FOR UNGDOMSTRINNET «MOTIVASJON OG MESTRING FOR BEDRE LÆRING»

Årsmelding Misje skule 2018

ephorte 2011/777-7 Vedteke i kommunestyresak 17/12. Gjeldande frå Vedtekter for kommunale skolefritidsordninger i Aukra

Styre, råd og utval Møtedato Saksnr Levekårskomite /10 Bystyret Arkiv: FA-A22, FA-

MØTEINNKALLING. Orientering om kulturminneregistreringsprosjektet v/ Gunhild Alis Berge Stang SAKLISTE

Tilstandsrapport for grunnskolen 2016

Kommunale vedtekter forskulefritidsordningane i Sunnfjord kommunane

Utviklingsplan skuleåret Orstad skule. Ein trygg stad å vera, ein god stad å læra

Saksprotokoll. Arkivsak: 11/794 HØYRING - NASJONAL BESTEMMING OM LÆRARTETTLEIK I GRUNNSKOLEN

Ørskog kommune Kvalitetsplan for utvikling av oppvekstområdet i perioden Vedteken av Ørskog kommunestyre

PLAN FOR KVALITETSUTVIKLING

Arsmelding Valen skule

Tilstandsrapport for grunnskulen i Fjell

Saksframlegg. Kvinnherad kommune. Saksgang Saksnr Utval Møtedato 2014/7 Komite for oppvekst, kultur, idrett

K-SAK 53/18. TILSTANDSRAPPORT FOR GRUNNSKULEN 2017

Utviklingsplan Skule: Klepp ungdomsskule

Dato: Fredriksen/Økonomiavdelinga Fra: Ingebjørg By Teigen Referanse: 15/ Kopi:

Hå kommune Vigrestad storskule

Fritid på skulen. Kvalitetsplan for Skulefritidsordninga (SFO) i Sveio kommune Foto: Ida Vollum

Dette notatet baserer seg på dei oppdaterte tala frå dei tre siste åra. Vi ønskjer å trekke fram følgjande:

Utviklingsplan skuleåret Vasshus skule Glede og tryggleik gir meistring

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Bente Glomset Vikhagen Arkiv: 430 A20 Arkivsak nr.: 10/440

Jelsa oppvekstsenter SFO 2017/2018. «Me lærer, me trivst og me tek vare på kvarandre»

Austevoll kommune. Tilleggsinnkalling Tenesteutvalet

Årsmelding Bjorøy skule 2016

Kommunestyret støttar framlegget til endringar i Opplæringslova når det gjeld:

SAKSPAPIR. Saksnr Utval Type Dato 091/14 Levekårsutvalet PS

Hovudmålet for den vidaregåande opplæringa i Hordaland for skoleåret er:

K-SAK 52/17 TILSTANDSRAPPORT FOR GRUNNSKULEN Kommunestyret handsama saka i møte og gjorde slikt vedtak:

Utviklingsplan Lye ungdomsskule

VOLDA KOMMUNE Servicekontoret

«VURDERING FOR LÆRING» Retningsliner for skulane i Lindås

Kommunedelplan for oppvekst

Ny 9a- Eit trygt. og godt skulemiljø. Kvinnherad kommune - rutinar. Anne Sofie Bjelland Kjeka KVINNHERAD KOMMUNE

Arbeidsgruppa for prosjektet Oppvekstplan for Fyresdal kommune ynskjer innspel til arbeidet.

Orienteringar: Solbakkenprosjektet Arbeidet så langt m.o.t. PLO prosjektet Samhandlingsreforma og kva som ligg så langt i den økonomiske pakken

Årsmelding Malmanger oppvekstsenter, Mauranger skule, Malmanger skule og Mauranger barnehage

Høyring Masfjorden kommune med saksnummer034/2018 Svar på høyring om samanslåing av ungdomskular frå FAU ved Matre Skule

Styringsdokument. for det pedagogiske utviklingsarbeidet ved dei vidaregåande skulane. Skuleåret 2019/20

SAKSDOKUMENT. Utvalsaksnr Utval Møtedato Formannskapet Kommunestyret BETALINGSSATSAR I SFO, KULTURSKULE OG BARNEHAGAR 2015

Elevundersøkinga 2016

Tilstandsrapport 2016 fra Skoleporten

Vurdering på barnesteget. No gjeld det

Opning av pilot oppvekstbibliotek, Skjolden oppvekstsenter

Tilstandsrapport vidaregåande opplæring 2014/15

Vår ref. Arkivkode Stad/Dato 15/24932 ISR B13 &14 Vigrestad,

Tiltak frå førebyggande helse; Jordmor, helsestasjon og skulehelsetenesa

Svara i undersøkinga vil bli brukte til å forbetre læringsmiljøet på skolen, og vi håper derfor du svarer på alle spørsmåla.

PRIORITERINGAR OG RETNINGSLINJER FOR VIDAREUTDANNING I GRUNNSKULEN I KVINNHERAD KOMMUNE

Velkommen til orienteringsmøte om skulestart Torsdag

Utviklingsplan Skule: Vigrestad storskule

Nytt kap 9A opplæringslova. Prop 57 L ( )

RETNINGSLINER FOR SKULEMILJØ KAPITTEL 9A 1. AUGUST 2017

Vurdering på ungdomssteget og i vidaregåande opplæring. No gjeld det

Utviklingsplan skuleåret Skule: Undheim «Mot til å meina, lyst til å læra. Tryggleik og trivsel.»

FORELDREMØTE 8. TRINN ONSDAG VURDERING, FRÅVER, VALFAG MM.

Kvalitetsmelding for 2015

Rapport etter tilsyn Dåfjorden barnehage/fitjar

Sakspapir. Saksnr Utvalg Type Dato 04/2017 Utval for levekår PS

BØ SKULE SIN STRATEGIPLAN SKULEÅRET 17/18

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING VED SKJÅK BARNE- OG UNGDOMSSKULE

Årsmelding Knappskog skule 2016

Tilbakemelding på nasjonalt tilsyn i Vinje kommune i høve forvaltningskompetanse - avgjerder om særskild tilrettelegging

GLOPPEN KOMMUNE OPPVEKSTUTVALET TILLEGGSSAK SAKLISTE: Møtedato: Møtestad: Gloppen ungdomsskule Møtetid: Kl. 09:00

Utviklingsplan 2015 Meling skule. "Det har jeg aldri prøvd før, så det tror jeg sikkert jeg kan klare."

Kommunale forskrifter til Opplæringslova for Seljord kommune.

Transkript:

MØTEINNKALLING Utval Levekårskomiteen Møtedato 06.11.2017 Møtestad Kulturskulebygget Møtetid 16:00 - Kl 16:00: Behandling av saker etter saksliste kl 18:00: omvising og program v/kulturskulen Forfall skal meldast til telefon 53 48 31 00 eller e-post: post@kvinnherad.kommune.no Vararepresentantane møter kun etter nærare avtale. Rosendalsvegen 10 5470 Rosendal Tlf: 534 83 100 Fax: 534 83 130 Org. nr: 964 967 636 Bankgiro: 3460.07.00083 post@kvinnherad.kommune.no www.kvinnherad.kommune.no

SAKLISTE Saksnr Innhald PS 2017/31 Styrka pårørandestøtte - informasjon om endringar i helse- og omsorgstenestelova m.m. PS 2017/32 Tilstandsrapport for grunnskulen i Kvinnherad PS 2017/33 Vedtekter Skulefritidsordninga i Kvinnherad PS 2017/34 Rullering av kommunedelplan for idrett, fysisk aktivitet og friluftsliv - Handlingsprogram 2018-2021 PS 2017/35 Tildeling av kulturpris 2017 PS 2017/36 Kulturskulelova 20 år. Kvinnherad kommune side 1

Saksframlegg Kvinnherad kommune Saksmappe Saksbehandlar 2017/4066-1 Mona Enes Saksgang Saksnr Utval Møtedato 2017/31 Levekårskomiteen 06.11.2017 Styrka pårørandestøtte - informasjon om endringar i helse- og omsorgstenestelova m.m. Innstilling frå rådmannen: Levekårsutvalet tek saka til orientering. Saksutgreiing: I følje pasient og brukarrettslova 2-8, kan den som har som har særleg tyngande omsorgsarbeid, krevje at den kommunale helse- og omsorgstenesta treff vedtak om at det skal setjast i verk tiltak for å letta omsorgsbyrden. Kommunen si plikt til å yta denne type støtte til pårørande er regulert i helse- og omsorgstenestelova. Frå 1. oktober i år er kommunen sitt ansvar overfor pårørande samla i ny 3-6 i denne lova. I følje denne lovheimelen skal kommunen tilby nødvendig pårørandestøtte blant anna i form av: 1)opplæring og vegleiing 2) avlastningstiltak og 3) omsorgsstønad. Det er brukaren sitt ynskje om pårørandeomsorg som ligg til grunn for kommunen si plikt. Opplæring og vegleiing Omfattar opplæring og vegleiing knytt til dei arbeidsoppgåvene som føl av det særleg tyngande omsorgsarbeidet. Utover dette gjeld den alminnelege informasjons- og vegleiingsplikta som er regulert i pasient og brukarrettslova og forvaltningslova som før. Føremålet med opplæring og vegleiing knytt til omsorgsarbeidet og eigen rolle som omsorgsytar er, å gje den pårørande støtte til å på best mogeleg måte handtere og meistre rolla si og ivareta pasient/brukar på ein forsvarleg måte. Samtidig gje grunnlag for å arbeide førebyggjande når det gjeld den pårørande sin eigen helse- og livssituasjon. Avlastningstiltak Regelen er ei vidareføring av gjeldande rett, og erstattar tidlegare 3-2, 1. ledd nr 6, bokstav d. Avlastningstiltak skal hindre overbelastning og gje omsorgsytar nødvendig fritid og ferie og gjera det mogeleg å delta i vanleg samfunnsaktivitet. Ved tildeling av avlastande tenester skal det leggjast vekt på Kvinnherad kommune side 1

både omsorgsgjevar og omsorgsmottakar sine behov. Departementet understrekar at tilbodet skal vera fagleg forsvarleg, individuelt tilrettelagt og koordinert med andre hjelpetiltak. Dei presiserer vidare at ingen har rett til ei bestemt teneste. Det er kommunen som avgjer kva tenester kommunen tilbyr, så lenge tenestetilbodet dekker behovet for nødvendige og forsvarlege tenester. Avlastning kan gis ut frå ulike behov og organiserast på ulike måtar både i og utafor heimen/ i og utafor institusjon. Omsorgsstønad Omsorgsstønad erstattar tidlegare omsorgslønn, og er ei vidareføring av gjeldande rett. Tilbod om omsorgsstønad er berre aktuelt å vurdera der dette er eit ynskje både frå brukar og pårørande. Reglane er retta mot pårørande som har særleg tyngande omsorgsarbeid. Kva som er særleg tyngande omsorgsarbeid må avgjerast etter ei konkret vurdering i det enkelte tilfellet. Moment som vert vektlagt i ei slik vurdering er arbeidsomfang (tid), varighet og arbeidsbelastning (mengde), samt fysisk og psykisk påverknad arbeidet medfører og om omsorgsytar har omsorgsplikt. Pårørande er i denne samanheng den som pasienten eller brukaren sjølv oppgjev som sin pårørande, jf. pasient og brukarrettslova 1-3 første ledd bokstav b. Pasienten sin pårørande kan med det omfatta nærståande utover familie og slektskapsforhold. I følje lovforarbeida er eit av formåla med lovendringa å gjera det tydlegare for pårørande kva tenester eit vedtak om tiltak etter pasient og brukarrettslova 2-8 kan omfatta. Samtidig er kommunen gitt plikt til å gjera ei sjølvstendig vurdering av pårørande sitt behov for støtte og fatta vedtak om tenester knytt til dette. Ved tildeling av helse- og omsorgstenester retta mot pårørande, vil den pårørande ha partsrettar etter forvaltningslova og med det også sjølvstendig klagerett. Pårørande vil på same måte som brukar ha rettar knytt til medverknad ved utforming av tenester for hjelp til eigen situasjon som det som elles føl av pasient og brukarrettslova. Informasjonen er basert på Prop. 49 L (2016-2017) Vurderingar i forhold til drift Lovendringa krev eit auka fokus på opplæring og vegleiing av pårørande med særleg tyngande omsorgsarbeid. Dette må gjerast kjent for tilsette, og det er planlagt opplæring, for leiarar og saksbehandlarar av helse og omsorgstenester, i november 2017. Avlastning i institusjon krev gjennomgang av malar grunna endra lovheimling, elles ingen endring. Behov for auka fokus på andre avlastande tenester. Omsorgsstønad krev gjennomgang av rutinar og malar grunna endra lovheimling, elles ingen endring. Økonomisk konsekvens: Må løysast innanfor eksisterande ramme. Miljømessig konsekvens: Ingen. side 2 Kvinnherad kommune

Saksframlegg Kvinnherad kommune Saksmappe Saksbehandlar 2017/3238-4 Anne Sofie Bjelland Kjeka Saksgang Saksnr Utval Møtedato 2017/32 Levekårskomiteen 06.11.2017 Tilstandsrapport for grunnskulen i Kvinnherad Innstilling frå rådmannen: Kommunestyret tar tilstandsrapporten for grunnskulen 2016 til orientering, og sluttar seg til dei vurderingane som ligg føre. Saksutgreiing: Bakgrunn Opplæringslova 13-10 : «Som ein del av oppfølgingsansvaret skal det utarbeidast ein årleg rapport om tilstanden i grunnskuleopplæringa og den vidaregåande opplæringa, knytt til læringsresultat, fråfall og læringsmiljø. Den årlege rapporten skal drøftast av skuleeigar dvs. kommunestyret, fylkestinget og den øvste leiinga ved dei private skulane» Utgreiing Kvinnherad kommunestyret vedtok i møte den 25.03.2014 lokale utviklingsmål for grunnskulen i Kvinnherad 2014-2017. Dette er bakteppe for vurderingane av kommuneresultata. Skuleeigar hadde hausten 2016 dialogmøte med skuleleiinga ved alle skulane i høve skulane sine prosessar knytt til læringsresultat og læringsmiljø. Målsetjinga er å sikra kontinuerleg utvikling og betring av resultat. Skuleeigar har tilgang til alle resultat på skulenivå, og nyttar desse i oppfølginga av den enkelte skule. Tilstandsrapporten 2016 syner berre resultat på kommunenivå. Vurdering Læringsresultata for Kvinnherad kommune blir samanlikna med fylket og landet. I følgje vedtekne indikatorar og lokale utviklingsmål skal resultata liggja minst på snitt for landet. På fleire område kan ein for 2016 sjå ei positiv utvikling. Kvaliteten i læringsmiljøet til elevane kjem først og fremst fram i elevundersøkinga. Denne syner også gode resultat på fleire område i 2016 Vurderingane av resultata, skal liggja til grunn for vidare satsingar for å heve kvaliteten i grunnskulen. Grunnskulen satsar no meir samla på dei områda der det vert avdekka at kvaliteten og resultata må betrast. Kvinnherad kommune side 1

Økonomisk konsekvens: Ingen Miljømessig konsekvens: Ingen Vedlegg: side 2 Kvinnherad kommune

Tilstandsrapporten for grunnskulen i Kvinnherad 2016 Ephorte 2017/3238-2 1

Innhaldsliste 1.0 INNLEIING OG SAMANDRAG... 4 1.1 Grunnskulen i Kvinnherad innhald og satsingar... 4 2.0 ELEVAR OG TILSETTE... 5 2.1 Tal på elevar og lærarar... 5 2.2 Årsverk for undervisningspersonale... 5 2.3 Andel årstimar gitt av personale med godkjent utdanning... 5 2.4 Ressursar til undervisninga... 6 2.5 Refleksjon og vurdering i høve elevar, tilsette og ressursar til skulane... 6 3.0 LÆRINGSMILJØ... 7 3.1 Elevundersøkinga... 8 3.1.2 Støtte frå lærarane:... 8 3.1.3 Vurdering for læring... 8 3.1.4 Læringskultur... 8 3.1.5 Meistring... 8 3.1.6 Elevdemokrati og medverknad... 8 3.1.7 Mobba på skolen av andre elevar... 8 3.1.8 Elevar som har blitt mobba av andre elevar på skolen 2-3 gonger i månaden eller oftare... 9 3.2 Refleksjon og vurderingar i høve læringsmiljø... 9 3.3 Tiltak...10 4.0 LÆRINGSRESULTAT...10 4.1 Lesing og norsk...10 4.1.1 Nasjonale prøvar i lesing 2016...10 4.1.2 Eksamen og standpunkt i norsk...10 4.1.3 Refleksjon og vurderingar...11 4.2 Rekning og matematikk...11 4.2.1. Nasjonale prøvar i rekning...12 4.2.2 Eksamen og standpunkt i matematikk...12 4.2.3 Refleksjon og vurderingar...12 4.3 Engelsk...13 4.3.1 Nasjonale prøvar i engelsk...13 4.3.2 Standpunkt og eksamen i engelsk...13 4.3.4 Refleksjon og vurderingar...14 4.4 Grunnskulepoengsum...14 4.9 Refleksjon og vurderingar...14 2

4.5 Tiltak i høve læringsresultat...14 5.0 GJENNOMFØRING AV VIDAREGÅANDE OPPLÆRING...15 6.0 SPESIALUNDERVISNINGA...16 7.0 SÆRSKILD NORSKOPPLÆRING FOR MINORITETSSPRÅKLEGE...16 8.0 SKULEFRITIDSTILBOD (SFO)...16 9.0 TILBOD OM LEKSEHJELP....17 10.0 KULTURSKULEN...17 11.0 KONKLUSJON OG FRAMOVERMELDING..18 3

1.0 INNLEIING OG SAMANDRAG 1.1 Grunnskulen i Kvinnherad innhald og satsingar Tilstandsrapporten er ein del av det ordinære plan-, budsjett- og rapporteringsarbeidet og har kvalitetsutvikling som siktemål. Det er ein årleg rapport for å gjera kvaliteten i opplæringa kjent og forstått. Kvaliteten på læringsmiljøet i skulane kjem fram i elevundersøkinga. Det er ei digital spørjeundersøking for elevane på 7. og 10. trinnet. Læringsresultata er henta frå nasjonale prøvar, eksamen og grunnskulepoeng. Det er elevane på 5., 8. og 9. trinnet som tek dei nasjonale prøvane. Elevane vert testa i lesing, rekning og engelsk(berre 5. og 8.). Eksamensresultata er henta frå elevane på 10. trinnet og grunnskulepoenga er rekna ut av dei avsluttande karakterane til elevane. Oversikt over ressursar til skulane er henta frå GSI og Skoleporten. Grunnskulen i Kvinnherad er fordelt på elleve skular og tre oppvekstsenter. To av oppvekstsentera har ungdomstrinn og tre av skulane er reine ungdomstrinn. Hausten 2016 var det 1 698 elevar i grunnskulen i Kvinnherad og 212 lærarar. Dette er ein nedgang frå dei føregåande åra og barnetalet er tydeleg på veg nedover i kommunen. Samanlikna med skuleåret før var det 32 færre elevar og 7 færre lærarar. To skular vart avslutta, Brekke skule på Fjelberg hadde berre ein elev att og foreldra på Varaldsøy valde å søkja borna sine frå Trå skule til Hatlestrand skule på Nordsida oppvekstsenter. Det er ei styrt utvikling at skuletilbodet vert gjeve nærast mogleg der elevane bur og grunnskulen er såleis sett saman av mange desentraliserte einingar. I samband med omorganiseringsprosessen i Kvinnherad har det vore mindre justeringar innanfor oppvekst. Fleire oppvekstsenter er blitt oppløyste, noko som har ført til at nokre skular har blitt eigne einingar. Vaksenopplæringa har gått over til sektor for omsorg og helse og biblioteket og kulturskulen er blitt sjølvstendige einingar i sektor for oppvekst. Sektoren har ansvar for tenestetilbodet til barn og unge mellom 0 20 år og har i oppgåve å samarbeida og samhandle på tvers av einingane for å gje best mogleg tilbod innanfor dei rammene ein har. Saman med dei andre sektorane er satsinga på «betre tverrfagleg innsats» (BTI) eit tiltak for å auka samhandlinga og samarbeidet. Tidleg innsats er ei målsetjing og satsing i sektoren. Skulane i Kvinnherad har hatt og har gode oppvekstmiljø. Resultata som viser på skuleeigarnivå er gode, sjølv om dei varierer noko frå skule til skule og frå år til år. Læringstrykk og læringsresultat varierer. Det er gledeleg at grunnskulepoenga for grunnskulen i 2016, var gode samanlikna med fylke og landet. Dei faglege resultata på standpunkt og eksamen var ikkje så positive. Elevane sine grunnleggjande dugleikar i lesing og rekning varierer noko frå skule til skule. Grunnskulane skal dei komande åra ha fleire felles satsingar: 1. Kultur for læring: Innanfor den satsinga kjem alle skulane i kommunen til å delta i høgskulen i Innlandet si kompetanseheving innanfor betre vurderingspraksis (VFL Vurdering for læring) 2. Læringsmiljø: Innanfor denne satsinga skal skulane frå skuleåret 2018 delta i prosjektet «Eit inkluderande barnehage og skulemiljø. 3. Digital skule for framtida: Det skal utarbeidast overordna plan for Kvinnherad kommune, med mål om betre digital kompetanse og hensiktsmessige system for å best mogeleg møte framtida. Ny teknologi kan vera grunnlag for trivsel, læring og deltaking i skule og samfunn. 4. Trafikksikker kommune: Systematisk arbeid for å førebygga hendingar. 4

2.0 ELEVAR OG TILSETTE 2.1 Tal på elevar og lærarar Talet på elevar Talet på skolar Talet på lærarar med kontaktlærarfunksjon Talet på lærarar 2013-13 2013-14 2014-15 2015-16 2016-17 1 775 1 754 1 745 1 730 1 698 18 17 17 17 15 144 142 142 138 133 223 221 226 219 212 2.2 Årsverk for undervisningspersonale 2013-13 2013-14 2014-15 2015-16 2016-17 Årsverk for undervisningspersonale 187,2 183,2 180,8 177,4 170,4 Antall elever per årsverk til 11,0 11,1 11,0 11,3 11,6 undervisning Antall assistentårsverk i 33 32 28 28 24 undervisningen Antall elever per assistentårsverk i 53,7 54,6 62,7 61,4 72,2 undervisningen Antall assistentårsverk per hundre 17,7 17,5 15,4 15,9 13,8 lærerårsverk Lærertetthet 1.-7. trinn 11,6 11,6 11,7 11,7 12,6 Lærertetthet 8.-10. trinn 12,9 13,5 13,0 14,3 13,3 Lærertetthet i ordinær undervisning 14,5 14,6 14,7 15,1 15,7 Kvinnhead kommune Hordaland fylke Nasjonalt Årsverk for undervisningspersonale 173,7 5806,1 58 421,0 Antall elever per årsverk til undervisning 11,6 12,3 12,1 Antall assistentårsverk i undervisningen 25 854 8 868 Antall elever per assistentårsverk i 69,4 74,0 71,0 undervisningen Antall assistentårsverk per hundre lærerårsverk 14,4 14,7 15,2 Lærertetthet 1.-7. trinn 12,6 13,3 13,2 Lærertetthet 8.-10. trinn 13,3 14,7 14,0 Lærertetthet i ordinær undervisning 15,7 17,0 16,8 Andel undervisning gitt av 92,6 98,1 95,5 undervisningspersonale med godkjent utdanning Lærertimer som gis til undervisning 106 394 3 657 252 36 990 466 Undervisningstimer totalt per elev 61 58 59 2.3 Andel årstimar gitt av personale med godkjent utdanning 2012-2013 2013-2014 2014-2015 2015-2016 2016-2017 5

Andel undervisning gitt av 97,0 98,4 97,2 96,0 92,6 undervisningspersonale med godkjent utdanning Lærertimer som gis til undervisning 114 772 112 096 112 160 108 661 104 178 2.4 Ressursar til undervisninga. Tabellen og diagrammet under viser netto driftsutgifter til grunnskule per innbyggjar 6 15 år dei siste fire åra i Kvinnherad, Hordaland og nokre samanliknbare kommunar. 2013 2014 2015 2016 Kvinnherad 92 742 96 328 95 782 99 980 Hordaland 79 279 80 790 82 705 84 060 Kostragruppe 11 85 629 87 971 89 369 91 343 Mandal 64 682 70 230 72 985 75 681 Stord 76 162 79 063 81 268 82 792 Voss 84 702 88 871 92 158 93 411 2.5 Refleksjon og vurdering i høve elevar, tilsette og ressursar til skulane Hausten 2016 var det 1 698 elevar i grunnskulen i Kvinnherad og 212 lærarar. Dette er ein nedgang frå dei føregåande åra og nedgangen i barnetal er ein trend i kommunen. Samanlikna med skuleåret 6

før var det i 2016 32 færre elevar, 7 færre lærarar og 4 færre klassar. To skular vart avslutta. Brekke skule på Fjelberg hadde berre ein elev att og foreldra på Varaldsøy valde å søkja borna sine frå Trå skule til Hatlestrand skule på Nordsida oppvekstsenter. Fødselstala dei siste seks åra har gått nedover og dersom kommunen ikkje får svært stor tilflytting av barnefamiliar og med det auke i barnetalet dei komande åra, vil nedgangen i elevtalet i skulen berre fortsetja i åra som kjem. Me ser vidare at kvar lærar har fleire elevar i undervisningstimane. Dei siste fem åra har dette talet stige kvart år, frå 11,0 elevar i 2012 til 11,6 i 2016. Statistikken viser at det er fleire elevar i undervisningsgruppene på ungdomstrinnet enn på barnetrinnet. Gjennomsnittleg lærartettleik i den ordinære undervisninga på 1-10 trinnet (då har ein teke vekk spesialundervisningsgruppene) har auka frå 14,5 i 2012 til 15,7 i 2016. I Hordaland er dette talet i 2016 17 og nasjonalt er det gjennomsnittleg 16,8 elevar i undervisningsgruppene. Det som er viktig å merka seg er at elevtalet i klassane varierer mykje frå skule til skule. Skular med få elevar i klassane dreg gjennomsnittstalet ned og nokre av skulane med store klassar har opp mot 30 elevar i gruppene i store deler av undervisninga. I og med at talet på lærarar også går ned, vil det truleg ikkje bli så store rekrutteringsvanskar framover som ein har frykta. Ei stor gruppe lærarar i kommunen er rundt 60 år og denne gruppa skal ut av arbeidslivet dei næraste åra. Ei større problemstilling er truleg den formelle undervisningskompetansen til lærarane. Særleg på dei minste skulane med få tilsette er det vanskeleg å organisera undervisninga slik at lærarane har høg nok formell kompetanse i basisfaga. Av tabellen over ser me at delen av undervisningstimar med lærarar som har formell undervisningskompetanse går ned i skulen i Kvinnherad. I 2012 var 97 prosent av gjennomført undervisning utført av pedagogar med formell kompetanse, i skuleåret 2016/2017 er me nede i 92,6 prosent. Det seier litt om utfordringa at samstundes som dette skjer så får svært mange av lærarane i Kvinnherad statleg vidareutdanning i basisfaga. Særleg har ein her satsa på matematikkfaget. Dei nye kompetansekrava utfordrar oss og det er viktig å auka satsinga på vidareutdanning av lærarar framover. Ei anna utfordring er at kompetanse i kunstfaga er mangelfull ved mange av skulane våre. Med dei nye læreplanane som kjem framover no, vil dette også bli eit fokusområde for skuleeigar. Når ein ser på dei økonomiske ressursane som vert nytta i grunnskulen i Kvinnherad og fordeler dette på alle innbyggjarane mellom 6 og 15 år, så vert gjennomsnittleg sum per barn svært høg, uansett om me samanliknar oss med fylket, nasjonen eller andre samanliknbare kommunar. Dette er ei vald og vilja utvikling i kommunen. Skulebruksplanen legg opp til ein skulestruktur der alle grendaskulane vert oppretthaldne vidare framover. Det er i tillegg politiske vedtak på at barn frå nokre deler av kommunen får velja skuletilbod i andre kommunar. Dette er kostbare tilbod for kommunen i og med at me har ledig kapasitet i eigne skular, og det ikkje hadde kosta noko å hatt fleire elevar i eigne klassar. Det er likevel klart at dette er gode ordningar for einskildelevar. For å oppretthalda eit bra skuletilbod med god kvalitet framover, er det viktig at det vert forsett å løyva nok midlar til skulesektoren. Kommunen sitt strategival med ein desentralisert skulestruktur er økonomisk kostbar og må følgjast opp med økonomiske ressursar. 3.0 LÆRINGSMILJØ 7

3.1 Elevundersøkinga Elevundersøkinga blir gjennomført ved alle skulane på 7. og 10. trinnet. Nedanfor presenterer vi nokre resultat frå hovudområder som elevane svarar på. Skala: 1-5. Høg verdi vil seie positivt resultat. Unntaka er «Mobba av andre elevar på skolen» der låg verdi er positivt og «Andel av elevar som er blitt mobba» som er i prosent. 3.1.2 Støtte frå lærarane: Indeksen viser korleis elevane opplever emosjonell og fagleg støtte frå lærarane. Støtte frå lærarane 2013-14 2014-15 2015-16 2016-17 7. trinnet 4,5 4,3 4,5 4,5 10.trinnet 4,0 4,1 4,0 4,1 3.1.3 Vurdering for læring Indeksen kartlegg elevane si oppleving av dei fire prinsippa i vurdering for læring. Vurdering for læring 2013-14 2014-15 2015-16 2016-17 7. trinnet 3,9 3,7 4,0 4,1 10. trinnet 3,3 3,4 3,3 3,4 3.1.4 Læringskultur Indeksen viser om elevane opplever at skolearbeidet er viktig for klassen, og om det er rom for å gjere feil i læringsarbeidet. Læringskultur 2013-14 2014-15 2015-16 2016-17 7. trinnet 4,0 3,9 3,9 4,0 10.trinnet 3,5 3,8 3,7 3,9 3.1.5 Meistring Indeksen viser elevane si oppleving av meistring i samband med undervisning, lekser og arbeid på skulen. Meistring 2013-14 2014-15 2015-16 2016-17 7. trinnet 4,0 4,0 4,0 4,0 10.trinnet 3,9 4,0 3,9 3,9 3.1.6 Elevdemokrati og medverknad Indeksen viser elevane si oppleving av om det er mogleg å medverke i arbeidet med faga, og om dei får vere med og avgjere klassereglar og delta i elevrådsarbeid. Elevdemokrati og medverknad 2013-14 2014-15 2015-16 2016-17 7. trinnet 2,8 3,8 3,7 3,8 10.trinnet 3,2 3,5 3,3 3,6 3.1.7 Mobba på skulen av andre elevar Gjennomsnittsverdien for indikatoren Mobba på skulen av andre elevar er berekna ut frå kor mange som opplever at dei blir mobba av andre elevar på skulen, og kor ofte dei blir mobba. Verdien viser 8

ikkje talet på elevar som i snitt blir mobba av andre elevar på skulen. Ein og same verdi kan enten indikera at mange kryssar av at dei blir mobba sjeldan, eller at færre kryssar av at dei blir mobba hyppig. Eit snitt ned mot verdien 1 tyder på lite mobbing i skulen. Mobba på skolen av andre elevar 2013-14 2014-15 2015-16 2016-17 7. trinnet 1,1 1,2 1,3 1,2 10.trinnet 1,3 1,1 1,2 1,2 3.1.8 Elevar som har blitt mobba av andre elevar på skulen 2-3 gonger i månaden eller oftare Tala under viser den prosentdelen elevar som opplever å bli mobba 2 eller 3 gonger i månaden eller oftare av andre elevar. Prosentdelen elevar som opplever mobbing på skulen av andre elevar er summen av den prosentdelen elevar som har kryssa av på svaralternativa «2 eller 3 gonger i månaden», «Omtrent 1 gong i veka» og «Fleire gonger i veka». Tala under seier ikkje noko om kor ofte elevane opplever å bli mobba. Andel elevar som har blitt mobba 2013-14 2014-15 2015-16 2016-17 7. trinnet 1,8 3,8 8,8 2,1 10.trinnet 4,1 2,2 3,3 3,3 3.2 Refleksjon og vurderingar i høve læringsmiljø Korleis elevane opplever læringsmiljøet sitt, er grunnlag for kor godt dei trivest og lærer på skulen. Om ikkje elevane trivest vil dei ikkje få utnytta potensialet sitt for læring. Alle elevane på 7. og 10 trinnet skal svara på elevundersøkinga. Ved fleire av skulane i kommunen svarar alle elevane frå 5. trinnet og oppover. I tillegg til å gjennomføra elevundersøkinga har dei fleste skulane også anna form for kartlegging og undersøking av læringsmiljøet. Det kan vera små spørjeundersøkingar der dei kryssar av eller svarer på enkle spørsmål. Det kan også vera i samtalar med kontaktlæraren. Skulane er pålagde å undersøkja og kartleggja læringsmiljøet på skulen og i klassane. Dette skal vera grunnlaget for det førebyggande arbeidet som skulane er lovpålagde å driva. Opplæringslova 9 A, er endra frå 1. august 2017. Denne endringa inneber eit skjerpa krav til skulane om å ha eit kontinuerleg førebyggande arbeid for at elevane skal trivast og læra. Alle skulane har eit etterarbeid med resultata av elevundersøkinga. Dette arbeidet skal gå føre seg både blant dei tilsette, med elevane, med føresette og i skulen sine rådsorgan. Resultata skal vurderast og tolkast og det må setjast inn tiltak med mål om å betra resultata. I tabellane over kan ei sjå at elevane svarar ulikt frå år til år og at svara frå 10. trinn elevane er annleis enn frå 7. trinn elevane. Tilbakemeldingane er også ulike frå skule til skule. Det er positivt at elevane opplever stor grad av støtte frå lærarane sine. Dette svara både 7. og 10. trinn elevane i 2016. Vidare er resultata for området «Læringskultur» svake for både barnetrinnet og ungdomstrinnet. Det same gjeld resultata for «Vurdering for læring» Det er grunn til å tru at ved å setja inn tiltak på desse områda så vil læringsresultata innanfor faga betra seg. Dette er grunnen til at alle skulane i kommunen nå går samla inn i arbeidet med å betra vurderingspaksisen sin. I samarbeid med høgskulen i Innlandet skal ein dei neste åra delta i eit utviklingsprosjekt i vurdering for læring, med mål om å endra og forbetra undervisninga og dermed elevane sine læringsresultat. Kvinnherad kommune har som målsetjing at ein skal oppnå like gode snittsresultat som landet har i dei ulike områda på elevundersøkinga. På nokre område har kommunen betre resultat og på nokre område ligg vi likt med landet. Det er særleg på områda «meistring» og «læringskultur» som me ligg under snittet for landet i 2016. 9

Det er svært gledelig at resultata syner at det er lågare opplevt mobbing både på 7. trinnet og på 10. trinnet enn både fylket og landet. Det same gjeld prosent av elevane våre som vert mobba 2-3 gonger i månaden. Sjølv om elevane melder om mindre mobbing enn på fylke- og landsplan, så er likevel kvart tilfelle av mobbing eitt for mykje. 3.3 Tiltak Skulane må arbeide kontinuerleg for eit godt og trygt skulemiljø for alle elevane. Internkontrollhandboka elevane si «arbeidsmiljølov» er eit nyttig verktøy i arbeidet med læringsmiljøet på skule. Ordensreglementet til skulane i Kvinnherad må gjennomgåast og reviderast. Skuleeigar har lagt til rette for eit godt system for å følgja opp krenkingar som vert oppdaga mellom elevane, dette skal danna grunnlag for arbeidet til skulane i skulemiljøsaker. (opplæringslova 9A) Sju av skulane i Kvinnherad får frå hausten 2017 helsesøster og skulehelsetenesta inn i skulane for å få fleire kompetansar og eit breiare tverrfagleg lag rundt elevane og læringsmiljøet. Alle skulane i Kvinnherad skal delta i prosjektet «Eit inkluderande barnehage- og skulemiljø» Fylkesmannen har tildelt midlar til å oppretta rådgjevarstilling for å leia dette arbeidet. Prosjektet vil starte opp i 2018. Alle skulane skal delta i etterutdanninga «Vurdering for læring» ved høgskulen Innlandet. Kompetansehevinga er gratis, nettbasert og er eit prosjekt som inneber organisasjonsutvikling og kollektiv læring på skulane. Prosjektet vil gå over 3 år 4.0 LÆRINGSRESULTAT 4.1 Lesing og norsk 4.1.1 Nasjonale prøvar i lesing 2016 5. trinn Lesing 1 2 3 Kvinnherad 22,4 % 55,9% 21,7% 50 Hordaland 23,2 % 53,6 % 23,2 % 49 Nasjonalt 23,0 % 51,9 % 25,0 % 50 8. trinn Lesing 1 2 3 4 5 Kvinnherad 17,6% 24,3% 41,9% 12,2% 4,1% 46 Hordaland 11,2% 17,8% 40,8% 19,4% 10,8% 49 Nasjonalt 9,7% 17,6% 41,4% 19,5% 11,8% 50 9.trinn Lesing 1 2 3 4 5 Kvinnherad 6,6% 14,9% 33,1% 27,6% 17,7% 53 Hordaland 5,3% 13,5% 38,3% 24,6% 22,2% 54 Nasjonalt 5,4% 11,1% 15,9% 24,6% 23,0% 54 4.1.2 Eksamen og standpunkt i norsk Norsk hovudmål Skriftleg eksamen 2012-13 2013-14 2014-15 2015-16 Snitt poeng Snitt poeng Snitt poeng 10

Kvinnherad 3,0 3,3 3,2 3,6 Hordaland 3,3 3,3 3,4 3,5 Nasjonalt 3,4 3,4 3,4 3,5 Norskmunnleg eksamen 2012-13 2013-14 2014-15 2015-16 Kvinnherad 4,8 4,3 4,1 4,1 Hordaland 4,5 4,4 4,5 4,5 Nasjonalt 4,4 4,4 4,4 4,4 Norsk hovudmål - standpunkt 2012-13 2013-14 2014-15 2015-16 Kvinnherad 3,9 4,0 4,1 4,0 Hordaland 3,8 3,9 3,9 3,8 Nasjonalt 3,8 3,8 3,8 3,8 Norsk munnlegstandpunkt 2012-13 2013-14 2014-15 2015-16 Kvinnherad 4,1 4,0 4,1 4,2 Hordaland 4,2 4,2 4,3 4,3 Nasjonalt 4,2 4,2 4,2 4,2 4.1.3 Refleksjon og vurderingar Resultata på nasjonale prøvar i lesing hausten 2016, synte eit varierande resultat samla for kommunen. Nasjonale prøvar måler elevane sin dugleik i lesing i alle fag. For å få gode resultat må elevane kunna vera like gode lesarar i matematikk som historie. Det vil seia at ein til dømes må kunna lesa like godt ein rute- tabell som ei historisk tidsline. For 5. trinnet viser resultata kva dugleikar elevane har tileigna seg dei fire første åra på skulen. 5. trinnet ligg no på line med nasjonale resultat og over resultata i fylket. Resultata for 8. trinnet viser kva dugleikar elevane har fått på mellomtrinnet (5. 7.trinn). Resultata blir målte ein månad etter at elevane har starta på ungdomstrinnet, og resultata skal vera eit grunnlag for lærarane på ungdomstrinnet til å leggja undervisninga til rette for elevane. Elevane får ny nasjonal prøve på 9. trinnet og den vil syna utviklinga til elevane frå 8. til 9 trinnet. Hausten 2016 var resultata for 8. trinnet låge. Snittet for resultatet i lesing som grunnleggande dugleik i alle fag ligg under både fylke og nasjon. Det er for mange elevar som ligg på nivå 1 og 2, og få på nivå 5. For 9. trinnet ser resultata i lesedugleik betre ut. Det er langt færre elevar på nivå 1 og snittet for kommunen ligg rett under fylket og nasjonen. Samanliknar ein tala for dei same elevane på 8.trinn, finn me ei positiv utvikling i og med at det er færre elevar på nivå 1 og at det generelt sett er ei forskyving med fleire elevar på dei høgare nivåa i lesing. I eksamen i norsk hovudmål var snittkarakteren for Kvinnherad i 2016 3,6, dette er ei forbetring frå 2015, då snittet var 3,2, og over nasjonalt snitt som var 3,5. I 2015 fekk 1,8 % av elevane karakteren 1 i norsk skriftleg, dette talet var 0% i 2016. I norsk munnleg har snittkarakteren halde seg jamn dei siste åra, snittet ligg noko under snittet for nasjonen og fylket. Gode dugleikar i norskfaget og lesing er viktig. Fleire av ungdomsskulane i kommunen har satsa på lesing i prosjektet Ungdomstrinn i utvikling som vart avslutta våren 2017. Det er grunn til å forventa at dette vil virka inn på læringsresultata til elevane i åra framover. 4.2 Rekning og matematikk 11

4.2.1. Nasjonale prøvar i rekning 5. trinn Rekning 1 2 3 Kvinnherad 16,7% 57,6% 25,7% 51 Hordaland 23,2% 53,6% 23,2% 50 Nasjonalt 23,0% 51,9% 25,0% 50 8. trinn Rekning 1 2 3 4 5 Kvinnherad 10,1% 17,5% 39,6% 17,4% 5,4% 48 Hordaland 7,4% 22,8% 40,6% 20,5% 8,7% 50 Nasjonalt 7,3% 22,4% 38,9% 20,6% 10,8% 50 9.trinn Rekning 1 2 3 4 5 Kvinnherad 3,4% 14,0% 37,4% 21,2% 24,0% 54 Hordaland 3,8% 14,6% 36,2% 26,0% 19,4% 54 Nasjonalt 4,2% 15,4% 34,2% 25,2% 20,9% 54 Snitt poeng Snitt poeng Snitt poeng 4.2.2 Eksamen og standpunkt i matematikk Matematikk skriftleg Eksamen 2012-13 2013-14 2014-15 2015-16 Kvinnherad 3,0 2,6 2,8 3,3 Hordaland 3,0 3,0 2,9 3,3 Nasjonalt 3,1 3,0 2,9 3,3 Matematikk munnleg eksamen 2012-13 2013-14 2014-15 2015-16 Kvinnherad 3,9 3,8 3,7 3,4 Hordaland 4,0 4,0 4,1 4,1 Nasjonalt 4,1 4,0 4,1 4,1 Matematikk skriftleg Standpunkt 2012-13 2013-14 2014-15 2015-16 Kvinnherad 3,5 3,5 3,2 3,6 Hordaland 3,5 3,6 3,5 3,6 Nasjonalt 3,5 3,5 3,5 3,5 4.2.3 Refleksjon og vurderingar Resultata frå Nasjonale prøvar i rekning i alle fag, syner om lag same resultatet som i lesing. 5. trinnet syner også her gode dugleikar, medan 8. trinnet sine resultat ligg under fylke og nasjonen. Resultata frå 9. trinnet er på line med fylke og nasjonen i 2016. Resultata for desse elevane eitt år før, viser at elevane har hatt ei positiv utvikling. Antal elevar på det lågaste nivået er redusert, og det er fleire av elevane på det høgaste nivået. Det har vore ei målsetjing at færrast mogleg av elevane skal vera på nivå 1, og på 5. trinnet og 8. trinnet ser me at det er jobba bra med dette. Kvinnherad har ein langt lågare del av elevane på nivå 1, enn dei me samanliknar oss med. Når det gjeld eksamen og standpunktkarakterar i matematikkfaget ligg snittet på nivå med fylket og landet medan elevane som kom opp i munnleg eksamen låg litt under snittet for fylke og nasjonalt. På eksamen i 2016 er snittkarakteren for skriftleg matematikk 3,3, dette er ei forbetring frå i fjor då snittet var 2,8. For begge åra ligg Kvinnherad tett opp til snittet nasjonalt. I 2015 hadde Kvinnherad 12

11 % av elevane på karakteren 1. i matematikk skriftleg, 2016 var dette talet 1,8%. I munnleg matematikk har andelen for dei med karakteren 1 gått frå 5,9% i 2015 til 2,9% i 2016. Samla viser dette ei positiv utvikling i andelen av elevar som får karakteren 1 på eksamen. Det har vore satsa på vidareutdanning av lærarar i matematikk dei siste åra. Det er gode tilbakemeldingar på at den statlege vidareutdanninga har høg kvalitet og er praksisnær. Det er forventa at denne satsinga på vidareutdanning av lærarar i matematikk vil vera med å halda elevane sine læringsresultat i matematikk høge dei komande åra. 4.3 Engelsk 4.3.1 Nasjonale prøvar i engelsk 5. trinn Engelsk 1 2 3 Kvinnherad 28, % 50,3% 21,7% 49 Hordaland 25,7% 52,1% 22,2% 49 Nasjonalt 24,4% 51,4% 24,2% 50 8. trinn Engelsk 1 2 3 4 5 Kvinnherad 14,2% 23,6% 41,2% 12,2% 8,8 47 Hordaland 9,3% 16,8% 43,4% 20,4% 10,1% 50 Nasjonalt 9,0% 17,7% 42,7% 19,8% 10,8% 50 Snitt poeng Snitt poeng 4.3.2 Standpunkt og eksamen i engelsk Engelsk skriftleg Eksamen Kvinnherad 3,9 3,7 3,6 3,5 Hordaland 3,9 3,8 3,8 3,7 Nasjonalt 3,8 3,7 3,7 3,6 Engelsk munnleg Eksamen 2012-13 2013-14 2014-15 2015-16 2012-13 2013-14 2014-15 2015-16 Kvinnherad 4,2 4,2 3,9 4,4 Hordaland 4,5 4,5 4,5 4,6 Nasjonalt 4,5 4,4 4,4 4,5 Engelsk skriftleg Standpunkt 2012-13 2013-14 2014-15 2015-16 Kvinnherad 3,9 3,6 3,7 4,0 Hordaland 3,9 4,0 4,0 4,0 Nasjonalt 3,9 4,0 3,9 3,9 Engelsk munnleg Standpunkt 2012-13 2013-14 2014-15 2015-16 Kvinnherad 4,1 4,0 4,0 4,3 Hordaland 4,2 4,3 4,3 4,3 Nasjonalt 4,1 4,2 4,2 4,2 13

4.3.4 Refleksjon og vurderingar Nasjonale prøvar i engelsk, syner betre resultat på 5. trinnet i 2016 enn åra før. Snittet ligg likevel under både fylke og stat. Resultata for 8. trinn viser fleire elevar på nivå 1 og 2 enn fylket og nasjonen, samt at me har færre elevar på dei høgaste nivåa.. Når det gjeld eksamen i munnleg og skriftleg engelsk, skårar Kvinnherad i 2016 nett under snittet for fylke og nasjonen, når det gjeld snittet for munnleg, er det ei positiv utvikling frå året før. Standpunktkarakterane i engelsk ligg ganske på snitt med fylket og nasjonen, og har ei positiv utvikling frå 2015 til 2016. Ingen av elevane våre fekk karakteren 1, verken i 2015 eller i 2016. Kartlegging av kompetanse viser at mange skular manglar lærarar med formell utdanning i engelsk. Dette er fag som til dels er prioritert i vidareutdanning, og som må få enno større fokus i åra som kjem. 4.4 Grunnskulepoengsum Grunnskulepoeng 2012-13 2013-14 2014-15 2015-16 2016-17 Kvinnherad 40,3 39,2 39,1 41,2 41,5 Hordaland 40,3 40,9 41,4 41,6 41,8 Nasjonalt 40,1 40,4 40,8 41,2 41,4 4.9 Refleksjon og vurderingar Grunnskulepoeng er eit mål for det samla læringsutbytet for elevar som får sluttvurdering med karakterar. Karakterane vert brukt som kriterium for opptak til vidaregåande skule. Grunnskulepoeng er summen av elevane sine avsluttande karakterar, delt på talet av karakterar og ganga med 10. Kvinnherad har som mål at gjennomsnittet av grunnskulepoenga skal vera på same nivå som nasjonen og at det skal vera mindre enn 0,5 (ein halv karakter) forskjell mellom gutar og jenter. Grunnskulepoeng på 41,5 for Kvinnherad er litt høgare enn snittet for landet. Gutane har 38,3, medan jentene har 45,0. Det blir ein forskjell på 0,67. Gjennomsnittsmålet er nådd grunna det særs gode resultatet for jentene. Mål om forskjell mellom gutar og jenter er ikkje nådd. Sjølv om me har nasjonale prøvar og kartleggingsprøvar som undervegs i utdanningsløpet er under landssnittet, presterer elevane ved utgang av 10. trinnet betre enn landet elles. Dette vitnar om at det vert gjort eit godt arbeid i skulen i Kvinnherad. 4.5 Tiltak i høve læringsresultat Satsinga på å betra vurderingspraksis med mål om å auka læringa blir den sentrale og store satsinga i alle skulane det komande året. Målet er endra praksis og at dette blir ei organisasjonsutvikling som alle lærarane på skulane drar saman. Arbeidet med å gje elevane gode dugleikar i lesing i alle fag, må intensiverast. Skuleleiinga og lærarane må ha god kunnskap om lesing som grunnleggjande dugleik. Alle lærarane på skulane må ta ansvar for elevane si leseutvikling, og gi leseopplæring på faget sine premisser. Det må organiserast med leselærarar på alle skular. 14

Skulane må organisera «tidleg innsats» ressursen slik at elevar som ikkje klarar å følgja med i undervisninga får intensiv og tidleg hjelp. Denne hjelpa treng ikkje vera spesialundervisning, men eit tilpassa og avgrensa tilbod for å hjelpa eleven vidare. Skulane må gå gjennom eigne leseplanar for revisjon og oppdatering. Systematisk opplæring i lesestrategiar må sikrast. Sektorleiinga vurderer innkjøp av VOKAL som kvalitetsverkty for skulane. Her vert elevane sine resultat på testar og kartleggingar presenterte og Vokal kan nyttast som eit utviklingsverkty for skulane. Ei kartlegging av lærarkompetanse i engelsk, syner at det er få lærarar som har tilstrekkeleg kompetanse i dette faget. Engelsk vil derfor bli eit satsingsområde for vidareutdanning i Kvinnherad framover og me vil prioritera engelsk i den statlege kompetansehevinga. Kvinnherad kommune har eit samarbeidsprosjekt med to lærarutdanningsinstitusjonar i USA og har amerikanske lærarstudentar i praksis to gonger i året i skulane i Kvinnherad. Tilbakemeldingane på dette prosjektet er at elevane får auka kompetanse i engelsk munnleg i dei åtte vekene studentane er på skulane. Dette prosjektet bør vidareførast og me må sjå etter andre internasjonale prosjekt som kan støtta elevane si språklege utvikling. Sektorleiinga vil følgja opp alle skulane i dialogsamtalar om skulane sine resultat i høve læringsmiljø og læringsresultat. Det vil bli vurdert å gjera innkjøp av PULS som leiingsverktøy for kvalitetsutvikling. PULS står for «Pedagogisk utviklings- og læringsspegel» og er både eit analyse- og prosessverkty. Datamateriellet blir henta frå ulike kjelder som SSB, SATS, PAS, Skuleporten, GSI, elevundersøkinga, nasjonale prøvar og kartleggingsprøvar i Vokal. 5.0 GJENNOMFØRING AV VIDAREGÅANDE OPPLÆRING Elevar (16 år) som er registrerte i vidaregåande opplæring same året som avslutta grunnskule. 2012 2013 2014 2015 2016 Kvinnherad 98,1 98,9 99,5 98,4 97,9 Hordaland 98,4 98,6 98,2 98,2 98,4 Nasjonalt 97,8 97,8 98,0 98,0 98,1 Tabellen over viser prosenten av elevar som går direkte over til vidaregåande opplæring etter grunnskulen. Kvinnherad ligg litt lågare her enn landet og fylket. Tabellen syner også ein negativ retning i løpet av dei siste åra. Fråfall i vidaregåande skule er eit stort samfunnsproblem, og det er vanskeleg å koma inn i arbeidslivet om ein ikkje fullfører. 15

Tabellen over er henta frå Kvinnherad vidaregåande skule. Som det går fram av diagramma over var det ein oppgang på gjennomføring av vidaregåande opplæring i 2016. Det er elevane ved det studieførebuande utdanningsprogrammet som har høgast prosent i gjennomføring. Problemet med at elevar sluttar før dei er ferdige i vidaregåande opplæring er også ei utfordring for grunnskulen, då problema ofte startar der. Gode og inkluderande læringsmiljø i barnehage og skule kan førebyggja for fråfall i vidaregåande opplæring. 6.0 SPESIALUNDERVISNINGA Hausten 2016 fekk 8,25 % av elevane i grunnskulen spesialundervisning. Året før var talet 8,3 %. Snittet for landet syner at 7,8 % av elevane har spesialpedagogisk undervisning. 8,25 % utgjer 140 elevar; 96 gutar og 44 jenter. At 2/3 av elevane som har vedtak om spesialundervisning er gutar, er ganske likt landssnittet. Til spesialundervisninga vart det nytta 25,5 årsverk med lærar og om lag 15 årsverk med assistent. Kvinnherad nyttar meir ressursar til spesialundervisning enn snittet i landet. Det er tydelege styringssignal om at myndighetene ynskjer å redusera spesialundervisinga. Forskning har synt at nokre barn opplever seg stigmatiserte med å få undervisninga utanom fellesskapet i klassen, og at det vil vera ei betre hjelp å få meir tilpassa undervisning. For å redusera spesialundervisninga må ein styrka den generelle undervisninga og ha større fokus på tilpassa undervisning for alle elevane. Samarbeid med PPT kontoret om spesialundervisninga og styrking av den generelle undervisninga er eit tiltak som er sett i verk. 7.0 SÆRSKILD NORSKOPPLÆRING FOR MINORITETSSPRÅKLEGE Hausten 2016 fekk 50 elevar særskild norskopplæring. Året før var det 45 elevar. Husnes ungdomsskule har innføringsklasse for nyleg tilflytta framandspråklege elevar. 8.0 SKULEFRITIDSTILBOD (SFO) Hausten 2016 var 393 elevar påmelde SFO totalt i kommunen. Året før var det 391. 172 elevar nytta seg av tilbodet om 6 timar og 113 elevar hadde 9 timar. 72,5% av elevane i SFO nytta eit særs avgrensa tilbod, og berre 25 elevar (6%) hadde 100 % plass. Det var ikkje tilbod 16

utanom skuleruta. Kor mange elevar som er påmelde SFO varierer sterkt mellom skulane. Ved ein skule deltek 6,1% og ved ein annan deltek 21,1% av elevane. 9.0 TILBOD OM LEKSEHJELP Etter Oppl 13-7a, skal kommunen tilby elevane gratis leksehjelp med til saman åtte timar kvar veke til elevar i grunnskulen. Dei åtte timane skal fordelast fritt på årstrinna slik kommunen avgjer. I Kvinnherad kommune er leksehjelpa lagt til elevane på mellomtrinnet, 4.- 7. trinn, med tilbod om to timar på kvart trinn. Det er ulik praksis rundt på skulane til organisering av tilbodet, om det er lagt til før eller etter skuletid. Formålet med leksehjelpa er å gi eleven støtte til læringsarbeidet, kjensle av meistring og gode rammer for sjølvstendig arbeid. I tillegg er tanken at leksehjelpa skal medverke til å utjamne sosial ulikskap i opplæringa. Det er såleis svært viktig at dei som ikkje kan få hjelp heime får tilbod om leksehjelp på skulen. I 2016 var det 220 elevar som nytta seg av tilbodet om leksehjelp, dette utgjer ca 1/3 av elevane som har rett til tilbodet, og ein auke i forhold til bruken i frå 2015. Tilbodet er ikkje ein del av opplæringa til elevane, og vert i stor grad gjennomført av barne og ungdomsarbeidarar/assistentar. Elevar som har rett til spesialundervisning jf Oppl 5-1, der dette inneber timar til spesialundervisning og /eller oppfølging og støtte frå assistent, har ikkje dei same rettane i tilbodet om leksehjelp. Ei utfordring kan såleis bli å gi desse elevane tilstrekkeleg vaksenstøtte i dette tilbodet. Elevane har ikkje rett til tilrettelagt skuleskyss til eller frå tilbodet. I kommunen vår er mange elevar avhengig av skuleskyss, mangel på ordinært skysstilbod kan difor vera ein avgrensande faktor for om elevane nyttar seg av tilbodet. For å møte dette har skulane tilrettelagt tilbodet om leksehjelp lokalt så godt som mogeleg i forhold til at elevane kan følgje ordinært skysstilbod. 10.0 KULTURSKULEN Kvinnherad kulturskule er eit offentleg eigd og drive tilbod til barn og unge i Kvinnherad kommune. Føremålet med opplæringa er å læra, oppleva, skapa og formidla kulturelle og kunstnariske uttrykk. Kulturskulen har også til oppgåve å kvalifisera elevar med særleg interesse og motivasjon til opptak i høgare kunstfagleg utdanning. Opplæringa skal bidra til barn og unge si meistring og danning, fremme respekt for andre kulturar, bevisstgjera eigen identitet, verta kritisk reflekterande og utvikla eigen livskompetanse. Kvinnherad kulturskule er forankra i opplæringslova 13-6 som vart vedteke i Stortinget 5. juni 1997.«Alle kommunar skal aleine eller i samarbeid med andre kommunar ha eit musikk- og kulturskuletilbod til barn og unge, organisert i tilknyting til skuleverket og kulturlivet elles». Kulturskulen tilbyr opplæring, oppleving og formidling innan fagområda kunst, dans, musikk og teater. Både drift og undervising i Kvinnherad kulturskule tek utgangspunkt i Rammeplan for kulturskulen «Mangfald og fordjuping» (Norsk kulturskuleråd 2015-2016) som ble vedteken av kommunestyret 15.12.16. Rammeplanen har ikkje status som forskrift til opplæringslova, men er likevel ein viktig styringsreiskap for det vidare arbeidet for utviklinga av skuleslaget nasjonalt og lokalt. Kvinnherad kulturskule har administrasjon i Kvinnherad kulturskulesenter på Husnes. Administrasjonen består av rektor/einingsleiar i 100% og undervisningsinspektør i 30%. Kulturskulen har i dag til saman 17 stillingar, fordelt frå 2% til 100% stillingsstorleik. Kulturskulen har åtte 17

kvinnelege og ni mannlege tilsette. Lærarane i Kvinnherad kulturskule er tilsett etter sentralt avtaleverk. Hausten 2016 hadde Kvinnherad kulturskule 538 elevplassar og 400 elevar. Nokre elevar tek i mot fleire undervisningstilbod. 355 elevar er i grunnskulealder, 7 elevar er i førskulealder, 38 elevar er over grunnskulealder. Regjeringa har sett som mål at 30 % av elevane i grunnskulealder skal få plass i kulturskulen. I dag ligg landssnittet på 13 %. Av 1698 grunnskuleelevane i Kvinnherad var det i 2016 21,3 % som hadde plass i kulturskulen. Det er eit godt resultat samanlikna med landssnittet. 11.0 KONKLUSJON OG FRAMOVERMELDING Utviklinga i året som har gått har stort sett vore god. Først og fremst syner resultata våre at me har gode føresetnader for læring gjennom det som elevane opplever som eit trygt og godt læringsmiljø. Resultata frå elevundersøkinga syner at skulane arbeider godt på dette området. Det er svært positivt at elevane trivst på skulen og at dei i høg grad opplever støtte frå lærarane sine. Tala frå elevundersøkinga har i fleire år synt at elevane melder om mindre mobbing enn snittet for både fylke og nasjon. Godt og systematisk arbeid med læringsmiljøet på skulane gjev såleis gode resultat. Det gode resultatet tek me med oss vidare i arbeidet med stadig å bli betre. Den nye lovendringa i Oppl 9A som vart vedteke frå 01.01.17, har skjerpa krava til elevane sitt læringsmiljø, både når det gjeld systematisk førebyggande arbeid, kartlegging av læringsmiljøet, undersøking, tiltak og dokumentsjon. I det komande året vil skuleeigar vurdera ordensreglementet til kommunen og revidera det i høve lovendringa. Alle skulane og barnehagane i kommunen vil frå våren 2018 delta i «Eit inkluderande barnehage- og skulemiljø» Dette er ei statleg satsing og kommunane i Sunnhordland (FOS) har saman fått prosjektmidlar frå Fylkesmannen til denne satsinga. Nyare forsking syner at mobbing og mistrivnad startar allereie i barnehagen, og at dei som vert utsett for dette dreg det med seg opp gjennom heile barndomen og ungdomen. Fråfall i vidaregåande skule kan skuldast at ein har vore utsett for mobbing og krenkingar heilt tilbake frå barnehagetida. Elevundersøkinga syner vidare at skulane har eit forbetringspotensiale på området som handlar om læringskultur. Dette er noko me vil ta tak i framover og arbeida for å auka læringstrykket. Grunnskulepoeng over landssnittet dette året er bra og vitnar og om godt arbeid ute i skulane. Engelsk er eit fag som dreg snittet ned og er difor eit fag me må ha fokus på framover. Dette vil me mellom anna gjera med å prioritera lærarar til den statlege vidareutdanninga i engelsk. Resultata på nasjonale prøvar svingar noko frå år til år. I år var det gode resultat på 5. trinnet, medan 8. trinnet sine resultat var svakare. Skulane må fortsetja med å halda trykket oppe på arbeidet med dei grunnleggjande dugleikane. Dei faglege utfordringane for grunnskulen, vil dei komande åra bli møtt med endring og betring i skulane sin vurderingspraksis. Alle skulane i kommunen deltek frå hausten 2017 i ei skulebasert kompetanseheving og organisasjonsutvikling innanfor området «Vurdering for læring». Det er høgskulen Innlandet som er ansvarlege for opplæringa. Dette er eit tiltak for å betra læringskultur og faglege resultat i skulane. Etter omorganiseringa som kommunen har vore gjennom er SAMORDNING og SAMHANDLING to sentrale omgrep. Skulane i Kvinnherad vil i tida framover arbeida med å bli betre på desse områda. TIDLEG INNSATS, er eit mål for heile sektoren og for sektorane på tvers. Skulane i Kvinnherad vil 18

saman med andre kommunale tenestetilbod samarbeida betre for å gje borna eit godt tilbod gjennom tidleg innsats og gjennom tettare samarbeid med andre instansar. Skulehelsetenesta og helsesøster inn i grunnskulen er eit slikt tiltak. Kvinnherad kommune er ein av seks kommunar som utgjer Forum for oppvekst i Sunnhordland (FOS). Den regionale prosjektorganisasjonen omfattar samarbeid knytt til kompetanseheving for skule, barnehage, kulturskule og PPT. Målet for organisasjonen er å samarbeide om oppgåver som blir løyst betre på regionalt nivå enn på lokalt nivå. Sektor for oppvekst i Kvinnherad har stor nytte av å vera ein del av dette samarbeidet. Skulane har siste åra vore del av fleire lærande nettverk. I 2017 startar samarbeid om Udir si satsing på inkluderande barnehage og skulemiljø, der kommunane har fått tildelt kompetansemidlar som region. Det å vera ein del FOS samarbeidet er viktig for oss som kommune, me ville ikkje hatt same kapasitet i det å tilby kompetanseheving for tilsette innan målgruppene utan dette samarbeidet. Nasjonale satsingar og utviklingsmåla for Kvinnherad kommune(2014-2017) er styrande for dei satsingane og det arbeidet som skjer i skulane i Kvinnherad. Kvinnheradskulane skal søkja å nå overordna visjon for Nye Kvinnherad kommune; Saman om utvikling og gode tenester, og dette, saman med verdiane våre; respekt, omsorg, tydeleg og ærleg, skal visa igjen i drifta, i måten me er mot kvarandre, og i møte med elevar og føresette. Dette arbeidet vil i åra som kjem bli styrkja gjennom fellessatsingar, som skal gjelda alle. Betre tverrfagleg innsats, vurdering for læring, eit lag rund eleven, inkluderande barnehage og skulemiljø og digital kompetanse, satsingar og prosjekt som skal innførast og arbeidast med overordna, i og på tvers av einingane. Gjennom betre samhandling, fleirfagleg samarbeid og fokus på leiing og læring i organisasjonen vil me dei neste åra forsterka den tendensen me synest å sjå, at resultata for elevane i Kvinnherad er på veg oppover. Gjennom betre samhandling, satsing på vidareutdanning, skulebasert kompetanse, lærande nettverk og digital kompetanse skal me få tilsette med høg kompetanse, motivasjon og kapasitet, og som gjennom tryggleik i si rolle yt sitt beste for å lukkast i arbeidet i møte med elevane. Me skal sjå resultat som viser elevar som opplever at fagleg -og sosial læring går hand i hand, som opplever å vera del av eit fellesskap, meistrar grunnleggande dugleikar, får faglege utfordringar tilpassa eigne føresetnader, er motiverte for læring, meistrar livet,- og som opplever å vera del av ein trygg og god Kvinnheradskule med fokus på læring for framtida! 19

Saksframlegg Kvinnherad kommune Saksmappe Saksbehandlar 2016/258-3 Anne Fosse Saksgang Saksnr Utval Møtedato 2017/33 Levekårskomiteen 06.11.2017 Vedtekter Skulefritidsordninga i Kvinnherad, revisjon. Innstilling frå rådmannen: Rådmannen tilrår at vedtekter for Skulefritidsordninga i Kvinnherad vert godkjente slik dei ligg føre. Vedlegg nr. 1 Saksutgreiing: Vedtektene for Skulefritidsordninga vart sist revidert i mars 2014. No er tida inne for ein ny gjennomgang av vedtektene. Kvinnherad kommune skal som eigar av Skulefritidsordninga (SFO) fastsetje vedtektene for ordninga. Skulefritidsordninga er heimla i Opplæringslova: 13-7.Skolefritidsordninga Kommunen skal ha eit tilbod om skolefritidsordning før og etter skoletid for 1.-4. årstrinn, og for barn med særskilte behov på 1.-7. årstrinn. Skolefritidsordninga skal leggje til rette for leik, kultur- og fritidsaktivitetar med utgangspunkt i alder, funksjonsnivå og interesser hos barna. Skolefritidsordninga skal gi barna omsorg og tilsyn. Funksjonshemma barn skal givast gode utviklingsvilkår. Areala, både ute og inne, skal vere eigna for formålet. Skolefritidsordninga skal ha vedtekter om a. Eigarforhold b. Kven som har opptaksmyndigheit c. Opptakskriterium d. Opptaksperiode og oppseiing av skolefritidsplassen e. Foreldrebetaling f. Leike og opphaldsareal g. Dagleg opphaldstid og årleg opningstid h. Bemanning og leiing Når skolefritidsordninga er knytt til skolar, skal rektor til vanleg vere leiar. Departementet kan gjere unntak frå kravet. Kommunen kan krevje utgiftene til skolefritidsordninga dekte gjennom eigenbetaling frå foreldra. For krav om politiattest gjeld reglane i 10-9. Kvinnherad kommune side 1

Kommunen kan nytte andre til å oppfylle plikta til å ha eit tilbod om skolefritidsordning, dersom dei elles oppfyller vilkåra i denne paragrafen. Kommunen fører tilsyn med private skolefritidsordningar. Departementet kan gi nærmare forskrifter om skolefritidsordning Kvinnherad kommune har eit skulefritidstilbod på 10 barneskular. Det er 304 elevar som nyttar tilbodet hausten 2017. Vedtektene har vore tolka noko ulikt rundt om på dei einskilte skulane når det gjeld kva tid ein har oppretta nye grupper/tilbod. SFO kan drivast til sjølvkost, dritsutgiftene skal då dekkast av foreldrebetaling. Her i kommunen er me langt frå den situasjonen. Sidan vi har mange barneskular og gir eit SFO tilbod på alle, vert driftskostnadane høge. Regnskap Regnskap Regnskap Regnskap Regnskap Budsjett 2012 2013 2014 2015 2016 2017 KOSTNAD* 2 267 593 2 681 955 2 875 644 3 242 729 2 268 864 3 014 675 LØNN OG SOSIALE UTGIFTER 6 408 811 6 396 341 7 226 852 7 845 484 7 454 341 8 034 695 SALGSINNTEKTER -3 561 038-3 387 640-4 069 470-4 239 876-4 902 871-4 702 027 REFUSJONER /SJUKEP -610 706-434 104-353 413-415 672-327 958-430 530 *kostnader utan utgifter tilforbruksmateriell og tekniskdrift Hovudopptaket vil bli gjort sentralt i kommunen for å sikre lik forståing av vedtektene. Søknader etter søknadsfristen kan rektor behandle og tildele plass om skulen har kapasitet innan for dei rammene / den bemanninga dei har. Tilbodet er frå i haust noko mindre fleksibelt, dette har auka inntektene noko, om lag 700 00kr pr år, men Kvinnherad har framleis fleire val enn kommunane i regionen. Vi har 7 ulike tilbod pluss ferietilbod. Grunna for få søkjarar har det i dei siste åra har det ikkje vore gjeve noko SFO tilbod i feriane. For å få til eit ferietilbod, er det no forslag om å samla ferietilboda på 2 skular, Undarheim og Malmanger. FRAMLEGG TIL REVIDERTE VEDTEKTER FOR SKULEFRITIDSORDNINGA I KVINNHERAD Endring Konsekvensar Pk 1 Om skulefritidsordninga Rektor har det pedagogiske og økonomiske ansvaret. Presiserar rektor sitt ansvar. Det kan bli gitt eit tillegg til ein SFO koorinator om ordninga krev det. Ein koorinator kan hjelp rektor med den daglege drifta. Standar personaldekking er 1 vaksen pr 15 barn Normen for bemanning vert meir lik bemanning ved andre kommunale SFO. Bør legge opp til organisering og aktivitetarsom gjer bemanninga forsvarleg. Kvinnherad kommune side 2

Krav i vedtekten om politiattest for alle tilsette i SFO Har vore praksis, men no er det vedteketsfesta. Alle barneskular skal ha eit SFO tilbod 190 skuledagar ( fyljer skuleruta ). Krav om minst 8 søkjarar. Auker kravet frå 5 påmelde til 8 for å setje i gang eit SFO tilbod. No er det berre ferietilboda som krev 8 påmelde. Å auke minstetalet for påmelde kan gjer det vanskeleg å oppretthalde alle tilboda på dei minste skulane. SFO har felles ordensreglar med skulen. Punkt om bortvising kan ikkje gjeld for SFO. Det er ikkje høve til å bortvise frå SFO som er eit frivillig betalingstilbod. Pk 2 Om tilbod Pk 3 Om søknad Held fram med dei tilboda som er no (hausten 2017 ). Det er 7 ulike tilbod som fyljer skuleruta pluss ferietilboda. Fast søknadsfrist 1.mars. Hovudopptaket etter søknadsfristen vert gjort sentralt i kommunen. Søknader etter søknadsfristen vert behandla på den einskilde skulen. Det kan tildelast plass om skulen har kapasitet( = nok vaksendekning). Frist for endringar / oppseiingar er 1mnd gjeld frå den først i endrings/oppseingsmånaden. Sjølv om tilbodet vart endra frå i haust, har familiane her i kommunen mange fleire val enn kva tilfellet er i kommunane rundt oss. Til no har det vore ulike søknadsdatoar. Rektor ved den einskilde skule har oversikt over SFO på sin skule. Det kan ikkje tilsetjast fleire personar i SFO etter hovudopptaket. No er det to datoar i månaden for å seie opp plassen. Pk 4 Om foreldre betaling Det veret gjeve 25% søskenmoderasjon. No er søskenmoderasjonen 50%, ingen andre kommunar er så rause. Dei fleste kommunane har ikkje søskenmoderasjon. Kvinnherad kommune side 3

Satsane for foreldre betaling vert fastsette av kommunestyret kvart år, og er gradert etter kva tilbod eleven gjer seg nytte av. Satsane vert endra 1. januar kvart år. Satsane har til no først vorte endra ved nytt skuleår 01.08. SFO betaling vert handsama av kommunestyret som andre kommunale avgifter og barnehage satsane. Pk 5 Om betaling Ingen endring Pk 6 Fleksible løysingar Pk 7 Tilboda neste år/kommande år Ingen endring Går frå 5 påmelde til 8 påmelde for å ha eit tilbod Eit større sosialt miljø. Betre inntening. Økonomisk konsekvens: SFO vil få betre inntening. Å driva til sjølkost er vanskeleg å få til med den skulestrukturen Kvinnherad har. Men skildnaden mellom inntekter og utgifter vil minke avhengig av kor mange som nyttar tilbodet Miljømessig konsekvens: Ingen Vidare saksgang Høyring 7.november til 30.november Høyringsinstansar: Skulane; foreldreutval, samarbeidsutval, rektor TTBU Fagforeningane ; Utdanningsforbundet og Fagforbu Kommunestyret desember 2017 Vedlegg: 1. Forslag til reviderte vedtekter 2. Oversyn SFO tilbod i våre nabokommunar Kvinnherad kommune side 4

Vedtekter for SFO Skulefritidsordninga er heimla i Opplæringslova 13-7. Vedtektene vart godkjende av Komitè for oppvekst, kultur og idrett i november 2010. Revidet sist i mars 2014 Revidert november 2017 1. Om skulefritidsordninga: Skulefritidsordninga, SFO, er eit frivillig aktivitets- og omsorgstilbod for elevar i 1.- 4. klasse og for elevar med særlege behov på 1.-7. klassesteget. Tilbodet skal ha god kvalitet og vera forankra i elevane sine behov. Rektor har det overordna ansvaret for SFO ved den enkelte skulen. Har ansvar for at det er ei forsvarleg bemanning. SFO kan ha ein koordinator som har ansvar for den daglege drifta, og har planleggingstid i samsvar med gjeldande retningslinjer. Funksjonstillegg Standard personaldekning er 1 vaksen pr 15 elevar. Alle tilsette skal vise politiattest ved tilsetjing. SFO har skulen sine ordensreglar minus sanksjonar t.d utvising. Fritidsordninga har som regel småskulen sine rom som base, og nyttar utstyr, spesialrom og uteområde på lik linje med anna verksemd på skulen. Alle barneskulane i kommunen har eit SFO tilbod 190 skuledagar( fyljer skuleruta ). Krav om minst 8 søkjarar. Undarheim skule og Malmanger skule kan gje tilbod om SFO i feriane dersom det er nok søkjarar. 2. Oppstart og opptak: Skulefritidsordninga i Kvinnherad gjev følgjande tilbod: Tilbod som følgjer skuleåret: Etter skuletid og morgonopning. Minste elevtal for oppstart: 8 elevar. Viss elevtalet blir redusert i løpet av året kan tilbodet halda fram ut terminen. Tilbod i haustferien: Måndag til fredag i haustferieveka. Minste elevtal for oppstart: 8 elevar. Tilbod i juleferien: Frå skuleslutt før jul t.o.m. 23.desember. Ikkje ope i romjula. Minste elevtal for oppstart: 8 elevar. Tilbod i vinterferien: Måndag til fredag i vinterferieveka.

Minste elevtal for oppstart: 8 elevar. Tilbod i påskeferien: Måndag, tysdag og onsdag i påskeveka. Minste elevtal for oppstart: 8 elevar. Sommarferie juni: Frå skulen sluttar og ut juni månad. Opningstid: 08.00 15.30. Minste elevtal for oppstart: 8 elevar. Sommarferie august: Frå første kvardag etter 1.aug. til skulestart. Opningstid: 08.00 15.30. Minste elevtal for oppstart: 8 elevar. 3. Søknad Søknadsfristen er 1.mars Ved søknad nyttar ein skjema på heimeweb: https://skole.visma.com/kvinnherad Opptaket gjeld til plassen blir endra eller sagt opp. Ein treng ikkje sei opp SFO plassen etter 4. trinn det skjer automatisk. Her finn du lenke til vegleiing for søknad. Hovud opptaket/ søknader som er sendt inn til søknadsfristen, vert gjort sentralt i kommunen. Vedtak om tildeling av plass eller ikkje er eit enkeltvedtak og svaret skal sendast skrifteleg til føresett. Det er høve til å klaga på opptaket. Klagefrist: 3 veker. Klageinstans: Rådmannen. Søknader etter søknadsfristen vert tildelt ved den einskulde skule om det er kapasitet ( nok vaksendekning ). Oppseiingsfrist er 1 månad, rekna frå 1. i månaden. Ved oppseiing etter 1. april, må det betalast ut skuleåret. Endringar i ferietilbodet i 1. termin, må seiast opp før 15. juni. Endringar i ferietilbodet i 2. termin, må seiast opp før 31. desember. Dersom det er fleire søkjarar enn plasser i SFO, vert opptaket gjort etter følgjande kriterium: Funksjonshemma elevar har førerett. Yngre elevar har førerett framfor eldre elevar. 4. Foreldrebetaling Det vert gjeve 25% søskenmoderasjon. (Søsken nr. 2, 3 osb betaler ¾ sats). Satsane for foreldrebetaling vert fastsette av kommunestyret kvart år, og er graderte etter kva for tilbod eleven gjer seg nytte av. Satsane blir endra 1.januar kvart år av kommunestyret. Sjukdom eller permisjon frå skulen ut over 1 månad gjev fritak frå foreldrebetaling. Blir SFO stengd meir enn 3 dagar som følgje av streik eller andre ekstraordinære tilhøve, vil føresette få refundert foreldrebetalinga tilsvarande. Faktura blir sendt til føresett 1 på søknadsskjemaet. Fakturaen kan delast mellom føresette.

Ved den einskilde SFO kan det betalast matpengar som skal brukast til fellesmåltid. Det skal førast rekneskap over innbetaling/utgifter som skal vere tilgjengeleg for foreldra og samarbeidsutvalet ved skulen. Dersom leksehjelp vert organisert innanfor opningstida til SFO, skal desse timane trekkjast ifrå på fakturaen. Dette gjeld elevar som går både på SFO og deltek på leksehjelp. 5. Betalingsmåte : Foreldra får tilsendt utfylt faktura med forfall den 20. kvar månad. Ved manglande betaling vert krava innfordra ved tvang. Dersom krava ikkje er betalt innan 2 -to- veker etter at purrebrev er sendt, vil Kvinnherad kommune seia opp plassen barnet har i SFO jfr. tvangsfullbyrdelseselova 4-18 og 13-2a (vedlegg). Ny plass i SFO vert ikkje tildelt før avgifta er betalt, eller det ligg føre ei betalingsordning som økonomikontoret kan godkjenna. Betaling for barnehageplass(ar) og SFO vert sett i samanheng. I praksis vil dette seia at dersom føresette ikkje har betalt for barn i barnehage, vil ikkje føresette sitt/sine barn få plass i SFO. Ved manglande betaling skal rektor i samarbeid med økonomikontoret snakka med føresette og prøva å finna ei løysing. 6. Høve til fleksible løysingar: Det er høve til å nytta SFO-tilbod i inntil 20% av tilbodet utan ei fast påmelding. Desse føresetnadane må liggja til grunn: Dato for opphaldet må vera avtalt med SFO på førehand, og opphald på enkeltdagar må ikkje føra til ekstra personalressurs. Opphald på enkeltdagar skal ikkje reknast med i minstetalet på 5 eller 8 som ligg til grunn for oppstart av eit tilbod. Opplysningar om betalingssats får ein på den enkelte skule. Skulen sender inn oppgåve over desse opphalda i desember og juni, slik at det kan sendast ut rekning for tilbodet. Timepris for fleksibelt tilbod: kr 110.-

7.Tilboda skuleåret 2017/2018: Tilbod Tal dagar 2017/2018 100% - Fullt tilbod 190 80% - Morgon og ettermiddag 4 dagar i veka 67 % - Ettermiddag 5 dagar i veka 60 % - Morgon og ettermiddag 3 dagar i veka 54% - Ettermiddag 4 dagar i veka 40% - Ettermiddag 3 dagar i veka 33% - Morgonopning 5 dagar Sommaropning august 2017 152 190 114 152 114 190 12 Ferieopning i skuleåret Sjå punkt 2. Sommaropning juni 2018 5 Tidsrom Morgonopning frå klokka 07.00 og frå skuledagen er slutt til kl 16.00. Minste elevtal for oppstart: 8 elevar. Opningstid: kl 07.00 skulestart og skuleslutt til kl 16.00 4 dagar i veka. Minste elevtal for oppstart: 8 elevar. Frå skuledagen er slutt til kl 16.00. Minste elevtal for oppstart: 8 elevar. Opningstid: kl 07.00 skulestart og skuleslutt til kl 16.00 3 dagar i veka. Minste elevtal for oppstart: 8 elevar. Frå skuledagen er slutt til kl 16.00 4 dagar i veka. Minste elevtal for oppstart: 8 elevar. Frå skuledagen er slutt til kl 16.00 3 dagar i veka. Minste elevtal for oppstart: 8 elevar. Opningstid: kl 07.00 skulestart. Minste elevtal for oppstart: 8 elevar. Frå 1.august til skulestart. Opningstid: kl 08.00 15.30. Minste elevtal for oppstart: 8 elevar. Haustferie, juleferie, vinterferie, påskeferie. Opningstid: kl 08.00 15.30. Minste elevtal for oppstart: 8 elevar. Frå skuleslutt og ut juni månad. Opningstid: kl 08.00 15.30. Minste elevtal for oppstart: 8 elevar. Betalingssats 2017/2018 Morgon og ettermiddag 5 dagar i veka: 3260,- 4 dagar i veka morgon og ettermiddag: 2608,- Ettermiddag 5 dagar i veka: 2173,- 3 dagar i veka morgon og ettermiddag: 1956,- Ettermiddag 4 dagar i veka: 1748,- Ettermiddag 3 dagar i veka: 1304,- Morgon 5 dagar i veka: 1087,- Kr. 3480,- Haust- og vinterferie à 5 dagar: kr 1450,- Påskeferie, 3 dagar: kr 870,- Kr. 1450,- 4-18 Særlege tvangsgrunnlag 13-2 Tvangsgrunnlag

SFO I NABOKOMMUNAR STORD * FITJAR BØMLO SVEIO HAUGESUND ETNE FUSA KVAM KVINNHERAD ODDA Elevar pr vaksen Opningstid Tilbod Leiing Opptak 15 10-13 15 15 14 14-15 06.45-16.15 07.00-16.30 07.00-16.30 07.30-16.30 12 15 07.00-16.00 07.00-16.30 6 7 4 4 + ferie 4 + ferie 4 7 3 Rektor Rektor Rektor Rektor Rektor/ Rektor/ Sfokoordinator daglegleiar daglegleiar funksjon /Høgskuleutd Rektor Rektor Rektor Kommunen Rektor Rektor Betaling 10 11 10 10mnd? 11 mnd 10 Oppseiingstid 2 mnd 3 mnd 3mnd Binding 6mnd 2mnd frå den 1. i mnd 3 mnd 1 mnd 1 mnd 1mnd Søskenmoderasjon Nei Nei 25% Nei 25% Nei 25% Nei 50% Nei Samla på Samla på ein skule ein skule Ja Ferietilbod minste antall elevar Samla på ein skule EVT med 5 påmelde *Ikkje fleir tilsette enn det er dekking for med foreldrebetaling. SU er styret for SFO v/skulen 5 Samla på ein skule Tilbod, minst 8 søkjarar

Saksframlegg Kvinnherad kommune Saksmappe Saksbehandlar 2017/4033-3 Linda Øen Saksgang Saksnr Utval Møtedato 2017/34 Levekårskomiteen 06.11.2017 Formannskapet 16.11.2017 Kommunestyret 30.11.2017 Rullering av kommunedelplan for idrett, fysisk aktivitet og friluftsliv - Handlingsprogram 2018-2021 Innstilling frå rådmannen: Kvinnherad kommunestyre vedtar rullert handlingsprogram for Kommunedelplan for idrett, fysisk aktivitet og friluftsliv 2018-2021 slik den ligg føre ved denne saka. Saksutgreiing: Kvinnherad kommunestyre vedtok 25.09.2014 kommunedelplan for idrett, fysisk aktivitet og friluftsliv. Det er eit krav i spelemiddelsystemet at handlingsdelen vert rullert årleg. Rulleringa har følgjande føremål: 1. Prioritera søknader om spelemidlar 2. Prioritera mellom anlegg som søkjer om kommunal investering til å byggje idretts og nærmiljøanlegg anlegg i offentleg/privat samarbeid. 3.Innarbeida innspel om nye anlegg på lista over prioriterte og uprioriterte anlegg. Framlegget som ligg ved denne saka vart presentert og drøfta i møte med Kvinnherad idrettsråd 24.10.2017. Kvinnherad idrettsråd gav i møte si tilslutning til framlegget og dei prioriteringar som er føreslege. Spelemiddelordninga: Spelemiddlar til anlegg for idrett og fysisk aktivitet er ein del av staten sitt verkemiddelapparat for å nå det overordna målet «idrett og fysisk aktivitet for alle». I føresegner om tilskot til anlegg for idrett og fysisk aktivitet vert følgjande statlege prioriteringar vekta: Dei viktigaste målgruppene for bruk av spelemidlar til idrettsføremål er born (6-12 år) og ungdom (13-19 år) Staten legg vekt på å leggje til rette for at personar med nedsett funksjonsevne skal kunne delta i idrett og fysisk aktivitet ut frå sine ynskjer og føresetnader Å leggje til rette for at personar som i dag er fysisk inaktive kjem i gang med aktivitet, er ei målsetjing Kvinnherad kommune side 1

Anlegg i lokalmiljøet som stimulerer og stettar born sitt behov for fysisk aktivitet vert særskild prioritert Det er eit mål å utforme anlegg som møter ungdom si trong for utfordringar og variasjon, ungdom må få høve til å medverke i utforminga av anlegg Anlegga bør fungere som gode sosiale møteplassar i lokalsamfunna Kommunane sakshandsamar og prioriterer søknader om spelemidlar. Hordaland fylkeskommune gjer endeleg tildeling. Fylkesrådmannen legg følgjande kriteria til grunn for fordelinga: Avsette midlar frå Kulturdepartementet til ordinære anlegg og nærmiljøanlegg blir nytta etter dei rammene departementet har gitt Alle anlegg skal inngå i vedteken kommunal plan for idrett og fysisk aktivitet (gjeld ikkje nærmiljøanlegg med kostnadsramme under kr 600 000) Alle anlegg skal vere universelt utforma Søknader som har fått tidlegare tildeling skal få dekka delar av restbeløpet (gjentekne søknader) Anlegg for friluftsliv skal prioriterast Søknader som gjelder rehabilitering av lysanlegg med PCB-holdige armaturar vert prioritert Ordinære anlegg må ha hatt ein godkjend spelemiddelsøknad i minst tre år før den kan få tildelt spelemidlar Godkjent søknadssum og befolkningsgrunnlag frå den einskilde kommune skal vektast Anlegg som får tilskot lik eller mindre enn normalsatsen, kr 1 000 000,- skal ikkje delast Anlegg som får tilskot større enn normalsatsen kan få tilskotet fordelt over to år, med ein halvdel kvart år Anlegg som får tilskot på meir enn kr 6 000 000,- kan få tilskotet fordelt over tre år med om lag ein tredjedel kvart år Anlegg som ikkje vert tildelt midlar i år kan søkje på nytt, og bli vurdert ved neste års fordeling Anlegg som det skal søkjast om spelemidlar til må vere ein del av kommunen sin handlingsplan for idrett, fysisk aktivitet og friluftsliv. Søknadsfrist for innspel til rullering av handlingsplan vart annonsert med søknadsfrist 15.09. Søknader om spelemidlar er ikkje ferdig handsama. Ferdig handsama søknader saman med politisk prioritering skal vere overlevert Hordaland fylkeskommune innan 15.01.2018 Det er 2 ulike spelemiddelordningar å søkja på. Ordinære anlegg: anlegg for organisert idrett og fysisk aktivitet og eigenorganisert fysisk aktivitet. Nærmiljøanlegg: utandørsanlegg for eigenorganisert fysisk aktivitet, som ligg i tilknyting til bu -og/eller aktivitetsområde. Nærmiljøanlegg skal være fritt allment tilgjengeleg. Målgruppa er fyrst og fremst for barn og ungdom, men og for resten av lokalbefolkninga. Nærmiljøanlegg kan unntaksvis nyttast til organisert idrettsleg aktivitet, men eigenorganisert fysisk aktivitet skal ha fyrsteprioritet. Prioritering av kommunal investering til utbygging av anlegg i offentleg/privat samarbeid Kommunedelplanen legg opp til ei sterk satsing på gode nærmiljøanlegg i samarbeid med private gjennom å prioritera slike anlegg i økonomiplan og spelemiddelordninga. Det er i økonomiplan for 2018-2021 avsett 2 000 000,- årleg for realisering av denne satsinga. Det er viktig at desse og andre planlagde avsetningar vert vurdert og prioritert i samband med rullering av kommunedelplanen. Slik får vi høve til å vurdera anlegg opp mot kvarandre i ein god prosess med Kvinnherad idrettsråd. Ein godkjend søknad om spelemidlar krev at anlegget er fullfinansiert. Langsiktig planlegging av kommunale investeringar er derfor ofte avgjerande for å komma inn på prioritert liste over spelemidlar. Bakgrunn for dei føreslegne prioriterte anlegga i handlingsprogrammet er innspel og drøftingar med initiativtakarar for anlegga. side 2 Kvinnherad kommune

Prinsipp for prioritering av spelemiddelsøknader og økonomiske bidrag. Til grunn for føreslått prioritering av spelemidlar og investeringsmidlar ligg: Nasjonale og fylkeskommunale føringar Kø prinsipp Anleggstetthet Grad av aktivitet (ny eller meir aktivitet) Kor langt ein er kome i planlegging eller byggeprosessen Føreslåtte endringar ved rullering 2018 Prioritering av spelemidlar for 2018 er ei vidareføring av prioriteringane for 2017, med følgjande endringar: Spelemidlar til ordinære anlegg: 2 anlegg fekk løyving i 2017 og går ut av lista: Ølve kunstgrasbane Fjellhaugen skisenter Rosendal symjehall var prioritert som nr 2 i 2016. Anlegget vart flytta 2 plassar ned i 2017. Ei løyving til symjehallen i 2018 vil truleg medføra ytterlegare eit år ventetid for Valeparken kunstgrasbane og Uskedal kunstgrasbane. Begge desse anlegga er ferdige og det er tungt for dei frivillige laga å forskotera spelemidlar. Symjehallen har oppstart i 2018. Detaljplanlegginga er ikkje ferdig for byggjesteg 2, og det vil vera ei føremon at vi får kvalitetssikra tala som ligg til grunn i søknaden før ei eventuell løyving. Det er derfor føreslått å flytta Rosendal symjehall frå 1 til 3 plass på lista. Følgjande anlegg er nye på lista Rosendal rideklubb Innandørs ridebane Sandvolleyballhall Strand-Ulv hallen Erslandsparken kunstgrasbane Halsnøy IL Klubbhus Husnes idrettspark - Lagerbygg Spelemidlar til nærmiljøanlegg 4 anlegg fekk løyving i 2017 og går ut av lista Sunde nærmiljøanlegg Kunstgrasbane Hatlestrand nærmiljøanlegg multianlegg Tursti til nuten Halsnøy helsesportløype Følgjande anlegg er nye på lista Sherpasti Skålafjell Nærmiljøkart Sundal Erslandsparken klatreanlegg Erslandsparken Asfaltert turveg Investeringsmidlar til anlegg bygd i offentleg-privat samarbeid Det er føreslått å nytta investeringsmidlar til følgjande anlegg Erslandsparken Husnes idrettspark - Kunstgrasbane Rosendal Ungdomsskule Skule og nærmiljøanlegg Kvinnherad kommune side 3

Økonomisk konsekvens: Miljømessig konsekvens: Vedlegg: Framlegg til rullering av Handlingsprogram 2018-2021 side 4 Kvinnherad kommune

Kommunedelplan for idrett, fysisk aktivitet og friluftsliv: Rullert handlingsprogram Kommunedelplan for idrett, fysisk aktivitet og friluftsliv Handlingsprogram 2018-2021 Kvinnherad Kommune