Politisk og administrativt sekretariat «MOTTAKERNAVN» «ADRESSE» «POSTNR» «POSTSTED» «UTLANDSADRESSE» Saksbehandlar Tlf. direkte innval Vår ref. Dykkar ref. Dato Torill Slåke 2017/2264-5 «REF» 13.11.2017 Særutskrift - 123/44 - frådeling av 3 stk. nausttomter Holmen - Uskedalen - Sameie Flatholmen v/nils Ragnar Myklebust Kvinnherad forvaltningskomite hadde saka føre i møte 08.11.2017 med vedtak nr 2017/124. Vi legg ved utskrift av møteboka og syner til vedtaket. Då saka gjeld dispensasjon etter plan- og bygningslova (pbl) kap 19, vert kopi av vedtaket også send til berørte regionale og statlege styresmakter for eventuell klagevurdering. Dette brevet er sendt elektronisk utan underskrift og vert ekspedert med e-post som inneheld lenkje til kommunen sin arkiv webmodul. Her kan de finna alle dokument som er vedlegg til saka: Dersom du vurderer å klaga på vedtaket, viser vi generelt til reglane i forvaltningslova og spesielt til plan og bygningslova 1-9. Klagefristen er 3 veker frå du har motteke melding om vedtaket. Vi viser også til pbl 21-9 om at eit dispensasjonsløyve fell bort etter 3 år dersom tiltak ikkje er igangsett. Tiltak omfattar også oppretting og endring av eigedom (frådeling). Eventuelle spørsmål kan rettast til saksbehandlar. Med helsing Bente Høyland Møtesekretær Brevet er godkjent elektronisk og har derfor inga underskrift. Rosendalsvegen 10 5470 Rosendal Tlf: 534 83 100 Fax: 534 83 130 Org. nr: 964 967 636 Bankgiro: 3460.07.00083 post@kvinnherad.kommune.no www.kvinnherad.kommune.no
Kopi til: Torill Slåke Mottakarar: Byggadministrasjon Harald Bjørndal AS Postboks 102 5649 EIKELANDSOSEN Hildegunn Fisher Kong Orskars gt. 60 5017 BERGEN Nils Raganr Myklebust Geilo 71 5463 USKEDALEN Olav Mæland Postboks 263 5702 VOSS Hordaland fylkeskommune Postboks 7900 5020 Bergen Fylkesmannen i Hordaland Postboks 7310 5020 Bergen Reidun Arnesen St. Olavs vei 182 C 5063 BERGEN
Saksframlegg Kvinnherad kommune Saksmappe Saksbehandlar 2017/2264-4 Torill Slåke Saksgang Saksnr Utval Møtedato 2017/124 Forvaltningskomiteen 08.11.2017 Dispensasjon og delingsløyve- 123/44 - frådeling av 3 stk. nausttomter Holmen - Uskedalen - Sameige Flatholmen v/nils Ragnar Myklebust Innstilling frå rådmannen: Dispensasjon: Kvinnherad forvaltningskomite gjev dispensasjon frå pbl 1-8 om forbod mot tiltak langs sjø og vassdrag slik at planlagt deling kan handsamast i samsvar med pbl kap 20 og tilhøyrande føresegner. Løyvet er heimla i pbl 19-2 då omsyna bak reglane det vert dispensert frå, eller omsyna i føremåla til lova, ikkje vert vesentleg sette til side. I tillegg er fordelane ved å gi dispensasjon klart større enn ulempene etter ei samla vurdering. Tiltaket ligg i reguleringsplanen for deler av 123/44 m.fl naustområde Holmen, Uskedalen er vedtatt 22.06.2016. Det er ikkje sett byggjegrense mot sjø, for å kunna gjennomføra planen vert det gitt dispensasjon frå byggeforbodet i strandsona. Delingsløyve: Med heimel i plan og bygningslova 20-4 vert det gitt løyve til deling av tre nausttomter frå 123/44 i samsvar med søknad og tilhøyrande situasjonsplan mottatt 08.06.2017. Vilkår: 1. Når klagefristen på tre veker er ute og det ikkje har kome klage, kan det haldast delingsforretning. 2. Partane må inngå avtale om rettar til køyreveg, gangveg og legging av leidningar over annan grunn. Desse rettane må tinglysast. Behandling i Forvaltningskomiteen den 08.11.2017 Rådmannen si innstilling vart samrøystes vedteken. Vedtak frå Forvaltningskomiteen den 08.11.2017 Dispensasjon: Kvinnherad forvaltningskomite gjev dispensasjon frå pbl 1-8 om forbod mot tiltak langs sjø og vassdrag slik at planlagt deling kan handsamast i samsvar med pbl kap 20 og tilhøyrande føresegner. Løyvet er heimla i pbl 19-2 då omsyna bak reglane det vert dispensert frå, eller
omsyna i føremåla til lova, ikkje vert vesentleg sette til side. I tillegg er fordelane ved å gi dispensasjon klart større enn ulempene etter ei samla vurdering. Tiltaket ligg i reguleringsplanen for deler av 123/44 m.fl naustområde Holmen, Uskedalen er vedtatt 22.06.2016. Det er ikkje sett byggjegrense mot sjø, for å kunna gjennomføra planen vert det gitt dispensasjon frå byggeforbodet i strandsona. Delingsløyve: Med heimel i plan og bygningslova 20-4 vert det gitt løyve til deling av tre nausttomter frå 123/44 i samsvar med søknad og tilhøyrande situasjonsplan mottatt 08.06.2017. Vilkår: 1. Når klagefristen på tre veker er ute og det ikkje har kome klage, kan det haldast delingsforretning. 2. Partane må inngå avtale om rettar til køyreveg, gangveg og legging av leidningar over annan grunn. Desse rettane må tinglysast. Søkjar: Byggadministrasjon Harald Bjørndal AS for sameige Flatholmen v/ Nils Ragnar Myklebust Søknad mottatt: 08.06.17 og dispensasjonssøknad mottatt 11.07.2017. Om søknaden og eigedommen: Oversiktskart Det vert søkt om deling av tre nausttomter i samsvar med vedteken reguleringsplan. Kvar nausttomt er om lag 45 m2
Arealstatus og strandsone I reguleringsplanen er området avsett til naust. Reguleringsplanen for deler av 123/44 m.fl naustområde Holmen, Uskedalen er vedtatt 22.06.2016. Det er ikkje sett byggegrense mot sjø i planen, og det vert difor behandla dispensasjon frå byggeforbodet i strandsona. Lim inn utsnitt av aktuell plan Nabovarsel Naboar /gjenbuarar er varsla. Det er kome inn tre merknader. Merknad I frå Reidun Arnesen, medeigar med 1/6 av 123/44 - melder frå om ho som er medeigar i 123/44 ikkje har gitt løyve til frå frådeling av nausttomter- - det er ikkje er samsvar mellom vedlagt kart og kart i byggesak, og at katet inneheld feil. Merknad II frå Hildegunn T. Fischer- eigar av 1/3 av 123/275: - melder frå om at mora, Svanhild Tytingvåg - som er medeigar i 123/44 ikkje har gitt løyve til frå frådeling av nausttomter. - det er ikkje er samsvar mellom vedlagt kart og kart i byggesak, og at katet inneheld feil. Merknad III frå Olav Mæland eigar av 123/43 - Han meiner område UN 4 kjem svært nære sjøhuset på eigedommen hans. Ber om at det vert halde lovleg avstand. Byggadm. Harald Bjørndal AS har gitt tilsvar på merknadane i brev dat. 07.06.2017: - Reidun Arnesen og Svanhild Tytingvåg har ikkje gitt løyve til frådeling: - Det vert her vist til sameigeavtalen underskriven 15.10.2005 punkt 7.5 og sameigemøte 12.05.2017. - Ut frå reguleringsplanen er det 4 meter frå naustvegg til Olav Mæland sin eigedom. Rådmannen meiner at saka ut frå vedlagt dokumentasjonen og avklaring frå Byggadm. H. Bjørndal AS kan saka handsamast og delingsløyve kan gjevast. Styreleiar har fullmakt til å signera delingssøknaden, og vedtaket er gjort med tilstrekkeleg fleirtal i sameige. Usemje ut over dette ser kommunen som privatrettslege spørsmål, og det tek vi ikkje stilling til i saka, jf. Plan og bygningslova 21-6. Omsøkte tomter ligg i UN1 og UN2 i planen. Rådmannen meiner at når nausttomter i UN 4 skal frådelast må nøyaktig grense til Olav Mæland sin eigedom 123/43 påvisast. Når det gjeld avstand mellom bygg og avstand til nabogrense vert det vist til plan- og bygningsloven 29-4. Uttale frå regionale og statlege styresmakter Saka har ikkje vore sendt på høyring, men vert sendt på klagevurdering til følgjande:
Fylkesmannen i Hordaland Hordaland fylkeskommune Naturmangfaldlova Ingen registreringar i området om spesielle naturtypar eller biotopar. Kulturminne Ingen registreringar. Støy Ikkje relevant Klimatilpassing Dette er vurdert i reguleringsplan, høgdeplassering for naust : 1,75 moh Veg, vatn og avløp Vurdert i reguleringsplan vatn/kloakk er tillete, men må omsøkjast. Det er felles privat kjøreveg og parkeringsplass (PP1) oppgitt i planen. Fram til kvart naust skal det vera gangveg. Aktuelle lovheimlar Den planlagde frådelinga krev dispensasjon frå pbl 1-8 om forbod mot tiltak langs sjø og vassdrag i reguleringsplan, då det ikkje er sett byggjegrense mot sjø. Dersom det skal gjevast dispensasjon må omsyna bak reglane det vert dispensert frå, eller omsyna i føremåla til lova, ikkje verta vesentleg sette til side. I tillegg må fordelane ved å gi dispensasjon vere klart større enn ulempene etter ei samla vurdering. Vurdering etter Dette er ein ny plan (vedteken 2016) som er vurdert etter gjeldande regelverk og føringar for bruk av strandsona. Ved ein feil vart det ikkje sett tydeleg byggegrense mot sjø i planen, noko konsulenten har årsaka. I føresegnene er det oppgjeve at byggegrense for naust er føremålsgrense, og at BYA er 100 %. Det er og gitt høve til kai i 2 m breidde framom nausta, både kai og naust skal plasserast på kote 1,75 moh. Merknader frå nabo/sameigepartar er avklara i utgreiinga over. Ut frå ei samla vurdering og med omsyn til dei føringane som er gjort i reguleringsplanen finn vi at tilhøve til strandsonevernet ikkje vert vesentleg sett til side ved frådeling av tre nausttomter i samsvar med reguleringsplane for området.
Rådmannen tilrår å gje dispensasjon frå pbl 1-8. Vedlegg: 1. Søknad om deling og dispensasjon, tilsvar til merknader 2. Merknader Kopi: Partane