Møtebok for Formannskapet i Radøy. Forfall Parti Møtande varamedlem Christel Villanger Håland H Roy Bø - FRP

Like dokumenter
Radøy kommune Saksframlegg

Innkalling for Radøy eldreråd

Møtebok for Valstyret

Radøy kommune. Møtebok for Kommunestyret i Radøy. Møtedato: Møtested: Kommunestyresalen Møtetid: 09:00

Møtebok for Førebuande fellesnemnd - partssamansett utval

Møtebok for Førebuande fellesnemnd - ny kommune

Radøy kommune Saksframlegg

Sakliste: MØTEPROTOKOLL. Kontrollutvalet. Dato: Kl.: Stad: Kommunestyresalen Saknr.: 19/12 26/12

Møtebok for Fellesnemnd

Forfall: Namn Funksjon Representerer. Varamedlemmer som møtte: Namn Møtte for Representerer. Vigdis Røen Leirvik Terje Træet

Møtebok for Kommunestyret i Radøy

Møteprotokoll. for. Eldrerådet

Innkalling av Fellesnemnd

Fitjar kommune Møteprotokoll

Innkalling av Førebuande fellesnemnd - ny kommune

KONTROLLUTVALET FOR RADØY KOMMUNE MØTEUTSKRIFT

Møtebok for Fellesnemnd partsamansett utval

Innkalling for Kommunestyret i Radøy

Fitjar kommune Møteprotokoll

Innkalling av Førebuande fellesnemnd - ny kommune

Dersom De ikkje kan møte, ber ein om at De melder frå til sentralbordet eller møtesekretær snarast råd.

Tysnes kommune Møteprotokoll

Innkalling av Førebuande fellesnemnd - partssamansett utval

Tysnes kommune Møteprotokoll

MØTEINNKALLING. Eventuelle forfall meldast til kontrollutvalssekretariatet v/bente Hauge, tlf: eller e- post

Tysnes kommune Møteprotokoll

Fitjar kommune Møteprotokoll

Møteprotokoll for Formannskapet

Møtebok for Formannskapet i Radøy

Innkalling av Fellesnemnd partsamansett utval

MØTEPROTOKOLL. Os eldreråd. Møtestad: Rådhuset, formannskapssalen Møtedato: Frå: til 16.00

Fitjar kommune Møteprotokoll

Møtebok for Førebuande fellesnemnd - ny kommune

Kontrollutvalet i Bømlo kommune Møteprotokoll

KONTROLLUTVALET FOR RADØY KOMMUNE SÆRUTSKRIFT

Tysnes kommune Møteprotokoll

Møteprotokoll for Formannskapet

Radøy kommune. Møtebok for Formannskapet i Radøy. Møtedato: Møtested: Kommunestyresalen Møtetid: 17:00

Innkalling av Førebuande fellesnemnd - partssamansett utval

Forfall: Namn Funksjon Representerer. Varamedlemmer som møtte: Namn Møtte for Representerer

Tysnes kommune Møteprotokoll

Austevoll kommune MØTEINNKALLING SAKLISTE

Sakliste: MØTEPROTOKOLL. Kontrollutvalet. Dato: Kl.: Stad: Kommunestyresalen Saknr.: 36/12 42/12. MØTELEIAR Sølvi Ulvenes (H)

Sakliste: MØTEPROTOKOLL. Kontrollutvalet. Dato: Kl.: Stad: Formannskapssalen Saknr.: 01/12 06/12

Møtedato: Møtetid: Kl Forfall meldt frå følgjande medl. Parti Følgjande varamedlem møtte Parti

Forfall vert å melda til kundetorget på tlf , som syt for innkalling av varamedlemar. Varamedlemar møter kun etter særskild innkalling.

Samnanger kommune Møteprotokoll

Fitjar kommune. Møteinnkalling. Utval: Råd for funksjonshemma Møtestad: 2. etasje, Fitjar rådhus Dato: Tid: 14:00

Sakspapir. Saknr Utval Type Dato 046/2018 Formannskapet PS /2018 Kommunestyret PS

Austevoll kommune. Innkalling Råd for menneske med nedsett funksjonsevne. Sakliste

Møtebok for Førebuande fellesnemnd - partssamansett utval

DESSE MØTTE Georg Lønning (FrP) Kåre Habbestad (SP) Terje Olav Nesse (V) Dagmar Meling (SP) møtte i staden for John-Kåre Torkelsen (KrF)

Kontrollutvalet i Fusa kommune Møteprotokoll

Austevoll kommune MØTEINNKALLING SAKLISTE

Møtebok for Fellesnemnd

Fitjar kommune Møteprotokoll

Økonomiplan Vedteken i Radøy kommunestyre , sak 026/2018

Tysnes kommune Møteprotokoll

Sakliste: MØTEPROTOKOLL. Kontrollutvalet. Dato: Kl.: Stad: Formannskapsrommet Saknr.: 08/12 16/12

MØTEPROTOKOLL. Personalutvalet. Møtestad: Formannskapssalen Møtedato: Frå: til 19.30

Før møtet starta (kl ) var det synfaring på Fitjar bu- og behandlingssenter, og orientering om drifta ved senteret.

Kvinnherad kommune Møteprotokoll

Tysnes kommune Møteprotokoll

Faste medlemmer som møtte: Namn Funksjon Representerer Jan Einar Helseth Ottar Kaldhol. Varamedlemer som møtte: Namn Møtte for Representerer

Kommunestyret. Tilleggsinnkalling

MØTEPROTOKOLL FORMANNSKAP/PLAN- OG ØKONOMIUTVALET

Forfall: Namn Funksjon Representerer Vigdis Røen Leirvik Nestleiar AP

Radøy kommune Saksframlegg

Møteprotokoll for Formannskapet

Sakliste: MØTEPROTOKOLL. Kontrollutvalet SAMNANGER KOMMUNE. Dato: Kl.: Stad: Kommunestyresalen Saknr.

Varaordførar Medlem. H H Henry Mæland Medlem SP Beate Marie Dahl Eide Medlem SP. Fylgjande medlemmer hadde meldt forfall: Navn Funksjon Representerer

MØTEINNKALLING. Tillegg SAKLISTE. Saksnr. Arkivsaksnr. Side Tittel 0038/05 04/01566 SØKNAD OM KJØP AV TOMT 230

MØTEPROTOKOLL SAMNANGER KOMMUNE. Utval: Formannskapet Møtedato Møtetid: Kl. 17:55-19:15 Møtestad: Kommunehuset

Fitjar kommune Møteprotokoll

Kvinnherad kommune Møteprotokoll

Sakliste: MØTEPROTOKOLL. Kontrollutvalet

Møteprotokoll for Formannskapet

Møteprotokoll for Komite for oppvekst, idrett og kultur

MØTEPROTOKOLL. Kontrollutvalet. Dato: Kl.: Stad: Formannskapsalen Saknr.: 10/11 21/11. MØTELEIAR Georg Lønning (FrP)

Kontrollutvalssekretariatet Austrheim, Fedje, Lindås, Masfjorden, Meland, Modalen, Osterøy, Radøy

Kontrollutvalet i Stord kommune Møteprotokoll

Radøy kommune. Møtebok for Formannskapet i Radøy. Møtedato: Møtested: Møtetid: Kommunestyresalen 09.00

Vågsøy kommune. Saksframlegg. Årsbudsjett Økonomiplan JournalpostID: 17/15053 Saksbehandlar: Henrik Skovly Dato:

Kontrollutvalet i Fusa kommune Møteprotokoll

EID KOMMUNE Kontrollutvalet i Eid kommune. Møteinnkalling. Møtedato: Møtestad: Eid rådhus, formannskapssalen Møtetid: Kl.

Fitjar kommune Møteprotokoll

Radøy kommune. Saksframlegg. Saknr Utval Type Dato 086/2014 Formannskapet i Radøy PS /2014 Kommunestyret i Radøy PS

Samnanger kommune Møteprotokoll

Fitjar kommune Møteprotokoll

Kontrollutvalet i Bømlo kommune Møteprotokoll

Samnanger kommune Møteprotokoll

Forfall: Namn Funksjon Representerer Vigdis Røen Leirvik Nestleiar AP

Faste medlemmer som møtte: Namn Funksjon Representerer. Forfall: Namn Funksjon Representerer Johnny Westvik

Fitjar kommune Møteprotokoll

Møtebok. Møtedato: Møtetid: Kl. 9: Møtestad: Rådhuset, Kommunestyresalen Saksnr.: 12/ /2016

Innkalling av Fellesnemnd

SELJE KOMMUNE Råd for menneske med nedsett funksjonsevne. Møtebok

Austevoll kommune MØTEINNKALLING SAKLISTE

Transkript:

Radøy kommune Møtedato: 09.11.2017 Møtested: Kommunestyresalen Møtetid: 09.00 Møtebok for Formannskapet i Radøy Møtedeltakarar Parti Rolle Jon Askeland SP Ordførar Jostein Borlaug AP Varaordførar Anne Berit Bø Palmesen SP Medlem Kirsti Gjetle Floen AP Medlem Else Marie Skartveit Dale KRF Medlem Kenneth Taule Murberg H Medlem Roy Bø FRP Varamedlem Forfall Parti Møtande varamedlem Christel Villanger Håland H Roy Bø - FRP Andre møtande: Rådmann Jarle Landås, økonomisjef Sveinung Kvamme, kommunalsjef Lisbeth Alvær, møtesekretær Arthur Kleiveland Samråding: Formannskapet hadde samrådsingsmøte om budsjett 2018 med eldrerådet og rådet for menneske med nedsett funksjonsevne representert ved Magnar Klausen, og May Britt V. Gjerde Også leiaren i Radøy idrettsråd, Bjørn Ove Myking, kom med innspel til budsjettet. Leiaren i idrettsrådet hadde også ordet under handsaminga av sak 68/2017. Underskrifter: Jon Askeland Ordførar Arthur Kleiveland møtesekretær

Sakliste Saknr Tittel 068/2017 Fornying av samarbeidsavtale med Radøy idrettsråd 069/2017 Innkjøpsavtale med Aufera AS 070/2017 Budsjett 2018 og økonomiplan 2018-21 071/2017 Meldingar og referatsaker

Radøy kommune Saksframlegg Saknr Utval Type Dato 068/2017 Formannskapet i Radøy PS 09.11.2017 Kommunestyret i Radøy PS Sakshandsamar Arkivsaknr.: Dokumentnr.: Bente Kopperdal Hervik 17/1103 17/12950 Fornying av samarbeidsavtale med Radøy idrettsråd Saksopplysingar: Bakgrunn Radøy kommune og Radøy idrettsråd underteikna samarbeidsavtale 24. mars 2011. Etter initiativ frå Radøy idrettsråd vert revidert forslag til samarbeidsavtale lagt fram for politisk handsaming. Vurdering Samarbeidsavtalen som vart underteikna har fungert som eit godt og forpliktande grunnlag for samarbeidet mellom Radøy kommune og Radøy idrettsråd. Administrasjonen i Radøy kommune og idrettsrådet har også utarbeidd eit årshjul som set samarbeidet, slik det er nedfelt i avtalen, inn i faste rammer. Bakgrunnen for at idrettsrådet ynskjer at samarbeidsavtalen skal reviderast, er den komande kommunesamanslåinga. Idrettsrådet ynskjer å verta inkluderte tidleg i denne prosessen for å sikra idretten i Radøy sine interesser inn i ein ny kommune, og har bede om at dette vert tatt inn i avtalen. Radøy, Lindås og Meland kommunar svært ulike når det gjeld bygging og drift av idrettsanlegg. I Lindås kommune er dei største idrettsanlegga eigd av kommunen. I Meland og Radøy er derimot dei fleste større idrettsanlegga eigd og drifta av idrettslaga. Nivået på støtte til idrettslaga og anlegga er også svært ulike i dei tre kommunane. Dette er viktige problemstillingar inn mot kommunesamanslåinga, og rådmannen støttar difor idrettsrådet sitt ynskje om å få med i avtalen at idrettsrådet skal involverast i saker som gjeld idretten inn mot kommunesamanslåinga. Utkastet til avtale som vert lagt fram er i all hovudsak lik eksisterande avtale. Foreslåtte endringar er markerte med gul skrift i utkastet til revidert samarbeidsavtale. Rådmannen sitt framlegg til vedtak: Radøy kommune er positiv til å underteikna revidert samarbeidsavtale med Radøy idrettsråd. Ordføraren får fullmakt til å underteikna avtalen slik den ligg føre. Formannskapet i Radøy - 068/2017 FS - handsaming:

Leiar i Radøy idrettsråd, Bjørn Ove Myking, gav uttrykk for at samarbeidsavtalen har vore positiv sett med idretten sine auge. Han sa at dialogen med kommunen er god. Idretten har ein kanal inn til kommunen også med prioriteringar av investeringar på anleggssektoren. Leiaren i idrettsrådet understreka idretten sitt behov for å verta trekt med i prosessar knytt til Alver kommune. Idrettsrådet ynskjer å verta inkluderte tidleg i denne prosessen for å sikra idretten i Radøy sine interesser inn i ein ny kommune, og har bede om at dette vert tatt inn i avtalen. Ordførar Jon Askeland peika på at Radøy kommune var først ute med samarbeidsavtale med idrettsrådet. Han rosa idrettsrådet for å ha arrangert kurs og seminar med aktuelle tema som mobbing og rein idrett for ungdomsskule-elevar, trenar, idrettsleiarar og andre interesserte. Formannskapet vedtok samrøystes rådmannen sitt framlegg til vedtak. FS - vedtak: Radøy kommune er positiv til å underteikna revidert samarbeidsavtale med Radøy idrettsråd. Ordføraren får fullmakt til å underteikna avtalen slik den ligg føre. Vedlegg: Samarbeidsavtale mellom Radøy kommune og Radøy idrettsråd Stadfesta samarebeidsavtale (L)(173164)

Radøy kommune Saksframlegg Saknr Utval Type Dato 069/2017 Formannskapet i Radøy PS 09.11.2017 Sakshandsamar Arkivsaknr.: Dokumentnr.: Sveinung Kvamme 17/2116 17/13409 Innkjøpsavtale med Aufera AS Saksopplysingar: Bakgrunn I kommunestyresak 047/2017 gjorde kommunestyret vedtak om at alle innkjøpsavtalar skal leggjast fram for politisk nivå før dei vert inngått. Rådmannen vurderer det slik at det ikkje er innhaldet i avtalen som skal leggjast fram for godkjenning, men at godkjenning gjeld det å inngå avtale. Vurdering Innkjøp i kommunal regi vert regulert av «Lov om offentlige anskaffelser» av 17.06.2016 og «Anskaffelsesforskriften» av 12.08.2016. Forskrifta gjeld for alle anskaffelsar med ein verdi av over kr 100.000. Radøy kommune er ein innkjøpar, og alle verdivurderingar må gjerast for kommunen samla, over ein periode på fire år. Det har ei tid vore arbeidd med ein ny avtale om vask og rens av institusjonstøy, matter mv. Rådmannen har vurdert det som ønskjeleg at arbeidet vert gjort av ei godkjent VTA-verksemd. Etter sonderingar i marknaden, har ein funne at det berre er Aufera AS på Radøy som oppfyller dette kravet i eit rimeleg nærområde i Hordaland. Informasjonen er henta inn frå Opplæringskontoret AMB Hordaland. Rådmannen har difor gått i direkte forhandling med Aufera AS om avtalevilkår. Avtalen er no ferdig forhandla, og rådmannen ber om godkjenning til å inngå avtale. Rådmannen sitt framlegg til vedtak: Avtale om vask og rens av institusjonstøy mv. med Aufera AS vert inngått. Formannskapet i Radøy - 069/2017 FS - handsaming: I kommunestyresak 047/2017 gjorde kommunestyret vedtak om at alle innkjøpsavtalar skal leggjast fram for politisk nivå før dei vert inngått. Kenneth Taule Murberg (H) meiner sak om innkjøpsavtale med Aufera AS illustrerer konsekvensen av kommunestyrevedtaket. Han meiner det blir unødvendig og svært krevjande for administrasjonen å jobba på denne måten. Rådmann Jarle Landås gav klart uttrykk for at oppfølging av vedtaket er komplisert. Han opplever at ordlyden er uklar, og han er opptatt av å få avklart kva som er realitetane i vedtaket. Rådmannen reagerer også på at det i vedtaket blir konkludert med at administrasjonen har gått utover sine

fullmakter og har brote tidlegare praksis for innkjøp. Ordførar Jon Askeland vil leggja fram saka som meldingssak for kommunestyret. FS - vedtak: Avtale om vask og rens av institusjonstøy mv. med Aufera AS vert inngått.

Radøy kommune Saksframlegg Saknr Utval Type Dato 070/2017 Formannskapet i Radøy PS 09.11.2017 Kommunestyret i Radøy 076/2017 Formannskapet i Radøy PS 23.11.2017 PS Sakshandsamar Arkivsaknr.: Dokumentnr.: Sveinung Kvamme 17/1032 17/13423 Budsjett 2018 og økonomiplan 2018-21 Saksopplysingar: Rådmannen legg med dette fram budsjett 2018 og økonomiplan 2018-21 til politisk handsaming. Det vedlagde dokumentet, Budsjett 2018 - Rådmannen sitt framlegg, datert 1.11.2017 inneheld alle pålagde skjema og tekst iht fastsetjing av skattøyre, låneopptak mv. I den grad den politiske handsaminga fører til endringar i budsjettala, vert det utarbeidd ny versjon med innarbeidde endringar. Mogelege tekstlege tilleggspunkt vert tekne inn i dokumentet etter politisk handsaming. Rådmannen sitt framlegg til vedtak: Budsjett 2018 og økonomiplan 2018-21 vert vedteke slik det går fram av vedlagde budsjettdokument dagsett 1.11.2017. Formannskapet i Radøy - 070/2017 FS - handsaming: Rådmann Jarle Landås sa at administrasjonen i budsjettforslaget for 2018 så langt som mogleg har prøvd å fanga opp bestillingane frå politisk nivå. Han peika på utfordringa som i eit stramt budsjett ligg i at drifta skal oppretthaldast som godt som mogleg på veg inn i Alver kommune. Han meiner det vil vera uheldig å gjera store kutt i drifta på veg inn i ny kommune. Økonomisjef Sveinung Kvamme sa i sin presentasjon at statleg rammetilskot og skatt aukar mindre enn pris- og lønsveksten neste år. Han peika vidare på at endra reglar for eigedomsskatt slår betydeleg ut for Radøy, først og fremst i høve til kraftliner, men også eigedomsskatt knytt til fiberanlegg og industrianlegg. Økonomisjefen viste til at den samla veksten i budsjettrammene til drlft er på 4,8 prosent, noko meir enn prisvekst og noko meir enn auken i frie inntekter tilseier. I desse tala har rådmannen lagt til grunn ei vidareføring av driftsnivået i kommunen hausten 2017 også for 2018. Budsjettframlegget viser ein betydeleg realvekst ressursar til oppvekstsektoren. Det samla elevtalet går ned, men løyvingane til oppvekst aukar likevel med vel 6,5 prosent. Særleg blir Manger skule styrka, men også alle barnehagane og PPT får meir ressursar.

I helse og omsorg er det NAV sosial som har største auke, 8,4 prosent. Innan drift og forvaltning er det drifta av brannvesen som får størst auke, mellom anna grunna auka kompetansekrav og utvida interkommunale samarbeid. Økonomisjefen presenterte eit budsjettframlegg med ei samla drift på nesten 308 millionar kroner, inkludert bruk av fond. Mindreforbruket i budsjettet (overskot) vil då bli på 1,96 mill. kroner. Av mindreforbruket skriv 5,7 mill. seg frå bruk av fond. Når ein korrigerer for dette, er drifta i realiteten negativ med 3,7 mill. Rådmannen legg opp til investeringar på nær 92 mill i 2018, noko rådmannen meiner er ekspansivt, særleg i høve til kommunen sin økonomiske situasjon. Rådmannen vurderer likevel investeringane som nødvendige for å møta ein ny situasjon frå 2020. Økonomisjefen peika på at høg grad av lånefinansiering gjer at lånegjelde vil auka monaleg, både i høve til samla omsetning og i høve til folketalet. Dei største prosjekta i 2018 er følgjande: Solhall (DPS-bygget) - og kjøp og oppgradering - 21 mill. Avløpsprosjekt (reinseanlegg) - 18 mill Ny Bø barnehage, oppstart - 15 mill Vassprosjekt - 7,5 mill Kyrkja, ny varmeløysing Bø og Manger - 5 mill Oppgradering omsorgsbustader - 4 mill Austebygd, småbarnsavdeling - 3 mill Økonomisjefen peika på at for åra 2020 og 2021 er økonomiplanen på ein måte misvisande, fordi det vil vera kommunestyret i Alver kommune som vedtek budsjettet. Likevel er økonomiplanen retningsgjevande, også i høve til Alver kommune. Fellesnemnda skal ha økonomiplanen til uttale. Viktige investeringar økonomiplan 2019-21 Vass- og avløpsprosjekt 39 mill Ny barnehage Bø, 37 mill Ny RIB, 36 mill Oppfølg bustadsosial handlingsplan, 32 mill Ny brannstasjon 13 mill Rådhus/kulturhus 10 mill Solhall, ytterlegare ombygging, 8 mill. Rådmannen konstaterer at økonomiplanen er omfattande, men tek opp i seg viktige investeringar for Radøy si framtid. Han vurderer investeringane som nødvendige for å møta ein ny situasjon frå 2020. Lånegjelda aukar mykje, noko som fører til betydeleg auka rente- og avdragskostnader. Drifta må reduserast med nær 11 mill 2019 og 2020 for å få balanse i inntekter og kostnader i perioden. Ordførar Jon Askeland rosa rådmannen for budsjettframlegget, og gav uttrykk for at rådmannen i eit stramt budsjett har følgd bestillinga frå politikarane. Else Marie Skartveit Dale (KrF) tok opp det ho meiner er kritikkverdige bygningsmessige forhold ved helsestasjonen, mellom anna peika ho på tronge og smale lokalitetar og at det manglar vask fleire stader. Dersom det framleis skal vera helsestasjon på Manger, meiner Dale det er heilt nødvendig med oppgradering. Rådmann Jarle Landås sa at tilhøva ved helsestasjonen ikkje er ideelle, men ikkje helsemessig uforsvarleg. Han meiner det er ei oppgåve for den nye kommunen å finna betre lokale til

helsestasjonen. Det er planen at heile Prestmarka barnehage skal inn i Solhall (tidl. DPS-bygget). Kenneth Taule Murberg (H) stilte difor spørsmål ved om det kan vera aktuelt å flytta helsestasjonen til dagens barnehagebygg. Han ønskjer å få ei enkel om det lar seg gjera om å ta i bruk dette bygget til formålet. Kommunalsjef for helse og omsorg, Mette Fauskanger, svara at om helsestasjonen skal flytta, så er det ein stor fordel at legesenteret flytta med. Det er svært viktig med samlokalisering av desse tenestene. Rådmann Jarle Landås orienterte om tilstanden på brannstasjonen og Arbeidstilsynet sine krav om utbetring. Ein konsulentrapport, som kommunen har fått gjennomført, er "knusande" i sin dom. Utfrå rapporten er brannstasjonen altfor liten og utdatert på alle moglege vis. For å tilfredsstilla Arbeidstilsynet sine krav må det setjast igang planlegging av ny brannstasjon samtidig som det må gjerast "akutt-tiltak" i dagens stasjonslokale.* Formannskapet gjorde ikkje noko realitetshandsaming av budsjett for 2018/økonomiplan i dette møtet. Formannskapet held fram drøftinga i sitt neste møte, 23. november, og skal då koma koma med si budsjettinnstilling til kommunestyret. FS - vedtak: Formannskapet held fram handsaminga av budsjett 2018 og økonomiplan i sitt neste møte 23. november. Vedlegg: Budsjett 2018 rådmannen sitt framlegg Budsjett 2018 - innspel frå råd for menneske med nedsett funksjonsevne Innspel frå Eldrerådet til budsjett 2018

Radøy kommune Saksframlegg Saknr Utval Type Dato 071/2017 Formannskapet i Radøy PS 09.11.2017 Sakshandsamar Arkivsaknr.: Dokumentnr.: Arthur Kleiveland 17/2136 17/13483 Meldingar og referatsaker Saksopplysingar: Det vert lagt fram følgjande meldingar og referatsaker: a. Hordaland og Sogn og Fjordane blir Vestlandet info frå Hordaland fylkeskommune b. Ordinært skjønstilskot 2018 Fylkesmannen i Hordaland c. Nordhordland Revisjon IKS møteutskrift 16. oktober 2017 d. Søknad frå stiftinga Tjorehagen om kommunal støtte e. Stiftinga Tjorehagen årsrekneskap 2016-2017 f. Lovlegkontroll - Tildeling av midlar frå næringsfond - Fylkesmannen i Hordaland g. Fellesnemnda for Alver kommune - orientering h. Orientering frå rådmann og ordførar Rådmannen sitt framlegg til vedtak: Meldingar og referatsaker vert tekne til orientering Formannskapet i Radøy - 071/2017 FS - handsaming: Samråd mellom eldrerådet og råd for menneske med nedsett funksjonsevne Representant for eldrerådet og råd for menneske med nedsett funksjonsevne var i samråd med formannskapet om budsjett for 2018. Dette er ei oppfølging av eit samrådsmøte mellom råda og formannskapet tidlegare i vår. Nestleiar i Råd for menneske med nedsett funksjonsevne, May Britt V. Gjerde, og Magnar Klausen i eldrerådet la fram råda sine innspel for formannskapet. På samrådsmøtet la Gjerde fram følgjande på vegne av RMNF: - Det må leggast til rette badeplass for rørslehemma (universell utforming og tilkomst) - Det må monterast handikap-inngang til kommunestyresalen. Ordninga med heis er ei dårleg og usikker løysing for rullestolbrukarar - Det er behov for brukarstyrt heis i terapibassenget i Radøyhallen - Det er behov for breiare badestige i terapibassenget, for å gjera tilgangen lettare for rørslehemma - Det er viktig å få ut informasjon til alle husstandar om velferdsteknologi Magnar Klausen la fram følgjande på vegne av eldrerådet: Eldrerådet etterlyser eit dagtilbod for ulike brukargrupper blant eldre og blant personar knytt til rusog psykriatriomsorga som ikkje har lovfesta rett til tilbod. Rådet har inntrykk at det er eit udekka

behov, og ber om ei kartlegging. Å sikra dagtilbod for personar med behov vil vera forebyggjande og gje stor auke i livskvaliteten. Eldrerådet vil be administrasjonen om å vurdera bruk av midtre del av tidlegare Radøy sjukeheim til dagsenter. Rådet har drøfta situasjonen for omsorgspersonar som treng avlastning. Det kan hjelpa mykje på motivasjonen deira dersom dei kan forutsjå feriar og fridagar. Ei ordning der det vert avsett eit visst tal rom som inngå i ei rullerande avlastningsordning, kan spara mykje krefter. Eldrådet vil i første omgang be om at behovet vert kartlagt. Rådet vurderer avlastning som eit området der ein bør få på plass ei god og stabil ordning. Eldrerådet ber om at behovet for avlastningsplassar vert kartlagt. Det er viktig at omsorgspersonar får ein forutsigbar kvardag der dei til ei kvar tid veit når dei får avlastning. Ordførar Jon Askeland ba om at rådmannen kjem tilbake med ei vurdering av innspela frå råda til neste møte. Idrettsrådet - budsjett: Leiar i Radøy idrettsråd, Bjørn Ove Myking, la fram rådet sitt innspel til budsjett for 2018. Han er glad for veksten som har kome i løyvinga til vedlikehald/anlegg. Idrettsrådet ber om at løyvingane til kulturmidlane blir auka med 40.000 kroner, noko Myking seier vil koma både idrett og kultur til gode. Han ber også om tilskot til idrettsrådet sitt arbeidet, og peika på at rådet vil arrangera og delta på møte og konferansar, mellom anna for idrettslag og idrettsråda i dei tre kommunane som går saman i Alver kommune. Han opplyste at idrettsråda i dei tre kommunane har etablert si eiga fellesnemnd. Fellesnemnd for Alver kommune: Rådmann Jarle Landås informerte om at nytilsett programansvarleg/rådmann i Alver kommune, Ørjan Raknes Forthun, skal ha kontor på rådhuset på Manger ein dag i veka (onsdag) frå 22. november. Tilsvarande skal han ha kontordag i Meland kvar måndag. Rådmannen sa at Raknes Forthun har starta arbeidet med å rigga prosjekt-organisasjonen for Alver kommune. Kiristi Gjetle Floen (A) stilte spørsmål ved bemanninga og arbeidspresset på rådhuset etter kvart som det blir fleire oppgåver knytt til ny kommune, samtidig som drifta i dagens Radøy kommune skal oppretthaldast. Rådmannen peika på at kommunen har ein god organisasjon, som samtidig er svært sårbar, noko som t.d. merkast når kommunalsjef og rådgjevar for oppvekst slutta samtidig. Rådmannen ser at situasjonen for det administrative nivået vil verta utfordrande etter kvart som vi i stadig større grad er på veg inn i Radøy kommune. Sambandet Vest: Ordførar Jon Askeland orienterte om eigarmøte i Sambandet Vest. Dei tre Alverkommunane har i tilknyting til samanslåings-prosessen fått 5 mill. frå staten til planleggingspengar for Sambandet Vest. Ordføraren sa at det er semje mellom eigarkommunane at desse midlane skal brukast til planlegging av prosjekt knytt til vår del av regionen. Tjorehagen - søknad om støtte: Stiftinga Tjorehagen har søkt om kommunalt støtte på årleg basis. Etter ei kort drøfting vart det konkludert med at denne saka blir vurdert i formannskapet si budsjetthandsaming i møte 23. november. Kommunalt fond til grøfting i landbruket Rådmann Jarle Landås viste til politisk bestilling av ei sak om fond for grøfting i landbruket, og konstaterte at utfrå den økonomiske situasjonen har rådmannen ikkje funne plass til dette tiltaket i budsjettet for 2018. Rådmannen la fram eit notat frå landbrukssjefen om mogleg tilskot, der han peikar på at grøfting vil auka lønsemda og auka tal dekar slåttemark med fungerande grøftesystem. Landbrukssjefen konkluderer i notatet med at det vil vera ein effekt av midlane, men han er usikker på kor stor effekten vil vera.

Heis ved Manger skule: Kenneth Taule Murberg (H) tok opp eit innspel knytt til universell tilkomst til personalheis i vestfløyen ved Manger skule. Ordføraren ber administrasjonen sjå på denne saka til neste møte. Barnehage-innspel: Ordføraren viste til innspel frå eit par foreldre knytt til Bø barnehage vedkomande info i høve bygging av ny barnehage. Ordføraren viste til at det er rådmannen som handterer slike saker. Møteplan 1. halvår 2018 Formannskapet drøfta møteplan for 1. halvår 2018. Følgjande møteplan vart vedteken: Januar 24. januar: Hovudutvalet 25. januar: Formannskapet Februar 15. februar: Kommunestyret Mars 7. mars: Hovudutvalet 15. mars: Formannskapet April: 12. april: Kommunestyret 19. april: Formannskapet Mai 2. mai: Hovudutvalet 3. mai: Formannskapet Juni 7. juni: Formannskapet 13. juni: Hovudutvalet 14. juni: Kommunestyret Formannskapet tok meldingar og referatsaker til orientering, med tillegg som kom fram i møtet. FS - vedtak: Meldingar og referatsaker vert tekne til orientering. Vedlegg: Hordaland og Sogn og Fjordane blir Vestlandet - info Hordaland fylkeskommune Ordinært skjønnstilskot 2018 Nordhordland Revisjon IKS_møteutskrift 16_okt_2017 Søknad støtte fra Radøy kommune - Tjorehagen Søknad Tjorehagen_vedlegg- Årsrekneskap 2016-2017 Lovlegheitskontroll - Tildeling av midlar fra næringsfond_fylkesmannen i Hordaland