- I arbeid for eit branntrygt lokalsamfunn! Representantskapet Representantskapet for Medlemmer: Leiar Lars Lie Fjell kommune Medlem: Albrigt Sangolt Sund kommune Varamedlem: Møter berre etter nærare melding Andre: leiar for Sotra Brannstyre Ove Bernt Trellevik brannsjef varabrannsjef Nils Anders Mæland Dato: Tid: 09:00 10:30 Stad: SAKER TIL BEHANDLING Kommunehuset Sund kommune. Synfaringa i Skogsskiftet brannstasjon blei utsett. 01 2008 Innkalling til møte 01/2010 02 2008 Saksliste for møte 01/2010 03 2008 Møtebok for møte 03/2009 04 2008 Val av ny leiar for representantskapet i 05 2009 Rekneskap 2009 for 06 2009 Årsmelding 2009 for Lars Lie representantskapsleiar Nils Anders Mæland fungerande brannsjef Tlf. 56 33 40 10. Tlfax. 56 32 18 25
side 2 av 10 Representantskapet 01 2010 550.1 Nils Anders Mæland INNKALLING TIL MØTE 01/2010 Trykte vedlegg: Ingen Saka gjeld innkalling til møte 01/2010 i representantskapet for Innkalling skal normalt vere fire, 4, veker før møtet, men leiar for representantskapet kan godkjent kortare innkalling. Leiar av representantskapet har godtkjent kort innkalling til dette møtet ved sjølv å ha godkjent møtedatoen. Styreleiar rår representantskapet til å godkjenne innkallinga slik den ligg føre. I høve til lov om interkommunale selskaper skal innkalling til møte i representantskapet skje med min. fire, 4, vekers frist. Leiar for representantskapet kan godkjenne kortare innkallingsfrist. Jf. 8 i lov om interkommunale selskaper. Leiar for representantskapet kan godkjenne kortare innkallingstid. For dette møtet har leiar godkjent kort innkalling ved sjølv å foreslå møtedato. Styreleiar gjev følgjande Representantskapet godkjenner innkalling til møte 01/2010 slik den ligg føre. Representantskapet godkjenner innkalling til møte 01/2010 slik den ligg føre. brannsjef
side 3 av 10 Representantskapet 02 2010 550.1 Nils Anders Mæland SAKSLISTE FOR MØTE 01/2010 VEDTAK Trykte vedlegg: Ingen Saka gjeld godkjenning av sakslista for møte 01/2010 i representantskapet for Sotra Brannvern IKS. Styreleiar rår representantskapet til å godkjenne sakslista slik den ligg føre. I høve til Lov om interkommunale selskaper skal innkalling til møte i representantskapet innehalde saksliste. Representantskapet skal ha min to, 2, møter per år. Sakslista er på førehand lagt fram for leiar av representantskapet. Styreleiar gjev følgjande Representantskapet godkjenner sakslista til møte 01/2010 slik den ligg føre Representantskapet godkjenner saklista til møte 01/2010 slik den ligg føre. brannsjef
side 4 av 10 Representantskapet 03 2010 550.1 Nils Anders Mæland FOR MØTE 03/2009 Trykte vedlegg: Møtebok for møte 03/2009 Saka gjeld godkjenning av møtebok for møte 03/2009 i representantskapet for. Styreleiar rår representantskapet til å godkjenne møteboka slik den ligg føre. Møteboka viser behandla saker på førre møte, samt dei vedtak som blei fatta. Representantskapet skal godkjenne at vedtaksformuleringane er i samsvar med det som ble bestemt på møtet. Styreleiar gjev følgjande Representantskapet godkjenner møteboka for 03/2009 slik den ligg føre. Representantskapet godkjenner møteboka til 03/2009 slik den ligg føre. Sjekke saknr i ref om budsjettprosedyre. Skal vere 14/09 ikkje 11/09 brannsjef
side 5 av 10 Representantskapet 04 2010 550.1 Nils Anders Mæland VAL AV NY LEIAR FOR REPRESENTANTSKAPET FOR Trykte vedlegg: Ingen Saka gjeld val av ny leiar for representantskapet for. I følgje selskapsavtalen for selskapet blir leiar vald for to år. Representantskapet vel sjølv leiar. Saka blir lagt fram utan innstilling. I høve 11 i selskapsavtalen for skal representantskapet velje leiar og nestleiar for 2 år. Det er tid for val på ny leiar for perioden 2010-2011. Fjell kommune har hatt leiarfunksjonen i oktober 2007 og fram til no. Styreleiar gjev følgjande Saka blir lagt fram utan innstilling. Lars Lie vart vald som leiar i representantskapet brannsjef
side 6 av 10 Sotra Brannstyre 17.03.2010 08 2010 550.1 Representantskapet 05 2010 550.1 Nils Anders Mæland REKNESKAP 2009 FOR Trykte vedlegg: Noter til rekneskapen Balanse for 2009 Saka gjeld behandling av rekneskapen for 2009 for. Styreleiar rår styret til å tilrå at representantskapet godkjenner rekneskapen 2009 slik den ligg føre. Selskapsavtalen for (SBv.) regulerer m.a. også disponering av overskot/underskot i drifta. 22 OVER/UNDERSKOT I REKNESKAPEN. Ved eventuelt overskot i rekneskapen skal midlar overførast til driftsfondet jf. 23 innanfor ei ramme på kr 300.000. Resterande overskot etter slik overføring vert å overføre til investeringsfondet jf. 24. Ved eventuelt underskot i rekneskapen vert dette å dekka frå driftsfondet. 23 DRIFTSFOND. Selskapet skal ha eit fond som skal nyttast til å ta opp svingingar i drifta ev. til større ad hoc-utgiftar. Bruk av driftsfondet krev godkjenning av brannstyret. 24 INVESTERINGSFOND. Ved overskot i drifta på meir enn kr 300 000, eller dersom driftsfondet kjem opp i meir enn kr 300 000, skal overskot i drifta førast på investeringsfondet. Bruk av investeringsfondet krev godkjenning i brannstyret. Representantskapet er selskapets øvste mynde og deltakarane (eigarane) utøvar sitt mynde i selskapet gjennom representantskapet. Det er difor representantskapet som godkjenner rekneskapen og disponerer overskot/underskot. Selskapet har per 01.01.2010 ikkje midlar på driftsfondet for å dekkje inn underskot i drifta. Det er heller ikkje midlar på investeringsfondet. Etter at styret har behandla rekneskapen vil revisor skrive ut revisjonsmelding, som blir lagt inn i Årsmeldinga for 2009 og oversendt representantskapet. Regnskap 2009 Ansvar Kostnadsstad Tekst Inntekter* Utgifter* 120 1000 Administrasjonsavdeling 2 334 000 2 219 000 338 1000 Førebyggjande avdeling 5 328 000 5 010 000 339 1000 Beredskapsavdeling 13 134 000 13 567 000 *Alle tal runda opp til nærmaste heile kr 1 000.
side 7 av 10 Rekneskapen blir gjort opp med eit underskot på kr 142 774,46. Volumauka skuldast m.a. store utbetalingar etter oljeoppreinskinsaksjonen etter MS Hull City, verknad av særavtalen for branntenesta, for å nemne nokre. har ikkje hatt moglegheit til å opparbeide seg noko driftsfond for å kunne ta svingingar i drifta. Når 2009 går med eit rekneskapsmessig mindreforbruk er det altså meirforbruket frå 2008 som vi dreg med oss vidare i 2010. Sett i forhold til at SBv. fekk ein ny særavtale for branntenesta i desember 2008, som då gav verknad i 2009, er resultat bra. Denne nye særavtala gav selskapet ein meirutgift i storleik 350 000, som eigarane våre ikkje ville kompensere for. Leiinga gjorde også fleire grep i drifta i 2009 for å redusere den negative økonomiske effekten av denne særavtala. Leiinga ved SBv. har tilpassa aktiviteten for 2010 slik at underskotet frå førre år blir dekt inn over drifta i år Brannsjefen gir følgjande 1. Rekneskapen for 2009 for blir gjort opp med eit meirforbruk på kr 142 774,46 2. Inndekking av meirforbruket for 2009 vil i sin heilskap skje ved innsparingar over driftsbudsjettet for 2010. 3. Sotra Brannstyre rår representantskapet til å godkjenne rekneskapen for 2009. Styret har gjort slikt 1. Rekneskapen for 2009 for blir gjort opp med eit meirforbruk på kr 142 774,46 2. Inndekking av meirforbruket for 2009 vil i sin heilskap skje ved innsparingar over driftsbudsjettet for 2010. 3. Sotra Brannstyre rår representantskapet til å godkjenne rekneskapen for 2009.
side 8 av 10 Representantskapet gjorde slikt 1. Rekneskapen for 2009 for blir gjort opp med eit meirforbruk på kr 142 774,46. Driftsinntekter: kr 20.246.723,35 Driftsutgifter: kr 20.355.400,59 Brutto driftsutgifter kr -108.677,24 Resultat eksterne finanstransaksjonar kr -118.765,65 Motpost avskrivingar kr 335.000,00 Netto driftsresultat kr 107.556,11 Dekning av tidlegare års meirforbruk kr 250.337,57 Rekneskapsmessig meirforbruk kr -142.774,46 2. Inndekking av meirforbruket for 2009 vil i sin heilskap skje ved innsparingar over driftsbudsjettet for 2010. 3. Representantskapet godkjenner rekneskapen for 2009. Representantskapet etterlyser ei sak om fondssituasjonen for SBv Iks. Ynskjer og at vedtaket viser dei faktiske tala for inntekter og utgifter som rekneskapet gjev, samt grunngjevinga for underskotet for 2009. Administrasjonen har difor lagt desse inn under pkt. 1. i vedtaket. brannsejf
side 9 av 10 Sotra Brannstyre 17.03.2010 09 2010 550.1 Representantskapet 06 2010 550.1 Nils Anders Mæland ÅRSMELDING 2009 FOR Trykte vedlegg: Årsmelding for for 2009 to alternativer. Saka gjeld Årsmelding 2009 for. Styreleiar rår styret til å gå inn for årsmeldinga slik den ligg føre. Årsmelding 2009 for er inndelt i avsnitt om aktiveter ved dei respektive avdelingane, om organisasjon, leiing og økonomi, tilsette, materiell, styret m.m. Revisor si melding blir først oversendt når styret har behandla rekneskapen. Etter ønskje frå styret har årsmeldinga vore oversendt styret for ev. kommentarar før behandling. For detaljar oppfordrar brannsjefen til å sjå i sjølve årsmeldinga som er tilgjengeleg som vedlegg. Årsmeldinga blir oversendt representantskapet for godkjenning. Produksjonsmessig nådde vi dei aller fleste måla som var sett opp. Det vere seg tilsyn i særskilte brannobjekt, tilsyn med fyringsanlegg og feiing av røykpiper, gjennomføring av røykdykkarkurs og grunnkurs, beredskapsutdanning trinn 1. Store økonomiske utfordringar blei handtert ved forskjellege innsparingstiltak, noko som resulterte i eit mindreforbruk for 2009 isolert sett, men ikkje nok til å dekkje meirforbruket frå 2008. Driftsresultatet blei difor eit meirforbruk. Andre viktige saker: - saka om branndokumentasjon, som heller ikkje i 2009 fekk sin avklaring. - krav frå direktoratet for samfunnssikkerheit og beredskap til forsterka beredskap for Straume tettstad, - kompetansekartlegging - arbeid med ny heimeside, - ny særavtale for branntenesta - anbodskonkurranse for nye småbilar
side 10 av 10 Styrelair gir følgjande Sotra Brannstyre rår representantskapet til å godkjenne Årsmelding 2009 for slik den ligg føre. Brannstyret gjorde slikt Sotra Brannstyre rår representantskapet til å godkjenne Årsmelding 2009 for slik den ligg føre. Styret ynskjer å nytta den utgåva som har samandrag fremst i teksten. Representantskapet gjorde slikt Representantskapet godkjenner Årsmelding 2009 for slik den ligg føre. Representantskapet ynskjer å nytta den utgåva som har samandrag fremst i teksten. Representantskapet ynskjer å få inn i årsmeldinga eit punkt om first-responder tenesta brannvernet utfører. Bilde på framsida mannskaps/materiellrelatert. brannsjef