EDLAND BARNEHAGE PROSJEKTBESKRIVELSE OMBYGGING 2015
Innhald: VINJE KOMMUNE 1. Invitasjon 2. Orientering om prosjektet 3. Reglar for konkurransen 4. Krav til tilbodet 5. Spesielle kontraktsbestemmelsar 6. Tilbodsskjema Vedlegg o Teknisk beskrivelse o Planteikning o Planløysing kjøkkeninnreiing o Posisjonsliste kjøkken 2
1. INVITASJON På vegne av Vinje kommune inviterar vi til å gje tilbod på ombygging av delar av barnehagen i Edland. 1.1 For tilbods-konkurransen gjeld anskaffelsesloven med forskrift med dei endringar og suppleringar som går fram av dette dokumentet. 1.2 Tilbodet skal settast opp på Tilbodsskjema i denne invitasjonen. Eventuelle forbehold som ein ikkje får plass til på dette skjemaet, må tas i eige brev som skal fylgje tilbodet. 1.3 Tilbodsgrunnlaget består av denne invitasjonen med vedlegg. 1.4 Det vil bli arrangert felles tilbodsbefaring etter nærare avtale med kontaktperson. 1.5 Tilbodet må være Vinje kommune i hende, i lukka konvolutt tydleg merka: Edland barnehage, ombygging 2015 tilbod Innan Måndag 21.09.2015 kl. 12.00 - som er tilbodsfristen 1.6 Tilboda vert opna same stad og dag. Tilbodsopninga vil vera lukka, og tilbyderar har ikkje høve til å vera til stades ved opninga. 1.7 Tilbyderar sin kontaktperson for alle spørsmål om prosjektet: Geir Haugan - mobil: 47 88 80 80 E-post: geir.haugan@vinje.kommune.no 3
2. ORIENTERING OM PROSJEKTET 2.1 Generelt Arbeida blir utført som hovudentreprise iht. NS 8405. Konkurranseform er open tilbodskonkurranse. Vedr. gjennomføring av prosjektet tas det forbehold om at prosjektet er innafor dei vedtatte økonomiske rammer for prosjektet. Dersom det skulle vise seg at prosjektet vert dyrare, vil anboda kunne verte forkasta, utan godtgjering for tilbyderande. Beskrivelse for alle fag vert sendt ut til alle, slik at kvar enkelt entreprenør kan gjera seg kjent med det totale omfanget, men det er kun den delen som tilbydar skal levere, som skal prisast. 2.2 Prosjektet Vinje kommune skal pusse opp og bygge om enkelte delar av barnehagen i Edland. Blant anna skal kjøkkenet flyttast, og allrommet skal utvidast, vindauger skal flyttast, belegg på gulvet skal skiftas, og overbygg til barnevogner skal utvidast. Tilkomst til byggeområdet skal skje direkte inn i allrommet. Alt av byggematerialer skal lagrast utafor barnehagen sitt inngjerda område. Her skal også kapping av materialer og mellomlagring av materialer skje. Eventuell container for søppel settast også her. Fordi det er ein barnehage i full drift må entreprenøren sikre byggeområdet under heile bygginga. Entreprenør må syte for eige straumuttak til sitt utstyr, men kan koble seg på byggets straum, og byggherren dekker straumforbruket. Naudsynt byggeljos etc må også haldast av entreprenør, men barnehagens toalett og vask kan nyttas under bygginga. Teikningar Planteikningar som viser den nye planløysinga og eksisterande, samt skjema og posisjonar for den nye kjøkeninnreiinga, er vedlagt anbudspapira. 2.3 Status til offentlege myndighetar Ombygginga er ikkje meldepliktig. 2.4 Framdriftsplan for prosjektet Det er satt opp fylgjande tidsplan for gjennomføring av prosjektet. Nr. Aktivitet Dato 1 Innlevering av tilbod 21.09.2015 2 Innstilling og signering kontrakt 28.09.2015 3 Byggestart 07.10.2015 4 Overtakelse av kontraktarbeidet Til jol 2015 4
3. REGLAR FOR KONKURRANSEN 3.1 Konkurranseform Arbeida vert utført som generalentreprise iht NS 8405. 3.2 Alminnelege konkurransereglar Konkurransereglane er iht Forskrift om offentlege anskaffelsar fastsatt opphavleg ved kgl.res. 7.april 2006 med heimel i lov 16.juli 1999 nr 69 om offentlege anskaffelsar 11 første ledd, del I, Anskaffelsar over terskelverdiane og uprioritera tenestar, open tilbodskonkurranse. Alle revideringar pr d.d av denne Forskrift gjeld. Punkt i dette dokumentet er presisering og utdrag frå nevnte forskrift. 3.3 Spesielle konkurransereglar Reglar som fylgjer gjeld i tillegg til eller i staden for tilsvarande reglar i ovennevnte forskrift. 3.4 Kvalifikasjons- og tildelingskriteriar Nedanfor er det lista opp kvalifikasjons- og tildelings-kriteriar som gjeld spesielt for dette prosjektet. A. KVALIFIKASJONSKRITERIAR A.1 Firmaets kapasitet Tilbydar skal ha kapasitet tilstrekkeleg til å gjennomføre oppdrag av denne størrelse og kompleksitet. Gjeld også for underentreprenørar. Dokumentasjon Oversikt over leverandørens gjennomsnittlege arbeidsstyrke og antall ansatte i dei siste tre år, oppdragsmengde/ ledig kapasitet og evt samarbeidende firmaer (maks 1 A4-side). A.2 Firmaets kompetanse (generelt og for planlagt bemanning av prosjektet) Det stillast krav om at ansvarlege personar har erfaring med prosjekt av tilsvarende størrelse og kompleksitet. Hvis delar av bemanninga på byggeplassen ikkje er norskspråkleg, skal firmaets kvalitetssikringsrutiner også beskrive rutiner for kommunikasjon på byggeplassen, for å unngå misforståelsar, uhell og ulykker. Byggeplassen sitt språk er norsk, og alle entreprenørar skal ha leiande personelle på staden som snakkar norsk. Dette avdi byggherren vurderar alt anna som ein stor sikkerhetsrisiko i eit byggeprosjekt. Dokumentasjon Oversikt over formell fagleg kompetanse i firmaet, erfaring generelt og evt. spesiell kompetanse (maks 2 A4-sider). Gjeld også for underentreprenørane. Liste over 3 referanseprosjekt dei siste 3 åra med fylgjande opplysningar: Referanseperson hjå oppdragsgjevar med tlf.nr. Type bygg og eventuelt type anlegg for tekniske entrepriser Entreprisemodell Størrelse på kontrakten A.3 Firmaets økonomiske soliditet. Firmaet skal ha tilstrekkeleg økonomisk soliditet til å gjennomføre oppdrag av denne størrelse og kompleksitet. Firmaet skal stille bankgaranti for entreprisen. Dokumentasjon a) Regnskap for dei to siste regnskapsår skal vedleggast. b) Dokumentasjon på tilsagn om bankgaranti. A.4 Skatteattestar, HMS-erklæring, attest for foretaksregistrering og sosial dumping. a) Skatteattest RF 1244 utstedt av kemner/kommunekasserar for skatte- og arbeidsgjevaravgift, ikkje eldre enn 6 månader b) Attest frå skattefogden/fylkesskattesjefen for meirverdiavgift, ikkje eldre enn 6mnd. 5
c) HMS-erklæring skal leverast. Leverandøren skal også framlegge HMS-erklæring frå underentreprenørar som vil bli nytta på oppdrag til ein verdi på over kr.200.000,- eks.mva. d) Attest frå foretaksregisteret (firmaattest) e) Det stillast krav i kontrakten til lønns- og arbeidsvilkår,jf dei til einkvar tid gjeldande Reglar i forskrift om lønns- og arbeidsvilkår i offentlege kontrakter. Lov om minstelønn på byggeog anleggsplassar skal fylgjast. Det skal før kontrakt leverast skriftleg bekreftelse frå tilbydar om at dette vil bli overhalde for alle på byggeplassen. Tjenesteytar med forretningsadresse i andre EØS-land skal legge fram attestar eller anna lovbestemt dokumentasjon iht Forskrift for offentlege anskaffelser. Krava gjeld også for underentreprenørar/ leverandørar. Under gjennomføring av prosjektet så må alle håndverkerar ha godkjente ID-kort. Tilbydar som ikkje oppfyller kvalifikasjonskrava vil bli avvist. Desse tilbyderane vil dermed ikkje få innhaldet i tilboda sine nærare vurdera. Dei tilbyderane ein anser som kvalifisera, gjeng vidare til tildelingsfasen. B. TILDELINGSKRITERIAR B.1 Avlysing av konkurransen og forkasting. Oppdragsgjevar kan avlyse konkurransen eller forkaste samtlege tilbod dersom det føreligg sakleg grunn, jf. Forskrift om offentlige anskaffelsar 13-1. I dette prosjektet gjeld det at oppdragsgjevar tek atterhald om at tilboda er innafor vedtekne økonomiske rammer. Ei avlysing eller forkasting vil ikkje gje tilbyderane nokon form for kompensasjon. Sjå også innleiinga i anbodspapira. B.2 Tildeling Oppdragsgjevar tek atterhald om retten til å velje det for byggherren mest økonomisk fordelaktige tilbodet, jf anskaffelsesforskriftens 13-2. Tildeling vil skje etter fylgjande kriteriar: Vekt Kriterium Beskrivelse 100% Pris Tilbodssum korrigera for evt feil, eventuelle atterhald. Atterhald skal prissettast av tilbydar. Atterhald som ikkje er prisa, vil av byggherren verte vurdera kostnaden på i samband med evaluering og valg av tilbod. 4. KRAV TIL TILBODET Eventuelle opplagte feil i tilbodet vil bli vurdera og prisa. Byggherre vil kunne be om klargjering av postar i tilbodet. Fylgjande skal leverast med tilbodet: Tilbodsbrev Komplett konkurransegrunnlag i utfylt stand, inklusive alle skjema Attest frå foretaksregisteret Attest for skatt-, arbeidsgjevaravgift og mva HMS-egenerklæringsskjema Tilbydar har risikoen for at tilbodet når fram til Vinje kommune innan fristen. Tilbod som ikkje er framme i tide vil bli avvist. 6
5. SPESIELLE KONTRAKTSBESTEMMELSAR 5.1 SIKKERHET, HELSE OG ARBEIDSMILJØ (SHA) Byggherren har som målsetting at alle byggeprosjekt skal gjennomførast utan skader og tap av menneskeliv. Organisering av SHA-arbeidet. Byggherren er prosjektleiar SHA, SHA-koordinator prosjektering og utførelse iht Byggherreforskriften. Byggherren utarbeider SHA-plan for utførelsesfasen og vedlikeheld denne. Entreprenøren er hoved verksemd og skal syte for samordning av verne- og miljøarbeidet på byggeplassen iht Arbeidsmiljøloven, sjølv om arbeidet ikkje er meldepliktig. Entreprenøren skal ha sikkerhetsmøte med alle arbeiderar før oppstart på byggeplassen, og dei skal signere på skjema for sikkerhetsinstruks for arbeidet. 7
6. TILBODSSKJEMA Ombygging Edland Barnehage I samsvar med invitasjonen tilbyr vi fylgjande arbeid på ombygging av Edland barnehage TILBODSSUM iht vedlagte skjema eksklusive mva kr. % meirverdiavgift kr. TILBODSUM inklusive mva kr. Eventuelle atterhald om tilbodets omfang eller føresetnad skal tilbydar skrive her: Stad:. Dato:.. Underskrift tilbydar 8