HORDALAND FYLKESKOMMUNE Økonomiavdelinga Innkjøpsseksjonen Arkivsak 201204904-1 Arkivnr. 18 Saksh. Dahl, Frank Saksgang Møtedato Fylkesutvalet 21.06.2012 TENESTEPENSJON - EVALUERINGSKRITERIER SAMANDRAG Hordaland fylkeskommune gjennomførte anbodskonkurranse om tenestepensjon hausten 2007. Vital (i dag DnB) vart tildelt kontrakt i inntil 5 år (Fylkestingsvedtak sak 79/2007, 6. november 2007). I denne saka tilrår fylkesrådmannen at Hordaland fylkeskommunen sett i gang ny anbodskonkurranse. Eg rår til at konkurransen vert utlyst før sumarferien og at det vert nytta følgjande tildelingskriterium: Totaløkonomi (55 prosent vekt) Service og rådgjeving (25 prosent vekt) Soliditet (10 prosent vekt) Historisk avkasting (10 prosent vekt) Vidare legg eg til grunn at Hordaland fylkeskommune seier opp dagens avtale om tenestepensjon med DnB (tidlegare Vital) med verknad frå 1. januar 2013. Sak om tildeling av kontrakt og dei tilhøyrande vurderingane vert lagt fram for Fylkestinget sitt møte i oktober 2012.
FORSLAG TIL VEDTAK 1. Hordaland fylkeskommune seier opp avtalen om levering av tenester i tilknyting til ordninga med tenestepensjonen med DnB (tidlegare Vital) med verknad frå 31.12.2012 2. Hordaland fylkeskommune gjennomfører ny anbodskonkurranse på levering av tenester i tilknyting til ordninga med tenestepensjon for Hordaland fylkeskommune med verknad frå 01.01.2013. 3. Hordaland fylkeskommune nyttar følgjande tildelingskriterium ved tildeling av kontrakt på levering av tenester i tilknyting til ordinga med tenestepensjon: Totaløkonomi vekt 55 prosent Service og rådgjeving vekt 25 prosent Soliditet vekt 10 prosent Historisk avkasting vekt 10 prosent 4. Anbodskonkurransen vert lyst ut før sumarferien Paul M Nilsen Fylkesrådmann Johnny Stiansen Økonomidirektør Vedlegg: Protokoll frå drøftingsmøte med dei tilsette sine organisasjonar Notat frå Willis: Beskrivelse av tildelingskriterier 2
FYLKESRÅDMANNEN, 11.06.2012: 1. Innleiing Hordaland fylkeskommune gjennomførte hausten 2007 anbodskonkurranse i marknaden for å kunne velje leverandør av tenestepensjon. Fylkestinget fatta i møte 6. november 2007 i sak 79/2007 følgjande vedtak: 1. Hordaland fylkesting vurderer at skilnadene i tilbod mellom tilbydarane gjev følgjande rangering av selskapa i høve til økonomikriteriet (55 %) Vital KLP Storebrand På denne bakgrunn vel Hordaland fylkesting Vital som leverandør av tenestepensjon til Hordaland fylkeskommune. 2. Fylkestinget vil følgja utviklinga på tenestepensjonsmarknaden og vurdera ein ny anbodsprosess om noko tid. I ein slik prosess bør også spørsmålet om eigen pensjonskasse vurderast. Basert på vedtaket i sak 79/2007 har Hordaland fylkeskommune hatt avtale med Vital (i dag DnB) for perioden 2008 til og med 2012. Hausten 2011 gjennomførte Hordaland fylkeskommune konkurranse i marknaden for å knyta til seg rådgjevar i samband med gjennomføring av ny anbodskonkurranse for val av leverandør av tenestepensjon frå 2013. Willis AS vart i slutten av februar månad vald som rådgjevar og tildelt kontrakt i samband med ny anbodsrunde for val av leverandør av tenestepensjon. Internt i administrasjonen i fylkeskommunen er det oppretta ei arbeidsgruppe med deltakarar frå organisasjonsavdelinga, økonomiavdelinga og dei tilsette sine organisasjonar. Gruppa skal i samarbeid med Willis legge til rette for gjennomføringa av anbodsrunda. Saka har følgjeleg også vore drøfta med dei tilsette sine organisasjonar vedlagt kopi av protokoll. Willis AS har også vurdert spørsmålet om eiga pensjonskasse for Hordaland fylkeskommune jamfør Fylkestinget sitt vedtak. 2. Eiga pensjonskasse for Hordaland fylkeskommune - vurdering Willis AS har vurdert spørsmålet om egen pensjonskasse for Hordaland fylkeskommune. I en slik samanheng er det relevant og vurdere følgjande moment: Avkastning på pensjonsordninga sine midlar Uføregrad Avtalefesta pensjon Alder Lønn Eigenkapital Bufferkapital for å tåle endringar i aksje- og rentemarknaden Hordaland fylkeskommune har lågare risiko for uføre og større kostnadar til avtalefesta pensjon på grunn av mange tilsette i relativt høg alder. Samla sett kjem Hordaland fylkeskommune nøytralt ut i høve til spørsmålet om ein er bidragsytar eller bidragsmottakar vurdert opp mot eit større fellesskap. 3
Etter Willis AS sin vurdering er det derfor lite sannsynleg at Hordaland fylkeskommune vil spare pengar ved å opprette eiga pensjonskasse. Om Hordaland fylkeskommune skal opprette eiga pensjonskasse vil ein måtte kjøpe betydeleg rådgjeving i samband med plassering av dei midlar som til einkvar til er i pensjonsordninga sin balanse på ulike investeringsobjekt til dømes aksjar, obligasjonar, anleggsobligasjonar og i eigedom. I tillegg vil det vere naudsynt å organisere pensjonskassen i høve til kapitalforvaltning, styre, revisor, dagleg leiing, ansvarleg aktuar. Det vil følgjeleg også vere naudsynt å ha aktivitetar innafor følgjande områder: Medlemsadministrasjon Utløysningsavtale når tilsette sluttar Rekneskap Aktuaransvar Utbetaling av pensjonar Analyse av aktiva og passiva Rådgjeving Reassuranse Dette er oppgåver som DnB i dag tek hand om. I tillegg er det slik at vi står framfør generell debatt om ordningane med tenestepensjon. I ein slik situasjon vil det også vere teneleg å har ein leverandør som har både røynsle og profesjonell kunnskap innafor dette fagområdet. Fylkesrådmannen har etter dette konkludert med at det ikkje er aktuelt å arbeide vidare med spørsmålet om eiga pensjonskasse for fylkeskommunen. 3. Anbodsprosess, kvalifikasjonskrav og evalueringskriterium for Hordaland fylkeskommune sin tenestepensjon Arbeidsgruppa med representantar frå organisasjonsavdelinga, økonomiavdelinga og dei tilsette sine organisasjonar har dei siste tre månadene vore i dialog med Willis AS med sikte på å lyse ut anbodskonkurransen før sumarferien. Ein har i stor grad lagt til grunn dei dokument som pensjonskontoret anbefaler i samband med konkurranseutsetting av tenestepensjon for offentleg sektor. 3.1 Kvalifikasjonskrav Desse krava skal sikre at leverandøren er skikka til å oppfylle kontrakten. Dette er tilhøve som gjeld firmaet sin størrelse, tal på tilsette, røynsle, fagleg og teknisk kompetanse og økonomi til å ta hand om kontrakten. Kvalifikasjonskrava er minimumskrav og leverandørar som ikkje oppfyller desse krava får ikkje ta del i konkurransen. Etter tilråding frå Willis og diskusjon i gruppa er ein kome fram til følgjande kvalifikasjonskrav: Skatteattest HMT-eigenerklæring Lovleg etablert foretak Leverandøren sin finansielle og økonomiske stilling Leverandøren sine tekniske kvalifikasjonar produktet 4
Etter gruppa si vurdering vil desse kvalifikasjonskrava syte for at Hordaland fylkeskommune får tilbod frå leverandørar som kan levere det rette produktet. Fylkesrådmannen har i arbeidet lagt vekt på å unngå kvalifikasjonskrav som kan hemme reell konkurranse. 3.2 Evalueringskriterium Evalueringskriterium er dei tilhøva som vert lagt til grunn når oppdragsgjevar skal tildele kontrakten. Dei ulike tildelingskriteria vert gitt karakter på skala frå 1 10. Etter tilråding frå Willis og diskusjon i gruppa har ein konkludert med at følgjande kriteria med oppgjeve vekting er relevant: Kriterium Vekt Totaløkonomi 55 Service og rådgjeving 25 Soliditet 10 Historisk avkasting 10 Desse kriteria er eigna til å beskrive den tenesta Hordaland fylkeskommune har behov for. I tillegg er det slik at desse kriteria vil leggje til rette for reell konkurranse om oppgåva blant dei aktørane som vi frå tidlegare anbodskonkurransar er kjent med er i marknaden. For ei nære beskriving av dei ulike tildelingskriterium viser ein til vedlagt notat frå Willis AS. 4. Konklusjon Etter Willis AS sin vurdering er det lite sannsynleg at Hordaland fylkeskommune vil spare pengar ved å opprette eiga pensjonskasse. Basert på konklusjonen i utgreiinga frå Willis AS legg fylkesrådmannen til grunn at Hordaland fylkeskommune ikkje arbeidar vidare med spørsmålet om å opprette eiga pensjonskasse. Hordaland fylkeskommunen sett i gang anbodskonkurranse for levering av aktuelle tenester i samband med tenestepensjon. Konkurransen vert utlyst før sumarferien. Følgjande tildelingskriteria vert nytta: Kriterium Vekt Totaløkonomi 55 Service og rådgjeving 25 Soliditet 10 Historisk avkasting 10 Sak om tildeling av kontrakt og dei tilhøyrande vurderingane som kjem frå Willis AS vert lagt fram for Fylkestinget sitt møte i oktober til avgjerd. 5
6