GISKE KOMMUNE Arkiv: K2 - L12 JournalpostID: 17/10395 Sakshandsamar: Bjarte Friis Friisvold Dato: 15.08.2017 SAKSPAPIR Styre, komite, utval Møtedato Saknr Komitè for miljø og tekniske saker 22.08.2017 044/17 Detaljplan Budafjellet II - oppstart av planarbeid Innstilling: Komité for miljø og tekniske saker vedtek med heimel i plan- og bygningslova 12-8 at det kan bli starta opp regulering av eit område på Vigra, ved Budafjellet, til bustad, veg, leikeareal m.m. Planarbeidet for Budafjellet II blir utført som detaljregulering etter pbl. 12-3, med framlegg til plangrense som synt på kart datert 15.08.2017. Det skal ikkje nyttast høgare utnytting enn konsentrert småhusbusetnad innanfor planområdet. 22.08.2017 Komitè for miljø og tekniske saker Innstillinga vart samrøystes godkjend. KMT- 044/17 Vedtak: Komité for miljø og tekniske saker vedtek med heimel i plan- og bygningslova 12-8 at det kan bli starta opp regulering av eit område på Vigra, ved Budafjellet, til bustad, veg, leikeareal m.m. Planarbeidet for Budafjellet II blir utført som detaljregulering etter pbl. 12-3, med framlegg til plangrense som synt på kart datert 15.08.2017. Det skal ikkje nyttast høgare utnytting enn konsentrert småhusbusetnad innanfor planområdet. Vedlegg: Budafjellet II - førespurnad om oppstart
7105 - Budafjellet II - Baarevika Eiendom AS - forslag plangrense sett i... 7105 - Budafjellet II - Referat førehandskonferanse detaljplan, Giske ko... 7105 - Budafjellet II - OPPSTARTSFORESPØRSEL - OPPSTARTSMELDING OFFENTLI... 7105 - Budafjellet II - Baarevika Eiendom AS - Forslag plangrense sett i... situasjonskart Fråsegn - Sigurd og Oddrun Molnes med fleire - Reguleringsplan - Budafjellet - vegtilknyting Detaljplan Budafjellet - framlegg plangrense_kart_2017.08.15 Detaljplan Budafjellet - framlegg plangrense_komplan_2017.08.15 Detaljplan Budafjellet - framlegg plangrense_ortofoto_2017.08.15 Detaljplan Budafjellet - framlegg plangrense_regplan_2017.08.15 Saksutgreiing: Grunneigar innafor planområdet ønskjer å starte opp omregulering på eit område på Roald; ved Budafjellet. Det vart halde førehandskonferanse 09.06.2017 med plankonsulent og grunneigar. Heimelsgrunnlaget Plan- og bygningslova kap. 12. Økonomiske konsekvensar: Avklarast i samband med framlegg til detaljplan Vurdering: Gjeldane plan I kommuneplanen sin arealdel 2009 2021 har området formål bustad og veg. I samband med rullering av arealdelen er bustadområdet justert i samsvar med gjeldande regulering for området. I gjeldande regulering er arealbruken bustad; frittliggande småhus, konsentrert småhus og blokk, leikeareal, turveg, veg, fortau og parkering. Planarbeid Framlegg til kommuneplanen sin arealdel er under arbeid og legg føringar for arealbruken i området. Høyringsfrista etter 1. gongs offentleg ettersyn gjekk ut 19.05.17, og det er ikkje registrert motsegn eller innvendingar av arealbruken i området av offentleg mynde. Det er starta opp planarbeid (førehandskonferanse og politisk handsaming) i området aust for planområdet. Uavklart om planarbeidet blir vidareført etter vedtak 09.03.2017 sak KMT-016/17. Plangrense Framlegg til planområde tek ikkje med heile Budafjellvegen. For eventuelt å kunne justere vegen bør planområdet femne om heile strekninga av Budafjellvegen som ligg ved planområdet. Rådmannen kjem med framlegg om å utvide plangrensa for å med ein større del av Budafjellvegen.
Vegløysing Framlegg til plan legg opp til ny tilkomst for vestre del av planområdet. Tilkomst vil gå gjennom eksisterande kommunal veg, forbi opparbeidd leikeareal. Denne vegen har regulert breidde 4, inklusiv skulder. Opparbeidd veg har breidd på i underkant av 4 m. Det vil vere utfordrande å utvide vegen, på grunn bygg (garasje), leikearel og eigedomsgrenser. I brev av 03.12.16 har fleire av dei som bur i dette området protestert på framlegg til ny vegløysing til vestre del av planområdet. Det må snarast mogleg avklarast kva trafikk auke det er snakk og om det er mogleg med eventuelle avbøtande tiltak for å gjere trygt for barn og unge i området. Vedlagt merknad frå vegansvarleg i kommunen. Mjuk ferdsel Det må leggjast til rette for mjuke trafikantar i og ved planområdet. Koplingar til reguleringsplan aust for planområdet med snarvegar må vidareførast i ny plan. Gang- og sykkelveg/fortau I gjeldande reguleringsplan for planområdet er det rekkjefølgjekrav om fortau langs Budafjellvegen skal opparbeidast innan 50 % av bueiningane innanfor planområdet er bygd ut (innflytta). Rekkjefølgjekrav må vidareførast på ein eller annan måte. Budafjellvegen vil vere skuleveg, utbygging vil medføre auka trafikk av både mjuk ferdsel og motorisert trafikk. VA I samband med regulering av gjeldande plan vart det utarbeidd teknisk forprosjekt. Det blir lagt opp til nye vegløysingar for nye plan. Det blir difor sett krav om teknisk forprosjekt før planen kan godkjennast, jamfør referat førehandskonferanse. I samband med planprosessen må det vurderast om det er nok vasstrykk og mengde. Utnytting Samfunnsdelen opnar for utnytting til bustad inntil 40 % BYA i planområdet. I Roald sentrum er det opna for inntil 50 % BYA. Det har vore signalisert lågare utnytting enn gjeldande reguleringsplan for området. Rådmannen har signalisert at det ikkje bør bli regulert blokk i dette området. Det blir difor innstilt på at det ikkje skal byggjast blokk i planområdet. Dette blir grunngjeve med at: - det er ikkje ønskeleg med så høg utnytting i utkanten av bustadområde - blokk vil bryte med eksisterande utbygging i området - så høg utnytting ligg for langt unna kollektiv trase - eventuelle blokker på Vigra bør kome sentrumsnært på Roald Barn og unge Tilhøva for barn og unge skal vurderast i samband med regulering. Det blir synt til barnetrakkregistrering og leikeplassnorm. Planområdet blir nytta som turruter til Budafjellet og Molnesfjellet. På Budafjellet er det eit området som er merka av som liker. Det må sikrast tilkomst til dei mykje brukt friområde nordvest for planområdet i planen. Det må regulerast inn høveleg med leikeareal innanfor planområdet.
Servituttar (råderettar over annan manns eigedom) Dersom nokon har eller veit om servituttar innanfor planområdet må det kome fram i samband med høyring av oppstart av planarbeid. I varsel om oppstart av planarbeid bør det vere opplyst om at det bør varslast om det er tinglyste rettar som kan kome i konflikt med planarbeidet. Kollektiv Busstrase går om lag 500 m frå sørlegast del av planområdet, langs Budafjellvegen. Møteplassar Det bør leggjast til rette for møteplassar innanfor planområdet. Leikeplassar kan vere møteplass, der det kan leggjast til rette for Utbyggingsavtale Det vil truleg bli regulert inn kommunale vegar og bli lagt framtidig kommunalt VA-nett. Det er difor ønskeleg at det blir laga utbyggingsavtale for området. Dette kan skje delvis parallelt med planarbeidet. Medverknad Det må leggjast opp til medverknad utover plan- og bygningslova. Det er alt sendt inn protestar mot ei mogleg vegendring i området. Konsekvensutgreiing Etter forskrift om konsekvensutredninger for planar etter plan - og bygningslova skal reguleringsplanar vurderast etter denne for å avklare om planen skal handsamast etter forskrifta. I forskrifta er det tre som planen skal vurderast etter: 2. Planar og tiltak som alltid skal handsamast etter forskrifta 3. Planar og tiltak som skal vurderast nærare 4. Vesentleg verknad for miljø og samfunn Framlegg til planområde har i kommuneplanen sin arealdel føremål bustad og veg. Reguleringa vil vere i tråd med dette, det er ønske om å i tillegg regulere inn turveg. Etter 2 andre avsnitt blir ikkje krav om KU vurdering for reguleringsplanar gjort gjeldande sidan det blir lagt opp til å regulere innanfor utbyggingsformål. Konsekvensar på grunn av reguleringa må utgreiast i planomtalen. Etter 3 andre avsnitt gjeld ikkje krav om KU vurdering når reguleringsplanen er i samsvar med overordna plan. Etter 4 vurderer rådmannen at planen ikkje vil få vesentleg verknad for miljø og samfunn med regulering til bustad med tilhøyrande formål (veg, leikeareal, parkering). Etter samla vurdering av gjennomgang av forskrift om konsekvensutredning blir det frå Plankontoret vurdert at det ikkje vert krav om konsekvensutgreiing for planarbeidet for detaljplan Budafjellet II. Dette blir grunngjeve med: - Planen er i hovudsak tråd med gjeldande arealdel og gjeldane regulering - Planen vil i hovudsak vere i tråd med framlegg til ny arealbruk for området
- Planen vil ikkje gje vesentleg negative verknadar for miljø eller samfunn Med vurderingane over, referat førehandskonferanse og vedlagte illustrasjonar blir det vurdert at det ligg til rette for å starte opp planarbeid i dette område.