HOVUDVAL I BUDSJETT 2011



Like dokumenter
HOVUDVAL I BUDSJETT 2012

Saksframlegg. Kvinnherad kommune. Finansiering av ikkje-kommunale barnehagar i Kvinnherad 2011.

Sakshandsamar Dykkar dato Dykkar referanse Rasmus Stokke, tlf

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Johannes Sjøtun Arkiv: 613 Arkivsaksnr.: 15/32. Kjøp av husvære. Vedlegg: Behov for kommunale husvære for vidare utleige

Fylkesmannen har motteke særutskrift av kommunestyresak om budsjett for 2015 og økonomiplan , vedteke i kommunestyremøte 16. desember 2014.

Rådgjevarkonferansen 2009

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

ORIENTERING OM MELLOMBELSE TILSETTINGAR VED HSF

FORSKRIFT OM GRADAR Fastsett av styret ved KHiB den med heimel i Uhl

Vedlegg 1 fakultetsbudsjetta. Det humanistiske fakultet

PROSJEKTVERKSEMDA VED HSF

SENTRALISERING AV FAGSKOLANE I HORDALAND TIL TO FAGSKULAR

VEDTAK OM STUDIEPROGAM REGULERING AV OPPTAKSKAPASITET.

VESTNES KOMMUNE. Saksframlegg. Økonomiplan for Arkiv: 150 Arkivsaksnr.: 2012/2844 Saksbehandlar: Magne Værholm Dato:

Saksnr Utval Møtedato Fagskolestyret i Møre og Romsdal I sak FAG 15/17 Økonomirapportering vart det fatta slikt samrøystes vedtak:

Styresak. Halfdan Brandtzæg Rapportering frå verksemda per november Arkivsak 2014/805/ Styresak 068/2014 A Styremøte

STUDIEPROGRAM DRØFTINGSSAK

Kommunen er ikkje under statleg kontroll og godkjenning etter kommunelova 60.

Fylkesmannen har motteke særutskrift av heradsstyresak om budsjett for 2015 og økonomiplan, vedteke i heradsstyremøte 16.desember 2014.

Utval Møtedato Utval Saksnr Formannskapet Kommunestyret. Forvalting av særavtalekraft og konsesjonskraft

Styresak. Framlegg til vedtak: Føretak: Helse Førde HF Dato: Saka gjeld: Søknad om ekstraløyving til investeringar i

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Jarle Skartun Arkiv: 613 Arkivsaksnr.: 13/968

Møtebok for Høgskulestyret

Sakshandsamar: Arkiv: ArkivsakID Willy Andre Gjesdal FE - 223, FA - C00 14/1418

Rekneskapsrapport per mai 2016

DATO: SAKSHANDSAMAR: Hilde Christiansen/Bjørn Ivar Bø Tiltak for å auke utdanningskapasiteten for sjukepleiarar i regionen

Fylkesmannen har motteke særutskrift av kommunestyresak om budsjett for 2015, vedteke i kommunestyremøte 11.desember 2014.

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Arne Abrahamsen Arkiv: 026 Arkivsaksnr.: 10/881 VURDERING AV INTERKOMMUNALT SAMARBEID OM BARNEVERN

- Tilleggsakliste. Kultur- og ressursutvalet. Dato: 31. oktober 2013 kl Stad: Fylkeshuset INNHALD

Møtebok for Høgskulestyret

Kontrollutvalet i Sogndal kommune. Sak 9/2015 Kontrollutvalet si fråsegn til årsrekneskapen 2014 for Sogndal kommune

Referat frå møte i Internasjonalt forum

Oversyn over økonomiplanperioden

NTL Sentralforvaltningens representantskapsmøte mars 2014 Sak 3 Regnskap

Saksnr. Utval Møtedato 172/16 Formannskapet

Styresak. Framlegg til vedtak: Dato: Sakshandsamar: Saka gjeld: Tom Hansen Rapportering frå verksemda per desember 2010

NY LÆRARUTDANNING. PROFILERING AV FAGPORTEFØLGJE, SAMARBEID OG AKTIVITETSKRAV.

Rekneskapsrapport per mars 2016

Kontrollutvalet i Leikanger kommune. Sak 8/2015 Kontrollutvalet si fråsegn til årsrekneskapen 2014 for Leikanger kommune

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

Fylkesmannen har motteke særutskrift av kommunestyresak om budsjett for 2014 og økonomiplan, vedteke i kommunestyremøte 19.desember 2013.

NY PENSJONSORDNING FOR FOLKEVALDE

Evaluering og framtidig engasjement i Nor-Fishing

Styresak. Arild Fålun Nybygg aust - Bygg for Helse Førde, interkommunale funksjonar og tannhelsetenesta

Helse Bergen HF. Utvikling frå 2002 til 2010 Styret si rolle

Saksframlegg. 1. Kommunestyret godkjenner den framlagde tertialrapporten.

Kyrkja. Kostradokument nr. 16. Førebuande dokument til arbeidet med budsjettet for Gjennomgang av funksjonar under rammeområdet Kyrkja

Klepp kommune SENTRALADMINISTRASJONEN

Kort om føresetnadene for folketalsprognosen

Lønnsundersøkinga for 2014

FINANSRAPPORT 2. TERTIAL 2012

St.prp. nr. 20 ( ) Om endringar i statsbudsjettet 2007 under Barne- og. likestillingsdepartementet

Offentleg. Styreleiar Jon Naustdalslid hadde meldt forfall. I hans stad fungerte Heidi Kathrin Osland som møteleiar.

Rekneskapsrapport per mars 2017

Utval Møtedato Utvalssak Formannskapet

Utval Møtedato Utvalssak Formannskapet /2011 Kommunestyret

Kort om forutsetninger for boligbehovsprognosene

Administrerende direktørs rapport

FLORA KOMMUNE KJØP AV FLORØ SJUKEHUS

Endringar i den differensierte arbeidsgjevaravgifta Konsekvensar for næringslivet i Sogn og Fjordane

«ANNONSERING I MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE»

Fylkesmannen har motteke særutskrift av kommunestyresak om budsjett for 2013 og økonomiplan, vedteke i kommunestyremøte 13.desember 2012.

SAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: Odd Arve Rakstad Arkiv: 242 Arkivsaksnr.: 08/768-1

Kommunen er under statleg kontroll og godkjenning etter kommunelova 60.

LOKALMEDISINSKE TENESTER I HALLINGDAL, FINANSIERING VIDAREFØRING

Rekneskapsrapport per juli 2016

Økonomireglement Delegering i budsjettsaker, rapportering og rekneskap Vedtatt av kommunestyret 14. november 2016

Budsjett Rådmannen sitt framlegg

Møteinnkalling Høgskulestyret

Søknad om vidareføring av prosjektet. Utdanningsrøyret - Teknisk utdanningssenter i Sunnhordland

Innspel til strategisk plan Oppsummering frå personalseminar i Balestrand 15. og 16. januar 2009

FINANSFORVALTNINGA I 2011

TILBUDSSTRUKTUR FOR FAGSKOLANE I HORDALAND - TEKNISK FAGSKOLE 2013/14

Fylkesmannen har motteke særutskrift av heradsstyresak om budsjett for 2008 og økonomiplan, vedteke i heradsstyremøte

Rekneskapsrapport per februar 2016

Eva Marie Halvorsen har meldt forfall. Åse Løkeland (1. vara) og Rasmus Stokke (2. vara) er kalla inn, men har ikkje høve til å møte

Framlegg Handlingsprogram Kompetanse og Verdiskaping 2017

MØTEINNKALLING. Eventuelle forfall meldast til kontrollutvalssekretariatet v/bente Hauge, tlf: eller e- post

Kommunen er ikkje under statleg kontroll og godkjenning etter kommunelova 60.

KD sin finansieringsmodell

Kommunal overtakelse av privat vannverk eksempel frå Stryn. Siv. Ing Tobias Dahle ( og tidlegare teknisk sjef i Stryn kommune)

FORDELING AV INVESTERINGSMIDLAR

Styre, råd og utval Møtedato Saksnr Levekårskomite /10 Bystyret Arkiv: FA-A22, FA-

Verksemdsrapport Kirurgisk klinikk

Søknad om tilskot til anlegg for idrett og fysisk aktivitet (spelemidlar)

HSD ASA RESULTATREKNESKAP Konsernet kv kv. 03 i 1000 kr kv kv. 03

Fordeling av tilskot til fagskuleutdanning innan helse- og sosialfag

Budsjett Økonomiplan Revidert budsjettgrunnlag 1. november 2013

MØTEINNKALLING SAKLISTE: Utval: FORMANNSKAPET Møtestad: Formannskapssalen Møtedato: Tid: 08.30

DB

STYRESAK. Styremedlemmer Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK:

Vurdering av allianse og alternativ

Sparetiltak. Reduserte kostnader. Stipulert

UNIVERSITETET I BERGEN Universitetsmuseet i Bergen. Arkivkode: Styresak: 27/2012. Rekneskap Universitetsmuseet i Bergen per 31.

Forvaltningsrevisjon «Pleie og omsorg - årsak til avvik mot budsjett og Kostra-tal»

Nissedal kommune. Formannskapet. Møteinnkalling. Utval: Møtestad: Kommunehuset Dato: Tidspunkt: 13:00

Evaluering av offentleglova bakgrunn, ramme, tematikk, prosess, erfaringar og status. Vegen vidare?

Saksnr Utval Møtedato Fylkesutvalet Fylkestinget

FoU ved HVO faglege satsingsområde. Personleg kompetansebygging, regional forankring og nasjonal akkreditering

Transkript:

Saksframlegg Dato Referanse 26.10.2010 2010/500-5193/2010 Sakshandsamar Solfrid Skjerven Eikevik, tlf 57 67 62 06 Saksgang: Saksnr. Utval Møtedato VS 10/52 Høgskulestyret 04.11.2010 HOVUDVAL I BUDSJETT 2011 Framlegg til vedtak: Styret ber rektor arbeide vidare med budsjett 2011 i tråd med dei prioriteringar som er gjort i denne saka. Saksvedlegg: Ingen Saksframstilling 1. Innleiing Saka har som føremål å informere om dei økonomiske føresetnadene som er gitt i statsbudsjettet for 2011 og å trekkje opp nokre hovudutfordringar for Høgskulen i Sogn og Fjordane i perioden 2011 2014 slik at styret kan gjere prioriteringar og val som grunnlag for å kunne utarbeide eit budsjett for 2011. Høgskulen i Sogn og Fjordane har hatt som praksis at styret har handsama budsjettet gjennom saker om studieprogrammet og om hovudvala i budsjettet i november og dei endelege økonomiske rammene i desember. Saka blir utarbeidd med utgangspunkt i: Stortingsproposisjon nr 1 (10/11) Statsbudsjett 2011 Strategiplan 2010-2014 Saka byggjer på sak om Studieprogram 2011/2012. Saka vil omhandle dei økonomiske rammene for høgskulen, hovudfaktorane og føresetnadene i budsjettprognosane samt ei vurdering av ulike risikoelement. 2. Økonomisk ramme 2011 1

Tabellen syner endringar i ramma for Høgskulen i Sogn og Fjordane i 2011 i høve til 2010: tall i tusen kr Budsjettramme 2010 251 494 Vidareføring studieplassar RNB 2009 2 565 Basisløyving Nye studieplassar 518 Pris- og lønsjustering 7 876 Undervisningskomponent Studiepoengløyving -896 Forsking Forskingsinsentiver 224 Andre endringar 263 Utstyr 53 700 Sum endringar 2011 64 250 Budsjettramme 2011 315 744 Budsjettramme for 2010 var på 251,494 mill kr. Me får basisløyving til vidareføring av 45 studieplassar som vart løyvd i revidert nasjonalbudsjett 2009. Høgskulen får i budsjettet 15 nye studieplassar (frie) over 4 år. Kompensasjonen for pris og lønnsveksten er sett til 3,1% i 2011. Som følgje av at det vart avlagt færre studiepoengeiningar i 2009 enn 2008, får vi reduksjon i studiepoengløyvinga på 0,896 mill kr. Forskingsløyvinga har auka med 0,224 mill kr. Løyvinga er tildelt ut frå resultat oppnådd i 2009. Samanlikna med 2008 som låg til grunn for tildelinga i 2010, har det vore ein auke for parameter publiseringspoeng og ein nedgang for midlar frå Forskingsrådet. Auken på 0,263 mill kr under andre endringar (forsking) skriv seg i hovudsak frå ei overføring av små driftsmidlar til forsking frå Forskingsrådet si ramme til høgskulen si ramme. Det er løyvd 53,7 mill kr til utstyr ved det nye sentralbygget. Det er løyvd 100 mill kr til vidareføring av planlegging av nytt Sentralbygg. Då utstyrsløyvinga er øyremerka utstyr i det nye sentralbygget og pris- og lønsjustering skal dekke påslag på nivået for 2010, er det studieplassendringane, studiepoengløyvinga og forskingsinsentiv som vil vere ei reell endring i høve 2010. Utstyrsløyvinga er tilstrekkeleg og vert ikkje omtala vidare i denne saka. 3. Hovudfaktorar i budsjett 2011 og prognose for 2012-2014 Studiepoengproduksjon Den økonomiske ramma høgskulen får i statsbudsjettet, er oppbygt gjennom ein modell der 40% av løyvinga er resultatbasert: 30-35% av løyvinga er knytt til tal studiepoeng (utdanningskomponent) og 5-10% er knytt til fou-produksjon (fou-komponent). Basisløyvinga utgjer om lag 60% av løyvinga. I og med at ein så stor del av løyvinga er knytt til studiepoengproduksjonen, blir utvikling i studenttalet ein vesentleg faktor i vurderinga av korleis den framtidige økonomiske situasjonen for høgskulen utviklar seg i åra framover. (Ein fulltidsstudent som tek 60 studiepoeng, gir mellom 35 og 40 tusen kroner ekstra i studiepoengløyving.) Tabellen under syner utvikling i studenttalet og studiepoengproduksjonen dei siste åra: 2

År 2005 2006 2007 2008 2009 2010 Tal heiltidsstudentar 2282 2126 2116 1992 2139 2367 Tal studiepoeng 1807 2036* 1838 1881 1848 * I 2006 var studiepoengproduksjonen høg mellom anna pga tekniske årsaker (omlegging av eksamenstidspunkt) og deltidsstudium gir ein ujamn studiepoengproduksjon enkelte år. Som følgje av nedgangen i studiepoengproduksjonen frå 2008 til 2009 er løyvinga for 2011 redusert med 0,896 mill kr. Det er vanskeleg å lage prognosar for den resultatbaserte løyvinga i åra framover då endringar i studiepoengproduksjon og studenttal gjev store utslag. Til dømes ved å endre føresetnaden om studiepoengproduksjon pr heiltidsekvivalent (student) frå 51 til 52 (der heiltidsekvivalent ligg fast 2012 2014), så vil dette medføre ein inntektsauke for høgskulen på 4,5 mill kr: Heiltidsekvivalent 2350 2450 2450 2012 2013 2014 Sum Studiepoengproduksjon pr ekvivalent = 51 4 274 7 419 7 419 19 111 Studiepoengproduksjon pr ekvivalent =52 5 723 8 929 8 929 23 581 Differanse 1 449 1 511 1 511 4 471 (Tala er i tusen kr og viser auke samanlikna med resultatbasert løyving for 2011) Ser ein på eit scenario der talet heiltidsekvivalentar i 2013 og 2014 går ned frå 2450 til 2400, vil dette medføre eit inntektstap for høgskulen på om lag 3 mill kr (med føresetnad om same produksjon). Basisløyving I basisløyvinga for 2011 ligg det inne midlar til vidareføring av 45 studieplassar som høgskulen fekk tildelt i RNB 2009 og midlar til 15 nye studieplassar (frie). I tillegg vil høgskulen få midlar som følgje av at dei nye grunnskulelærarutdanningane vert plassert ein kategori høgare i finansieringssystemet. Dette tilsvarar 16.000,- pr student der høgskulen får 60% som basisløyving og 40% vil kome som inntekt i samband med godtgjering av studiepoengproduksjon. Departementet avventar til studenttala er klare før dei sender ut det endelege tildelingsbrevet for 2011. I vårt budsjett og prognosar er det lagt inn føresetnad om 80 studentar. I prognosen for basisløyving 2012 har me lagt inn vidareføring av 20 studieplassar frå RNB 2009 og dei 15 plassane som vart tildelt i 2011. Desse 15 plassane vert framskrive i våre prognosar. I tillegg har me teke høgde for at det i 2013 fell vekk 1,1 mill kr som vart tildelt i statsbudsjettet for 2009 i årlege løyvingar i 4 år for arbeidsrelatert førskuleutdanning. Driftsutgifter Eigedom/husleige Driftsutgifter summerer seg til 164,3 mill kr i budsjett 2010. Husleigekostnaden er den største enkeltposten med eit budsjett på 38,8 mill kr. Over halvdelen av dette leiger høgskulen hjå Statsbygg. Resterande leigekontraktar gjeld Tribunebygg, Stadionbygg as, Sogndal kulturhus og Sognahallen. Investeringsmidlar I budsjett 2010 vart det løyvd om lag 4,6 mill kr til IKT - investeringar. Dette nivået skal mellom anna ta høgde for ein utskiftingstakt på datamaskiner på om lag 4 år. Strategiske midlar/ tiltaksmidlar I budsjettet for 2010 vart det løyvd 5,4 mill kr til følgjande tiltak: TILTAK Løyving 2010 3

Avsetting omstillingstiltak 300 Rektorposten 1 700 Studiekvalitet, internasjonalisering, rekruttering, marknadsføring 1 350 System, databaser bibliotek 300 Kjøp av Gymnasbygget 200 Vestlandssamarbeidet 200 Musikkterapi 600 Studentressurs overopptak 100 Ombygging 400 Friluftsliv - klatrevegg 50 Idrett - tilskot trening 200 Sum 5 400 Praksiskostnader ALI I 2010 vart det sett av 9,1 mill kr til praksiskostnader. Grunnlaget er eit detaljert oppsett som tek omsyn til tal studentar fordelt på dei ulike utdanningane, veker i praksis, løn til øvingslærarar, bu- og reiseutgifter osb. FOU Fou-løyvinga frå departementet er ei resultatbasert omfordelingsløyving basert på institusjonen sine EUinntekter, forskingsrådsmidlar og publiseringspoeng. Den samla resultatbaserte fou-løyvinga i sektoren er sett på eit fast nivå. Denne vert omfordelt etter rangering av oppnådde resultat mellom institusjonane. Høgskulen si fordeling av fou-ressurs til avdelingane skjer etter undervisningsmengde i ressursfordelingsmodellen, kompetanseprofil og fou-resultat. Høgskulen fekk finansiert 11 stipendiatstillingar over statsbudsjettet i 2010. Ingen nye stillingar vart tildelt i statsbudsjettet for 2011. I tillegg til fou-tildelingane nemnt over, vart det i budsjett 2010 sett av 3 mill kr til strategiske fou-midlar på institusjonsnivået. Desse midlane gjekk i hovudsak til forskingsleiing og førstelektorprogram. Løn I 2010 står lønskostnader for over 60% av driftsbudsjettet til høgskulen. Det er avgjerande å ha kontroll på desse kostnadene for å styre i samsvar med budsjett og prognosar. Ved å auke opp fagleg årsverkramme vil høgskulen binde opp framtidige budsjettmidlar. Ein auke på 1 fagleg årsverk fom studieåret 2011/2012 vil medføre auka lønskostnader på litt i underkant av 3 mill kr i perioden 2011 2014 (med føresetnad om kostnad år årsverk på 0,6 mill kr og auke i administrative ressursar i samsvar med norma om 70% faglege årsverk/30% administrative årsverk). 4. Budsjett 2011 og prognose 2012-2014 Det vesentlege spørsmålet i samband med utarbeiding av budsjettet for 2011 er å fastsetje eit nivå på budsjettunderskotet i 2011 med tanke på kva som er forsvarleg drift vidare. Skal dette underskotet vera dekka inn i løpet av 2012 eller vil det vera tilstrekkeleg at dette vert dekka inn i løpet av 2013? Me vil i dette kapittelet ta for oss rektor sitt framlegg til hovudrammer for budsjett 2011. Kapittelet vil og omhandle prognosen for åra vidare då dette vil ha innverknad på avgjerder som vert gjort for budsjett 2011. Dei viktigaste faktorane i budsjettet er omtala i kapittel 3. Budsjettprognosen tek utgangspunkt i budsjettet for 2010. Det er budsjettert med 258 mill kr i løyving/inntekter og utgifter på 260,8 mill kr. Det gjev eit underskot på 2,8 mill kr. I budsjettprognosen for 2011 2014 vurderer me endra inntekts- og kostnadsnivå i høve til 2010: 4

Budsjett Budsjett- prognose 2010 2011 2012 2013 2014 Basisløyving 3 483 6 991 8 116 9 771 Studiepoengproduksjon -896 4 500 6 526 6 979 netto dekningsbidrag - - - - HSFO-andel studiepoengløyving -700-700 -700-700 andre driftsinntekter - - - - endring i inntekter i høve 2010 1 887 10 791 13 942 16 050 INNTEKTER 258 000 259 887 268 791 271 942 274 050 Lønsutgifter 164 300 3 807 5 638 6 881 6 881 Driftsutgifter 96 500 1 000 1 000 1 000 1 500 endring i utgiftsnivå 4 807 6 638 7 881 8 381 UTGIFTER 260 800 265 607 267 438 268 681 269 181 Avvik -2 800-5 720 1 352 3 260 4 869 Akkumulert avvik 1 000-4 720-3 368-108 4 761 Prognose 2010 Det vises her til eige orienteringsnotat til styret i samband med rapportering 2. tertial til KD. I prognosen har me føresett eit akkumulert overskot ved utgangen av 2010 på 1 mill kr. Dette er knytt mot institusjonsnivået då avdelingane disponerer sine budsjettmidlar. Nivået på dette overskotet er usikkert og vil fyrst vere klart i samband med årsoppgjeret. Gjennomgangen pr 2. tertial har ikkje gitt oss indikasjonar på at det ligg store feilkilder for dei ulike postane i budsjett 2010. Basisløyving Føresetnadene gjort greie for i kapittel 3 ligg til grunn. Usikkerheit knytt til denne løyvinga gjeld følgjande tilhøve: - Generelt kutt i løyvingsnivå - Kutt i studieplassar hjå HSF fordi me ikkje oppfyller aktivitetskrav - Tildeling nye studieplassar Tala for 2011 er faktiske budsjetttal og ligg 1,3 mill. kr. lægre enn prognosen som vart presentert i styremøtet i september. Prognosetala for 2013 og 2014 er høgre enn føresett i septemberprognosen. Studiepoengproduksjon Som gjort greie for i kapittel 3 er dette ein løyvingspost med stor usikkerheit for åra 2013 2014 (for 2012 er feilmarginen låg då ein veit tala for våren 2010). Endring i studenttal og produksjon pr student gir store utslag. Føresetnadene som ligg til grunn for budsjett og prognosen er: 2010 2011 2012 Heiltidsekvivalent 2350 2400 2400 Studiepoengproduksjon pr ekv. 51 51 51 Studiepoengproduksjon 1998 2040 2040 Lønsutgifter 5

Styret vedtok studieprogram for studieåret 2010-2011 i november 2009. Dette studieprogrammet medfører ei opptrapping i ressursbruk i åra framover fordi det er sett i gang fleirårige studium som skal byggast opp over fleire år (bachelor fornybar energi, ny grunnskulelærarutdanning 1-7 og 5-10). Opptrappinga kjem og som følgje av at me har fått fleire studieplassar og at studentmåltala er justert opp i samsvar med reelle studenttal. Budsjett 2010 vart vedteke med ei fagleg årsverkramme på 144,57. Opptrappingane nemnt over (opptrapping vedtekne studium og studenttal hausten 2010) medfører ein auke på 5,2 faglege årsverk for studieåret 2011/2012. Det vil skje ei vidare opptrapping i studieåret 2012/2013 der lærarutdanninga og fornybar energi framleis er i opptrappingsfasen. Estimert ressursbehov er 3 faglege årsverk. For studieåret 2013/2014 vil utfasinga av den gamle allmennlærarutdanninga gje ei innsparing på om lag 1 årsverk. Ei slik opptrapping av vedteke program vil medføre at høgskulen ved utgangen av 2014 vil ha eit akkumulert underskot i storleiken 3 mill kr (tal heiltidsekvivalentar sett til 2450 i 2011 og 2012 dei andre postane uendra). Dette viser at det må gjerast kutt slik at årsverkramma vert liggande på eit nivå i åra framover som samsvarar med løyvingane høgskulen får. I budsjett 2011 og prognose for 2012 2014 er det difor lagt inn at fagleg årsverkramme aukar opp til 146 for studieåret 2011/2012. For studieåret 2012/2013 aukar denne til 149. Dei administrative ressursane aukar i samsvar med norma 70/30: 2010 2011 2012 2013 2014 Vår Haust Gj.snitt Vår Haust Gj.snitt Vår Haust Gj.snitt Vår Haust Gj.snitt Vår Haust Gj.snitt Fagleg årsverk 137,1 144,6 144,6 146,0 146,0 149,0 149,0 149,0 149,0 149,0 Adm 79,8 83,4 83,4 84,0 84,0 85,3 85,3 85,3 85,3 85,3 Sum 216,9 228,0 222,5 228,0 230,0 229,0 230,0 234,3 232,2 234,3 234,3 234,3 234,3 234,3 234,3 For å komme ned på ramma som ligg til grunn for budsjettprognosane, er det gjort følgjande reduksjonar: - Valfag kroppsøving (grunnskulelærarutdanning 1-7) er teke ut - Valfag samfunnsfag teke ut - Vidareutdanningane ved ALI vert redusert frå 160 til 80 studiepoeng. - Vidareutdanningane ved AHF vert redusert frå 165 til 135 studiepoeng. Ein slik reduksjon av vidareutdanningstilbodet vil medføre nedgang i studenttalet tilsvarande 50 studentekvivalentar. Dette er det teke høgde for under studiepoengproduksjonen. I saka om studieprogram er det foreslåtte to nye tilbod, framlegg om samlingsbasert grunnskulelærarutdanning 1-7 i samarbeid med Volda og framlegg om opptak til mastergrad i idrett i samarbeid med NIH. Etter samråd med ALI vert desse tilboda finansiert ved ytterlegare kutt i vidareutdanningane ved avdelinga og ved omdisponering av ressursar på idrettsfag. Det er føresett at institusjonen si samla årsverkramme skal vera 146 i 2011 og 149 årsverk vidare framover. Denne finansieringspakka dekker ikkje årlege opptak på masterstudiet i idrett og det kan derfor bli naudsynt med opptak annakvart år. Driftsutgifter Høgskulen får i statsbudsjettet ei løyving som skal dekke prisstigning. I budsjettprognosane vil det difor vere snakk om endring i driftsutgifter i høve 2010-nivået. 6

Ein post der det ligg an til ein auke i høve 2010-budsjettet i storleik 0,5 0,6 mill kr, gjeld husleige. Endringa kjem som følgje av auka kostnader for hovudbygg Vie i Førde (ma oppgradering ute/parkanlegg), auka tal kontor Stadionbygg og Lettbygg, Førde (Helse Førde går ut som leigetakar). Ein annan post der ein vil sjå ein auke i høve 2010 er praksisbudsjettet som følgje av auka tal studentar og innføring ny lærarutdanning. Dette talet vil vere klart i samband med utarbeiding av detaljert budsjett til styremøtet i desember. Dette gjeld gjennomgåande for driftskostnadene då ein vil ha gått grundigare inn på dei enkelte driftspostane for høgskulen. Generelt vil eit høgare studenttal og tal tilsette medføre auka kostnader. 6. Risikovurderingar I høve til septemberprognosen er den økonomiske situasjonen blitt trongare for HSF i 2011. Dette skuldast både lægre basisløyving enn føresett, men og at det er nødvendig å rekna med høgre driftsutgifter. Dette svekkar også økonomien i 2012 der prognosen no er relativt sikker. For 2013 og 2014 er den økonomiske situasjonen betre enn tidlegare føresett samstundes som her er betydeleg større usikkerheit. Dette gjer at rektor under tvil foreslår eit aktivitetsnivå i 2011 med eit underskot på 5,5-6 mill. kr. Prognosen i denne saka viser at HSF først har dekka inn att underskotet i 2013. Det er då føresett at vi har overskot frå 2010 på 1 mill. kr. som kan brukast til å dekka noko av akkumulert underskot. Dette er på grensa av det som er økonomisk forsvarleg og gjev svært lite handlefridom dei næraste åra. Dersom nokon økonomiske faktorar utviklar seg negativt, kan det bli nødvendig med innstrammingstiltak i 2012 eller 2013 som er lite ynskjeleg. Samstundes er HSF inne i ei svært positiv utvikling med auka studentrekruttering og god søknad til alle studium. Prognosen viser også at drifta vil koma i balanse med eit aukande overskot frå 2012. Det gjer at rektor finn det forsvarleg å budsjettera med eit underskot i 2011 som kan dekkast inn att i 2012 og 2013. Denne budsjettprognosen føreset at ramma for faglege årsverk er på 146 studieåret 2011/12 og 149 årsverk seinare studieår. Dette gjev også ein reduksjon i studentmåltallet på ca 50 heiltidsekvivalentar. Den økonomiske prognosen for HSF viser at det er svært vanskeleg å kunna realisert viktige strategiske satsingar i høgskulen. Det gjeld mastersatsinga, det gjeld utviklingstiltak for å styrka studiekvaliteten i HSF og det gjeld auka satsing på fou. Eitt fjerde område er overtaking av Gymnaset. Dersom vi ynskjer å overta Gymnaset i rimeleg tid, innan 5 år, er det mykje som tyder på at høgskulen må inn med noko eigne midlar. Det betyr i so fall at høgskulen må styra mot eit overskot i 2014/2015 som kan nyttast til husleige. Ut frå dei dei økonomiske prognosane kan HSF realisera rektor sitt foreslåtte studieprogram for studieåret 2011/12, vi kan halda øvrige aktivitetar om lag på dagens nivå, men det vil ikkje i liten grad vera handlerom for nye satsingar før i 2013/14. Rektor ser det som spesielt viktig å realisera mastersatsingane våre og har utfordra fagmiljøa til å finna dekning innan eigne rammer for å kunne realisere denne satsinga. Så langt er det ALI som har greidd å omdisponera ressursar, jfr saka om studieprogramsaka. Sidan det er lokalt opptak på masterutdanningane kan det gjerast oppstartvedtak på desembermøtet sjølv om det er i seinaste laget. 7