U N I V E R S I T E T E T I B E R G E N Det humanistiske fakultet Lærarutdanningsutvalet ved HF Bergen, 26.05.2009 PROTOKOLL frå møte i Lærarutdanningsutvalet, tysdag 19.05.2009, kl. 13.00 15.00, rom 435, HF-bygget. Til stades: Leiar Endre Brunstad AHKR Wanda Alberts LLE Torodd Kinn IF Turid Trebbi Fagdidaktikk Aud Solbjørg Skulstad Anne-Brit Fenner (observatør) Visedekan for utdanning Hans Knut Sveen Fråfall: Studentrepresentant, IL Studentrepresentant, PPU Frå administrasjonen Pedagogikk Frå administrasjonen Solveig Fauskanger Espen Ingebrigtsen Erna Synnøve Kjensjord (sekretær) Inger Marie Hatløy (påtroppande sekretær) Herner Sæverot Nina Corinne Handing (observatør) I II GODKJENNING AV INNKALLING OG SAKSLISTE Ei ekstrasak vart meldt inn etter at innkallinga hadde vorte sendt ut, sjå sak S09/13. Innkalling og sakliste vart godkjende utan merknader. Det vart ikkje meldt om saker til Eventuelt. Godkjenning av protokoll Protokoll frå møte 10.03.2009 vart godkjend utan merknader. III Postadresse Postboks 7805 5020 Bergen ORIENTERINGSSAKER 1. Søkjartal for integrert lektorutdanning og eittårig PPU Erna Synnøve Kjensjord informerte munnleg. 2. Avslutningsmarkering for IL-studentar våren 2009 Avslutninga for kull 04 vert slått saman med avslutning for PPU-studiet, 8.juni kl.14.00. I tillegg vil studentane ha eigne mastergradsmarkeringar ved institutta. e-post post@hf.uib.no Internett www.hf.uib.no Org no. 874 789 542 Det humanistiske fakultet Telefon 55 58 93 80 Telefaks 55 58 93 83 Sakshandsamar tel. 55582209 side 1 av 5 Besøksadresse Harald Hårfagresgt.1 5007 Bergen
3. Fleksibel praksis for IL-studentar og timeplanlegging ved institutta hausten 2009 Kjensjord informerte om at førebuingar til haustsemesteret er i gong. Ein vil gjere det ein kan for å leggje praksis utanom undervisninga som studentane har ved UiB. Det er sannsynleg at kollisjonar vil kunne oppstå, og ein må saman med skulane prøve å løyse dei i kvart enkelt tilfelle. 4. Svar frå HF om fordeling av praksisperiodar I svar frå HF til programstyret 29.04.09 vart det gitt støtte til forslaget om ei lik fordeling av praksisomfanget over dei to semestra i integrert lektorutdanning. Det vart òg oppfordra til at praksis vert fordelt over 8 veker, for å lettare få til ei tilpassing mellom praksis og undervisning. 5. Møte om skuleerfaring Turid Trebbi orienterte kort om møte mellom fagdidaktikarar og psykologisk fakultet. 6. Arbeid med ny rammeplan for lærarutdanning Endre Brunstad orienterte. 7. Pensumrevisjon i språkdidaktikk Endre Brunstad orienterte kort om pensumrevisjonen, som i hovudsak er ei justering av omfanget, dvs sidetalet. 8. Dekanvalet 9. Orienteringsmøte for IL hausten 2009 Det vert orienteringsmøte for nye studentar på Integrert lektorutdanning ved HF tysdag 11.august 2009. IV S 09/09 S 09/10 Saker Tekst til vitnemål for integrert lektorutdanning LUHF tilrår godkjenning av tekst til vitnemål for integrert lektorutdanning. Diploma supplement for integrert lektorutdanning LUHF tilrår godkjenning av tekst til vitnemål for integrert lektorutdanning, med dei merknadene som kom fram under møtet. Programutvalet vert gjeve fullmakt til å gjennomføre endeleg korrektur. S 09/11 Styringsstrukturen for lærarutdanninga ved HF (diskusjonssak) Programutvalet for lærarutdanningsprogramma ved HF (PUHF) er enno ikkje konstituert. Så snart alle representantane har vorte utpeikte, bør PUHF utarbeide eit utkast til mandat og arbeidsoppgåver for seg sjølv. Fakultetet har ikkje lagt føringar på myndigheitsfordelinga mellom LUHF og PUHF. Eit klart mandat er viktig i forholdet til andre institutt og fagmiljø. S 09/12 Framlegg til ny studiestruktur for nordisk språk og litteratur Torodd Kinn orienterte om strukturendringa på nordisk. Endringa har praktiske konsekvensar for sjette og sjuande semester i lektorutdanninga. LUHF set pris på innspelet frå nordisk, og at ein samstundes med orienteringa tek opp spørsmålet om tiltak for å unngå kollisjonar med
praksis i sjuande semester. Ut frå den kunnskapen LUHF sit med til no, er det vanskeleg å gi ei tydeleg tilbakemelding om valfridomen i nordisk er for stor for lektorstudentane. På den eine sida er der faglege grunnar for valfridom. Ein premiss for lektorprogramma var dessutan å fremje integrasjon mellom fagmiljø og lærarutdanning, og å unngå separate kursopplegg for lektorstudentane. På den andre sida skal ein ikkje undervurdere dei praktiske utfordringane (som eigentleg er knytte til modellen for lektorutdanning som heilskap). Valfridomen har implikasjonar ikkje berre for gjennomføring av praksis, der det kan skje kollisjonar mellom praksis og undervisning, men òg for timeplanlegging og gjennomføring av fagdidaktiske emne og pedagogikkemne som skal finne stad parallelt. Ordninga med fleksibel praksis og utvida praksisperiode er meint å løyse nokre problem, men løyser ikkje nødvendigvis alle problem. Eit tiltak i første omgang vil vere å følgje nøye med i gjennomføringa av fleksibel praksis haustsemesteret 2009, og å gjere ei evaluering av opplegget. Ordninga med timeplanlegging, praksisadministrering og fleksibilitet på skular og på universitetskurs vil vere kritiske moment. Det vil vere ei arbeidsoppgåve for programutvalet, LUHF, dei involverte institutta og programsensoren for lektorutdanninga. Eit mogleg tiltak i neste omgang for fagmiljøet kan vere å leggje eit avgrensa tal kurs og seminar meir til rette for lektorutdanninga enn andre. I så fall vil det framleis vere mogleg for studentane å kunne ta relativt mange kurs og seminar, men ein kan ikkje forvente like gode tilpassingar alltid. Då kombinerer ein prinsippet om valfridom med kva som er praktisk mogleg, og studentane får tydelegare beskjed om kva ein kan forvente. S 09/13 Handlingsplan for samarbeid om lærarutdanning i UH-nett Vest (høyringssak) LUHF fekk etter innkalling til møtet 19.05.2009 tilsendt høyringsutkastet Handlingsplan for samarbeid om lærarutdanning i UH-nett Vest frå arbeidsgruppa for lærarutdanningssamarbeid innanfor UH-nett Vest. Søknadsfristen for høyringsfråsegner er opphavleg 19. mai, men HFfakultetet fekk frist til 20. mai. LUHF slutta seg til framlegget til vedtak som vart presentert i forkant av møtet. Teksten Handlingsplan for samarbeid om lærarutdanning i UH-nett Vest har ikkje vorte sendt til HF-fakultetet formelt sett til høyring. Teksten vart gjort kjent for leiaren av LUHF 14.mai, og LUHF har såleis hatt kort tid til å vurdere teksten. Våre merknader, ut frå vår avgrensa tidsrammer, går på desse momenta: 1. Det er uklårt kva slags funksjon denne handlingsplanen skal ha. Det er tale om ein tekst utan kontekst utan følgjebrev, utan klår
sendar og utan klår presisering av kva ein meiner planen skal brukast til utdanningspolitisk. 2. Det vert i planen peikt på mål om smidige overganger og harmonisering av opptakskrav til masterutdanningar. Her må det poengterast at UiB og HF har sine eigne opptakskrav, og at å eventuelt endre dei krava er eit samansett universitetspolitisk spørsmål som føreset grundige diskusjonar. 3. Det vert peikt på at UiB si lektorutdanning vil kunne tilbys innenfor UH-nett Vest i forskjellige samarbeidsmodeller. Det kan her verke som om ein skal innføre endå fleire modellar for lektorutdanninga enn dei som no eksisterer. Vi vil i den samanhengen peike på at dagens lektorutdanning for UiB (og særleg for HF) er utfordrande å få til. Å lage til samarbeidsavtalar med institusjonar utanfor UiB der ein har studentar med andre føresetnader, vil vere endå meir utfordrande. 4. Planen talar om utveksling av lærarar i undervisninga på ulike utdanningsinstitusjonar gjennom ein "lærerpool". Dette er eit framlegg som vil kunne endre arbeidsvilkåra for vitskapleg tilsette radikalt. Framlegget bryt òg med tankane om å skape betre forskingsmiljø som jo føreset fagleg-institusjonell forankring. 5. Det vert vist til at undervisning i 2. framandspråk i all hovudsak vil verte tilbode gjennom UiB som kan-fag. Vil det tyde at fag kan leggjast ned på høgskular av di UiB tilbyd dei? Vil det bety at UiB skal leggje til rette for kandidatar frå høgskulane gjennom eigne program? Vil det bety at ein t.d. vil kunne få kandidatar som elles ikkje ville ha kome inn på eit bachelorprogram? I planen heiter det at der institusjoner i nettverket får et nettverksansvar for å tilby fag må en sikre at det er plasser øremerket nettverksstudenter. Sidan 2. framandspråkfag er definerte som UiB-fag, vil det då tyde at så og så mange studieplassar skal reserverast til studentar frå andre høgskular i UH-nett Vest? 6. Innanfor utdanning har vi i dag visse samarbeidsordningar mellom UiB og høgskulane, t.d. på masternivå, som kan vidareutviklast. Det som vert skissert i handlingsplanen er likevel mykje meir omfattande. Alle tiltaka tyder på at UiB og HF må lage til nye opplegg for lærarutdanning. Vårt utgangspunkt er at vi no har eit sterkt behov for å få våre eigne lærarutdanningsprogram til å verte velfungerande 7. I oversikta over kompetanse på institusjonane har ein sett opp all fagkompetanse innanfor dei ulike skulefaga på høgskulane, medan ein berre har sett opp kompetansen i fagdidaktikk for faga ved UiB. Det gir ikkje eit korrekt bilete av kompetansen på institusjonane. 8. Det vert i handlingsplanen skissert framlegg til samarbeidstiltak som (dersom dei vert realiserte) vil føre med seg ganske dramatiske konsekvensar for vår studieorganisering og for vilkåra til våre vitskapleg tilsette, utan at premissane og konsekvensane
har vorte diskuterte. Det kan vidare sjå ut til at UiB og spesielt HF med framandspråksfaga på mange måtar vert gjort til ein sørvisinstitusjon for ulike høgskular. Vårt syn er såleis at ein med denne handlingsplanen ikkje legg noko godt grunnlag for å få til eit godt samarbeid mellom UiB og dei ulike høgskulane i UH-nett Vest. Såleis må handlingsplanen i si noverande form avvisast. 9. Representantar frå HF og LUHF har med velvilje vore til stades i fleire samanhengar der eit samarbeid innanfor UH-nett-Vest har vore tematisert, og vi ser mange moglegheiter for samarbeid, t.d. innanfor forsking. Vi trur at ein i fyrste omgang bør starte med forskingssamarbeid, og så skaffe seg meir kunnskap om kva som er mål og grunnlag for eit mogleg samarbeid når det gjeld undervisning. Det må vere utgangspunktet for det som skal vere ein handlingsplan for samarbeid i UH-nett Vest. V EVENTUELT Endre Brunstad leiar LU - HF Erna Synnøve Kjensjord sekretær