JØLSTER KOMMUNE Formannskapet Møtedato: 21.04.2009 Møtestad: Kommunehuset Møtetid: Kl. Møteinnkalling Varamedlemar Innkallinga vert sendt både til varamedlemar og ein del andre mottakarar til orientering. Varamedlemar møter berre etter nærare innkalling. Når du må melde forfall Dersom du ikkje kan møte, må du så snart som råd kontakte tenestekontoret (tlf 57 72 61 00 eller postmottak@jolster.kommune.no). Då kallar administrasjonen inn vara for deg. Når du er ugild i ei sak Det er kvar medlem som tek opp spørsmålet men utvalet sjølv som bestemmer om du er ugild. Dersom du meiner du kan vere ugild i ei sak, avklarar du med partigruppa/gruppeleiar om det er aktuelt med vara. Du finn meir om reglane om ugildskap i forvaltningslova 6-10. Sakliste Sak nr. Saktittel 014/09 Referatsaker 015/09 Startlån for 2009 016/09 Tiltak langs E-39 ved Eikås - kommunal deltaking og finansiering 017/09 Samarbeidsforum i Sunnfjord (SIS)- organisering og vidareføring 018/09 Kjøp av ny omn på mottakskjøkkenet på Vassenden Jølster kommune Gerd Dvergsdal ordførar
Jølster kommune Saksutgreiing SAKSGANG Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr Sakshands. Formannskapet 21.04.2009 014/09 SRØ Sakshandsamar: Svanhild Røkenes Referatsaker Vedlegg: Arkiv: FE-, FA- Arkivsaknr 09/329 Nr Dok.ID T Dok.dato Avsendar/Mottakar Tittel 1 09/1091 I 05.03.2009 Dyrevern alliansen Politisk debatt om pelsdyroppdrett 2 09/834 I 20.02.2009 Advokatfirma Svidalsneset gnr 63 bnr 4 Folkman Slotterøy & Co 3 09/1025 I 04.03.2009 Kommunal- og Rgionaldepartementet Forvaltningsreforma - informasjon om lovendringar mm 4 09/1526 I 04.03.2009 Sogn og Fjordane Endring i samansetjinga av Fylkeskommune 5 09/489 I 29.01.2009 Møre og Fjordane HV distrikt 11 museumsstyra Orientering og anmodning fra Møre og Fjordane HV distrikt 11 Rådmannen sitt framlegg til vedtak: Andre referatsaker: 1. Årsmelding 2008, vert sendt ut til alle kommunestyremedlemmar no, men vert handsama i formannskap og kommunestyre i junimøta i lag med rekneskapet 2. Rekneskapsrapport pr mars 2009. Det vert orientert i møtet. 3. Verksemdsplan for skatteoppkrevjaren i Jølster. Referatsakene vert tekne til orientering.
Jølster kommune Saksutgreiing SAKSGANG Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr Sakshands. Kommunestyret AHE Formannskapet 21.04.2009 015/09 AHE Sakshandsamar: Arnar Helgheim Startlån for 2009 Vedlegg: Løyving frå Husbanken (ikkje vedlagt) Arkiv: FE-252, FA- Arkivsaknr 09/200 Saksutgreiing: Det er ønskjeleg å ha tilgjengeleg midlar for vidare utlån i form av startlån. I 2008 vart det ikkje teke opp nytt slikt lån men vi ser no at det er trong for nye midlar til vidare utlån. Meir om sjølve ordninga finst på Husbanken sine nettsider: http://www.husbanken.no/. Administrasjonen har søkt om kr 2.000.000 frå Husbanken og fått førehandstilsagn på dette. Føresetnaden for faktisk låneopptak er sjølvsagt vedtak i kommuenstyret. Rådmannen sitt framlegg til vedtak: Jølster kommune tek opp kr 2.000.000,- i startlån for vidare utlån. Dokumentliste: Nr T Dok.dato Avsendar/Mottakar Tittel 1 I 02.03.2009 Husbanken Løyving av startlån for vidare tildeling 3 I 02.04.2009 Husbanken Løyving av bustadtilskot for vidare tildeling
Jølster kommune Saksutgreiing SAKSGANG Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr Sakshands. Formannskapet 21.04.2009 016/09 TOF Sakshandsamar: Thor Ove Farsund Arkiv: FE-, FA-Q81 Arkivsaknr 07/1194 Tiltak langs E-39 ved Eikås - kommunal deltaking og finansiering Vedlegg: Ortofoto, gangveg Eikås, datert 14.04.09. Gangveg Eikås, datert 05.01.09. Plankart C001, statens vegvesen datert 05.09.08. Teikning nr, Tegn 01. Teikning nr. Tegn 02. Saksutgreiing: Det har i lengre tid vore arbeidd med å trygge dei trafikale tilhøve og særskilt for dei mjuke trafikantane langs E-39 ved Eikås. Statens Vegvesen har fått utarbeidd teikningar med anslag over tiltaka. Det er teikna (Tegn 01 og 02) løysing på heile strekninga, om lag 700 meter, langs E39 frå Østenstad til avkøyrsla nærast Vassenden. Dette omfattar køyrbar gang- og sykkelveg, bru og busslommar for lokal og fjerntrafikk. I tillegg til teikningane er det utarbeidd eit kostnadsoverslag med alternativ som følgjer: Alternativ 1: Full utbygging med køyrbar gang- og sykkelveg, bru og busslommar mellom km 2550 og km 3210. Samla kostnad 14,9 mill NOK. (Østenstad til avkøyrsla nærast Vassenden) Alternativ 2: Delvis utbygging; same element som over men kortare strekning dvs mellom km 2550 og km 2950. Samla kostnad 9,6 mill NOK. (Østenstad til rundkøyring) Alternativ 3: Delvis utbygging; køyrbar gang- og sykkelveg og busslommar mellom km 2660 og km 2950. Samla kostnad 7,5 mill NOK (Garasje til rundkøyring) Det vart opplyst at kostnad for denne strekninga utan rundkøyring kjem på om lag 3,7 mill NOK dvs rundkøyring og busslommane for fjerntrafikk kostar om lag 3,8 mill NOK. Med grunnlag i ovannemnde vil strekninga mellom km 2550 og km 2660 ha ein kostnad på 2,1 mill NOK (Østenstad til garasje) og strekninga mellom km
2950 og 3210 ha ein kostnad på 5,3 mill NOK (rundkøyring til avkøyrsle nærast Vassenden). Kostnaden med tiltak langs heile strekninga, jamfør alternativ 1, vart langt høgare enn først rekna med. Dette betyr at dei midlane staten disponerer, om lag 3,5 mill NOK, ikkje er tilstrekkeleg for å ivareta ei full utbygging i samsvar med planane. I eit møte i mai 2008, med representantar frå Statens vegvesen, oppsitjarane og kommunen, vart det gjennomført ei grundig drøfting om kva tiltak ein skulle prioritere og gjennomføre for å få den mest optimale løysinga med dei midlane ein rådde over. Det vart konkludert med følgjande løysing som eit samarbeid mellom alle partar: Tiltak A: Langs E39 vert strekninga mellom km 2660 og 2950 prioritert for gjennomføring av Statens vegvesen jamfør alternativ 3 over. Etter innspel frå grunneigarane vart det føreslege å flytte den einsidige busslomma for lokaltrafikk noko bakover og inn på eigedomen og langs grensa. Busslommen vert å løyse saman med Jølster kommune. Statens vegvesen startar arbeidet med prosjektering og anbodsdokumentasjon som og inkludere den einsidige busslomma som nemnt. Tiltak B: Jølster kommune og grunneigarane/brukarane ser på tidlegare skissert løysing med alternativ kommunal tilkomst gjennom busetnaden og bak mot bekkeløpet. Dette gjev sanering av avkøyrsla nærast Vassenden. Grunneigarane/brukarane deltek i dugnadsarbeid. Busslomma vert å løyse saman med Statens vegvesen. Tiltak C: Det vart skissert ei løysing om å ruste opp ein gammal veg frå Østenstad og opp til kommunal veg om Eikås. Ved dette alternativet vil løysinga frå Østenstad til garasje gå ut. Oppstart og gjennomføring av tiltak i 2009 Tiltak A er no justert i samsvar med ovannemnde der busslommen er flytta inn på eigedomane jamfør plankart C001 som viser omfang av tiltaket. Dette tiltaket er prosjektert og har vore ute på anbod og skal etter planen starte opp i 2009. Kommunen har vurdert tiltak C men denne løysinga vert ikkje vidareført. Tiltak B vil vere aktuell å gjennomføre dersom det ikkje let seg gjennomføre å få til ei full utbygging etter alternativ 1. Med grunnlag i tiltakspakkar frå staten har kommunen vore i drøftingar med Statens vegvesen får på ny å få vurdert om det vil vere mogleg å få til ei slik full utbygging på strekninga, jamfør Alternativ 1 ovanfor. Omfang av tiltaka vil bli vurdert med grunnlag i innkomne entreprisar og løyvde midlar. Sjølv om det skulle bli meir midlar til disposisjon vil det truleg ikkje bli nok til å ferdigstille heile prosjektet langs E-39 etter alternativ 1. Kommunen må difor ta høgde for at det kan bli aktuelt å gjennomføre tiltak B som omfattar ein enklare gang- og sykkelveg gjennom busetnaden og bak mot bekkeløpet, jamfør mellom anna Ortofoto av 14.04.09. Administrasjonen har kostnadsreka tiltaket til om lag kr. 500 000. Konklusjon Administrasjonen rår med grunnlag i ovannemnde saksutgreiing til at kommunen tek høgde for å gjennomføre tiltak B inkludert finansiering dersom Statens vegvesen ikkje får
fullfinansiert ei utbygging etter alternativ 1. Etablering av ein kommunal gang og sykkelveg føreset mest truleg at kommunen og må syte for drift og vedlikehald av denne. Dette må avklarast nærare med oppsitjarane. Rådmannen sitt framlegg til vedtak: Jølster kommune tek del i utbygging av planlagt gang- og sykkelveg på Eikås i samsvar med tiltak B i saksutgreiinga føresett at Statens vegvesen ikkje får fullfinansiert ei utbygging etter alternativ 1. Den økonomiske råma for kommunen sin del av prosjektet vert kr. 500 000 med følgjande dekningsmåte: 02302.400.33300 500 000 09100.400.33300 Bruk av lån med avdragstid på 25 år. -500 000 Dokumentliste: Nr T Dok.dato Avsendar/Mottakar Tittel 1 I 13.06.2007 Statens Vegvesen Region Vest Referat frå møte ad tiltak langs E 39 Eikås i Jølster kommune 2 I 18.06.2007 Statens Vegvesen Region Vest Invitasjon til orienteringsmøte om planlagte tiltal langs E 39 ved eikås i Jølster kommune 3 I 15.08.2007 Statens Vegvesen Region Vest Referat frå orienteringsmøte om planlagte tiltak langs E-39 ved Eikås i Jølster kommune 4 I 15.04.2008 Statens Vegvesen Region Vest Referat frå orienteringsmøte om planlagte tiltak langs E-39 ved Eikås i Jølster kommune 5 U 18.04.2008 Adresseliste Invitasjon til møte om planlagte tiltak langs E 39 ved Eikås 6 U 07.05.2008 Adresseliste Referat frå drøftingsmøte om planlagte tiltak langs E-39 ved Eikås 7 I 18.12.2008 Statens Vegvesen Region Vest E39 Gang og sykkelveg på Eikås. Innkalling til synfaring/orientering om prosjektet
Jølster kommune Saksutgreiing SAKSGANG Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr Sakshands. Kommunestyret AHE Formannskapet 21.04.2009 017/09 AHE Sakshandsamar: Jostein By Arkiv: FE-026, FA- Arkivsaknr 09/334 Samarbeidsforum i Sunnfjord (SIS)- organisering og vidareføring Vedlegg: Årsmelding 2008 Samarbeidsavtale med fylkeskommunen Saksutgreiing: Samarbeidsforum i Sunnfjord (SIS) vart opphavleg etablert som eit meir uformelt samarbeidsorgan for kommunane i indre Sunnfjord Førde, Gaular, Jølster og Naustdal. Seinare har Flora slutta seg til samarbeidet. SIS er samansett av ordførar og rådmann frå kvar kommune. Førde kommune stiller f.t. sekretær til disposisjon, tilsvarande 20 % stilling. Leiafunksjonen går på omgang mellom ordførarane, i utgangspunktet for to år om gongen. Dei første åra var sekretærfunksjonen lagd til rådmannen i den kommunen som hadde leiarvervet. Fylkeskommunen har høve til å stille med observatør på møta. SIS har fått tildelt regionale utviklingsmidlar frå fylkeskommunen, i 2008 kr. 550.000. SIS disponerer midlane, som m.a. vert nytta til å dekkje driftskostnader inkl. sekretærlønn. Utanom kostnadene til reise for eigne deltakarar til møta i SIS har ikkje kommunane utgifter til samarbeidet. Konkrete utviklings- / utgreiingsprosjekt og evt. einskildtiltak vert i stor grad finansierte med eksterne tilskot. Somtid dekkjer kommunane ein eigendel for konkrete, avtalte samarbeidstiltak, men samarbeidet i seg sjølv medfører ikkje kostnader for kvar kommune. I hovudsak fungerer SIS som eit initierande og koordinerande organ i saker som er / kjem til handsaming i dei einskilde kommunane. SIS har til no ikkje vore organisert som formelt organ med vedteker e.l. Spørsmålet om organisering har vore vurdert, og det er aktuelt å formalisere samarbeidet noko meir, mellom anna for å kunne ha meir formell status på linje med regionråda. Partane har likevel valt å vere varsame med for sterk formalisering. Dette vil lett gi ei for fastlåst organsisasjonsform. Det har heller ikkje vore stilt krav frå statlege styringsorgan om sterk formalisering. Fylkeskommunen har signalisert eit ønske om ei meir konsistent organisering. Røynslene talar for at dagens organisering i stor grad er den mest tenlege og minst ressurskrevjande. Det som etter kvart har vorte meir og meir tydeleg, er at desse kommunane har behov for eit forum for drøfting og avklaring av saker av felles interesse. Samarbeidet har utvikla seg i
stadig meir konstruktiv retning. Ved ulike høve har SIS drøfta spørsmålet om å ta opp samarbeidet til ei enkel men formell avklaring i dei politiske organa i kvar kommune. Ordføraren ønskjer at formannskapet og kommunestyret i Jølster får informasjon om og høve til å drøfte samarbeidet slik det fungerer i SIS. Rådmannen viser til vedlagde kopi av årsmeldinga for 2008, som gir eit godt bilete av verksemda i SIS. Rådmannen viser òg til vedlagde kopi av samarbeidsavtale mellom SIS og Sogn og Fjordane fylkeskommune, som gir eit inntrykk av korleis fylkeskommunen som ansvarleg for regional utvikling ønskjer å samarbeide med kommunane i regionen. Rådmannen tilrår at formannskapet og kommunestyret sluttar seg til at Jølster kommune framleis deltek aktivt i Samarbeidsforum i Sunnfjord (SIS). Rådmannen sitt framlegg til vedtak: 1. Kommunesamarbeidet gjennom Samarbeidsforum i Sunnfjord (SIS) held fram med ordføraren og rådmannen som Jølster kommune sine representantar. 2. Dersom det vert aktuelt med sterkare formalisering av samarbeidet, skal det leggjast fram eiga sak til politisk handsaming (for godkjenning av vedtekter m.m.) Dokumentliste:
Jølster kommune Saksutgreiing SAKSGANG Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr Sakshands. Kommunestyret AHE Formannskapet 21.04.2009 018/09 AHE Sakshandsamar: Jostein By Arkiv: FE-153, FA-H07 Arkivsaknr 09/335 Kjøp av ny omn på mottakskjøkkenet på Vassenden Vedlegg: Saksutgreiing: Noverande omn på Vassenden mottakskjøkken har vore i drift i mange år og har siste åra hatt ein del defektar som har medført kostnader. Spørsmålet om kjøp av ny omn vart vurdert i samband med handsaminga av budsjett 2009. Administrasjonen konkluderte da med å halde fram med novarande utstyr, med naudsynte reparasjonar, av di ein meinte at dette ville det mogleg å utsetje innkjøpet til neste budsjett. Situasjonen har forverra seg, og det viser seg no vanskeleg å forsvare vidare reparasjonar samanlikna med kjøp av ny omn. Ein har ikkje alternativt utstyr på Vassenden for oppvarming. Evt bruk av omn på Skei vil ikkje vere gjennomførbart innanfor noverande ordning. Kostnadane med ny omn vil ligge på om lag kr 120 000. Endeleg sum vert lagt fram i møtet. Rådmannen ser det slik at vi ikkje kjem utanom å måtte framskunde kjøp av ny omn. Rådmannen finn det ikkje tenleg eller forsvarleg å halde fast på den opphavlege intensjonen om å vente til budsjett 2010 med å finansiere kjøp av ny omn til mottakskjøkkenet på Vassenden. Ut frå noverande situasjon er derfor beste alternativ både på kort og lang sikt å investere i ny omn. Dette kan finansierast over investeringsfond. Rådmannen sitt framlegg til vedtak: 1. Det vert godkjent innkjøp av ny omn til mottakskjøkkenet på Vassenden. 2. Investeringsbudsjettet for 2009 vert endra slik: 02000 400 26100 Inventar/ytstyr 09480 400 26100 Bruk av fond Dokumentliste:
Side 1 av10