B.TARBERG AS Graving Sprenging Transport Planlegging Byggsøk Rådgiving Herøy kommune Utviklingsavdelinga Postboks 274 6099 Fosnavåg postmottak@heroy.kommune.no Moltustranda 02.01.2016 Vår referanse: 201663 SØKNAD OM MINDRE ENDRING AV REGULERINGSPLAN «Reguleringsplan for fiskerihamn i Leinevika - mindre endring av føresegner og plankart knytt til naustområde N3 plan- og bygningsloven (PBL) 12-4» MINDRE ENDRING AV DETALJREGULERINGSPLAN PBL 12-4
2 Planarbeid og planprosess I samsvar med 12-14 i plan- og bygningslova (PBL) vert det med dette søkt om en mindre endring av reguleringsplan for fiskerihamn i Leinevika 198902 område N3. Denne søknaden er retta til kommunen, men vil også kunne vere grunnlag for varsling til aktuelle grunneigarar, naboar, offentleg mynde, lag og organisasjonar som kan ha interesse i planarbeidet. Planområdet og avgrensing Endringa vil omfatte ei tekstendring av reguleringsføresegnene til gjeldande plan og ei endring av den ytre formålsgrensa i nord for området N3. Bilde: Plassering av område N3 i forhold til dagens situasjon Formål med endringa I samarbeid med Prosjektbygg AS og på vegne av forslagstiller Sjøkanten AS, ynskjer ein gjennom ei mindre reguleringsendring å gjere ei mindre endring i reguleringsplanen avgrensa til området N3, slik at det vert mogleg med oppføring av større bygg i form av båtgarasjer.
3 På reguleringsplanen ber N3 preg av å vere tenkt ei anna utnytting enn naustområder, da området har ei utforming som umuliggjer tilkomster til naust med tradisjonell utforming. Planen ser volummessig meir ut for å vere tilpassa større sjøhus. I reguleringsføresegnene 5, som omhandlar tradisjonelle naust, N1,2 og 4, er likevel N3 medteke med dei same avgrensingane. Utnytting til «båtgarasjar», det vil seie flytande båtar og installasjonar innvendig vil krevje eit større volum enn beskrive i 5. Tilpassa båter opptil ca 60fot, vil behovet vere ei fri høgd på maks flod vere min 6,5 meter, det vil seie ca 6,0 meter over kainivå på cote + 2,5. Dette er også meir i samsvar med eksisterande bygninger, eksempelvis Smådal Mekaniske, som vert nærmaste nabo. Bygga er utelukkande tiltenkt «båtgarasje» og evt innvendig brygge som kan tene til mulig lager for fiskeredskaper etc. Bebyggelsen som skildra over vil krevje endringer av 5 i gjeldande reguleringsføresegner og ei justering av formålsgrensa for arealformålet, der desse vil måtte tilpassast eit volum på 3 sidestillte bygg på ca 16m x 21m, med høgd under takstoler ved raft på min. 6,0 meter. Takvinkel kan vere 30-36 grader. Kvart av bygga vil da romme to båter, totalt 6 stk. 3D illustrasjon: Prosjektbygg AS Forslagstiller har vore i kontakt med Utviklingsavdelinga i Herøy kommune v/sakshandsamar Ole Magne Rotevatn, der ein er blitt bede om å søkje om ei mindre endring av gjeldande reguleringsplan etter PBL 12-14. Frå kommunen har det i tilbakemeldingane vore peika på at kravet om parkering må vere ivaretatt. Slik ein ser det vil dette vere mogleg å få til på dei areala som allereie er regulert til parkering i gjeldande plan. Dette med tilvising til arealet mellom N2 og Smådal Mekaniske, samt arealet vest for vendehammaren ved N3.
4 Vi vurderer det slik at formålet med reguleringsendringa er i samsvar med hamna sin status som statleg fiskerihamn, då ein legg tilrette for moglegheiter til lagring av båtar og utstyr. Gjeldande reguleringsplan for området Kartutsnitt av gjeldande plansituasjon for området Den gjeldande reguleringsplanen for området viser at Naustområde N3 har ei vanskeleg og mindre praktisk utforming knytt til innpass av ny bebyggelse innanfor formålsområdet. Formålsområdet N3 har eit areal på 1013,7 m2. I reguleringsføresegnene for gjeldande plan er det krav om lik utforming og dimensjon for bygningar innanfor naustområda N2 og N3. følgjekravet til reguleringsføresegnene punkt 7.3 til gjeldande reguleringsplan er det i dag følgjande formulering:
5 Med tilvising til formålet med den mindre endringa av reguleringsplanen, så ynskjer forslagstiller å gjere ei endring av reguleringsføresegnene: For området N3 kan det førast opp båtgarasjer med innvendig brygge innanfor formålsgrensa. Det vert tillate å føre opp 3 stykk sidestilte bygningar med ei grunnflate på 336 m2, som er bygd saman i ei rekkje. Bygg skal ha skråtak med takvinkel mellom 30-36. Maksimal mønehøgde for bygningane er 6,0 meter høgde ved rafta, målt frå kainivå på kote + 2.5 NGO. Parkering for bygningane N3 skal vere 1 p-plass pr bygg. Parkeringsplassane kan opparbeidast på tilstøytande areal eigna for formålet. I tillegg til endring av føresegnene ynskjer forslagstiller at den «saksa» formålsgrensa mot sjøfronten blir endra til ei rett linje slik at dette vert i samsvar med den type bebyggelse som ein ynskjer å føre opp. Ny storleik på arealet N3 vert då 1097,9 m2. Ved ei arrondering av formålet som vist til under, vil ein då auke storleik på naustområdet N3 med 84,2 m2. Forslag til ny utforming av området N3.
6 Konsekvensar av mindre reguleringsendring (ME) Ved å gjennomføre denne endringa av reguleringsplanen vil ein sikre at utbyggar kan få føre opp ein type bebyggelse som skildra og illustrert. Bruken av bygga vil vere relatert til naustomgrepet og skal vere for lagring av båtar, fiskereiskap m.m. Tiltakshavar vil med denne reguleringsendringa ha eit meir forutsigbart krav om korleis framtidig utnytting av området N3 skal vere. Føresegner og plankart vert meir i samsvar med kvarandre og tilpassa den type bebyggelse som skildra og illustrert i denne søknaden. Bruken av N3 vil også vere i samsvar med kringliggjande bebyggelse i Leinehamna, samt gi moglegheiter for bygging av tilkomstveg, vendehammer og opparbeiding av parkeringsplassar. Medverknad, vidare planprosess og innspel til planarbeidet Grunneigarar, offentleg mynde, lag og organisasjonar og dei som blir direkte råka av planarbeidet vil bli varsla om endring av reguleringsplanen i eige skriv. Dette vil inneberer at dei som har innspel eller synspunkt til planarbeidet får høve til å kome med skriftleg innspel innan ein fastsett tidsfrist. Dersom det ikkje kjem vesentlege innvendingar mot endringa frå berørte parter, så har vi forstått det slik at saka kan behandlast i formannskapet som ei mindre reguleringsendring etter PBL 12-14. Planprosessen skal følgje reglane i plan- og bygningslova for mindre endring av reguleringsplan 12-14. Planarbeidet vil skje i regi av Aleksander Zahl Tarberg i B. Tarberg AS. Endring av reguleringsplan vil vere avgrensa til ei endring i føresegnene. Med vennleg helsing Aleksander Zahl Tarberg Planleggar B. Tarberg AS Tarbergvegen 3 6076 Moltustranda E-post aleksander@btarberg.no Tlf: 46674461
7 Vedlegg: 1. Plankart med ny utforming av område N3 2. Forslag til nye reguleringsføresegner 3. 3D illustrasjonar for ny bebyggelse i Leinevika (Prosjektbygg AS) 4. SOSI-fil med ny utforming av område N3 5. Sjekkliste risiko og sårbarheit 6. Sjekkliste naturmangfald