Like dokumenter
PRINSIPP FOR OPPTAK AV ENERGI FRÅ HAVBØLGJER. FASESTYRING OG OPTIMAL SVINGERØRSLE. J. Falnes Institutt for fysikk, NTNU, 7034 Trondheim.

Eksamen MAT1013 Matematikk 1T Va ren 2014

KappAbel 2010/11 Oppgåver 2. runde - Nynorsk

Å løyse kvadratiske likningar

TEORI FOR OPTISKE FIBRAR MED BRAGGITTER

= (2 6y) da. = πa 2 3

FY1006/TFY Løysing øving 7 1 LØYSING ØVING 7

Eksamensoppgive FYSIKK. Nynorsk. 6. august Eksamenstid: 5 timar. Hielpemiddel: Lommereknar

1 Stokastisk variabel

Eksamen MAT1013 Matematikk 1T Va ren 2014

FY1006/TFY Løysing øving 5 1 LØYSING ØVING 5. Krumning og stykkevis konstante potensial

MEDBORGERNOTAT. «Samarbeidspartia i norsk politikk kor godt likar veljarane dei andre partia?»

.ASJONALE -ATEMATIKK 1MX 3KOLENR

DEL 2 med lommereknar, passar og gradskive

Mineralinnhald i blod hjå storfe på utmarksbeite sommaren 2014.

Løsningsforslag til øving 1

Språkstatistikk for departementa for 2009

)*+!,*- ".%! /01 & 2 01 &!

x 2 2 x 1 =±x 2 1=x 2 x 2 = y 3 x= y 3

Løysingsframlegg TFY4305 Ikkjelineær dynamikk Haust 2013

Dersom summen vert over 400 g må ein trekkje dette frå.

Eksamen MAT 1011 Matematikk 1P, Hausten 2012

j 4 j n 1 x/2 1/2 exp x

MATEMATIKKVERKSTAD Mona Røsseland. GLASSMALERI (bokmål) Utstyr: Rammer (A3) i farga papp, pappremser, silkepapir, saks og lim

GISKE OS øydelagd av orkanen Dagmar. Tekst: Kjell Mork Soot. Foto : Lars Petter Folkestad

PXT: Det regnar mat! Introduksjon. Steg 1: Grunnlag. Sjekkliste. Skrevet av: Helene Isnes. Oversatt av: Stein Olav Romslo

Young-Laplace si likning

Elektrisitetslære TELE1002-A 13H HiST-AFT-EDT

FYSIKK-OLYMPIADEN Andre runde: 2/2 2012

Kopi til: Arkivnr.: 5

Multiplikasjon s. 3 Multiplikasjon med desimaltal s. 4 Divisjon s. 5 Divisjon med desimaltal s. 6 Omkrins s. 7 Areal s. 8 Utvide og forkorta brøk s.

I denne oppgåva skal me lage eit enkelt spel der pingvinane har rømt frå akvariet i Bergen. Det er din (spelaren) sin jobb å hjelpe dei heim att.

S1-eksamen hausten 2017

Fråsegn om norskfaget og nynorsken

BLI KJENT MED ALUMINIUM

Eksamen MAT1013 Matematikk 1T Hausten 2013

Løysingsframlegg øving 1

BLI KJENT MED ALUMINIUM

KappAbel 2010/11 Oppgåver 1. runde - Nynorsk

Eksamensoppgåve i LGU51007 Naturfag 1 (5-10) emne 1

Niels Henrik Abels matematikkonkurranse

Brukarrettleiing E-post lesar

Rapport klokketårn Fortun kyrkje tes amo tes Versjon Dato Omtale Utarbeidet Fagkontrollert Godkjent

Løysingsforslag for øving 13

Tomt I romjula 2011 var eg for fyrste gong på Skolten. Noko av som slo meg var skalaforskjellane mellom dei store supplybåtane og dei små lystbåtane,

Språkstatistikk for departementa for 2010

MEDBORGERNOTAT. «Stortingsval Veljarvandring»

MEDBORGERNOTAT. «Sympatibarometer for norske politiske parti i perioden »

KONTSTRIKKING. Dersom det skal vere lue, genser, jakke eller skjørt, kan det vere naturleg å starte med ein høveleg kant og halve ruter.

Lærarsvar A 1. Kva meiner du var den viktigaste årsaka (årsakene) til at vi gjorde dette?

Her skal du lære å programmere micro:biten slik at du kan spele stein, saks, papir med den eller mot den.

Årsplan i samfunnsfag for 5. og 6. trinn 2015/2016

SAKSUTGREIING ETNE KOMMUNE

LØYSING ØVING 6. Grunntilstanden i hydrogenliknande atom

Fasit TFY4215/FY1006 Innføring i kvantemekanikk august 2014

6 Samisk språk i barnehage og skule 2011/12

SIGNES VOTTAR. strikketeigen.com

UNIVERSITETET I OSLO

EKSAMEN I: TFY4300 Energi og miljøfysikk FY2201 Energi og miljøfysikk Fredag 12. desember 2003 TID:

Obligatorisk oppgave 1 i MAT1140, Høst Løsninger med kommentarer

Fuglestadelva, Hå kommune

Refleksjon og skriving

FINANSRAPPORT 2. TERTIAL 2012

Undervisningsopplegg for ungdomstrinnet om koordinatsystem og rette linjer

Niels Henrik Abels matematikkonkurranse

IS-LM-modellen. Asbjørn Rødseth

1 Fylkestinget går inn for å styrke kapitalbasen i Fjord Invest A/S med 15 mill kr.

Sjutoppsturen FAKTA OVERSIKTSKART LØYPESKILDRING

Niels Henrik Abels matematikkonkurranse

FAKTA. Likeverdige brökar: BrÖkar som har same verdien: 2 = 2 4 = 3 6 = 4 8 = 5

Dykkar ref.: Vår ref.: Ard16017 Bergen:

Løysingsframlegg eksamen TFY4215/FY1006 Innføring i Kvantemekanikk vår 2013

Utviklingsplan for Vigrestad skule. Dagfrid Bekkeheien Skrettingland

Kengurukonkurransen 2012

Døme på eit skrivebord i P360, beståande av: Det same skrivebordet sett frå redigeringsmodus. Namnet til skrivebordet. Eigendefinert tekst.

1. Eg legg ut ei blå linje som er visuelt fatteleg, eit eige uttrykk som er aktivt mot landskapet, og som drar til seg blikket og interessa.

Dato: Revisjon Seksjon/avd.: Prosjekter og teknologi / Energitekn. - Plan Dok. ID:

Fasit TFY4215/FY1006 Innføring i kvantefysikk Vår 2015

Problem 1. Problem 2. Problem 3. Problem 4

N O T A T. Aktuelt planområde er vist i kartutsnitt i bilde 1 under. Oppdrag: Sykkelkryssing av Fjøsangerveien Oppdrag nr.:

.ASJONALE -ATEMATIKK 1M 3KOLENR

Eksamen MAT1013 Matematikk 1T Hausten 2014

Finn hovudpåstand og argument i ein argumenterande tekst

EKSAMEN VÅREN 2007 SENSORTEORI. Klasse OM2

LAG DIN EIGEN ISKREM NATURFAG trinn 90 min. SENTRALE OMGREP: Faseovergang, kjemi, molekyl, atom, fast stoff, væske, gass

Eksamen MAT1013 Matematikk 1T Våren 2012

Geoteknisk notat - befaring Joar Tistel Harald Systad Joar Tistel REV. DATO BESKRIVELSE UTARBEIDET AV KONTROLLERT AV GODKJENT AV

Eksamen MAT1013 Matematikk 1T. Nynorsk/Bokmål

Niels Henrik Abels matematikkonkurranse Første runde

LYS OG SYN - auget som ser. Gjennomføre forsøk med lys, syn og fargar, og beskrive og forklare resultata

UNIVERSITETET I BERGEN

Bjerkreim Kommune. Plan for selskapskontroll Noen de kommunale selskapene i regionen

Løysingsframlegg TFY 4305 Ikkjelineær dynamikk Haust 2011

Rapport om målbruk i offentleg teneste 2015

OPERASJON I TARM ELLER ENDETARM

Sensurveiledning til skriftlig eksamen i Matematikk 1, 1-7

Eksamen AA6524 Matematikk 3MX Elevar/Elever. Nynorsk/Bokmål

RETTLEIAR BYGGSØK. Søknad om tiltak utan ansvarsrett PBL 20-2

Lys. Bølger. Partiklar Atom

Fiskebestandar i Ullensvang statsallmenning

Transkript:

Utdrag frå notatet "Prinsipp for opptak av energi frå havbølgjer: Fasestyring og optimal svingerørsle" - - - Reint allment kan det seiast at ein bølgjeabsorbator må vera ein bølgjegenerator. Skal det absorberast energi frå ei bølgje, trengst det altså ei svingande vassforskyving som er passeleg stor og som skjer til rett tid (svinging med riktig fase). - - - Å øydeleggja bølgjer vil seia å skapa bølgjer Når bølgjeenergi blir absorbert, må det bli verande att mindre med bølgjeenergi i havet. Det må altså bli ein reduksjon eller ei fjerning av bølgjer som elles ville bli kasta tilbake frå eller gå forbi den absorberande innretniga. Når denne svingar, må det altså bli sett opp bølgjer som motverkar - eller er i motfase med - dei tilbakekasta og/eller forbipasserande bølgjene. Det må med andre ord vera genererte bølgjer som interfererer destruktivt med bølgjene elles i sjøen. Dette forklarer den paradoksale, men sanne, påstanden: å øydeleggja bølgjer vil seia å skapa bølgjer eller sagt på fagspråk: Å absorbera bølgjer vil seia å generera bølgjer. Eit eksempel som illustrerer dette, er vist i figur 1, for eit tilfelle der den innkomande bølgja kan bli fullstendig absorbert. Dette eksemplet svarar til ei uendeleg lang rekkje (normalt på figurplanet) av svingande kroppar med liten nok innbyrdes avstand (mindre enn ei bølgjelengd). Fullstendig absorpsjon er også mogleg med ein langstrekt kropp, med tverrsnitt som vist i figur 1, under føresetnad av at kroppen svingar vertikalt og horisontalt på ein optimal måte. Det kan visast teoretisk at ikkje meir enn halvparten av bølgjeenergien kan bli absorbert dersom det er berre ei symmetrisk utstrålt bølgje, slik som vist med kurve b i figur 1, når bølgja er generert av ein symmetrisk kropp som har berre ein svingemodus, som her er vertikal svinging (hiv). Likeins kan det visast at det er uråd å få meir enn halvparten av bølgjeenergien absorbert dersom det berre er ei antisymmetrisk utstrålt bølgje (kurve c) frå den symmetriske kroppen. Men ein kropp som er usymmetrisk nok, og som svingar i berre ein modus, kan absorbera bortimot all innkomande bølgjeenergi. Ved universitetet i Edinburgh kom Salter nær denne ideelle situasjonen med sine eksperiment med voggande and. - - - Optimal svingerørsle for maksimalt energiopptak. For å kunna ta opp mest mogleg energi, må bølgjeenergiomformaren (BEOen) ha ei optimal svingerørsle. Med ei sinusforma innkomande bølgje må svinginga ha ein optimal fase og ein optimal amplitude. Dette kan illustrerast ved å sjå på figur 1 ein gong til. Her er amplitudane for dei utstrålte bølgjene (kurvene b og c) akkurat halvparten av amplituden på den innkomande bølgja (kurve a). Difor må amplitudane på dei vertikale og horisontale svingingane ha bestemte verdiar. Merk at desse optimale amplitudane er proporsjonale med amplituden på den innkomande bølgja. Dei optimale fasane for desse to svingemodiane er slik at dei tilsvarande to utstrålte bølgjene mot høgre (figur 1 b og c), får same fasen; samanfallande bølgjetoppar og -dalar. Det fører då også til at dei to utstrålte bølgjene mot venstre, den symmetriske og den antisymmetiske, veg kvarandre opp. Dessutan må dei to svingemodiane ha rett fase i forhold til den innkomande bølgja, slik at dei bølgjene som strålar mot høgre (kurvene b og c), har bølgjetopp der den innkomande bølgja (kurve a) har bølgjedal. Energiopptak med berre ein svingemodus. For eit tilfelle med berre ein svingemodus, eksempelvis berre hiv, vil den resulterande bølgja vera gitt ved superposisjonen (summen) av kurvene a og b i figur 1. Optimal amplitude og fase for hivsvinginga er i dette tilfelle den same som ovanfor, i tilfellet med to svingemodi. Bølgja 1

strålt ut mot venstre og den resulterande bølgja mot høgre har då begge ein amplitude som er lik halve amplituden på den innkomande bølgja. Ettersom bølgjeenergien er proporsjonal med kvadratet av bølgjeamplituden, vil dette seia at 25 prosent av den innkomande bølgjeenergien blir reflektert mot venstre, og at også 25 prosent går vidare mot høgre. Den attverande delen, som er 50 prosent, er den energien som må vera absorbert av BEOen. Og dette er, som nemnt ovanfor, det teoretiske maksimum når det er berre ein svingemodus. - - - Figur 1. Å absorbera bølgjer vil seia å generera bølgjer. Kurve a representerer ei uforstyrra innkomande bølgje. Kurve b illustrerer symmetrisk bølgjegenerering (på vatn som elles er i ro) med ei strak rekkje av små flytande kroppar, som har innbyrdes lik avstand, og som svingar i hiv (opp og ned). Kurve c illustrerer antisymmetrisk bølgjegenerering. Kurve d, som representerer superposisjonen (summen) av dei tre bølgjene ovanfor, illustrerer fullstendig absorpsjon av den innkomande bølgjeenergien. 2