Detaljreguleringsplan for ny tilkomstveg til Sundheim Bo- og Treningssenter m.m. samandrag og vurdering av merknader ved offentleg ettersyn i perioden 16.03. 28.04.2017. 1. Hamar bispedømmeråd, brev av 20.03.2017. a) Viktig at det ved utbetring av trafikkforholda i Kyrkjevegen blir avsett plass til vegetasjonsskjerming mot kyrkjegarden, slik at ro og verdigheit ved framtidig grav- og urnelund blir teke hand om. b) Varslingsbrevet beskriv blant anna reguleringsplanen sine ulike føremål, der omsynet til kyrkja og utviding av kyrkjegarden er nemnd. Dei forventar difor at dette er teke hand om så langt i planprosessen, og bispedømmerådet melder difor ikkje innspel på noverande tidspunkt. c) Dersom ein lokalt ser behov for meir innan fristen 28. april, ber dei om rask tilbakemelding. d) Så snart planforslaget ligg føre, kan det saman med kyrkjeleg fellesråd, vere aktuelt å vurdere om omsynet til Sødorp kyrkje og kyrkjegard er tilstrekkeleg tatt hand om. e) Sødorp kyrkje er listeført, og Riksantikvaren får kopi av dette brevet. A. Det er ikkje planlagt utbetring av trafikktilhøva i Kyrkjevegen. Når det gjeld spørsmålet om vegetasjonsskjerming mot Kyrkjevegen, så meiner ein dette bør vurderast nærare i kyrkjegardsplanen. Det blir difor ikkje foreslått endringar i plankartet. Ein er samd i at vegetasjon/vegetasjonssone kan gje ei god avgrensing mot veg-/og parkeringsareal, men at det ikkje må hindre sikt mot kyrkja. Det blir tilrådd å følgje opp merknaden ved å ta inn slikt nytt punkt 2.3 g) i planføresegnene: «Før tiltak kan setjast i gang for område BGU_2 skal det ligge føre godkjent detaljplan for kyrkjegardsutvidinga (kyrkjegardsplan). Kyrkjegardsplanen skal m.a. vise interne gangvegar, belysning, prinsipp for gravplasseringar, plassering av tre og buskar, vasspostar, behandling av overvatn, jf. Gravferdslovas forskrift 3». I tillegg tilrår ein å ta inn slikt nytt punkt 2.3 h) i planføresegnene: «I samband med utarbeiding av kyrkjegardsplanen bør det i tillegg gjerast ei vurdering av om delar av steingjerde mellom noverande kyrkjegard og utviding mot vest kan bevarast, og ei vurdering av vegetasjon mot Kyrkjevegen, som elles ikkje må hindre sikt mot kyrkja». B. Blir teke til orientering. C. OK. D. Ein har avklart med saksbehandlar hos Hamar bispedømmeråd at det her er meint kyrkjegardsplanen. E. Teke til orientering.
2. Fylkesmannen i Oppland, e-post av 27.04.2017. a) Viser til deira innspel ved oppstart. Planen legg opp til detaljregulering av tiltak ved Sødorp kyrkje og ved Sundheim Bo- og Treningssenter som i hovudsak er i tråd med vedteken kommuneplan. b) Fylkesmannen registrere at planforslaget ikkje er lagt inn i Statens kartverk si høyringsbase, og ber om at kommunen innfører rutinar som sikrar at dette blir gjort når planforslag blir sendt på høyring, noko som forenklar og forbetrar saksbehandlinga. Statens kartverk utfører også ein teknisk kontroll av arealplanen og melder ev. rettingsbehov tilbake til kommunen. Kontrollen bør skje før høyring, slik at eventuelle feil og manglar er retta opp før plankartet blir vedteke. c) Fylkesmannen oppfattar at areala på nedsida av ny tilkomstveg er avsett til friområde (GF_2) og omfatta av reguleringsbestemmelsar i 4.2. For dei areala som ligg ned mot Laugen, dvs. fom SF_1 og sørover, ber dei om at det etablerast planføresegner som sikrar kantvegetasjon på ein meir forpliktande måte enn formuleringa «Vegetasjonen i desse områda skal takast vare på så langt som råd er». Det bør for eksempel setjast konkrete minstekrav til høgde på denne kantvegetasjonen og avgrense kva type avverking/hogst som det skal kunne opnast for. A. OK. B. Planforslaget vart beklagelegvis ikkje lagt inn i høyringsbasa samstundes med at planforslaget vart sendt på høyring. Dette er rutinar som kommunen plar å følgje opp. Ein er samd i at dette bør følgjast opp i alle plansaker. C. Område SF_1 gjeld fortau og område SVG_1 er annan veggrunn grøntareal. Det blir tilrådd å følgje opp merknaden med slik ny ordlyd i punkt 4.2 i planføresegnene: «Det skal leggjast vekt på å oppretthalde kantsoner langs vassdrag. For områda GF_2 som del av kantsone langs Laugen, skal vegetasjonen oppretthaldast. Enkel skjøtsel tillatast». Ein meiner det ikkje er hensiktsmessig å seie noko om høgde på vegetasjonen i dette området, da dette vil vere dynamisk. Ein føreset likevel at vegetasjonen ikkje kjem i konflikt med sikttilhøve for trafikken i området og elles med siktsona til kyrkja. 3. Oppland fylkeskommune, brev av 25.04.2017. a) Positivt at planområdet er redusert i storleik sidan oppstart, slik at områda langs Givra kan sjåast i samanheng med Vinstra 2046 og flaumsikringstiltak. b) Deira merknader er ivareteke. c) Viser til regionalt planforum 24.1.2017 der det vart påpeikt at det er viktig å tilgodesjå sykkeltrafikken mellom aust- og vestsida på Vinstra. Ei løysing med fortau langs Sundheimsvegen er bra for fotgjengarar, men er ikkje nokon ideell løysing når fotgjengarar og syklistar skal bruke same trasè. Dei ser imidlertid
at det bratte terrenget er krevjande og at ein separat gang- og sykkelveg vil medføre ein svært høg støttemur, som vil vere skjemmande som forgrunn for kyrkja. Fortauet er 2,75 m breitt og det er prat om ei strekning på ca. 120 m. Biltrafikken på strekninga er utelukkande for besøkande og noko av vareleveringa til og frå Sundheim. Dei aksepterer difor løysinga, men barnetalspersonen sine forslag til humpar og/eller andre fartsreduserande tiltak for bilar og syklistar bør vurderast av kommunen, jf. saksframlegget. d) Merknadar frå Opplandstrafikk: Registrerar at det ikkje er nokon kollektivhaldeplass inne i planen, men har elles ingen merknadar til planen. e) Merknadar frå Kulturarv: Nord-Fron kommune har i all hovudsak følgd opp merknadar frå kulturarv ved oppstart av planen. Dette er positivt. Så vidt Kulturarv kan sjå, er det berre forslag om å regulere steingjerde mellom noverande kyrkjegard og utviding mot vest til bevaring, som ikkje er følgd opp i planforslaget. Grunngjevinga for dette er reguleringsplanen legg opp til ei utviding av kyrkjegarden mot vest, og at steingjerdet kan kome i konflikt med ei utviding. Det argumenterast også med at steingjerde i dag ligg som ei avgrensing mot dyrka mark, og at ein mister noko av denne samanhengen når området utanfor steinmuren blir opparbeidd som grav- og urnelund. Utifrå ein kulturhistorisk ståstad vil det imidlertid vere positivt om muren fortsatt blir bevart slik at avgrensinga til den gamle kyrkjegarden framleis blir lesbar. Ein kan eventuelt vurdere om det vil vere nødvendig med nokre opningar i muren. Kommunen bør vurdere dette i det vidare arbeidet. A. OK. B. OK. C. Viser til vurdering i punkt 4B. D. OK. E. Ved 1. gongs behandlinga av saka er det i planforklaringa drøfta kvifor ein ikkje har regulert steingjerde til bevaring, jf. at ein mellom anna meiner at dette kan kome i konflikt med planforslaget når det gjeld utviding av kyrkjegarden. I tillegg meiner ein kvaliteten på steinmuren tilseier at verneverdien er avgrensa. Gjennom utarbeiding av kyrkjegardsplanen vil ein likevel tilrå at det blir vurdert om delar av steingjerde kan takast vare på (t.d. del av steinmur som ligg i samband med vegtilkomst til kyrkjegardsbygnad). Det blir tilrådd å følgje opp merknaden ved å ta inn slikt nytt punkt 2.3 h): «I samband med utarbeiding av kyrkjegardsplanen bør det i tillegg gjerast ei vurdering av om delar av steingjerde mellom noverande kyrkjegard og utviding mot vest kan bevarast, og ei vurdering av vegetasjon mot Kyrkjevegen, som elles ikkje må hindre sikt mot kyrkja». Det blir elles vist til vurderinga i pkt. 1.A.
4. Statens vegvesen, brev av 28.04.2017 a) Planen legg godt til rette for gåande med fortau langs Sundheimsvegen og gangfelt som gir tilknyting til Sundbrua. Brua og søre del av Sundheimsvegen er viktig skuleveg for elevar ved den vidaregåande skulen, og trafikkundersøkinga som vart gjort på Vinstra hausten 2016, viser at det er mange som går og syklar over brua morgon og ettermiddag. Det bør vurderast om brua er brei nok til at ein kan skilje gåande og syklande med eige sykkelfelt. b) Viktig at trafikktryggleiken er vektlagt ved kryssing av Sundheimsvegen. Positivt at det er planlagt opphøgd gangfelt. Bør vurderast tiltak for å dempe farten på syklistane inn mot gangfeltet. Det er regulert inn ei utviding av Sundheimsvegen rett før krysset med brua. Vegvesenet ser dette som uheldig, og tilrår at ein anten utvidar fortauet eller legg inn ein rabatt mellom vegen og regulert fortau i denne lomma. Enno betre ville det vore å snevre inn vegen frå to til eitt køyrefelt eit lite stykke på båe sider av gangfeltet, jf. vedlagte prinsippskisse. Dette vil bidra til å dempe farta på bilane inn mot gangfeltet og gjere kryssingspunktet kortare for gåande og syklistar. Dei ber om at dette blir vurdert. A. Det er berre ein kort strekning av Sundbrua som er omfatta av planforslaget. Ein vurderer at det i dag ikkje er naudsynt å skilje gåande og syklande på brua med eigne sykkelfelt, men at ein kan vurdere det i framtida ved auka trafikkmengde. B. Det er i planforslaget regulert opphøgd gangfelt i krysset med brua. Det er i dag etablert fartshumpar på kvar side av kryssingspunkt. Ein foreslår å følgje opp merknaden frå SVV ved å endre plankartet slik at regulert utviding av Sundheimsvegen rett sør for krysset ved brua blir teke ut, arealet blir i staden vist som fortau (SOSI-kode 2012) og annan veggrunn grøntareal (SOSIkode 2019). Ei innsnevring av vegen til eitt køyrefelt slik det blir foreslått av Statens vegvesen, er vurdert til ikkje å vere hensiktsmessig på denne strekninga. Det er m.a. lite møtande biltrafikk, medan det er ein relativt stor andel syklistar som nyttar vegen. Innsnevring av vegen meiner ein kan skape farlege situasjonar for syklistar. Løysinga gjev også utfordringar i høve til omgjevnadene og terrenget på staden (m.a. turveg som kjem ned frå Kyrkjevegen). Ein er i tvil om effekten av tiltaket, som i hovudsak vil vere å dempe fart på køyretøy inn mot kryssingspunkt for fotgjengarar og syklistar. Ein meiner at fartsreduksjon kan oppnås ved opphøgd gangfelt, eventuelt i kombinasjon med fartshumpar. I tillegg foreslår ein frå administrasjonen si side følgjande endring i plankartet: Planlagt opphøgd gangfelt på Sundheimsvegen blir flytta om lag 3,5 meter lenger sør i høve til opprinneleg planforslag, og det blir etablert fortau (SOSIkode 2012) på ei kort strekning på nedsida av Sundheimsvegen mot
Sundbrua). Jf. saksframlegg ved endeleg behandling av detaljreguleringsplan for ny tilkomstveg til Sundheim Bo- og Treningssenter m.m, der ein har grunngjeve administrasjonen sitt forslaget til justert løysing for kryssing av Sundheimsvegen. 5. Trafikksikkerheitsutvalet, TSU 003/17, 07.04.2017. Saka har vore med som ei orienteringssak i trafikksikkerheitsutvalet i kommunen: «Det ble informert om reguleringsplan for Sundheim TSU var positive til fremlagte forslag når det gjaldt trafikksikkerhet og løsninger for dette.» Teke til orientering.