Regulering av bustadområde i strandsona mellom Straumbrua på Norheim til småbåthamna på Tolo. Informasjon om planarbeidet, organisering, prosess og framdrift. FOLKEMØTE 1. juni, kl 2000
Kvam heradsstyre 13.06.06 Kvam herad ser på strekkja mellom Straumbrua og Tolo småbåthamn som eit av dei mest attraktive og framtidsretta område for bustadutvikling i Kvam Utvikling av sentrale bustadområde i Norheimsund HST sak nr. 057/06. 1. Tertialrapport nr 12: Det trengst tomter til husvære sentralt i Norheimsund. I arealplanen for Kvam herad fekk ein motsegn om å bruka deler av Norheim til bustadbygging. Strandområdet frå Straumen til og med Vegstasjonen kan vera interessant i denne samanheng. For å visualisera kva potensiale dette området har, løyver Kvam herad 150 000 kr slik at heradet i lag med næringslivet i Norheimsund kan setja arkitekt i sving med å synleggjera bustadbruk i dette området. Dekning vert å finna ved å redusera ubundne driftsfond. Kommuneplan for Kvam arealdelen vedteken i HST sak 058/06 2. Norheimsund: Området frå Straumen Tolo som vist med mogeleg framtidig utfylling i sjø må endeleg fastsetjast i ein reguleringsplan. 2
Kommuneplanaen sin arealdel - kart 3
Føresegner i Kommuneplanaen sin arealdel Nye byggeområde i Øystese og Norheimsund kan kun etablerast når dei sikrar ålmenta sin tilgang i strandsonen, jmf PBL 20-4, andre ledd bokstav I Norheimsund skal stadanalyse for Norheimsund aust. Stadanalyse leggjast til grunn ved regulering av området, jmf PBL 20-4, andre ledd bokstav b. Norheimsund, frå Straumen mot småbåthamna på Tolo kan det ikkje byggjast ut før flaumfaren er kartlagt i høve til retningsline 1-1999 frå NVE, jmf PBL 20-4, andre ledd bokstav b. I risiko og sårbarheitsanalysen (ROS-analysen) til kommuneplanen sin arealdel er det lagt fram fylgjande konklusjon på området; Det er ikkje planlagt ny arealdisponering som med eksisterande kunnskap og grunnlagsmateriale medfører auka fare for liv og helse i samband med kommuneplanen. I arbeidet med reguleringsplan for nytt park/idrettsanlegg i Vikøyevjo må omsynet til springflo vera ein premiss for planarbeidet. Det samme gjeld også for utnytting av sentrale sjøområde i Øystese og Norheimsund. 4
Arbeidsgruppe 24.10.06 FSK 24.10.06 - Ymse: Utvikling av sentrale bustadområde i Norheimsund - danning av arbeidsgruppe med politisk valde representantar. Formannskapet som det faste utval for plansaker, set ned ei arbeidsgruppe med politisk valde representantar som i samarbeid med administrasjonen får fullmakt å gjennomføra vedtaket i Kvam heradsstyre av 13.06.2006. Arbeidsgruppa skal konstituerte seg sjølv. Arbeidsgruppa får fullmakt til å knyta til seg representantar frå næringslivet. Arbeidsgruppa får også i oppgåva, som tenkt i vedtaket, å oppnå medfinansiering frå næringslivet. Arbeidet til arbeidsgruppa skal også innehalda løpande informasjon til Formannskapet. Medlemmene i arbeidsgruppa er Knut Aage Vikøy, Ap. og Oddvar Brakestad, H. ---- Arbeidsgruppa har knytt til seg følgjande personar: Jon. Nedkvitne, offentlege planar og Bjørn Vik, private planar, er representantar frå administrasjonen. Gjermund Storaas som representerer dei næringsdrivande. 5
Moglegheitsstudie 2007 Det vart i 2007 gjennomført 3 parallelle moglegheitsstudie av området Tre arkitektkontor vart engasjert: Sivilarkitektane Alv Martin Vangdal og Solveig Valland VY as arkitektur Arkitektgruppen Cubus AS 6
Moglegheitstudie - Sivilarkitektane Vangdal og Valland Klikk for å legge til tekst 7
Moglegheitstudie - VY as arkitektur Klikk for å legge til tekst 8
Moglegheitstudie Arkitektgruppen Cubus AS Klikk for å legge til tekst 9
Moglegheitstudie Arkitektgruppen Cubus Klikk for å legge til tekst 10
Oppstart av regulering 2008 Kvam heradsstyre, HST vedtak -082/08 den 10.06.2008 Med bakgrunn i studiane som er gjort ber heradsstyret om at formannskapet arbeider fram ein finansieringsplan for regulering av området mellom Straumbrua og Tolo småbåthamn og at nærings-, plan og bygningsutvalet arbeider vidare med regulering av området. 11
Oppstartsvedtak den 30.06.09 NPB - 079/09 Vedtak: Nærings-plan og bygningsutvalet i Kvam, som det faste utval for plansaker (planutvalet) godkjenner eit område å ca 216 daa (inklusiv areal i sjø) Viktige premissar for arbeidet skal væra: Medverknad Estetikk Universell utforming Omsynet til born og unge sine oppvekstvilkår Tilgjenge til strandsonen Offentlege rom og møteplassar Risiko og sårbarhetsanalyse (ROS) Juridiske spørsmål Det skal i planprosessen ikkje etablerast strandveg/fylling framfor eksisterande bustadhus og naust med mindre grunneigar ynskjer det. Planprosessen skal så langt rå der ta omsyn til grunneigarane sine ynskjer. Planforslaget må i fortsettelsen redusere mål om tal på nye bueiningar (ref. Cubus 400) Fylling i sjø kan etablerast der grunneigar er positiv til slik fylling Det skal takast særleg omsyn skipsmanøvreringsareal i indre kai område i Norheimsund sentrum. 12
Reguleringsområdet 13
Byggje og deleforbud 27.01.10 NPB-010/10 Vedtak: I medhald av plan- og bygningsloven (pbl.) 33 legg Kvam nærings-, plan, og bygningsutval, som det faste utval for plansaker, ned byggje- og deleforbod i området mellom Rv. 7 og strandlina på strekkja mellom Straumen bru og småbåthamna på Tolo i Norheimsund. Byggje- og deleforbodet er grunngjeve med at det no vert foreslått oppstart av reguleringsplan i området. Etter forbodet kan ein ikkje setja i verk tiltak som nemnt i pbl. 81, 86a, 86b og 93 før reguleringsspørsmålet er endeleg avgjort. Det vert heller ikkje gjeve til å setja i verk andre tiltak som vil kunne gjera det vanskelegare å planleggja eller gjennomføra planen. 14
Reguleringsoppgåva Kommunen sin intensjon er at området skal framstå som eit gjennomtenkt og heilskapleg bustadområde, Kvam herad skal difor ta ansvaret med å planleggja heile strekkja. Føremålet er at området skal kunna byggjast ut etappevis og at fleire delprosjekt kan gjennomførast, som ein del av det heilskaplege bustadområde, mellom Straumbrua og småbåthamna på Tolo. I prosessen skal det leggjast stor vekt på medverknad frå grunneigarane, men også interesserte utbyggjarar. Reguleringsplanen skal gjennomførast i samsvar med ny plan- og bygningslov. Reguleringsplanen vert definert som detaljregulering etter 12-3 i lova. 15
Ei oppgåve med stort sprang Planleggjarane skal ta omsyn til delvis motstridande rammer: Eit fyrtårn som gjev moglegheiter for tilflytting og vekst. Eit heilskaplege bustadområde, mellom Straumbrua og småbåthamna på Tolo. Moglegheitstudiane Kommuneplanen (Tilgjenge til strandsona) Ikkje fylle ut eller gå framom grunneigarar som ikkje vil det. ROS ta omsyn til støy, trafiksikkring, sediment, flo/ fjøre, straum og fare for oppstuing av vatn Kommuneplanen (Avgrensing av byggeområde) 16
Metode Geoplan AS vil arbeide frå tre vinklar: Fysiske føresetnader Bruke og supplere informasjon frå stadanalyse og grønstrukturanalyse. Bruke dokumentasjon av dei fysiske forhold i kart, grunnundersøkingar i sjø og ROS - analyse. Desse set rammer for planarbeidet. Medverknad Registrering av grunneigarar, partar, interessentar og overordna fagmynde sine innspel. Organisering av desse slik at ønskjer, krav, farar og visjonar for området vert oversiktlege og tydlege i planarbeidet. Innhald og struktur Bruke dei tre utarbeida moglegheitstudiane som grunnlag for vidare utarbeiding og val av overordna struktur, estetisk utforming av byggjeområda innan for ramma av overordna planvedtak. På grunnlag av dette vil me leggje fram skisser til løysingar. Me vil samarbeide med dei forskjellige gruppene i organisasjonen om å finna fram til eit mest mogleg tenleg framlegg til regulering. 17
ROS COWI AS skal lage risiko og sårbarhetsanalyse: Geoteknisk grunnundersøking GeoVest Haugland AS Miljøkvalitet sediment undersøkingar, flaum /erosjon Flaum, stormflo, springflo og erosjonsfare Trafikktryggleik Støyvurdering 18
Prosjektgruppa: Oddvar Brakestad, H Knut Åge Vikøy, Ap Organisasering av reguleringsarbeidet Jon Nedkvitne, sjef offentlege planar Bjørn Vik, sjef private planar Gjermund Storaas, Næringslaget Kari Øvsthus, Hordaland fylkeskommune Hilde Gunn Stenseth,Statens vegvesen Representant for utbyggjarar? Representant for grunneigarane? Desse må organisere seg før første prosjektgruppemøte i veke 32 19
Lovpålagd reguleringsprosess 1.gong handsaming i NPB utvalet, i mars 2011 2.gong handsaming i NPB utvalet, Eigengodkjenning i HST Innspel til planarbeidet FRIST 28.07.10 Merknad til planframlegg Klage på vedteken reguleringsplan. 20
Framdriftsplan 21
Planleggjarar Kvam herad: Oddvar Brakestad,Varaordførar Jon Nedkvitne, Sjef offentlege planar Geoplan AS: Solveig Valland, Sivilarkitekt MNAL Alv Martin Vangdal, Sivilarkitekt MNAL Ole Petter Skjæggestad, Landmålar Dag Atle Skår, Bachelor i geomatikk Cowi AS: Vidar Østerbø, Geograf Oddmund Soldal, Hydrolog Hogne Høysæter, Ingeniør, veg og VA Lars Ødemark, Sivilingeniør akustikk Øyvind Weholt, Sivilingeniør kjemi GeoVest Haugland AS: Arne Å. Skotheim, Dr.ingeniør 22
Innspel til planprosessen KONTORDAGAR / MØTE: Det er høve til å møte Solveig Valland på kontoret, for innspel og dialog etter avtale i juni. FRIST FOR INNSPEL ER SETT TIL 28.07.10 Adresse: Geoplan AS, Pb 95, 5601 Norheimsund Direkte til Solveig Valland i Geoplan AS: 95 12 35 08, solveig.valland@geoplan.no Direkte til Jon Nedkvitne i Kvam herad: 56553021 jon.nedkvitne@kvam.kommune.no 23