2012 2013 SOLO SOLO - ein griot fortel si historie Konsert for 1. - 7. årstrinn
: SOLO SOLO PROGRAMMET Faren til Solo Cissokho døydde våren 2006. Da skjedde det som vanlegvis skjer når ein griot døyr sonen tek over rolla som griot. Solo Cissokho er no ansvarleg for ein av dei viktigaste funksjonane i landsbyen Kassemas i Senegal, nemleg funksjonen som historieforteljar, rådgivar, tradisjonsberar og inspirasjonskjelde. Ein griot har dei same funksjonane som skalden hadde hos forfedrane våre. For Solo inneber rolla som griot at han må reise heim til landsbyen i Senegal i lengre periodar kvart år for mellom anna å velsigne alle nyfødde barn og alle inngåtte ekteskap. Han har også til oppgåve å fortelje familiane om bakgrunnen for folket og familien deira. I arbeidet bruker Solo mellom anna strengeinstrumentet kora. For elevane blir dette eit musikalsk møte med ein av verdas beste utøvarar på kora og eit unikt møte med mennesket bak musikken. Koraen har 21 strengar, og Solo har 5 ulike stemmeleie på koraen sin: silaba, tomora, sauta, hardino og benjeko. Dei to vanlegaste er silaba og tomora. Silaba blir mest brukt til verdsmusikk, medan tomora er det Solo bruker til samspel med folkemusikarar. MUSIKAREN Solo Cissokho kom til Noreg i 1995. Den første CD-en hans albumet Frå Senegal til Setesdal, som han spela inn saman med den norske kvedaren Kirsten Bråten Berg var ein kombinasjon av norsk og afrikansk musikk. Saman med svenske Ellika Frisell fekk han BBC Awards for World Music 2003, og i år blei han nominert til Nordisk råds musikkpris. Cissokho er svært etterspurd i utlandet, og når han turnerer med si eiga gruppe Cissokho System, gir den energiske og utovervende stilen publikum musikkopplevingar som bør bidra til at denne musikken set solide spor her heime også. Griotane har i fl eire hundre år sunge sitt folks historie. I dag er griotane leverandørar av melodiar til all popmusikk i det vestlege Afrika. Cissokho System tek utgangspunkt i denne tradisjonen, og dei groovy rytmane og melodiske songlinjene er varemerket deira. Solo har i over ti år hatt eit entusiastisk publikum blant skulebarna her til lands etter å ha gjort meir enn 1000 skulekonsertar, ikkje så verst når ein tenkjer på at han like gjerne kunne stått på ein stor scene i Paris eller London som i ein gymsal på ein norsk skule. Kora verken var eller er eit kjent instrument her i landet, slik det er for eksempel i Paris. Så eg tenkte eg skulle vere her ei stund og gjere koraen kjend, seier Cissokho. I utlandet har han spela med verdsstjerner som Youssou N Dour og nyleg avdøde Ali Farka Toure. 2 2012-2013
: SOLO SOLO PRAKTISK KONSERTFØREBUING Musikaren kjem til skulen ca. 30 minutt før konsertstart, og da må konsertlokalet vere klart til rigging Musikaren bruker vanleg plassering, midt på den eine langveggen i konsertlokalet med vanleg oppsett av benker og stolar Det er nødvendig med straumuttak i nærleiken av spelestaden Ver vennleg og sjå til at det er normal romtemperatur i konsertlokalet Musikaren ønskjer garderobe i nærleiken av konsertlokalet Den driftsansvarlege og involverte lærarar må få ein kopi av denne konsertinformasjonen Konserten varer i ca. 40 minutt Kulturkontakten må vere tilgjengeleg under besøket. Og hugs, det er alltid hyggjeleg å bli møtt med ein kopp kaffi når ein kjem til ein ny stad Når publikum er på plass, er det hyggjeleg om ein av elevane ønskjer velkommen til konserten og seier kva musikaren heiter KORLEIS SKULANE KAN STYRKJE SI EIGA KONSERTOPPLEVING Vi ber om at lærarane set seg saman med elevane og opplever konserten på lik linje med dei Bruk konsertinformasjonen til å informere elevar, skuleleiinga og lærarar om innhaldet, og gi dei praktiske opplysningar Rikskonsertane har god erfaring frå skular som bruker elevvertar og elevarrangørar. Sjå www.rikskonsertene.no/eleversomarrangorer for meir informasjon. Gjer elevane kjende med programmet og Solo Cissokho som utøvar på førehand. Dei møta som er førebudde, er ofte dei beste Bruk også det vedlagde «Bruk konserten»-materiellet. Eigarskapen til og effekten av konserten aukar der besøket er forankra i undervisninga og læringsmåla i skulen Sjå også boka «Bruk konserten» for fl eire idear til undervisningsopplegg: www.rikskonsertene.no/brukkonserten. For meir informasjon om griotar og tradisjonane, sjå: http://en.wikipedia.org/wiki/griot http://www.geocities.com/jbenhill/griots.html http://www.rps.psu.edu/0205/keepers.html http://home.planet.nl Velkommen til konsert! Idékonsept/opplegg: Solo Cissokho og Hallgeir Frydenlund Produksjon: Hellgeir Frydenlund, Rikskonsertane 2006 3 2012-2013
: SOLO SOLO SPØRSMÅL OM TURNEPLANEN Turnékonsulent Solfrid Bygstad Sogn og Fjordane fylkeskommune - Kulturavdelinga Tlf. 415 30 610 E-post: solfrid.bygstad@sfj.no SPØRSMÅL OM PROGRAMMET Produsent Hallgeir Frydenlund Rikskonsertene Tlf. 22 02 59 13 E-post: hf@rikskonsertene.no FAKTA Skulekonsertordninga til Rikskonsertane er ein del av Den kulturelle skolesekken og blir gjennomført som eit samarbeidsprosjekt mellom Rikskonsertane og fylkeskommunane. Skulekonsertane utgjer det hovudsaklege musikktilbodet innanfor Den kulturelle skolesekken. Rikskonsertane har det heilskaplege ansvaret for skulekonsertordninga og legg dei faglege rammene for verksemda. Skulekonsertane er statleg fi nansierte gjennom budsjettet til Kultur- og kyrkjedepartementet. Fylkeskommunane har ansvar for turnéplanlegging og delar av konsertproduksjonen i sine respektive fylke. Kommunane abonnerer på skulekonsertane til Rikskonsertane, ei ordning som i dag omfattar 99,7 % av alle grunnskolane i landet. 600 000 barn får to årlege besøk av profesjonelle musikarar på skulane sine. Det er skulane sjølve som står som arrangør av skulekonsertane. Kvart år gjennomfører rundt 800 musikarar 10 000 skulekonsertar i Noreg. Du fi nn meir informasjon på www.rikskonsertene.no 4 2012-2013
BRUK KONSERTEN! TEIKNESIRKEL FAG EMNE MÅLGRUPPE TIDSRAMME RESSURSAR Kunst og handverk, musikk og norsk Teikning 1. - 7. årstrinn ca. 45 minutt Penn, papir, fargestiftar/blyantar MÅL LK06 :Eleven skal kunne uttrykkje eigne tekstopplevingar gjennom ord, teikningar, bilete, musikk og rørsler (norsk, 2. årstrinn). Eleven skal kunne uttrykkje eigne opplevingar gjennom teikning (kunst og handverk, 2. årstrinn). Eleven skal kunne samtale om kva som er særeige for eit musikkstykke, og kva for assosiasjonar det kan gi (musikk, 2. årstrinn). Eleven skal kunne vurdere tekstar, TV-program, reklame, musikk, teater og fi lm og grunngi eigne medievanar (norsk, 4. årstrinn). Elevane skal kunne gjere greie for eigne musikkopplevingar, ulik bruk av musikk og ulike funksjonar musikk kan ha (musikk, 4. årstrinn). Eleven skal kunne diskutere særtrekk ved kunstmusikk, norsk og samisk folkemusikk, folkemusikk frå andre land og rytmisk musikk (musikk, 7. årstrinn). FRAMGANGSMÅTE Snakk med elevane om konserten Solo Solo. Spørsmål kan for eksempel vere: Kva instrument spela Solo på? Kvar kjem han frå? Kjenner elevane til landet han kjem frå? Kva slags musikk spela han? Hadde de høyrt noko av musikken før? Kva for historier fortalde Solo? Handla konserten om noko spesielt? Kva slags stemning var det i konserten? Kva er rytme for dykk? Er det nokon som spelar rytmeinstrument i klassen, i så fall kva slags? Elevane går så saman to og to, med eit blankt ark kvar. Elevane begynner å teikne på kvart sitt papir, med utgangspunkt i konserten dei har vore på. De kan kanskje ta utgangspunkt i at i Afrika fi nst det ikkje eit eige ord for musikk. Oppfordre elevane til å assosiere, fabulere og vere abstrakte når dei teiknar. Etter 30 sekund må dei byte ark med eleven dei sit saman med, og teikne vidare på teikninga hans/hennar. Etter 30 sekund byter dei ark igjen. Dette held dei på med i tre minutt. Øvinga kan også gjerast ved å sende arket rundt i heile klassen. Snakk så med elevane om teikningane. Kva begynte elevane med å teikne? Kva skjedde med teikninga på vandring mellom to elevar, eller på reisa rundt i klasserommet? Korleis blir vi påverka av andres val? Kva var utgangspunktet for teikninga, og kva blei resultatet? Opplegget kan utvidast med at alle elevane i klassen teiknar på same teikning, anten på eit stort ark eller på eit lerret. Saman lagar dei da eitt bilete, som seinare kan hengjast opp i klasserommet. 5
KVIFOR Elevane blir gjennom teikninga bevisste på, og inspirerte av, det skapande arbeidet til medelevane Elevane skaper sine eigne tolkingar av konsertopplevinga gjennom bilete Elevane lærer seg å ta omsyn og til å samhandle om ein aktivitet TIPS FOR VIDARE- FØRING Set gjerne saman alle teikningane til ei bok, eller send dei til Rikskonsertane som ei tilbakemelding på konserten. Teikningane kan også fungere som inspirasjon til vidare skapande arbeid, for eksempel som grunnlag for Bruk konserten-opplegget Spontanskriving eller Fra ord til uttrykk, sjå boka Bruk konserten! samspill, opplevelse og læring. www.rikskonsertene.no/brukkonserten 6