HORDALAND FYLKESKOMMUNE Samferdselsavdelinga Arkivsak 201210399-16 Arkivnr. 810 Saksh. Midtgård, Bjørn Inge Saksgang Møtedato Fylkesutvalet 20.06.2013 STATUS FOR ETABLERING AV REGIONALT BOMPENGESELSKAP I/FOR HORDALAND SAMANDRAG Rapporten «Anbefaling om regionale bompengeselskaper. Rapport 10. desember 2012» frå Vegdirektoratet har vore på høyring i byrjinga av 2013. Vegdirektoratet (VD) går inn for samanslåing av bompengeselskap til regionale bompengeselskap. Fylkesutvalet handsama rapporten 31.1.2013, sak 26/13, og gav uttale. Frå uttalen framgår det at fylkesutvalet legg til grunn at det vert opna opp for at også «minimumsløysinga» (eit «regionalt» bompengeselskap pr. fylke) skal kunna etablerast. Nasjonale føringar frå regjering og Vegdirektoratet vil gje rammene for etableringa av dei regionale bompengeselskapa. Det må eventuelt avklarast på politisk nivå om det er aktuelt å laga eit bompengeselskap for heile vegregionen eller kun fylket som dekningsområde, om det i dei nasjonale føringane vert opna opp for det. Det må vidare avklarast nærare kva selskap som skal fusjonerast inn i eit regionalt bompengeselskap. Fylkesrådmannen ser det som lite aktuelt å innlemma bompengeselskap med kort gjenståande levetid (t.d. opp til 2 år i restlevetid) inn i det nye selskapet. Når dei nasjonale føringane for etablering av regionale bompengeselskap ligg føre, vil fylkesrådmannen koma tilbake med ei sak om etablering av eit slikt selskap. Fylkesrådmannen ber fylkesutvalet om å ta saka til orientering. FORSLAG TIL VEDTAK Fylkesutvalet tek saka til orientering. Rune Haugsdal fylkesrådmann Thorbjørn Aarethun konst. Samferdselsjef
FYLKESRÅDMANNEN, 12.6.2013: Bakgrunn Rapporten «Anbefaling om regionale bompengeselskaper. Rapport 10. desember 2012» 1 frå Vegdirektoratet har vore på høyring i byrjinga av 2013. Vegdirektoratet (VD) går inn for samanslåing av bompengeselskap til regionale bompengeselskap. Fylkesutvalet handsama rapporten 31.1.2013, sak 26/13, og gav uttale. Frå uttalen framgår det at fylkesutvalet 2 legg til grunn at det vert opna opp for at også «minimumsløysinga» (eit «regionalt» bompengeselskap pr. fylke) skal kunna etablerast. I St.meld nr. 26 NTP 2014-2023, står det at «En utvikling mot færre og større selskap vil være viktig for å effektivisere innkrevingen gjennom stordriftsfordeler og enda mer profesjonell drift av selskapene, for eksempel når det gjelder opplåning og kapitalforvaltning. Statens vegvesen vil legge opp til en tett dialog med fylkeskommunene og andre berørte med sikte på at det kan opprettes regionale bompengeselskap så snart som mulig.» Fleirtalet i transportkomiteen i Stortinget stør forslaget i meldinga om færre bompengeselskap, for å effektivisera bompengedrifta. 3 Fylkesordføraren bad i brev til fylkesrådmannen 2.5.2013, i forlenginga av eit spørsmål frå Nils Olav Nøss (Ap) i fylkesutvalet 20.2.2013 om økonomiske utfordringrar ved eit regionalt bompengeselskap, om når ein kan få sak om eitt bompengeselskap for heile fylket. Fylkesrådmannen svarte i brev til fylkesordføraren 3.5.2013 at han ser det som naturleg at sak om eventuell skiping av eit regionalt bompengeselskap vert lagt fram snarast råd etter at departementet sine retningsliner ligg føre. Fylkesordføraren skriv 14.5.2013 i notat til fylkesrådmannen «Fylkesordføraren ser det som naturleg at endeleg sak om eventuell skiping av regionalt bompengeselskap først vert lagt fram etter at nasjonale retningsliner ligg føre. Imidlertid er det naturleg at det vert arbeidd parallelt med ei skisse for korleis dette kan handsamast i Hordaland, og at ei slik skisse vert lagt fram til orientering for politiske organ, uavhengig av framdrifta i prosessane hjå staten, i løpet av 2013», Fylkesrådmannen orienterer i denne saka om status for arbeidet med å etablera regionale bompengeselskap. Skissert prosedyre for etablering av regionale bompengeselskap I Vegdirektoratet sin rapport frå 10.12.2012 er det skissert følgjande steg/framgangsmåte for å etablera regionale bompengeselskap: 1. Klarsignal frå Samferdselsdepartementet(SD) /politisk leiing om å detaljera og å gjennomføra reforma (ansvar SD). 2. Informera fylkeskommunar med brev og ein kopi av denne rapporten og eit dagsmøte (ansvar SD/VD). 3. Informera långjevarar, bompengeselskap og driftsselskap om at det vert planlagt ei endring, og at dei vil få nærare informasjon (ansvar fylkeskommunar). 4. Etablera eit samhandlingsforum for å detaljera forslaget og fortløpande informasjonsutveksling. Herunder verkemiddel for maksimal oppslutnad (ansvar SD). 5. Utarbeida dokument for å gjennomføra overgangen til regionale selskap:revisjon av bompengeavtalen, med hovedavtale mellom VD og regionale selskap og prosjektspesifike avtalar. Herunder krav til rekneskap og rapportering (ansvar VD). Laga eksempel på fusjonsplan og andre dokument fylkeskommunane treng for å gjennomføra overgangen. Laga 1 Sjå: http://www.vegvesen.no/_attachment/407237/binary/701784?fast_title=hovedrapport.pdf 2 Sjå: http://polsak.ivest.no/rightframes.asp?bottomurl=utv_caseinfo.asp%3fcaseno%3d25634%26utvalg%3dfuv%26dayno%3d49%26year%3 D2%2F20%2F2013%26db_source%3D1 3 Transportkomiteen si innstilling om NTP: http://www.stortinget.no/no/saker-ogpublikasjoner/publikasjoner/innstillinger/stortinget/2012-2013/inns-201213-450/ 2
ei detaljert beskriving av endringar i rekneskap, sentralsystem og internettsider som må gjennomførast (ansvar VD). 6. Oppretting av regionale selskap (ansvar fylkeskommunane): - Oppretta nye aksjeselskap. - Evt. kjøpa ut eigarar av dagens bompengeselskap. 7. Detaljering av overgangsfase (ansvar VD/SD/fylkeskommunane): - Flytting av kundeforhold - Flytting av lån - Overtaking av driftskontraktar - Tekniske endringar (Sentralsystemet mm.) - Endringar på www.autopass.no - Informasjon/kommunikasjon til kundar, media m.m. - Andre relevante forhold. - Implementeringsstrategi 8. Fullføra implementeringa, tett oppfølging i overgangsfasen (ansvar VD/fylkeskommunale/regionale selskap). 9. Oppretta ein kanal for rask informasjon til Vegdirektoratet om det oppstår uføresette problem (ansvar VD). Status i prosessen for etablering av regionale bompengeselskap Per i dag er ikkje tiltak 2 og fasane deretter iverksette. Det er noko uklart kor mykje av denne reforma som vil skje i regi av/etter malar frå Vegdirektoratet - og kor mykje HFK må/vil kunna ta ansvar for. Utover den reint «bompengefaglege» sida av reforma, er etableringa av eit regionalt bompengeselskap ei ordinær samanslåing (fusjon), og må føregå etter bestemmingane i kapittel 13 og 14 i aksjeloven, når dei nasjonale føringane ligg føre. Det kan bli aktuelt å nytta konsulenthjelp, særleg i fase 6 og 7. Fylkespolitisk uttale Fylkesutvalet gav 20.2.2013, sak 49/13, slik uttale til rapporten om regionale bompengeselskap: «1. Fylkesutvalet tek rapporten til orientering, men ser dessverre ikkje at rapporten gjev eit fullgodt grunnlag for å kunne ta stilling til om effektiviseringsvinsten ved den skisserte regionale selskapsstrukturen er til stades. Hordaland fylkeskommune har lenge hatt merksemd på ei mogleg omorganisering av bompengebransjen, og stiller seg positiv til intensjonen om effektivisering av bompengeinnkrevjinga. 2. Som hovudaksjonær i svært mange bompengeselskap, ser vi at den største effektiviseringsvinsten ligg i den heilskaplege strukturen og organiseringa av bompengebransjen totalt sett. Det er vesentleg at dette vert lagt til grunn når ei avgjerd om omorganisering og effektivisering av selskapa skal takast, då effektiviseringspotensialet ikkje kan hentast ut utan ei betring av rammevilkåra for bransjen. 3. Det er viktig at ei omorganisering bidrar til overføring av kompetanse mellom dagens selskap, gjev auka effektivisering og god utnytting av stordriftsfordelar. Det må leggjast til rette for at selskapa sjølve kan vurdera kva av kjerneoppgåver det er føremålstenleg å utføra sjølve og kva som skal konkurranseutsetjast. 4. Fylkesutvalet legg til grunn at det vert opna opp for at også «minimumsløysinga» (eit bompengeselskap pr. fylke) skal kunne etablerast. Det må vera fylkeskommunen som hovudeigar som skal ha den reelle styringa med selskapet/selskapa. 5. Fylkesutvalet meiner at det må leggjast til rette for at selskapa skal kunne oppnå effektiv drift, framfor at Statens vegvesen skal drive detaljstyring. Det skulle ikkje vere behov for å etablera noka form for godkjenningsordning for driftsbudsjetta i selskapa. Kontroll av effektiv og rett drift må ivaretakast på lik linje med anna verksemd som fylkeskommunen har ansvaret for. 3
Naudsynte avklaringar i det vidare arbeidet Geografisk dekningsområde Skal dekningsområdet til det regionale bompengeselskapet vera fylkesdekkande eller vegregiondekkande dvs. skal bompengeselskapet også omfatta Rogaland og Sogn og Fjordane? Rogaland fylkeskommune har ikkje teke stilling til om ein ynskjer eit regionalt eller fylkesdekkande bompengeselskap. Fylkesrådmannen i Rogaland skriv i saksframlegget om høyringsuttale til rapporten frå Vegdirektoratet: «Fylkesrådmannen mener at dette er forhold som vanskelig kan diskuteres og avgjøres på det nåværende tidspunkt. Dette er forhold som må utredes og få en avklaring, dersom Samferdselsdepartementet støtter forslagene i rapporten og beslutter at det skal opprettes fylkeskommunale/-regionale bompengeselskaper.» 4 Fylkesutvalet i Sogn og Fjordane har gått inn for at Sogn og Fjordane blir med i eitt regionalt selskap saman med Hordaland og Rogaland, etter Vegdirektoratet si tilrådde løysing. 5 Fylkesutvalet i Hordaland ønskjer at det også skal opnast opp for å etablera eit regionalt bompengeselskap per fylke. Det ser ut til at regjeringa vil opna opp for at også «minimumsløysinga» kan etablerast. I St. meld. nr. 26 NTP 2014-2023, står det at «Potensialet for å ta ut disse gevinstene synes å øke vesentlig dersom flere fylker slår seg sammen og danner et mindre antall regionale selskap totalt sett.» Eigarskap I rapporten frå Vegdirektoratet om regionale bompengeselskap vert det tilrådd at eigarane primært skal vera fylkeskommunar, men også kommunar. I eit regiondekkande bompengeselskap kan fylkeskommunane Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane t.d. eiga ein tredel kvar, eller fylkeskommunane kan t.d. eiga andelar i høve til kor mange eller store bompengeprosjekta er i kvart fylke. Dei fleste bompengeselskapa i Hordaland har fylkeskommunal aksjemajoritet og er elles eigde av kommunen/ane som er omfatta av det aktuelle bompengeprosjektet. Kommunane har hatt ei aktiv rolle i pådrivarfasen i bompengeprosjekta. Dei nye regionale bompengeselskapa skal «ikkje under noen omstendighet brukes som en pådriverorganisasjon for nye prosjekter». Då er det kanskje ikkje så interessant for kommunane å vera medeigarar i dei regionale bompengeselskapa? Om kommunane likevel skal vera med, må ein ta stilling til kva kommunar som skal vera med og kor stor eigarandel kvar kommune skal ha. Lokalisering Det må avklarast kor eit regionalt bompengeselskap skal lokaliserast, noko som igjen vil avhenga av om bompengeselskapet skal bli fylkesdekkande eller regiondekkande (Rogaland, Hordaland og Sogn og fjordane). I samband med sak om opprettinga av eit «administrasjonsselskap» for bompengeselskapa, FUV sak 298/09 frå 8.12.20009, argumenterte fylkesrådmannen for å leggja faglege omsyn til grunn for valet av lokalisering: «Fylkesrådmannen ser at det kan argumenterast for ulike lokaliseringsstadar. Fylkesrådmannen meiner likevel at det er viktig at administrasjonsselskapet vert lokalisert i nærleiken av fylkesadministrasjonen. Dessutan er fleire av dei store eksisterande og planlagde bompengeprosjekta plasserte i Bergensområdet. Fylkesrådmannen rår difor til at administrasjonsselskapet vert lokalisert til Bergensområdet.» Den same argumentasjonen kan nyttast om lokaliseringa av eit regionalt bompengeselskap. Faglege omsyn handlar om nærleik til faglege kompetansemiljø: 4 Sjå: http://152.93.253.15/application/getdocument?filid=537306.0 5 Sjå: http://www.sfj.no/sff/k2pub.nsf/viewattachments/c1256b3b0048da1dc1257b040030ef69?opendocument &frame=yes 4
Vegstyresmaktene Fylkeskommunen/ane og Statens vegvesen. Låneinstitusjonar/finansielle miljø, advokatselskap og konsulentselskap. Fysisk nærleik til aktuelle fagmiljø kan vera ein viktig føresetnad for effektiv informasjonsutveksling og kompetanseutveksling. Alternativt kan ein meir eller mindre leggja distriktspolitiske lokaliseringsomsyn til grunn. Styresamansetnad Frå KS sine tilrådingar om eigarskap: «Det er eiers ansvar å sørge for at styret sammensettes og gis de nødvendige styringsrammene for å utøve sitt virke som et profesjonelt organ. Et profesjonelt styre som kollegium består av personer med egnede personlige egenskaper som utfyller hverandre kompetansemessig.» (tilråding nr. 9) Gjeldande praksis i Hordaland fylkeskommune er at val av styremedlemer vert gjort av fylkestinget etter førebuing og innstilling frå valnemnda i fylkestinget. Til grunn for valnemnda sitt arbeid ligg ikkje formelt definerte kompetansekriteria, så KS si tilråding vert ikkje eksplisitt følgt. I fylkestingsak 17/13, «Selskapskontroll eigarskapsforvaltning i Hordaland fylkeskommune» frå 12.3.2013, vedtok fylkestinget følgjande (punkt 5 i vedtaket): Fylkestinget ber fylkesrådmannen syte for sakshandsaming som munnar ut i: «Å utarbeide rutinar, saman med valnemnda, for val av styrerepresentantar, der det mellom anna kan gå fram kven som kan veljast og kva kvalifikasjonar som skal vektleggast (jf. punkt 4 i fylkestingvedtak 02/08).» Styret i det regionale bompengeselskapet skal styra «effektiv innkreving, lån og kapitalforvaltning for bompengeprosjektet innenfor de forutsetninger Stortinget har vedtatt» (frå rapporten frå VD) Forhold gjeldande rammevilkåra til bompengeselskapet, slik som plassering av bomstasjonar, takstar og rabattar er utanfor mandatet til styret. Selskapsomfang I VD- rapporten legg ein opp til som ei «minimumsløysing» at eksisterande bompengeselskap kan halda fram som lokale selskap ut levetida si. Det er ikkje avklara enno om regjeringa vil opna opp for ei slik løysing. Hordaland fylkeskommune har gått inn for å opna opp for «minimusløysinga», men det er ikkje teke stilling til enno om dei eksisterande bompengeselskapa skal halda fram som eigne selskap ut levetida si. I Sogn og Fjordane er det berre eit bompengeselskap- Fatlatunnelen AS. Fylkesutvalet i Sogn og Fjordane ser det som lite aktuelt å innlemma dette eine prosjektet i eit framtidig nytt fylkesdekkande bompengeselskap. Fylkesutvalet i Rogaland har gjort eit anna vedtak: «For å oppnå størst mulig gevinst ved en omstrukturering bør allerede eksisterende bompengeselskaper innlemmes i et nytt selskap, men dette må baseres på frivillighet.» Fylkesrådmannen sine merknader Nasjonale føringar frå regjering og Vegdirektoratet vil gje rammene for etableringa av dei regionale bompengeselskapa. Det må eventuelt avklarast på politisk nivå om det er aktuelt å laga eit bompengeselskap for heile vegregionen eller kun fylket som dekningsområde, om det i dei nasjonale føringane vert opna opp for det. Det må vidare avklarast nærare kva selskap som skal fusjonerast inn i eit regionalt bompengeselskap. Fylkesrådmannen ser det som lite aktuelt å innlemma bompengeselskap med kort gjenståande levetid (t.d. opp til 2 år i restlevetid) inn i det nye selskapet. Fylkesrådmannen meiner at det er viktig at styremedlemmene tilsaman har gode kunnskapar mellom anna innan administrasjon, rekneskap, finansiering/kapitalforvaltning og juss. Det bør drøftast nærare 5
om det bør veljast profesjonelt styre, med styremedlemer som vert valde ut frå kompetansen sin og ikkje ut frå partitilknyting Når dei nasjonale føringane for etablering av regionale bompengeselskap ligg føre, vil fylkesrådmannen koma tilbake med ei sak om etablering av eit slikt selskap. Fylkesrådmannen ber fylkesutvalet om å ta saka til orientering. 6