Utval Møtedato Utval Saksnr Formannskapet Kommunestyret

Like dokumenter
Handsaming i Kommunestyret :

Saksprotokoll i Kommunestyret Vedtak Med utgangspunkt i forstudie i regi av Vest-Telemarkrådet ynskjer Tokke kommune å

Prosjektplan for kommunereformen i Vest-Telemark

VINJE KOMMUNE MØTEBOK

Dersom De ikkje kan møte, ber ein om at De melder frå til sentralbordet tlf snarast råd.

Dersom De ikkje kan møte, ber ein om at De melder frå til sentralbordet tlf eller møtesekretær tlf snarast råd.

Utval Utvalssak Møtedato Kommunestyret 22/ Fakta i saka: I kommunestyresak 1/15 gjorde Nissedal kommune slikt vedtak:

Saksnr. Dok-ID Arkivkode Sakshandsamar Dato: 14/729 15/ RIF Vedlagt følgjer kommunestyret si handsaming og vedtak i saka.

Prosjektplan for kommunereforma i Vest-Telemark

Organisering. Prosjekteigar: Kommunane i Vest-Telemark. Styringsgruppe: Rådmennene i Vest- Telemark, ein hovudtillitsvald og eitt hovedvernombod

Prosjektplan Utgreiing av «kystkommunealternativet» Bremanger kommune Flora kommune Vågsøy kommune. Utkast for drøfting

Møteinnkalling for Partsamansett Utval

Prosjektplan. Utgreiing av «kystkommunealternativet» Bremanger kommune Flora kommune Vågsøy kommune

GLOPPEN KOMMUNE SAKSPAPIR

Nord-Fron kommune. Politisk sak. Kommunereform - Nord-Fron - vidare prosess

Sakspapir. Saknr Utval Type Dato 038/2015 Formannskapet PS /2015 Kommunestyret PS

Kommunereform samanslåing av kommunane Vågsøy, Selje og Vanylven. Kommunestyra i Vågsøy, Selje og Vanylven. Kommunestyra i dei deltakande kommunar

SAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: Odd Arve Rakstad Arkiv: 026 Arkivsaksnr.: 12/ Kommunesamanslåing Leikanger og Sogndal. Spørsmål om utgreiing

Selje kommune. Innkalling. Sakliste. Stein Robert Osdal ordfører. Utval: Formannskapet Møtestad: Furebuda Leikanger Dato: Tid: Kl.

Kommunestyra i Eid, Selje, Vågsøy og Vanylven. Kommunestyra i dei deltakande kommunar

Hjelmeland kommune. Dykkar ref.. Vår ref. Arkivkode: Dato: 14/468-7/14/

Møteinnkalling for Partsamansett Utval

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Rebekka Bjørndal Arkivsak: 2010/453 Løpenr.: 2141/2015. Utvalsaksnr. Utval Møtedato Ulstein kommunestyre

Saksnr. Utval Møtedato 007/15 Formannskapet /15 Kommunestyret

VINJE KOMMUNE MØTEBOK

Tilleggsinnkalling av Kommunestyret

Sakspapir. Saknr Utval Type Dato 038/2015 Formannskapet PS

Saksframlegg. Saksnr Utvalg Type Dato 009/15 Bystyret PS /15 Bystyret PS

KOMMUNEREFORM- LOKAL PROSESS

Kommunestyra i dei deltakande kommunar

Seljord kommune. Møteprotokoll. Kommunestyret. Utval: Møtestad: Møterom 2.etg., Kommunehuset Møtedato: Møtetid: 18:00 20:00

Sakspapir. Saksnr Utval Type Dato 036/14 Formannskapet PS /14 Kommunestyret PS

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Gro Anita Bårdseth Arkivsak: 2014/402 Løpenr.: 13818/2014

Møteprotokoll for Administrasjonsutval

Oppsummering av saka: Formannskapet er av kommunestyret gitt fullmakt til å utforme endeleg svar til Fylkesmannen i Oppland.

Selje kommune. Møtebok. Utval: Formannskapet Møtestad: Furebuda Leikanger Dato: Tid: Kl. 13:00-14:00

Radøy kommune. Saksframlegg. Saknr Utval Type Dato 086/2014 Formannskapet i Radøy PS /2014 Kommunestyret i Radøy PS

Ullensvang herad Sakspapir

15/584-2/K1-002, K3-&23//HAR Ajourført

ØRSTA KOMMUNE politisk sekretariat

15/584-2/K1-002, K3-&23//HAR Ajourført

EID KOMMUNE Møtebok. Arkiv: 024 Objekt:

HARAM KOMMUNE Sakspapir

Saksgang Møtedato Saknr 1 Utval for formannskap/plan og økonomi /16 2 Kommunestyret /16

S aksframlegg. Sakshandsamar: Jostein Aanestad Arkiv: 030 &23 Arkivsaksnr.: 16 /

Sakspapir. Saksnr Utvalg Type Dato 68/2015 Formannskapet PS /2015 Kommunestyret PS

SAKSPAPIR. Saksnr Utval Type Dato 71/2015 Formannskap/plan- og økonomiutvalet PS /2015 Kommunestyret PS

Fylkesmannen har løyvd kr av skjønsmidlar til utgreiinga. Felles utgreiing skal vera eit supplement til kommunane sine prosessar.

GLOPPEN KOMMUNE SAKSPAPIR

SKAL DU SEIE DI MEINING OM KOMMUNE- REFORMA!

Kommunereforma - prosessvedtak med tidsplan for Vestnes kommune. Utval Møtedato Utvalssak Formannskapet Kommunestyret

SKAL DU SEIE DI MEINING OM KOMMUNE- REFORMA!

Fylgjande medlemmer møtte ikkje: Namn Funksjon Representerer Saamund Gjersund Medlem BL

Utv.saksnr.: Utval: Møtedato: 3/16 Formannskapet /16 Kommunestyret Ungdomsrådet - referatsak

MØTEINNKALLING. Folkevalde, både medlemer og varamedlemer, plikter å møte jf. kommunelova 40 nr. 1, med mindre det ligg føre gyldig forfall.

SAKSDOKUMENT. Utvalsaksnr Utval Møtedato Formannskapet Kommunestyret KOMMUNEREFORMEN - OPPNEMNING AV FORHANDLINGSNEMND

044/16 Formannskapet /16 Kommunestyret Kommunereform - Jæren kommune - Endeling vedtak om kommunestruktur.

Side 2 av 8 SAKLISTE Saker til handsaming på møtet Sak nr. Arkivsak Sakstittel Merknad 001/12 12/107 Faste saker 002/12 12/69 Revisjon av lønspolitisk

Vest-Telemark. Referat

VANYLVEN KOMMUNE SAKSFRAMLEGG. Midtvegsrapport for kommunereforma Vanylven kommune sitt arbeid med. Tilråding:

Intensjonsavtale for samanslåing av Fyresdal og Tokke kommunar

Saksnummer Utval Vedtaksdato Formannskapet Kommunestyret

Utredning Indre Agder kommunereform. Presentasjon til folkemøte og møte med tilsette våren 2015

Saksframlegg. Skattesatsar/ marginavsetning: Skatten for 2015 på formue og inntekt vert å fastsette til dei maksimalsatsar som Stortinget vedtek.

Tokke kommune. Møteprotokoll. Formannskapet. Utval: Møtestad: Kommunestyresalen, Tokke kommunehus Møtedato: Møtetid: 11:30

Ørskog kommune - Sunnmørsperla ved Storfjorden -

Dykkar ref.: Vår ref.: 11/ Dato: GISKE KOMMUNE SI VURDERING AV FRAMTIDIG KOMMUNESTRUKTUR - VEDTAK I GISKE KOMMUNESTYRE

Sakspapir. Saksnr Utvalg Type Dato 24/2015 Kommunestyret PS

Saksframlegg. Utv.saksnr Utvalg Møtedato 84/14 Kommunestyret Kommunestyret vil i samband med kommunereforma utgreie følgjande alternativ:

Saksframlegg. Kvinnherad kommune. Rapport etter forvaltningsrevisjon av anbodskonkurransen om leige av omsorgsbustader

GLOPPEN KOMMUNE SAKSPAPIR

Dato Dykkar ref. Vår ref. Saksnr. Saksbehandlar / Tlf / /246 Tone Roaldsnes

K-SAK 55/16 INTENSJONSAVTALE MELLOM HAREID, HERØY, SANDE, ULSTEIN OG VANYLVEN. Kommunestyret handsama saka i møte og gjorde slikt vedtak:

Innkalling til ekstraordinært møte i Bystyret

Møtebok. Kontrollutvalet i Lærdal kommune. Møtedato: Møtetid: 12:30 15:30. Møtestad: Møterom 2. etasje Saksnr.

VANYLVEN KOMMUNE Rådmannen. Saksnr Løpenr/Arkiv Dykkar ref. Avd/Saksansvarleg Dato 2012/ /2015 / 002 RÅD / SANGUD

Utval: Råd for eldre og menneske med nedsett funksjonsevne Møtestad: Kommunestyresalen, Kommunehuset Dato: Tid: 10:00-12:45

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Jarle Skartun Arkiv: 002 Arkivsaksnr.: 14/2345. Kommunereformarbeidet i Luster. Rådmannen si tilråding:

MØTEINNKALLING. Partssamansett utval (administrasjonsutval)

GLOPPEN KOMMUNE SAKSPAPIR

Dykkar ref: Vår ref Sakshand: Arkivkode: Dato:

Vedlagt: Kortversjonen av meldingsdelen i Kommuneproposisjon 2015, «en kort oversikt »

Utval Møtedato Utval Saksnr Oppvekst- og velferdsutvalet

Saksnr. Utval Møtedato 008/15 Formannskapet /15 Kommunestyret

Kommunestyret. Tilleggsinnkalling

Felles utgreiing skal vera eit supplement til kommunane sine prosessar.

VINJE KOMMUNE MØTEBOK

K-SAK 84/15 KOMMUNEREFORM - STATUS PR. 1. HALVÅR Kommunestyret handsama saka i møte og gjorde slikt vedtak:

SAKSLISTE Saksnr. Tittel side: 1/17 MØTEPROTOKOLL GODKJENNING 2

Fylgjande medlemmer møtte ikkje: Namn Funksjon Representerar Hilde Berntsen MEDL AP Lars Håkon Didriksen MEDL SP Einar Søreide MEDL AP

Vinje kommune. Økonomi, plan og utvikling. Kommuneplanens samfunnsdel - til høyring og offentleg ettersyn

SKAL DU SEIE DI MEINING OM KOMMUNE- REFORMA!

Møteprotokoll SKODJE KOMMUNE SAKLISTE. Utval: FORMANNSKAPET Møtestad: Rådhuset Møtedato: Tid: 13:00

Utvalg Utvalgssak Møtedato Formannskapet 19/ Kommunestyret 11/

Kommunikasjonsplan. Nordhordland ein kommune 2020? Regionrådet Austrheim, Fedje, Gulen, Lindås, Masfjorden, Meland, Modalen, Osterøy, Radøy

Side 2 av 6 SAKLISTE Saker til handsaming på møtet Sak nr. Arkivsak Sakstittel Merknad 001/13 13/91 Faste saker 002/13 09/635 Utbygging ved Samnangerh

Møte på kommunehuset Smia

Faste medlemmar som møtte: Namn Funksjon Parti Einar Øien LEDER FRP Odd Helge Gangstad MEDL SP Bjørn Wang MEDL V

SKAL DU SEIE DI MEINING OM KOMMUNE- REFORMA!

Transkript:

Vinje kommune Rådmannen Arkiv saknr: 2014/1923 Løpenr.: 10293/2015 Arkivkode: 032 Utval Møtedato Utval Saksnr Formannskapet Kommunestyret Sakshandsamar: Jan Myrekrok Kommunereformen - oppfølgjing Vedlegg: 1 Mogleigheitsstudie med Agder-kommunar 2 Utkast til referat frå sonderingsmøte med Tokke kommune 22. mai 3 Nøkkeltal frå nykommune.no for Tokke/Vinje 4 Nøkkeltal frå nykommune.no for Tokke/Vinje/Fyresdal 5 Referat frå møte mellom Tinn og Vinje kommunar - Skinnarbu 29. mai 2015 Dokument i saka: Tidlegare utgreiingar og vedtak. Bakgrunn: Kommunane Tokke, Seljord, Fyresdal, Nissedal, Kviteseid og Vinje gjennomførte hausten 2014 eit forstudie om kommunereform i regi av Vest-Telemarkrådet. Forstudiet konkluderte med at tilråding om å gjennomføre eit forprosjekt for å greie ut 2 alternativ: - Ein kommune i Vest-Telemark - Oppretthalde alle kommunane, men med ei forplikting om meir interkommunalt samarbeid Forstudien har vore til politisk handsaming i dei respektive kommunane der det er fatta fylgjande vedtak: Vedtak i Seljord kommunestyre 29. januar 2015 "Med utgangspunkt i forstudie i regi av Vest-Telemarkrådet fattar kommunestyre vedtak om å tinge eit forprosjekt som omfattar ein kommune i Vest-Telemark. Dersom færre enn seks kommunar vel å delta i forprosjektet, skal saka attende til ny handsaming i kommunestyre."

Vedtak i Kviteseid kommunestyre 4. februar 2015 "Med utgangspunkt i forstudie i regi av Vest-Telemarkrådet ønskjer Kviteseid kommune å tinge eit forprosjekt som omfattar to alternativ: o Ein kommune i Vest-Telemark. o Oppretthalde alle kommunane, med ei forplikting om meir interkommunalt samarbeid. o Dersom færre enn seks kommunar vel å delta i forprosjektet, skal saka attende til ny handsaming i kommunestyra." Vedtak i Nissedal kommunestyre 4. februar 2015 "Med utgangspunkt i forstudie i regi av Vest-Telemarkrådet vedtek Nissedal kommune å tinge eit forprosjekt som omfattar to alternativ: o Ein kommune i Vest-Telemark o Oppretthalde alle kommunane, med ei forplikting om meir interkommunalt samarbeid Dersom færre enn seks kommunar vel å delta i forprosjektet, skal saka attende til kommunestyret for ny handsaming." Vedtak i Vinje kommunestyre 12. februar 2015: "1. Vinje kommune går ikkje inn på eit forprosjekt om ein Vest-Telemark kommune. 2. Vinje kommune avventar resultatet av moglegheitsstudiet med Agder-kommunane, og avgjerd om vidare prosess med nabokommunen Bykle, før ein tek stilling til vidare utgreiing av dette. 3. Vinje kommune inviterer formannskapet i kommunane Tokke og Tinn til drøftingar om det er interesse for samanslåing med Vinje kommune. 4. Kommunestyret opprettar eit mellombels utval som arbeidsgruppe for lokal oppfølging av kommunereforma. Gruppa blir sett saman av éin representant m/vara utpeika av dei politiske partia representert i kommunestyret i tillegg til ordføraren, samt éin hovudtillitsvalt og hovudverneombod. Rådmannen er sekretær for arbeidsgruppa." Vedtak i Tokke kommunestyre 24. februar 2015 "Med utgangspunkt i forstudie i regi av Vest-Telemarkrådet ynskjer Tokke kommune å delta i gjennomføring av eit forprosjekt som omfattar alternativ: o Ein kommune i Vest-Telemark o Oppretthalde alle kommunane, med ei forplikting om meir interkommunalt samarbeid Dersom færre enn seks kommunar vel å delta i forprosjektet, skal saka attende til ny handsaming i kommunestyret. Tokke kommune vil i tillegg invitere Vinje og Fyresdal til å delta i utgreiing av tre alternativ til: o Tokke Vinje o Tokke Vinje Fyresdal o Tokke-Fyresdal Utgifter til utgreiingane dekkast av Vest-Telemarkrådet." Vedtak i Fyresdal kommunestyret 26.februar 2015 "- Kommunestyret i Fyresdal ynskjer primært at samarbeidet i Vest-Telemark skal halde fram og utviklast slik at oppgåver kommunane har kan løysast i den einskilde kommune eller om det er føremålstenleg i eit regionalt samarbeid og/eller i samarbeid med andre regionar/kommunar. - Fyresdal kommune ynskjer å vere med i eit forprosjekt i regi av Vest-Telemarkrådet for å utrede ulike alternativ: a) Oppretthalde alle kommunane, med ei forplikting om meir interkommunalt samarbeid b) Ein stor kommune i Vest-Telemark av dei kommunane som er med i forprosjektet c) Samarbeid med Tokke og Fyresdal - Om forprosjektet kjem i gang, skal det avhaldast folkeavstemming før kommunestyret tek stilling til forprosjektet og evnt. samanslåing. Tidsplanen må justerast slik at folkeavstemming kan avhaldast i mai 2016. Fyresdal opprettar arbeidsgruppe med rådmannen som sekretær. Arbeidsgruppa skal ha fylgjande medlemer: Ordførar, Varaordførar, ein representant frå Senterpartiet, ein representant frå Bygdelista, Hovudtillitsvalt og Hovedverneombudet i kommunen. Arbeidsgruppa rapporterar direkte til kommunestyret." Vurdering: Status for kommunereformarbeidet i Vinje er at ein no har tidfesta møtet Tinn (29. mai) og gjennomført møtet med Tokke 22. mai. For den vidare prosessen i Vest-Telemark har ein i praksis observatørstatus inn til eventuelle nye vedtak er fatta. Vest-Telemark meir forpliktande interkommunalt samarbeid

Som det går fram av dei politiske vedtaka, hadde korkje Seljord eller Vinje gjort vedtak om å utgreie eit meir forpliktande interkommunalt samarbeid som alternativ til kommunesamanslåing. Då saka vart drøfta i Vest-Telemarkrådet den 17. mars, vart ordførarane i Seljord og Vinje utfordra på å be kommunestyra i dei to kommunane om å endre sine vedtak, slik at utgreiing av ei forplikting om meir interkommunalt samarbeid med eksisterande kommunestruktur også vart godkjent i vedtaks form. Rådmannen ser det som formålstenleg at ein utgreier dette nærare, ettersom dette er ei vidareutvikling av dagens praksis, og vil gje meir informasjon om konsekvensane ved å stå aleine. «Langfjella» Forstudiet med dei fire Agder-kommunane Bykle, Valle, Bygland og Sirdal, den såkalla «Langfjella» kommune, ligg også føre. Studien syner at det er mogleg med ein slik konstellasjon av kommunar (Alternativ 1), og den kan jamvel ha føremoner innan område som landbruk, villrein- og verneområde, kraftressursar og tilrettelegging for å vidareutvikle reiselivsnæringa og ikkje-stadbundne tenester. Utfordringar er knytt til reiseavstand, topografi, spreidd busetnad og å hente ut synergiar i tradisjonell tenesteproduksjon. Dette kommunealternativet breier seg også over tre fylker, og to moglege regionalternativ(agder og BTV) dersom vi får ein regionreform, samstundes som kommunane vender seg i ulike retning når det kjem til interkommunalt samarbeid. Rapporten peiker likevel på fleire område der dei involverte kommunane har felles interesser, og der ein har eit potensiale for auka samarbeid. Rådmannen meiner at rapportens alternativ 2 er den mest realistiske tilnærminga for auka samhandling med desse Agder-kommunane, men tek eit lite atterhald for Bykle der avstandsulempene er minst (54km frå Haukeligrend til kommunesenteret). Deltaking i forprosjekt Kommunereforma i Vest-Telemark er delt inn i tre hovudfasar: Forstudie med utgreiing av faktagrunnlag Forprosjekt med konkrete forhandlingar om ein mogeleg ny kommune Hovudprosjekt med etablering av ny kommune (i dei høve der forprosjektet gjev grunnlag for dette) I forprosjekta i Vest-Telemark er det Telemarkforsking som har vunne anbodskonkurransen og skal stå for gjennomføringa. Det er oppretta ein blogg der regionrådsleiaren vil informere om arbeidet, sjå http://kommunereformen.blogspot.no/ Skissa under syner ønskt framdrift i prosjektet:

M1: Oppstart prosjektarbeidet M2: Styringsgruppemøte M3: Mediestrategi, innbyggar-involvering og informasjonsarbeid M4: Utgreiingsarbeid M5: Vegval for samanslåing eller vidareutvikling av samarbeidet M6: Intensjonsavtaler M7: Innbyggarhøyring/folkerøysting M8: Kommunale vedtak Rådmannen syner til vedlagde førebelse referat frå møte med representantar for Tokke kommune 22. mai. Drøftingane la grunnlaget for at Vinje kommune kan ta stilling til deltaking i forprosjekt med Tokke, som allereie har tilsvarande vedtak med Vinje. Vidare oppmoda ordføraren i Tokke om at Vinje kommune også deltek i forprosjekt, der konstellasjonen Tokke/Vinje/Fyresdal vert utgreia. Tokkeordføraren meinte å kjenne til at det var ei positiv haldning til dette også i Fyresdal. Dersom kommunestyret går inn på eitt eller fleire forprosjekt vil samstundes forhandlingar mellom dei aktuelle kommunane starte opp. Ein viktig del av forprosjektet er etablering av intensjonsavtale og innbyggjarinvolvering gjennom ein felles kommunikasjonsstrategi. Intensjonsavtala bør fastsetje mål for samanslåinga og sei noko om fordeling og lokalisering av oppgåver og tenester, samt korleis ressursane kan nyttast best mogeleg. Intensjonsavtala skal på denne måten gje informasjon som dannar grunnlaget for dialog og innbyggjarhøyring, og dermed også grunnlag for å kunne ta stilling til etablering av ny kommune. I den samanheng må det setjast ned forhandlingsutval med fullmakt frå kommunestyre til å forhandle på vegne av kommunen. Forhandlingutvalet bør få delegert fullmakt frå kommunestyret til å fatte naudsynte vedtak som sikrar framdrift i forprosjekta, samt forhandle fram utkast til intensjonsavtale mellom dei aktuelle kommunane. Intensjonsavtala skal endeleg vedtakast i kommunestyret. Tokke med fleire har valt forhandlingsutval beståande av ordførar, varaordførar og representant frå opposisjonen, samt varamedlem frå opposisjonen. Rådmannens framlegg til vedtak: 1. Vinje kommune deltek i eit forprosjekt som vurderer konsekvensane av å oppretthalde dagens kommunestruktur, med eit meir forpliktande samarbeid mellom dei seks kommunane i Vest-Telemark. 2. Vinje kommune legg til grunn Langfjella-rapportens alternativ 2 for vidare dialog med dei deltakande Agder-kommunane, men vil undersøke med Bykle om det er grunnlag for eit meir omfattande samarbeid. 3. Vinje kommune deltek i forprosjekt med Tokke kommune. 4. Arbeidsgruppa for kommunereformen får fullmakt til å avklare om det grunnlag for å delta i eit forprosjekt med Fyresdal. 5. Forhandlingsutvalet i Vinje vert:,, og varamedlem 6. Forhandlingsutvalet får fullmakt til å fatte vedtak som gjeld forprosjekt og som sikrar framdrift av dette, samt forhandle fram utkast til intensjonsavtale mellom dei aktuelle kommunane. Forhandlingsutvalet skal halde kommunestyret fortløpande orientert om dei vedtak som blir fatta, og ha jamleg kontakt med arbeidsgruppa.

Hovudtillitsvalde og hovudverneombod skal også involverast gjennom deltaking i referansegrupper. Rådmannen, 24.05.15 Jan Myrekrok, rådmann /s/