VOGNSTØLEN BARNEHAGE Årsplan

Like dokumenter
Vi har fått SU si tilslutning til å prolongere langtidsplanen fram til ny Rammeplan føreligg i 2017.

VOGNSTØLEN BARNEHAGE Årsplan

LANGTIDSPLAN FOR BARNEHAGENE I HELSE BERGEN

RAVNEBJERGET BARNEHAGE Årsplan

GJENNOMGÅANDE TEMA FOR BARNEHAGEÅRET

Halvtårsrapport haust 2017 GUL gruppe

Fyresdal kommune Sektor for kultur og oppvekst

Overordna mål for Varaldsøy barnehage: «Skapa eit miljø som er prega av trivsel, varme og omsorg. Ein kvardag med gode vilkår for leik og læring.

RAVNEBJERGET BARNEHAGE Årsplan

NY RAMMEPLAN SOM GRUNNLAG FOR FRAMTIDAS BARNEHAGE. Gjeldande frå 1. august. Astrid Bakken Fagdag nærmiljø og samfunn Gaupne barnehage 9.

LANGMYRA OG BANEHAUGEN BARNEHAGER Årsplan 2017

ÅRSPLAN. Jostedal barnehage 2017 / 2018

Del 2 Ågotnes barnehage. årstema

Osterøy kommune ÅRSPLAN VALESTRAND BARNEHAGE SAMAN FÅR ME VERDES VIKTIGSTE VERDIAR TIL Å VEKSA.

Årsplan / Utviklingsplan for Orre barnehage Magiske øyeblikk i kvardagen!

DETTE SEIER lova og rammeplanen AT VI SKAL : OMSORG OG OPPSEDING:

INFORMASJONSHEFTE OM Flatdal barnehage

Utviklingsplan Borsheim barnehage Vi skaper livsglede med autoritative vaksne og medverkande barn. Tryggleik, respekt og inkludering

RAVNEBJERGET BARNEHAGE Årsplan Ein grunnmur for livet

VOGNSTØLEN BARNEHAGE Årsplan

Skjema for eigenvurdering

Språk og språkmiljø Kvardagssamtalen: Høgtlesing og forteljarstunder:

ÅRSPLAN 2015 GOL BARNEHAGE AVDELING ROTNEIM (sjå også felles årsplan for Gol barnehage)

Målet vårt er å saman med foreldra gi borna ein trygg og god barndom, der dei får utvikle seg til å bli den beste utgåva av seg sjølv.

ROSENDAL BARNEHAGESENTER SIN VISJON :

Informasjonshefte Tuv barnehage

Årsplan for. barnehagane i Nordsido oppvekstområde. Hatlestrand, Ølve og Varaldsøy

LEIK, LÆRING OG UTVIKLING BRUNKEBERG OPPVEKSTSENTER

Barnehagen sitt samfunnsmandat

Årsplan for Straume barnehage Del 2. Arbeid med fagområda

Du må tru det for å sjå det

RAVNEBJERGET BARNEHAGE ÅRSPLAN Ein grunnmur for livet

PEDAGOGISK PLAN BARNEHAGANE I LOM. Loar og Garmo barnehage

Månadsbrev for Rosa september 2014

Stokkalandsmarka barnehage

PERIODEPLAN EVALUERING Avdeling: Blåmeis EVALUERING AV PERIODE 1: September - november2015

Leikande, glade barn og natur hand i hand

Halvårsplan for 1. og 2.steg hausten 2016

VINTERDALEN BARNEHAGE ÅRSPLAN

Informasjonsfoldar Vikebygd barnehage

Halvtårsrapport raud gruppe haust 2017

Saksgang. Møtedato Saksnr. Kultur- og oppvekstutvalet /05. Sakshandsamar: Arkiv: K2-A10 Arkivsaknr Runa Nybakk Objekt 04/33

PROGRESJONSPLAN FOR RAMMEPLANEN SINE FAGOMRÅDER

Årsplan for Straume barnehage Del 2. Arbeid med fagområda

PLAN FOR KVALITETSUTVIKLING

KOMPETANSE FOR MANGFALD ENGESET BARNEHAGE SIN PRESENTASJON AV UTVIKLINGSARBEIDET HAUSTEN 2016

Årsplan 2018 for Bekkelaget Kirkes barnehage. Versjonsnummer 6 - Fastsatt av Samarbeidsutvalget

Året Kva vi jobbar spesielt med i år

Halvtårsplan for Enge barnehage hausten Knerten, Marihøno, Askeladden og Natur.

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg.

Barnehagane i Kviteseid. Felles informasjon til føresette

PLAN FOR KVALITETSUTVIKLING

Barns leik og vennskap. Utviklingsarbeid i Mork barnehage hausten våren 2018

Fyresdal kommune Sektor for kultur og oppvekst

SAMARBEIDSPLAN FOR BARNEHAGANE OG SKULANE I BØ KOMMUNE

GJENSIDIG RESPEKT INKLUDERANDRE SKAPANDE KOMMUNIKATIVE ENGASJERTE GISKE BARNEHAGE SAMAN I TRYGGLEIK OG UNDRING

Halvårsplan for Tyrihans og Askeladden våren 2017

Storebjørn. Året Kva vi jobbar spesielt med i år

Barnehagane i Kviteseid. Felles informasjon til føresette

KVALITETSPLAN FOR SKULEFRITIDSORDNINGA I TIME

Halvårsrapport grøn gruppe- haust 2015

Det finst ei rettleiing til gjennomføring av Ståstadsanalysen på: D Tilsette vurderer barnehagen opp mot teikn på god praksis

Trygg og god overgang mellom barnehage og skole

Innhald. Innleiing s. 4. Formål s. 6. Språk, kultur og natur s. 8. Leik og læring s.10. Barnehagen som lærande organisasjon s.12. Sluttord s.

Månadsplan for Hare November

VOGNSTØLEN BARNEHAGE. Årsplan med fellesplan for barnehagene i Helse Bergen

MÅLEKART FOR LOEN BARNEHAGE BARNEHAGE VISJON: DET BESTE FOR BARNET-DET BESTE FOR MILJØET

VINTERDALEN BARNEHAGE Årsplan Uteliv. Vi vil leke mer! Fokus: Årstema:

Referat frå foreldremøte 25. september 2018 Hyllestad barnehage.

Haust 2018 EIN TRYGG START PLAN FOR OVERGANG BARNEHAGE - SKULE KVITESEID KOMMUNE

Halvtårsrapport for gul gruppe våren 2017

BRUKARMEDVERKNAD I SULDALSSKULEN OG SFO

«Det man hører glemmer man, det man ser husker man og det man gjør forstår man (Loris Malaguzzi)

Overgangsplan barnehage - skule i Stord kommune

ÅRSPLAN SUNDE BARNEHAGE

Sandøy kommune Eining for Oppvekst og kultur

Vår Visjon : SAMAN ER VI BEST

Med spent forventning... Sjekkliste for ein god barnehageslutt og ein god skulestart

Generell Årsplan Barnehageeininga Samnanger kommune. Saman om ein god start

Informasjonsfoldar Vikebygd barnehage

Året Kva vi jobbar spesielt med i år

Vår Visjon : SAMAN ER VI BEST

Forfall skal meldast til telefon eller e-post: Vararepresentantane møter kun etter nærare avtale.

E-post til barnehagen:

Årsplan Venåsløkka barnehage

SAMARBEIDSRUTINER FOR OVERGANG HEIM- BARNEHAGE I SKODJE KOMMUNE

Årsplan for. Gjelsvik barnehage 2016/2017. ein god plass å vere VELKOMMEN TIL NYTT BARNEHAGEÅR! Satsingsområde2016/2017 Kommunikasjon, språk og Tekst

Årsplan for Lalm- og Søre Grindstugu barnehage

VINTERDALEN BARNEHAGE Årsplan

VIK BARNEHAGE Visjon:Trygt å vera kjekt å læra

Årsmelding for Urhei barnehage

I året som kommer skal vi øke vår faglige kompetanse på lek og læring og se dette i sammenheng med de rommene vi har i barnehagen; inne og ute.

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

Halvårsplan for Steinrøysa Høst 2016

I Borsheim skal vi vere saman om å skape livsglede med autoritative vaksne og medverkande barn.

Høgtlesing som fokusområde i Skramsmarka barnehage

Halvårsplan for Trestubben, Maurtuå og Steinrøysa. Høst 2017

Rapport etter tilsyn Dåfjorden barnehage/fitjar

Halvårsrapport lyseblå haust 2017

Ei skisse på essensen i rammeplana. Slik vi ser det.

Transkript:

VOGNSTØLEN BARNEHAGE Årsplan 2017 2018

FORORD Helse Bergen HF eig og driv 4 barnehagar som vert nytta til rekruttering av nøkkelpersonell og for å sikre stabil arbeidskraft i Helse Bergen HF. Barnehagane vert driven i samsvar med «Lov om barnehagar» og «Rammeplan for barnehagen sitt innhald og oppgåver». I følgje lova skal kvar barnehage ha ein årsplan som skal gi opplysningar om barnehagen sitt satsingsområde, mål og vurderingsområder. Den skal innehalde informasjon om barnehagen sitt arbeid med mellom anna omsorg, danning, leik og læring, og er eit viktig arbeidsreiskap for personalet. Årsplanen gir informasjon til føresette, eigar, og andre interesserte og er viktig for samarbeidet med føresette. Årsplanen byggjer på Langtidsplan 2012-2015 som er eit felles styringsdokument for barnehagane i Helse Bergen. Langtidsplanen skal sikre progresjon og samanheng i barna si læring og opplevingar gjennom heile barnehageopphaldet, og byggjer på «Lov om barnehagar» og «Rammeplan for barnehagen sitt innhald og oppgåver». Vi har fått SU si tilslutning til å prolongere langtidsplanen fram til ny Rammeplan føreligg i 2018. Årsplanen er førelagt samarbeidsutvalet for Vognstølen barnehage i møte 02.06.17 Inger Johanne Klausen Barnehagesjef Teikna av Annah 5 år

ÅRSTEMA VENNSKAP Har jeg skapt noe, gjort en forskjell Har jeg satt noen viktige spor Har det handlet om mer enn meg selv Gjort en forskjell; en liten, en stor Vi arbeidar kontinuerleg for at barna skal ha venner og vere vennlege mot kvarandre. No vil vi sjå på vennskap i eit større perspektiv. Vennskap på grunn av likskap og til tross for ulikskap. Vennskap på tvers av alder, kjønn, etnisitet, landegrenser og kultur. Val av songar, bøker, rim, regler og ellingar vil gjenspegle dette fagområdet. Målet er å gi barna auka forståing for seg sjølv i relasjon til andre og hjelpe dei til å sjå hendingar frå andre sitt perspektiv. Vi meiner dette er avgjerande for å fremje inkludering og hindre utestenging i leik og andre aktivitetar. Kva er vennskap, kva gjer venner med og for kvarandre, og kva tåler vennskap er sentrale spørsmål som vi vil sette lys på og filosofere over. Tema skal speglast i dei ulike fagområda og i det vi gjer i løpet av barnehagedagen, stikkorda er empati, hjelpsomheit og inkludering. Her, som på alle andre områder, er det nødvendig at vi som vaksne omsorgspersonar er gode forbilde for barna. ÅRET RUNDT I tidsrommet august til desember vil vi jobbe med: Tryllebukett / eg og familien min / kroppen min Vi vil ha fokus på kvart enkelt barn og barnet i familien som ein del av eit større fellesskap. Under overskrifta Kroppen min vil vi blant anna ta opp tema som retten til å sette grenser for seg sjølv, og til å bestemme over eigen kropp, private områder på kroppen som andre skal respektere og forskjell på gode og vonde hemmelegheiter. Advent og juleaktivitetar Når det kjem til advent og jul, så har vi mange gode tradisjonar, og vi vil følge desse. Vi vil ha dagleg adventsstund med ulike juleforteljingar, julesongar og litt produksjon av julepynt og julegåver. Samtidig vil vi sjå på korleis dei feirar høgtid i andre kulturar. I tidsrommet januar til juli vil vi jobbe med: Forut forteljing frå Nepal Barna blir kjent med Sivatas som er 4 år. Ved hjelp av det pedagogiske opplegger til FORUT blir barna kjent med ulike sider av det daglege livet og kulturane i Sri Lanka. ÅRSTEMA GJENNOM FORTELJING, EVENTYR OG VERS Vennskap er universelt og eit kjent tema i litteraturen. I denne perioda skal barna fordjupe seg meir i emnet vennskap med utgangspunkt i bøker, forteljingar og sangar. Dramatisering er ei av metodene vi nyttar i dette arbeidet.

VÅRTEIKN OG SMÅKRYP Kvart år jaktar vi på vårteikn, dette gjer vi fordi vi ser att barna i alle aldersgrupper er opptekne av det. Første blomen som stikk opp av marka blir sett, og det er spennande å sjå kva vi finner når vi løftar på ein stein eller når vi på andre måtar kjem i kontakt med småkrypa. Med utgangspunkt i det «krypet» barna er mest opptekne av arbeidar vi på ulike måtar og barna blir kjent med «krypet» og måten det lever på og kva plass og nytteverdi det har i næringskjeda. «Året rundt» vil bli nærare skildra i avdelingane sine månadsplanar og påfølgande oppsummeringar. DANNING Danning er ein kontinuerleg prosess som blant anna handlar om å utvikle evne til å reflektere over eigne og andre sine handlingar og veremåtar. Danning inneber og evna til å tenke kritisk, stille spørsmål og å kunne prøve å løyse problem. I alle gjeremål gjennom dagen må ein sjå til at barna tileignar seg ein akseptabel og hensiktsmessig væremåte. Saman med barna kan vi fabulere om korleis eigne handlingar og val kan påverke andre menneske, samfunn og miljøet rundt oss. OMSORG For å gi adekvat omsorg utover å dekke barn sine primærbehov er vi avhengige av å være observante og lydhøre for å danne oss eit bilde av kva kvart enkelt barn treng. Anerkjenning av barna sine forteljingar og uttrykksmåtar styrkar barnet si sjølvkjensle og identitet. Vi må ta barn på alvor og hjelpe dei til å tolke ulike situasjonar, kropps- og ansiktsuttrykk for å gi dei moglegheit til å gi omsorg. Omsorg er og å gi barna moglegheit til å bli sjølvstendige og sjølvhjelpne og å kunne stille krav og forventningar i tråd med barna sin alder og utvikling. Vi må være gode forbilde som fremmar bærekraftig utvikling og gi barna moglegheit til å syne omsorg for kvarandre, naturen og alt levande rundt oss, samt dei som kjem etter oss. Teikna av Dina

LEIK Leiken står i særstilling i dei små barna sin kvardag. Leik er frivillig, prega av glede, den stimulerer fantasien og den fremmar vennskap mellom barna. Gjennom leik øver barnet seg på å meistre omgivnadane. Leiken er og ein god arena for språkutvikling og til å trene på sosiale ferdigheiter som forhandling, inngå kompromiss og samarbeid. Eit personale som tek del i leiken, saman med dag- og vekeplanar som gir tid og rom for leik, er grunnleggande for det vi kallar gode leikevilkår. Det, i tillegg til eit rikt repertoar av forteljingar, dikt, rim, og regle saman med variert utstyr og leikemateriale vil vi gi god næring til leiken. Nokon barn trenger tilrettelegging utover dette for å beherske leik og samspel med jevnaldrande. Då treng vi eit kompetent personale for å øve opp ferdigheiter, som det å kunne vente på tur i leiken. LIKESTILLING Målet for likestillingsarbeidet er at vi skal gi jenter og gutar like moglegheiter, og at vi skal gjere dei medvetne på at dei har dei same moglegheitene i livet. Dersom vi er medvetne på dette når vi gjer innkjøp og når vi tilbyr leiker, spel og aktivitetar så kan det minske fokuset som er på kjønnsroller. Vi samtalar og reflekterer rund likestilling i fellesskap, noko som vil være haldningsskapande i forhold til barna si oppfatning om kva som er «guteting og jenteting» BARN SIN MEDVERKNAD Ut frå alder og modning skal barna få påverke sin eigen kvardag. Dei må oppfordras til å sette ord på, og fortelje om eigne ønsker, behov og idear som vi må anerkjenne og i størst mogleg grad prøve å etterkome. Dersom barn aldri opplever å bli anerkjent vil dei truleg slutte å fremje eigne tankar og ønske. Vi må være merksame og ta utgangspunkt i det som barna er opptekne av og arbeide vidare med det. Vi tek med oss barna sine innspel når vi planlegg det vidare arbeidet. Det er eit viktig utgangspunkt for å fremje eit demokratisk tankesett. LÆRING, INKLUDERING OG LIKEVERD Barn er grunnleggande nysgjerrige, utforskande og interesserte i å lære, og dei lærer noko heile tida. Læring skjer på mange plan ved prøving og feiling og prøving igjen. I samspel med andre barn i leik, når dei fortel eller skapar noko, lærer barna av den responsen dei får frå omgjevnadane. Gode modellar er avgjerande for at barna si læring er av positiv og hensiktsmessig karakter. Vi må hjelpe barna til å utvikle ei positiv nysgjerrigheit overfor ander menneske og kulturar. Vognstølen barnehage samarbeider med bistandsorganisasjonen FORUT (forut.no). Gjennom forteljing, film og bilde blir vi kjent med barn frå andre delar av verda. Dette barnehageåret får vi kjennskap til barn og deira levekår i Nepal. I arbeidet med FORUT ser vi at barn kan leike og ha det moro sjølv i fattige omgivnadar. Vi kan vise solidaritet med dei ved at vi ikkje forbrukar meir enn det vi treng. Teikna av Olav 5 år

BARNEHAGEN SOM KULTURARENA Ordet kultur kan vere vanskeleg å definere. Kultur rommar alt frå kjennskap til ulike levesett i by og land, tradisjonar, kulturelle arrangement, kulturelle uttrykk og mykje meir. Barna skal få eit innblikk i alt dette ut frå alder og modning. I arbeidet med barnehagen som kulturarena ser vi på barna som både produsentar og konsumentar av kultur. Samtidig som barna får moglegheit til å skape sine eigne kulturuttrykk nyttar vi oss av kulturtilbod som blir tilbydd dei ulike aldersgruppene. Nokre gongar kjøper vi inn framsyning til barnehagen og andre gongar nyttar vi kulturtilbod i byen. Vi besøker ein gard med 3-6 åringane, noko som vil gi barna eit lite glimt av den kulturen som gardsdrift representerer. Barna skal i størst mogleg grad få dokumentere sine kulturelle uttrykk med blant anna utstyr som teiknemateriell, fotoapparat og ipad SPRÅKLEG KOMPETANSE Samvær, samtalar, leik og forteljing er det viktigaste området når det gjelder å stimule barna si språkutvikling. Ved bruk av bilde, bøker og forteljing utvidar barna sitt ordforråd og forståing av ulike omgrep. Saman med barna skapar og lyttar vi til lydar, rim og rytme i språket. Vi tolkar det vi ser og høyrer saman, og set ord på det. Dei daglege gjeremåla er gode arenaer for innlæring av ulike omgrep. Strikken på regnbuksa skal under foten glidelåsen trekkast opp, eller ned, osten skal oppå skiva osv. Vi har hatt språk, tekst og kommunikasjon som fokusområde i fleire år og har derfor ekstra fokus på kor viktig det er med eit rikt språkmiljø. Teikna av Åsne 5 år.

FAGOMRÅDA Rammeplanen inneheld sju fagområde som barnehagen skal dekke. Nokon av fagområda har ein naturleg og tydeleg plass i kvardagen, medan andre må jobbast meir spesifikt med. Vi viser til Langtidsplanen for barnehagane i Helse Bergen 2012-2015 som set mål for dei ulike aldersgruppene. MILJØPEDAGOGISK ARBEID Barnehagane i Helse Bergen er miljøsertifiserte etter ISO 14001 standard, og vårt viktigaste bidrag er det miljøpedagogiske opplegget som fremjar gode haldningar til natur og miljø. Vi må sørge for ei berekraftig utvikling, og meiner att alle skal bidra. I tillegg til riktig avfallshandtering er vi medvetne verdien av såkalla verdilaust materale til leik og formingsmateriell. Gjenbruk av blant anna sko, klede, vesker og hattar er ypparleg materiale som stimulerer fantasi og rolleleik. Som ein del av det miljøpedagogiske arbeidet har vi ein kjøkkenhage som fire og femåringane har ansvaret for. Det mest populære er sukkererter og rabarbra med sukker! OVERGANG BARNEHAGE SKULE Siste året i barnehagen er det ekstra fokus på å gjere barna kompetente til å møte krav og forventingar som blir stilt til dei i skulen. Det generelle førskuletilbodet er skildra i Langtidsplanen for barnehagane i Helse Bergen 2012 2015. For å styrke barna sine evner til å sjølvhevding ved å «stå fram» har førskulebarna i Vognstølen barnehage eige songkor. Dei øver kvar veke og alle vert oppmoda til å synge i mikrofon. Vårt inntrykk er at barna set pris på dette, og dei syner stor songglede. Koret opptrer både i og utanfor barnehagen. Vi har tradisjon for at førskulebarna dramatiserer og framfører juleevangeliet for dei andre barna i barnehagen. Førskulebarna er kvar veke på trim i HSI-hallen og/eller på turar. Etter jul har dei «førskulegruppe» kvar veke, der dei øver på finmotoriske ferdigheiter, omgrepstrening, bokstavar, tall etc. Førskulegruppa har avslutning med kinobesøk og pizzaeting ein dag i juni. FORELDRESAMARBEID Vi ser på foreldre som verdifulle samarbeidspartnarar i barnehagen sitt arbeid med å gi barna trygge og gode utviklingsmoglegheiter. Den daglege kontakten mellom foreldre og personale er av stor betyding for barna sin kvardag. I tillegg kjem det meir formelle samarbeidet som foreldresamtalar, foreldremøter og møter i FAU (foreldrerådet sitt arbeidsutval) og SU (samarbeidsutvalet).

VURDERINGSOMRÅDE Ein treng ikkje å vere venn med alle, men alle skal ha nokon å vere med. Ein er ikkje venn med alle, men vi skal opptre vennleg overfor kvarandre. Målet er at alle barna skal ha ein eller fleire venner og gode opplevingar knytt til leik og samspel. Det er vanskeleg å måle opplevingar, men det let seg gjere ved hjelp av barnesamtalar, praksisforteljingar og observasjon av ulike aktivitetar. Pedagogisk leiar har eit særskilt ansvar for vurderingsarbeidet på si avdeling, og skal skriver ei oppsummering av arbeidet innan 30.06.2018. TRADISJONAR I BARNEHAGEN Songstund kvar veke alle barna Gebursdagsfeiring barna på avdelinga Haustsamling alle barna Lucia feiring førskulebarna går i Lucia tog i barnehagen og på sjukehuset Juleevangeliet framføring av førskulebarna for dei andre barna Nissefest alle barna FORUT solidaritets kafé barn og foreldre Sommaravslutning barn og foreldre KOMPETANSEUTVIKLING Barnehagane i Helse Bergen har fokus på kompetanseutvikling. Kvaliteten i barnehagane avhenger av personalet sin kunnskap og erfaring. Vi legg vekt på fagleg utvikling gjennom intern opplæring, deltaking på eksterne kurs, fagutviklingsdagar og foredrag. Det komande året i barnehagen vil vi arbeide med å implementere ny rammeplan for barnehagen, spesielt med vekt på barna si medverking. Vi vil også fortsette arbeidet vi har begynt på med å auke relasjonskompetansen i barnehagen. EKSTERNE SAMARBEIDSPARNARAR Høgskulen i Bergen Helse Bergen har inngått avtale med Høgskulen i Bergen om praksisundervisning for barnehagelærarstudentar og nokre avdelingar får studentar om hausten og våren. Lærebedrift Barnehagane i Helse Bergen er nyleg blitt godkjent som lærebedrift for lærlingar i barne- og ungdomsarbeidarfaget. Pedagogisk, psykologisk senter I samråd med foreldra kan vi kontakte og eventuelt inngå samarbeid med denne eller tilsvarande hjelpeinstansar utanfor barnehagen. Barnevernet Personalet i barnehagen har opplysningsplikt til barnevernet ved mistanke om at barn blir utsatt for omsorgssvikt, vold eller overgrep.

PLANLEGGINGSDAGAR 2017-2018 Komande barnehageår har vi følgjande planleggingsdagar: Fredag 22.09.2017 Fredag 10.11.2017 Fredag 02.02.2018 Fredag 20.04.2018 Fredag 18.05.2018 Desse dagane vil vi nytte til planlegging og kompetanseutvikling. KONTAKTINFORMASJON Telefon til avdelingene: Blåklokke: 55 97 49 49 Hvitveis: 55 97 49 49 Solsikke: 55 97 49 50 Tusenfryd: 55 97 49 50 Konvall: 55 97 49 50 Telefon til styrer: Gerd Bakken 55 97 49 48 476 36 138 932 53 890 E-post: vognstolen.barnehage@helse-bergen.no Layout Torun Hunnes Teikningar Barn fra Vognstølen barnehage. Forsida er teikna av Emily 5 år Teikna av Mina 5 år