SKODJE KOMMUNE Perioderekneskap September 2009
2
PERIODISERT REKNESKAP PR. 30.09.09 Utvikling av rapporteringssystem Skodje kommune skal utarbeide månadlege rekneskapsrapportar samanlikna med periodisert budsjett. Det vert ikkje laga rapportar for januar og juni. Perioderekneskapen pr. 30.09.09 vert lagt fram for formannskapet til orientering. Budsjettrevisjon 2/2009 er innarbeid i rapporten for september. Prinsipp for periodiseringa Periodiseringa av budsjettet er utarbeidd etter følgjande prinsipp: Budsjettert fast løn blir periodisert i samsvar med kostnadsføring inklusive avsetjing til feriepengar med 9, 2 % kvar månad. Feriepengar i juni vert ført mot avsetjing slik at vi får negativ kostnad denne månaden på 1,2 %. Variabel løn og pensjonsforsikringspremie vert fordelt i samsvar med erfaringar frå tidlegare år. Inntekter og utgifter utan særskilt fordelingsprofil vert fordelt likt på månadene i året. Kostnader og inntekter som kjem på faste tidspunkt vert periodisert i budsjettet slik at dei i størst mogleg grad samsvarer med rekneskapen. Formålet med rekneskapen Formålet med rekneskapen er å vise situasjonen hittil i året i høve til føresetnadene i det reviderte budsjettet. Leiarane for resultateiningane har ansvar for å sjå til at drifta er i balanse og iverksetje tiltak som gjer at overskridingar vert dekt inn snarast råd er. Løn og sosiale kostnader utgjer 70-75% av kommunen sine driftskostnader. I mange av driftseiningane ligg lønsdelen på rundt 80% av driftskostnadene. Dette er kostnader som stort sett er greie å periodisere slik at avvik kjem fram svært tydeleg. Vi bør difor ha særskilt fokus på lønsområdet slik at det om naudsynt vert sett i verk tiltak som tilpassar lønskostnadene til budsjettet som står til rådvelde. ØKONOMISK OVERSYN PR. 30.09.09 Årsbudsjettet for skatteinntekter, rammetilskot og andre statlege tilskot for 2009 er utarbeidd på grunnlag av revidert statsbudsjettet og summerer seg til kr. 148.560.000. Pr. utgangen av september summerer skatteinntektene seg til kr. 62.915.000. Det er kr. 2.272.000 meir enn periodisert budsjett. Dette til tross for at budsjettet blei auka med 4,8 millionar kroner i budsjettrevisjonane i 2009. Skatteinngangen etter 9 månader er 5,2% over fjoråret. Rammetilskotet og inntektsutjamning ligg omtrent på budsjett etter 9 månader. Avkastinga på fondsmidlane våre har vore god i år og vi har no hatt 7 månader på rad med svært god avkasting. Det er med andre ord betre stemning på børsane, og investorane har igjen aukande tru på aksjar, olje og råvarer. Den voldsame oppgangen vi har sett i det siste er grunna i ein optimisme som ennå ikkje er stadfesta i realøkonomien og det er difor all grunn til å frykte mindre negative korreksjonar eller ei utflating av oppgangen på kort sikt. 3
Avkastninga frå kraftfondet er budsjettert til kr. 6.950.000 i 2009, etter at den blei auka igjen i budsjettrevisjon 2/2009. Akkumulert avkastning etter 9 månader er positiv med kr. 7.417.000. Avkastinga i september blei på nærare 1,5 millionar kroner. Dette betyr at vi har teke igjen tapet frå 2008 på 5,2 millionar med god margin etter 9 månader i 2009. Netto finanskostnader utgjer kr. 2.175.000 mot budsjettert kr. 3.201.000. DRIFTSREKNESKAP PR. 30.09.09 I driftsrekneskapen er inntekter utanom frie inntekter ført på dei resultateiningane dei høyrer til slik at det er nettokostnaden som kjem fram under kvar resultateining. Dette er i samsvar med gjeldande økonomireglement og dei føresetnadene som det vedtekne budsjettet bygger på. Det er no gjeve kompensasjon for lønsoppgjøret. Avsetnaden på 3 millionar kroner var tilstrekkeleg og det er fordelt ut i dritseiningane vel 2,7 millionar kroner. Positivt avvik i ramma for felles grunnskule/barnehage skuldast utbetaling av skjønnsmidlar til barnehage som ikkje er fordelt. Til tross for vesentlege bidrag frå budsjettrevisjonane ser vi at der er einingar som framleis ikkje er i balanse i høve det periodiserte budsjettet. Pr. utgangen av september ser det ut til at Skodje kommune kan gå 3-5 millionar kroner i overskot i 2009. Dette skuldast den positive utviklinga i frie inntekter. Skodje, 29.10.09 Kjell Bjørdal rådmann Stig Taklo Økonomisjef 4
Rekne- Periodiset Budsjett Års Budsjett DRIFTSREKNESKAP skap budsjett avvik budsjett avvik 30.09.09 30.09.09 30.09.09 2009 31.08.09 Skatteinntekter -62 915-60 643-2 272-77 135-3 797 Statleg rammetilskot -40 276-40 469 193-49 322 363 Inntektsutjamning -3 663-3 349-314 -5 153 945 Momskompensasjon inv. -6 647-5 606-1 041-7 474 280 Vertskommunetilskot -7 381-7 373-8 -9 216-7 Integreringstilskot -251-195 -56-260 -230 SUM FRIE INNTEKTER -121 133-117 635-3 498-148 560-2 446 Renter ansvarleg lån -1 290-1 290 0-1 290 0 Andre renteinntekter -8 025-5 156-2 869-6 875-3 800 Aksjeutbytte -487-970 483-487 483 Renteutgifter 6 848 5 481 1 367 6 700 940 Avdrag på lån 5 364 5 136 228 6 950 95 Refundert renter/avdrag -235 - -235-2 269-157 NETTO FINANSUTGIFTER 2 175 3 201-1 026 2 729-2 439 Avsett til ubundne fond - - - 7 985 - Dekning av meirforbruk tidlegare år 1 778 1 778-1 778 - Bruk av ubundne fond -1 778-1 778 - -1 778 - NETTO AVSETJINGAR 0 0 0 7 985 0 Netto motpost avskrivningar - - - -4 500 - TIL DISPOSISJON DRIFT -118 958-114 434-4 524-142 346-4 885 SUM FORDELT TIL DRIFT 99 047 99 589-542 142 346 1 180 ÅRSRESULTAT -19 911-14 845-5 066 - -3 705 Rekne- Periodiset Budsjett Års- Budsjett FORDELT SLIK: skap budsjett avvik budsjett avvik 30.09.09 30.09.09 30.09.09 2009 31.08.09 Politisk styring 1 435 1 528-93 1 781-21 Sentraladministrasjonen 10 677 10 471 206 14 287 7 Kultur 465 541-76 600-80 Landbruk 163 221-58 442-58 Kirkelege formål 1 135 1 135 0 1 525 0 Prosjekt/Avsetnader 2 382 1 864 518 3 384 777 PPT 1 624 1 647-23 1 647-23 Felles grunnskule / barnehage 383 1 694-1 311 2 540-1 171 Skodje ungdomsskule 8 693 8 826-133 12 107-225 Vaksenopplæring 962 856 106 1 112 259 Skodje barneskule 11 291 11 270 21 15 377-8 Bibliotek 413 420-7 556 1 Musikk- og kulturskule 563 544 19 852 20 Stette skule og barnehage 2 266 2 318-52 3 405-83 Valle skule og barnehage 4 730 4 653 77 6 487-16 Skodje barnehage 51 115-64 535-40 Helsesenteret 5 515 5 919-404 8 475-319 Sosial- barnevern og flyktningarb. 5 859 5 993-134 7 989-186 Heimetenestene 7 216 7 072 144 9 698 277 Skodje omsorgssenter 13 255 12 926 329 18 049 1 026 Prestemarka Produkt 3 539 3 616-77 4 781-210 Butilbud PU 8 534 8 233 301 13 431 1 051 Tekniske tenester 9 331 9 255 76 13 286 181 SUM FORDELT TIL DRIFT 99 047 99 589-542 142 346 1 180 5
Skatteinngang Skodje kommune Rekneskap Budsjett Rekneskap Avvik Endring Månad 2008 2009 2009 2009 2008-2009 Januar 8 434 000 8 825 000 9 283 000 458 000 10,07 % Februar 731 000 723 000 491 000-232 000-32,83 % Mars 10 837 000 11 285 000 11 916 000 631 000 9,96 % April 1 985 000 1 953 000 3 290 000 1 337 000 65,74 % Mai 18 108 000 13 786 000 14 351 000 565 000-20,75 % Juni 388 000 434 000 290 000-144 000-25,26 % Juli 8 229 000 8 536 000 9 959 000 1 423 000 21,02 % August 601 000 651 000 409 000-242 000-31,95 % September 10 481 000 14 450 000 12 926 000-1 524 000 23,33 % Oktober 311 000 289 000 0 November 14 361 000 14 901 000 0 Desember 1 658 000 1 302 000 0 TOTALT 76 124 000 77 135 000 62 915 000 2 272 000 5,22 % Avkasting kraftfondet DnB Spareb. Møre Skagen Totalt Sum plassering 30 000 000 30 000 000 17 000 000 77 000 000 Marknadsverdi pr. 31.12.08 27 559 436 28 639 050 15 589 182 71 787 668 Resultat 2008-2 440 564-1 360 950-1 410 818-5 212 332 Avkastning januar 2009-416 705-898 389-285 884-1 600 978 Avkastning februar 2009-234 675-498 325-273 897-1 006 897 Avkastning mars 2009 332 582 629 518 271 432 1 233 532 Marknadsverdi pr. 31.03.09 27 240 638 27 871 854 15 300 833 70 413 325 Avkastning 1.kvartal 2009-1,16 % -2,68 % -1,85 % -1,91 % Avkastning april 2009 570 443 1 014 430 641 287 2 226 160 Avkastning mai 2009 560 091 1 390 833 560 058 2 510 982 Avkastning juni 2009 339 836-200 407 84 942 224 371 Marknadsverdi pr. 30.06.09 28 711 008 30 076 710 16 587 120 75 374 838 Avkastning 2.kvartal 2009 5,40 % 7,91 % 8,41 % 7,05 % Avkastning juli 2009 328 842 807 600 338 768 1 475 210 Avkastning august 2009 349 964 412 076 110 023 872 063 Avkastning september 2009 461 790 810 869 210 214 1 482 873 Marknadsverdi pr. 30.09.09 29 851 604 32 107 255 17 246 125 79 204 984 Avkastning 3.kvartal 2009 3,97 % 6,75 % 3,97 % 4,97 % Avkastning hittil i 2009 2 292 168 3 468 205 1 656 943 7 417 316 Avkastning 2009 i % 8,21 % 11,98 % 10,53 % 10,11 % Avkastning 2009 pro anno 10,95 % 15,98 % 14,04 % 13,47 % 6