SAKSFRAMLEGG Sakshandsamar: Olav Grov Arkiv: 614 Arkivsaksnr.: 07/1522 Kommunalt tenestekjøp; bade- og symjetenester Gaupne Rådmannen si tilråding: Formannskapet godkjenner konkurransegrunnlaget for kjøp av bade- og symjetenester slik det er utforma i rådmannen si saksutgreiing.
Saksutgreiing: Prenta vedlegg: Uprenta vedlegg: Samandrag: Rådmannen tilrår i denne saka korleis konkurransegrunnlaget for ev kjøp av bade- og symjetenester bør utformast, jf kommunestyret sitt vedtak i sak 45/07, pkt 2. Her fekk formannskapet fullmakt til å planleggje eit ev kommunalt tenestekjøp som eit reelt alternativ til oppfølging av vedtaka i kommunestyresakene 97/06 Regionalt bade- og symjeanlegg i Gaupne og 104/06 Budsjett 2007/ økonomiplan 2007-10. Utval som har vedtaksmynde: Formannskapet, jf vedtak i k-sak 45/07. Fakta: Luster kommune vurderer å etablere eit innandørs bade- og symjeanlegg i Gaupne. Jf arbeidet i regi av tidlegare mellombels komite (2006), og kommunestyret si tilhøyrande handsaming 16.11.06. Ein gjorde då slikt vedtak, jf sak 97/06: Luster kommunestyre vedtek å oversende saka til administrasjonen for vidare planlegging og nærare vurdering av økonomien i prosjektet. Dette vedtaket vart følgd opp ved at kommunestyret, i tilknyting til budsjett 2007/økonomiplan 2007-10, gjorde følgjande vedtak 14.12.06, i sak 104/06: Kommunestyret sitt vedtak av 16.11.06, sak 97/06 Regionalt bade- og symjeanlegg i Gaupne, skal følgjast opp slik: a) Det skal utarbeidast eit konkurransegrunnlag for eit skisseprosjekt basert på hovudlinene i tilrådinga frå den mellombelse komiteen, midi + anlegg. Det skal særskild vurderast kor store driftsinntekter eit slikt anlegg kan pårekne. Som eit reelt alternativ skal det også utarbeidast eit tilsvarande prosjekt for eit 25 meters badebasseng ved ungdomsskulen med naudsynte fasilitetar (ca jan-febr-07). b) Utarbeidde grunnlag skal lysast ut, innkomne tilbod skal vurderast og det skal engasjerast rådgjevarar (ca mars-juni-07). Rådmannen får fullmakt til å engasjere rådgjevarar. c) Det skal utarbeidast eit skisseprosjekt m/romprogram og økonomiske kalkylar, jf pkt 1 over. Samtidig skal inntektsgrunnlaget for eit evt midi + anlegg vurderast (ca juli-okt-07). d) Rådmannen får fullmakt til å nytte ein nødvendig del av løyvde midlar t.o.m 2007 til å få utført planarbeidet som ligg i punkta over. e) Kommunestyret skal i desember 2007, eller om lag på dette tidspunktet, avgjere om det skal byggjast eit midi + anlegg eller eit skulebasseng. Som følgje av dette vil kommunestyret i desember 2007 også ta stilling til kva endeleg økonomisk ramme som skal inn i økonomiplanen. f) Luster kommune må, gjennom denne prosessen, sikre seg retten til evt ikkje å gjennomføre det som måtte bli planlagt som midi + anlegg (avbrotsrett).
Dette arbeidet er vidareført som føresett. På bakgrunn av utarbeidd konkurransegrunnlag har det vore gjennomført arkitektkonkurranse og det har kome inn 4 tilbod. Det vert no arbeidet med å vurdere desse. Det er lagt til grunn at val av arkitekt skal skje i løpet av juni månad. Ei vidare planlegging/klargjering på bakgrunn av innkomne tilbod vil koste inntil kr 500.000,- og danne grunnlag for politisk handsaming som skissert i vedtaket over. På ettervinteren 2006/07 vart det vurdert slik at kommunen, i staden for å byggje sjølv, ev kan kjøpe tilsvarande tenester i eit privat anlegg. Ein la då til grunn at eit slikt anlegg kunne opne for ordinær bading/symjing for alle grunnskuleelevar i Luster, og i tillegg gje innbyggjarane eit attraktivt heilårs innandørs bade- og symjetilbod. Med grunnlag i dette gjorde kommunestyret 25.04.07, i sak 45/07, slikt vedtak: 1. Arbeidet med å selje sentrumseigedomen, jf vedtak i k-sak 04/07, vert inntil vidare stoppa. 2. Formannskapet får fullmakt til planleggje eit kommunalt tenestekjøp (symjing/bading) som eit reelt alternativ til oppfølging av vedtaka i k-sak 97/06 og 104/06. 3. Kommunestyret vil seinare ta stilling til kva løysing som ev skal veljast for bading/symjing i Gaupne. Utgreiinga frå den mellombelse komiteen som arbeidde med saka har definert kva innhald/ funksjonar kommunen ønskjer at eit slikt bade- og symjeanlegg bør ha. Ved eit ev tenestekjøp skal eit privat anlegg kunne tilby tilsvarande tenester. Med bakgrunn i pkt 2 i vedtaket over rår rådmannen formannskapet til å fastsetje konkurransegrunnlaget for eit ev tenestekjøp slik: Kommunalt tenestekjøp; bade- og symjetenester Gaupne. Konkurransegrunnlag: Organisering Luster kommune ynskjer å inngå ein avtale om kjøp av bade- og symjetenester for ein periode på 20 år, med ein opsjon for vidare kjøp. Kommunen vil betale for bade- og tenestekjøpet med eit fast årleg beløp, som ev kan regulerast i samsvar med offentlege indeksar. Bade- og symjeanlegget Tenestene skal tilbydast i eit samla badelandskonsept. I det ligg at alle tenester vert levert i 1 eitt bygg med ein romleg dimensjon som gjer opphaldet for publikum behageleg, attraktivt og spennande. Bygget der tenesta skal tilbydast bør ha ei spennande utforming og gje rom for brukarvenlege løysingar. Funksjonar/aktivitetar Idrettsbasseng, 25m x 12,5 m, 27 grader i vatnet. Barnebasseng, 33 grader i vatnet. Velværeanlegg med boblebad inklusive eit mindre uteareal med stamp/boblebad, 38 grader i vatnet. Sklie, 65 m lang, 7 m høgdeskilnad. Stup i hovudbasseng, 3 m fast og 1 m svikt. Garderobar, dimensjonert for 150 personar. Luster kommune sine skuleelevar Det kommunale tenestekjøpet skal i utgangspunktet gje grunnlag for ordinær bade- og symjeopplæring for alle grunnskuleelevar frå Luster. All slik opplæring skal skje i skuletida og vere i følgje med lærar.
Ordinær publikumsbading - priser Tenestekjøpet skal gje grunnlag for ordinær publikumsbading til slike priser (2007 kroner): Årskort barn (0-14 år), kr 1200,-. Årskort vaksne, kr 2000,-. Årskort familie, kr 3500,-. Dagskort vaksen kr 90,-, barn kr 60,-, familie kr 200,-. Klyppekortordning som gir 25% rabatt i høve ordinære priser. Opningstider: Opent for publikum minst 50 timar i veka, inklusive tid for skuleopplæring. Vilkår elles: Bade- og symjeanlegget vil få kjøpe straum til ein pris tilsvarande større næringslivskundar i Luster. Andre kommunale avgifter vil bli prisa etter kommunen sine betalingssatsar. Aktuell lokalisering: Sentrumseigedom, gnr 83 bnr 56, i kommunesenteret Gaupne, nord for Engjadalselva eigd av Luster kommune, og i tillegg tilstøytande areal på sørsida av elva. Området på sørsida er i privat eige, og kommunen vil setje i verk arbeid med kjøp og regulering av området. Reguleringsføremålet vil vere slik at det vert mogleg å realisere eit bade- og symjeanlegg. Det er ein føresetnad for å inngå avtale om tenestekjøp at nemnde regulering vert vedteken og at kommunen får kjøpt arealet som no er i privat eige. Tilbydarar av bade- og symjetenester må kjøpe den nødvendige eigedom for oppføring av anlegget, til omsetningsverdi ihht takst. Luster kommune ynskjer at den samla eigedomen også vert utvikla og utnytta i reiselivssamanheng og til overnattingsføremål. Slike planar må skisserast i tilboda som vert leverte. Her må det og opplysast kva tid anlegget er klart til å takast i bruk. Luster kommune inviterer til konkurranse etter regelverket om offentlige innkjøp av tenester i samsvar med anskaffelsesforskiften, konkurranse med forhandling ihht reglene i del III i nemnde forskrift, basert på at leverandøren forpliktar seg til å kjøpe den ovanfor nemnde eigedomen til omsetningsverdi fastsett i takst, og med ytterligare plikt til å oppføre anlegget. Luster kommune vil velja det tilbodet som samla sett er mest fordelaktig for kommunen. Kriterium for val av tilbydar vil vera pris, kvalitet, utforming, utviklingspotensiale og leveringstid, i prioritert rekkjefylgje. Vedståingsfrist: 30.juni 2008. Frist for innlevering av tilbod: 15.september 2007. Luster kommune inviterer med dette til konkurranse med forhandlingar. Luster kommune har rett til å forkaste alle innkomne tilbod. Dato: 19.juni 2007
Tore Eriksen Olav Grov rådmann næringssjef Særutskrift skal sendast: m/kopi til: