Utgreiing: Utviding av Osnes gravplass vurdering av areal Kyrkjeverja har laga ei analyse for behov for gravplass for dei neste 30 og dei neste 40 år. Ut frå dette er det også rekna ut eit areal som gravplassen må bli utvida med, eller som ein treng for å etablere ein ny gravplass. Kommuneadministrasjonen har, med bakgrunn i arealplanlegging på Osnes, bedt kyrkjeverja om å vurdere ulike moglege areal med tanke på utviding eller nyetablering av gravplass. Utviding eller nyetablering? I ei utviding har ein høve til å bruke mykje av infrastrukturen frå eksisterande gravplass, som t.d. parkeringsplass, driftshuset, avfallssortering, vatn, avløp, elektro, m.m. Ei nyetablering må ta høgde for å etablere denne typen infrastruktur. Dette vil gi utslag både på kostnadssida og på arealbehovet. Det er ikkje gjort nokre kostnadsanalyse for utviding eller nyetablering, men det er rekna ut arealet som det er behov for ved utviding og ved nyetablering med perspektiv på 30 og på 40 år. Arealbehov 30 år 40 år Utviding eksisterande 10.688 m 2 15.750 m 2 Nyetablering 11.970 m 2 17.640 m 2 Kjelde: Behovsanalyse for utviding av Osnes gravplass. Mogleg gjenbruk av nedlagt gravplass bak Ulstein kyrkje som urnelund Gravplass bak Ulstein kyrkje er nedlagd. Jordsmonnet og ei rekke med praktiske omsyn har gjort den ueigna. Einaste gravplass i bruk i Ulstein kommune er Osnes gravplass. Men ein kan vurdere ei utgreiing om å ta i bruk arealet bak kyrkja igjen som urnelund. Det er veldig liten tradisjon for urnenedsetting på våre kantar, og prisen på kremasjon gjer at det heller ikkje er eit interessant alternativ per i dag. Men ein kan vurdere å etablere ei kommunal støtteordning som kan gjere urnenedsetting rimelegare enn kistegravferd. Tilgjengeleg areal for utviding/nyetablering Drøftingane av mogleg areal til gravplass har vore knytt til området Osnesflatene. Der har ein m.a. teke utgangspunkt i konsekvensutgreiinga rådgjevande arkeologar har laga knytt til reguleringsplanframlegg for Osnesflatene, og nummereringa under er basert på deira oppsett. Der er registrerte kulturminne på alle aktuelle areal. Ulstein kommunestyret har i tidlegare vedtak frå 21.06.2012 (Sak: 2010/466) vurdert området på Osneset, som grenser mot eksisterande gravplass i nord, som tilstrekkeleg. Området blei vurdert mot området Vollemarka. Også området Osnesmyra blei nemnt i samanheng med gravplasspørsmål som moglege alternativ. Men desse har ikkje vore vurdert som alternativ. Andre alternativ føreslått til gravplass i Ulstein kommune, på Eide, i Hasund, i Hovsetmarka og i Holsekerdalen, blei avvist av kommunestyret 31.08.2008.
Område 1.15 på nedre Osnes: Areal: 8.600 m 2. Arealet er for lite til å stette det framtidige gravplassarealet både i eit 30-års og i eit 40-års perspektiv. Men om ein kunne nytte t.d. 1/3 av området merka 1,14, så vil arealet bli om lag 10 daa og vere så vidt tilstrekkeleg i eit 30års- perspektiv. Sjølv om det ligg litt inneklemt mellom bustadane i området, kan ein også vurdere bruken av arealet mellom vegen til hybelhusa (Smestad I og II, gnr. 7, bnr. 738 og 739) og vegen Oshaugen på om lag 2,5 daa. Men det er framleis ikkje nok til å dekke behovet også i eit 40-års perspektiv. Der er få alternativ til arealbruken av område 1,15. Det kan sjølvsagt også i framtida nyttast til landbruk. Det vil vere uaktuelt å nytte heile arealet til utbyggingsføremål slik det ligg til landskapsmessig og nær badestranda. Det kunne vere aktuelt å nytte noko areal mot Solaberget til sanitærbygg og parkering for stranda, men sanitæranlegg er innregulert mellom eksisterande gravplass og nausta ved nordre del av Osnessanden. Der vil ein kunne nytte seg av eksisterande parkeringsplassar, og området ligg meir sentralt til både i høve sentrum og bustadområda. Forhold til eksisterande gravplass/naudsynt grunnarbeid: Arealet er optimalt plassert driftsmessig i høve dagens gravplass. Ei utviding vil kunne nytte seg i stor grad av eksisterande infrastruktur. Det ligg an til å kunne fylle opp arealet mot fortauet langs Osnesvegen for å få optimale masser for gravlegging, og fornuftig fall på overflata. Konsekvens for kulturminna: Det kan vere realistisk å få frigjeve dette arealet til gravplass utifrå at det har lavast konsekvens for kulturminna i området (viss vi ser bort ifrå 0-alternativet), jf. utgreiinga frå rådgjevande arkeologar. Dette inneber at dei andre områda (1.1 og 1.2) ikkje blir regulert til annen bruk enn bruken i dag. Konsekvens for landskapet og arealet rundt: Landskapsmessig har det små konsekvensar om arealet vert gravplass. Osnessanden er også eit ynda rekreasjonsområde og gjester der brukar same parkeringsarealet som gravplassen. Eit planlagt sanitæranlegg for Osnessanden vil gjere dette området meir attraktivt. Ved større gravferd er behov for parkeringsplasser større enn tilgjengeleg parkeringsareal, i dag er det få tilfelle der parkeringsbehov for gravferd kjem i konflikt med parkeringsbehov for rekreasjonsområdet. Tal på gravferd per år vil stige med 50 % i eit 30-års perspektiv. Med gravplass på begge sider av parkeringsplassen aukar presset på området ikkje bere med tanke på parkering. Økonomisk konsekvens: I høve grunnpris, så ligg det i 100 m-beltet langs sjøen, og kommunen vil såleis kunne argumentere for lågare grunnpris enn t.d. for område 1.1 (Osnesflatene) eller 1.2 (Vollemarka). Ei utviding i direkte kontakt med eksisterande gravplass vil vere eit rimeleg alternativ. Vurdering: Etter kyrkjeverja si behovsanalyse er arealet sjølv med ei ekstra utviding mot nord ikkje stort nok for å kunne dekke behovet i Ulstein kommune for gravplass i eit 40-års perspektiv. Utvidinga mot nord vil stå noko i konflikt med rekreasjonsområdet. Den store fordelen med arealet er at infrastrukturen er på plass og at ei utviding ville kunne realiserast med forholdsvis låge kostnader. Område 1.2 (Vollemarka): Areal: 16.000 m 2. Om arealet skal vere aktuelt til gravplass, må kommunen løyse inn bygningsmassen som Link Eigedom AS kjøpte i oktober 2016 og i tillegg kjøpe resterande areal på 5 6 daa. Den løysinga avviste Ulstein kommunestyre i møte 21.6.2012, sak nr. 12/69 etter ei konkret vurdering knytt til
oppstart av reguleringsplanarbeid. Planarbeidet førte fram til planframlegg i 2015. Slutthandsaming av saka vart utsett. Difor vart den ikkje lagt fram for kommunestyret før i møtet 30.3.2017, sak 17/20 der det vart gjort vedtak om endra reguleringsplan for området, men framleis med føremålet bustad. Noverande arealbruk til bustadføremål vil bli vidareført om ikkje kommunen løyser det inn. Konsekvens for kulturminna: Å frigjeve dette arealet til gravplass har lav konsekvens for kulturminna i området, jf. utgreiinga frå rådgjevande arkeologar og med tanke på at store deler av arealet allereie er i bruk. For at konsekvens for kulturminna skal vere lav er det ei føresetnad at dei andre områda (1.1 og 1.15) ikkje blir regulert til annen bruk enn bruken i dag. Forhold til eksisterande gravplass/naudsynt grunnarbeid: Arealet er lengst unna dagens kyrkjegard. Avstanden er likevel så liten at driftshuset på Osnes ville framleis kunne nyttes som hovudbase. Ei utviding vil kunne nytte noko av eksisterande infrastruktur, men parkeringsplass og eit mindre driftshus/reiskapsbod/sanitæranlegg må ein ta høgde for. Jordsmonnet er skrinn sandhaldig jord. Overflata er svakt hallande mot sjøen noko som er gunstig med tanke på å bruke det til gravplass. Riving av bustadane og opparbeiding av denne delen av arealet vil vere naudsynt. Konsekvens for landskapet og arealet rundt: Nedbygging til bustad eller bruk til gravplass for område 1.2 er ikkje vurdert i analysen utført av rådgjevande arkeologar, men å etablere ein grøn stripe mot Vollesanden vil godt ta vare på strandsona ut frå eit miljø- og rekreasjonsperspektiv. Som parkområde kan ein gravplass vere eit positivt bidrag i landskapsbildet. Økonomisk konsekvens: Det er økonomisk krevjande å frikjøpe arealet, å rive bustadene og opparbeide arealet med infrastruktur for at det kan bli ein gravplass. Vurdering: Etter kyrkjeverja si behovsanalyse er arealet så vidt stort nok for å kunne dekke behovet Ulstein kommune har for gravplass i eit 40-års perspektiv, og arealet er meir enn nok i eit 30-års perspektiv. Som parkområde mot sjøen vil det vere eit økologisk viktig bidrag for å verne om strandsona. Ulempa med området er ein høg pris for å kjøpe arealet og kostander for å etablere delvis ny infrastruktur. Område 1.1 (Osnesflatene): Areal: 20.200m 2 mogleg å utvide mot sør til 23.200 m 2. Arealet er større enn det er behov for. Alternativ arealbruk kan vere til mange føremål om det skulle bli frigjeve i høve kulturminne. Det går føre seg eit reguleringsarbeid i regi av grunneigar med siktemål om å få bygge bustader på området. Konsulent er AG Plan og Arkitektur as. Konsekvens for kulturminna: Nedbygging av dette arealet er vurdert til å ha stor samla konsekvens for kulturminna på Osnes, jf. utgreiinga frå rådgjevande arkeologar. Rett nok har utgreiinga vurdert bustader som føremål, og gravplass vil ha mindre visuell verknad. Å ta i bruk dette området vil føre til eit enda større behov for å verne dei andre områda med verdi for kulturminna. Å ta i bruk området heilt til parkeringsplassen ved Osnessanden som gravplass vil knyte området saman med eksisterande gravplass. Forhold til eksisterande gravplass/naudsynt grunnarbeid: Avstand til eksisterande gravplass er slik at driftshuset på Osnes ville framleis kunne nyttes som hovudbase, men parkeringsplass og eit mindre driftshus/reiskapsbod/sanitæranlegg må ein ta høgde for. Området består stort sett av drenert myr, så jordsmonnet er ikkje eigna til gravlegging. Det må difor gjennomførast masseutskifting og påførast eigna masse på det meste av området.
Konsekvens for landskapet og arealet rundt: Ein gravplass på dette området vil ta vare på området som ei grøn lunge, men gravplassen vil vere omkransa av bustadområde på alle kantar. Dette vil muligens vekke ein del motstand. Økonomisk konsekvens: Å opparbeide området til gravplass vil vere relativt kostbart, men reell kostnad har ikkje vore rekna på så langt. Vurdering: Etter kyrkjeverja si behovsanalyse er arealet stort nok for å kunne dekke behovet for gravplass i Ulstein kommune også i eit perspektiv langt utover 40 år. Ulempa med området er ein må opparbeide jordsmonn og etablere delvis ny infrastruktur. Oppsummering Alle alternativ har fordeler og ulemper. Uansett kva alternativ ein vel til gravplass vil det ha konsekvens for dei andre områda ut frå konsekvensutgreiinga rådgjevande arkeologar har kome med. Alternativ på område 1.15 følgjer opp tidlegare vedtak, men har ikkje stor nok areal i eit lengre tidsperspektiv. Alternativet er økonomisk rimeleg men legger rekreasjonsområde rundt Osnessanden noko under press. Forholda for etablering ligg best til rette i dette alternativet. Det lågaste inngrepet i kulturminne om ein ser bort frå annan bruk av dei andre kulturminneområda Alternativ på område 1.2 har tidlegare blitt avvist, men har tilstrekkeleg areal for eit lengre tidsperspektiv opp mot 40 år. Det vil vere økonomisk krevjande å legge området til rette, men det vil ha ein positivt effekt for strandsona og miljø. Låg inngrep i kulturminne om ein ser bort frå annan bruk av dei andre kulturminneområda. Alternativ på område 1.1 har størst areal og gir gravplass langt utover eit 40-års perspektiv. Det vil vere økonomisk krevjande å legge området til rette, men kanskje litt rimelegare enn alternativ 1.2. Gravplassen vil bli omkransa av bustadar på all sider og utgjer det største inngrepet i kulturminne sjølv om ein ser bort frå annan bruk av dei andre kulturminneområda.
Alternativ 1:
Alternativ 2:
Alternativ 3: