Referat frå programstyremøte for nordisk Tid: måndag kl Stad: Sydneshaugen skole Grupperom P

Like dokumenter
Ordinær eksamen hausten 2016, nordisk

Referat fra møte Utval for undervisning og internasjonalisering (UUI)

Marianne Eskeland (studiekonsulent) møtte for Ranveig Lote (studieleder).

!"#$%&!'!!(!)'*+,! *-&!!(!*),!!!".$

Emnet er ope for alle med studierett ved UiB.

INNKALLING TIL MØTE I FORSKNINGS- OG FORMIDLINGSUTVALGET

NOLI211, NOLI311 og NOLI212, NOLI312, endring i obligatorisk aktivitet NOLI211, NOLI311, NOLI212, NOLI312.

Studieplan 2008/2009

Lærarsvar A 1. Kva meiner du var den viktigaste årsaka (årsakene) til at vi gjorde dette?

Modellar for lektorutdanning ved UiB

2 Protokoll fra forrige programstyremøte (28. august 2015) ble godkjent.

07/16 Godkjenning av møtereferat fra 20. januar 2016 Møtereferatet fra programstyremøtet 20. januar ble godkjent uten videre merknader.

INNKALLING TIL MØTE I FORSKINGS- OG FORMIDLINGSUTVALET

Studieplan 2009/2010

Dette notatet baserer seg på dei oppdaterte tala frå dei tre siste åra. Vi ønskjer å trekke fram følgjande:

U N I V E R S I T E T E T I B E R G E N Institutt for fremmedspråk (IF) Innkalling og saksliste

INFORMASJONSHEFTE GRUNNSKULELÆRARUTDANNINGANE HØGSKULEN I VOLDA STUDIEA RET

Fyll inn datoar i rutene etter kvart som du set deg mål og når dei. Mitt mål Språk: Dette kan eg

Studentane vart for ti av spørsmåla bedne om å kryssa av for eitt av fem alternativ.

Dersom noen av representantene ikke kan møte, må de selv be vara om å stille i stedet.

Eksamensoppgave i NORD1106 Nordisk språk historisk, 7.5 sp.

Elevundersøkinga 2016

UNIVERSITETET I BERGEN Programutval for lærarutdanning Det humanistiske fakultet

Emnerapport 2015 vår KJEM221

AGENDA Heliks Board Meeting Room 439C1 at HiB, 4.15 pm

Kontrollutvalet i Hå INNKALLAST TIL MØTE 12. februar 2008 kl på Rådhuset, Varhaug

Innkalling til møte i Studentparlamentet Måndag 14. mars 2016 Stad: Akutten i Førde Tid: 16:00 ca.19:00

Reise: Møtes på rutebilstasjonen på Sjøholt måndag kl Alle må kome seg til Sjøholt på eige hand, og så køyrer vi i privatbilar derifrå.

PROTOKOLL. Møte i PROGRAMUTVALGET FOR LÆRERUTDANNING tirsdag 9.februar, kl , rom 372, HF-bygget, 3.etasje.

Grunnkurs i tysk for lærarstudentar Basic Course in German for teacher students Studiepoeng 5 Undervisningssemester

Spansk og latinamerikansk språk og kultur 60 studiepoeng

Styresak. Synnøve Serigstad Retningslinjer for brukarmedverknad i Helse Vest. Arkivsak 2012/105 Styresak 043/14 Styremøte

Vedtak i sak som gjeld klage på manglande innsyn etter offentleglova

EVALUERING AV NOSP103-F (FJERNORD) «SPRÅKHISTORIE OG TALEMÅL» VÅREN 2016

Oppfølging handlingsplan - Koordinerande einingar, individuell plan og koordinator

PROTOKOLL. Møte i PROGRAMUTVALET FOR LÆRARUTDANNINGA torsdag 15. desember 2011, kl , seminarrom 217, HF-bygget.

Foreldreråd utan tilsette - Helland Barnehage 25. september 2012 kl

Hilde Corneliussen og Pär Ola Sandin (prosjektgruppemedlemmar og av- og påtroppande undervisningsleiar) har vore orienterte om arbeidet undervegs.

Bjørg Kristin Selvik, Anne-Grethe Naustdal, Gunn Haraldseid, Johanne-Marie Trovåg, Brit Julbø, Gunhild Raunsgard, Henrik Waage Tjore

Rapport om målbruk i offentleg teneste 2014

12/2011 NOTAT. Hallgerd Conradi og Kåre Heggen

PROTOKOLL. Tilstede: Leder Anne-Brit Fenner Torodd Kinn Tor Jan Ropeid (for Åsta Haukås) Studentrepresentant, IL. Fra administrasjonen

Emnerapport for FRAN 101 Fransk grammatikk Vår 2015

Dersom De ikkje kan møte, ber ein om at De melder frå til sentralbordet eller møtesekretær snarast råd.

Vidareutdanning ved Det humanistiske fakultet, Universitetet i Bergen

Medlemsundersøking for Mållaget i Kristiansand november 2018

02/16 Godkjenning av protokoll fra forrige programstyremøte (vedlegg 1)

Det er ein føresetnad for tilbakemelding av resultata til verksemda at personvern og anonymitet er sikra.

Studieplan - KOMPiS Nordisk språk og litteratur (nettstudium)

Revisjon av retningslinjer for protokollkomiteen i Kyrkjemøtet

Rapport om målbruk i offentleg teneste 2017

MØTEINNKALLING Tysnes kommune

Norsk 3 (studieprogramkode: HN3) (Norsk 301 og 302)

Reglement for kontrollutvalet i Selje kommune (Vedteke av Selje kommunestyret den 29. april 2009, sak 030/09)

ORDINÆR EKSAMEN FOR 1R BOKMÅL Sensur faller innen

SOGNDAL KOMMUNE REGLEMENT FOR KONTROLLUTVALET UTKAST

FORSKRIFT OM GRADAR Fastsett av styret ved KHiB den med heimel i Uhl

6 Samisk språk i barnehage og skule 2011/12

SAKSDOKUMENT. Framlegg til endring av vedtekter for ungdommens kommunestyre (UKS)

Sakliste til studenttingsmøtet

MED ecampus PÅ NETT I LÆRARUTDANNINGANE

Møtebok. frå. utdanningsutvalet

Fagfornyelsen - andre runde innspill til kjernelementer i skolefagene

STUDIEBAROMETERET 2015

26 timer førelesingar, tilsvarande 1 dobbeltime i veka. Minst 8 dobbelttimar førelesingar og 2 dobbelttimar seminar

Tilbakemelding til NOKUT sin tilsynsrapport - Tilsyn ved Fagskolen i Ålesund

Naturfag vidareutdanning

Kopi: Solveig Steinnes, Stein Haugom Olsen, studieadministrasjonen, studentrepresentantene i instituttrådet.

SAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: Odd Arve Rakstad Arkiv: 026 Arkivsaksnr.: 12/ Kommunesamanslåing Leikanger og Sogndal. Spørsmål om utgreiing

SOTRA BRANNVERN IKS - I arbeid for eit branntrygt lokalsamfunn!

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

Austevoll kommune. Tilleggsinnkalling Tenesteutvalet

Tilgang til relevant litteratur: Pensum består hovudsakleg av bøker og utdrag frå bøker, men også nokre artiklar, som er tilgjengelege på Mi side.

VURDERING. fordi vi stiller krav og vi bryr oss

Vedtekter for Pedagogstudentene i Utdanningsforbundet

Høgskolen i Østfold. Studieplan for. Norsk 1. Studiet går over to semester 30 studiepoeng. Godkjent av Dato: Endret av Dato:

Årsmelding FitjarFagskule Helsefag Eldreomsorg 1-årig fulltid over 2 år.

Finnøy og Rennesøy kommunar

Utval: Kontrollutvalet Møtestad: Kommunestyresalen, kommunehuset, Birkelandsvegen 2, 5392 Storebø Dato: Tidspunkt: 09:15 12:45

Kontrollutvalet i Fusa kommune Møteprotokoll

Universitetsstyret Universitetet i Bergen. Reviderte retningslinjer for tverrfakultære program

Eksamensoppgave i NORD1102 Nordisk språk moderne, 15 sp.

Å INFORMERE OG UNDERVISE PÅ EIGEN ARBEIDSPLASS. Berit Ullebust Utviklingssenter for sjukeheim og heimetenester i Sogn og Fjordane

Alle fire kursa er godkjente frå før, men har no fått nye kodar (jfr. e-post frå Birthe 1. oktober):

Læringsutbyte/resultat Kunnskap Dugleik Grunnkompetanse

I forkant av møtet, og etter avslutning av møtet, vart det gjennomført opplæring i bruk av ipad.

Møtebok. frå. Utdanningsutvalet

MØTEPROTOKOLL. Høgskulestyret. Styremøte 6/2015. Møtedato: kl. 9:00-14:45 Møtestad: Sagafjord Hotell, Sæbø Arkivsak: 15/00052

STUDIEBAROMETERET 2016

Høyring Masfjorden kommune med saksnummer034/2018 Svar på høyring om samanslåing av ungdomskular frå FAU ved Matre Skule

STYRESAK. DATO: SAKSHANDSAMAR: Ivar Eriksen SAKA GJELD: Regional utviklingsplan for Helse Vest RHF ARKIVSAK: 2018/661 STYRESAK: 132/18

REFERAT - MØTE I PROGRAMUTVAL MEDISIN

MATEMATIKK 1 for 1R, 4MX130SR09-E

Rapport frå Samhandlingsseminar mellom Haugesund kommune og Haugesund sjukehus, Helse Fonna Dato: 23.februar.2015

Norsk 3 (Norsk 301 og 302) Studiet går over to semester 30 studiepoeng

Evaluering av NSSU AUD- rapport nr. 2-11

MØTEPROTOKOLL Fellesmøte med Strategisk studienemnd og Læringsmiljøutvalet

INNKALLING TIL MØTE I FORSKNINGS- OG FORMIDLINGSUTVALGET

Eksamensoppgave i NORD1102, (utsatt prøve) Nordisk språk moderne, 15 sp.

Hugs å bruke engelsk der undervisningsspråket er engelsk.

Transkript:

Universitetet i Bergen Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium (LLE) Referat frå programstyremøte for nordisk Tid: måndag 07.11.2016 kl. 10.00-11.00 Stad: Sydneshaugen skole Grupperom P Til stades: Gunnstein Akselberg, Ivar Utne, Christine Hamm, Ann-Kristin Helland Gujord, Jens Eike Schnall, Marthe Grønsveen (vara for Ragnhild Anderson), Ane Berland Opheim, Ingrid Fjeldstad (vara for Oda Marie Erstad Villanger) og Signe Nilssen Fråfall: Ragnhild Lie Anderson, Oda Marie Erstad Villanger 27/16 Godkjenning av innkalling og saksliste 28/16 Godkjenning av referat 29/16 Vedtakssak- Høyringssvar til styringsgruppa for HF2018 30/16 Vedtakssak Godkjenning av forslag til programsensor for nordisk språk og litteratur 31/16 Orienteringssaker 32/16 Diskusjonssak bruk av ordbok på eksamen 33/16 Eventuelt Gunnstein Akselberg Leiar for programstyret Signe Nilssen Studiekonsulent

Sak 27/16 Godkjenning av innkalling og saksliste Vedtak: Programstyret godkjenner innkalling og saksliste Sak 28/16 Godkjenning av referat frå møte 26.09.16 1 vedlegg Vedtak: Programstyret godkjenner referatet Sak 29/16 2 vedlegg Vedtakssak Høyringssvar til styringsgruppa for HF2018 Programstyret ved leiar Gunnstein Akselberg skal sende eit høyringssvar til Styringsgruppas tilrådingar i høve HF2018. Høyringssvaret skal sendast inn til instituttleiinga innan 14. november 2016 kl. 12.00. Tilbakemeldingar frå fagmiljøa i nordisk språk (blir ettersendt) og nordisk litteratur følgjer innkallinga. Tilbakemeldingar kan òg bli gitt munnleg på møtet. Vedtak: Programstyret vedtar at det som kjem fram på møtet, blir nedskrive og samla av programstyreleiar, og at denne teksten blir sendt ut på sirkulasjon og vedtatt. Innspel frå møtet: Nordisk språk: Viktig med BÅDE tekst og kultur og språk og kommunikasjon som del av førstesemesterstudiet. Elles er dei nøgde. NOLISP100, NOFI100 og NORAN120 skal leggast ned. Norsk som andrespråk: Einig med nordisk språk. Men det blir mindre NORAN første året sidan studentane der skal ha NOSP104 og NOLI102. Ynskjer å ha eit 5-poengsemne tidlegare i løpet. Emnekodane kan bli litt ugjennomsiktige, og det kan ha konsekvensar for rekrutteringa til andrespråksstudiet frå dei som tek etter-og vidareutdanning. Kan emnekodane gjerast om på slik at det kjem tydeleg fram at dei inneheld norsk som andrespråk? HF2018 fører til betydeleg reduksjon av Norsk som andrespråk fordi to reine NORAN-emne vert nedlagde. Norsk som andrespråk forpliktar seg likevel til dei overordna endringane i framlegget om HF2018, men under føresetnadar at nordisk språk og litteratur forpliktar seg til å ta inn NORANperspektiv i NOLISP og NOSP-emna, også på pensumlistene. Islandsk: (frå vedlegg) Er misfornøgde med at islandsktilbodet blir svekka med 30 stp. Dette er noko vi må sjå nærare på sidan når ein skal sjå på detaljar. Men brevet må vedleggast høyringssvaret.

Norrøn filologi: Vil sende eit eige notat ut i etterkant av møtet. Nordisk litteratur: Fjerning av dublering er ikkje så ressursbesparande. Innser at dette ikkje er så mykje å gjere med. Negativt med færre kurs på 200-nivå. Studentane: Er misfornøgde med at det blir kutta såpass mykje i undervisninga på 200-nivå. Dette fører til mindre valfridom. Sender inn eit eige brev som skal leggast ved høyringssvaret. Oppsummert: I hovudsak er programstyret tilfreds med framlegget frå Styringsgruppa, sidan det ikkje skil seg frå det som blei sendt inn frå arbeidsgruppa. Likevel er det ein del punkt på detaljnivå som må arbeidast med vidare. Både studentar og tilsette synest det er leitt at det blir færre emne, og dermed mindre valfridom på 200-nivå. Sak 30/16 2 vedlegg Vedtakssak - Godkjenning av forslag til programsensor for nordisk språk og litteratur Det skal oppnemnast ny programsensor for bachelorprogrammet og masterprogrammet i nordisk språk og litteratur. Det er språksida sin tur til å foreslå kandidatar. Fagkoordinator Ivar Utne har føreslått desse kandidatane i prioritert rekkjefølgje: 1. Rune Røsstad, UiA 2. Jan Svennevig, UiO 3. Jan Hognestad, UiS Kandidatane er godkjende av fagkoordinator Christine Hamm. Vedtak: Programstyret godkjenner forslaga til programsensorvervet. Ivar Utne undersøkjer med kandidatane om dei er viljuge til å ta på seg vervet. Sak 31/16 1 vedlegg Orienteringssaker Stoda for SAS1. Christine Hamm og Ivar Utne orienterer. Koordinatorressursar sjå vedlegg. SAS1: SAS-stillinga inneheld 3 kurs SAS1 (språk), SAS2A (litteratur) og SAS2B (litteratur). Det finst ikkje kandidatar som har dobbeltkompetanse (altså både språk og litteratur). Difor har det vore ein bytehandel. NORAN har fått bidrag frå litteratur mot at språkmiljøet stiller undervisar på SAS1. No skal dette NORAN-kurset leggjast ned. Kan innhaldet bli meir fleksibelt slik at den tilsette kan designe kurset meir etter eigen forskingskometanse?

Språksida seier at det no er ein litterat som driv kurset, og at det difor er rimeleg at det blir undervist i meir litterær retning. Dersom det kjem inn ein språkvitar i stillinga på eit tidspunkt, kan vi vurdere innhaldet nærare. Kommentar frå Eike: kanskje ein kan designe eit program med tanke på internasjonalisering. Koordinatorressursar: Skal det sendast eit svar til instituttleiinga? Bestillinga blei sendt ut i 2016. No vil leiinga at saka skal utsetjast til vi er ferdige med HF2018. På kva for måte kjem HF2018 til å endre noko i koordinatorressursbehovet? Koordinatorane er no meir eller mindre sidestilte, ikkje underordna. Det er overtid uansett. Christine deler gjerne på sine timar. Ann-Kristin ynskjer at det skal vere synleg kor mykje arbeid som ligg på underkoordinatorane. Ivar seier ein kan løyse problemet med å få færre oppgåver. Reaksjonen frå leiinga (at uvesentlege punkt er tatt med i oversikta av arbeidsoppgåver) stemmer ikkje med det som er sendt inn. Det må sendast inn eit svar som belyser dette. Eike er misfornøgd med at det har gått med tid til å planlegge eit løp der norrønt er med i klassisk/kunsthistorie og at dette så blir forkasta utan eit ord fordi ein ikkje kan vere med i fleire program. Dette hadde Eike fått lovnad om at gjekk an på eit tidlegare tidspunkt, men no har det vist seg at det er feil. Då har det gått med mykje tid på noko som var bortkasta. Slike ting er med på å ta av koordinatortimane. Sak 32/16 3 vedlegg Diskusjonssak bruk av ordbok på eksamen Ynske om å få bruke nynorskordliste til skuleeksamen har vore tatt opp av studentar gjennom fleire semester. Dette semesteret har vi fått eit e-brev 18.10.16 frå fleire studentar på NOSP103, Språkhistorie og talemål. Dei uttrykkjer ein tydeleg argumentasjon. Dei har òg tatt opp saka med Språkrådet. På bakgrunn av klart uttrykte ønske og argumentasjon bør vi opne for diskusjonar om dette på instituttet. Sidan programstyret for nordisk er eit organ med studentrepresentasjon, kan det passe å ta opp saka her først. Det bør vere grunnlag for vidare behandling. Saka kan ikkje få noka løysning dette semesteret, og neppe neste heller. No er det viktig å få fram synspunkt og eventuell dokumentasjon. Notat frå Ivar Utne: Eg vil peike på at vi bør tenkje likt for bokmål og nynorsk når det gjeld ordliste til eksamen. I brevet 18.10.16 skriv studentane bl.a.: "Er det virkelig slik at vi skal prioritere at vi skal pugge ordboken fremfor å fokusere på det faglige stoffet på eksamen? Er det dette som er det viktige fokuset dere ønsker at vi skal ha?" Utne har bl.a. svart slik 31.10.16 (språkfeil er retta): "Hovudgrunnen til at vi ikkje tillet bruk av ordliste til eksamen, verken nynorsk eller bokmål, er at vi reknar det som viktig å kjenne til rettskrivingane. Vi tenkjer at rettskrivingane lærer ein først og fremst med skrivig og øving saman med oppslag i ordlister og grammatikkar gjennom semesteret.

Systematisk pugging har vi lite tru på. Vi legg òg vekt på anna ved språkføringa, som uttrykksmåtar og tekststruktur. Ved vurdering av språkbruk til eksamen tek vi omsyn til at det ikkje er hjelpemiddel. Ei av vurderingane vi vil gjere for bruk av ordlister, er om tid for å slå opp i ordlister går ut over tid til det øvrige faglege under eksamen. Vi ser det som nyttig å få nye innspel." Dessutan kan eg leggje til at svara på dei obligatoriske heimeoppgåvene i nynorsk dette og tidlegare semester viser at nynorskordliste blir altfor lite brukt. Det kan òg vere interessant å sjå på grunnar til det. Kopi av brevvekslinga ovanfor er vedlagt. Det gjeld òg ei undersøking om nynorsk gjennomført for NOSP103 og NOSP103-L hausten 2013. Dei fleste spørsmåla gjeld sjølve kurset det semesteret, men noko gjeld òg andre synspunkt på nynorsk. Tilbakemeldingar på møtet. Studentane: Mot: Det tar tid å slå opp på eksamen. Blir vurderinga strengare når ein kan nytte ordbok? Det er eit krav som nordiskstudent å kunne nynorsk. For: bergensfolk slit med tre kjønn. Er nynorskkurset godt nok? Kan det organiserast annleis? Generelt: Det er ikkje vanskeleg å få bestått på øvingsoppgåva. Er ho for kort? Blir studentane undervurderte? Kommentar frå Gunnstein: Øver dei på nynorsk? Dei nyttar ikkje hjelpemiddel når dei er tilgjengelege. Christine opplever det same. Litteratursida: Ikkje prinsipielt mot ordbok, men der var det ein i miljøet som var klart MOT ordbok. Didaktikk kjem inn med eit yrkesperspektiv: Det er mykje ulikt å sjå ute i skulane. Vi utdannar mange lærarar, og dei skal kunne nynorsk i undervisinga. Dersom dei ikkje øver på det gjennom utdanninga, vil dei ha problem òg i arbeidet. Oppsummert: Programstyret er innstilte på at ein ikkje skal kunne nytte ordliste til eksamen. Ivar ynskjer at studentane kontaktar han om dette. Det er viktig at det kjem tydelegare fram enn no at nynorsken er noko ein må jobbe med gjennom heile studiet og at ein ikkje berre kan «pugge» til eksamen. Kanskje vi kan ta det tydelegare inn i emne-og studieplanane. Og dessutan at det blir vektlagt på førelesingar.

Sak 33/16 Eventuelt Ingen saker vart melde inn. Vedlegg til innkallinga: Brev om koordinatorressursar Notat til høyringssvaret frå Christine Hamm Notat til høyringssvaret frå Thorsteinn Indridason Notat til høyringssvaret frå Ivar Utne E-post om nynorsk ordbok frå studentar på NOSP103 Svar på e-post om nynorsk ordbok frå Ivar Utne Undersøking om nynorsk NOSP103 h2013 Retningsliner for programsensorordninga Brev om programsensorar