FIREMANNSBUSTAD MED CARPORT I ULSTEINVIK, HUS 10
Status Ledig Eieform Eier (Selveier) Boligtype Leilighet Pris 1 395 000,- Primærrom 37 M² Brukesareal 37 M² Soverom 1 Rom 1 Energimerking Kommunenr 1516 Gårdsnr 29 Bruksnr 219
KONTAKTINFORMASJON MEGLERE Odd Martin Velsvik SALSSJEF E-post: odd@mesterhussunnmore.no Telefon (jobb): +47 982 36 760 Telefon (mobil): +47 982 36 760 E-post: post@mesterhussunnmore.no Telefon (jobb): +47 70 05 59 10
FREMDRIFT Tomtearbeidet startar i juni 2016 FASILITETER Aircondition, Balkong/Terrasse, Barnevennlig, Garasje/P-plass, Offentlig vann/kloakk, Parkett, Turterreng. BELIGGENHET Attraktiv tomt i eit etablert byggjefelt i Holsekerdalen i Ulsteinvik. Beustaden er vendt mot sør-vest, og i nær avstand til barnehage, skule, Høddvoll stadion og til sentrum. BESKRIVELSE ENKEL SKILDRING Ferdigstilling: Bustaden vert levert i tråd med Teknisk Forskrift 2010. Bustadene vert levert etter vårt nøkkelferdige konsept. Der er ikkje inkludert kvitevarer og belysning, og ved overtaking kan du berre vaske ned bustaden og flytte rett inn. Utvendig overflate: Utvendig bordkledning vert levert med eit strøk grunningsfarge. På taket vert det levert takpapp. Berande konstruksjonar og dekke på balkong/terrasse består av trykkimpregnerte materiale. Husfargar i feltet skal vere slik prospekt og byggjeteikningar viser. Innreiing/måling: Bustaden vert levert med ferdigmåla tak- og veggplater. Veggplater er av typen rullemalt 3 bords caffelatte. Dører, vindauge, listverk og fôringar til vindauga er kvite. Veggar og golv på bad er flislagde. På soverom og i yttergang vert det lagt laminatgolv og på golva i stove og kjøkken vert det lagt eik parkett. På innvendig bod vert lagt fliser på golv. Kjøkken, bad og garderobe innreiing: Kjøken er av type Nordsjø kvit profil, og badinnreiing av type Nordsjø slette frontar og med lysarmatur og spegl. Desse vert levert i h.h.t. arkitektteikning. Det vert levert 1m garderobeskap til kvar sengeplass, og vert montert i h.h.t teikning. Rørleggar- / sanitærarbeid :
Anlegget vert levert komplett, og omfattar blant anna varmtvasstank, avløp og uttak for vaskemaskin og oppvaskmaskin, eittgreps blandebatteri, dusjbatteri med dusjsett til bad, i h.h.t teikning. Det vert levert 2 stk utvendig kran per hus. Ventilasjon: God ventilasjon er avgjerande for eit godt innemiljø og for å halde oppvarmingsutgiftene så lave som mogeleg, og derfor vert bustaden levert med balansert ventilasjon med varmegjenvinnar. Anlegget består av reguleringsbrytar, avtrekkskanalar og ventilar frå kjøkken, bad, wc, og samt tilførselskanalar og ventilar til opphaldsrom/soverom. Sentralstøvsugar: Støvpartiklar i innelufta kan virke irriterande for luftvegane, men med sentralstøvsugar vil desse støvpartiklane forsvinne ut av huset. Anlegget består av ei sentraleining og røyropplegg med naudsynte kontaktar i kvar etasje. Elektriske installasjonar: Elektrisk anlegg er utført etter gjeldande forskrifter som sikrar nok elektriske punkt. Sikringsskap med automatsikringar, jordfeilbrytar. Elektrikar gjer greie for punktplassering. Oppvarming skjer frå Ulstein fjernvarme, og omfattar oppvarming av tappevatn, golvvarme på bad samt oppvarming med viftekonvektor. garasje og bodanlegg, samt utvendig lyktestolpar vil være fellesanlegg. Uteplass: Leilegheitene vil få balkong og stor terrasse mot sør-vest. Uteområdet vert levert med solda jord og tilsådd med grasfrø. Planting av tre/busker/barkebedd slik situasjonsplan viser. Vegareal vert levert med asfalt. Dei 3 leikeplassane leverast med 1 stk benk, 1 stk sandkasse og 1 stk leikeapparat kvar. For meir detaljer sjå leveringsskildring. ADKOMST Bustaden vert bygd i eit eksisterande byggjefelt i Holsekerdalen, nærme Høddvoll Stadion. Avkøyrsle frå 61 Hareidsvegen. PRIS Prisen på leilegheita er fast. Det er ingen budrunde, og det er førstemann til mølla. Det er fast pris, og inga indeksregulering. Du betalar til den dagen du tek over leilegheita. Seksjon 37 og 38: kr 1.495.000,- BRA 37 m2 Seksjon 39 og 40: kr 1.395.000,- BRA 37 m2
NØKKELFERDIG Leilegheita vert levert nøkkelferdig. Det vil seie at du slepp å gjere noko eigeninnsats. Du vaskar berre ned og flyttar rett inn den dagen du tek over. Det som ikkje er med er kvitevarer, dusjkabinett og lampar (anna enn den over spegl på bad) Alt av innreiing som parkett på stove og kjøkken, laminat på alle andre tørre rom, ferdigmåla panelplater på vegg, kvite listverk og fôringar, kvite takplater, fliser på veggar på bad, fliser og varmekablar på golvet på bad, kjøkkeninnreiing, badrominnreiing, 1 klesskap per sengeplass, varme frå Ulstein Fjernvarme, alt av elektrisk- og rørleggingsarbeid, armatur, dusjgarnityr, toalett, varmtvasstank. STANDARD LEVERANSE Vi har ein standard på vår leveranse som er av varer av god kvalitet og moderne uttrykk. Vi har valt fine og nøytrale fargar, og alt er inkludert i prisen. Dersom ein ønskjer å avvike frå standarden så er det sjølvsagt mogleg. Endrar ein noko på standarden fører vi dette opp i ei endringskontrakt der fråtrekk eller tillegg i pris vil bli sett opp.