saksframlegg Dato: Referanse: Vår saksbehandlar: 09.03.2009 MR 8051/2009 Marianne Hojem Bye Saksnr Utval Møtedato U-43/09 Fylkesutvalet 27.03.2009 T-07/09 Fylkestinget 21.04.2009 Møre og Romsdal fylke som regional utviklingsaktør - "Arbeidsgivarpolitikk for framtida" Bakgrunn Det blir vist til Sak U-10/08 Møre og Romsdal fylke som regional utviklingsaktør arbeidsgivarpolitikk for framtida U-10/08 gir målsettingar for arbeidet med arbeidsgivarpolitikken: Sterkare fokus på omdømebygging Etablere tiltak for å rekruttere nye medarbeidarar Tiltak for kompetanseutvikling Tiltak for å halde på dei medarbeidarane vi har Tiltak for seniorane./. Vedlagt følgjer Møre og Romsdal fylke sin Arbeidsgivarpolitikk for framtida. Organisering av prosess etter vedtak 25.02.08 Fylkesdirektøren sitt framlegg til arbeidsgivarpolitikk for Møre og Romsdal fylke er resultat av ein lang og brei prosess. Frå september 2007 og fram til 4. mars 2009 har leiarar, medarbeidarar frå tenesteområda og arbeidstakarrepresentantar arbeidd i fellesskap med administrasjonen i møter og arbeidsgrupper. Leiarane har definert behova, gitt innspel, og arbeidstakarorganisasjonane har vore representerte både i fellesmøte, i arbeidsgrupper og i styringsgruppa. Ansvar for prosess Personalseksjonen på vegne av fylkesdirektøren har hatt administrativt ansvar for prosessen. Framdriftsplan Framdriftsplan av januar 2008 viser tidsplan, aktivitetar, møteplassar og organisering av vedtaksstruktur i prosessen. Vedtatt tidsperspektiv for planperioden ( jf U-10/08 ) er drøfta med politisk og administrativ leiing, og vurdert med omsyn til brei deltaking og stor prosess. Styringsgruppe Fylkesdirektøren si leiargruppe saman med arbeidstakarrepresentantar frå hovudsamanslutningane, både statlege og fylkeskommunalt, har vore styringsgruppe.
Side 2 Arbeidsgrupper Fire arbeidsgrupper vart etablert i møte i styringsgruppa 09.09.08 med mandat å arbeide fram strategiar og konkrete tiltak på områda omdøme, rekruttering, kompetanseutvikling og tiltak for seniorar. Gruppene var sett saman av arbeidsgivar- og arbeidstakarrepresentantar, både fylkeskommunale og statlege. Einskapsfylke Arbeidsgivarpolitikk for framtida er utarbeidd i eit samarbeid mellom alle tilsette i Møre og Romsdal fylke. Om einskapsfylke opphøyre som organisasjon, vil dokumentet representere arbeidsgivarpolitikk for Møre og Romsdal fylkeskommune. Rapportar frå arbeidsgruppene 17. februar 2009 la gruppene fram sine innstillingar, og 2. mars 2009 vart innstillingane drøfta i styringsgruppa. Referat og innspel frå drøftingsmøte 4. mars 2009 var organisasjonane inviterte til drøftingsmøte, og presenterte for framlegg vedtatt i styringsgruppa. Prosess og dokumentasjon Dokumentasjon til prosessen er å finne på Møre og Romsdal fylke si heimeside www.mrfylke.no : politikk, informasjon til fylkestinget. Dokumentasjon er mellom anna: Framdriftsplan Mandat for arbeidsgruppene Lysark som presentasjon i styringsmøte og drøftingsmøte 2. og 4. mars 2009. Rapportar frå arbeidsgruppene Referat frå drøftingsmøte med organisasjonane 4. mars Arbeidsgivarpolitikk for framtida Fylkesdirektøren sitt framlegg til arbeidsgivarpolitikk viser til overordna mål og strategiar samt innsatsområde i eit tidsperspektiv fram mot 2020. Arbeidsgivarpolitikk for framtida er svar på behova vi har sett internt i organisasjonen og slik vi har tolka omverda sin påverknad på oss. I tillegg er dokumentet svar på bestillinga gitt av fylkesutvalet i møte 25.02. 08. Dokumentet vil etter politisk behandling i fylkesutvalet, 26. - 27. mars 2009 og fylkestinget 20.-22. april 2009 bli tilpassa målgruppene. Dette for å bli meir brukarvenleg og tilgjengeleg. Det nye dokumentet vil bli lagt fram for politikarane til orientering i juni 2009. Arbeidsgivarpolitikk for framtida legg vekt på at våre leiarar og medarbeidarar skal ha Møre og Romsdal fylke sine verdiar og visjonar godt integrert i samband med utøving av yrkesrolla si. Vi vil vere ein tydeleg medspelar på vegne av fellesskapet, profesjonelle i alt vi gjer, fagretta og med tydeleg respekt for samfunnsoppdraget vi er gitt. Vårt samfunnsoppdrag byggjer på verdiane respekt, likeverd, medråderett, fellesskapsansvar, open organisasjon og rettstryggleik. Våre verdiar er
Side 3 meiningsberande bindeledd på alle område og på alle nivå, internt og i vår dialog med innbyggarar, elevar, pasientar, kommunar, arbeidsliv og organisasjonsliv. Arbeidsgivarpolitikk for framtida legg opp til eit tydelegare møte mellom leiarar og medarbeidarar. Vi utfordrar våre leiarar til både inspirere og rettleie sine kompetente medarbeidarar, samt gje dei autonomi og fleksibilitet. Våre leiarar vil i møte med - og i utviklinga av - kompetente medarbeidarar, i større grad sette regi og utøve leiing gjennom visjon og mål for det vi skal oppnå, meir enn å utøve kontroll og styring av arbeidet. Vi skal møte utfordringane og endringsbehova ved å vere tydelege på at vi ønskjer å vere ein innovativ og lærande organisasjon. Vi skal både ha eit internt og eksternt fokus i vårt arbeid på arbeidsgivarområdet. Det skal vere klare og tette koplingar mellom arbeidsgivarpolitikken og organisasjons- og tenesteutviklinga i Møre og Romsdal fylke. Alle aktivitetar på arbeidsgivarområdet må inngå som ein naturleg og integrert del av kjerneverksemda for fylket. Arbeidsgivarpolitikk for framtida modell Fylkesdirektøren gjer framlegg om at ny arbeidsgivarpolitikk for Møre og Romsdal fylke legg til grunn ein organisering som vist under. Fylkesdirektøren har mynde på arbeidsgivarområdet og utformar dei konkrete tiltaka. Politikarane blir utfordra på val av overordna mål og strategiar for arbeidsgivarområdet. Strategiske grep viser til retning for arbeidsgivarpolitikken i eit tidsperspektiv fram mot 2020.
Side 4 Innsatsområda for arbeidsgivarpolitikken med følgjande mål: Identitet og omdøme Møre og Romsdal fylke blir oppfatta som aktørar på vegne av fellesskapet, profesjonelle i alt vi gjer, fagretta, utviklingsorientert og med respekt for oppdraget vi har tatt på oss. Rekruttering Møre og Romsdal fylke vil framstå som tydeleg medspelar til samfunnsutviklinga i regionen og ein attraktiv arbeidsgivar for høgt utdanna og godt kvalifiserte søkjarar. Møre og Romsdal fylke vil sikre høg kvalitet og profesjonalitet i rekrutteringsarbeidet. Kompetanseutvikling Møre og Romsdal fylke er ein organisasjon med tydeleg kultur for læring, der leiarar og medarbeidarar viser vilje til kontinuerleg utvikling og refleksjon over eigen praksis. Kompetanseutvikling og utviklingsarbeid er ein del av kjerneverksemda i Møre og Romsdal fylke, og er ein kontinuerleg prosess. Arbeidsmiljø Alle medarbeidarar i Møre og Romsdal fylke skal oppleve at dei har eit godt arbeidsmiljø som fremjar trivsel, helse og personleg utvikling. Livsfase og seniorar Livsfasepolitikken vår skal avspegle likeverd for tilsette i alle aldersgrupper, og arbeidsstokken skal vere prega av mangfald. Vi vil legge til rette for at dei tilsette sine behov knytt til dei ulike livsfasane blir imøtekome. Vi ser at rammevilkåra for arbeidsliv og familieliv/privatliv må sjåast i samanheng. Møre og Romsdal fylke vil leggje opp til ein livsfasepolitikk som motiverar tilsette til å stå i arbeid hos oss fram til ordinær pensjonsalder. Seniorpolitikken vår skal bidra til at pensjonsalderen aukar, og at vi gjennom å halde på seniorane og den kompetansen dei har, får til ein god overgang mellom arbeidstakarar med lang og kort erfaring i organisasjonen. Karrierevegar og lønn Møre og Romsdal fylke vil legge til rette for alternative karrierevegar. Dette som eit virkemiddel for å halde på og legge til rette for vekst og utvikling for kompetente medarbeidarar i organisasjonen. Fylket sin lønnspolitikk har som mål å sikre kvalitativt gode tenester gjennom motiverte medarbeidarar med riktig kompetanse. Lønnspolitikken skal vere ein dynamisk og motiverande del av arbeidsgivarpolitikken, og sikre lik lønn for arbeid av same kvalitet, innsats og resultat, og lik moglegheit for lønnsutvikling uavhengig av kjønn. Frå strategi til handlingsprogram og tiltak Arbeidsgivarpolitikk for framtida viser strategiske grep, leiarplattform og innsatsområde for arbeidsgivarområdet: Arbeidsgivarfunksjonen blir integrert del av kjerneverksemda Vi vil byggje ein overordna identitet under visjonen ein tydeleg medspelar
Side 5 Vi skal vere profesjonelle i alle ledd og prosessar: på rekruttering, på introduksjon av nye medarbeidarar på kompetanseutvikling Vi skal utvikle lærande kulturar Vi skal leggje større vekt på medarbeidarutvikling i alle livsfasar, med særleg merksemd på seniorane i organisasjonen Medarbeidarane våre skal oppleve godt arbeidsmiljø som fremjar trivsel, helse og personleg utvikling. Handlingsprogram med konkrete tiltak på innsatsområde Fylkesdirektøren har ansvar for at tiltaksplan blir etablert, gjennomført og årleg revidert opp mot fylket sin økonomiplan. Rapportering av resultat på dei ulike innsatsområda vil skje gjennom arbeidsgivarpolitikkdelen av fylket sin årsrapport. Prioriterte område for tiltak : Overordna introduksjonsprogram for alle nye medarbeidarar Overordna introduksjonsprogram for alle nye leiarar System for kvalitetssikring av rekrutteringsprosessane Arbeidsgivarseminar for alle leiarar Fylkesakademiet Handlingsprogram for kompetanseutvikling Tiltaksplan for livsfasane, med merksemd på tiltak for seniorane Leiarutviklingsprogram Ny informasjonsstrategi med strategi for marknadsføring og grafisk profil IK- teknologi for framtida Dei prioriterte områda for tiltak er summen av innspel i rapportane frå arbeidsgruppene. Tidlig i arbeidsprosessen kom gruppene med framlegg til tiltak som var samanfallande. Under prioriterte område for tiltak er desse lista opp. Våren 2009 vil framlegg til tiltak, slik desse er presenterte i rapportane, bli vurderte med omsyn til ytterligare prioritering; i tid, ressursar og potensial for verdiskaping. Vurdering Arbeidet med arbeidsgivarpolitikk for Møre og Romsdal fylke har vore gjennomført i ein brei prosess med mange aktørar. Fylkesdirektøren sitt framlegg til arbeidsgivarpolitikk vise til strategiske grep, leiarplattform og innsatsområde for arbeidsgivarområdet i eit tidsperspektiv fram mot 2020, og er i sum fylkesdirektøren sitt svar på bestillinga gitt i sak U-10/08. Fylkesdirektøren har ansvar for at tiltaksplan blir etablert, gjennomført og revidert årleg opp mot fylket sin økonomiplan. Rapportering av resultat på dei ulike innsatsområda vil skje gjennom arbeidsgivarpolitikkdelen av fylket sin årsrapport. Forslag til vedtak: Fylkestinget vedtek Arbeidsgivarpolitikk for framtida for Møre og Romsdal fylke. Ottar Brage Guttelvik fylkesdirektør
Side 6 Behandling i Fylkestinget - 21.04.2009 Hege M. Gagnat (AP) fekk permisjon frå kl. 1510 46 voterande Samrøystes vedtak i Fylkestinget - 21.04.2009 Fylkestinget vedtek Arbeidsgivarpolitikk for framtida for Møre og Romsdal fylke.