Austevoll kommune Kystverket Vest Pb. 1502 6025 ÅLESUND Dato Sakshandsamar Vår ref. Dykkar ref. 12.01.2017 Stina Nordbak 13/1575-55 Melding om vedtak Gnr. 05 Bnr. 0047 Knivavikje, Kalvanes Reguleringsplan Utval for plan og byggesak handsama ovannemnde sak i møte den 13.12.2016, sak 163/16. Det vart gjort følgjande vedtak: Utval for plan- og byggesak godkjenner oppstart av «mindre endring» for ID 20130004 reguleringsplan for GNR.5 BNR.47 Knivavikje, Kalvanes,, jf. planog bygningslova 12-14, og sender den ut på høyring. Ansvarleg søkjar: PlanConsult AS PlanID: 20130004 Gnr/Bnr: Reguleringsplan GNR.5 BNR.47 Knivavikje, Kalvanes Status: Reguleringsplanen blei godkjend av Austevoll kommunestyre den 25.06.2014. Utval for plan- og byggesak orienterer om at dersom planen får merknader, må den gjennom ein ordinær sakshandsaming, tilsvarande for «ny reguleringsplan» jf. pbl. 12-10. Frist for uttale vert sett til 4 veker frå kunngjeringsdato. Spørsmål til saka kan rettast til Stina Nordbak tlf. 55 08 10 00 eller til postmottak@austevoll.kommune.no. Med helsing Morten Storebø Ordførar Mottakarar av brevet:
Mottakarar av brevet: Fiskarlaget Vest Fiskeridirektoratet region vest Postboks 185 Sentrum 5804 BERGEN Fylkesmannen i Hordaland Postboks 7310 5020 BERGEN Hordaland fylkeskommune, Postboks 7900, 5020 BERGEN Regionalavd., planseksjonen Kjell Harald Fagerbakke Vadmyrveien 71B 5172 Loddefjord Kystverket Vest Pb. 1502 6025 ÅLESUND Olav Atle Fagerbakke Slåttevika 10 5397 Bekkjarvik OMA eigedom Postboks 77 5397 Bekkjarvik
Saksframlegg Saksnr Utval Type Møtedato 163/16 Utval for plan og byggesak PS 13.12.2016 Sakshandsamar Arkiv ArkivsakID Stina Nordbak GBNR - 05/0047, FA - L12 13/1575 Gnr. 05 Bnr. 0047 Knivavikje, Kalvanes Reguleringsplan Utval for plan og byggesak - 163/16 Handsaming: Vedtak: Utval for plan- og byggesak godkjenner oppstart av «mindre endring» for ID 20130004 reguleringsplan for GNR.5 BNR.47 Knivavikje, Kalvanes, jf. planog bygningslova 12-14, og sender den ut på høyring. Ansvarleg søkjar: PlanConsult AS PlanID: 20130004 Gnr/Bnr: Reguleringsplan GNR.5 BNR.47 Knivavikje, Kalvanes Status: Reguleringsplanen blei godkjend av Austevoll kommunestyre den 25.06.2014. Utval for plan- og byggesak orienterer om at dersom planen får merknader, må den gjennom ein ordinær sakshandsaming, tilsvarande for «ny reguleringsplan» jf. pbl. 12-10. Frist for uttale vert sett til 4 veker frå kunngjeringsdato. Tilråding frå rådmannen: Utval for plan- og byggesak godkjenner oppstart av «mindre endring» for ID 20130004 reguleringsplan for GNR.5 BNR.47 Knivavikje, Kalvanes,, jf. planog bygningslova 12-14, og sender den ut på høyring.
Ansvarleg søkjar: PlanConsult AS PlanID: 20130004 Gnr/Bnr: Reguleringsplan GNR.5 BNR.47 Knivavikje, Kalvanes Status: Reguleringsplanen blei godkjend av Austevoll kommunestyre den 25.06.2014. Utval for plan- og byggesak orienterer om at dersom planen får merknader, må den gjennom ein ordinær sakshandsaming, tilsvarande for «ny reguleringsplan» jf. pbl. 12-10. Frist for uttale vert sett til 4 veker frå kunngjeringsdato. Vedlegg: 5313_PLANTEIKNING_30.04.14.pdf 30.04.2014 121297 5313 Reguleringsforesegner_REV 1 09.10.14.pdf 09.10.2014 132916 Gnr. 05 bnr. 0047 Kalvenes. Revidert reguleringsføresegn 05.08.2016 182680 Bakgrunn for saka: I samband med gjennomgang av ulike reguleringsplanar, blei kommunen merksam på at det mangla byggegrense i fleire av dei gjeldande reguleringsplanane i kommunen. For å fråvike tiltaksforbodet i 100-metersbeltet mot sjø, må dette gjerast gjennom ei byggegrense, enten i kommuneplan eller reguleringsplan. I kommuneplanen er grensa sett til 25 meter i «utbyggingsområde», typisk bustad, næring mm. Ellers gjeld 100-meters forbodet. Avdelinga for plan- og byggesak har store utfordringar med å praktisere reglane, då mange reguleringsplanar i dag ikkje har byggegrense mot sjø. Dette inneber i praksis at dei må ha dispensasjon frå 1-8 for å bygge til dømes naust, sjølv om arealføremålet er rett. Utval for plan- og byggesak har i arbeidsmøte bestilt at reguleringsplanar som manglar byggegrense,som er av nyare dato enn kommuneplan, skal få høve til å rette opp i dette. Handsaminga skal vere fritatt frå gebyr frå kommunen sin side. «Det var semje i planutvalet om at plankonsulentar i kommunen kan få sende oppdatert plankart, eventuelt føresegn som skildrar byggegrense, inn til kommunen. Kommunen vil då fortsette prosessen med mindre endring av reguleringsplanen ut mot andre instansar, utan ordinært vederlag» Som følgje av dette søker PlanConsult AS på vegne av tiltakshaver om endring av reguleringsplan:
ID 20130004 Reguleringsplan GNR.5 BNR.47 Knivavikje, Kalvanes Vurdering av endringa/planforslaget: Reguleringsplan har geografisk avgrensing til Knivavikje Kalvanes, inneheld føresegn og plankart med arealformåla: næring, havneområde i sjø, parkeringsplassar, kjøreveg, anna veggrunn-mur, gangareal og kai. I denne reguleringsplan ligg tiltak innafor 25 meter, som utan byggegrense eller føresegn, i utgangspunktet treng dispensasjon. Rådmann har gjennomgått reguleringsplankartet ID 20130004 Reguleringsplan GNR.5 BNR.47 Knivavikje, Kalvanes, og ser at byggegrense ikkje er juridisk satt etter teiknereglane. Reviderte føresegn med byggegrenser sendt inn til kommunen og ligg ved saka. Endringa av gjeldande reguleringsplan gjeld «mindre endring» av byggegrense. Vurdering av om ein endring av reguleringsplan er i hovudsak knytt til konsekvensane og resultatet av endringa, og her må ein sjå på konfliktpotensiale og konkrete interesser. Rådmannen vurderer manglen på byggegrensa å vere av «teknisk art», og at sjølve utbygginga i reguleringsplanen var synt i plankartet gjennom arealføremål. Å sette inn byggegrense i denne reguleringsplanen har, etter rådmannen sitt skjøn, lite konfliktpotensiale og konsekvensane vert små. Området er i dag delvis bygd ut etter reguleringsplan og vert benytta som liggekai og lagerplass til fiskerinæring. Likevel er det behov for ei konkretisering av byggegrenser i plankart og føresegn. Konkretisering av byggegrense i plankartet ID 20130004: Byggegrensa for næringsbygg er lik formålsgrensa. Byggegrensa mot sjø er samanfallande med formålsgrensa. Konkretisering av byggegrensa i føresegna: Føresegna til plan er revidet (03.08.2016) og byggegrenser er lagt inn i føresegna under fellesbestemmelser 5.6 Om byggegrenser i plankart: Byggegrensa er samanfallande med formålsgrensa dersom ikkje andre byggegrenser ikkje synast på plankart. Byggegrense mot sjø er i samsvar med reguleringsplanen sine intensjonar, og vil kun vere av mindre, teknisk art. Austevoll kommune har gjennom vedtaket i kommunestyret 25.06.2014 vurdert reguleringsplanen og bruken av området er i tråd med arealformåla og plankartet. Kommunen kan ikkje sjå at ålmeinta sine interesser langs sjø vert svekka, eller andre føresetnadar som låg i reguleringsplanen vert endra som følgje av byggegrensa. Rådmannen har difor etter ein konkret vurdering kome fram til at planen kan sendast ut på oppstart/høyring som «mindre endring», jf. pbl. 12-14. Rådmannen rår til at utvalet vedtek å sende planen på oppstart/1.gongshandsaming. Rådmannen viser til at dersom planen får merknader, må den gjennom ein ordinær
sakshandsaming, tilsvarande for «ny reguleringsplan» jf. pbl. 12-10. Merknadsfrist/uttalefrist er 4 veker frå kunngjeringsdato.
Melding om rett til å klage over forvaltningsvedtak (Forvaltningslova 27 tredje og fjerde ledd) Mottakar Austevoll kommune 5392 Storebø Epost: postmottak@austevoll.kommune.no Dato Klageinstans Denne meldinga gjev viktige opplysningar dersom De ynskjer å klaga over vedtak De har fått melding om. Kven kan De senda klagen til Fristen til å klage Rett til å kreva grunngjeving Klaga skal først sendast til avsendaren av denne meldinga. Dersom dette organet ikkje endrar vedtaket som følgje av klagen, vil den bli sendt vidare til klageinstansen for avgjerd. Dersom vedtaket er gjort av kommunale eller fylkeskommunale organ, er klageinstansen kommunestyret eller fylkestinget, eller det organet desse har gjeve det til. Dersom vedtaket er gjort av kommunestyret eller fylkestinget, er klageinstansen kommunaldepartementet eller det organ det har gjeve myndet til. Klagefristen er 3 veker frå den dag dette brevet kom fram. Det er tilstrekkeleg at klagen er postlagt innan fristen går ut. Dersom De klagar så seint at det kan vera uklart for oss om De har klaga i rett tid, ber vi om at De oppgjev når denne meldinga kom fram. Dersom klagen vert sendt for seint, er det høve til å sjå bort frå den. Om De har særleg grunn til det, kan De likevel søkja om å få forlenga klagefristen. De bør då i tilfelle nemna grunnen til forseinkinga. Dersom De ikkje alt har fått grunngjeving for vedtaket, kan De setja fram krav om å få det. Slik krav må setjast fram i løpet av klagefristen. Klagefristen blir i så fall avbroten, og ny frist tek til å gå frå det tidspunkt De mottek grunngjevinga. Innhald i klagen Utsetjing av vedtaket Klagen skal nemna det vedtaket det vert klaga på, og den eller dei endringar som De ynskjer. De bør også nemna Dykkar grunn for å klaga og eventuelle andre opp-lysningar som kan ha noko å sei for vurderinga av klagen. Klagen må underteiknast. Sjølv om De har klagerett, kan vedtaket vanlegvis gjennomførast straks. De har likevel høve til å søkja om å få utsett iverksetjinga av vedtaket til klagefristen er ute eller klagen er avgjort. Rett til å sjå dokument i saka og til å krevja rettleiing Kostnader ved klagesaka Klage til Sivilombodsmannen Med visse avgrensingar har De rett til å sjå dokumenta i saka. De må i tilfelle venda Dykk til det forvaltningsorganet som har sendt denne meldinga. Der kan De også få nærare rettleiing om høvet til å klaga, om framgangsmåten ved klage og om reglane for sakshandsaminga elles. De kan søkja om dekking av utgifter til naudsynt advokatbistand etter reglane om fritt rettsråd. Her gjeld imidlertid normalt visse inntekts- og formuegrenser. Fylkesmannen sitt kontor eller vedkomande advokat kan gje nærare rettleiing. Det er også særskilt høve til å krevja dekking av vesentlege kostnader i samband med klagesaka, t.d. til advokatbistand. Dersom vedtaket er blitt endra til beste for ein part, er det også høve til å søkja dekking for vesentleg kostnader i samband med saka. Klageinstansen vil om naudsynt orientera Dykk om retten til å krevja slik dekking for sakskostnadene. Det er også mogleg å klaga til Stortinget sin ombodsmann for forvaltninga (Sivilombodsmannen). Sivilombodsmannen har ikkje høve til å handsama saker som er avgjort av Kongen i statsråd. Dersom De no får Dykkar klage avgjort i statsråd fordi Kongen er klageinstans, kan De difor ikkje seinare bringa saken inn for Sivilombodsmannen. Særlege opplysningar: