1 av 5 Sakshandsamar Dykkar dato Dykkar referanse Rasmus Stokke, tlf 57 67 60 75 15.10.2009 Kunnskapsdepartementet Postboks 8119 Dep 0032 Oslo Regionalt samarbeid om utvikling av fireårig grunnskulelærarutdanning - oppfølging av dialogmøte i Bergen 13.10.09. Svar på brev frå Kunnskapsdepartementet 15.10.09. På dialogmøte i Bergen 13.10.09 blei institusjonane oppfordra til å arbeide vidare med dei faglege prioriteringane, både einskildvis, bilateralt og i nettverket, med sikte på å auke fagleg konsentrasjon, forpliktande arbeidsdeling og samarbeidstiltak. I oppfølgingsbrevet etter dialogmøtet blei høgskulane bedne om å gjere greie for seks punkt. Vi viser i tillegg til fellesbrev frå UHnett Vest. Høgskulane i Sogn og Fjordane og Volda blei særskild utfordra på dialogmøtet om å syne korleis dei ville samordne og arbeidsdele. Det går fram av svara frå begge høgskulane. 1. Kven av dei to nye grunnskuleutdanningane vert prioritert? Høgskulen i Sogn og Fjordane prioriterer å lyse ut grunnskulelærarutdanning både for 1 7 og 5 10. Det er i samsvar med styrevedtak og 1. julibrevet. 2. Korleis vil høgskulen tilby den prioriterte utdanninga, ev. begge utdanningane (heiltid, deltid, fleksibelt?) Høgskulen i Sogn og Fjordane vil ta opp studentar i 2010/11 på 1 7 heiltid, 1 7 deltid og 5 10 heiltid som separate kull. Ein legg opp til ei minimumsløysing i tal fag som ein forpliktar seg å gi studentane. Det er i dei faga som høgskulen har dei tyngste skuleretta fagmiljøa og fag som har dei høgste timetala i grunnskulen. Høgskulen vil ta ei leiande rolle på Vestlandet for å få sett i verk og utvikla deltidstilbod i begge utdanningane, slik det går fram av brevet frå HVO og fellesskrivet frå UHnett Vest. Deltidsstudiet rettar seg mot ei anna målgruppe, og vil bidra til å sikre fagleg breidde i lærardekninga. Ein tek sikte på å tilby deltid 1 7 og 5 10 vekselvis annakvart år. 3. Kva omfang ser høgskulen føre seg at utdanningane kan ha? Høgskulen planlegg med eit opptak på 25-35 studentar på kvar av dei tre utdanningane, i alt 80-100 studentar. (På deltidsutdanninga utgjer 30 studentar 22,5 heiltidsekvivalentar). Dette er eit opptak på nivå med opptaket på heiltid allmennlærarutdanning 2009, og på deltidsutdanninga dei siste opptaka.. Det gir 65% av studentmassen på 1 7 og 35% på 5 10. 4. Kva fagleg profil vil utdanningane ha? Postadresse Avdeling Besøksadresse E-postadresse Telefon Telefaks Høgskulen i Sogn og Fjordane Avdeling for lærarutdanning og Fosshaugane post@hisf.no 57 67 60 00 57 67 61 00 Postboks 133, 6851 Sogndal idrett
Høgskulen i Sogn og Fjordane 2 av 5 Heiltidsutdanninga 1 7 vil sjå slik ut: 4. år Valfag 30: ENG, SAMF, KRØ (Mastermodul, skulerelevant fag) 3. år PEL 30 BA-oppgåve Valfag 30: Som i venstre rute. Påbygging 30: NO, MAT, KRØ, SAMF 2. år PEL 15 NO 15 MAT 30 1.år PEL 15 NO 15 Valfag 30: ENG, SAMF, KRØ Det vert berre tilbod om norsk, matematikk, engelsk, samfunnsfag og kroppsøving som 30 poengfag. Ein vil tilby påbyggingsmodul til 60 poeng i matematikk, norsk og kroppsøving. Studentar som vil ta påbygging i engelsk får tilbod om det i Volda. Påbyggingsstudiet i samfunnsfag vert nettbasert og samlingsbasert, og finansiert og organisert i fellesskap med Høgskulen i Volda. Studentane kan byte eit av faga i fjerde året med mastermodul eller skulerelevant fag. Det kan by seg mulegheiter i fjerde året for å ta fag som vert tilbode samlingsbasert ved deltidsutdanninga 1 7. Heiltid 5-10 heiltid vil sjå slik ut: 4. åreng/samf 60 (Mastermodul/skulerelevant fag 30) 3. år PEL 30 BA - oppgåve NO 30 2. år PEL 15 KRØ 15 NO 30 1.år PEL 15 KRØ 45 Alle studentane tek norsk og kroppsøving i løpet av dei tre første åra. I det 4. året får studentane velje mellom engelsk og samfunnsfag. Eit av dei to sistnemnde faga kan bytast ut med mastermodul og
Høgskulen i Sogn og Fjordane 3 av 5 skulerelevant fag for studentar som ønskjer å gå vidare på master. Viss ein seinare greier å etablere 5 10 som deltidstilbod i UHnett Vest, eller som samarbeidsprosjekt mellom HSF og HVO, kan heiltidsstudentane få fleire valtilbod i fjerde året. På deltid 1 7 vert det mest sannsynleg 60 poengtilbod i norsk og matematikk. Dei andre valfaga vil bli vurdert for kvart opptak etter samråd med skulesektoren. Talet på valfag og eventuelt fleire påbyggingsmodular vil vere avhengig av søknaden og graden av involvering frå dei andre høgskulane i nettverket. I valfag der HSF ikkje har eigen fagkompetanse vil vi samarbeide med dei andre høgskulane. Siste året må studentane fullføre innanfor rammene av heiltidstilboda ved HSF eller ein annan høgskule i UHnett Vest. Oppsummerande kan ein seie at norsk og kroppsøving gir ein hovudprofil for begge grunnskulelærarutdanninga ved HSF då dei vert obligatoriske fag for alle studentane. I tillegg er det berre matematikk, engelsk og samfunnsfag som vert utvikla som grunnutdanningsfag ved heiltidsutdanningane. 5. Korleis ser høgskulen sine utdanningar inn i samarbeidskonstellasjonen? Utgangspunktet for drøftingane med Høgskulen i Volda har vore ønsket om å gje Nordvestlandet eit godt og tenleg lærarutdanningstilbod der regionen får dekka behovet for lærarkompetanse i flest mogeleg av dei store faga. Med eit befolkningsgrunnlag på over 300.000 innbyggarar er det eit demografisk grunnlag for ei stor samla lærarutdanninga. Samstundes gjev avstandane utfordringar når det gjeld studentane sin mobilitet og val av faglege samarbeidsmodellar. Heiltid 1-7 HVO og HSF er blitt samde om å organisere studiet etter same modell for å fremje mobilitet og samordning. Modell og fagval er slik: Basis skulefag, 30 poeng: Begge institusjonane tilbyr norsk, matematikk, engelsk, samfunnsfag og eit praktisk estetisk fag. HSF gir kroppsøving og HVO gir kunst og handverk. Høgskulane dekkar med dette seks av dei største og mest sentrale skulefaga på barnetrinnet. Påbygging til 60 studiepoeng: HSF: Matematikk, norsk og kroppsøving. Samfunnsfag delt med Volda. HVO: Matematikk, norsk og engelsk. Samfunnsfag delt med Sogndal. I samfunnsfag vil ein dele ansvaret og prøve ut ein samarbeidsmodell med fagleg storseksjon, noko samlingsbasert på begge studiestadane, og nettbasert fellesundervisning og fleksible og nettbaserte arbeidsformer. Studentane får gjensidig studierett på dei to institusjonane i påbyggingsfaga. Regionen sine behov for 60 poengkompetanse i dei andre faga på 1 7 kan berre dekkast gjennom vidareutdanningstilbod. Andre skulefag: HVO vil i tillegg kunne tilby naturfag, RLE og kroppsøving som 30 poengsfag i det fjerde året. HSF planlegg ikkje å tilby fleire valfag. Dersom deltidsstudium, vidareutdanningar o.a. gjer det mogleg, kan det tidvis bli tilbydd andre skulefag det 4. året enn dei faga som institusjonane har forplikta seg til for heiltidsstudentane. Institusjonane i UHnett Vest er samde om at studentane i nettverket skal kunne velje i fjerdeårstilbodet som om nettverket er ein institusjon. 1-7 deltid
Høgskulen i Sogn og Fjordane 4 av 5 Høgskulane er blitt samde om at HSF finansierer og tek ansvaret for deltidstilbodet for 1-7 i studieåret 2010/11 basert på studiestaden Sogndal som base for fellessamlingane dei fire første åra. HVO og dei andre høgskulane i UHnett Vest har slutta seg til at HSF får eit eige ansvar i nettverket for slik utdanning, jamfør punkt 2 i fellesskrivet. Studentar på deltidsstudiet vil få rett til å fullføre utdanninga si innanfor nettverket. Heiltid 5 10 HVO og HSF er blitt samde om fagfordeling på 5 10. Fag i 1 3. årstrinn HVO tilbyr desse faga: Norsk, samfunnsfag, matematikk, engelsk. HSF tilbyr: Norsk og kroppsøving Fag i 4. årstrinn Det er vanskeleg å planleggje det 4. studieåret då tilbodet vil vere avhengig av søknad og i kva grad det er mogleg å ha fellesundervisning med andre til studietilbod på høgskulen. Det siste vil vere meir avklara når rammeplanutvalet er ferdig. Begge institusjonane vil derfor på eit seinare tidspunkt vurdera kva tilbod som kan gjevast 4. året. HVO vil vurdere følgjande fag: Naturfag, RLE, praktisk estetisk fag, faga i år 1 3. HSF vil vurdere desse faga: Engelsk og samfunnsfag. Fagfordelinga sikrar utdanning på Nordvestlandet i dei største og viktigaste faga på ungdomstrinnet og skaper ei viss breidde i tilbodet. Men det viser også at dei små faga får dårleg lærardekning i regionen på 5 10. Deltidstilbod med supplerande fagprofil og framtidige 60 poengs vidareutdanningar blir viktige. 5-10 deltid HSF og HVO er samde om at ein vil vurdere mulegheitene, anten i fellesskap eller med basis i HSF, for å få til eit slikt tilbod frå hausten 2011. Dette må skje enten gjennom friske midlar eller ved at studietilbodet for 2010/11 vert reduserast. Studiet bør ideelt sett gjennomførast med opptak annakvart år i utakt med 1-7 deltid. Ved eit eventuelt opptak må HSF samarbeide med Høgskulen i Volda eller andre høgskular i nettverket om fagtilbod for å kunne tilby ei breidde i fag, og primært i andre fag enn på heiltidsstudia. UHnett Vest ber om forsøksmidlar for å kunne etablere tilbodet i 5 10 i eit samordna fellesskap. Vi viser elles til fellesskrivet som synleggjer den samla samarbeidskonstellasjonen i UHnett Vest. 6. Kva andre konkrete samarbeidstiltak vil nettverket prioritere for å møte utfordringane i regionen når det gjeld lærardekning og institusjonane sine utfordringar mht å halde høg kvalitet i lærarutdanningsprogramma. Vi viser her til fellesbrevet frå UHnett Vest. HSF har gitt innspel til dette punktet i fellesbrevet og sluttar seg til den samla utforminga som brevet har fått. Vi viser og til rapporten Handlingsplan for samarbeid om lærarutdanninga i UHnett Vest, april 09. Med helsing Åse Løkeland Rektor Rasmus Stokke Dekan
Høgskulen i Sogn og Fjordane 5 av 5