Øvst: Bilde tatt frå midten av Indre Øyrane mot aust. Bildet viser Førde Kyrkje sin prominente posisjon i dette landskapet Nederst: Bilde tatt frå Førde sjukeheim mot nordvest ved full flo våren 2016. Til venstre: Førde kommune sin overordna plan for Indre Øyrane våren 2017 og prinsipp for samanbinding av eksisterande og framtidig by. Vannspegel tilsvarar omlag bilete over ved full flo. DESIGNKRITERIER Elvelandskapet er ein unik ressurs for rekreasjon i eit tettare sentrum i Førde. Planen frå Førde kommune viser skisse til bevaring og integrering av denne ressursen i byplanen. Heile bygningsmassen i sentrum og på Indre Øyrane vil liggje i kort avstand til elva og landskapet. Det er viktig å utforme kryssingar av elvelandskapet med tanke på å bevare faunaen og dei grøne verdiane og samstundes integrere / aktivere desse som identitetskapande element i byen. Utforminga av ei bru her må difor legge opp til å bringe landskapet nær. Brua bør idemessig kunne inngå i eit slags kontinuerleg elvelandskap. Samstundes må brua forholde seg til intensjonar om Langebruvegen som byakse. Brua må også plasserast og formast med omsyn til Kyrkja sin historiske posisjon som landemerke i bylandskapet. Tre konseptmodellar for utformingsprinsipp basert på ulike prioriteringar og ovannemnde designkriterier ligg ved. Vi har valgt å legge modell 2 til grunn for reguleringsplanen. Det må seiast at det endelege trasevalget for kryssinga av Løken reduserer konseptuelt Langebruvegen som byakse. 31.05.2017 12:01:00
Plansjen viser variasjonar i vannstand og vegetasjon i området. Bildene er tekne ved sjukeheimen og ved hotellet tidleg vår og sommar 2016 Kartet over illustrerer dei to situasjonane som bileta viser. Statens Vegvesen, konseptskisser for bru over Løken og utforming av Langebruvegen i Førde. Diverse alternativ, våren / sommaren 2017. Arild Wåge professor sivilarkitekt MNAL Nordplan as 31.05.2017 12:01:02
Brukonsept 3 Minimum fotavtrykk på Løken Brukonsept 1 Kontinuerleg landskap Brukonsept 2 - Landskap med stopp og flyt adskilt Brukonsept 3, Minimum fotavtrykk på Løken Brukonsept 1, Kontinuerlig landskap Brukonsept 2, By - landskap med stopp og flyt adskilt. Statens Vegvesen, konseptskisser for bru over Løken og utforming av Langebruvegen i Førde. Diverse alternativ, våren / sommaren 2017. Arild Wåge professor sivilarkitekt MNAL Nordplan as 31.05.2017 12:01:08
5.0 27.0 2.0 3.0 16.0 16.0 13.0 7.0 Til venstre: Brukonsept M=1:200 med vekt på byakse og by-landskap som designkriterium Over: Fotavtrykket i Løken. M=1:2000 Brukonsept 2: By-landskap med stopp og flyt som viktig designkriterium. Fotavtrykket består av to nes og ein holme ut i Løken bygd i betong. Denne fundamenteringsmetoden medfører at brua får moderate utkragingar og blir låg i landskapet. Vatnet sirkulerer naturleg langs fundamentene og ålane blir som dei er. Om ønskjeleg kan det byggast ein låg terskel mellom fundamentene for å beholde vannspegelen ved full fjære. Holmen og nesene vil delvis kunne fyllast med jord slik at det kan plantast tre / blomar på dei som vist i perspektivteikningane. Dekket består av ei betong / stålplate forma som ei flytsone med blanda trafikk. I midten køyrer bilane, langs rekkverkene går fotgjengarar, syklande får farga felt til disposisjon. Brua som møtestad er ivaretatt som vist på teikning og bilete. Det er etablering eit tydeleg stoppunkt, ein holme i Løken som bringer naturen nær og inviterer til oppleving av landskapet. Samstundes er brua optimalisert for trygg og effektiv trafikkavvikling. I tillegg er der eit par fine opphaldsplassar mot søraust og sørvest der brua møter naturleg landskap. Desse ligg nær Førde Sjukeheim og ville kunne tilføre verdfull naturkontakt nær hovudinngangen for dei som bur der. Desse punkta er utforma som amfitrapp og naturlege terassar til å slå seg ned på. Førde kyrkje som orienteringspunkt blir bevart uten ein ny konkurrent. Vegetasjonen er vist på holmen og på nesene. Dette skapar kontinuitet by-landskap og vernar møteplassen mot vind og sol. Matreialane og fargane vil bli tilpassa slik at dei blender inn mot landskapet. Betongen er tenkt utført som innfarga koksgrå / svart i bru og brufundament / holme. Terassar og strand vil få sittekantar og opptrinn i cortenstål. NB: Bildene viser ikkje materialar men kun utformingsprinsippa. Brua er plassert og utforma med tanke på at Langebruvegen med eksisterande tilkomstar til bygårdane ikkje blir mykje berørt. 31.05.2017 12:01:13
Brua som møtestad er ivaretatt som vist på bilete. Det er etablering eit tydeleg stoppunkt, ein holme i Løken som bringer naturen nær og inviterer til oppleving av landskapet. Samstundes er brua optimalisert for trygg og effektiv trafikkavvikling. I tillegg er der fine opphaldsplassar mot søraust og sørvest der brua møter naturleg landskap. Desse ligg nær Førde Sjukeheim og ville kunne tilføre verdfull naturkontakt nær hovudinngangen for dei som bur der. Desse punkta er utforma som amfitrapp og naturlege terassar til å slå seg ned på. Matreialane og fargane vil bli tilpassa slik at dei blender inn mot landskapet. Betongen er tenkt utført som innfarga koksgrå / svart i bru og brufundament / holme. Terassar og strand vil få sittekantar og opptrinn i cortenstål. NB: Bildet viser ikkje materialar men kun utformingsprinsippa. 31.05.2017 12:01:13